6 Nyregistrering i Etne Eikemotor V/S. Eikemo Eljervik Gard Etne Næringsutvikling AS Etne Sport Og Fritid AS Globecon Limited Hamre Design AS Hegerland Bil & Maskin Jens A. Markhus DA Rodin Cafe & Pizza AS Sandvik Gard V/Blaszkiewicz Stretch Leadership AS Ølselva Kraftverk AS Nyregistrering i Vindafjord Adriatic Travels AS Atms Bente T. Barane’s Herbalife Bhc-Eiendom DA Bjarte Berge AS Bjarte Berge Invest AS Bob Worker AS Byre & Henriksen AS Dagsland Miljø AS Din Jakt AS G. O. Elvebakken-Invest AS Geir Harald Skeie Hatlelid AS Helgevold Eiendom Holding AS Helgevold Elektro Holding AS Hetland Mjølk DA Horre AS Hundseid Bygg Og Laft Isolager Vest Kalveland Isvik Kafe Baardsen Knapphus BensinstASjon AS Kristian Voll Magnar Larsen,Fjellstøtt Nina Pizza AS Nordtveit Eiendom AS Norstec AS Omb AS Omb Invest AS Osmund Stople JR Ove Kaldheim Holding AS Ove Kaldheim Invest AS Polscan Spolka Z Ograniczona Odpowiedzialnoscia 7 Siste måltid for ka fé Både Stordalen og Skjold neste år Mindre enn eitt år etter at Isvik Kafe Baardsen starta opp i Skjold, har eigaren bestemt seg for å avvikle. Arne Carsten Baardsen meiner han ikkje lenger har ei husleige til å forsvare vidare drift. To store vegprosjekt på E134 i Etne og Vindafjord kan starte neste år. Både Skjold og Stordalen er blinka ut med løyvingar i 2011 i handlingsprogrammet til Statens vegvesen. Jon Edvardsen jon.edvardsen@grannar.no Jon Edvardsen Isvik Kafe Baardsen vart oppretta i februar i fjor og dørene opna 15. mars. Av dei 50 nyregisterte selskapa i Vindafjord i 2009, er enkeltmannsføretaket i Isvik utvilsamt blant dei som får ei kortast levetid. Drifta blir avvikla i mars og kafeen har dermed hatt ei levetid på ganske nøyaktig eitt år. Det har vore kafé i lokala i mange år, men Baardsen overtok i fjor då dei tidlegare eigarane bestemte seg for å slutte. I ein overgangsperiode var kafeen stengt. jon.edvardsen@grannar.no Millionane rullar også ut over E134 frå Drammen til Haugesund i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2010 til 2013. Det er ei konkretisering av Nasjonal transportplan (NTP). Ny E134 gjennom Skjold med to tunnelar, skal får 70 millionar kroner i 2011, 90 millionar i 2012 og 20 millionar kroner i 2013, samla 180 millionar kroner. Haugalandspakken bidrar med mest, med 120 millionar kroner. Stordalstunnelen med ny tilkopling til Skånevik får 20 millionar i 2011, 150 millionar kroner i 2012 og 80 millionar i 2013. Strekninga har gammal reguleringsplan, og kostnaden på 250 millionar er difor litt usikker. Finansieringa er avhengig av at både Etne og Stortinget godtar ny forlenging av bompengeperioden i Åkrafjorden. Bilistane skal betale meir i bompengar enn det staten går inn med av direkte løyvingar. Små marginar — Jo, det er definitivt. Eg vil selje bedrifta som den er, eller inventar og eigedelar stykkevis. Drifta ber ikkje kostnadene lenger. Husleiga er blitt for dyr, seier kaféeigaren. Då han overtok fekk han den same husleiga som den tidlegare eigaren, men frå årsskiftet meiner han husleiga er blitt så høg at kafédrifta i Isvik ikkje kan bere det. Marginane er små, og stille vintermånader gir raude tal i denne årstida. Men det er vanleg å hente inn igjen med større omsetning i sommarhalvåret. — Det er ikkje god butikk, eg meiner det er mogleg å drive kafeen med rimeleg kostnader. Det har eg ikkje lenger, og då er det ikkje verd innsatsen. God start Av dei nyregisterte selskapa i fjor, er Isvik Kafe Baardsen blant dei som også betyr arbeidsplassar for Vindafjord. Bedrifta har to tilsette som deler på 1,6 årsverk, pluss at Arne Carsten Baardsen har det han karakteriserer som meir enn full stilling. Ektefellen hans arbeider i Haugesund, men deltar også i kafeen. I tillegg arbeidet eit par skuleelevar litt på søndagar. — Alt låg til rette med eit godt Ølen-Ølensvåg Arne Carsten Baardsen gir opp å drive kafé i Isvik. Blant dei nystifta føretaka i Vindafjord i 2009, har Isvik Cafe Baardsen fått ei uvanleg kort levetid. foto: Jon Edvardsen team på kafeen, og skjoldabuen er flink til å bruke kafeen. Eg føler vi har fått god kontakt med bygdefolket. Difor er det synd at det går slik, seier Baardsen. Han og ektefellen har fått seg husvære i Isvik, og trivest med det dei hoppa på. Solveig Pedersen frå Haugesund er i gang med å servere torsdagens komlemiddag, og har berre lovord om arbeidsplassen. — Det er den beste arbeidsplassen eg har vore på, og du skal leite lenge etter like gode sjefar som Baardsen. No veit eg ikkje kva eg skal finne på, seier ho. Søndagen stor Kafeen har 60 sitjeplassar, og på ein god søndag serverer dei rundt 200 middagar. Baardsen er i gang med å koke sausen til den neste, tre timar for å få den rette smaken. — Søndagen er det heilt store for oss. I dag er det førebels ganske stille. Eg trur mange eldre har husarrest på denne glatta som er. Det er litt risikabelt, fortel han. Det er første gongen Baardsen har starta ei bedrift aleine. Det gjorde han i ein alder på 68 år. — Eg har drive med mat i 53 år, og eg såg ingen grunn til å pensjonere meg. Eg hadde lyst til å ha noko å gjere på, og ville ikkje gi meg. Kokken har tidlegare arbeidd på hotell i Stavanger, og det private eldretilbodet Skipper Worse, og vikariert som kokkelærar. — Det er ideelle lokale og utstyret vi har er på topp. Som du ser, vi trivest med å ha det reint og alt på stell, seier han. Men i mars skal han koke det siste måltidet på kafeen i Isvik. Livsstil som levebrød Roald Kaldheim Holding AS Roald Kaldheim Invest AS Bedrifta er førebels på hobbybasis, men Bente T. Barane arbeider målretta for at helse og livsstil skal bli levebrødet. Sagatun-1 AS Skjold Bygdahus BA Sæbø Pøbben T J Service To Humler AS Utbjoa Armering Og Sveis AS Vidar Øvrevik AS Vik Per Vikaneset Panorama AS Vikedal Gardsmat Westcon Technology AS Yrkes Maskin Ølen Mjølk DA Åkra Stilasutleige AS Bente T. Barane har starta sitt eige selskap i 2009 der helse og livsstil skal bli levebrødet. Den 41 år gamle sjukepleiaren hoppa av sjukepleiaryrket for eit par år sidan, og i fjor etablerte ho Bente T. Barane’s Herbalife saman med ektefellen Øyvind Barane som arbeider i Nordsjøen, men som også engasjerer seg i temaet livsstil. Barane arbeidde i ulike leiarstillingar i omsorgstenesta i Vindafjord før ho ville ha ein pause. — Eg ville styre tida mi sjølv, vere sjølvstendig og stå på eigne bein. Eg er opptatt av helse og livsstil, og har lyst til å drive med noko eg brenn for, seier Barane. Til no har ho hatt lokale heime i kjellaren i Vikebygd der ho har helseprodukt, men ho har arrangert kurs og helsetreff om temaet livsstil. Mot Haugesund No tar ho steget litt vidare og har leigd lokale i Haugesund, der ho skal drive aktivlivsstilsenter saman med Siri Jamne frå Skjold. — Vi startar på deltid, og satsar 3,2 millionar i 2012. Håfoss bru på E134 i Etne skal utbetrast for 2,2 millionar kroner i 2011. Felles plan — Fleire store prosjekt er på plass i denne runden, men vi må slost for å få vår del av sekkepostane. Vi må også arbeide for nytt kryss i Ølensvåg og resten av gang- og sykkelstien langs E134 som manglar opp til avkøyringa til Frønsdal, seier Bergsvåg. Han har store forhåpningar til ein felles kommunedelplan for Etne og Vindafjord som skal ta for seg traseen frå Knapphus til Stordalen. — Vi får ingenting inn i Nasjonal transportplan før traseane er avklara, og den nye perioden startar i 2014. Eg trur både departementet og vegvesenet ser positivt på at lengre strekningar blir sett i samanheng. Det er dette vi kan bidra med lokalt i kampen om samferdslekroner, seier vindafjordordføraren. Handlingsprogrammet har plassert Haukelitunnelane i perioden 2014-2019 med 1,75 milliardar kroner der staten skal bidra med 450 millionar. Litt fleire konkursar Litt fleire konkursar og litt færre nye føretak. Det er status på føretaksfronten i Etne og Vindafjord i 2009. Presangbuo DA Pøbben Sølvi Holthe — Eg er glad for at intensjonane i NTP og det som er sagt før, blir følgt opp. Den var eit taktskifte og eit løft for samferdsla i Noreg, seier ordførar Arne Bergsvåg i Vindafjord. Han siktar til at NTP 2010-2019 fekk ein auke i rammene på om lag 40 prosent samanlikna med den forrige perioden. I handlingsprogrammet får gang- og sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg til saman 17,7 millionar kroner for 2012 og 2013. Det betyr at det manglar 7 millionar som må inn etter 2013. Nytt kryss i Ølen sentrum ved Rv 514 mot Sandeid får 5 millionar i 2011 og Ordførar Arne Bergsvåg har store forhåpningar til at ein felles plan for E134 i Etne og Vindafjord skal gi resultat i neste transportplan. fullt for å byggje det opp til noko større. Betre helse og eit aktivt liv er ikkje blitt mindre viktig for folk. Livsstilssjukdommar som fedme og diabetes er stadig aukande, seier ho. Så langt har alt gått knirkefritt, men ho trur det er helt andre utfordringar for dei som skal leve av det dei starta opp, frå dag ein. Ho har starta opp med ein hobby som ho har eit større mål for. Det er også ein slankebransje gjennom å selje kostprodukt og få folk over på ein meir aktiv livsstil. Det handlar både om produkt, kurs og personleg rettleiing. Spent på nysatsing — Eg har eit personleg engasjement i det eg driv i. Og at personar får ei betre helse og føler seg betre, ligg også til sjukepleiaryrket. Det handlar om å ete rett og ta vare på helsa. Dessutan skal vi vere ein sosial treffstad og motivere dei som vil endre livsstil. Bente T. Barane er spent på nysatsinga i Haugesund der utgiftene blir større, og inntektene må samsvare. Ho meiner det kunne vore mogleg å utvikle verksemde med base i Vindafjord, men at det er mykje lettare i eit meir folkerikt område som Haugesund. Starten på det heile var at ho sjølv tok av 10 kilo gjennom å endre livsstil, og dermed fekk meir energi og overskot med på kjøpet. Tala frå Brønnøysundregistrene viser ein tendens i at det går litt tregare for føretaka i distriktet. Det er ikkje like stor fart i nyetableringar i 2009 som året før. Det er også litt fleire konkursar i fjor enn året før. Det er dessutan litt fleire som er blitt oppløyste og sletta som føretak. Talet på nyregistrering av føretak kunne tyde på god knoppskyting i næringslivet med nye arbeidsplassar. Men mange er registrering i nytt føretak for aktivitet som har eksistert tidlegare. Dessutan er mange selskap passive utan reelt tilsette, og reine investeringsselskap. Føretak Nyregistrering Konkursar/tvangsavvikling Oppløyste/sletta 2009 2008 2009 2008 2009 2008 Vindafjord 50 55 8 6 39 33 Etne 29 4 1 17 9 12 Kjelde: Brønnøysundregistrene
© Copyright 2024