SUNNMØRSPOSTEN Tirsdag 21. januar 2014 FJOrDBUDDy: Katrin Blomvik køyrer allereie rundt i ein miljøvenleg elbil. FOTO: TERJE ENGÅS Grøn samling • 150 til konferanse i Geiranger denne veka MILJØ FAKTA Prosjektet Grøn Fjord 2020 i Geiranger har sett seg eit hårete mål: Tilnærma sporlaus ferdsel innan 2020. • Målsetjinga for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv si satsing Grøn Fjord 2020 er sporlaus ferdsel innan 2020. – Det betyr mindre utslepp, mindre støy og mindre slitasje på området her, seier Katrin Blomvik. Ho er direktør for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og prosjektleiar for Grøn Fjord 2020. Denne veka arrangerer dei ei stor samling i Geiranger, som skal sparke i gang prosjektet. Mange. – Påmeldinga er over all forventning. Over 150 personar har sagt at dei kjem, også nokre frå utlandet, seier Blomvik. Dei påmelde kjem frå lokale og nasjonale bedrifter og organisasjonar innan transport, forsking, kraftproduksjon, miljøvern, elbilbransjen og reiseliv. – Representantar frå offentleg forvaltning og lokale og regionale politikarar kjem også, legg Katrin Blomvik til. Konferansen opnar onsdag, og held fram torsdag. Alt saman går føre seg på Hotel Union – med turar ut for å prøvekøyre elbilar. Mellom føredragshaldarane finn vi direktør Søren Henriksen frå Samsø Energiakademi i Danmark, borgarmeister Peter Brandauer frå Werfeng i Austerrike og Jan Dietz frå Dietz Foresight. • Stiftinga ønskjer at Geiranger skal bli eit utstillingsvindauge for grøn teknologi innan transport. • I Austerrike har stiftinga to førebilete: landsbyane Werfenweng og Gössinge som har satsa på elbilar og biogassbilar. – Målet er å få alle til å tenke grønare, og få dei ulike aktørane til å møtest for å snakke saman KATrIn BLOMVIK – Vi har planar om å arrangere ein slik konferanse annan kvart år. Målet er å få alle til tenke grønare, og få dei ulike aktørane til å møtest for å snakke saman, seier Blomvik. – Vi håper at vi gjennom prosjektet Grøn Fjord skal få ein meir styrt og meir spreidd ferdsel, og at vi skal kunne inspirere LeIAr: Katrin Blomvik er prosjektleiar for Grøn Fjord 2020. andre til å gjere det same, legg prosjektleiaren til. Grøn Fjord 2020 er finansiert gjennom støtte frå Kommunalog moderniseringsdepartementet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skuterar. Eit synleg bevis på at prosjektet i gang er 22 elektriske skuterar som vart kjøpt inn sist sommar. Dei blir nytta av lokalbefolkninga og tilsette ved bedriftene i Geiranger til å ta seg fram i bygda – utan å leggje ei reim av svart eksos etter seg. – I samband med konferansen har dessutan Hotel Union investert i tre ladestasjonar for elbilar, fortel Katrin Blomvik i Grøn Fjord 2020. Terje enGås terje.engas@smp.no nyheter 13
© Copyright 2024