Les hele artikkelen her

22
laurdag NaMN & NYTT
HORDALAND 27. JULI 2013
namn & nytt
giftarmål
Elin Grøneng og Per-Ole Tysland
gifter seg i Stokke kirke laurdag
3. august. Adresse for dagen: Holtan Gård, Holtanvegen 151, 3160
Stokke.
Victoria Johansson, Luleå, og
Espen Kvamme, Voss, gifter seg
laurdag 3. august i Luleå, Sverige.
Karoline S. Gjerde og Bjørnar
Stensletten Eik gifter seg i Vangskyrkja laurdag 3. august.
80 år
Brita Midtun Lie, Voss, fyller 80 år
i dag, laurdag 27. juli.
■
Merkedagar
29. juli: Olsok. Frå norrønt ólafsvaka. Dette er festen for Olav
den heilage, som vert feira på dødsdagen den 29. juli. Olavsvaka
er ei tradisjonell nattevake med gudstenester før Olsokdagen.
Organsiering
og mandat
DALE: Evelyn Boge er leiar i styret
for frivilligsentralen i Vaksdal. Ho
tek no opp spørsmålet om organisering og mandat for styret, og rådmann Trine P. Grønbech i Vaksdal,
lovar at saka vil verta teken opp når
feriane er over. Det vil seia i midten
av august, og rådgjevar Bjørn Nilsen vert sakshandsamar, skriv rådmannen.
■
Goabadne
75 år
Bjørg Himle, Voss, fyller 75 år sundag 28. juli.
60 år
Ingvar Hope, Voss, fyller 60 år
måndag 29. juli.
■
Til lukka
Hipp hurra for
Eskil sEksE
PEtErsEn
som fyller 1 år
28. juli. Me er
veldig glade i deg!
Klem frå
sondre, mamma
og pappa.
KARNA
GILJARHUS
STORHEIM
Hipp, hurra med
7-årsdagen den
29. juli.
Helsing
søskenborn,
onklar, tanter,
besto og besten
JØRAN DAHLE
14 år
Vår gode gut
Jøran fyller 14 år
i måro, 28. juli.
Me ynskjer deg
ein fin bursdag.
Glade i deg.
Klem frå
Martin,
pappa og mamma
Tuva, 2 år, er blitt stolt storesyster til Maia, født 14. juli. Foreldra
er Emma Johanna Krafft og Lars
Bonsaksen Haugan.
Hipp, hurra!
STIG RUNE AARHUS 30 år
Gratulerer med dagen, verdas
beste pappa og kjærast.
Klemmar frå Alma og Hege
Stein-Olav
HåvardStun
Og
Mariann
aSpHaug
gifter seg
i Fana kirke
laurdag 27. juli.
Tonje
KleTTe
Gratulerer med
15-årsdagen din.
Klem frå
farmor
og farfar
Tonje håvik
kleTTe 15 år
Gratulera med
dagen i dag flotte
jento vår. Håpar
du får ei flott
feiring. Glade
i deg. Mange
klemmar frå
elise,
ester Arleen, Arve & mamma,
Bamse, Besto & Besten
KRISTIAN
DRAGESET
Gratulerer med
18-årsdagen i dag,
og snart lappen.
Helsing
bestemor og
bestemor
Kjære Bjørg og Torstein Himle
For 50 år sidan idag, lova de kvarandre å leva ilag. Stor familie har de fått,
me under vengjene dykkar har hatt
det så godt. Hjarteleg tillukka med
dagen i dag, og med morgodagen og
1. august. For alt de har vore for oss,
og er for oss enno, me takkar dykk av
hjarta og gjev dykk ein klem.
Gler oss til feiring i kveld.
Helsing store og små
HUGS
FULLT NAMN
på den du vil gratulera
når du tingar «Til lukka».
Hugs også namn/adr. på rekningsbetalar.
www.avisa-hordaland.no
Ólavsøka er nasjonaldag for Færøyane. Før reformasjonen var
dette ein av dei viktigaste helgenfestane i Noreg. På grunn av
Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart Olsok nasjonal
festdag òg etter reformasjonen.
I bestefar sine fotef
– Takka vere bestefar på
Voss vart eg interessert
i handverk. Noko eg er
veldig glad for. Målet er
sveinebrev i møbelsnikring
neste haust, fortel Bjørn
Egil Tolås (22) frå Evanger.
Det er to år sidan Hordaland
skreiv om den blide guten som reiste til Dovre for å læra seg treskjering. Framleis er han i fjellbygda
nord i Gudbrandsdalen, men det
siste året har han prioritert møbelsnikring, noko han skal halde
fram med til det nemnde sveinebrevet er i boks.
– Tru, håp og kjærleik er viktig for meg. Og eg likar å tru at
bestefar Jakob Lien, som gjekk
bort 100 år gamal i år, fylgjer med
meg. Forutan å vera gardbrukar
dreiv han med møbelsnikring og
treskjering. Så han er ei viktig inspirasjonskjelde, fortel Bjørn Egil
som me møter på heimebane. Eit
husvære med bilete av bestefaren
på ein godt synleg plass. Ikkje
minst er det lett å sjå at her bur
det ein handverkar. Matbord, stolar, hjørneskap og tallerkenhylle
er noko av produksjonen hans
så langt. Før han reiste heim på
sommarferie, var han dessutan
kursinstruktør for born og ungdom med snikring og tredreiing
på timeplanen. Så ein kan trygt
seie at Bjørn Egil har teke fleire og
nye steg sidan han kom til Dovre
i 2010.
Reflektert læremeister
– Dessutan har eg lært vaksne
å laga sveip, noko som også var
svært interessant. Men særleg
artig er det å sjå korleis ungar
tek til seg kunnskap. Og det varmar sjølvsagt ekstra at den yngre
garde ikkje berre er opptekne av
datamaskin, iPad, mobiltelefon,
fjernsyn og alle moglege spel, seier
Bjørn Egil som har gjort seg sine
tankar om korleis me lærer.
– Det er viktig at ein ikkje står
over ungane heile tida, men at dei
får arbeida litt på eiga hand. For
ein lærer best når ein får prøva og
feila. Dessutan er det ikkje farleg
å skjera eller slå seg litt. Noko eg
sjølv har rikeleg røynsle med frå
min gode oppvekst. Til dømes då
eg klatra heime på fjellgarden. Eg
datt sjølvsagt ned og slo meg, men
det var effektiv læring, seier den
unge vossingen, medviten kor viktig det er å vera i aktivitet.
STOR PRODUKSJON: Bjørn Egil Tolås (22) frå Evanger kom til Dovre for tre år sidan f
preg av. Matbord, stolar, hjørneskap og tallerkenhylle er noko av produksjonen sist s
Ynskjer å bidra
– Målet mitt er ikkje å verta verdsmeister, men eg ynskjer å gje min
skjerv til samfunnet. Sjølv om ein
møter motgang, er det viktig ikkje
å gje opp, seier Bjørn Egil som har
muskelsjukdomen SMA.
– Me lærer så lenge me lever,
og for meg er det meiningsfullt å
kunna skapa noko. Leonardo da
Vinci hevda at alt blir skapt gjennom det vi føler og tenkjer, noko
LÆRAR: – Det er ekstra gjevande å sjå at ungar set pris på handverk, seier
Bjørn Egil Tolås (22) frå Evanger. Vestlendingen som kom til Dovre for å
læra treskjering for tre år sidan, var i sommar instruktør i snikring og
tredreiing. Her er det osloguten Brage Eckhoff Planke (11) som får gode
råd av Bjørn Egil.
laurdag NaMN & NYTT
HORDALAND 27. JULI 2013
Namnedag
■
27. juli: Marita, Rita
28. juli: Reidun, Reidar
29. juli: Olav, Ola, Ole
■
Primstaven
29. juli: Øks, høygaffel
På desse sidene vil me fortelja smått og stort frå der du bur. Kven er leiar i
laget ditt etter årsmøtet? Har verksemda di fått ny leiar? Skriv gjerne minneord og omtale til åremålsdagar. Gratulasjonshelsingar må det betalast for.
Annonser til desse sidene kan sendast til: annonse@avisa-hordaland.no
Faks 56 53 03 08 • Tlf. 56 53 03 00 • Hordaland, P.b. 38, 5701 Voss.
far
Pengar til
idretten
23
BILETE: Vil du kjøpa bilete (15 x 21 cm) som
Hordaland har teke, så ta kontakt med
fotodesken tlf. 56 53 03 26, sentralbordet
tlf. 56 53 03 00 eller ting på nettutgåva vår:
www.avisa-hordaland.no
■
Dødsfall
†
Vår kjære mor, svigermor,
bestemor, oldemor, syster,
svigerinne og tante
DALE: I slutten av juni hadde
idrettsrådet i Vaksdal møte,
og dei delte då ut 27.000 kr
i tilskotsmidlar til idrettslaga.
Kirsti Mossefinn
Dale IL fekk 17.400 kr i tilskot for
deltaking i Sandefjord og Lyngdal
Cup.
Eksingedalen IL fekk 4000 kr for
vaksdalsmeisteskap i skistafett, og
BUL fekk like mykje for eit meisterskap individuelt.
Stanghelle IL fekk 3100 kr – 1500
til kurs i kajakkpadlading og 1600
kr i støtte til Gymfest Vest.
Endeleg fekk Stamnes IL 2500 kr
til eit føredrag om sunt kosthald,
går det fram av ei særutskrift frå
idrettsrådet sitt møte.
f. Dolve 1.10.1926
sovna stille inn,
Voss sjukehus, 19. juli 2013
jAN-EGiL DyViK | tekst
jed@avisa-hordaland.no
Etter mor sitt ynskje har
gravferda funne stad i det
stille.
Effektiv trafikkopplæring AS
VAKSDAL: Effektiv trafikkopplæring
AS er nyregistrert i Brønnøysundregisteret. Selskapet si verksemd er
sal av trafikkopplæring og tilknytte
varer og tenester. Geir Rolland er
dagleg leiar i selskapet, medan Ove
Rolland er styreleiar. Styre består
elles av Bo Daniel Rolland og Geir
Rolland.
Eit strevsamt liv har ebba ut,
ei flittig hand har dovna.
Din arbeidsdag har teke slutt,
ditt gode hjarta sovna.
Brita – Jørgen
Sigrunn – Henry
Lars
Ronny, Veronika,
Mona
Kevin
Slekta elles
■
Preikelista
Sundag 28. juli
På Krossaset kl. 13.00, olsoksamling ved Melve.
I Torvedalen turisthytte kl. 14.00,
100-årsjubileum for Torvedalsstemna. Friluftsgudsteneste ved
Thaule.
I St. Olavs senter kl. 11.00,
katolsk messe.
Måndag 29. juli
På Leiro (Eidsland) kl. 18.00,
olsokstemna/friluftsgudsteneste
ved Bø. Felles avgang frå Myster
kl. 16.30. Ved dårleg vêr vert
gudstenesta i Eidsland kapell.
for å læra handverk. Etter to år med treskjering har han no gjeve seg i kast med møbelsnikring. Noko husværet hans ber
skuleår.
eg kan skrive under på utan
å blunka, seier vossingen.
Som også ynskjer å setja sitt
personlege preg på det han
lagar. Gjerne med innslag frå
heimbygda.
– Matbordet laga eg av ask
og furu frå Voss. Dessutan
fylgde eg heile prosessen frå
treet stod på rot, via familiesaga heime til eg tok fatt på
Dovre.
– Dine planar etter at du er
ferdig møbelsnikkar?
– Eg saknar Voss, men eg
veit ikkje sikkert kva det blir
til. Det store målet er å kunna
etablera eigen verkstad. Dessutan vil eg gjerne halda fram
som instruktør. Det er viktig
at fleire, både gamle og unge,
får smaken på handverk, avsluttar Bjørn Egil Tolås.
OVE KiRKESTUEN | tekst og foto
FyKSESUNDET: Utsikt frå Løkjedalsnuten mot Botnen.
Seniortur til
Hodnaberg
VOSS: Voss Utferdslag senior skipar til sundagstur til Hodnaberg i
morgon. – Turen går med privatbil.
Deretter fylgjer me T-merka sti. Passerer nedre Kvålstjørna og fortset
til Kiellandsbu. Denne ligg på Løkjedalsnuten og har utsikt mot Botnen inst i Fyksesundet. Retur etter
same sti, opplyser turleiarane. Ved
dårleg vêr kan turen verta lagt om.
Utferdslaget melder at dette er ein
lett tur som høver som familietur,
men stien er ikkje for barnevogn.
Venteskuret
vert flytta
EIDSLAND: Det vert no arbeidd med
å flytta venteskuret på Eidsland
fram til den nye veglina. Det pågår
anleggsarbeid på vegen frå Dalseid
til Eidsland, og det vil no verta teke
kontakt med prosjektleiaren for
dette arbeidet, slik at skuret kan
flyttast. Det skriv seksjonsleiar CarlErik Nielsen ved Voss og Hardanger
distrikt, i eit brev til Karin Flatekval.
Ho tok saka opp med distriktskontoret i april, og Nielsen seier seg lei
for den lange sakshandsamingstida
også. Saka skulle alt ha vore løyst,
og Nielsen finn det merkeleg at ikkje arbeidet er utført. Ein del uheldige omstende gjer at saka enno ikkje
har funne si løysing, skriv Nielsen.
GRAVMINNE
FAKSIMILE: Hordaland 23. juni 2011
Utstillingane kan sjåast i butikken i Voss
Handelshus på Palmafossen. Me lagar
modellar etter ynskje. Me tek òg på oss
oppussing av
gravminne.
Voss • Tlf. 56 51 75 33