2 1 Det var ein gong ei jente som kom frå ein liten stad med meir natur enn menneskje. Akkurat no skjønnar ho at natur, musikk og kultur kjem til å prege resten av livet hennar… HØGDE UNDER TAKET -VIDT UTTRYKKSREGISTER Frå ho var lita, har ho lika eventyr. Askeladden, Rødhette og Ronja Røverdatter gjorde inntrykk. Innanfor natur har ho etterkvart fått gode erfaringar i friluftsliv, jakt og skyting. "Barbeint" - Norge på langs, skuleåret i lavvo, lengre turer og jakting både i inn -og utlandet. Ho dreg på tur eller jakt også ofte aleine. Kamera er alltid med. Tveito har framført over 150 multimediaforedrag med eigne foto og regi, under tittelen ”Bill.mrk: BRUSPULVERBLOD" eller "Barbeint-Norge på langs", totalt ca 30.000 publikum. Landsturné med Bruspulverblod, var i regi av Norges Jeger -og Fiskerforbund året 2006. Etterfulgt av to år som musikkjournalist og programleiar i avd Musikk, NRK P2. For å vise spennet i interesser undervegs, tar me med Telemark Mållag. Ho var prosjektleiar og redaktør for boka ”På tvers”, samling av 17.000 gamle ord og uttrykk frå Telemark. Gjennom åra har ho hatt vegleiing for ungar, ungdom og vaksne både innan friluftsliv, jakt og operativ ledelse (RKH), sumar og vinter. Jakt og skyting har fått auka fokus av ho dei siste ti åra. Tveito vart nordisk meistarkvinne i nordisk jaktskyting, 2009 og 2010. ”Spenninga er mellom vitskapen og kunsten” TONE JORUNN TVEITO CAND SCIENT OG MULTIMEDIAUTØVER Kjem frå Lårdal i Tokke kommune, Vest-Telemark. Kjent for å vere uredd formidlar, kreativ og med emne til å etablere god kommunikasjon med publikum, alle aldre. Ein fot i vitskapen og ein i kunsten innanfor natur, musikk og formidling. Utdanning: Cand scient (Naturvitenskap, Idrett/ Friluftsliv) og meistarstudium i folkemusikk (Ole Bull Akademiet). For Tveito er den naturnære skapningen ”Huldra” symbolet på det å være tilstades. Dette symbolet speilar visjonen og verksemda i Huldra & Eg. Naturnære verdiar og totalopplevingar. Naturen skil seg ut som arena. MUSIKK ”Me lever i eit samfunn som fjernar seg meir og meir frå natur. Kva er konsekvensen?” Tveito er vokal folkemusikar/"kvedar" og opptrer i mange ulike samanhengar (konserter, konferanser, ambassadør, næring -og privatoppdrag) både solo og med band. Oppdraga er lokale, regionale og nasjonale. Ho byrja å lære kveding som tolvåring. Fekk bryne seg raskt på sceneopptreden. Undervegs hatt nokre av landets beste vokale folkemusikkutøvarar som direkete læremeistarar: Agnes Buen Garnås, Kirsten Bråten Berg, Ellen Nordstoga og Birgit Rike Lund m.fl. Tveito har vore i utlandet på flere turnéer saman med andre folkemusikarar og i tillegg hatt fleire ambassadøroppdrag. Bangladesh, Singapore, USA, Irland, Sverige og Finland er nokre av stadene. Gjennom åra har Tveito vore tittellert som fylkesmeister i kveding fleire gonger, vunne lokale kappleikar og også gått til topps under NMfolkemusikk. Gjennom åra har ho ved ulike høve sunge for regjeringa, departement, statsministeren og kongen. Tida og pulsen av samfunnet, syner at det hender noko i møtet mellom menneskje og natur. I dette skjeringspunktet oppstår det spenningar, ei stille, forventningar, idear og sansane vaknar. Skjeringspunktet mellom menneskje og natur, er kjelda til uttrykket av Huldra og Eg – å vera TILSTADES WWW.HULDRAOGEG.NO MULTIMEDIAUTØVER Tveito arbeider med ein ny multimediaproduksjon der tekst, melodi og musikk blir fusjonert med eigne foto og film som sceniske kulisser. Idé og retning for sceneproduksjonen starta i 2002. Cand. scient avhandling ”Tilstades”, ca 150.000 foto i eige digitalt arkiv, HD film, ny komponert musikk (Debutalbum haust 2011) og profesjonell scenisk erfaring gjennom 15 år, er ein del av grunnlaget for multimediaproduksjonen. NRK1 TV produserte dokumentarisk portrett om Tveito (vår 2011) i serien FOLK med tittel ”huldra”: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/734256/ MUSIKK, SCENE, REGI OG PRODUKSJON FRILUFTSLIV, JAKT, SKYTING FOTO, FILM, LYD FOREDRAG, VEGLEIING, REPORTASJE Vinter 2010 starta pre-produksjon og innspeling i studio med hennar faste musikarar Hilmar Kristoffersen og Trygve Tambs-Lyche, samt produsent Svein Schultz (produsenten til Mari Boine og mannen bak filmmusikken til Kautokeinopprøret). Tveito går ofte inn i rolla som huldra. I dokumentaren kan du oppleve korleis huldra for henne er symbolet på det å vera Tilstades. Gjennom friluftsliv, jakt og liv nær naturen, vaknar sansane. Tveito har hatt regi og produksjon for fleire store utandørs arrangement, laga musikk og lyddesign til film og teater. Syr saman større næringsevent og er ofte håndplukka til ulike arrangement og festivalar der musikk og natur einast i regi og produksjon, både som utøvar og idéskapar. Tveito er dagleg leiar for selskapet Huldra & Eg AS. SAMARBEIDSPARTNAR INNOVASJON NORGE-TOKKE KOMMUNE-BERGANS OF NORWAY
© Copyright 2024