Møtebok for Kontrollutvalet 27.11.14.pdf

Fedje kommune
KONTROLLUTVALET FOR FEDJE KOMMUNE
MØTEUTSKRIFT
Møtedato
Stad:
Kl.:
Tilstades:
Innkalla:
27.11.2014
Fleirbrukshallen - møterommet
09.00 – 11.00
Alf Nordseth/leiar, Elsa Herøy/nestleiar og Inge Waage og
Ingunn Ølberg Stormark til sak 25/14
Rådmann Vidar Bråthen og økonomiansvarleg Bjarte Villanger møtte til
sakene 25/14, 26/14, 28/14 og 31/14
Reidar Bjørsvik og Randi Rykkje
Sekretariatsleiar Bent Gunnar Næss
Revisjon:
Sekretær:
Forfall:
.................................................................................................................................................
22/14 Godkjenning av innkalling og saksliste
Kontrollutvalet fikk i møte lagt fram byggerekneskap for kunstgras og lys på
idrettsbana.
Samrøystes vedtak:
Innkalling og saksliste vart godkjent med at byggerekneskap for kunstgrasbana og lys
vert tatt opp som eiga sak. Den vert tatt før sak 31/14 slik at eventuelt får sak nr 32/14.
23/14 Godkjenning av møteutskrift frå sist møte
Samrøystes vedtak:
Møteutskrift frå 24.09.14 vart godkjent.
24/14 Skriv og meldingar
• Statsbudsjettet 2015 – kommuneopplegget – notat frå Fylkesmannen 08.10.14
• Kommunestyresak 050/14 – oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapport vedtaksoppfølging
Samrøystes vedtak:
Kontrollutvalet tok skriv og meldingar til etterretning.
25/14 Sakshandsaming av skjenkeløyve – spørsmål om habilitet
Sakstilfang:
• Søknad om skjenkeløyve 05.10.14
• Svar på søknad om skjenkeløyve 13.10.14
• Brønnøysundregisteret – nøkkelopplysningar om Feiekostane
Spørsmålet om habilitet vart tatt opp for Elsa Herøy da ho er mor til ein av dei som står
bak søknaden.
Kontrollutvalet diskuterte spørsmålet om habilitet utan at Elsa Herøy deltok.
Kontrollutvalet vedtok at Elsa Herøy var inhabil i saka og viser til forvaltningsloven
§ 6 a).
Fedje kommune – Kontrollutvalet
Møteutskrift 27.11.2014
Side 1 av 4
Fedje kommune
Varamedlem Ingunn Ølberg Stormark erstatta Elsa Herøy og var med på
sakshandsaminga av denne saka.
Bakgrunn for saka:
Fedje idrettslag, Fedje teaterlag og Feiekostane søkjer 05.10.14 om skjenkeløyve i
Fedje Fleirbrukshall i samband med quis kveld. Det er søkt for 6 datoar. Søknaden er
sendt av Stian Herøy som er leiar i Fedje idrettslag.
Assisterande rådmann har handsama søknaden etter delegert fullmakt og gir
skjenkeløyve i brev 13.10.14.
Assisterande rådmann er i Brønnøysundregisteret registrert som leiar i Feiekostane.
Feiekostane er ein av dei tre som søkjer om skjenkeløyve, har ingen betyding at sjølve
søknaden er sendt av leiar i eit av dei andre laga. Ei foreining som søkjer kommunen
om ein fordel (skjenkeløyve), er å betrakte som «part», jf. Forvaltningsloven § 2 første
leddd e).
Feiekostane er å sjå på som ein «forening» som er forvaltningslovens uttrykk. Etter
forvaltningsloven § 6 første ledd e) er ein tenestemann ugild til å avgjøre ei sak når
han er leiar for ei foreining som er part i saka.
I forvaltningsloven § 41 står det følgjande om verknaden av feil ved sakshandsaminga:
I veilederen til Kommunal og regionaldepartementet om inhabilitetsreglane i
forvaltningsloven og kommuneloven står der følgjande:
Rådmann hadde fått epost 19.11.14 med spørsmål om korleis dette med habilitet er
vurdert i denne saka.
Rådmann orienterte kontrollutvalet om saka. Administrasjon har vurdert saka og ser at
assisterande rådmann var inhabil og ikkje skulle ha handsama saka. Rådmann har
vurdert det slik at det vil vere riktig å ta saka opp til ny handsaming.
Kontrollutvalet er samd med rådmann i at denne saka er handsama av ein person som
er part i saka og difor ugild, slik det kjem fram i forvaltningsloven. Kontrollutvalet var
også nøgd med at rådmann vil ta saka opp til ny handsaming.
Det vart stilt spørsmål om korleis kommunestyret sitt vedtak i sak K-022/12 vert
praktisert. Eit av spørsmåla var om desse arrangementa var å sjå på som eit løyve eller
Fedje kommune – Kontrollutvalet
Møteutskrift 27.11.2014
Side 2 av 4
Fedje kommune
fleire løyve. Rådmann ville sjå på kommunestyret sitt vedtak i samband med
handsaming av denne saka slik at ein sikrar lik handsaming av slike saker.
Det var frå kontrollutvalet også peika på at ein ved handsaming av slike saker sikrar at
dei krava som er til sakshandsaming i alkoholloven § 1-7 vert følgt.
Samrøystes vedtak:
Kontrollutvalet registrerer at søknad om skjenkeløyve er handsama av ein person som
er ugild. Kontrollutvalet er nøgd med at rådmann vil ta saka opp til ny handsaming.
Kontrollutvalet ser det som viktig at kommunestyret sitt vedtak i sak K-022/12 vert
lagt til grunn for handsaminga. Kontrollutvalet ser det som viktig at kommunen går
gjennom sine rutinar for å sikre at kravet til habilitet vert ivareteke.
26/14 Kommunen sin praksis med å legge ut offentlege dokument frå postlista på
heimesida til kommunen
Saksvedlegg: Notat frå arkivansvarleg 20.11.14
Bakgrunn for saka er at ein registrerer at ikkje alle dokument som er offentlege på
postlista vert lagt ut på kommunen si heimeside. Kontrollutvalet ønskja difor ei
orientering om korleis praksisen er på det område.
I notatet frå arkivansvarleg er der gjort greie for dei spørsmåla som kontrollutvalet har
tatt opp. Rådmann gjorde også i møte greie for korleis praksisen er på området og dei
problemstillingane som må vurderast.
Samrøystes vedtak:
Kontrollutvalet tok orienteringa til etterretning.
27/14 Prosjektplan for selskapskontroll AUFERA – forslag frå revisjon
Sakstilfang:
– Forslag til prosjektplan for selskapskontroll AUFERA
Forslaget til prosjektplan vart gjennomgått i møte av revisjonen.
Planen er å starte opp prosjektet forsommaren 2015 og at det skal ligge føre ein
rapport hausten 2015.
Frå kontrollutvalet vart det peika på at det ville vere ein fordel om rapporten kunne
vere ferdig slik at det sittande kontrollutvalet kunne handsame saka.
Samrøystes vedtak:
Kontrollutvalet vedtok å bestille selskapskontroll av AUFERA slik det foreslått i
prosjektplan frå revisjon. Kontrollutvalet ønskjer å få rapporten innan september 2015
dersom det er mogeleg.
28/14 Vurdering av oppdragsansvarlig revisors uavhengighet i forhold til Fedje
kommune, regnskapsåret 2014
Saksvedlegg: Vurdering av oppdragsansvarlig revisors uavhengighet i forhold til
Fedje kommune, regnskapsåret 2014, datert 19.11.14
Fedje kommune – Kontrollutvalet
Møteutskrift 27.11.2014
Side 3 av 4