4 KULTUR SUNNMØRSPOSTEN Mandag 20. juni 2011 HERSKAPSHUSET. Her bur hovudpersonen i filmdramaet. Huset er eigd av Petter Flem, svigerfar til den norske kulturministeren, som er hyppig gjest på Flemsøy. ADMINISTRERER. Andrea Virnich (framme) er produksjonskoordinator i Studio Hamburg. Her med innehavaren av Gunnabuda, Mette Krogsæter, der sekretariatet held til. LEGGER TIL RETTE. Location manager Eirik Vaage (t.v.) frå Frost Media i Volda legger til rette for filmopptaka i de norske fjordane. Her med regissør Jörg Grünler og den tyske produsenten Hartmut Damberg. FOLKEFEST. Eitt av høgdepunkta i filmen «Abschied von Hannah» er ein folkefest på den lokale sjøbuda. Lokalbefolkninga Fjord» kan skilte med 11 millionar sjåarar. Tysk TV-drama på Flem Nordmenn i idyllisk natur, med problem. Det er oppskrifta for dei populære fjernsynsfilmane «Liebe am Fjord». No filmar tyskarane på Flemsøy. FILM. Studio Hamburg sin 40 mann- og kvinne store filmstab brukar dagen på utescener. Torsdag var den første varme, solfylte dagen sidan dei starta innspelinga i midten av mai, og glad er dei for den. – Vi har hatt nok å gjere, men det blir ein del endringar og improvisering i forhold til speleplanen når været ikkje slår til. Dei seier det har vore uvanleg dårlig ver her, sjølv til denne landsdelen å vere, men eg veit no ikkje, ertar regissøren for «Abschied von Hannah», Jörg Grünler. Hekta på Norge. Den største TV- kanalen i Tyskland, ARD, har for alvor oppdaga Vestlandet. Fire filmar har dei spelt inn her dei siste to åra. – Dei to første filmane blei sett av 11 millionar, dei neste to av rundt 10. No er vi i gang med film nummer fem og seks, fortel location manager Eirik Vaage frå Frost Media i Volda. «Liebe am Fjord» er fellestittelen på ei rekkje frittståande filmar som alle handlar om nordmenn busett i idyllisk kystnatur. Karakterane i blir spelt av tyske skodespelarar. Kjærleiks- og ekteskapsproblem, familiehemmelegheiter, adopsjon, karrierekvinne frå ho- vudstaden som buset seg på gard i utkant-Norge er blant temaa i «Liebe am Fjord». – Tyskarane har lyst til å sjå at dei som lever i vakker natur ikkje nødvendigvis lever eit idyllisk liv, men har både utfordringar og problem, trur Vaage. – Det er greitt at draumen forblir ein draum. Kjekt for bygda. Dei første fire filmane er filma ulike stader i Sogn og Fjordane. No er det Sunnmøre og Flemsøy sin tur. Fole kjekt, synest Mette Krogsæter, innehavar på Gunnabuda og vertskap for delar av den tyske filmstaben. – Dei er både hyggelege og omgjengelege, og skaper litt liv og røre her. Og så er det sjølvsagt artig å sjå korleis dei jobbar. Dei er flinke til å bruke lokalbefolkninga her, både når det gjeld statistroller og praktiske ting som rekvisittar og kulisser, meiner ho. «Abschied von Hannah» handlar om ein 74 år gamal misantrop, Henrik Agdestein. Han legg seg ut med både naboar og dei tre borna sine. Spesielt konfliktfylt er forholdet mellom han og sonen Leif som er homofil, noko faren ikkje kan tolerere. Herskapeleg. Når syskena i filmen skipar til ein stor samkome for innbyggjarane i bygda, er det på Gunnabuda opptaka skjer. Eit vakkert, kvitt hus i nærleiken av brua over til Haramsøy er heimen til familien Agdestein. – Manuset ville ha eit herskapeleg, eldre hus som låg litt for seg sjølv, med havet rett ut. Eg leita både på Vigra, Godøya og i Fosnavåg, utan å finne noko som både var passande og som budsjettet kunne tåle. Her på Flemsøy fann vi huset, og fekk til ein god avtale med både huseigar og grunneigar, fortel Vaage. Reklamefilm. Den økonomiske biten på «Liebe am Fjord» er viktig for framtidas filmindustri i Norge, meiner han. – Det er dyrt å spele inn filmar i Norge. Men når Tyskland sitt leiande film- og TV-produksjonsselskap kan lage film her utan å gå over budsjett, er det eit viktig signal til andre stor filmselskap, som vi håpar vil våge seg på Norge som filmland, seier Vaage. Kva reklameeffekt denne SUNNMØRSPOSTEN Mandag 20. juni 2011 KULTUR 5 BLUESJAM. Ungdommane på BandCamp Eiksund fekk også sjå andre spele, som då dei rutinerte musikarane «jamma». Nærast Peter Demirov på orgel. Blues på Eiksund For tredje året på rad vart det arrangert bandcamp på Eiksund skule, og for andre gong på rad var blues temaet. MUSIKK. Eiksund skule vart lagt ned for nokre år sidan, og lokala står stort sett tomme. Men i helga flytta over 20 ungdommar og fleire instruktørar inn i skulebygga. Med seg hadde dei haugevis av instrument og utstyr for lyd og lys. Ungdommane var i alderen 14 til 19 år, og frå Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Hareid, Vanylven, Ålesund og Haram. Både gutar og jenter. – Nokon har meldt seg på som band, andre som enkeltutøvarar. Dei som har meldt seg på som artistar får med seg eit backingband på sine låtar, forklarer styreleiar i BandCamp Eiksund, Bertil E. Tødenes. Røynde rettleiarar. Helga på stilte villig opp som statistar då opptaka vart gjort på Gunnabuda på Flemsøy. Dei to første filmane i serien «Liebe am FOTO: METTE KROGSÆTER søy typen filmar har, er vanskeleg å seie, meiner Vaage. – Men det fungerer jo som ein halvannen time lang reklamefilm. Og det at filmen si Flemsøy eksisterer i verkelegheita, noko som kjem klart fram i filmen, gjer ho nok til eit freistande feriemål, meiner han. Profesjonell. Både regissør Jörg Grünler og produsent Hartmut Damberger, er svært nøgd med sin norske location manager. – Eg likar godt å jobbe med Eirik. Han finn ei løysing på alt. Han kjem lett i kontakt med lokalbefolkninga, kjenner alltid nokon som kjenner nokon, og som kan hjelpe med alt frå rekvisittar og innspelingslokale til husvære for oss i filmteamet, seier Damberger. Eiksund munna ut i ein konsert – og vonleg ei plate. I går kveld framførte bandcampdeltakarane dei nummera dei hadde øvd inn i løpet av helga. I tillegg håper Tødenes at dei får gi ut ei plate, eit prosjekt dei starta på under bandcampen i 2010. Under helga har dei ivrige ungdommane fått kursing og rettleiing av fleire røynde fagfolk. Gitaristen Per Arne Brandal, kjend frå mellom anna BokkeReidars Blues Band var på plass. Det same var gitaristen Gard Eirik Austerheim frå Fatty Sunroad og den allsidige tangentmannen Peter Demirov. I tillegg til mange fleire med fagfelt innan alt frå trompet til lyd og lys. Dialekt. Det største trekkplasteret var nok uansett Sunnmøre Baarelag. – Kyrre Grimstad frå Baarelaget har også vore her og halde føredrag. Han forklarte korleis ein låt blir til, heilt frå ide til framføring, seier Tødenes. Det har blitt lagt vekt på at dei unge og talentfulle musikarane skal uttrykke seg mest mogleg verbalt gjennom dialekt i musikken. Noko som i stor grad er blitt realisert. Nyttig input. Elias Johan Liavaag (16) frå Hjørungavåg i Hareid kommune var ein av deltakarane under bandcampen. – Dette er veldig artig, og nyttig av fleire grunnar. Det beste er at vi får lære mykje og spele saman med andre, fortel Liavaag. Han har vore trommeslagar sidan han begynte i Hjørungavåg skulekorps for 6–7 år sidan. – Eg er «sånn eigentleg» med i eit band i Ulsteinvik, samt at eg er med på eit låtskrivingsprosjekt på Hareid. Under bandcampen får eg mykje input som eg kan ta med meg vidare, seier Liavaag. Deltakarane på BandCamp Eiksund blir å sjå ved tre konsertar seinare i sommar, mellom anna under Trandalblues. – Og får vi fleire oppdrag tar vi dei gjerne, seier Tødenes. EINAR ORTEN TROVÅG kultur@smp.no HOVUDROLLE. Matthias Habich (70) er en av Tysklands mest kjende skodespelarar, og har spilt i filmar som «Enemy at the gates» og «Der Untergang». – Norge er eit dyrt og vanskeleg land å filme i fordi reglane er strenge. Men kystfolket i Norge er svært imøtekomande, dei stiller opp og hjelper til. Og så er Eirik veldig dyktig. Han er profesjonell, og opnar dører på kort tid. Utan Eirik hadde det ikkje blitt nokon filminnspeling her. Han er ein mann vi ynskjer å bruke på dei neste filmane også, seier regissør Grünler. KARIN RYKKJE kr@smp.no MORTEN HJERTØ (FOTO) foto@smp.no TROMMIS. Trommeslagar Elias Johan Liavaag likte seg svært godt under bandcampen.
© Copyright 2024