vika S karven lokalavis for Vik i Øygarden 1. mai – 2012 Nr.1 – 12. årgong Utgjevar: Vik Grendalag www.vikaskarven.net I kongens klær Side 2 Vil ha meir engasjement i Knappen Bjørn Smauget beundrar dugnadsånda hos vikamannen. Side 4-5 Klar for skulen 20 elevar møtte til innskriving på Toftøy skule. Side 3 Toftøydagen under planlegging Ny Toftøydag vert arrangert 10. juni. 10 år etter første gong. Side 7 2 Pernille gjer teneste i Kongens garde Når gjestar skal ha audiens hos kongen, er det Pernille Vik som tek i mot dei. hjelpsam og gav god støtte. – Heldigvis har eg lett for å læra språk, seier Pernille som har planar om å læra seg både russisk og fransk. Pernille Vik som er oppvaksen i Knappen, er ei jente som set seg mål og likar nye utfordringar. Andre året på videregåande skule sette ho kursen for Mexico som ein del av den videregående utdanninga. Ho kom til ein vertsfamilie som kun snakka spansk, men Pernille let seg ikkje skrema. Tek i mot statsbesøk I august 2011 fekk ho innkalling til militærteneste, og etter ein månad som rekrutt, vart ho overført til Garden. Sidan vart ho plukka ut som ein av tre i kullet til å vera slottsordonans. – Den utfordringa sa eg ikkje nei takk til. Eg er nysgjerrig av natur, og det ville koma vel med i møte med med nye menneske. Dagen på Slottet startar ca kl. 08.00 i nystrøken uniform. Pernille har i oppdrag å leia personar som har fått audiens hos Kongen, fram til rommet på Slottet der Kongen møter gjestane sine. Dette kan vere einskildpersonar eller statsbesøk frå utlandet. Rundt juletre med Sonja Då Vikaskarven snakka med Pernille, var ho heime til juleog nyttårsfeiring. Men før ho reiste frå Oslo, var ho med på juleball på Slottet der ho gjekk rundt juletreet og held Dronning Sonja i handa. – Det var stas å kunna syngja julesongar saman med dronninga. Dette er eit minne eg seint vil gløyma. Ho ser likevel ikkje for seg ei framtid i forsvaret, og legg difor uniformen på hylla i august. – Det er havet som lokkar meg. Med Austevolls- og Øygardsblod i årene, må eg sjå sjø, og helst ha arbeidet mitt på sjøen, avsluttar Pernille. Ikkje nok med engelsk – Eg må hiva meg rundt og lære språket fortast mogleg, tenkte ho. – Her dugar det ikkje berre med engelsk. Vertsfamilien var veldig øygarden elektriske as Tlf. 5638 9424 Faks: 5638 8040 Øygardsvegen - 5336 Tjeldstø Epost: post@oygarden-elektriske.no 3 Fulle av forventning 20 forventningsfulle born møtte opp på Toftøy skule for innskriving til 1. klasse. BYRJAR TIL HAUSTEN: Alisa, Emilie, Victoria, Stefan, Michael, Andrea, Karina Rebekka, Rowena, Sarah Emilie, Tobias, Andrea, Lukas, Sandra, Julie, Ralfs, Nils Petter, Johannes, Varg, Tordar, Isak. KIWI mini pris Spenninga var stor både mellom dei nye elevane og foreldra, då dei kom til innskriving tysdag 14. mars. Etter at rektor Elise Nyborg Christensen presenterte seg og skulen, og alle elevane fekk sei navna sine, bar det til klasserommet. Foreldra fekk informasjon frå rektor medan ÅseMay Solsvik Blom, som skal vera kontaktlæraren til den nye 1. klassen, aktiviserte dei forventningsfulle elevane. Den engasjerte læraren løyste opp dei spente barnekroppane med kjent allsang og leik. Enkle ”lekser” fekk dei nye elevene prøva seg på også. Når skulen startar i august vil klassen ha auka til 22 elevar, ifølgje rektor. 4 Ønskjer seg størr Formannen i Knappen grendelag skulle ønskja det var like god dugnadsånd i Knappen som på Vik. – Det er til tider dårleg oppmøte når me forsøkjer å få til felles prosjekt her i Knappen. Det hadde vore flott om folk tok seg tid til å prioritera dugnadar og sosiale hendingar, seier Bjørn Smauget, formann i Knappen velforening. Bjørn (39) har vore busett i Knappen sidan 2000, og der bur han rett ved Tjuvika saman med Christine Nygård og dottera Hanne. Det er ein engasjert velforeiningsleiar som snakkar med Vikaskarven. – I tillegg til større engasjement, skulle eg også ønskja at me kunne fått til fleire arrangement som samlar folk. Opprinneleg er Bjørn frå Fredrikstad, men han har snart budd i bergensområdet i tjue år. – Eg jobba i Marinen frå 1994, og i den tida traff eg Christine. Då var det naturleg å flytta vestover. Etter å ha budd i Sandviken og på Knappskog på 90-talet, vart det bygd hus i Knappen. – Svigerfamilien min budde allereie her, og då me fekk tilslag på ein fin tomt med høve for båtplass, var det eit enkelt val å flytta til Knappen. Viktig med sjøliv Sjølivet har i lang tid vore viktig for Bjørn, som er vant til båtlivet frå oppveksten sin i Fredrikstad. – Kystkulturen har alltid vore viktig for meg. Landskapet er forskjellig i Fredrikstad, der det ørre engasjement typiske er blankskurte gule berg. Her i Øygarden er det andre kjenneteikn ved kystlandskapet, men begge delar er like flott! Bjørn har vald sjø som element både når det gjeld jobb og fritid. I åra 1992-94 var han fiskar, og jobba då på ein båt med namn «Onsøyværing». – I denne tida, som var lenge før eg flytta hit, vart eg kjent med Per Tore Vik og Per Vik, og det er mykje mimring om denne tida når eg treff på dei. Dei siste åra har han jobba med å byggja fire oljeriggar i Kina, som etter kvart vart forflytta til Noreg. Transporten frå Kina til Noreg tok tre månader. Ein av plattformane har fått base i Ølen, og det er der Bjørn no har tilhald når han jobbar. Også på fritida er det viktig med sjø, båtplass i Tjuvika har han skaffa seg. Uvanleg valprosess Det var først i fjor at Bjørn vart formann i Knappen velforening, og han kan fortelja om ein noko uvanleg valprosess. – Eg vart faktisk vald til formann under eit styremøte som eg ikkje var til stades på. Det var først i etterkant av møtet at eg fekk vita at eg no var blitt formann, ler Bjørn, som fortel vidare om nokre av prosjekta for Knappen velforening. – Me har fått bygd «Knappenskuret», og det er me nøgde med! Dette er eit verktøyskur som også fungerer som utgangspunkt og møteplass for dugnadar. I samband med «Knappenskuret» er det også laga til bossplass. Bjørn viser vidare til at planen er å byggja tilsvarande bossplassar også to andre stader i Knappen. I tillegg står det på agendaen ved framtidige dugnadar å byggja blomsterbed med tilhøyrande mur nede ved inngangen til byggjefeltet. – Det er viktig at det ser fint ut, og det gjeld særskild ved inngangen til Knappen. Vidare er det ein 5 prioritert målsetnad å få bygd terrasse i Tjuvika. – Planane i Tjuvika er fortsatt på planstadiet, men me håpar å få godkjent planane slik at me kan starta opp med terrassen allereie no i vår. Når det gjeld ballbinge, var dette lenge på agendaen, men dessverre stranda planane på grunn av mangel på tomt. Me har likevel ikkje heilt gitt opp planane om ballbinge, så om nokon har forslag til tomt, så er me opne for innspel! Saknar engasjement Bjørn saknar deltaking og engasjement på dugnadane i Knappen. – Me har forsøkt å lokka med kake, brus og kaffi, men det ser ikkje ut til å hjelpa noko særleg. Sjølv om ein ikkje trur at ein er så praktisk anlagt, så er eg sikker på at alle likevel kan bidra! Kva med vaffelsteiking, spør Bjørn. Han viser vidare til at dugnad ikkje berre handlar om arbeid, men at det sosiale også er viktig der ein kan bli kjent med naboar. Også dei minste har interesse av dugnaden. – Vedlikehald av leikeplassane er viktig for å leggja til rette for leiken til borna. Det er også kjekt om me kan få til felles Lucia- og jonsokfeiring. Bjørn har inntrykk av at det er fleire som engasjerer seg på Vik. – Det virkar som om dei får mykje til på Vik, og eg er imponert over oppmøtet på ulike arrangement, som til dømes den årlege krabbefesten og jonsokfeiringa på kaien og moloen. Bjørn er klar på at han ser på Vik som ein flott ressurs for Knappen. – Eg forstår godt at Knappenfolk deltek på arrangement på Vik. Eg likar meg godt på Vik sjølv, og eg har alltid mange å snakka med når eg er på Vik. Samtidig ønskjer me også å få til vellukka arrangement her i Knappen, men det viser seg at det er vanskelegare å få til. Bjørn spekulerer i at årsakene til dette kan vera yngre folk i Knappen og mindre lokal tilknytning. 6 Familienytt Til Ola og Kari Gebursdag 80 år Per Landro fødd 23. mai 1932 75 år Magnus Vik fødd 25. mai 1937 70 år Norvald Harald Vik fødd 7. juni 1942 65 år Anders Vik fødd 4. april 1947 Wenche Amundsen fødd 26. mai 1947 55 år Einar Torsvik fødd 12. mai 1957 50 år Johnny Arild Dåvøy fødd 9. april 1962 45 år Målfrid Vik Sønstabø fødd 2. mai 1967 40 år Ole Jakob Vik fødd 1. juni 1972 Gitte Vik fødd 2. juni 1972 Død Bertha Vik Jensen fødd 9. januar 1942 død 18. april 2012 Fødd Jonathan Kleppe fødd 27. februar 2012 foreldre Kine (Vik) og Andreas Kleppe Jakta på postar er i gong No kan du leita etter postar i heile Øygarden. Denne gongen kan du bruka smarttelefonen som kart. Kanskje var du ein av dei som brukte kvar ledig helg og kveld til å leita etter postar på Toftøyna på 1980-talet? med i trekninga av premiar når jakta vert avslutta til hausten. Sist gong folk på Toftøyna gjekk etter postar vart det nærast ei folkerørsle alle dreiv på med. Asbjørn Toft hugsar godt suksessen på 80-talet. – Det var veldig stor deltaking den gongen. Det var sikkert 150 personar som deltok. star vert ein minst like stor suksess denne gongen, og at fleire får oppleva å koma i god form i den fantastiske naturen i Øygarden. Håpet er at jakta på po- No kan du på ny gå på jakt etter postar, om enn ikkje på heilt same måten som då Toftøy IL sto bak jakta. – Sist måtte du bruka tid heime og planleggja turen, og du måtte bruka kart og kompass for å orientera deg fram. No ligg postane i stiane, eller rett utanfor stien. Det er mykje enklare og meir oversiktleg denne gongen, seier Asbjørn Toft, leiar i Toftøy Nærmiljøutval. Jakta på postane vert arrangert av nærmiljøutvala i Øygarden saman med kommunen. Postane er plassert rundt om kring i heile Øygarden, ikkje berre på Toftøyna. Totalt er det plassert ut 11 postar frå Hellesøy i nord til Toftøy i sør. Postane er også merka med GPS-koordinat, slik at dei som har smarttelefon kan bruka den som navigasjonsverkty. Slik kan jakta verta veldig sutalaus. Alt du treng gjera er å ta på deg skoa og gå på tur. – Målet med prosjektet er å laga meir attraktive turstiar slik at folk skal ta med seg familien og reisa rundt i kommunen og gå på tur, seier Toft. Dei som ikkje har fått kart i postkassane eller har mista kartet, kan henvenda seg på servicetorget på rådhuset på Rong for å få nytt kart. Dei som har klipp frå alle postane vert POSTAR: Norvald Vik demonstrerer korleis postane ser ut. 7 g Vårdikt Vår er best ingen protest. Vår er gøy med masse støy. Eg hoppar ut av glaset og spring barbeint rundt i graset. Huff så mykje pollen eg får så vondt i knollen. Eg treffer vener uti sola eg et is og slurper cola. Dikt om våren Ute er det fint og grønt. Livet er fint og skjønt. Det er våren som kommer og snart er det sommer. ÅRSMØTE: 15. mars hadde Vik Grendelag årsmøte. Kort fortald går grendelaget godt. Klare for ny Toftøydag 10 år etter første gong, er det klart for ein ny Toftøydag. Alle som har noko å syna fram, vert oppmoda om å delta. seier Asbjørn Toft, leiar i Toftøy nærmiljøutval, som har fått ansvar for å koordinera arrangementet. Alt ligg til rette for folkefest på Vik når det skal arrangerast ny Toftøydag 10. juni. Programmet for Toftøydagen i år er ikkje spikra enno, men det er klart at det ikkje vert eit så sterkt fokus på båtliv på vågen som det var sist gong. Sist gong det vart arangert Toftøydag, i 2002, var det i underkant av 300 personar som møtte opp rundt vågen på Vik. Den gongen var høgdepunktet dei 11 oselvarane bemanna med fiskarar som synte fram båtar, liner, hummarteiner og anna som høyrer fiskerikulturen på øyna til. – Ein slik kulturdag har vore etterspurd nesten årleg sidan me arrangerte det den gongen. Det var jo ein stor suksess, og dei arrangerer jo festivalar og kulturdagar i nord og i sør. Då bør vel me på Toftøyna også vera med, Vil ha bidrag – Me skal ha aktivitet på vågen, men sist gong var det den store mønstringa. No skal det vera litt meir blanda, seier Asbjørn. Hovudattraksjonen denne gongen vert forhåpentleg å få synt fram så mykje som mogleg av det folk lagar sjølv som har med kulturen vår å gjera. – Det skal vera ein kultur- og marknadsdag. Planen er å få folk som lagar noko sjølv til å ha utstillingsbodar. Der manglar me litt enno, så dei som har noko dei vil syna fram eller selja, må berre ta kontakt, seier Asbjørn. I tillegg til salsbodar og framsyningsbodar kjem det også til å vera sal av mat. Eit anna høgdepunkt vert utstilling av gamle bilete. Det er den same utstillinga som vart stilt ut på biblioteket for nokre år sidan. Vestgar kjem Båten Vestgar kjem også til Toftøydagen. Den flotte veteranbåten var i si tid flaggskipet til Øygardsbåtane L/L. No er den restaurert og på Toftøydagen kjem den til å ha open båt og servering av lapskaus om bord. Toftøy skulemusikkorps kjem også til å opptre. Aktivt grendelag Vik Grendelag er også aktivt med for å få til ein velukka Toftøydag, og leiar Thora Vik er på mange måtar initiativtakar. 15. mars hadde Vik Grendelag årsmøte der det kom fram at grendelaget hadde eit normalt aktivt år i 2011. 60 hustander på Vik og Knappen betalar kontingent til grendelaget, og økonomien er god. Krabbefesten på kaien, jentefesten i naustet til Geir Atle Vik og jonsokfeiring gav klingande mynt i kassen. Vikaskarven, som kjem ut fire gongar i året, går økonomisk i balanse. Over 300 bygdebøker er selde, men framleis er det over 100 bøker att på lager. Grendelaget vil også jobba med å få til eit landnotkast i Svelgen. Dette var eit årlig føretak på våren for nokre tiår tilbake. Svelgen var sjølve ”grautfatet” til vikamannen. Sola er varm og fin, det er fint når ho skin. Blomane spring ut, og fuglane syng så fint. Vår Vår i år no skal vi ikkje bruka skia det er feile tia. Eg har ilt i eit lår men no er det vår så eg tenker ikkje på eit lår. I vår skal eg gjera alt muli for det er kuli. Vår Våren er her På alle trær Eg kjenner det på mine tær Og får sår på mine knær. Av med lue og sjal Eg vil ut og spille fotball Av: 4. klasse Meland skule 8 Ny sjark i Vikavågen Returadresse: Vikaskarven Norvald Vik 5337 Rong Påskesuksess i bedehuset Den pensjonerte fiskaren Per B. Vik har kjøpt ny sjark. Slik ser den ut. Ingjersjåden er riven ned Eit tradisjonsrikt bygg mellom butikken og lagerhuset er no fjerna. Ingjersjåden hadde utspelt si rolle, og no er det lagt brustein på tomten. VikaSkarven Adresse: 5337 Rong Internettadresse: vikaskarven.net Epostadresse: post@vikaskarven.net Redaktør: Øystein Vik I redaksjonen: Norvald Vik John Solsvik Nils Jakob Solsvik Bjarte Vik Fire nummer pr. år. Trykkeri: Bodoni Trykk Den tradisjonelle påskefrukosten på Vik bedehus skjærtorsdag samla fullt hus også i år. Heile 160 menneske tok turen innom bedehuset og fekk oppleva både påskefrukost og påskebodskapen. Ein liten del av barnekoret song, og det var mykje allsang med flotte påskesongar. I februar hadde bedehuset årsmøte, og det går fram av årsmeldinga at det er stor aktivitet på huset. Nesten alle dagar i veka er det ulike arrangement for born, ungdom og vaksne. Økonomien er brukbar, men det er behov for fleire givarar skal aktiviten haldast oppe. Det er Morten Torsvik som er leiar for bedehuset. Inderøy Taxi & Transport Tlf. 905 99 059 – Toft, 5337 Rong No og med minigravarutleige
© Copyright 2024