TURØY EIT GARDSSAMFUNN VED HAVET / A FARMING COMMUNITY BY THE SEA / EIN GEHÖFT AM MEER N Kulturminna i landskapet viser korleis menneska har levd tidlegare, organisert samfunnet sitt og brukt naturressursane. Mykje talar for at øyane har vore i bruk i tidlegare tider. Vi finn kulturlag i ein heller nord på Turøy, skålgroper på Knappane og tufter i Kobbavika og på Litla Turøy som underbyggjer dette. Bygningar og tufter viser at gardsdrift og sjøbruk har vore viktige næringsvegar. I dag driv ingen jordbruk på Turøy, og landskapet gror til. Turøy ligg ut mot storhavet, og skal ein ta seg fram i båt, må ein kjenna skjer og grunnar. Turøyvarden er vel 5 meter høg og vart bygd i 1896. Han ligg på eit markert høgdedrag, 74,51 m.o.h.; godt synleg langt til havs. Varden og andre sjømerke gjer det trygt for sjøfarande å navigera i området. Før varden vart bygd, må sjølve høgdedraget ha vore eit godt sjømerke, både som innseglingsmerke og for ferdsla langs kysten. GB Our landscape’s cultural heritage shows us how people lived in times gone by, how they organised their society and how they made use of their natural resources. There is much to indicate that these islands have been in use in previous ages, for example an occupation deposit in a rock shelter at the north of Turøy island, ring-and-cup marks at Knappane and house-sites in Kobbavika and on Litla Turøy island. Buildings and house-sites show the importance of farming and fishing; now, however, nobody farms Turøy and the landscape is becoming overgrown. Lakseplass Garden Turøy i mellomkrigstida. Teiknforklaring: = Bustad brukseigar = Løe = Gardsflor = Bustadhus fiskar/anna næring = Sjøhus = Skule = Bedehus = Eigedomsgrense = Steingard 70 m 60 m 50 m Lakseplass Skålgroper Storeskitholmen 74,5 m Militær vaktpost 30 m 20 m Åkravikholmen Lakseplass 10 m Turøyvågen Danseplass 0 Tørkeplass for fisk Åkravikbakken Utmark Innmark Buholmen Lakseplass Sandøyna Lakseplass Sandøyskjeret Vaskeplass for klær Søndagsholmen Måsavatnet Ertenskjeret TURØYNA Hestosen Kvaløysenjen Kalvaneset Gamle tufter Kvaløyna Turøyvågen. Søre Midtneset Vågane Gråttevika Lakseplass Dydnestakken Maiøyna Midtre Odden Tørkeplass for fisk/barkeplass Litla Turøyna Gamle tufter Grønestølen Tørkeplass for fisk Hestholmen Lakseplass Vestre Odden Djupeskjera Turøyberget Hestholmskjeret Raunesundet Tørkeplass for fisk Lykt Lakseplass Raunøyna 500 m 1 km Gardsdrifta Ein steingard markerer enno skiljet mellom innmark og utmark. I byrjinga av dette hundreåret sto bustadhusa og uthusa samla i eit tun. Innmarka hadde teigblanding, medan utmarka var felles. Ved utskiftinga i 1924, fekk kvar brukar sitt innmarksog utmarksområde. Bustadhus og uthus vart då flytta frå fellestunet til dei nye bruka. På innmarka dyrka dei havre og poteter; resten var slåtteeng. Når det minka på fôr til husdyra utpå vinteren, skar ein lyng i utmarka og gav dyra lyng og kokt fisk. Kvart bruk hadde eit par kyr og 8 - 10 sauer. Brukarane fødde opp ein stut i fellesskap; ansvaret for dette gjekk på omgang. Om sommaren støla dei kyrne i marka, då beita sauene ute i øyane. Enno kan vi sjå restar etter gardflorar utanfor steingardane. Tidleg på 1970-talet vart det heilt slutt på å halda kyr. Det var ei tradisjonell deling mellom manns- og kvinnearbeid. Mennene dreiv fiske heile året, men dei var òg med og tok tunge tak i slåttonna og torvtakinga om sommaren. Mennene var borte på fisket i lengre periodar, medan kvinnene hadde hovudansvaret heime; stell av born, hus, klede og dyr. Kvinna var med på det meste av arbeidet på garden. Ho sto også for produksjon av klede til familien. Kleda vart vaska i stampar på vaskebrett. Vadmålsklede som stakkar, bukser og trøyer måtte ein skylja i Måsavatnet og banka på bankesteinen der. I tørkeperiodar måtte ein bera vatn frå Måsavatnet. Kvitlar (ullteppe) og andre tunge klede vart skylt i Måsavatnet heilt opp på 1960-talet. Det vart ein stor overgang når vatnet kom i røyr og dei første vaskemaskinene kom. Sjøbruk og samfunn Det største sjøbruksmiljøet ligg på austsida av øya, i Turøyvågen; naust, sjøbuer og torvskjåar. Tidlegare vart det teke torv ute i øyane til brensel. Moloar, bygde i 1931 og i 1974, skjermar hamna. I perioden 1929 - 1959 var det salteri her. Den første butikken kom på slutten av 1800-talet, og det var handel her til brua kom i 1991. I byrjinga av 1900-talet kom det rutebåt to gongar i veka, etter kvart oftare. Dei siste tiåra før brua kom, gjekk det ferje frå Solsvik. Det ligg naust i sundet mellom Turøy og Litla Turøy og i Kvernevika og Kalvaneset. Tidlegare låg det òg naust i Grottevika. Fiskarane brukte både trollgarn, seigarn, drivgarn og nøter. Drivgarna vart brukte til fangst av storsild og vårsild. Landnot og garn kunne gje store fangstar av sild og makrell. Dei dreiv linefiske etter torsk, brosme, lange og kveite. Blåskjel var godt agn til fiske etter brosme. I mellomkrigstida Skarvøy lykt Langeskjeri Greipingen lykt Eldsfjellet Rongulløyni fiska ein også håbrand med line. Makrell tok ein med harpe, dorg eller not. Dessutan går tradisjonane med krabbe- og hummarfisket langt tilbake i tida. Grunneigarane hadde felles notlag og notbruk. Dei gode laksevågane finn vi på nordsida av Knappetåna, Turøyneset og øyane vestom (Sandøy, Oddane og Hestholmen). Før utskiftinga i 1924 var alle lakseplassane felles; etter utskiftinga byrja desse plassane å gå på omgang blant jordeigarane. Dette kom av at ikkje alle plassane var like gode. Sandøyskjeret og Vestre Odden var dei beste. Lyderhorn i 1818. På slike utkiksposter sat det truleg vakt som speida etter skip som trong los. På slutten av 1800-talet var det losstasjon på Solsvik. Utover på 1700- og 1800-talet kom det til store betringar i navigasjonssystema langs kysten. Det vart bygd ei rekkje fyr. Hellesøy fyr kom i 1855, Marsteinen i 1877 og Skarvøy i 1910. I 1895 fekk merkevesenet løyve frå grunneigarane til å setja opp lykthus på Litla Turøy. Dette var omlag på same tid som Turøyvarden vart bygd. At det vart bygd ein varde her så seint viser at det framleis var bruk for sjømerke av den gamle typen. Dei trong ikkje så mykje ettersyn, var fullt brukbare i dagslys og fiskarane kunne bruka dei gamle innarbeidde méda. Nattestid var fyrlykta på Litla Turøy saman med andre fyrlykter i området til stor hjelp. Navigasjon, å ta méd Svartskjerosen Kulturdenkmäler in der Landschaft zeigen, wie die Menschen in früheren Zeiten lebten, ihre Gemeinschaft organisierten und die Naturressourcen nutzten. Vieles deutet darauf hin, dass die Inseln früher bewirtschaftet wurden. Wir finden Spuren einer Besiedlung in einer Felsenhöhle auf der Nordseite der Insel, Kochmulden in Knappane und Siedlungsreste in Kobbavika und auf Litla Turøy, die diese Annahme bekräftigen. Gebäude und Reste von Siedlungsstätten zeigen, dass Landwirtschaft und Fischerei wichtige Erwerbszweige waren. Heute wird die Landschaft auf Turøy nicht mehr bewirtschaftet und überwuchert deshalb. VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV. Turøybjørnen Sjøbu Naust Tuft Torvskjå Lunnar Kai/molo Tidlegare butikk Vei/sti Glåpholmen Turøyvarden Militær vaktpost Knappane Tørking av skrei i Buholmen.Fleire av nesa på sør- og søraustsida vart brukte som tørkeplassar for torsk.Skreien kom nordfrå. Både kvinner og menn tok del i arbeidet. Lakseplass Turøy is at the edge of the open ocean, and smallboat skippers must know the skerries and reefs. The Turøyvarden cairn, built in 1896, stands a good five metres high on an eminence of 74.51 metres, giving a good view out to sea. The cairn and other sea-marks help boats navigate safely in these waters. Before the cairn was built, the eminence must have been a good navigation mark in itself, both to mark the approach and for orientation in the coastal channel. Turøy liegt direkt am offenen Meer, und wer mit dem Boot kommt, muss Schären und Untiefen gut kennen. Turøyvarden ist gut fünf Meter hoch, wurde 1896 erbaut und liegt auf einer weithin sichtbaren, 74,51 m hohen Anhöhe - selbst weit draußen auf dem Meer ein zuverlässiges Seezeichen. Dank dieser ‘Pyramide’ und anderer Seezeichen können Schiffe sicher durch dieses Gebiet navigiert werden. Bevor dieser Steinturm gebaut wurde, dürfte schon die Anhöhe an sich ein gutes Seezeichen gewesen sein - als Markierung für die Fahrrinne zur Küste wie auch für den Schiffsverkehr entlang der Küste. Du står her Heller 0 D Litlaskora Ileneset 40 m Nyare vegar/tursti: = Veg = Gardsveg = Tursti I 1938 kom det ei militær vakthytte i Turøybjørnen og ei på Turøyvarden. Under siste verdskrigen overtok tyskarane vaktpostane. (Vakthyttene er no borte). Sjøbruksmiljø Turøyvågen1979 Storskora Laksaneset Lakseplass Ådnøyni Gaustadfjellet Kvannholmen Greipingsosen Kletten Utsnitt av kart,oppteikna av F. C. Grove i 1798,med skipsleiene innteikna. Å ta méd er eit omgrep brukt i samband med fiske. Men det er dei same prinsippa som er i bruk i all navigering. I mange tusen år har menneska tatt seg fram langs kysten. Kunnskapen om farvatn og navigasjon gjekk i arv. Dei kjende att skjer og landformasjonar og visste om grunnar og båar. Difor laga dei seg overrettmerke (siktelinjer) og tok krysspeilingar til å navigera etter, og tok méd. På denne måten kunne dei ferdast trygt i den farefulle skjergarden. Overrettmerka kunne vera ein holme eller eit skjer som skilde seg ut fordi det hadde særskild farge eller form. Såg ein desse saman med lett gjenkjennelege fjelltoppar inne på land, visste ein om kursen var rett. Dei hadde òg merke i fjellsidene som hjalp dei til å vurdera kor langt dei var frå land. I mørke og skodde var det ikkje alltid like godt å ta overrettmerke og krysspeilingar. Då høyrde dei etter lydar frå brenningane og målte djupna. Stjernene kunne vera til hjelp i navigeringa hvis det ikkje var overskya. Særskilt i mørke, men også på dagtid, kunne innseglinga vera ei farefull ferd hvis straumar og seglvinden ikkje var gunstig. Skipskompasset kom allereie på 1200-talet, medan teikning av kart var ein vitskap som vart utvikla først på 1500-talet. Gode sjøkart fekk ein ikkje før ut på 1800-talet. Ein måtte vera godt kjent i farvatnet for å kunna ta seg trygt fram mellom grunnar og skjer. Dei måtte greia seg utan motorkraft, telesamband, ekkolodd, radar og satelittnavigasjon og andre tekniske hjelpemidlar som er vanleg i dag. Turøyvarden, landemerke og vegvisar Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøy som er 74,51 m.o.h. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, den er vel 5 meter høg og har sirkelform. Varden er murt i gråstein og tjærebredd. Den er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare. I Den norske lods trykt i 1883 er Turøyvarden nevnt, mens i Opplysende beretninger for de søfarende fra 1798 er det ikkje nevnt nokon varde her, derimot kan vi lesa at nordsida av Turøy skil seg ut frå landskapet bak. Fjelltoppen er inntegna på kartet. Turøyvarden var eit viktig og godt landemerke for den som ferdast sjøvegen. Turøyvarden saman med Eldsfjellet inne på Holsenøy var eit sikkert seglingsmerke for fiskarar og andre sjøfarande når dei kom inn frå havet. Innseglingsmerka ved Turøy var særs viktige for dei som budde langs indre del av Hjeltefjorden. Vi må tru at fiskarane valgte den raskaste vegen heim når dei hadde vore å fiska på havet. Den mest brukte innseglinga for handelsskip som kom fra sør, og skulle til Bergen, var inn Korsfjorden. Nordfrå kom ein ned Fedjeosen og Hjeltefjorden. Leia inn forbi Turøy og Solsvik var heller lite brukt av handelsskip, og i tidsrommet frå 1781 - 1793 hadde leia forbi Turøy og Solsvik 20 skip, medan Korsfjorden i samme tidsperiode hadde 146 skip. I 1792 var det los på Turøy. Dessutan var det los på Glesnes, Hisøy, Algerøy, Landro, Vik, Rong og Herdlevær på slutten av 1700-talet. Turøy er nemnd under Udkikk og Udsikter saman med m.a. Brakstadfjellet Narøyni Sædingen (Sængen) Bjørnøy lykt Turøyvarden. Dalekletten Narveskeret Turøy varde Storgavlen lykt Møsnuken Sandøyni Tofteviki Mågøyni Spjeldsfjellet Ertenskjeret Odden (vestre) HORDALAND FYLKESKOMMUNE, FJELL KOMMUNE Landkjenningsoppriss: Slike oppriss har vore svært viktige i navigeringa. Inn Tofteviki og Rognesundet. Posisjon: 3,5 n mil, 278˚ av Turøy varde, 60˚27,2’N 04˚55,0’E Redaksjon: Atle Ove Martinussen i samarbeid med Kulturlandskapssenteret og Kulturseksjonen Hordaland fylkeskommune. Tekst, illustrasjon og biletvalg: Aud Karin Skagen. Hovudkilder: SEFRAK, KGR, intervju, skriftlege kjelder og diverse publikasjonar. Grafisk formgjeving: Geir Goosen. Kart: Sverre Mo. Historisk kart og landkjenningsoppriss Den norske los, 1990: «Gjenngitt med tillatelse frå Statens Kartverk Sjøkartverket med tillatelse 225/96.» Foto: Privat eige og Turøyvarden ved Atle Ove Martinussen. Produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen.
© Copyright 2024