Variasjon i småbåtbygging

Variasjon i småbåtbygging – historisk,
geografisk og etter bruksområde
Innbyding til konferanse
12. – 14. september 2013
Korleis har den vesle, klinkbygde trebåten endra seg
gjennom historia?
Kva skilnader er det på småbåtane langs norskekysten,
og elles i det nordatlantiske området?
Kva skilnader er det som fortel om ulike bruksområde?
Dette vert tema for konferansen som Oselvarverkstaden arrangerer i
september. Konferansen vert halden på Os og i den nye båthallen på
Hordamuseet
Påmelding innan 10. august
www.oselvarverkstaden.no
Program:
Torsdag 12.9.:
Oselvarverkstaden/Oselvarnaustet
Omvising i Oselvarverkstaden
11.00
12.00
13.00
13.30
Enkel lunsj
Opning ved Terje Søviknes, ordførar I Os
Oselvarverkstaden som prosjekt. Oselvarverkstaden I 16 år
Atle Ove Martinussen, Åsmund Lien
14.30
Den norske småbåten. Utvikling gjennom historia. Arne Emil Christensen
15.30
Kaffipause
16.00
Båtbygginga I Os og dei andre bygdene kring Bjørnafjorden. Harald Dalland
17.00
Me ruslar over til Oseana kunst- og kultursenter
Velkomen til Os og Oseana
Terje Søviknes
17.30
18.00
19.00
Omvising I Griegsamlinga
Middag på Oseana Restaurant
Fredag 13.9.:
Hordamuseet
08.45
09.30
Buss frå Bjørnefjorden Gjestetun
Presentasjon av Hordamuseet, Båthallen og båtsamlinga
10.00
10.30
UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven og tradisjonelt
handverk. Eivind Falk
Vandring mellom båtane, losa fram av Harald Dalland, Hanus Jensen og Ole
Mikal Olsen Ramsøy
16.00
17.00
19.00
Ulik bruk, ulike båtar. Kva er skilnaden?
Kaffipause
Vandring mellom båtane, framhald
Lunsj på Hordamuseet
Variasjonar langs kysten. Korleis har båtane vorte så ulike frå stad til stad?
Arne Emil Christensen
Tradisjon, fysikk og brøk i høve form på båtar med døme frå båttypar nord for
Stad. Jon Godal
Omvising på Hordamuseet. Ole Mikal Olsen Ramsøy
Retur til Os
Middag på Bjørnefjorden Gjestetun
Laurdag 14.9.:
Oselvarverkstaden/Oselvarnaustet
09.30
Variasjonar I det nordatlantiske området. Korleis ytrar ulikskapane seg, og kva
kjem dei av? Atle Ove Martinussen, Hanus Jensen, Ágúst Ólafur Georgsson
Lunsj på Bjørnefjorden Gjestetun
Roing og segling på fjorden (om vêret tillet det)
Slutt. Heimreise
11.30
12.00
13.00
14.00
12.30
14.00
16.00
Førelesarar:
Terje Søviknes har sidan 1999 vore ordførar i Os kommune.
Atle Ove Martinussen er historikar og har arbeidd mange år med sikring og vidareføring av
handverkstradisjonar i Norsk handverksutvikling. Han har skrive mange artiklar om handverk og
teknologi. Martinussen er no direktør i Museumssenteret i Hordaland. Han har vore styremedlem
og styreleiar i Stiftinga Oselvarverkstaden, og er no ordførari Fagrådet ved verkstaden.
Åsmund Lien har sidan starten for 16 år sidan vore dagleg leiar i Stiftinga
Oselvarverkstaden. Han har i lang tid vore styremedlem i Hordamuseet, og der vore med og
planlagt Båthallen og utstillinga der, som vart opna i vår.
Arne Emil Christensen er professor emeritus i nordisk arkeologi ved ved Universitetet i Oslo. Frå
1990 til 2006 var han leiar for Vikingskipsmuseet på Bygdøy. Han er ein av pionerane innan norsk
marinarkeologi, og har publisert mange artiklar om båtar og båtbygging. Christensen har vore
med i styret og fagrådet for Oselvarverkstaden sidan starten.
Harald Dalland er båtbyggjar, no pensjonist. Han vart tilsett ved Oselvarverkstaden frå starten
som den viktigaste tradisjonsberaren og læraren når det gjeld kunnskap om bygging av oselvarar.
Dalland har sidan Oselvarverkstaden vart skipa vore med i styret og Fagrådet for verkstaden. Han
har halde foredrag i inn- og utland om tradisjonell småbåtbygging
Eivind Falk er direktør for Senter for immateriell kulturarv (SIKA), Norsk handverksutvikling,
Maihaugen.
Ole Mikal Olsen Ramsøy er arkeolog og har i mange år vore konservator og formidlar på
Hordamuseet. Han har spela ei sentral rolle i utviklinga av Båthallen og utstillinga der.
Hanus Jensen er båtbyggjar frå Færøyane. I mange år har han vore tilsett som båtbyggjar på
Vikingeskibsmuseet i Roskilde.
Jon Bojer Godal er kjend som formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap. Han har arbeidd
med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar. Godal har vore
tilsett ved Norsk handverksutvikling på Maihaugen, og er no knytt til Norsk geitbåtmuseum på
Nordmøre. Det største arbeidet hans er fire bind om Åfjordbåten og Nordlandsbåten, som han
skreiv saman med Gunnar Eldjarn.
•
Ágúst Ólafur Georgsson, leiar for dei etnologiske samlingane, Þjóðminjasafn Íslands, Islands
Nationalmuseum
Påmelding:
Innan 10. august til
Oselvarverkstaden
Postboks 84
5202 Os
eller
aasmund@oselvarverkstaden.no
Konferanseavgift: kr 1 800.
Må betalast til Oselvarverkstaden, bankkonto 3624.24.32732, seinast 12. august.
Konferansen har reservert ein del rom på Bjørnefjorden Gjestetun.
Overnatting to netter med frukost, middag 13.9. og lunsj 14.9. kostar
kr 3 135,- i enkeltrom, kr 2 470,- per person i dobbeltrom.
Kvar og ein betaler dette til hotellet.
For dei som ikkje bur på hotellet kostar middag 13.9. og lunsj 14.9. kr 790,-. Dette vert
betalt saman med konferanseavgifta.
Eg melder meg på konferansen «Variasjon i småbåtbygging»
Eg ynskjer overnatting på Bjørnefjorden Gjestetun i enkeltrom
dobbeltrom
Eg treng ikkje overnatting, men vil vera med på middag 13.9. og lunsj 14.9
Namn: ……………………………………………………..
Adresse: …………………………………………………..
………………………………………………………………
Telefon: ……………………………………………
E-post: …………………………………………….