ÅRSPLAN FOR STARDALEN BARNEHAGE 2012/2013 INNHALD • PRESENTASJON AV BARNEHAGEN • ÅRSPLANEN SITT FØREMÅL • MÅLSETJING FOR DET PEDAGOGISKE ARBEIDET I STARDALEN BARNEHAGE • FAGOMRÅDA • DOKUMENTASJON • BARN SIN MEDVERKNAD • FORELDRESAMARBEID • OVERGANG BARNEHAGE- SKULE • TRADISJONAR I STARDALEN BARNEHAGE • MØTEVERKSEMD I STARDALEN BARNEHAGE • SATSINGSOMRÅDE FOR STARDALEN BARNEHAGE 2012/2013 • DRIFTSPLAN FOR BARNEHAGEÅRET 2012/2013 PRESENTASJON AV STARDALEN BARNEHAGE Stardalen barnehage er ein privat, foreldreeigd barnehage for barn i alderen 1 til 6 år. Barnehagen har 16 plassar og held til i Stardalen Bygdetun, 15 min frå Skei i Jølster kommune. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til blåbærtuene, fotballbana, skogen, akebakkane og grova, noko som innbyr til leik og moro gjennom heile året. I tillegg har barnehagen eit nært og godt samarbeid med lokalmiljøet og blir ofte invitert på gardsbesøk. Barnehagen er viktig for både små og store i lokalmiljøet. Det er ein trygg plass å vere, og er ein viktig arena for sosialisering. Barnehagen er ein organisasjon som er med på å påverke og oppdra dei som er her kvar enkelt dag. For foreldra og barna kan det vere eit viktig knytepunkt, der ein blir kjend med nye menneske og knyter nye nettverk. Kontaktinformasjon: Tlf: 57 72 89 94 Styrar (mobil ): 90 83 35 85 E-post: styrar.barnehagen@stardalen.no Nettside: http://barnehagen.stardalen.no/ Presentasjon av personalet Norunn Osen 100% – styrar og pedagogisk leiar Malene Heggheim 100%- assistent, fram til sommar 2013 Inger – Lise Lillemo 60%- assistent, er i fødselspermisjon frå november 2012 fram til september 2013 Ann Elise Mære 80%- assistent Inger –Anita Veiteberg 40%- assistent Ann Kristin Bruland- ringevikar Britt- Jannicke Sunde Lundal- ringevikar Tage Årdal- ringevikar Litt om barnehagen Kjernetida i barnehagen er mellom 1000-1400 kvar dag. Vi ynskjer difor at barna er i barnehagen i dette tidsrommet. Dette fordi vi har turar og aktivitetar som skal følgjast. Ring innan kl. 0930 om De blir forsinka eller for å melde om sjukt barn. Vi har fast turdag på måndagar. Då ynskjer vi at barna skal vere komne i barnehagen innan kl.0930. Opningstida er 0730-1630. Dagsrytme i Stardalen barnehage 0730: Barnehagen opnar 0730- 0900: Fri leik på avdelinga. Barn har moglegheit til å ete frukost. 0900-0915: Ryddetid. Vaksne og barn ryddar på plass leikar. 0915-0930: Samling. 0930: Do/ bleieskift før aktivitet. 0930- 1100: Aktivitet. Ute/inne. 1100: Vaske hender før lunsj. Tar fram matpakke. Ordensbarn hjelper ein voksen med tralla og dekke bord. 1100-1130: Lunsj 1130- 1230: Roligtid på avdelinga. Vi vaksne set oss ned med barna i kosekroken og les bøker. 1230- 1630 : Utetid/ frileik. Bleieskift og do. 1415: Ein vaksen tek med seg nokre barn og deler opp frukt. 1430: Ete frukt. 1630: Barnehagen stengjer. Ved sjukdom hos personalet og barna For å hindre smitte og beskytte vaksne og barn mot sjukdom, ber vi foreldre og personalet halde seg heime i 48 timar ved oppkast/diare. Ved influensa hald barnet heime inntil det er feberfri. Barn med feber treng ro og kvile, og har ikkje ei positivt og god oppleving av å være i barnehagen. Dette gjeld også personalet. Måltid i barnehagen Barna har mellom 0730- 0900 moglegheit til å ete frukost, som De foreldre tek med til barna. Lunsj tek De også med til barna. De foreldre betalar matpengar kvar månad. Dette går til at barna får mjølk til frukost / lunsj og frukt kvardag. Annakvar veke, har vi 1 dag med middag. Matpengane dekkjer også dette. Vi varierar middagane kvar gong. Målet vårt er at barna skal få forskjellige opplevingar av mat, smak og deltaking av matlaging. ÅRSPLANEN SITT FØREMÅL Årsplanen er eit arbeidsdokument tilpassa Stardalen barnehage. Den vert nytta som arbeidsverktøy for personalet i barnehagen, og skal samstundes gje foreldre og andre interesserte innsikt og informasjon om mål og innhald i barnehagen. Årsplanen baserer seg på barnehagelova og rammeplanen. Stardalen barnehage sin årsplan gjeld frå 01.08.12 – 01.08.13. Stardalen barnehage er opptatt av ”her og no” opplevingar. Desse er ofte impulsive. Det kan vere glade, triste og spanande ting som skjer med barna, familie og nærmiljøet kring oss. ”Her og no” opplevingar gjev ofte barna glede og læring. Det vil derfor vere viktig å ta seg tid til dette, sjølv om det ikkje er nedfelt i skrivne planar. Det kjem informasjon i hyllene i tilfelle store forandringar. Barnehagen har vekeplanar og månadsplanar som er basert på årsplanen, fagområda i rammeplanen, barna sine interesser og barna sitt nærmiljø. I vår dokumentasjon vil du kunne følgje med på korleis vi nærmar oss desse hovudområda på ulike måtar gjennom kvardagen. Det vil bli lagt vekt på eit heilskapleg læringssyn. MÅLSETJINGA FOR DET PEDAGOGISKE ARBEIDET I STARDALEN BARNEHAGE Personalet i Stardalen barnehage skal saman med foreldre og barn skape ein kvardag som fremjar fellesskap, leik , trivsel og læring. Vi vil gjennom bevisst observasjon av handlingar, samspel, utsagn og gjenstandar, synleggjere tankar og teori som i sin tur skal bidra til et nytt syn på praksisen vår. Vi prøver å Leggje til rette slik at foreldre og born medverkar i planlegging, vurdering og utvikling av tilbodet. Sjå på barn som unike, kompetente og aktive i eiga læring og utvikling. Skape eit miljø der barna skal føle seg trygge, føle tilhøyring til gruppa og lære/bidra til å utføre positive normer for samhandling. Ha eit innhald som gjev barna relevant kompetanse gjennom leik, læring og opplevingar. Vere innom alle dei 7 fagområda i rammeplanen. Leggje til rette for at barna skal få moglegheit til å verte sjølvstendige, ha omsorg for kvarandre, vise toleranse og ta omsyn til sine medmenneske Dette skal vi gjere ved å Involvere foreldre og barn i den daglege drifta av barnehagen. Legge opp til at store barn hjelper små barn. Fremje leik, både frileik og vaksenstyrt leik. Gje barna moglegheit til aktiv læring. Gje barna arbeidsoppgåver dei kan meistre. Gjere barna kjent med vår kultur og tradisjon ved å bruke drama, musikk, song, lesing, turar og fysisk aktivitet. La det vere rom for ”her og no opplevingar” FAGOMRÅDA Målet for Stardalen barnehage er at barna skal oppleve gjennom varierte vaksenstyrte aktivitetar, leik og i relasjonar/samhandling med vaksne og barn ,ei utvikling og læring på alle desse områda. I Stardalen barnehage møter barn dei sju fagområda gjennom arbeid med månadstema, som blir synleggjort i månadsplanar. RAMMEPLANEN SINE SJU FAGOMRÅDER 1. Kommunikasjon, språk og tekst 2. Kropp, rørsle og helse 3. Kunst, kultur og kreativitet 4. Natur, miljø og teknikk 5. Etikk, religion og filosofi 6. Nærmiljø og samfunn 7. Tal, rom og form «Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter. « (Barnehagelova §2 , barnehagens innhold) DOKUMENTASJON I Stardalen barnehage dokumenterer vi kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Barna sin kvardag skal synast. Dette gjere vi ved å: • Ta mange digitale bilete. Foreldre får desse bildene sendt ut på mail i lag med månadsbrevet. • Kvart barn har si eiga skuffe i barnehagen. Her tek vi vare på kunstverk barna lagar. • Dagleg prat i hente/bringe situasjon. Vi fortel om kva som har hendt gjennom dagen. Dette prøver vi få til kvar dag • Vi synleggjer arbeid med månadstema ved å henge opp og stille ut det vi lagar, og skifter ut dette kvar månad. Kva betyr dokumentasjonen for barna, dei tilsette og føresette? • Dokumentasjon er, for barna, ein måte å kunne gjenkalle sine opplevingar med eit tema / prosjektarbeid. Barna kan følgje ein prosess, hugse tilbake til, og samtale om det de har erfart på vegen. • For dei tilsette er dokumentasjon nyttig i sporingsarbeidet etter nye prosjekter/tema. Det gjev oss høve til å reflektere over vår rolle i høve til arbeidet med barna, samt å kunne følgje barna si utvikling og aktivitetsnivå. Barnehagen sin dokumentasjon gjev dykk føresette og andre som er i kontakt med oss, høve til å få eit innblikk i kva barna faktisk opplever, lærer og gjer når dei er i barnehagen • Ta kontakt om de lurer på noko! BARN SIN MEDVERKNAD Barna i Stardalen barnehage skal ha medverknad på eigen barnehagekvardag. Med medverknad meiner vi at barna i fellesskap med andre barn og vaksne skal planlegge og vurdere barnehagekvardagen. Vaksenrolla vert her viktig. Dei vaksne må vise at det barnet seier og gjer er viktig. For at barna skal få høve til å vere med å forme eigen barnehagekvardag må personalet gje ifrå seg makt. Vi må difor arbeide med våre haldningar og veremåtar, slik at barna forstår at det dei ynskjer å gjere vert sett. Det er personalet som har ansvar for innhaldet i barnehagen. Barna får medverke i sin barnehage kvardag i Stardalen gjennom ⟣Månadstema, songar, samling, bøker , middag, leik og aktivitetar i barnehagekvardagen er basert på og inspirert av barna sin leik, innspel og interesser. ⟣Dette gjere vi mogleg ved at barna blir møtt av vaksne som tek dei på alvor, og har respekt, anerkjenner og har ei forståing av barna som gruppe, enkeltindivid og barndommen sin eigenverdi. FORELDRESAMARBEID Samarbeidet mellom føresette og barnehagen er grunnleggande for at vi skal oppnå gode vilkår for barnehagen sin formålsparagraf: ”barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse med barnas heim”. Dette ønskjer vi å sikre gjennom: Foreldreråd ⇨Foreldrerådet består av alle foreldre i barnehagen. Samarbeidsutvalg ⇨ Ut i frå foreldrerådet vel ein 1 representant til samarbeidsutvalget. Utvalget fremste oppgåve er å skape eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for alle de partar som har ansvar for drift og innhold. Foreldremøte ⇨Det vert sett opp eit møte der hovudoppgåvene er informasjon frå barnehagen og val av foreldrerepresentant til samarbeidsutvalet. Dagleg kontakt ⇨Her utvekslar vi daglege og korte beskjeder slik at foreldre kan ha ein kjensle av korleis dagen har vore. Viktig del av denne informasjonen finn de i på vekeplan / månadsplan som heng i garderoben. Foreldresamtaler ⇨Det vert lagt til rette for to foreldresamtaler pr. barn pr. år frå barnehagen side, det er ingen ting i vegen for å setje opp fleire ved behov/ønskje Brukerundersøkelser ⇨En gang pr. år har vi ein brukarundersøking for å få en kjensle av korleis vårt tilbod blir opplevd. OVERGANG BARNEHAGE- SKULE Det er laga eigneretningslinjer for overgang barnehage – skule, desse gjeld for alle barn i Jølster kommune: • Innan 15 september året før barna tek til i skulen, sender barnehagen ut nytt samtykkeskjema som gjeld overføring av informasjon frå barnehage til skule. • Ved vurdering av forseinka skule start må dette meldast til kommunen innan 15 februar. • I mars er det innskriving på skulen, de får tilsendt eit skjema som de skal fylle ut og levere på skulen. • Det er anledning å be om individuell samtale, dette bør avtalast på førehand. • Det skal gjennomførast foreldresamtale i mars/april, her skal det avklarast kva skriftleg informasjon som skal overførast til skulen. ”Skule barna” i barnhagen besøker skulen i april/mai. • Kontaktlærar, eller ein annan frå skulen besøker barnehagen i Mai. • Barnhagen har overføringsmøte med skulen i mai/juni. • Dei kommande elevane er på ” Bli-kjendag” i juni. • Skulle du har barn som treng ekstra hjelp/støtte i barnehage og skule, verdt det drøftingar med PPT i januar/februar. • Søknaden om tileggsressurs vert sendt frå barnehagen innan 15. februar. TRADISJONAR I STARDALEN BARNEHAGE • Foreldrefrukost påske • Påske Årshjul 2012-2013 • 17.mai Tema: • Avsluttningstur / • Lucia overnattingstur til Alværa • Advent / jul for førskulegruppa • Nissefest • Sommaravsluttning / • Karneval Dugnad for barn og • Barnehagedagen 15. mars vaksne i bhg Lucia Karneval MØTEVERKSEMD I STARDALEN BARNEHAGE Møteverksemd i barnehagen: • 5 planleggingsdagar i barnehagen. Informasjon blir gitt i god tid på førehand. • Personalmøter ca 1 gang i mnd. på kveld • Foreldremøte 1 til 2 gongar i året. • Styremøte ca 2-4 gongar pr.år • Samarbeidsutvalsmøte ca 2-4 gongar pr. år Satsingsområde for Stardalen barnehage 2012/2013 ⟣ Språk, tekst og kommunikasjon 1. Barna skal få moglegheit til og aktivt bruke språk til å fortelje om sine opplevingar, ytre sine meiningar og synspunkt. 2. Barnehagen skal gjennom barnelitteratur, rim og regler, song, dramatisering av eventyr og forteljingar auke barn si lyst , kreativitet og fantasi, og skape rom for at barn kan skape sine forteljingar og forteljarglede. 3. Barna skal bli presenterte for fleire typar barnelitteratur. Blant anna bildebøker, eventyr og bøker med tema. 4. Bøker, bilder, dramtisering av eventyr gir barna sin leik nye tema og rollefigurar som dei kan gjennom sin fantasi utforske og utvikle. 5. Å bli lest for saman med andre vaksne og barn aukar interessa for tekst og bilde. 6. Barna får gjennom aktivt bruk av språk og læring i setje ord på sine følelsar, intensjonar og vilje, auka ferdigheiter i samarbeid med andre barn og vaksne. 7. Barna skal oppleve glede og meistringskjensle ved å bruke språk aktivt. ⟣ Sosial kompetanse Saman har vi det kjekt! 1. Barna skal ha erfaring med kva det vil seie å være ein venn og ha vennskap i barnehagen. 2. Barna skal auke sine sosiale ferdigheiter i å ta omsyn til og ha respekt for kvarnadre. 3. Vaksne skal gjennom å være gode rollemodellar syne og gjennom samtalar med barna; - Korleis er vi med kvarandre - Korleis snakkar vi til/med kvarandre - « Kan du….» - «Takk» - Vaksne er tilstades saman med barna, og veileder barna i sosiale ferdigheiter. - Vaksne som gir meir positive tilbakemeldingar enn negative tilbakemeldingar til barna. 4. Barn og vaksne skal saman skape eit inkulderande miljø i Stardalen barnehage. 5. Barna skal oppleve ein barnehagekvardag som er prega av glede, humor, meistringskjensle og «eg er god nok» Driftsplan for Stardalen barnehage 2012/2013 Juli/August 30. juli 31. juli Planleggingsdag for personalet Oppstart for borna September 23. sept Planleggingsdag for personalet i barnehagen, i lag med dei andre barnehagane i Jølster Oktober Høstferie mån.8.- fr.12 – skulen November 16.november planleggingsdag Desember 21. des Januar 2. jan 3. jan Siste barnehagedag før jul I romjula er barnehagen open dersom det er behov for det torsdag 27 og fredag 28. des Planleggingsdag for personalet Første dag for borna etter nyttår Februar 18-22. feb Vinterferie på skulen Mars 27. mars 28. mars 1.april Påske, barnehagen er stengt frå torsdag 28. mars til og med måndag 1. april April 2. april Fyste dag for borna etter påske Mai 1. mai 9. mai 10. mai 17. mai 20. mai Arbeidarane sin dag, offentleg høgtidsdag, Kr. Himmelfart, barnehagen stengt. Planleggingsdag for personalet Grunnlovsdagen 2. pinsedag 12. juli Veke 29, 30,31 Siste dag før sommarferie Sommarferie 5.august er planleggingsdag Juni Juli Riv av og lever til avdelinga TIL FORELDRE/FØRESETTE I STARDALEN BARNEHAGE Sett kryss for det som passar! I løpet av barnehageåret vil det bli teke ein del bilete og det vil bli filma små videosnuttar i barnehagen. Dette materiellet vil bli brukt til eige bruk; presentasjon til foreldre/føresette, etter kvart på eigen heimeside og til observasjonar. For å gjennomføre dette, må vi ha løyve frå deg/dykk på ulike område: Løyve til turar utanfor barnehagen sitt område; Ja:________ Nei:_______ Skogen, kafé og andre stader… Løyve for å ta barnet med i buss og taxi: Ja:_____Nei:_____; Gardsbesøk, skituren, heimebesøk… Løyve for fotografering av barnet; Ja:________ Nei:_______ Til bruke internt, - album og liknande… Løyve for filming av barnet; Ja:________ Nei:_______ Brukast internt i forhold til observasjonar, framvising til foreldre og barn… Løyve til at barnet kan bli henta av andre (evt. søsken) som er under 18 år; Ja:____Nei:_____ Dette er tryggleik i høve til ansvar og forsikring i høve eventuelle ulykker på vegen heim frå barnehagen… Løyve til at personale kan skrive ned gullkorn og nytte desse til sitat i pedagogisk dokumentasjon og referat i månadsplanar: Ja_________ Nei_________ Løyve til å gå i kyrkja Ja_________ Nei_________ Løyve til å nytte skjema ”ALLE MED”, TRAS og ASKELADDEN som karteggingsskjema Ja_________ Nei_________. TRAS vert nytta på barn frå 2år, og ASKELADDEN ved 4år og ved behov. Jølster ……/…... 201… Underskrift:…………………………………………
© Copyright 2024