Konferanse om kultur, helse og integrering Kulturmøte 9.-10. mars 2011 Førde, Rica Sunnfjord hotell Kultur, helse og integrering Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til ein konferanse som vil kaste lys på samanhengen mellom kultur, helse og integrering. Å bli sett, få uttrykke seg, meistre og oppleve er svært viktig for livskvalitet. Dette kan vere fråverande i ein integrerings- og endringsprosess. Integrering handlar om at framande og framandgjorte skal finne seg til rette. Når individet finn seg til rette, får det samstundes moglegheit til å bli ein fullverdig samfunnsborgar. Ser ein individet kan samfunnet lukkast med integrering. Integrering handlar om nye moglegheiter for kultur, samfunn, arbeidsliv og for alle dei enkeltindivida som utgjer det norske samfunnet. Korleis skal vi klare å ivareta desse moglegheitene? ”Integrering handler ikke om at en bestemt gruppe i samfunnet skal tilpasse seg norsk kultur og arbeidsliv. Integrering handler om nye muligheter for norsk kultur, samfunn, arbeidsliv og enkeltindivider” Ingmar Meland, Helge Petersen, Forum for kunnskap og kultur (FOKK) Desse to dagane blir kultur og helse sett i fokus som ein av faktorane for integrering. Kultur som fritidsaktivitet, helsefremjande tilbod og behandling. Vi set søkjelys på kva ein kan lukkast med i kommuane. Her blir det to dagar med idear, kompetanseheving og refleksjon. Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer at alle menneske skal bli sett og kjenne seg inkludert i lokalsamfunnet. Velkomen til konferanse onsdag 9. mars og torsdag 10. mars EVEN RUUD Even Ruud er psykolog, musikkterapeut og professor i musikkvitenskap ved Uni versitetet i Oslo. Han har skreve ei rekkje bøker og artiklar om musikkterapi og musikkpedagogikk. Dei siste åra har han arbeidd med forsking knytt til musikk og helse. VEGAR STORSVE Førstelektor ved Norges musikkhøyskole. Han er studiekoordinator for Kandidat studiet i musikk pedagogikk og videreutdanningen Minoritetskulturer i musikkundervisning. Storsve har praksiserfaringar frå dei fleste skuleslag i Noreg og ei rekke lokale, nasjonale og internasjonale usikkpedagogiske prosjekt. SEMIR MUJKIC Tilsett som musikkterapeut ved Kristiansand kulturskule. Har vore prosjektleiar for ”Kultur gir helse” og arbeidd med ”Scene for alle” – rettet mot born og ungdom med innvandrerbakgrunn. Frå 2006 fekk kulturskulen midlar til å opprette ein 100% stilling som musikkterapeut som hovudsakelig skulle arbeide med barn og ungdom med innvandrarbakgrunn. JON TERJE JOHNSEN Tilsett som nestleiar i Kristiansand kulturskole. Mange års praksis som kor - og korpsdirigent/instruktør. Program 9. MARS 10. MARS 10.00 Registrering / Kaffi 09.30 Resiliens hjå flyktningar v/ Siv Førde, Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 10.15 Opning v/ Fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad Kulturinnslag ved Fernando Pineda Lopez, Musikkterapeut og saksofonist. Tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune i prosjektet MOSAIK 10.30 Scene for alle v/ Semir Mujcic, Musikkterapeut i Kristiansand kommune og Jon Terje Johnsen, nestleiar i Kristiansand kulturskole 10.15 Expressive Arts in transition (EXIT), Presentasjon av bruk av kunst- og uttrykksterapi for å redusere stress og PTSD symptom hjå einslege mindreårige gutar på transittmottak. v/ Melinda Meyer, Forsker II ved Nasjonalt kompetansesenter for vold og traumatisk stress 11.00 Pause 12.00 Lunsj 13.00 MOSAIK: Eit helsefremjande kulturtilbod for asylsøkarar og flyktningar 3–årig pilotprosjekt i Sogn og Fjordane som set fokus på bruk av musikk og musikkterapi for flyktningar og asylsøkjar.; v/ Kaja Elise Enge, Musikkterapeut Sogn og Fjordane fylkeskommune 13.30 Musikk- og helsearbeid blant flyktninger. Erfaringer fra et prosjekt med palestinske flyktninger i Libanon" v/ Professor i musikkvitenskap ved universitet i Oslo Even Ruud og førstelektor Vegard Storsve ved Norges musikkhøgskule 15.30 Oppsummering v/ Georg Arnestad, FOU – leiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 11.15 Flyktningar og asylsøkjarar i helsetjenesta v/ Reidun Brunvatne, ein av få legar i Noreg som lenge har arbeidd spesielt med flyktningar og asylsøkjarar. 12.00 Lunsj 13.00 Min annerledeshet – min styrke! ”Hvordan kan vi gi mennesker mulighet til å være frie og likeverdige borgere uansett hvor stor annerledeshet de representerer?” v/ Loveleen Rihel Brenna, leiar av Kvinnepanelet for Barne- likestillings- og Inkluderingsdepartementet 14.00 Oppsummering Oppsummering v/ representant frå Høgskulen i Sogn og Fjordane 14.30 SLUTT 19.00 Middag m/ kulturinnslag SIV FØRDE Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Har brei arbeidserfaring frå kommune og helseforetak. Ho har vore tilsett ved Hisf sidan 2003. LOVELEEN RIHEL BRENNA er leiar av Kvinnepanelet for Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet, leiar av Brennautvalget for Kunnskapsdepartementet, leiar i Foreldreutvalget for grunnopplæringen og styremedlem i Universitetet i Agder. Loveleen fekk Ole Vig prisen 1997, Integreringspris 2002 og Årets kvinne, KK 2006. MELINDA ASHLEY MEYER Er klinisk spesialist i psykiatrisk sjukepleie Ho har spesialisering som psykodramaregissør og bioenergetisk terapeut. Ho er leiar av Norsk Institutt for Kunstuttrykk og Kommunikasjon og arbeider i halv stilling som forskar II ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho arbeida som Kunst og Uttrykksterapeut ved Psykososialt senter for flyktninger, UiO frå 1990 til senteret vart lagt ned i 2004. REIDUN BRUNVATNE har 13 års praksis som flyktningelege, bl.a. som leiar for Senter for internasjonal helse i Oslo, seinere som fastlege for flyktninger i Vestfold. Brunvatne gav i 2006 boka ”Flyktninger og asylsøkere i helsetenesten”. KAJA ELISE ENGE Musikkterapeut i Sogn og fjordane fylkeskommune v/ fylkessenter for musikkterapi, der ho har arbeidd sidan 2009 . Påmelding Elektronisk påmelding på heimesida til Sogn og Fjordane Fylkeskommune www.sfj.no / kurs og konferansar Kontaktinfo Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf 41 53 06 10, postmottak.kultur@sfj.no Målgruppe Tilsette / leiarar innan helse, oppvekst, pleie og omsorg og kultur i kommunane og helseforetaka, mottak, kulturskular og frivillige organisasjonar. Konferanseavgift: kr. 2770,- inkl. konferanse, overnatting, alle måltid kr. 500,- Dag 1 inkl. konferanse og måltid, ikkje buande kr. 665,- Dag 2: inkl. konferanse og måltid, ikkje buande kr. 415,- Middag (dag 1) m/kulturkveld, ikkje buande Konferansevertar: Jorunn Bakke Nydal Anne – Lene Norman Kaja Elise Enge Aud Berit Fossøy Påmeldingsfrist 1. mars 2011 Arrangør Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ kultur og plan og samfunn Høgskulen i Sogn i Fjordane avd. helsefag
© Copyright 2025