KYRKJELYDSBLAD FOR HEILE LUSTER Nr. 4 SEPTEMBER 2013 73. årgang Konfirmantar i Jostedal kyrkje 2.juni: Bak frå v: Kristian Tuften, Helene Halveg og Ådne Tuften. Framme: Sokneprest Geir Paulsen Fotograf: Sviggum Vi har nettopp avslutta stortingsvalet. Ei viktig tid. Håpar du brukte stemma di og gjorde eit val, eit godt val. No såg eg på google at når vi vert ønskte eit godt val, så gjeld det visst ikkje berre stortingsvalet denne hausten.Eg søkte på ”godt valg”: Her er noko av det som kom opp, på bokmål: Ulike produkter hos epriser.no Fra Steen og Strøm: Godt Valg vil vi hjelpe besøkende på sentrene med å finne frem til de miljømessig og etisk beste produktene blant alt fra dag- ligvarer til mote. Har du spørsmål om studievalg, studielivet eller jobbmuligheter ? Godt valg – Lillestrøm Torv ; Godt valg – Halden storsenter ; Sallatbuffeten er et godt valg Vi vert oppmoda om å ta dei gode vala Heile livet må vi gjera ulike val. Kvardagen har mange val. Eg vel å stå opp, eg vel å eta frukost eller ikkje, eg vel å gå på arbeid/skulen. Eg kan velja å bry meg, eg kan velja å gje oppmuntring, eg kan velja å tilgje. Eg kan velje å sykle, eller gå, eller køyre for fort. Eg kan velje å trene. Eg kan velje TV, internett, Face book, mobil, avis, eller ? Vi vel mykje kvar dag. Og desse ”små” vala i kvardagen er truleg dei som er viktigaste og som dannar grunnlaget også for større val. Av alle dei val eg har teke i livet er det eit val eg aldri har angra på: At eg sa ja til Jesus heilt frå eg var eit born. Og sidan har dette på mange måtar vorte eit dagleg val også. Eg kan ikkje berre leva på at eg sa ja til KYRKJE OG HEIMBYGD Utgjeve av Luster kyrkjelege fellesråd. Redaktør: Oddny Urnes - 6877 Fortun oddnyurn@online.no I redaksjonen: Sokneprestane Paulsen og Lie Bladpengar: kr. 200- for året både innan- og utanlands. Kasserar: Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøtun, Pyramiden, 6868 Gaupne Tlf. 57 68 56 47 Bankgiro 3785.60.15271 Sats og trykk: Husabø Prenteverk a.s, 6863 Leikanger 2 Jesus ein gong. Men eg treng han som min frelsar kvar dagHan gjev livet mitt heilskap og meining, han gjev frelse og tilgjeving, han gjev framtid og von. Han er oppstoda og livet. Eg ynskjer ikkje berre eit god val, men det beste valet for deg. Trond Kråvik – tilsett i 20 % stilling som områdearbeidar i NLM Sogn Av alle oppmodingar om å ta gode val, er eit viktigare enn noko anna: At du vel å høyra på Guds ord og ta imot den frelsa han har gjort ferdig for alle menneske I 5. Mos. 30,19 seier Gud det slik til oss: Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di. Vel då livet !! Kan du velja noko viktigare. Når Thomas spurde Jesus om vegen og vegval i Joh.14. Seier Jesus til han: v.6: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. Jesus er Vegen for livet og æva Jesus er Sanninga om livet og æva Jesus er Livet. Du kan ikkje velja noko betre enn Jesus. Kanskje du og sa ja til han ein gong. Så har åra godt og alle andre val i livet vart dei viktigaste. Jesus vil gjerne inn i livet ditt att. Han seier det slik i Joh.Op 3,20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. KYRKJE OG HEIMBYGD Kyrkjeverja har ordet Val for livet Vel overstått valkamptider, godt folk. Eg reknar med at eit fleirtal av oss har brukt stemma vår og har teke eit politisk val, noko som kan påverka det norske samfunnet. I vårt land kan ein so å seia velja kva ein vil blant etablerte parti, utan at det fører til dei store endringane. Valresultatet fører i alle fall ikkje til krig i fredens land, Noreg. Eg vonar at borgarane i Hafslo sokn også har stemt i høve kyrkjevalet. Her vert halve soknerådet valt inn, annakvart år, då halvparten går ut. Dei som vil ha påverkingskraft i kyrkjelydsarbeidet må ta del i valet. Begge desse vala gjeld berre for fire år framover. Om ein angrar på kva stemmeseddel som gjekk i urna, kan dette rettast opp att ved neste valomgang. Andre val i livet kan derimot gjelda for lengre tidsepokar. Å velja rett skulegang er eit viktig val for korleis ein vil trivast, både som elev og gjennom heile yrkeslivet. Å byggja sitt hus for framtida krev også fleire valrundar med seg sjølv og gjerne fleire andre, bl.a. den ein har valt å dela livet med. Men det viktigaste ein må ta stilling til er om ein vil ha fylgje med Jesus i kvardagen. Han er den rette vegen for vårt liv, til evig tid. Om Han får vera grunnmuren i alt me tek oss til, vil me få velsigning; kvar einskild av oss, og samfunnet me lever i. Noreg er eit fredens land fordi Guds kjærleik ligg til grunn i Den norske grunnlova. Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja. Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja. Så vakta oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja! KYRKJE OG HEIMBYGD Konfirmasjon Fet kyrkje 2.juni: F.v: Sokneprest Vegard Bondevik Lie,Jeanett Fet, Fredrik Furehaug Weum og Kristian Gåsemyr. Fotograf: Ine Jeanette Skjerven 70 år Den 18.juni fylte Jakob Vetleskog Øygard 70 år! Han er leiar i Fortun sokneråd og Luster kyrkjelege fellesråd. Ein sprek mann som spring til fjells og ofte nyttar han sykkelen når han skal på jobb i Gaupne! Me gratulerer med vel overstått dag! 3 Konfirmanter 1958 og 1958 Konfirmantjubileum - Gaupne kyrkje 25.08.2013 Av 22, som var konfirmantar for 55 og 54 år sidan, deltok 15 på jubileet. Det var ei hyggeleg og flott feiring som gjekk over 2 dagar. Møtestad laurdag var Gaupnetuenet og søndag Gaupne kyrkje. Feiringa vart avslutta med ”kyrkjekaffi”, det og på Gaupnetunet Fleire hadde ikkje sett kvarandre sidan vi stod saman som konfirmantar, difor var det mange minner som skulle friskast opp att og nyhente skulle formidlast desse to dagane. Tida gjekk fort, slik det er når samtalen går godt. Bak frå venstre: Jan Tandle, Lars Steinar Hauge, Jan Nybø, Jostein Eide, Rolf Solheim, Arvid Røneid, Andreas Røneid Midten frå venstre: Agnar Leirmo, Margit Johanna Sandvik Joranger, Norvald Teigen, Nelly Sandvik Boonstra, Framme frå venstre: Margit Solheim Nygård, Oddlaug Høgemo Berdal, Jenny Sviggum Kilen, Else Sofie Sandvik Kåsine, sokneprest Geir Paulsen Desse var ikkje til stade: Edith Johanna Bruheim, Jenny Solheim, Marie Drevdal, Ludvig Vigdal, Trygve Ingar Sviggum. Annbjørg Vigdal (død) Kaspar Ruud (død) 4 KYRKJE OG HEIMBYGD Glimt frå sommaren i Luster Om sommaren er det tradisjonen tru fleire friluftsgudstenester, ein fin tradisjon som samlar ein del folk! Her kjem bilder frå nokon av dei.. Ekservollen 29.juli var det Olsokgudsteneste på Ekservollen i Luster. Nær 80 personar var samla, ikkje verst ein måndagskveld! Ei flott samling med kort gudstrneste, litt sang, grilling samt kaffi og kake. Alle let vel! KYRKJE OG HEIMBYGD 5 Ringane 25.august var det tid for friluftsgudsteneste på Ringane på Sognefjellet. Ein fin gjeng frå både Fortun og Dale sokn var samla. Song og preike før det var tid for kaffi og kaker. Fint ver var det òg! Flatningane 11. august var det friluftsgudsteneste på Flatningane, dette er ei fellessamling for Gaupne og Nes. I tillegg til preik og song var det og hesteskokasting og mat. Rykte seier at nokre hestar var veldig ivrige tilhøyrarar! Forsamlinga på Flatningane 6 Filip Høyheim og Andreas Kalstad var stolte vinnarar av hesteskokastinga på Flatningane. KYRKJE OG HEIMBYGD Diakonen si side Dei senaste åra har me samlast til ein felles minnekonsert i kommunen ein gang i året for å hugse våre kjære avdøde. ninger blanda med vakker musikk, samt lystenning pleier me å ha disse kveldane, før eller etter det tennes lys på gravane. Helgemesseafta har vist seg som eit høveleg tidspunkt til dette. Du som er pårørende eller venn, og du som føler med, er hjarteleg velkomen! Dessverre har me også i år opplevd at flere familier har fått reve vekk sine kjære. Me kjem til å samlast den 2. november på kvelden til ein stillferdig minnekonsert. Dikt og små betrakt- Har du dikt, betraktning eller musikkstykke du gjerne ynskjer blir lest eller spelt, må du veldig gjerne ta kontakt (91776416)! I år startar me opp med Trilletreff litt seinare i semesteret pga. oppussingsarbeid i bedehuset. Ver velkomen og sjå plakat nedafor! Kvaar gong er det litt å gjera på på kjøkkenet og vi har behov for litt fleire frivillige. Kunne du tenkt deg å hjelpe til ein gang iblant, ring gjerne! diakon Orsi Szechey Det årlege fellesmøte for diakoniutvalga er i år lagt til Nes. Fint å sjåast på tvers av soknegrensene og tilbringe ein kveld ilag! I år har me som vanligt et felles måltid på planen og å sjå den prisbelønte (Gullpalme 2012) Michael Haneke-filmen, Amour ilag. Varsomt skildrer regissøren det aldrande ekteparet Anne og Georges når førstnevnte rammes av slag. Vi møtast måndag 16. september på Fredheim kl. 19:00! Vel møtt! Møteveker i Gaupne bedehus 23.oktober3.november Dei årlege møtevekene til NLM i Gaupne bedehus for heile kommunen er i år frå 23.oktober til 3.november. Mathias Mjølhus talar og lokale songkrefter deltek. KYRKJE OG HEIMBYGD 7 Kyrkjelege handlingar DØYPTE: Fortun 09.06.13: Alexander Natvik Weka 28.07.13: Sjur Flikki Fuglesteg Dale 23.06.13: Oliver Sætherbø Heggestad Jone Saur Bukve 18.08.13: Anna Orrestad Gaupne 09.06.13: Live Kopke Da Fonseca Foss (døypt Greverud k, Oppegård) 16.06.13: Eiril Fristad Hop (døypt Nes k) Viktor Seim Winge (døypt Nes k) Ida Steinset Teigen (døypt Farnes k) 23.06.13: Tirill Merkesdal Skjærlie (døypt Dale k) 07.07.13: Benjamin Harris Nundal (døypt Fortun k) Hafslo 01.06.13: Johannes Halleråker (døypt Urnes stavk) 02.06.13: Kaia Beate Moe (døypt Jostedal k) 09.06.13: Kristina Melheim (døypt Solvorn k) 14.07.13: Martin Vange Kjørlaug (døypt Joranger k) 21.07.13: Aksel Buskaker-Engebø Hans Eirik Nes Dennis Røneid Urnes 01.06.13: Thea Marie Bugge Wergeland 17.08.13: Sondre Nes Mentzoni (busett Lørenskog) Tungestølen, Veitastrond 30.06.13: Filip Alme (busett Kongsvinger) Aksel Heggestad Værn (busett Førde) Marius Skartun (busett Sogndal) Andrea Duesund (busett Fjell) VIGDE: Fortun 01.06.13: Bodil Anita Otterhjell og Tommy Lystang Solberg (busette Horten) Nes 01.06.13: Trude Ragnhild Høyby og Andrè Kalstad (busette Sogndal) Jostedal 15.06.13: Ingvild Yttri og Kjell Ove Lerum (busette Sogndal) Hafslo 15.06.13: 26.07.13: Birgitte Selseng Salte og Mathias Mundal Marcela Alexandra Castillo Jimenez og Ole-Jørgen Hess (busette Oslo) Solvorn 13.07.13: Hanne Grande Loen og Rolf-Johan Stranden Urnes 29.06.13: Caroline Olene Jonassen-Grønli Espelund og Frode Sætrehaug (busette Indre Hafslo) FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP Hafslo 26.07.13: Marcela Alexandra Castillo Jimenez og Ole-Jørgen Hess (busette Oslo) Urnes 15.08.13: 17.08.13: Christine Landmann og Siegfried Heinrich Georg Biereth (busette Tyskland) Giske Ane Haugen Hatlevoll og Manuel Valdez (busette Årdal) GRAVLAGDE: Fortun 28.06.13: Marit Hauge, f 1954 (busett Sogndal) 16.08.13: Aslaug Drægni, f 1925 (busett Ø Årdal) Dale 19.07.13: Karen Amanda Leirmo, f 1919 (gravlagd Gaupne) 25.07.13: Bjarne Leirmo, f 1912 (gravlagd Gaupne) 27.08.13: Marta Sofie Fredheim, f 1932 Nes 03.09.13: Anton Høyheim, f 1926 Gaupne 26.07.13: Øllegård Nitter Sandvik, f 1920 Jostedal 10.07.13: Hans Bjørk, f 1936 15.08.13: Sem Haugen, f 1922 Jordanger 09.07.13: Anna Sofia Oma, f 1911 30.08.13: Sigmund Kjørlaug, f 1927 Hafslo 31.05.13: Unni Hauge, f 1922. 05.06.13: Egil Einan, f 1956 16.08.13: Anna Margrethe Sæther, f 1926 Me takkar for minnegåve, gjeve i samband med gravferda til Egil G. Einan, som gjekk til Kyrkja i Luster. Mvh Kyrkjeverja 8 KYRKJE OG HEIMBYGD BA R NES I D A KYRKJE OG HEIMBYGD 9 Gudstenester 22. sept kl 1100 18. søn i tr Fortun kl 1700 Joranger 29. sept kl 1100 kl 1800 19. søn i tr/Mikkjelsm. Luk 9,57-62 / Joh 1,47-51 Dale Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Dåp. Utdeling av 4-årsbøker, 6-årsbøker, 10-årsbiblar. Ofring til Torsdagstreff. Torsdagstreff tek del. Presentasjonavkonfirmantane.Konfirmantjubileum.Kyrkjesuppe. Hafslo Gudsteneste ved Åge Mundal og Vegard Bondevik Lie. Presentasjonavkonfirmantane. Samarbeid med Normisjon sitt haustmøte på Lyngmo. Ofring til k.lydens misjonsprosjekt gjennom Normisjon. Gaupne Gudsteneste ved Geir Paulsen. Utdeling av 10-årsbiblar. 06. okt kl 1100 kl1500 20. søn i tr Jostedal Mollandsmarki Ef 6,1-4 Rut 2,8-11 Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd. GudstenestevedGeirPaulsen.Kaffi. 13. okt kl 1500 kl 1100 21. søn i tr Nes Veitastrond Luk 12,13-21 Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Utdelingav4-årsbøker,6-årsbøker,10-årsbiblar.Kyrkjekaffi. Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Dåp.Presentasjonavkonfirmant.OfringtilNLM. 20. okt kl 1100 22. søn i tr Fortun kl 1100 Hafslo kl 1400 Gaupne 27. okt kl 1100 Bots-og bønedag Solvorn kl 1930 Dale Luk 10,25-37 3 Mos 19,1-2.16-18.33-34 Jak 2,1-9 Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Sprell Levande tek del. Utdeling av 4-årsbøker, 6-årsbøker og10-årsbiblar.Ofringtilbarnearbeidet.Kyrkjekaffi. Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Besøk av og ofring til Evangeliesenteret. Gudsteneste ved Geir Paulsen. Dåp. Utdeling av 4-årsbøker og 6-årsbøker. Ofring til Norea mediemisjon. Luk 15,11-32 Mi 7,18-19 2 Kor 13,5-8 Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Presentasjonavkonfirmantane.Utdelingav”Leiarlappen”.Kyrkjebåtfrå Ornes. Kveldsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. 02. nov kl 1800 Helgemesse afta Gaupne Helgemessesamling ved diakon Orsi Szechey. 03. nov kl 1100 kl 1100 kl 1930 Helgemesse Jostedal Hafslo Nes Luk 6,20-23 Jes 60,18-22 Gudsteneste ved Geir Paulsen. Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Aftansong ved Geir Paulsen. Nattverd. 10. nov 17. nov kl 1100 kl 1100 25. søn i tr 26. søn i tr Gaupne Joranger Joh 5,1-15 Sal 103,1-6 Jak 5,13-16 KonfirmantleirforheileLusterpåAlværa. Luk 13,10-17 Ordt 14,21-22.25.31 Fil 1,20 Gudsteneste ved Geir Paulsen. Ofring til Menighetsfakultetet. Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. kl 1100 10 Mark 1,40-45 Sal 38,10-16 1 Joh 4,11-16 Høgmesse ved Geir Paulsen. Ofring til kyrkjelydsarbeidet. Presentasjonavkonfirmantane.Konfirmantjubileum. Musikk ved Helene Myklemyr Bolstad. Hausttakkefest ved Vegard Bondevik Lie. Utdeling av 4-årsbok, 6-årsbok og 10-årsbibel. Presentasjonavkonfirmantane. Matt 18,1-11 Hebr 11,11-16.39-40 KYRKJE OG HEIMBYGD 24. nov kl 1100 kl 1100 Domssøn/Kr konged. Joh 9,39-41 5 Mos 30,15-20 1 Kor 15,22-28 Nes Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd. Hafslo Gudsteneste i samband med NMS-misjonsmessa. 01. des 1 søn i adv kl 1100 Jostedal Gudsteneste/aktivitetsdag i samfunnshuset. Geir Paulsen og konfirmantane. kl 1100 Veitastrond Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Ofring til Misjonsprosjektet i Nepal. kl 1600 Gaupne Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane. kl 1800 Solvorn Lysmesse. Vegard Bondevik Lie og konfirmantane frå Solvorn og Indre Hafslo. Kyrkjebåt frå Ornes. kl 1900 Dale Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane. Hurt`n og sturt`n. 08. des 2 søn i adv kl 1100 Hafslo kl 1130 Luster omsorg kl 1930 Fortun Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Samarbeid med Fellesskapssamlinga på bedehuset. Ofring til Kjellargjengen. Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd. Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane. 15. des kl 1100 kl 1130 kl 1600 3. søn i adv Joranger Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Gaupne omsorg Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd. Nes Lysmesse. Geir Paulsen, Yngres og konfirmantane. 24. des kl 1100 kl 1100 kl 1200 kl 1300 kl 1330 kl 1430 kl 1445 kl 1600 kl 1600 kl 1600 julafta Veitastrond Luster eldre Luster oms Fet Fortun Solvorn Nes Gaupne Hafslo Jostedal Familiegudsteneste ved Kjell Sæter. Julegudsteneste ved Geir Paulsen Julegudsteneste ved Geir Paulsen Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Familiegudsteneste ved Geir Paulsen Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Familiegudsteneste ved Geir Paulsen Familiegudsteneste ved Geir Paulsen Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Familiegudsteneste ved Åse Snøtun. 25. des kl 1200 kl 1200 Juledag Dale Hafslo Høgtidsgudsteneste ved Geir Paulsen Høgtidsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. 27. des kl 1800 Jostedal Romjulsgudsteneste ved Geir Paulsen. Me minnest dei døde 2013. 29. des kl 1100 kl 1600 Me minnest Romjulssøn Hafslo oms.sent. Gaupne dei døde 2013. 31. des Nyårsafta kl 1600 Dale kl 1630 Hafslo kl 2300 Joranger Julegudsteneste m /nattverd. Vegard Bondevik Lie. Romjulsgudsteneste ved Geir Paulsen. Gudsteneste ved årsskiftet. Geir Paulsen. Felles for Dale-Fortun-Nes. Me minnest dei døde 2013. Lysmesse. Vegard Bondevik Lie og konfirmantane. Midnattsmesse ved nyttår. Vegard Bondevik Lie. Med atterhald om endringar! KYRKJE OG HEIMBYGD 11 Pangstartleir på Lyngmo Tema for leiren var ‘’ I FYR OG FLAMME’’ Måndag den 12.august reiste me på pangstartleir på Lyngmo. Der vart me godt tekne imot av leiarane, som var snille og passa godt på oss. På kvelden hadde me nokre kjempekjekke «bli-kjent-leikar». Seinare hadde me ein fin kveldssamling med Kjell-Olav. Første dagen reiste me på kanotur til Langholmen. Beate viste oss ein kjekk leik som heitte «Capture the Flag». Der alle var med! Då me kom hit att på Lyngmo, fekk me grillmat laga av meistarkokk Rannveig. NAM!! Så gjekk me på romma våre og tok på koseklede. Alle samlast og koste seg med film og godteri. Filmen heitte ‘’Narnia. Løven, heksa og klesskapet’’. Neste morgon vakna me til ein god frukost. Me reiste på ein sykkeltur rundt Galden, der me hadde tre stopp. For kvar gong me stoppa hadde ungdomsleiarane og Marianne eit 12 KYRKJE OG HEIMBYGD skodespel om Paulus. Me kom først til Damaskus, der Paulus og dei to hjelparane hans var på veg for å drepe dei kristne. Paulus fall fordi han såg eit sterkt lys og hørte ei stemme som ropte: Kvifor forfølgjer du meg, Paulus? Han var blind i tre heile dagar, då ein mann kom bort til han og la handa på augo hans. Paulus fekk synet tilbake, og vart kristen og fortalte om Jesus til alle han møtte. Så sykla me vidare til bymuren. Paulus hadde det ikkje alltid så enkelt. Han måtte flykte over bymuren. Me fekk prøve rappelering med Super-Nils, det var kjempekjekt. Så sykla me til Efesos, der Paulus heldt tale. Folket (me) var rasande og gjorde opprør mot han, så byskrivaren måtte stoppa oss. Då me kom på Lyngmo, hadde me førstemann ut i vatnet. Leirkvelden starta med «BAD hair salong» der ungdomsleiarane var frisørar. Alle skulle sjå stygge ut på håret, med alle mulige fargar og frisyrar du kan tenkje deg. Så starta underhaldninga, der Gip var programleiar. Deltakarane på leiren kom med mange flotte innslag om leikar, skodespel, musikk og mykje anna. Torsdag hadde me noko som heitte Lyngmoiaden, der leiarane hadde KYRKJE OG HEIMBYGD arrangert ein konkurranse mellom Damaskus og Efesos. Deltakarane på leiren vart delt i to grupper. Me balanserte, kasta Frisbeegolf, padla kajakk osv. På ettermiddagen kom foreldra våre for å sjå på bilete frå leiren. Me vil verkeleg anbefala denne leiren!!!! Det var superkjekt! Leiarar: Rannveig G. Flatland, Marianne Moseng, Åge Mundal, Kjell Olav H. Nordheim, Nils Einar Berget, Bergljot Snøtun, Guri H. Nordheim, Gip Ketthim, Linn … ,Beate Alme, Dorthea H. Nordheim, Kaia Selseng og Kristian Flatland. Av Ronja Fet og Heidi Urnes 13 HAFSLO SOKNERÅD 2013-2017 Sigfrid Margareta Ahlin Søvde* Svein Solheim* SEPTEMBER 2013 19. Knøttekor og torsd.klubb 20.-22. Internatmøte for kvinner 26. Småbarnstreff 27-28. Loppemarknad OKTOBER 2013 3. Knøttekor og torsd.klubb 4.-7. Leir for 5.- 7. klasse 10. Småbarnstreff 10-13 Leir for 7.-10 klasse 17. Knøttekor og torsd.klubb 24. Småbarnstreff 25. Haustbasar 31. Knøttekor og torsd.klubb NOVEMBER 2013 7. Småbarnstreff 8-10 Leir for 16 - 30år 14. Knøttekor og torsd.klubb 21. Småbarnstreff 22. – 24. Barnas Songleir 2.- 7.klasse 28. Knøttekor og torsd.klubb 30. Juleverkstad 4 -12år DESEMBER 2013 5. Småbarnstreff 6. Julemiddag for voksne 12. Småbarnstreff 21. Julemiddag for Ungdom 31- 1. jan. Nyttårsfeiring LOPPEMARKNAD 27. og 28. september 2013 vert det loppemarknad på Lyngmo. Me tek imot lopper heile året. Alt utanom kvitevarer er av interesse: Overskotet av loppemarknaden går til drifta av senteret. Ta kontakt for levering. Mail: lyngmo@lyngmoinfo.com eller tlf: 57684366 14 Selskap Lyngmo har flotte lokale til konfirmasjonar, minnestunder og andre selskap. Ta gjerne kontakt for informasjon og tilbod Mail: lyngmo@lyngmoinfo.com eller tlf: 57684366 Presang – gåvekort på leir Av og til har fadrar, foreldre, besteforeldre, onklar, tanter og andre lyst til å gje ei gåve som betyr «litt meir». På Lyngmo er det leirar for born og ungdom heile året. Kanskje årets bursdags- eller julegåve kan væra eit gåvekort på leir!! Ta kontakt med oss på Lyngmo for å kjøpe gåvekort! Mail: lyngmo@lyngmoinfo.com eller tlf: 57684366 Basar Den årvisse haustbasaren for Lyngmo er i år fredag 25. oktober klokka 19.00 Ta gjerne kontakt med oss på Lyngmo dersom du ønskjer å få tilsendt loddbøker! Knøttekor og torsdagsklubb 19.september, 3, 17. og 31.oktober, 14. og 28.november Småbarnstreff: 12 og 26. september, 10. og 24.oktober, 7.og 21.november, 5. og 12.desember Haustleirar: Leir for 5.-7.klasse 4.-7.oktober Leir for 7.-10.klasse: 10.-13.oktober Kjerstin-Mari Holm Carlsen* Hermund Alme** Vivian Kvam** Katrin Lægreid Nes** Varamedlemar Knut Kvam*** Nina Urdal Cirotzki*** Ingrun M.L.Søhoel*** Karen Bremer Brynjulfsen*** Liv Margrete Eikeberg*** * ** *** Valde i 2011 for 4 år Valde i 2013 for 4 år Valde i 2013 for 2 år Frammøte i Hafslo sokn: 22% Luster familiemøte i Gaupne bedehus kl 16.00 desse søndagane i haust: 6. og 20.oktober, 3. og 24. november og 8.desember KYRKJE OG HEIMBYGD Sprell levande Fortun og Skjolden! Barnelag for born frå 4 år og oppover. Me samlast vekselsvis i Fortun og Skjolden bedehus!j Her er datoane for hausten: 25.september (Skjolden),16.oktober(Fortun), 30.oktober(Skjolden), 13.november (Skjolden) og 27.november (Fortun). Sang,andakt, hobbyarbeid , leik og mat! Velkomne! Indre Hafslo barnelag Samlast i Lambhaug bedehus frå 17.30-19.00. Alle ungar er velkomne,men dei under skulealder må ha med seg ein vaksen. I haust samlast dei desse torsdagene. 19.september, 3.oktober, 17.oktober, 31.oktober,14.november, 28.november og 12.desember . Barnelaget sin juletrefest blir 29.desember. Kontortider og telefonar til kyrkjekontoret Besøksadresse: Pyramiden II Postadresse: Pyramiden - 6868 GAUPNE Ope måndag - fredag kjernetid 09:00-15:00 Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun Tlf 57685647 Kontortid. Måndag-fredag 9-15 e-post: inga.reidun.sjothun@luster.kommune.no Sokneprest Geir Paulsen: Tlf.: 57 68 56 40 M 90108179/p57685239 e-post: geir@kyrkja.luster.no Kontortid onsdag 10-12, torsdag 11-13 og fredag 10-14 Sokneprest Vegard Bondevik Lie Tlf: 57685641- mob: 90619080 vegard@kyrkja.luster.no Kontortid: tysd., onsd. og torsd. 10-14 Vakttelefon for prestane i Indre Sogn, frå kl.17.-08: Nummer 95 48 33 74 Organistvikar Roland Johansson: tlf 57 68 56 48, e-post: roland.johansson@kyrkja.luster.no Kontortid torsdag kl.10 – 12 Kantor Egil Einan: tlf.:57 68 56 39 M41686972/p57684192 e-post: egil@kyrkja.luster.no Kontortid torsdag 10-12 her er Indre Hafslo barnelag på oppstartssamlinga 22.august Kjellargjengen aktivitetsklubb Frå 5.klasse i bedehuskjellaren på Hafslo 24. Hobby, kveldsmat, Tema Kvifor døde Jesus? September 26. Utekveld, Jesus sa han var Gud, November 7. Filmkveld 21. Restaurantkveld Tema: fritt Oktober 4.-7. Leir på Lyngmo 10. Spelekveld, Kveldsmat (Haustferie) Tema Bergpreika Kveldsmat Medlemspengar kr 100 Jostedal søndagsskule Det blir søndagsskule på Idèbui i Fossøyane kl 11-12 desse søndagane: 22/9, 20/10, 17/11 og 8/12. På søndagsskulen høyrer me om Jesus, har ymse aktivitetar, songar og leikar, og kanskje lagar me litt mat, eller me er ute og leikar når det er fint ver. Velkommen til alle born i Jostedal! Helsing Asbjørg og Bergljot KYRKJE OG HEIMBYGD Diakon Orsolya Szechey: Tlf57685649•M91776416 Kontortid måndag og torsdag 9-13 e-post: orsi@kyrkja.luster.no Kyrkjelydssekretær og redaktør for Kyrkje og Heimbygd Oddny Urnes Tlf 57685648/95934498 e-post: oddny@kyrkja.luster.no Kontortid tysdag og torsdag 9-15 Trusopplæringsleiar Marianne Moseng: tlf.:57 68 56 39 M 90818858 e-post:marianne@kyrkja.luster.no Kontortid: Tysdag – torsdag 9-15, Kontorsekretær Øygunn Elin Saur tlf.:57 68 56 50 e-post: oygunn.elin.saur@luster.kommune.no Kontortid: tysdag, torsdag og annakvar fredag 9-15 Kontortidene er kjernetider, ein kan gjera avtalar utanom desse. 15 INFORMASJON Aktivitetsdag for 6 åringane Fredag 21.juni var det duka for aktivitetsdag for 6åringane,skulestartarane! Denne dagen var ein del av trusopplæringsplana i Luster. Pinse var tema for dagen og då bursdagsfeiring for kyrkja! Ein fin gjeng ungar frå Fortun,Luster,Nes, Gaupne og Indre Hafslo var samla. Dagen starta i Gaupne kyrkje med omvisning og samlingsstund. Stas å få studere nærare ein del av invetaret i kyrkja. Roland kom og viste oss orgelet og spelte på det. Etter samlingsstunda gjekk turen til bedehuset i Gaupne for lunsj. Ellen hadde på førehand tatt imot bestilling frå ungane på kva dei ville ha som pålegg. Etter lunsj gjekk turen opp igjen til kyrkja der det var klart for bursdagssamling for kyrkja. Det vart fortalt om at pinsa var kyrkja sin bursdag. Marianne hadde pynta ei flott kyrkjekake som falt i god smak hjå både born og voksne. Me gjekk og rundt kyrkja og sang Gratulera med dagen! Etter kakeeting var det tid for ballongar som vart oppblåst og bretta i ymse variantar. Gjengen samla) Plutseleg var dagen over og ungane for heim kvar til sitt! Roland viser oss orgelet Ballongblåsing Lik Kyrkja i Luster på Facebook Sjekk ut heimesida vår: www.luster.kyrkja.no 16 KYRKJE OG HEIMBYGD
© Copyright 2024