____________________________________________________________________________________________________________________________ Påska 2011 6. årgang Laussal kr. 50,- Mannsvatnet og hyttemiljøet Fjellstovo - Side 32-39 Uskedal-familie på 3 berga livet då tankaren eksploderte Side 6-10 Krigsseglarane frå Uskedalen Side 18-24 Jostein - fiskaren frå Uskedalen Side 3 Barn og mobil Side 14-16 frå Hobbyklubben Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 2 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Leiar “Bygda med den gode kvardagen” - floskel eller realitet? Godt og vel 3 år er gått sidan det vart halde eit viktig møte i Gamleskulen om Uskedalen og forventa utvikling her fram mot 2020. Det var eit møte med flukt over og vi sette som konkluderande overskrift “Bygda med den gode kvardagen”. Det var ikkje minst innleiarane Bjarte Døssland og Bjørn Olav Tveit som var synsarar om framtida for bygda vår og som hevda at Uskedalen ikkje burde ha dei heilt store ambisjonane med omsyn til å skapa nye arbeidsplassar. Det var nok ein sunn og fornuftig skepsis. Men duoen meinte med rette at bygda hadde mange gode kort på handa som ein triveleg plass å bu i. Dette bør framleis vera den naturlege konklusjonen på bakgrunn av utviklinga sidan 2008. For kva har skjedd på dei 3 åra? Med omsyn til arbeidplassar har det ikke skjedd mykje. Eidsvik Skipsbyggeri som er den største verksemda vår slit framleis med ålvorleg ordretørke og Børnes industriområde har framleis ikkje innfridd forventningane sjølv om kommunebyråkratane har brukt til dels store ord. No blir det teke eit nytt tak, men om det vil verka er ein annan sak. Då har vi opplevd ei meir positiv utvikling med omsyn til bustader sjølv om det kanskje først er no vi tar til å sjå resultata. Geir Rusten har ført prosjektet Uskedalen Brygge vidare og Hjønnevåg er i ferd med å gjera eit storløft i sentrum - med Hagetunet. Også planen i Øvre Halsabrotet verkar lovande. Store forventningar er det også grunn til å ha til Ospelunden, den store bustad-ressursen ovanfor fylkesvegen. Derimot har arbeidet med det spesielle prosjektet på Eikelandet stått i stampe, men no er det kanskje ljos i tunnellen. Også andre har stadig positive prosjekt på gang og ein av dei som har gjort ein god innsats i det siste er Frode Bu. Uskedalen er som før i ein unik situasjon i kommunen med omsyn til tomtegrunn for bustader og no kjem kanskje den store utløysinga? Men vi har også andre kort på handa og vi siktar då ikkje minst til kultur- og idrettslivet som har eit imponerende tilbod og mange dyktige støttespelarar. Servicenæringane er til dels i vekst og det som skjer med SPAR er ikkje mindre enn imponerende. Nedbyggjinga av bensinstasjonen er mindre positiv. Men utviklinga ved vertshuset er igjen inne i ein lovande fase. Vi har eit bestemt inntrykk av at Uskedalen for dei fleste som bur her allereie er “bygda med den gode kvardagen”. No gjeld det berre å satsa på ein meir offensiv marknadsføring og då gjerne ta fram att heile slagordet “Bu i Uskedalen - bygda med den gode kvardagen” Av Ola Matti Mathisen Redaksjonen: Frida Nybakk Hilde Legland Ingvill E. Myklebust Karen Pedersen Brede Kathrine Saghaug Malin Bakke Eik Solveig Haugland Kontakt: Hobbyklubben v/Tore Mathiesen Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen Tlf: 93 83 94 45 Ola Matti Mathisen (leiar) Tore Mathiesen (leiar) Britt Torill M. Mathiesen (leiar) Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i Uskedalen som er ein barne- og ungdomsklubb frå 5. kl og oppover. Vi har aktivitetar på bedehuset i Uskedalen anna kvar mandag frå kl. 19.00 -20.30. Trykkeri: AFA AS, Uskedalen Ola Matti Mathisen Tlf: 99 37 13 25 E-mail: uskedalen@knett.no Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 3 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Jostein - fiskaren frå Uskedalen Av: Hilde Legland Jostein Legland og Erling Warberg foran bHaugværing. (Foto: Ola Matti Mathisen) - Kva går jobben din ut på? - Jobben min går ut på å fiska, og administrera et rederi. - Kva er kjekt med jobben din? - Når vi får masse fisk og å vere på sjøen i fint ver. - Kor lenge har du jobba med dette? - Jobba med dette sidan 1989,men eg begynte med far min på sommar fiske når eg var 8 år gammel. - Kor mange er med på båten? - Det er fire stykke som jobber her på båten. - Kva heitter desse folka? - Erling Warberg – Eirik Eikeland- David DanielsenJostein Legland. - Har alle oppgaver på båten? - Ja, alle har oppgaver på båten. - Kva oppgaver har dei? - Litt forskjellig frå vedlikehold, matlaging og selvfølgelig fiske. - Kan du beskrive ein dag på båten? - Leiting etter fisk og fiska. - Jobber du med dette heile dagen? - Ja, eg jobber med dette heile dagen som oftest. - Koffor valde du dette yrke? - Fordi eg likar å fiske og fiskebåtar, og fordi eg var med far min å fiska sidan eg var liten. - Kva drøymde du om å bli når du var barn? - Eg drøymde om å bli fisker. - Kva yrke ville du vald vist du ikkje hadde blitt fiskar? -Kanskje eg kunne blitt ornitolog. - Kor mykje fisk plar du å få på ein god dag? -På ein god dag får eg 100 tonn fisk. - Kor liker du best å fiske? - Eg liker best å fiske der det er masse fisk. - Er det noko negativt? - Ja, for mange arbeidstimar. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 4 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Påskeandakt Av Camilla Myklebust Camilla Myklebust med gitaren sin. Har du høyrd det er sagt Herrens vegar er uransaklege eller usporlege?(Rom. 11:33) Jesus når inn til folk på ein heilt unik og spesiell måte. Han kan vera overalt på same tid fordi han er stått opp fra dei døde og regjerer i universet. Og så kom han frå himmelen og valgte å komma ned hit til oss for gå lidelsens vei og ta all vår skyld og synd på seg opp på eit kors, han som var heilt rein og syndfri, for at du og eg, kunne gå fri. Han blei knust for våre misgjerningar, straffa blei lagt på han for at vi skulle få fred. (Jes. 53) Tenk på da!! Sjølv om du ikkje kan sjå han eller føla han eller trur at du ikkje høyrer frå han eller får til å tru på han, så ser han di sak og veit alle ting og lengtar og venter på at du skal invitere han inn i huset ditt. Hjarta ditt. Fordi han er kjærlighet (Joh. 1brev, 4:8). Og han elskar deg med ein evig kjærlighet (Jer. 31:3). Jesus nådde inn til meg når ingen andre gjorde det. Eg hadde stengt døra, ein kunne komme heilt dit, men ikkje lenger. Berre Jesus lot eg komme inn, nettopp fordi eg visste at han kjende meg tvers igjennom og at han ikkje dømde meg for den eg var. Du kan komma til Jesus igjen og igjen og det hadde eg gjort, men denne gongen var det annaleis. Eg visste at det livet som eg levde ikkje var rett i forhold til Guds ord, som eg av ein eller anna grunn alltid hadde trudd var sannheten. Eg sa til han; Jesus denne gangen vil eg bare ha deg, tilgi meg, eg vil omvende meg fra mitt liv i eit bedrag og løgn. Kom å ta din plass og fiks mitt knuste hjerte. Valget førte faktisk til eit vendepunkt i livet mitt. Før hadde eg trudd på han og bedd til han, men eg søkte han stort sett når ting gjekk dårleg eller skikkelig på trynet, men no flytta han inn og forvandla meg fra innsida. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 5 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ På ein, eg vil sei, naturlig overnaturlig måte. Plutselig så hadde eg ikkje lyst å drikka meg full lengre, f.eks. det blei berre heilt feil. Men eg fekk ikkje til å bare slutte å drikke,(skjønte at eg var avhengig fyrst då eg såg for meg ei veke utan alkohol) men begynte å be til Gud at han måtte hjelpe meg, og sjølvsagt ville han jo det. Det er snart fire år sidan og eg har ikkje tenkt tanken at eg kunne hatt lyst på alkohol overhodet etter det. Det var eit av Guds mirakel i mitt liv. Og eg fekk lyst å leva eit reint liv. Eg fekk lyst å vera god mot meg sjølv. Jesus vil møta oss der vi er. Vi treng ikkje nå opp til han eller gjera oss bedre enn vi er. Han har ordna det slik at vi er god nok i det som Jesus har gjort, det var difor han kom ned til oss for at han kunne møta oss der vi er, så vi er. Så seier han som troner evig og heiter den hellige; I det høge og hellige bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånden. (Jes. 57:15) Men ein ting er sikkert; visst du ikkje har sagt eller gjort eller tenkt noko gale i ditt liv, eller i dag, så treng du heller ikkje Jesus. Han er ikkje kommet for rettferdige men for syndarar. Og han døydde for alle, for at dei som lever ikkje lenger skal leve for seg sjølv, men for han som døydde og stod opp for dei (2 kor. 5:15) Eit evig liv. Med han. In my fathers hands Av Camilla Myklebust It`s been a long and heavy journey we`ve been on but tonight this boat is turning heading home on and on I have stumbled in trying to make it on my own seeking all kinds of comforts only to find the cold but suddenly I can see now I was never alone you were on every corner calling me home You have known me from the beginning and before I came to life and since that day you have been keeping me alive Now I sing for the joy that you have called me by name lift me out of the dark released me from my shame Jesus, the answer, the road now my life now I know where I am going in my fathers hands Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 6 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Uskedal-familie på 3 berga livet då tankaren eksploderte Av: Ola Matti Mathisen Liv og Jan Henrik Hansen heime i Skårhaug med eit bilete av båten som eksploderte. (Foto: Ola Matti Mathisen) 17. februar var det 40 år sidan tankaren Ferncastle på 100.000 tonn dødvekt eksploderte i Atlanterhavet mellom Kanariøyane og Azorene og 7 av mannskapet mista livet. Blant 36 overlevande var ein familie på 3 frå Uskedalen: Andremaskinist Jan Henrik Hansen, kona Liv og dottera Liv Janne som då var 20 månader gammal. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 7 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ ”En liten pike med oljeflekker på kåpen” Biletet teke i Paris av Billedbladet NÅ. Heime i Skårhaug sit Liv og Jan Henrik og minnast den mest dramatiske dagen i livet sitt. Dei er umåteleg glade for at dei overlevde og for at dei heller ikkje har hatt seinverknader av eksplosjonen bortsett frå det dei kallar “litt frynsete nerver”. - Eg har ikkje likt meg på sjøen etter det som skjedde, innrømmer Liv. Men Jan Henrik heldt fram til sjøs heilt fram til han vart pensjonist som 62-åring i 2005. Bakarsonen frå Uskedalen starta som byssegutt på ein HSD-båt i 1959, då han var 16 år gamal. Sidan var han å finna i maskinen på ein eller annan Fearnley & Eger-båt heilt fram til 1974 og til slutt i ein eller annan HSD-båt på heimlege trakter til han takka for seg på sjøen. Også kona Liv var ein gong messepike nokre månader på den samme båten som Jan Henrik, men ho og dottera var ferierende passasjerar med Nigeria som mål då tankaren gjekk i lufta. Men først fortel Jan Henrik om sin bakgrunn og eit viktig spørsmål er kvifor ikkje også han vart bakar, som faren Selmer. -Eg gjorde ein freistnad som 14-åring hos far, men den endte med at eg kappa av meg litt av ein pekefingar. Dermed var den karrieren slutt før han hadde byrja. Eg bestemte meg for å dra til sjøs då eg var 16 i 1959 og starta som byssegutt i HSD. Eg jobba med alt mogeleg medan båten som heitte Eidfjord gjekk med varer frå Bergen og rundt heile Hardangerområdet. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 8 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ VG-oppslag etter forliset i Atlanterhavet. Men eg var ikkje fornøgd, målet var å komma ned i maskinen og utenriks så snart som mogeleg og eg ringde til det store Oslo-rederiet Fearnley & Eger, som hadde over 40 båtar. Og reaksjonen var den mest positive eg kunne drømme om: Eg var velkommen om bord i Ferngrove som smører. De var ein heller liten stykkgodsbåt som gjekk i linjefart på Middelhavet og Amerika. Eg mønstra på i Genova etter å ha reist med tog frå Bergen. Året var 1960. -Og snart bar det vel til Amerika? -Jau, eg hugsar sjølvsagt særleg godt då vi kom til New York første gongen. Då var det viktig å vera ”ein av gutta”. Det innebar å ha på seg Olabukse og røykja Camel, noko eg så langt ikkje hadde våga heime i Uskedalen men som alle dei andre om bord gjorde, fortel Jan Henrik. Han heldt fram i maskinen på stadig nye båtar i same rederi og i 1964 gjekk han den halvårlege maskinistskulen i Haugesund og vart maskinist. Også hans framtidige kone Liv frå Eivindvik i Sogn var med ein tur til sjøs i denne perioden – ho var messepike i 7-8 månader. Dei vart gift i 1967. -Korleis hugsar du det som skjedde den katastrofale dagen i 1971? - Eg hadde vore om bord i Ferncastle i 2 år. Vi gjekk med tomme tankar – altså i ballast – sørover gjennom Atlanterhavet med Nigeria som mål. Veret var godt og varmt. Vi hadde vore ei veke i sjøen og hadde ei att til Nigeria. 6 av mannskapet var i gang med den vanlege prosedyren med steaming av tankane like foran styrehuset. HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 9 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Tankaren som eksploderte i Atlanterhavet – Ferncastle Det var ettermiddag og skumring. Eg hadde ete middag og var på jobb i maskinen att saman med ein reparatør. Eg skifta brennarar på kjelen. Også Liv og småjenta, som åt saman med offiserane, hadde ete. Då kom det ein kraftig smell, som førte til at lyset gjekk og motorane stoppa. 3 tankar eksploderte og reparatøren og dei 6 som spylte tankane vart drepne momentant. Truleg var det nettopp spylinga som utløyste katastrofen. I maskinrommet fauk lause gjenstander omkring men dei traff lukkeligvis ikkje meg, seier Jan Henrik, som trudde ein kjele i maskinen hadde eksplodert. Tett røyk og damp gjorde det vanskelig å pusta. Jan Henrik måtte opp, men vart møtt av gloheit damp og måtte satsa på ei annan veg ut. Då han til slutt fekk opna ei dør som gjekk utover hadde han nesten ikkje att surstoff i lungane. Slik skildra han dei mest dramatiske minuttane for Billedbladet NÅ like etter katastrofen : -Det var umogeleg å sjå noko. Lykta hjalp meg ikkje stort på grunn av tett røyk og damp som tok til å siva inn. Eg hadde ikkje noko anna å gjera enn å komma meg opp. Då eg var komme eit stykke opp leidaren vart eg stansa av gloheit damp. Eg måtte ned att og freista på ein annan veg. Eg klarte å komma meg opp over kjelane og klatra opp den vegen mot døra på babord side. No var det nesten umogeleg å pusta og eg måtte anstrenga meg for å spare på pusten. Den heldt akkurat til eg kom meg ut døra til dekksgangen. Derifrå sprang eg straks til lugaren min for sjå etter kona mi og Liv Janne. Då eg ikkje fann dei, sprang eg ut på poopen og fann dei saman med dei andre. Mannskapet hadde starta med å gjera livbåtane klare.” Jan Henrik fortalde vidare i dette intervjuet at det gjekk kort tid før dei satt i livbåtane. Det var dei 2 båtane på styrbord fordi det var umogeleg å nå fram til dei 2 på babord på grunn av flammar og røyk. Kapteinen var igjen saman med overstyrmann og annanstyrmann for å forsikra seg om at ingen var att. Då dei var ferdige forlet dei skipet med ein flåte og vart plukka opp. Ferncastle vart etter kvert eit inferno av røyk og varme, men dei styrte bort og vart ikkje vitne til at båten gjekk under. Etter omtrent halvannan time kom den spanske pallebåten Navipesa Dos frå Bilbao kloss opp til livåtane og plukka opp dei som sat i dei. Om natta sov mennene i lasterommet inntulla i ulltepper medan kvinnene fekk overta lugarane. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 10 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Familien frå Uskedalen på veg heim (Foto: Billedbladet NÅ) Også i portugisiske aviser utløyste ulukka store oppslag. Alle måtte forlata Ferncastle som dei gjekk og stod utan å få med seg noko. Liv Janne hugsar rimelegvis ikkje noko av det som hendte for 40 år sidan. Kaptein var Bjarne Helvik frå Herøysund og han leia redningsoperasjonen på eit suverent vis.. Det var svært høg sjø, men overføringa av folk gjekk smertefritt sjølv om vesle Liv Janne måtte heisast over i ei plastbalje. Det var 10-12 personar i den båten familien Hansen sat i. Etter eit døgn ombord i den spanske båten vart dei landsett i Lisboa. Også ho har satsa offshore men med base på land – som ingeniør hos Statoil i Stavanger. Heimkomsten via Lisboa og Paris utløyste mange spaltemeter i avisene og ikkje minst vart det skreve om ”en liten pike med oljeflekker på kåpen”- Jan Henrik sa i intervjuer då han kom i land at han måtte halda fram til sjøs fordi det var arbeidsplassen hans sjølv om det var ein farleg arbeidsplass. Dessutan hadde han planar om å byggja hus i Uskedalen og då var det berre å hengja i sa han til Bergens Tidende. Ferncastle var elles den andre Ferncastle som møtte sin skjebne på dramatisk vis i Atlanterhavet. Den første vart torpedert i 1943 og 24 mann drukna. KRAMBUA I USKEDALEN - GAVEFORRETNING Fått inn mykje fint i påskedukar Fått inn mykje fint i dukar til låge prisar. Fått inn flotte Teflondukar, no halv pris. Elles ein heil del varer til halv pris. Gåve artiklar. Sydvester og Bømlahuer. Den fantastisk gode Evanger eldhusrøykte fårepølsa og korv. Heimebakte lefser. Krambua ope: mån., ons. og tors. 10.30-17.00. Fre. 10.30-17.30, Laurd. 10.30-15.30. Tysd. stengt. Tlf. 53 48 63 46 / 48 02 16 29 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 11 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 12 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ May-Liss - ny rektor i Uskedalen Av: Frida Nybakk, Malin Bakke Eik, Kathrine Saghaug, Karen Pedersen Brede Marie Elisabeth Kaldestad på sitt nye kontor. Det nye året starta med at Uskedalen Oppvekstsenter fekk ei ny leiing. Marie Elisabeth Kaldestad overtok da som rektor etter Vidar Haugland etter at dei to har jobba saman dei 2 siste månadane. Difor har me stilt ho nokre spørsmål om korleis det er å være rektor på Uskedalen Oppvekstsenter. -På kva måte liker du Uskedal? -Det er kjekke elevar, ansatte og eit fint oppvekstsenter. -Kva fag har du med elevane? -Med elevane har eg sløyd og gym. -Kva gjer du i fritida? -Eg er nett ferdig med eksamen, eg er rektor og bestemor og eg liker å trimma. -Kva liker du best med å vera rektor? -Det er å prøva å få ein god skule både faglig og sosialt. -Korleis er det å overta ein ny skule? -Det er kjempekjekt og litt vanskeleg. -Kva er vanskeleg med rektorstillinga? -Det er vanskeleg å få tid til alt. -Klarer du å hugse alle namna? -Det går på opp, og eg har ein lapp som eg kikkar på. -Kva synest du er viktig for dei vaksne å passa på når dei er med barn? -Det er viktig at alle er trygge og at dei veit at barna er ulike. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 13 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Marie Elisabeth Kaldestad saman med Frida Nybakk, Malin Bakke Eik og Tina Bakke Eik. -Kva er yndlingsfaget ditt i undervisning? -Eg liker best norsk, ord og setninger. -Kva tilbakemeldinger har du fått? -Eg har fått bra tilbakemeldinger. -Korleis har du fått alle dei studie poengene? -Gått på skule heile tida, eg var ferdig no til jul og vurderer å fortsetje. -Kor mange barn har du tilsaman ? -Eg har tre egne barn og sju fosterbarn. -Kvar har du jobba før? -Bringedalsbygda oppvekstsenter, Undarheim skule og fleire. Kunst og Ramme Vi har flyttet til Halsabrotet 15 Uskedalen Ring for avtale Kjetil: 41 50 41 15 Gunn Kristin: 95 18 78 17 ALT INNEN INNRAMMING Rimeleg overnatting og frukost i ein lun og koseleg atmosfære, finn du sentralt i Uskedal sentrum. Ope heile året. Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen Tlf.: 53 48 60 39 – Mobil: 90 08 41 36 – Fax: 53 47 74 88 www.solheimturiststasjon.no email: solheim@knett.no Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 14 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Kor viktig er mobilen for oss? Av: Ingvill E. Myklebust, Solveig Haugland, Kathrine Saghaug Hilde Legland – 5. klasse Joakim Myklebust – 5. klasse -Kva mobil har du? -Eg har Sony Ericsson W595 -Kva mobil har du? -Eg har Nokia 5230. -Kor lenge har du hatt den? -Eg har hatt den i omtrent to år. -Kor lenge har du hatt den? -Eg har hatt han omtrent eit år. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Eg bruker den mest til å ringa og senda meldingar med. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Eg bruker mobilen min mest til å skrive meldingar med. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Mobilen min er kjempeviktig for meg, fordi eg kan ringa til mamma viss det er noko viktig. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Mobilen min er viktig for meg, fordi då er det lett å få tak i folk . -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Eg klarer meg to år uten mobil, det er eg sikker på. -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Eg klarer meg omtrent fire dager utan mobilen min. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -Eg var åtte år då eg fekk min fyrste mobil. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -Eg var sju år då eg fekk min fyrste mobil. -Kva er bra med å ha mobil? -Det er bra med mobil fordi da kan eg ringa til folk og spela på den. -Kva er bra med å ha mobil? -Det er bra å ha mobil fordi då kan eg skriva melding og spele på den. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Det er dumt med mobil fordi du gløymer den overalt. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Det er dumt med mobil fordi telefonselgarar kan ringa til meg. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Nei, det er ikkje press blant vennene om kulast mobil. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Eg synest det er teit at det ikkje er lov å ha med mobil på skulen. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Nei, det er ikkje press blant venner om å ha best mobil. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Eg synest det går greit at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 15 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Karen Pedersen Brede – 6. klasse Kathrine Saghaug – 6. klasse -Kva mobil har du? -Eg har ein gamal Sony Ericsson. -Kva mobil har du? -Eg har Sony Ericsson w1595. -Kor lenge har du hatt den? -Eg har hatt den i eit år, men den er tre og eit halvt år. -Kor lenge har du hatt den? -Eg har hatt den i eit år. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Eg bruker den mest til å senda meldingar med og å ringja. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Eg bruker mobilen min mest til å skrive meldingar og spele på. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Mobilen min er veldig viktig for meg, fordi eg bruker den til å få tak i andre. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Mobilen min er veldig viktig for meg. -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Eg klarer meg ca ei veke utan mobil. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -Eg var fem og eit halvt år då eg fekk min fyrste mobil. -Kva er bra med å ha mobil? -Det er bra med mobil fordi då får du lett tak i folk. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Det er dumt med mobil fordi den går fort tom for strøm og det kostar pengar å ha mobil. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Det er liksom om å gjera å ha kulast mobil, så det er litt press, men ikkje mykje. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Eg synest det er dumt at ein ikkje kan ha med mobil på skulen. Det jo ingen som ringer til meg på skule tid, og det går jo an ha den på stille modus. -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Eg klarer meg utan mobilen i ei uka. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -Eg fekk mobilen då eg var seks år. -Kva er bra med å ha mobil? -Det er bra med mobil fordi eg kan senda meldingar, spela, ringa og høyra på musikk. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Det som kan vera dumt er at eg kjem inn på internett utan at eg vil. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Nei det er ikkje press blant venner. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Eg synest at det er dumt fordi det er ingen som ringer i skuletida. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 16 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Kjartan Tungesvik – 7. klasse Amalie Haugland Røstbø – 7. klasse -Kva mobil har du? -Nokia. -Kva mobil har du? -Eg har ein Sony Ericsson Xperia U20. -Kor lenge har du hatt den? -Ca eit år. -Kor lenge har du hatt den? -Eg har hatt den i to veker. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Ringe og sende meldingar. -Kva brukar du mobilen din mest til? -Eg bruker han til å senda meldingar med og ta bilde. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Ikkje så veldig viktig ,berre av og til. -Kor viktig er mobilen din for deg? -Mobilen min er utruleg viktig for meg. -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Klarer meg ganske fint så lenge vi har hustelefon. -Kor lenge klarar du deg utan mobil? -Eg klarer meg ikkje ein dag utan mobil. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -11 år. -Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil? -Eg var 9 eller 10 år då eg fekk min fyrste mobil. -Kva er bra med å ha mobil? -Du er meir tilgjengeleg og det er lettare å få tak i andre. -Kva er bra med å ha mobil? -Det er bra å ha mobil fordi du kan høyra på musikk og du slepp å å vera avhengig av andre sin mobil. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Folk kan ringe med skjult nummer å tulle ringa. Og folk kan lytta til andre sine telefoner via data. -Kva kan vera dumt med å ha mobil? -Det er dumt med mobil fordi du gløymer den nokre plasser og at den må ladast. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Ja, litt. -Er det press blant venner om å ha den kulaste mobilen? -Nei, det er ikkje press blant venner om kulast mobil. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Greitt. -Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil med på skulen? -Eg synest det er heilt greitt. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 17 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ TI PÅ GATA TEKST OG BILDE: Ingvill E. Myklebust, Solveig Haugland, Kathrine Saghaug, Malin Bakke Eik Spørsmål: - Kva vær ynskjer du deg i påske? - Kor skal du feira påsken? Ingebjørg Haugland -Sol og fint ver. -Heima og sikkert gå litt på ski. Gianni Rebaudo -Knall sol og varme. -Italia. Gerhard Li -Fint og sol. -Veit ikkje. Malin B. Eik -Påskever og sol. -Heima og i fjellet. Bjarte Døssland -Strålande sol. -Veit ikkje. Ivar Gundersen -Fint og sol. -I Uskedalen og så håpar eg på Blådalen. Inger H. Myklebust -Strålande sol og fint ver. -Heima med familien. Kjersti Raudstein -Sol og fint ver. -Heima. Maren Huse Bjørnebøle - Sol - Enten heima eller i Røldal Rebecca Hauge - Sol. - Heima Påskemat frå havet Sverre Myklebust Maskinstasjon AS 5463 Uskedalen Graving ● Sprenging ● Boring ● Masseflytting Mobil 913 45 035 E-mail sigmund.mykl@c2i.net Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 18 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Krigsseglarane frå Uskedalen Av: Kristian Olav Bringedal D/S Corona ( H.M. Wrangell, Haugesund ) med nøytralitetsflagg akter. Dette var i tida før NORTRASHIP, den tida vi kallar for Den gløymde krigen Tilsaman 9 sjømenn frå Uskedalen var ute under krigen. Då reknar vi dei som var frå bygda, men og dei med sterke band til Uskedalen. Til samanlikning veit vi at heile 18 sjømenn frå Herøysundet var i Handelsflåten og Marinen krigsåra 1939 – 1945. Med eit folketal på rundt 200 ibuarar i Herøysundet var dette eit svært høgt tal, tilsvarande 9 %. Bakgrunnen for denne artikkelen er tekstane vi nytta på jubileumsutstillingen Krigen og freden mai 1995. Boka Kvinnheringar i krig og Markhusarkivet har og vore til stor hjelp. Den gløymde krigen 1939/1940 Den norske handelsflåten møtte sjøkrigen frå krigenes fyrste dag. Fram til 9. april vart 58 norske skip senka i krigshandlingar og 397 menneskeliv gjekk tapt. Berre på ein dag, 28. september 1939, vart i alt 3 norske skip senka. Haugesundsflåten hadde eit tap på 10 skip og 62 menneske omkom før krigen hadde teke til her heime. Så langt vi kjenner til, var ingen frå Uskedalen med i torpederingar i startfasen av krigen. I Nortraships teneste I april 1940 var om lag 1000 norske skip spreidde på alle verdshava. Britane ville at den norske flåten skulle segla under britisk flagg, men den norske regjeringa Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 19 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Kaptein Knut O. Bringedal ( i midten ) ombord i M/T K.J. Knudsen saman med Sam S. Skogland frå reiaren og Van Riel ( skipsagent ) Tankaren K.J. Knudsen var klar for levering frå Gøtaverken i juni 1940. For at ikkje skipet skulle koma på tyske hender, vart den registrert i eit nytt selskap og omdøypt til Belona og lagt i opplag i Gøteborg. Dette var eit proforma vedtak. Bringedal var skipper på K.J. Knudsen frå overlevering 7. august 1945 til han på nytt tok ut ny motortankar Elin Knudsen frå Belfast i 1945, Noregs største skip på den tid. vedtok 22. april at alle skip over 500 brutto registrerte tonn skulle samlast i eit reiarlag, NORTRASHIP, verdas største statseigde reiarlag. Den norske handlesflåten vart svært viktig i den allierte krigføringa,- særleg med å halda livslina mellom USA og Europa open med å få fram materiell og utstyr til dei krigførande avdelingane. Men, det kosta. Nær på 4000 sjømenn fekk si grav på havet. Ein av desse, Hans Laurits Landa, kom frå Uskedalen ( Sjå eigen artikkel ) 500 skip, halve flåten, gjekk tapt. I Heimeflåten si teneste Vi må ikkje gløyma heimeflåten. Då landet vart okkupert, var om lag 800 skip innafor det tyske maktområde. Mesteparten av skipa var under 500 brutto tonn og vart sett i fart av Skipsdirektoratet eller rekvirert av okkupasjonsmakta. Om lag 13000 norske sjømenn gjorde teneste om bord i heimeflåten og av desse omkom 974. Tapsprosenten var såleis like stor her som det vi kjenner frå Nortrashipsflåten. Dette var ein seglas ”mellom ven og fiende” og prisen var høg i tap av skip og menneskeliv. Det er uvisst om nokon frå Uskedalen var i heimeflåten. Dersom nokon har informasjon, er vi takksame for tilbakemeldingar. Krigsseglarane frå Uskedalen Dette er ei kort skildring av dei 9 frå Uskedalen i NORTRASHIPS teneste. Meir utfyllande artiklar med bakgrunn i sjøforklaringar og andre hendingar kjem vi attende til i seinare utgåver av Uskedalsposten. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 20 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ M/T O.A. Knudsen, Haugesund, torpedert 5. mars 1942 ved Bahamas Knut O Bringedal, f. 1894, skipsførar Knut O Bringedal var flaggskipper hos Knudsen OAS i Haugesund. Knut tok motortankar O.A. Knudsen ut ny frå Hamburg i 1938. Fartyet var den største tankbåten i Noreg på den tida,heile 16150 tdw. Skipet vart torpedert i mars 1942 på reise frå Port Arthur, Texas, til Liverpool med 16000 tonn brenselolja. Etter ei dramatisk hending med fleire torpederingar og kanoneld frå dei tyske ubåtane U126 og U-504 vart båten senka den 5. mars. Ein engelskmann omkom ombord. Ein av det norske mannskapet døydde på sjukehus straks etter. Kaptein Knut O Bringedal og fleire av mannskapet gjekk med granatsplintrar i kroppen så lenge dei levde. Han var skipsførar på tilsaman fem skip i krigsåra og var med på to svært dramatiske torpederingar. Knut segla på tankbåtar i Knudsen til han gjekk land på 1960 talet. I eit seinare nummer av Uskedalsposten skal vi skriva meir om den dramatiske torpederinga med O.A. Knudsen i 1942. D/S Corona, Haugesund, torpedert 5. februar 1943 mellom Torbruk og Bengazi på Libyakysten Olav Ivar Bringedal, f. 1908, 1. styrmann Olav Bringedal segla på D/S Corona i reiarlaget H.M. Wrangell, Haugesund. Han var saman med Ole Meidell Klette frå Herøysundet som førte båten på Østen fram til krigen. Klette vart teken i land i Nord Kina som hamnelos og vart seinare internert av japanarane til krigen var over. Ny kaptein vart E. Endresen og Olav Bringedal var 1. styrmann. Corona hadde Kina krew, 50 kinesarar og 7 norske offiserar, i tillegg til kanonmannskap. Den 5. mars 1943 vart Corona torpedert på reise i Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 21 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ konvoi frå Alexandria til Bengazi av den tyske ubåten U-617. Lasta var krigsmateriell, ammunisjon og 49 britiske soldatar. Båten heldt seg flytande og vart taua til hamn i Tobruk og strandsett og fortøyd i eit anna vrak. Båten sokk, vart heva, men sokk igjen nyårsdag 1945. Bengazi og Tobruk er i desse dagar mykje omtala i media etter frigjeringsopprøret i Libya. Olav Bringedal segla vidare med M/T Arena i Kure Olsens rederi, Kristiansand. Det må nemnast at Olav Bringedal kom frå kvalfangst med Suderøy 2 i 1936. Etter ein månad ferie reiste han i utanriksfart og mønstra av i september 1945. Då hadde han vore borte frå heimen i Uskedalen i godt over 9 år. Han gjekk straks inn på skipperskulen i Farsund, i kull med skipsførar Lars Storås frå Herøysundet Knut O Bringedal var onkel til Olav. Trygve Hermansen, f. 1884, skipsførar Trygve Hermansen var kaptein i Westfal Larsens rederi i Bergen. Han førte skipet M/T Nordanger, 9000 tdw., bygd i Amsterdam i 1925. På den tida var dette det største skipet i landet. Hermansen sen. stod om bord i Nordanger fram til mai 1944. Skipet gjekk for det meste med krigsmateriell mellom Amerika og Europa. Nordanger vart og nytta som oljedepot for allierte skip i Gibraltar. I 1944 kom han i land og vart knytta til NORTRASHIPS kontor i New York. Trygve Hermansen segla ikkje etter krigen. Han arbeidde innan shipping i Oslo. Huslyden hans hadde fast bustad i Uskedalen i krigsåra. Vi har ikkje bilete av Nordanger. M/S Trondanger, Bergen, ikkje torpedert Reidar Odd Hermansen, f. 1919, matros Reidar Hermansen var son til Trygve Hermansen. Dei segla i det same reiarlaget, Westfal Larsen i Bergen. Reidar var om bord på M/S Trondanger, 9800 tdw., bygd i Amsterdam i 1932. Trondanger vart saman med to andre systreskip rekna for å vera teknisk svært avanserte, med 7 sylindra maskin og med ein toppfart på 16 mil. Hermansen segla med dette skipet i heile krigen. Båt og mannskap overlevde fem dramatiske år,- som oftast i Nordatlantisk konvoi med mykje torpederingar. Reidar Hermansen kom heim fyrst i 1948. Han hadde då vore borte frå bygda og heimen i 8 år. Reidar Hermansen var son til Trygve Hermansen, vart gift og busette seg i Herøysundet. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 22 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ M/T Eli Knudsen ( tidlegare O.A. Knudsen ), Haugesund, torpedert 22. juni 1940 sør for Irland Peder Døssland, 3. styrmann, f. 1914 Peder Døssland segla også i reiarlaget Knudsen OAS. Han gjekk om bord i M/T Eli Knudsen i mars månad 1940. Knut Bringedal tok båten ut ny i 1925, den gongen som O.A Knudsen. Når den nye O.A Knudsen kom til i 1938, skifta båten namn til Eli Knudsen. Peder Døssland segla fyrst som matros, seinare som 3. styremann. Skipsførar var Mathias Midtbøe. På reise frå Aruba til England med 13000 tonn diesel /brenselolje vart Eli Knudsen 22. juni 1940 torpedert av den tyske ubåten U-32 med sjef Jenisch, sør for Irland. Dette var den fyrste torpederinga av ein Haugesundbåt etter 9. april. Skipet heldt seg flytande, vart teke under slep, men gjekk ned 24. juni. Mannskapet vart berga, sette om bord i HMS Sandwich og tekne inn til Liverpool. Peder Døssland segla på fire andre norske skip i krigsåra. M/T Sommerstad, Oslo, ikkje torpedert Sigurd Torvald Myklebust, f. 1910, 3. maskinist Torvald Myklebust segla på fire ulike skip i krigsåra. Den lengste tida gjekk Myklebust i konvoi mellom Amerika og England. Lasta var krigsforsyningar. Ein av båtane hans var M/T Sommerstad, 8670 tdw, bygd i 1925 for reiarlaget Klaveness i Oslo. Myklebust kom om bord som 3. maskinist 28. mars 1943 og stod krigen ut. I åra 1940/41 var han på M/S L.A. Christensen, ein Tønsbergbåt som vart torpedert 10. juni 1942. Krigstida tok på. Torvald måtte to gonger innom sjukehus i England. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 23 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ M/S Martin Bakke, Haugesund, ikkje torpedert Svein Myklebust, f. 1901, stuert Svein Myklebust mønstra på M/S Martin Bakke i Knud Knudsen O.A.S. i desember 1939. Han stod om bord på same skipet til avmønstring i januar 1947. Martin Bakke gjekk for det meste i troppetransport Amerika – Europa. Båten vart ikkje torpedert, men dei var likevel med på dramatiske hendingar i konvoi. Kaptein var Einar Hetland. Svein Myklebust var stuert. Martin Bakke deltok i operasjon Torsch i november 1942 og skipet var eit av dei fyrste som gjekk inn på hamna i Casablanca. Dei var då lasta med lossekranar og utstyr for den amerikanske invasjonsstyrken. Svein Myklebust og Sigurd Torvald Myklebust var brør. M/S Sofie Bakke, Haugesund, sokk 4. august 1940, skipskollisjon Alfred Stensletten, f. 1920, matros Aldred Stensletten segla på M/S Sofie Bakke i Knudsen O.A.S. Båten var på 8849 tdw, ny i 1938 og bygd på Gøtaverken. Aldred var berre 18 år i 1940. Han er såleis den ynsgte krigsseglaren frå Uskedalen. Han reiste ut to år før, 16 år gamal, med Knut Bringedal på M/T O.A. Knudsen ( torpedert i februar 1942 ) Sofie Bakke sokk 4. august 1940 etter ein kollisjon med eit svensk skip ved nordaustkysten av Skottland, på reise frå Chile til London med Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 24 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ råvarer til aluminiumsfabrikkane der. Arnfred Thunold frå Dimmelsvik/Uskedalen var maskinsjef på same båten. Thunold er ikkje omtala i denne artikkelen. Han er heller ikkje nemnd i boka Kvinnheringar i krig. Det må vera eit mistak som må rettast ved korrektur. Alfred Stensletten kom på sju andre båtar og segla alle krigsåra, for det meste i Atlanterkonvoi. Han kom heim etter krigen, tok kystskipperskulen, styrmannskule og skipperskule og segla seinare som skipsførar på Knudsenbåtar fram til 1980. Hans L. Landa, f. 1903, skipstømmermann Fall for fedrelandet. Landa har fått namnet sitt på bautaen på Stemneplassen i Uskedalen. Sjå eigen artikkel Heimreisa Krigsseglarane våre kom heim puljevis. Peder Døssland kom til Bergen med Lyra i august 1945. Det same veit vi om Torvald Myklebust som kom til Bergen med same båten i september. Knut Bringedal kom til Noreg 9. august Dei, som kom til landet i 1945, fekk ei uventa mottaking på kaien i Beinavikjo. Uskedal Musikklag saman med mykje byggdefolk møtte fram kvar gong og hylla dei med musikk og takk for innsatsen deira for heim og fedreland. Det var gripande stunder. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 25 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ STORT UTVALG!! HUSFLID PRODUKTER TREVARE PRODUKTER HAGE – UTEPRODUKTER TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER VED -tar imot bestilling og kjører ut. VASKERI -dyner, madrasser, tepper, klær, soveposer, kjeledresser m.m. UTEOPPDRAG -rydding av skog/hage, rive bygninger, oppsett av gjerde o.l. TLF: 53 47 55 00 epost: afa@afa.no Stian Haugland tlf. 95 78 48 08 Tor Ove Haugland 90 51 14 71 Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 26 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Hans Laurits Landa – fall for fedrelandet Av Kristian Olav Bringedal Skipstømmermann Hans Laurits Landa ( 1870 1942 ) I bokverket Våre falne les vi om Hans L. Landa: Møbelssnikker og skipstømmermann, Kvinnherad. Født 30. juli 1903 i Kvinnherad. Sønn av Hans Landa, f. 1870, og Engel f. Eik, f. 1876. Gift 1939, 1 barn. Var tømmermann på d/s Norse King. Da skipet var på reise mellom Swansea og Boston, ble det torpedert 28. desember 1942. Mannskapet ble tatt opp av et eskortefartøy, men ble dagen etter satt om bord igjen i skipet, som satte kursen for Asorene, men forsvant sporløst. Det ble sist sett 29. desember 1942. Vi vil i denne artikkelen finna meir ut om Hans Laurits Landa og om torpederinga av Norse King. Norse King tilhøyrte reiarlaget Odd Godager i Oslo. Det var eit dampskip på 8800 DWTog var bygd i 1920. Skipet vart ført av kaptein Lorentz Tvedt. Hans L. Landa er skipstømmermann om bord. Norse King gjekk frå Belfast i konvoi den 19. desember lasta med 5400 tonn kol for Boston. I konvoien var det 45 skip eksortert av ei kandadisk jagar og 5 korvetter. Norse King hadde ei særleg opppgåve i konvoien, nemleg bakerst som redningsskip ( likpellar) Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 27 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Deler av mannskapslista på Norse King, Oslo. Over 20 ubåtar vart frå tysk side sett inn mot konvoien. I eit 3 dagars slag mellom 27. og 29. desember vart 14 handelsskip senka. Norse King var på kvelden 28. desember treft av ein torpedo frå ubåten U 591. Mannskapet vart berga om bord i eit eksortefarty. Dei heldt seg i nærleiken av den flytande Norse King. Mannskapet vurderte det slik at båten kunne bergast, gjekk om bord, fyrte opp og gjekk mot Asorene. Eit anna skip i konvoien meldte frå at dei observerte Norse King kl. 06.45 neste morgon med 6 knops fart og livbåtane klare langs skutesida. Det var det siste ein høyrte frå Norse King med eit mannskap på 35. Tysk informasjon fortel at Norse King vart på nytt torpedert ved middagstid same dag, altså 29. desember av ubåten U 435 med kapteinlt. Strelow. Dei tyske opplysningane fortel ikkje noko om mannskapet. Ubåten forliste nemleg og gjekk til botnar eit halvt år etter dette. Frå eit skip som krigsforliser utan sikre observasjonar og der alle kjem bort, har ein ikkje sjøforklaring og halda seg til. Ubåten, der alt vert loggført, forliser. Dermed veit vi lite om dei siste timane om bord på Norse King. Truleg omkom langt fleire enn 35 menn. Båten hadde i tillegg plukka opp overlevande frå den intense torpederinga over 3 dagar. Det vi kan halda oss til, er skipsdagbøker frå andre farty i konvoien,- mellom anna frå Ravnefjell og boka til sjøkaptein Peder Kr. Nilsen. Her er jula 1942 og sjøslaget skildra. DIN LOKALE LEVERANDØR TELEFON 53 48 61 01 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 28 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Oppgåve 1 Ved ein strek skal du få eit bilmerke. X8IX8 Oppgåve 2 Ved to streker blir svaret riktig. I0+I0=4 Oppgåve 3 Ved ein bein strek og ein strek med bue på slutten skal du få ein hund. OOO Kva ord blir desse bokstavane, som vi har stokka om. (Tema er påske) Fasit neste side. 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. llngkyi rtsoek agfdlgarne gåedokpts aggalot riapmasn lesdakjoo gilpmri Klarer du og svare på spørsmål om sjokolade? 1. Kva heiter sjokoladen som deler namn med ein naboplanet i solsystemet? 2. Kva sjokolade vart kalla tursjokoladen? 3. Freia begynte å lage Kong Haakon-konfekt i 1905. Same år gikk Noreg ut av union med kva land. 4. Kva heiter den skumfylte sjokoladen som er forma som bjørnar? Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 29 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ På skulen klarer eg ikkje og jobbe eller konsentrere meg. Kva skal eg gjere? Svar: slutte på skulen. -Kva er det som går og går og aldri kjem til døra? - Klokka, selvfølgeleg. - Nei, det er bestefar som har satt bukseselene fast i gyngestolen. Ein gamal dame går bort til ein liten gut å spør: -Kva heiter du lille venn? -Eg heiter det same som lommeboka til pappa. -Kva heiter den då? -Tom! - Kva kommer det av at du er så høg, når broren din er så liten? - Det er fordi han berre er halvbroren min. -Doktor doktor, eg snorker så høgt at eg vekker meg sjølv! Kva skal eg gjera? - Sove i eit anna rom. Kva slags tøy kan ikkje vaskast? Svar: syltetøy. Kva tegner aper? Svar: apestreker. Kva er gult og vått? Svar: Ei banan i regnveret. Kva dyr kan dette ned frå himmelen? Svar: Rein. Her har du en enkel SUDOKU. - Alle de tomme feltene må fylles med et tall fra 1 til 9. - Hver eneste rad og rekke må inneholde alle tall fra 1 til 9. - Hvert storfelt på 3x3 felter må også inneholde alle tall fra 1 til 9. - Ingen tall kan brukes mer enn én gang på en rekke, rad eller storfelt. Lykke til! 6 3 2 1 8 2 4 8 6 Svar på oppgaver: Oppgåve 1. VOLVO Oppgåve 2. TO+T0=4 Oppgåve 3. DOG Bokstavoppgåve: Kylling Korset Langfredag Påskegodt Golgata Marsipan Sjokolade Pilgrim 4 7 1 6 3 2 8 7 9 5 2 9 8 4 6 7 3 1 4 1 5 7 8 2 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 30 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Livet på Skorpo for meir enn 100 år sidan I julanummeret av Uskedalsposten i 2008 hadde vi ein reportasje om Livet på Skorpo for meir enn 100 år sidan. I den anledning så har Uskedalsposten fått eit brev fra Margaret Mehus hvor hun kommer med historien og kven som er med på bilete. Margaret Mehus Grevlingveien 27 2050 Jessheim 18.mars 2011 Livet på Skorpen rundt forrige århundreskifte Kom over et morsomt lite hefte - Uskedalsposten. Det som gjorde det ekstra morsomt for meg var at det handlet om livet på Skorpen. Min mormor Else Marie Langballe var gift med Niels Koren Lund fra Undarheim på Husnes. Hos mormor og hjemme, ble stedet omtalt som Onarheim. Så min mor var kusine med Ragna Hjelmeland og Gunvor Næs Jeg har vært på besøk på Skorpen i forbindelse med slektstreff på Stord og et par ganger hos familien til Bernt og Tordis. Fikk da en morsom omvisning på øya og ble hyggelig tatt i mot. På side 28 i Uskedalspostens julenummer i 2008 er det et bilde som viser en samling på Skorpen med ukjent historie. Den har imidlertid jeg; Året er 1894 og det er dagen etter festlighetene i anledning av forlovelsen til min mormor Else Marie og Niels. Navnelisten legges ved. Det var også morsomt å lese om Langballe eplene, selv om de ikke skal være av de beste så har vi bestillt 8 trær hos gartner Jørgen Hass i Rosendal . De var så snille å ville finne tak i podekvister og gjøre et forsøk. For litt tid tilbake ringte han og fortalte at nå var podingen vellykket . Nå blir det epletrær til våre 4 døtre og trær til hagen på hytta på Halsnøy. Jeg er gift med Einar Mehus fra Halsnøy og føler at jeg har gode røtter i Kvinnherad. Med hilsen Margaret Mehus Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 31 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Bilete som var på trykk i Uskedalsposten Jula 2008 med følgende bilete tekst ” Samling av mange på Skorpo rundt årdhundreskiftet, men kva som gjekk føre seg veit me ikkje.” De 24 på bildet er følgende: Fra venstre i bakerste rad: 1. Oscar Langballe (dessverre bare venstre arm, bror av Else MKL) 2. Jacob Aga, bankdirektør, søstersønn av bestemor Lund, sønn av Sara Utne, gift med Ole Aga 3. Margrethe Galtung, datter av Cathinka Undal 4. Nils Koren Lund 5. Ingeleiv Lund, søster av NKL 6. Else Marie Knagenhielm Lund 7. Sara Koren Lund, søster av NKL 8. Jacob Lund, bror av Nils KL 9. Jacob Mæland, hotelleier på Granvin 10. Magdallena Lund (Bergen), kusine av NKL, datter av kaptein Magdalon Lund 11. Brynjulf Langballe, bror av Else MKL. 12. Johan Koren Dahl, juveler 13. Thormod Tendeland, fetter av Else MKL på fars side, var da huslærer i hennes hjem, senere skolebestyrer i Moss. 14. 15. 16. Anton Langballe. bror av Else MKL Michael Langballe, bror av Else MKL Victor Langballe, bror av Else MKL Fra venstre i forreste rad: 17 Dora Eggers, ubeslektet, guvernante hos Lunds, senere hos Langballes, senere tannlege i Oslo. 18. Marie Lund, søster av Nils KL 19. Marie Lund, NKLs mor 20. Anne Margrethe Langballe, søster av Else MKL 21. Margrethe Langballe, Else MKLs mor 22. Francisca Dahl, ubeslektet 23. Jenny Langballe (barnehode bak 22), søster av Else MKL) 24. Leif Lund, bror av Nils KL Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 32 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Fjellstovo – ei databok om Mannsvatnet og hyttemiljøet Av Ola Matti Mathisen Dag Hermansen, her nede på Neset. (Foto: Ola Matti Mathisen) og kveld ved Mannsvatnet (Foto: Dag Hermansen) Dag Hermansen, geolog og busett i Bergen, er ein trufast ferie- og fritidsgjest i Uskedalen. Han er ikkje berre hyttebuar på Neset, men også ved Mannsvatnet . Der er han ein av 6 medeigarar i ei av dei 12 hyttene i området. 8 av dei er gamle, den fyrste bygd i 1917. 4 er nybygde eller ombygde. det her var utretta storverk og gjort eit arbeid som det stod vyrdnad og byrgskap av. Dagny Syse, lærar frå Stord, hadde ideen og Sjur Lote i Haugesund var den største bidragsytaren. Men historia om Fjelly kan ein lesa i uskedalen.no, og no skal vi inn på linken til ”vår” hytte, som også var eit krevjande prosjekt. Samanlikna med dagens helikoptertransport verkar det nesten utruleg. Her har Dag lagt ned mange dugnadstimar med fysisk arbeid, men det begrensar seg ikkje til det. Han har også gjort ein storinnsats med samling, systematisering og redigering av skriftleg og fotografisk materiale både om Fjellstovo og om resten av miljøet rundt vatnet. Materialet er så omfattande at det må kallast ei databok. Det er ein imponerende historisk dokumentasjon som truleg saknar sidestykke her i fylket. 8 kameratar sat i Fjelly midt under andre verdskrigen då ideen kom opp om byggjing av ei ny hytte. Kjell, Eirik, Bjørn, Gjert, Nils, Tor, Magne og Lars var einige om at hytta måtte liggja på nordsida av vatnet, innunder Solfjell. Konklusjonen var at dei skulle gjennomføra prosjektet med eigne krefter og 8-gruppa bestemte størrelse og korleis dei skulle skaffa materialar og få dei på plass. Grunnstammen er historia om Fjellstovo eller Nesjahytta. Om den får vi veta det meste, mellom anna gjennom attgjevinga av hyttebøkene heilt frå 1950 og langt framover. I tillegg er det som er skjedd med hytta og livet der skildra grundig i tekst og foto. Her kan ein lesa om alt frå ein båtskade til montering av hageslange med dusj. Men historia om hyttene ved Mannsvatnet starta altså i 1917 og det var med ungdomslagshytta Fjelly som vart reist ved ein fantastisk dugnadsinnsats. Skriftstyrar Kristian Olav Bringedal skreiv i ungdomslaget si 100-årsbok at Lars Rød, faren til Nils, Magne og Lars, gav gruppa lov til å hogga i utmarka i Rødslio, Emne til rammer, stender, golvbjelker og sperr vart øksa til ved Rødselet og bore opp på Steinheiane. Tømmer til bordkledning og sutak vart hoggen ved Rødselet og dregen til bøgarden til Lars. Hesten Hulda drog siste stykket fram til sjøen og så vart tømmeret slept med 2 robåtar til Rosendal for saging til bordkledning og tak. Ein motorbåt slepte ferdigskore virke attende til Rød og alt byggemateriale vart samla ved bøgarden til Lars. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 33 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Restaurering i 2006 (Foto: Dag Hermansen) Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 34 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Resultatet har vorte svært fint (Foto: Dag Hermansen) Hyttekos ved Mannsvatnet (Foto: Dag Hermansen) Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 35 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Mannsvatnet frå lufta (Foto: Frode Leikvoll) Frå denne og opp til eit stykke nedanfor bøgarden i Rødselet vart det strekt opp ein løypestreng og alle materialar og anna utstyr sveiva opp for hand og deretter bore opp på Steinheiane. Deretter overtok hesten Hulda transporten inn til Mannsvatnet. Sjølve byggjinga gjekk lett samanlikna med denne operasjonen. I mange år vart hytta mykje nytta av 8-gruppa med slekt og vener. Men kameratane fekk nye interesser og nokre reiste bort. Gruppa minka og det gjekk ut over vedlikehaldet. Heldigvis har etterkommarar overteke, vølt og utvida hytta som har vorte svært fin. Dei opphavelege eigarane var Kjell Yri, Gjert Myklebust, Tor Myklebust, Lars Rød, Nils Rød, Magne Rød, Bjørn Myklebust og Eirik Myklebust. No er eigarane Johanna Yri, Dag Hermansen, Anne Lise Vågen, Gunn Sølvi Kristoffersen, Harald Snilstveit og Annlaug Rød. Fotografia er eit kapitel for seg i databoka til Hermansen, ikkje minst på grunn av høg kvalitet. Til dømes kan ein nyta ein slides-serie på 400 bilete. Her er det ikkje minst mange flotte naturbilete. Og ein får sjå flyfoto frå området som må vera ein datateknisk triumf: Dei er drapert over ein tredimensjonal terrengmodell og det skaper ein fascinerande effekt. Det er også ein god del svart/hvitt-bilete av betydeleg historisk verdi. Imponerande er det også at ein får oppdaterte vervarsel for Mannsvatnet – time for time! Dag har all grunn til å vera fornøgd med prosjektet, men han seier til Uskedalsposten at han ønskjer at kvar og ein av hytte-eigarane skriv ned ei lita historie om historia, gjerne med bilete. Det vil gjera framstillinga meir komplett. Hvis også du vil nyta databoka Fjellstovo er det berre å gå inn på nettet og skriva namnet, så får du opp heile materialet. Også vi tek gjerne imot meir stoff om denne hytta og natur og miljø rundt Mannsvatnet. Det er ein av dei mange naturperlene i og omkring Uskedalen og ein stor ressurs for turisme og rekreasjon. Er du i tvil om kvalitetane til området, kan du berre spørja Dag Hermansen! Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 36 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Arbeidslag – men kva hadde dei som oppgåve? Eit av dei unike, gamle bileta: Gjengen tek ein pust i bakken. Frå venstre Kjell, Tor, Gjert, Lars, Magne, Eirik og Lars den eldre. Nils og Bjørn er ikkje med. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 37 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Berre scanninga av hyttebøker har vore ein storjobb. Her er første sida i den første boka. Nåso i blått (Foto: Dag Hermansen) Mannsvatnet har også inspirert målarar og her er eit panorama av Magnus Hardeland med hytta til venstre. Annlaug Rød eig måleriet. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 38 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Kvar ligg hyttene? Denne presentasjonen i databoka fortel noko om det. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 39 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Fascinerande luftfoto laga med ein spesiell teknikk. Mannsvatnet sentralt i begge bileta. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 40 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Gummi-armband- kva tyder dei? Av Frida Nybakk GULE Svart og kvit gummiarbånd mot rasime Pengene fra «Live Strong»-armbåndene går til Lance Armstrong Foundation som jobber for kreftsaken. Det fins mange forskjellige gummiarmbånd. Vi ønskte å finna ut litt mer om dei. Nike produserer armbåndet, men har ingen inntekter fra salget. På verdensbasis er det solgt mer enn 40 millioner armbånd. Thierry Henry lanserte armbåndene mot rasisme. Nå er de så populært at leverandøren ikke klarer å produsere nok. RØDE Redd Barna står bak «Asia on my mind»-armbåndene, og pengene går til ofrene for flodbølgen. Da sportkjeden Gresvig skulle selge ut 9.000 armbånd, var det kun Oslo butikker som ble valgt ut. Totalt ble 75.000 armbånd sendt ut på markedet i Norden, og i Norge er de røde armbåndene solgt gjennom kleskjeden B.Young. Pengene som har kommet inn, er fortløpende sendt videre til Redd Barna. Nå ringer ungdom fra hele landet - og fra andre skandinaviske land - til de 13 utvalgte sportsbutikkene i Oslo, i håp om å sikre seg armbåndet, som består av et svart og et hvitt bånd flettet sammen. - Jeg er sikker på at vi kunne solgt 50.000100.000 bånd over hele landet, sier salgsleder for Gresvig Detalj, Anders Kjellen Butikkene har måttet sette en grense på to bånd pr. kunde. Etter rundt tre uker er de i ferd med å bli utsolgt. Inntektene av salget er øremerket det antirasistiske arbeidet til organisasjonen King Baudouin Foundation. Å ta avstand fra rasisme har blitt en trend. ROSA De svenske «Älska fotboll»-armbåndene viser at du er imot fotballvold. Over 51.000 svensker går nå med det rosa armbåndet etter at avisen Aftonbladet startet kampanjen sammen med fotballforeningene i Sverige. I Norge har blant annet Rosenborgbacken Mikael Dorsin delt ut armbåndene på Lerkendal. Rosa sløyfer, rosa armbånd, og vesker med rosa sløyfer, finn vi og til inntekt for brystkreftsaken. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 41 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Prosjektet er eit fellesløft for heile NRK Super, og formålet er å inspirere alle barn i Norge til å sjå kvarandre og bry seg om kvarandre. Alle barn treng å bli sett og verdsatt for den ein er. Når barn opplever å bli godtatt av andre barn, gir det trygghet og auka sjølvfølelse. HVITE «Make Poverty History» kjemper mot fattigdom i verden. Fredsprisvinner Nelson Mandela er blant de som har brukt armbåndet. Etter Mandelas besøk i London i februar ble det i løpet av få uker solgt 200.000 armbånd. BlimE armbånd, og med blindeskrift. For å hjelpe oss å få fram dette budskapet, samarbeider BlimE med 16 ambassadører, åtte voksne og åtte barn\unge. Disse har fått laga kvar sin musikkvideo, som Karpe Diem og Gisle Martens Meyer står bak tekst og musikk for. For og tydeliggjere at dette er noko vi alle er saman om, deler NRK Super ut BlimE-armbånd til alle barn som vil være med i kanpanjen. Dette turkise armbåndet er kampanjens samlande symbol, og ved å gå med det viser ein at man er ein som bryr seg om andre. Båndet er gratis og fåes ved å fylle ut innsendingsskjemaet på nrksuper.no I begynnelsen var alle veldig opptatt av kva det betydde, og var veldig opptatt av kvarandre. Etter kvart var det ikkje så veldig interessant. Den 4. september 2010 starta NRK Super sin haldningskampanje “BlimE!” i forbindelse med MGPjr si direktesending frå Oslo spektrum. Slagordet til kampanjen er “Si hei, vær en venn”. Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 42 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ …..med klær fra Husnes Storsenter Postboks 204, 5480 Husnes Tlf: 53 47 16 26 – Fax: 53 48 12 97 kvinnherad@libris.no Brekketoppen, 5463 Uskedalen Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22 Bilutleie Understellsbehandling Viking/NAF redningstjeneste Sal av Tysse-tilhengarar SPEKEMAT - KJØTTPØLSER GRILLPØLSER – BACON Friheim - 5463 Uskedalen Telefon 53 47 63 11 Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 43 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ KVA SKJER I VÅR? Uskedalen Kyrkje Dato Tid Nattverd og andre opplysningar Søndag 03. april kl. 1930 Samtalegudsteneste, Kristian W Due Palmesøndag 17. april kl. 1100 Gudsteneste Nattverd, Kristian W Due Årsmøte i kyrkjelyden e. Gudst. Langfredag 22. april kl. 1930 Jan Ove Totland Tysdag 17. mai kl. 1115 Familiegudsteneste, Kristian W Due Søndag 22. mai kl. 1100 KONFIRMASJON, Kristian W Due Søndag 19. juni kl. 1100 m/ Nattverd, Pål Dale Kyrkjekaffi Uskedalen Bedehus Dato Tid Kvar onsdag Kl. 18.30 Bøne-møte Mandag 4. april Kl. 19.00 – 20.30 Våravslutning Hobbyklubben Onsdag 6. april Kl. 10.30-12.00 Småbarnstreff Laurdag 9. april Kl. 13.00-15.00 Våravslutning Laurdagsskulen på stemneplassen, Lavoen Søndag 10. april Kl. 11.00 Møte Måndag 11. april Kl. 17.30-19.00 Røystene 1. påskedag 24. april Kl. 19.30 Møte Tysdag 26. april Kl. 18.00 Dugnad på Bedehuset Tysdag 3. mai Kl. 19.30 Kristen Muslim misjon Onsdag 4. mai Kl.10.30-12.00 Våravslutning Småbarnstreff på Kjærland Fredag 6. mai Kl.19.00 Konfirmantfest Måndag 17. mai Kl.19.30 17. Maifest Søndag. 29. mai Kl.11.00 Nattverdmøte Torsdag 2. juni Kl.11.00 Møte Påska 2011 USKEDALSPOSTEN Side 44 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ Påskemorgen Påskemorgen slukker sorgen. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; Den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid. Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Helvede vredes, himmelen gledes, himmelen gledes med lovsang ny. Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Sangen toner. vår Forsoner, vår Forsoner til evig pris; Han ville bløde for oss å møte, for oss å møte i Paradis. Sangen toner. vår Forsoner, vår Forsoner til evig pris. Tekst: Grundtvig 1843 Melodi: Lindeman Jesus lever, graven brast. Jesus lever, graven brast Han stod opp med guddoms velde. Trøsten står som klippen fast at hans død og blod skal gjelde. Lynet blinker, jorden bever, graven brast, og Jesus lever! Jeg har vunnet, Jesus vant, døden oppslukt er til seier. Jesus mørkets fyrste bandt, jeg den kjøpte frihet eier. Åpen har jeg himlen funnet, Jesus vant, og jeg har vunnet! Tekst: Johan Nordahl Brun 1786 Melodi: Ahle/Briegel
© Copyright 2024