1 ”Rasmusgarden” på Indre Steinnes, Gnr. 62. Bnr. 1. Notat om garden. Boniteten på store deler av garden, der det er flatast, vil ein finne djup god matjord. Før areala vart dyrka var det mykje stein av varierande storleik i overflata. Dette kan ein sjå spor av i steingardar og utfyllte område ved strandlinja. Det meste av garden har vore tilvokst av lauvskog. Det ein no kan sjå av annan vegetasjon, som gran og furu, er utplanta tre. Garden har ein samla storleik på omlag 450 dekar. Medrekna er då tunteig, beiteareal og fjellareal. Av dette er omlag 45 dekar dyrka areal, som i det vesentlege ligg rundt tunet på garden. Garden ligg slik til at den har strandline langs alle teigane den omfattar. Ned for tunteigen er det tilrettelagt ei tilflotskai som er bygt av stein frå dyrkingsområda på garden. Det vert fortalt at hovudvegen til Steinnesgardane gjekk gjennom tunet på garden. Den svinga ned ved smia, gjekk langs bustadhuset og bort mellom saghuset og låven. Vidare gjekk den utover til steingarden og gjennom tunet på nabo gardane. Det ver sagt at ein sjølv i dagkkan sjå spor av denne vegtrasseen, men det meste av vegen er no dyrka opp til grasmark. Biletet er teke omlag i 1940. Drifta på garden. Frå tidlegare tider har bruket vore nytta som eit gardsbruk som kunne gje utkome for ei familiegruppe, som måtte få det meste for å overleve frå eige bruk. 2 Det vanlege dyrehaldet på ein slik gard var 10-15 kyr, ein del sauer, ein hest, gjerne ein gris og sjølvsagt mange høner. Det er grunn for å tru at denne garden ikkje skil seg ut frå det vanlege dyrehaldet. Nydyrkinga på bruket har truleg vore eit arbeid som har prega mange generasjonar. Slik garden viser seg i dag er alle areal som er framkomeleg med driftsreidskap dyrka. Den siste generasjonen har måtte nytte bratte areal til beite for dyra, då dagens driftsreidskap er for tunge og store for slike areal. Drifta på ein gard som denne er nok prega av det å få eit så stort utkome av avlingane som mogeleg. Dette gav familien ei tryggheit for at ingen skulle svelte, men også det ein kunne få ut av ei god avling. Til dømes ull frå sauene og lin frå åkeren og tømmer i skogen. Dernest var det eit anna forhold som dei fleste sette høgt, det å halde garden i hevd, og kunne gi den over til neste generasjon i minst like god stand som den var motteken. Frå gamalt av har truleg den del av garden som er flatast, mot neset i grensa til nabobruket, vore oppdyrka til åker og grasproduksjon. I kva grad min oldefar, Anders Rasmusson Steinnes, var pådrivar for auke av dyrkaarealet er ikkje lett å seie. Eg reknar med at han har ”teke sin del”. Far til Anders fekk ikkje bruke garden meir enn 4 år, frå 1839 til 1843. Mor til Anders og hennar nye mann, Sivert Ivarson Aasen, dreiv garden til omlag 1865. Etter at han tok over garden etter si mor og stefaren, vart det dreve dyrking i bakkane søraust for tunteigen. Bestefar Rasmus A. Steinnes overtok ansvaret av gardsdrifta i 1900 og dreiv den fram til 1930, då onkel Sivert R. Steinnes tok over drifta. Rolf S. Steines, son til Sivert, har hatt arbeid utanfor garden. Tidene og driftsforma for eit effektivt landbruk har gjennom tidene endra seg. Med meir bruk av tunge maskiner og reidskap medførte at store deler av det opparbeidde driftsarealet fall utanfor vanleg drift. Garden er no ikkje i drift. Bustadhuset. Det er fortalt at bustadhuset stod i eit klyngetun, der bustadhusa på nabogarden no står. Bustadhuset skal ha vorte flytta til den noverande plasseringa, og bygt opp igjen av brukte og nye materialar. Veggane er oppsett av lafta tømmer med utlekta liggande kledning. Måla på noverande hus er 10,6 m langt og 7,0 m breitt. Det er bygt med kjellar i gråstein og ei høgd. Det er tilrettelagt loftshøgd med delvis full høgd. Som taktekke har truleg vore torv, men seinare vorte skifta til stålplatetekke. Dei fyrste vindauga var to-rams enkle vindauge med to horisontale sproser i kvar rame. Utvendig listverk på vindauga har fint tilskore mønster i nedre ende på sidelistene. Over vindauga er det listverk med vassbord på profilerte knektar. Nedste vindskibord i gavlane har utskorne profilar. Opprinneleg hadde bustadhuset ei røykpipe, men seinare er det innsett ei pipe til, i den søndre del av huset. Dette hadde truleg sin orsak i at bygget vart nytta som to-generasjonsbustad, der bestemor og bestefar budde. Deler av taket mot aust (mot sjøen) vart på 50-talet vart lyfta opp og sett inn tre vindauge i andre høgda. Bjørg nemnde at der skulle ha vore eit eldre bustadhus som stod lenger mot sør enn der bustadhuset står i dag, men måtte flytte det til noverande plassering. Det er fortalt at området sør for bustadhuset kunne vere rasfarleg. 3 Det nye bustadhuset er truleg oppført på noverande plassering av oldefar, Anders R. Steinnes. Bustadhus med denne form og byggemåte kan tyde på at det er oppført i siste del av 1800-talet. Far til Anders kom bort på sjøen som 28-åring i 1843. Det var difor lite truleg at han hadde medvirka til oppføring av ny bustadbygning på garden. Låvebygninga. Den elste del av låvebygninga har stått svært lenge på same plass som no. Denne plasseringa hadde den også før ”klyngetunet” vart oppløyst. Denne bygninga har mål omlag 9,0 m langt og 8,1 m breitt. Bygget står på ein frilagt gråsteinsmur som ligg på bakken. Frå før stod der ei driftsbygning på omlag 70 m2, med høylager, fjøs og gjødselkjellar. Det er og grunn for å tru at denne var svært gamal. Seinare er bygninga påbygd med ein ny del på omlag 100 m2, 12,5 m lang og 8,7 m breid. Den nye delen har forutan låve for høylagring, fjøshøgd og gjødsellager under omlag halvparten ev bygget. Den nye låvebygget står i rett vinkel på den eldste delen. Det er i seinare tid bygt ny fjøsinngang og betongsilo for lagring av for. Fjøsdelen og gjødsellageret er utført med gråsteinsblokker som er spekka med sementmørtel. Bygget har stålplater som taktekke. Buda. Det har stått ei lita oppbevaringsbud i tunet , mellom bustadhuset og låven. Buda hadde mål omlag 4,0 m lang og 4,0 m breid. Den stod på 9 steinfundament og hadde ei stor steiinhelle som trappe anordning. Inne i buda var det ei trapp til eit loft i buda. Det var lagt torvtak på buda. Buda var delt i to deler , den eine til oldefar Anders og den andre til Synnøve og Rasmus. I buda vart det lagra ting som skulle stå kaldt og turt. Buda vart reven fyrst på 50-talet, og bror til Sivert , Sverre, fekk buda til oppføring på nytt i Spjelkavik, der Sverre då budde. I samtale med Roar Sigmund Steinnes kunne han opplyse at broren Sigmund overtok eigedomen i Spjelkavik. Han valte å rive den gamle bygninga på eigedomen og sette opp ei ny. Smia på garden. Det var bygt eiga smiebygning på garden. Bygninga var oppført av frilagt gråstein på alle fire veggane. Innvendig var det bygt opp ei lita grue i nordvestre hjørne, og med røykløp av stein. Takkonstruksjonen var utført av grove trematerialar, trod og pålagt torvtekke. I bygninga var det jordgolv. Smia hadde to dører og eit lite vindauge mot sjøen. Smia vart nytta ved alle mekaniske arbeider i samband med drifta på garden. Det er vel kjendt at oldefar Anders nytta smia svert ofte til smiarbeid, han likte å skape ting i glødande jern. Rundt 1960 vart taket og deler av smia fjerna og ei ytterforskaling tilordna utvendig sundt smia. Det vart då støypt som ein ny betongvegg rundt smia og eit betongdekke lagt over. Opp på dette vart det 4 røyst ei garasje i bindingsverk med trekledning. Slik framstår smia/garasja i dag, men den opprinneleg smia står som før, innvendig mellom dei nye betongveggane. Det skal ha vore ei gamal smie som stod ovanfor tunet, på den plassen der skulen no står. Parsellen der skulen står vart kalla ”Smiebakken”. Det er ikkje teikn til at det har stått ei bygning der, men truleg vart den reven då skulen skulle byggast, omkring 1905. Saghuset med utedo. Bygget stod i tunet, nedafor låven. Frå fyrst av var dette eit hønsehus med stor innegjera uteplass mot nordaust. Saghuset på garden er oppført av bindingsverk og mønt takkonstruksjon. Bygget har mål 7,4 m lengde og 5,0 m bredde. Rolf fortalte at den saga som står der no skulle ha vore overteke frå Alfred A.Steinnes. Han hadde kjøpt seg ny sagbenk og solgte den gamle til Sivert. Bygninga hadde også eit rom som var tillaga som do, men vart seinare teke bort då toalett vart tilordna i bustadhuset. Naustet og tilflotskaia. Naustet ligg i indre del av ”Steinnes-bukta” med båtopptrekk. Naustet er er bygt opp av fin gråstein, som ligg støtt og fint den dag i dag. Over sjølve naustveggane er det lagt opp lafta tømmerstokkar i ei høgd på 1,4 m og takkonstruksjon med tekke av torv. Inntil søndre del av båtopptrekket er bygt opp ei steinkai for tilflot større båtar. Steinen kjem frå dyrkingsarealet på garden, og det skulle vere nok av det. Kaia vart nytta av dei motorbåtane som folket på garden hadde. Det vart difor ei enkel måte å losse og laste båtane frå denne kaia. Ei stund på 40-talet hadde gardane på Steinnes dagleg besøk av ”melkebåten”. Den hadde oppsamling av ”melkespannene” frå gardane. Båten var ein eldre notbåt og hadde utgangspunkt frå gardane i Sandvika, på andre sida av fjorden. Deretter gjekk turen til ytre del av Steines og fram til kaia på indre Steinnes. Etter det gjekk han vidare til Sørheim, Selbervika og Digernes. Båtreisa enda ved ”kommunekaia” i Ørstavik, der melkespannene vart lossa. På eit tidspunkt ut på dagen returnerte båten ut fjorden. Mor fortalde at ”dampbåten” frå Møre Fylke, som traffikerte på fjordane og til Ålesund, stoppa på signal ved denne kaia på Steinnes, då djupna på tilflotet var god. Dynamohuset. Det vaks opp mange gutar på garden, i fyrste del av dette århundre. Mange av gutane var oppfinnsome og hadde evne til å sette igang mange spesielle tiltak. Ein av brødrene hadde fått tak i 5 ein større dynamo, på omlag 800Watt. På den tid var det ikkje elektrisk straum på Steinnes ,og tanken med å få lelektrisk lys i huset var påtrengjande. Ovanfor hovudvegen til Steinnes-gardane hadde denne garden eit vassbasseng, som tidvis inneheldt store mengder vatn. Denne vasskjelda skulle nyttast til å drive ein turbin med vidare drift til dynamoen. Ved naustet i sjøkanten vart det bygt eit stort fundament og påsett ei mindre bygning i trematerialar. Utforminga av bygninga har det vore vanskeleg å få klarlagt, men truleg var det tette treveggar og eit skråtak(pulttak) over veggane. Det vert fortalt at gutane hadde kome over eit parti med stålrør i Ålesund, som hadde vore nytta til eit eller anna i samband med gjennreisinga etter bybrannen. Røra vart grave ned i grunnen, frå vassdamen og ned til dynamohuset og turbinen. Dei straumførande ledningane opp til huset vart hengt opp i isolatorar på stolpar. Det vert fortalt at vatnet til turbinen vart sett på om kveldane på vinterstid, men vart stengt av når det var tid for å legge seg. Mor og Bjørg har fortalt at det ofte var deira plikt å gå ned til turbinen og stenge av vatnet, stenge den store messingkrana med rundt handtak. Dei måtte då vere påpasselege med å ikkje ha på seg klede eller band/reimar som kunne henge seg opp i reimdrifta til dynamoen. Krana dei skulle stenge av var ei stor messingkrane. Det er vanskeleg å sei kor mange år anlegget var i drift, men kom ut av drift då det kommunale elektrisitetsverket la fram elektrisk straum til Steinnes. I dag kan ein sjå murane etter dette ”kraftverket” som eit minne frå ei tid som var. Saga ved dynamohuset/naustet. Det vert fortalt at ved dynamohuset/naustet stod eit større ”vasshjul” som vart nytta til drift av ei tømmersag, som oldefar Anders nytta til saging av plankar og bord. Det var altid behov for bord til ymse reparasjonar i gardane på ”Sørestranda”. Vasshjulet må ha fått vatnet frå den same vasskjelda som turbinen ved dynamohuset. Bjørg har fortalt at vasshjulet var plassert inntil nordaust-veggen på naustet.dei stundom leika ved vasshjulet og fall for fristelsen for å klatre i vasshjulet. Denne ”sporten” hadde ikkje oldefar noko til overs for. Det kunne vere farleg, og ein kunne kome i klem i hjulet. Rolv kan også minnast at det stod eit vasshjul ved ”dynamohuset”/naustet. Kvar dette vart av kunne han ikkje minnast. Den saga som stod der kunne han ikkje sei kvar den vart av. Det er ikkje nokon del av vasshjulet å sjå no, men der er ei mura grop i terrenget som kan gi signal om kvar hjulet truleg har stått. Eg har seinare, den 23.11.2011,drøfta dette med Bjørg, og kome fram til at vasshjulet stod på nordaust- sida av naustet. Vasstilførselen kom frå den grova som renn i terrenget vest for naustet, i ei renne som var heva opp over naustvegen, og bort overl vasshjulet. Vatnet fekk då ei viss høgdeeffekt på drifta av vasshjulet. 6 Planar om ”industribygg”. I samtale med Bjørg kom det fram at bestefar Rasmus hadde planar om å føre opp ei industribygning ved sjøen, bak naustet. Dette måtte vere i fyrste del av 1930-åra. Han hadde fått oppmoding av sin gode ven Johan Digernes, som laga kleklyper i ei bygning på Digernes, om å kome i gang med produksjon av klehengarar i tre. Det var fleire ungdomar på garden som då kunne få seg arbeidi ein slik produksjon. Dei som var heimeverande denne tida var Sverre, Astrid, Berta og Steinar. Den saga som stod ved naustet kunne nyttast til å kløyve opp material til høvelege bord, i ein slik produksjon Det vart sett i gang arbeid med grunnmurar for ei bygning, bak det gamle naustet, men bygninga vart ikkje oppført, og ”industriplanane” vart lagt vekk. I dag kan ein sjå fint oppmurte gråsteinsmurar mellom naustet og dynamohuset. Revegarden. Det vart ein sterk oppsving av revefarmar ved mange gardar i bygda, slik var det på Steinnes og. Denne perioden varte frå omlag fyrst i 30-talet og ut til 50-talet. Det vart ei kjærkomen tilleggsinntekt for mange gardar, som hadde tilgang på dyremat. Revegarden stod på oppsida av naustet ved sjøen, men er no tekne bort. Kvernhus ved Liadalselva. Stennes-garden brukte å male korn i eit kvernhus i Liadal, på vestsida av elva. Bjørg har fortalt at dei hadde kvern eller hadde rett til å nytte ei kvern der. Ho var ikkje sikker på om dei eigde kverna og kvernhuset, men det var fast rutine på garden å nytte denne kverna. Før malinga var det alltid turking av kornet heime på garden. Det vart fyrt opp på grua i kjellaren, og nytta den store gryta til turking av kornet. Den gamle vagtrasseen gjennom tuna. Etter opplysningar eg har fått av Rolf skulle den elste vegen på Steines ha gått glennom tunet på denne garden. Slik det kan registrerast no så er det ein veg frå smia til nord om smia, ei rett strekning som har vore nytta som veg gjennom tunet. Det er fortalt at vegen skulle ha svinga ned i tunet ved smia og gått nord om låven og vidare til tunet på nabogarden og til ytre deler av Steinnes. Store deler av denne vegen vart dyrka og tillagt nærliggande driftsareal på gardane. Den nye vegen vart lagt høgare oppe i terrenget og utanom tunområda. Deler av den gamle vegen kan enno registrerast der arealet ikkje er dyrka. 7 Funn på garden frå oldtida. Det vart i 1978 gjennomført ei utgraving av arkiolog, i ein gravhaug på nordsida av Steinneset. Funnet er dattert til siste del av yngre romertid. Dette er dermed den elste jernaldersgrav i Ørsta. Dei fann ut at den døde har fått med seg to spyd, eit sverd eller kniv. Det må ha dreia seg om full krigsrustning. Det står oppreist fleire høge steinar, som kan tyde på å vere ”bautasteinar”. Dette kan tyde at der har vore eit felt der folk frå gardane har vore gravlagde. Mor har fortalt at under arbeid på austre del av lorda, mot neset, fann dei ein stein som kunne lukne på ei ”steinøks”. Ho veit ikkje kvar denne øksa vart av. Eg ser ikkje bort frå at Steinnes har i svært gamal tid kunne vere ein ideell plass å bu. Frå Steinneset var det god sikt ut og inn fjorden. Dette kunne være svært avgjerande for at folket som budde der kunne røme til skogen, dersom krigarar seila inn eller ut fjorden på ”røvartokt”. Det var den gang snakk om å berge liv, for fastbuande folk. Skulen på Steinnes. Den skulegang som borna fekk på 1800-talet var det ein kalla omgangsskule. Læraren kom til bygda og underviste borna over ei veke, og reiste då til eit anna bygdelag. Sørestranda (Sørheim og Steinnes) hadde ikkje eigen skule i grenda, men var slege saman med Liadal. Borna frå Steinnes og Sørheim måtte då over fjorden for å gå på skule i Liadal. Det vart arbeidd for å få fast skule på ”Sørestranda”, Steinnes eller Sørheim. Det skapte ein del diskusjon mellom grendelaga. Folket på Sørheim ville plassere den på Garsletta (eit område nær Sørheim), medan dei på Steinnes ville ha den på indre Steinnes. Striden gjekk på ei stund, men løyste seg då bestefar Rasmus opna for at skulen kunne byggast på eit jordstykke som tilhøyrde hans gard. Dette låg ovanfor vegen på ein plass som vart kalle ”Smievollen”. Der skulle ha stått ei gamal smie som var felles for gardane på Steinnes. Skuleplasseringa vart akseptert og bygninga vart bygt og teken i bruk i 1905. Det vart då felles skulelærar for Liadal og Steinnes, med skule i to veker på kvar plass. Læraren budde då i dei pri vate heimane, i desse periodane. Skulen var i drift fram til 1950, og vart då lagt ned. I dag er det Sørheim og Steinnes Grendalag som eig skulebygget og nyttar det til ”Grendahus”. Litt om folket på garden Min oldefar på Steinnes, ANDERS R.STEINNES. Oldefar var fød den 10. februar i 1841, av foreldra Rasmus Anderson Steinnes (1815-1843) og mora Berte Karine Ingebriktsdatter Rjånes (1813-1880). Då Anders var 2 år, døde far hans i eit uvær på Rovdefjorden i 1843, berre 28 år gamal. Det var og andre menneske som kom bort denne dagen. Bror til Rasmus, Albrikt (1818-1843) og far og søner frå nabogarden kom også bort på sjøen denne dagen. I alt 5 menneske frå Steinnesgardane. 8 Mor til Anders stod attende med tre små born og ei svigermor på ein stor gard i ei hard tid, der arbeidskraft til gardsbruket var styrken til framdrifta av gardsbruket. Ho gifta seg seinare oppigjen i 1845 med Sivert Ivarson Aasen (1806- 1887), bror til den kjende målmannen Ivar Aasen. Dette er borna til Berte Karine og Rasmus: Anne Ingeborg 1839 - ?, til Åsen. Anders 1841 – 1934, på garden. Ragnhild Anna Petrine 1844 – 1850. Dette er borna til Berte Karine og Sivert I. Åsen: Gurine Kanutte Sivertsdt. 1846 – 1850. døde 4 år gamal. Johan Elias Sivertsson 1849 – 1933, til Grøthol i Dalsfjord. Rasmus Gregorius Sivertsson 1853 – 1919, til Ytre Hovden, (”Steinnes-garden”). Severin Kornelius Sivertsson 1857 – 1858. døde 1 år gamal. Oldefar Anders vart gift i 1867 med Johanne Karine Johannesdt. Liadal. Dei fekk desse borna: Rasmus Johannes 1868 – 1958, på garden. Sivert Britanus 1869 – 1891. døde22 år gamal. Berte Johanne 1872 - ?, til Hasund i Ulstein. Ragnhild Gurine 1876 – 1937, til Raudøya. Albert 1879 – 1924, til Ytre Steinnes. Eg har ikkje opplevd å treffe oldefar, då han døde 5 år før eg var fødd. Difor vert notatar som er skreve ned her , opplysningar og hendingar som eg har fått fortalt av andre. Den som har bidrege mest er tante Bjørg, som enno lever og har svært god husk, og kan vere med i ein diskusjon om tida som var. Eg har grunn til å tru at oldefar Anders var brukar av garden frå omlag 1875 til omlag 1886, stefaren Sivert var då 69 år. Han levde til 1887. Det kan tyde på at oldefar Anders kan ha overteke drifta av garden og Sivert vart ”kårmann” på garden. Oldefar Anders stod som brukar fram til 1900 då sonen Rasmus overtok. Det går fram av Ørstaboka at oldefar Anders var fiskar. Truleg er han registrert i ”fiskarmantalet”. Det er ikkje uvanleg at mange av karane på desse små gardane ved kysten var registrert som fiskarar i tillegg til drifta av gardane. Det vert fortalt at Anders ikkje hadde den store interesse i gardsdrifta. Tydelegvis er det kona Johanne som har vore den store ”motoren” i drifta på garden, og særleg i husdyrhaldet. Ho skulle ha utalt seg på denne måten: Dersom eg hadde 9 selt unda 5 til 6 kyr, hadde Anders ikkje merka det. Til Anders sit forsvar var ei kyr, den gang, omlag på storleik ned ein velvaksen sau. Etter dei opplysningar eg sit inne med, var Anders ein særs tolmodig og dyktig handtverkar. Den største interessa hadde han i å skape reidskapar som dei kunne nytte i drifta på garden eller i fellesskapet. Han kunne take på seg slike oppgåver for gardbrukarane på båe sider af fjorden. Anders hadde tiltakslyst og var ikkje redd for å utføre arbeidsoppgåver som for han var noko ukjendt.Dette er ein givnad som ein ser andre i denne familien har, sjølv om dei er innan ei anna faggruppe. I seinare år er denne givnaden kome fram i ordtaket ”Steinnes-styr”. Anders var flink med dreiing av tregjenstandar, som akslingar til kvernkallar og oppbygging av desse. Ein gang han var oppe på Halsane, på andre sida av fjorden, for å dreie ein aksling for ein ”kvernkall” eller til eit skovlhju. Ein gang han var på Halsane(over fjorden) og dreia aksling til ein ”kvernkall”, eller det ein kallar skovlhjul. Truleg var der ein større dreiebenk på Halsane, som makta denne oppgåva. Der var nokre gutarsom viste stor merksemd for denne dreieoppgåva. Anders hadde med seg sine eigne dreiiejern for oppgåva. Gutane ville sjå på jerna og prøve å dreie, men då skulle ”gamlingen” ha tala nokså strengt til dei. Det er og fortalt at han brukte mykje tida i smia, til å smi skovlar til kvernkallar som vart nytta rundt om på gardane, på begge sider av fjorden. Han laga elles mykje verkty til bruk på garden eller til naboane. Bjørg har fortalt at bestefaren fekk laga ei bandsag, som kunne sage ut små profilar og mønster. Dette må ha vore så seint at el-straumen var komen til Steinnes. Dei fine utskjeringane på utvendige listverk, kan ein enno sjå på nokre av vindauga og vindskeienepå bustadhuset. På sine eldre dagar gjekk interessene meir i retning av det som vaks i naturen, og dyrke skogsplanter av frø. Det kunne vere både nåleplanter og lauvplanter. Han farta rundt på bygdene i yste del av Ørstafjorden og skaffa seg frø til nye planter. Han var godt kjendt i bygdene og haddee ikkje vanskar med å skaffe seg nye og spennande sortar. I området rundt garden kan ein sjå store tre som må ha vore utplanta i denne tidsperioden, rundt 1920-1930. Bjørg fortalte at han enkelte gangar tok robåten og rodde ut til Eiksund, der var det god tilgang på fine lauvtresortar. I den fyrste tida eg fekk lov til å reise med ”melkebåten” for å besøke besteforeldra, kan eg hugse at det på området mellom skulen og damen var tilplanta med nåletre. Der stod også enkelte nåletre rundt på tunområdet, i den tida. Det var tydeleg at ungdomen ikkje hadde sans for den interessa til små planter og framavling av skog som kunne vere til nytte for gardsdrifta i framtida. Ungdomen meinte at ein voksen person måtte finne seg noko meir handfast i arbeide med. Dette var ikkje ”ein manns arbeid”. Eg har kome over eit dikt av naboen Anders K. Steinnes, ”Byte-Anders”, som han ofte vart kalla. Hen hadde ordet i si makt og kom med dette diktet i Ørsta Avis,fredag den 26. april 1926. TIL EIN 80-ÅRING Som plantar skog. Du gjeng der ein gamling på åtteti år og plantar og sår, og tykkjer det er slik ein moro å sjå dei veksa og trivast, dei plantone små – 10 Javisst er det moro, og visst er du sæl, eg skynar deg vel. Du gjeng der og plantar so gamal og grå og undrar deg på at dei som er ungeav alder og år at ikkje dei plantar at ikkje dei sår. Og visst kann ein undrast og tenkja so mangt, du ser og serlangt. Men ungdomen flirer: Sjå gamlingendu, som ikkje vil tru at snart er han ferdig og lyt her i frå – som endå vil planta og endå vil så. Det kann dei kje skyna for di dei ser kort på alt som vert gjort. ”Han finn på so mykje”. Javisst gjer han so; dei trur du må ganga i barndumen no. Men sat du og las i ei dumbette bok og tenkte på dauden, jau, då var du klok. Slikt lærer dei unge, den læra er tung! Dei unge er gamle, d`er du som er ung. ANDERS STEINNES Eg kan ikkje vise til klare opplysningar om at dette diktet er skreve til oldefar Anders, men mykje av innhaldet i diktet kan peike på ”nabogamlingen”. Anders var 80 år i 1921. På sine eldre dagar, etter 1920, kunne Anders take på ryggsekken og vandre til andre bygdelag rundt Steinnes. Det var ofte slik at han kunne ha lova nokon å hjelpe til med ymse handtverksarbeid. Han fortalde ikkje til dei heime kvar han skulle, men det kan tyde på at han vart godt motteken dit han hadde tenkt seg. Han må ha vore kjend som ein dyktig handtverkar. Det hende at han var borte i fleire dagar, utan at dei ”heime” viste kvar han var. Ein gang han hadde vore borte, i Eiksund, kom han heim med ei fin pyntepute og ein fin borddukdei kalla ”særbjelke. Denne duken vart vanlegvis lagt opp på ein større underduk, som pynteduk. Bjørg har fortalt at ein gang på 1920-talet fekk ho vere med sin bestefar Anders, til garden Grøthol, innanfor Lauvstad i Dalsfjord. Anders hadde ein halvbror, Johan Sivertsson Steinnes Aasen (18491933), som hadde gifta seg til ei gardsgjente på Grøthol. Han helt fast på denne halvbroren, då hans eigne syskjen var døde. Bjørg fortalde at dei gjekk vegen til Bjerkvika, der fekk dei låne ein robåt og rodde over fjorden til Velsvika. Dei gjekk vegen frå Velsvika og opp til Grøthol, den høgastliggande garden i Dalsfjorden. Bjørg meinte at turen var svært spennande for henne. Det var ikkje så ofte ho fekk vere med på lange reiser. Oldefar Anders var med i kommunalt ”styre og stell”. Ørsta vart eiga kommune den 01.08.1883. Det skulle då velgast kommunestyre, ordførar og varaordførar. Krinsane rundt om i kommuna vart oppmoda til å stille med sine kandidatar. 11 Anders R. Steinnes vart valt inn som krinsen sin medlem, den hadde då ikkje politisk retning,men skulle take ivare krinsen sine interesse. Desse vart valde inn for perioden 1883 - 1885: Anders R. Steinnes (42 år) Ole I. Brudevoll (58 år) Nikolai Halse (52 år) Anders O. Aarsæter (32 år) Knut Aarflot (62 år) Sjur I. Sætre (49 år) Rasmus Aasen (45 år) Lars I. Øye Knut H. Ose (45 år) Hans A. Velle vart ordførar og Sjur M. Vinjevoll (51 år) varaordførar. Anders R. Steinnes vart og valt inn for ”Liadal og Steinnes Kretsliste”for periodane, 1892 – 1895, 1896 – 1898 og 1899 – 1901. Den siste perioden for det politiske partiet Venstre. I alt var han med i 9 år. Ørsta Frikyrkje. I 1880 – 1890- åra slo ei kristeleg vekking innoverbygdene, særleg ei vekking som vart kalla ”Sandstormen” sist i 1880-åra. Den såkalla nattverdstriden fekk leie fylgjer for indremisjonen. Berre få i flokken tok fri nattverd. Paul Myklebust var særs aktiv i laget ei tid, men i 1896 melde han seg, saman med 60 andre ut av statskyrkja og skipa Ørsta Frikyrkje. Frikyrkjebygget vart vigsla den 03. 12. 1899. Bygninga hadde vore eit bedehus som hadde stått på Fyrde i Austefjorden. Bygget vart flytta til ei tomt i Ørsta.Oldefar Anders var ein av desse som kom med i Frikyrkja frå fyrste dag, og var med der så lenge han levde. Bestefar Rasmus var ikkje skreven medlem då kyrkja var starta, men kom med berre nokre få år etter. Heile huslyden i dette gardstunet har i alle år vore tilknytt Ørsta Frikyrkje. Oldemor Johanne Karine. Oldemor var fødd i Liadal, og kom frå garden ”Larsbakkane”, der ho var fødd i 1836. Oldemor levde fram til 1915, og var då 78 år gamal. Foreldra var Johanne I. Liadal og Johannes L. Eiksund Liadal. Johanne Karine var nummer fire av ialt seks syskjen: Guttorm Johannes Ola Severin Ingeborg Larine Johanne Karine Larine Ingebrigt 1828 – 1853, vart berre 25 år. 1831 – 1919, neste brukar. 1834 – 1900, til Grøvik. 1836 – 1915, til Steinnes. 1842 - ? til Myrane, Ulstein. 1844 – 1904. budde på garden. Oldemor var etter dei opplysningar som har kome fram eit drivande menneske på garden. Ho stellte i huset og sytte for at dyra i fjøsen hadde det bra. Det er elles ikkje så mange opplysningar å få fram om henne, då ho døde i 1915. Alle syskjena av mor og tante Bjørg er no borte, eg kjenner ikkje til at nokon andre sit inne med opplysningar om henne, som kan fortelje kvann ho var. 12 Min bestefar, Rasmus Johannes A. Steinnes. Beastefar var fødd, den 15.02.1868, på garden Indre Steinnes. Det er noko uklart om oldefar Anders hadde teke over drifta av garden, frå mor si, på denne tida. Han vaks i alle høve opp i ein trygg og god heim. Då bestefar vart fødd, var faren 27 år og mora var 20 år. Bestefar er ein av dei, i den nære fortid, som ein har gode opplysningar om. Det har vorte fortalt mange gode fortellingar om han. Desse hendingane er tidlegare noterte, slik at dei komande slektsledd kan ha glede av desse. Rasmus overtok gardsdrifta i 1900 etter far sin, og vart gardbrukar på heil tid. Han hadde då gifta seg med Synnøve J.Liadal, frå ”Pålgarden” på Liadal, og fått to barn med henne(Sivert og Anna). Store deler av garden var ”broten opp” til å vere god dyrkbar jord, men deler av arealet mot aust(innover mot Ørsta sentrum) og ein del utover Steinnesneset, var det bestefar som fulldyrka. Slik eg har fått opplyst så låg det mykje stor stein på markane, men desse fjerna bestefar ved å skyte dei med dynamitt. Den skotne steinen vart lagt i fjøra nedanfor.Han la for dagen ein utruleg arbeidsinnsats gjennom mange år på jorda. Han var det ein kallar ein ”arbeidsmaur”, som til alle tider på dagen måtte stelle jorda. Han var såleis inne i huset berre for å få med seg måltida og sove. Han var svært framsynt og kjøpte inn mekanisk utstyr som kunne nyttast til drifta på garden. Bestefar Rasmus var ein svært aktiv gardbrukar, med kunnskap om det som måtte gjerast på ein gard for å få best mogeleg utkome av jorda og gode avlingar. Dette var nødvendig for å halde den store hushaldninga som var på garden. På det meste , i 1915, var det 15 personar på garden. Eg har grunn til å tru at det var bestefar Rasmur som sette i gang utviding av driftsbygninga, til slik den i grove trekk står i dag. Den store utvidinga av driftsbygninga medvirka til at det kunne gje plass til fleire dyr på garden og høyavlingane kunne få betre plass. Eg har opplevd at det var durka korn på deler av den jorda som ligg ved sjøen , ut mot Steinnesneset. Dette kan og registrerast på eldre foto av området/garden. Tilknytning til Ørsta Frikyrkje. Oldefar Anders var ein av stiftarane av Frikyrkja i Ørsta, han var medlem i denne kyrkja frå starten. 13 Bestefar Rasmus og bestemor Synnøve vart medlemar der noko seinare, men hadde si åndelege tilknyting i frikyrkja så lenge dei levde. Fleire av deira born vart og tilknytt dette kyrkjesamfunnet. Bjørg kan minnast at det ofte var talarar/emisærar som kom til Steinnes, og kan minnast at dei som regel overnatta og fekk mat i deira heim. Drifta på garden under siste verdenskrig (1940 – 1945). I fyrste del av krigen merka dei ikkje så mykje av kva som hende ute i verden og her i Norge. Dei budde utanfor ”alfarveg” og såg neppe ein soldat før ut i krigen. Dette kom dei nærare inn på livet når tyske soldatar sette igang bygginga av kanonfortet på Berkneset. Då var det soldatar å sjå etter bygdevegen, eller dei kom køyrande på vegen med hest og kjerre. Hestane var av ein stor rase, nærast som ein stor ”bryggerihest”, og det bråka felt når dei sprang forbi med firhjula-kjerrer og mange soldatar på lasset. Veit ikkje at soldatane gjennomførte nokon form for reprisalie mot folket på Steinnes. Folket på Steinnes forheldt seg roleg og var ikkje provoserande mot dei tyske soldatane. Den 05.12.1944, vart det gjennomført flyåtak av engelske fly her i bygda. Ein konvoi av malmskip (koparkis),som var på veg til Tysklandmed sin last, hadde søkt ly i Ørstafjorden. Det var skipa ”Albert Janus”, ”Radbow” og ”Sygnus”. Ørstafjorden er omkransa av høge fjell, det var difor vanskelegare for flya å sjå dei og vanskelegare å kome i god skotpossisjon. Eit av dei flya som gjekk til åtak denne dagen vart skote ned. Piloten og navigatøren vart aldri funne. Piloten heitte James Austin Hakewill og navigatøren Frederick Gordon Sides. Begge var soldatar i Australian Air Force. I 1947 vart det reist opp ein minnestein på Lianeset, over dei falne. Ei tid etter denne krigshendinga, kunne Bjørg fortelle at ei mappe vart funnen i fjøra, inne i stranda. Bjørg og Amanda hadde utført eit oppdrag inne i stranda og valte å gå fjøra ut igjen til gardshusa. I fjøra fann dei ei mappe av grå seilduk, omlag 30 cm lang og omlag 15 cm breid. Mappa innehelt kart og brev,men i tillegg inneheldt den sanitærutstyr, som bandasjar og nokre lause sprøyte. Den hadde tydelegvis vore ein del av innhaldet i flyet son gjekk ned i fjorden. Det kom ikkje fram kvar denne mappa vart levert. Bjørg fortel at denne dagen med krigshendingar var bestefar inne på Lemane(ein stad inne i stranda)og tok ned tre til ved for sal og varebyte. Det var vanleg at han bytte varer som, ved, egg, smør, slakt med leverandørar inne i Vik (Ørstavik). Varer som han fekk tilbake var oftast mjøl til folk og dyr, sukker og såkorn. Bestemor var svært oppteken av kva slags ty mjølsekkane var laga av, og at dei var ”utan trykk”. Desse mjølsekkane vart omhyggeleg vaska og strokne. Deretter laga bestemor og dei andre på garden, kjolar og underty, til borna og seg sjølv. Det kom no godt med det dei lærte på sykursa, som lærar Gudrid Brekke heldt på Steinnes før krigen. Gamal hending fortalt av bestefar Rasmus. Dette er ei hending som bestefar Rasmus Johannes A. Steinnes (15.02.1868 - 26.12.1958) fekk oppleve i dei fyrste åra av sit liv. Det er min far, Jon Vinjevoll (1912-1992), bestefar fortalde hendingane til, nyttårsdag i 1954. Eg har til no ikkje vore klar over at desse notata frå 1954 var i far sine “tøle” og dokumentsammling. Eg fann desse notata i ei kiste då eg skulle montere ein lampett i gangen i huset til mor, jula 2001. Min olddefar på Steinnes: Anders Rasmussen Steinnes (10.02.1841-03.06.1934) som var gift med Johanne Karine Johannesdotter Liadal (1836-1915). 14 Den hendinga, eller reisa som bestefar fortalde frå, var ei reise til brullaupfering til garden Langstøyl i Follestaddal i 1873. Jakob Jakobson Liadal (1841-1927) skulle gifte seg med Ingeborg Hansine Pedersdotter Langstøyl (1850-1940). Det høyrer til denne historia at min bestefar (Rasmur A), seinare vart gift med elste dotter til brudeparet, Synneve Jakobsdatter Liadal. Eg har teke meg ein del friheit når det gjeld gramatikk og ortografi i høve til dei notatane som far hadde skreve. Far var flink å skrive, men notatane ber preg av ”hastige notatar” frå samtalen med bestefar. Kvifor mine oldeforeldre var invitert i dette brullaupet, har eg ikkje funne eit sikkert svar på, men så langt som eg kan sjå var der ikkje dirrekte slektskap med mine oldeforeldre til brud eller brudgom. Min teori ” om invitasjonen til brullupet” vert at oldefar var god ven med brudgomen. Dei er like gamle, fødde i 1841. Det er vel kjendt at ungdomen i Liadalsbygda og på Steinnes vanka svært mykje i lag, sjølv om det var fjord mellom bygdene. Den tids privatbil eller drosje var robåten i støda. Bestefar var ein flittig gardbrukar som måtte nytte alle yktene på dagen til arbeid med dyra eller jorda. Han var ikkje inne i våningshuset for anna enn å innta måltida eller å sove. Han kunne ikkje “kaste vekk tid “ på prat om laust og fast. Prate kunne ein gjere medan ein gjekk til å frå mellom arbeidsplassane. Difor er eg noko undrande til at han har teke seg tid til å fortelje denne hendinga som kjem nedanfor. Han var aktivt med på garden til rundt fyrste del av 1950-åra. Slik fortel bestefar denne hendinga til far: Har sete på ein stol å tenkje tilbake. Når ein multipliserer 86år med 365 dagar, då får ein 31.390 dagar, dagane som er gått. Eg stod at med mor ein dag, hadde fått ny kniv (det fanst ikkje falleknivar då), fortalde ho at ho sat og sydde ei ny bukse åt meg, å so skulle eg få vere med fram på dalen(Follestaddalen) i brullaup. Dette snakka eg ofte om, ”om vi ikkje snart skulle reise”. Ein dag stod me inne på Vikevoren og der var ”haldeplassen” den tida. Det var enden på vegen som gjekk til dals. Det var ikkje noko særs å sjå i Vik den gangen, det var Voren som då var ny og så gamlebuda inn for Voren. Sjur Volla (Vinjevoll) var sikkert ordførar i den tida, og grunnen som Vikevoren låg på, var gitt av Svendsen, og no skal me forlate den (voren). Stein til Vikevoren var samla rundt frå heile Ørsta, eit kommunalt tiltak. Når voren var ferdig vart han beslått med 4” skodringsjarn ? for vern mot sjøen. Me skulle til brullaups, eg stod opp i ei kjerre (hjulkjerre),som eg vart lyfta opp i, for når eg reknar frå 1868 til sommaren 1873, så var ikkje ”karen” så stor (rundt 5 år). Men eg tykte det var gromme greier, heile køyredoninga, det va av gamle sorten utan besel (begsel) av jarn. Eg stod bak i kjerra og var ikkje lite kry over at eg var på reise. Eg måtte sette meg på botnen på kjerra og buksa måtte tole det. Det var ikkje so mjukt eitt sete og ved Rasmusbrauta la hesten på sprang og eg var forviten og reiste meg for å sjå mest mogeleg av det nye. Framme på Mo såg me ned på Store-elva. Mor såg etter meg der eg sat, og ho spurde om det var elva eg såg på. Eg spurde kor elva kom frå, og svaret var at det var derifrå som me skulle i brullup. 15 Komen til Brekke tok det til å brattast og elva brusa sterkare en før. Då ropte eg og spurde om me ikkje snart var framme, for eg var tidlaus, då som eg sidan har vore. “Jau, me er snart framme”, var svaret. Framme med Høgebrua der fekk eg reise meg og sjå medan mor heldt meg i handa, medan me køyrde over brua. “Er ikkje dette ei svær bru”, spurde mor. “Skal me ikkje over”, spurde eg. “Nei, då kjem me ikkje til brullaupet”, var svaret. Då me køyrde forbi brua seier mor med tåror i augo at me skulle ikkje over. Det var til Langstøyl me skulle. Gamlekarane som bygde den fyrste Høgebrua hadde verken jarn eller cement når dei bygde den som kolvingsbru, difor vart ho noke høg og derav kjem namnet “Høgebrua”. Det er greit for mor at vi ikkje for over brua, men hadde dei teke ein vending over og tilbake hadde eg vore vel fornøgd. Men til å sjå at ho vart reva(reven ned) seinare det var til å gråte over. For når dei bygde den nye vei og brua så la dei berre dynamitt under brua og sprengde ho sund, eg skynar ikkje kvar Karl Straume var den gongen. Det var eit byggverk me skulle ha verna om, like fullt som makkesmogne hus. Gamlingane kunne også mure meisterverk når det galdt brubygging. Men me skulle til brullaupet. Komen til Langstøylen sprette dei frå hesten og greide. Eg trilla då etter kjerrebotnen og vakna. Eg hadde teke meg ein lur. Mor kosta av kleda mine med handa, og så gikk me inn på tunet. Mor sa at “no skal du sjå kva dei kjem med”. Då kom karane dragande med ei ku som hadde hengt seg opp og brote foten. Folket flokka seg rundt og ville sjå, og mor lyfte meg opp, so eg fekk sjå. Eg grunda litt på korleis dette hadde gått føre seg, men mor fortalde at kua hadde fått eine foten mellom to steinar og braut han. I brullupet la eg merke til at spelemannen slutta å spele og bruda strauk sin veg.Han Ivar Foldal, seinare kalla “HoggamyrIvar”(1862-1953), var noko eldre enn eg,(var ikkje god å lure), og fortalde meg seinare at ho Ingeborg Liadal hadde so sid brudekjole at nokon trakka på den so den rivna sund. Heimturen hugsa eg mindre av . Eg sov helst det meste av vegen. So vart eg vaksen , og då barst det so til at elste døtra til dei som eg var i brullaup med vart kona mi, Synneve Jakobsdatter Liadal. Åra gjekk etter at Vikevoren var bygt, og for å nemne det fyrst best. Når Grepa Fabrikker skulle bygge, søkte Havtor Hovden om å få setja fabrikken heilt inn til voren. Dei lova å halde voren vedlike og legge cementdekke over. 16 Dei tok då meg og S.O.Myklebust til å sjå på dette here. Me gjekk på voren og spaserte med hendene i lommene og skulle gjere det som var best for kommunen og folket. Me sa det slik, at det måtte vere tilflott på begge sider av voren, men resultatet vart slik som me no ser det. Voren ligg der å fer ille. Det skulle S.O.Myklebust ha teke med i sitt stykke om kommunalt slurv. Stend verda noke lite til, vert voren snart gjøymd av ei fylling eller fabrikk. Då er Vik eit gamalt minne fatigare. Det som gjer at eg hugsar so godt alt, er at mor minte meg på ymse ting frå ferda. Når eg seinare for same vegen vart eg på ny mint om det. ---------- ”---------Så langt om denne spesielle hendinga frå bestefar sin barndom. Eg kan hugse bestefar frå den tida eg ofte var på vitjing på Steinnes, til bestemor og bestefar. Eg var der svært ofte i åra etter krigen, då eg var gamal nok til å få reise aleine med melkebåten, og noko seinare med melkebilen. Mor hadde eit særs godt forhold til sine foreldre, og dette var nok ei medvirkande årsak til at eg fekk så ofte kome til Steinnes. Den eg var mest glad, i var nok tante Amanda. Ho var alltid oppofrande for oss borna som kom til gards. Bestefar var ikkje i aktivt arbeid på garden i åra etter krigen. Sivert og Amanda hadde forlengst teke over drifta på garden. Han var den gang godt over 80 år, men hadde god fart etter alderen ,når han gjekk etter bygdevegen. Etter alle måltida måtte han sove ein liten time på den divanen som stod i kjøkenet til bestemor. Då måtte vi som var born vere stille, eller take ein tur ned til fjøra og kaia. Han tok av og til turen til ”vik” (Ørstavik),for å sjå til sine slektningar der. Det kunne vere hjå Jakob og Ragna (Steinnes)eller Anna og Karl (Moe), men oftast vart turen lagt til mor og far (Berta og John Vinjevoll). Bestemor og bestefar gav skøyte på garden med ”kår” og fri bustad til seg sjølve, til Sivert og Amanda. Skøyte dattert den 28. oktober 1950, og Jon Aasen har skreve under som vitne. Eg fekk oppleve å vere med i bestefar si gravferd. Fyrst var det minnestund på garden. Deretter gjekk gravfylgje til Frikyrkja i Ørstavik. Bestefar er lagt i ei fellesgrav på Ørsta kyrkjegard, der også bestemor er lagt. Bestemor Synneve Ho var fødd og oppvaksen i Liadalsbygda i ”Pålgarden”. Foreldra hennar var Ingeborg Hansine Pedersdt. Langstøyl Liadal og Jakob Jakobson Liadal. Dei hadde åtte born, to gutar og seks gjenter. Desse borna er her sett opp: Jakob 1872 – 1890, døde 18 år gamal. Synneve 1875 – 1962, til Steinnes. Berte Marie 1877 – 1915, på garden. Marie 1880 – 1948, til Vik i Ørsta. Pernille Josefine 1883 – 1950, til Mork i Ørsta. Anders Olai 1885 – 1911, på garden. Jakoba Johanna 1890 – 1918, til Vik i Ørsta. Johanna 1892 – 1974, til Vik i Ørsta. 17 Bestemor vaks opp i Liadals-bygda saman med mange ungdomar i same alder. Det var store barnekull i familiane den gangen. Ungdomen i bygdelaga på begge sider av Ørstafjorden, samla seg på ”kviledagane”, sundagane, til ”frilyndt” eller religiøse tiltak. Eg veit at læraren for bygdelaga her ved Ørstafjorden, var aktiv med i eit slikt arbeid. Eg tenkjer då på Andreas Myklebust frå Follestaddalen. Han er og med på ein del foto som er teke av ungdomen i siste åra av 1800-talet. Eg har motteke ein kopi av ei minnebok som Andreas Myklebust hadde, der mi bestemor og systra har skreve sine små ”minne-skriv” til han. Det var vanleg den gang, å skrive slike minne til kvarandre, gjerne med vising til eit Bibel-vers. Det var og vanleg at ungdomen bytte foto av seg sjølve, med andre. Vi kjenner vel alle dei gamle fotoa som er kopiert på stiv kartong. Dei var vanlegvis teke hjå fotograf, og var av god kvalitet. Kopien av minneboka, som er vist ovanfor, er noko uklar. Der står: Minde. Salige er de, (som vandrer fuldkomensligen på veien, de som vandrer i Herrens lov. Salige ere de,som bevarer hansvidnesbyrd, de, ham følge af ganskehjerte. Ja de, som ikke gjør uretferdighet, som vandres på hans vei. Takker Herren thi han er god, thi hans miskundhed varer evendelig. D.S i 19 ..... ved desse linjer mindes du en ven. Synneve Liadal. 11/2 90. (11. februar i 1890). 18 Bestemor vart gift med bestefar i 1897, og flytte då til Indre Steinnes. Det er mykje som tyder på at dei då vart aktivt med i gardsdrifta, men tok ikkje formellt over før i 1900. Bestemor må ha vore eit sterkt menneske, både fysisk og psykisk. Eg kan ikkje minnast å ha registrert ein einaste komentar om at ho var svært sjuk. Eg ser då bort ifrå at ho på sine eldre dagar, då hoftene var utslitne og blodsirkulasjonen i føtene ikkje var den beste. Ho hadde då svært lett for å fryse på føtene. Kan hugse at ho ofte sat med føtene inn i steikomnen på komfyren, med omnen på svak styrke. Bestemor og bestefar fekk desse borna: Syver Britanus 1898 - 1988, på garden. Anna Karine 1899 – 1979, til Mo i Ørsta. Jakob 1901 – 1986, til Vinjevoll i Ørsta. Reidar Sigurd 1902 - ?. barn. Anders 1903 – 1993, til Hagen i Ørsta. Jon 1903 – 1983, til Hagen i Ørsta. Ingvald 1905 – 1993, til Ålesund. Klara 1907 – 19 ?, til Valldal. Reidar 1909 – 1993, til Bergen. Sverre 1910 – 2008, til Berkvika i Volda. Astrid 1913 – 1939, til Egset i Volda. Berta 1915 – 2002, til Vinjevoll. Steinar 1918 – 1940, budde på garden. Ingebjørg 1920, til Hareid. Den einast gjennlevande av syskjena. I denne oppstillinga er det eit barn som ikkje er sett opp i namnelister i bygdebøkene, det er Reidar Sigurd. Namnet har eg funne i eit oppsett over fødde, der Rasmus A. Steinnes er sett opp som far til ein gut, Reidar Sigurd, fødd den 19.08.1902. Eg har teke opp dette med Bjørg, men ho kunne ikkje minnast at det nokon gang hadde vore snakka om dette barnet. Ho hadde ofte undra seg over at det ikkje var fødd nokon i 1902, då det var svært tett mellom dei andre syskjena. Vil prøve å få stadfesta denne personen ved eit seinare høve. Bestemor var mykje med på arbeidet ute på markane og åkrane i den lyse årstida. Oppgåvene var mange og i tillegg hadde ho det som måtte gjerast inne. Borna var i ei lang periode små, men etter kvart som åra gjekk kunne ho få hjelp av dei elste gjentene, då særleg Anna. Hjelpa som gutane kunne bidra med, vart avgrensa fram til dei var konfirmerte. Etter det måtte dei ut å skaffe seg arbeid, i dei fleste tilfelle vart det å reise på fiskeri på kysten. Den elste, Sivert, var fleire turar som manskap på fiskebåt på Grønland. Bjørg snakka om at det på mange av gardane, flytta dei matkokinga ned i kjellaren. Dette var grunna koking på vedfyrt komfyr kunne verte ei påkjenning, å stå der i ein voldsom varme. I kjellarane var det normalt mykje kjøligare. Bestemor ville ikkje flytte matkokinga ned i kjellaren, då denne eldstaden ville dei nytte til vasking og koking av mat til dyra. 19 Bestemor var flink med handarbeid. Ho sat ofte med rokken og spann ulltråd, når vi kom på besøk. Kan hugse at ho strikka meg ein fin mønstra genser i svart og kvitt, som eg nytta i mange av ungdomsåra mine. Det var ikkje få lestepar ho strikka gjennom eit langt liv. Det var heller ikkje uvanleg å finne henne med kjerna mellom beina. Kjerning av smør var noko som ho hadde gjort før. Bestemor Synneve døde den 31. mars i 1962. Eit langt liv var til ende, ei aktiv arbeidshand var lagt ned og den lyse gode latteren hennar var ikkje meir å høyre i ”bestemorskjøkenet”. Bestemor vart lagt i fellesgrav med bestefar på Ørsta kyrkjegard. Eg fekk ikkje høve til å vere med i gravferda, då eg gjekk på teknisk skule i Trondheim (Trondheim Tekniske Skole) den våren. Det vert skreve meir, når eg har nye og fleire opplysningar om folket og drifta på garden Indre Steinnes. Hausten 2011. Bjørn Winjevoll Vinjevollvegen 31. Postboks 251. 6151 Ørsta. Telf. 700 66713. Mobil.990 18032. Mail: winbjorn@hotmail.com
© Copyright 2024