VESTLANDSNYTT 16 FREDAG 14. februar 2014 Snarveg til ingeniørstatus * Arve Hoel (framme) er lærar og rådgjevar ved Fagskolen i Ålesund. Her saman med studentane, LarsTore Lynge, Odd-Robert Støylen og Kristian Remøy ved Maskinteknikk-linja. Studentane ved maskinteknikk-linja på Fagskolen i Ålesund har ein snittalder på 25 år og blir undervist i klasserom. Seks av dei kjem frå Herøy. Snart er dei utdanna ingeniørar. Josefine Spiro josefine@vestlandsnytt.no - Du har to typar ingeniørar: dei med høgskuleutdanning og dei med fagskuleutdanning. Begge kvalifiserer til same type arbeid i industrien. Arve Hoel er rådgjevar og lærar ved Fagskolen i Ålesund. Den tilbyd mellom anna toårige, praktisk retta ingeniørutdanningar innan bygg- og anlegg, elektro, og maskinteknikk. Sjølv underviser Hoel i sistnemnde, og i løpet av sine 21 år som lærar ved Fagskolen har han lagt merke til noko spesielt. - Svært mange av studentane kjem frå Herøy. I år har vi 24 andre-års-studentar på Maskinteknikk. Av dei har åtte personar bustadadresse på Søre Sunnmøre. Dei kjem gjerne frå ei næring i distriktet og tek to år på Fagskolen, før dei vender tilbake til næringa som ingeniørar. Dei er kompetanse i bygda som blir verande i bygda, seier han. Sponsa av jobben Denne dagen har læraren med seg tre studentar til Vestlandsnytt. Odd-Robert Støylen, Kristian Remøy og Lars-Tore Lynge kom frå Herøy til Fagskolen med fleire års praksis frå lokale verft og fagbrev i handa. - Eg byrja som industrisnikkar, før eg gjekk vidare til skipsverft, der eg jobba ein del med innreiing. Eg har jobba på Myklebust skipsverft sidan 2000, men fann ut at eg ville gå fagskule for å få meir kompetanse. Verftet har gitt meg permisjon for å studere og sponsar utdanninga, seier Støylen. Frå lærling til ingeniør Lars-Tore Lynge er mellom dei yngste studentane ved Fagskulen. Men som nemnt, kan ein ikkje kome inn der utan fagbrev. - Eg gjekk mekken i to år på Herøy vidaregåande skule, før eg jobba to år som lærling på Ulstein Verft. Så snart eg fekk fagbrev drog eg rett til Fagskolen. Eg har ei stipendordning med verftet, og får utbetalt pengar kvart halvår. Samtidig har eg bunde meg til å bli verande på verftet i eitt år etter enda utdanning. Det er veldig bra, for då slepp eg å bekymre meg for å ikkje ha jobb når eg er ferdig, seier han. Fire dagar i veka Det er ikkje uvanleg at industribedrifter sponsar etterutdanning til sine tilsette. - Bedrifta får ein god gevinst på å få inn folk som kjenner til systemet og kjem tilbake med høgare kompetanse og kan tre inn i ei leiarstilling seinare, seier Støylen. Hoel seier den maskintekniske linja legg til rette for at studentane også kan jobbe under studiane. - Tidlegare har det skjedd at bedriftene slapp dei tilsette ut i permisjon for å ta etterutdanning, men så søkte dei seg til andre jobbar. Difor var det eit ønske om at vi skulle ha undervisning fire dagar i veka, slik at studentane kan reise tilbake til bedriftene og jobbe undervegs. Slik held ein dei knytte til arbeidsplassane deira, fortel Hoel. Tilbake med tyngde. Lynge og Støylen er einige om Maskinteknikk-linja på Fagskolen i Ålesund n Ingeniørutdanning n Opptakskrav: fagbrev og praksis innan maskinfaget n Praktisk retta utdanning n Undervisning fire dagar i veka n Føregår i klasserom n Snittalder på studentane: 25-26 år Kjelde: Arve Hoel, lærar og rådgjevar ved Fagskolen i Ålesund. at det hjelper på motivasjonen at bedriftene deira sponsar utdanninga på Fagskolen. Men det er ikkje berre dei med ei bedrift i ryggen som tek etterutdanning. Kristian Remøy skal ut på jobbmarknaden når han er ferdig. - Eg gjekk maskinfag på vidaregåande og gjekk vidare på skipsbygging. Eg jobba på Kleven Verft i ein femårsperiode, før eg fann ut at eg ville gå fagskule og få meir kompetanse. Når eg er ferdig har eg moglegheit til å bli til dømes prosjektingeniør, dersom der er ei ledig stilling, seier han. - Utdanninga legg vekt på at ein kan gå ut av Fagskolen og bli prosjektingeniør, og drive med teikning, konstruksjon og design. Men utdanninga legg også vekt på arbeidsleiing. Mange av studentane kjem frå bedrifter der dei sjølv har vore «på golvet» og kjenner problemstillingane i verftshallen. Dei kjem tilbake med meir tyngde og teori om leiing. Mange av studentane blir mellomleiarar, men i utgangspunktet kan dei bli både leiarar, ingeniørar, prosjektdeltakarar og prosjektingeniørar, seier Hoel.
© Copyright 2024