Fagskulane i Hordaland ARBORIST Bli arborist ved Hjeltnes fagskule Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Du kan arbeide praktisk i ei bedrift som utfører trepleietjenester eller du kan arbeide som konsulent. I alle ledd er det viktig med gode fagfolk som har trepleiefaglig kompetanse. Arborist er eit praktisk yrke og gjennom studiet må du arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tåle høgder er nødvendig. Om studiet Fagskuleutdanningar er ei yrkesretta vidareutdanning, som byggjer på vidaregaånde opplæring. Arboristutdanninga er eit studie tilsvarande 1 år på fulltid, som Hjeltnes fagskule tilbyr på deltid over 2 skuleår. Det vert samlingar på skule kombinert med praksis i bedrift og nettbasert. Inntakskrav: Fullført utdanning som anleggsgartnar, gartnar, agronom, skogsoperatør, studieførebuande naturbruk eller tilsvarande. Du kan søke på grunnlag av realkompetanse og relevant arbeidserfaring. Søkjar må ha dokumentert opplæring i bruk av motorsag, erfaring med bruk av motorsag er ein fordel. Studiet: Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/ førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skule, prøver/testar og praksisdagar. Skulen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Norge. Det vert samlingar på skule om lag ei veke kvar månad. Dei fleste samlingane vert på Hjeltnes, men nokre samlingar vert lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skule må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis, det andre året skal studentane ha 7 veker praksis. Praksisbedrifta skal ha ein fagleg ansvarleg, som har ansvar for studenten. Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift. Utgifter Utdanninga er eit tilbod frå Fagskulane i Hordaland, Hordaland fylkeskommune. Det vert ikkje kurspengar for studiet. Utgifter for studentane er personleg klatreutstyr og bøker, samt reise og opphald på samlingane. Du må også ha tilgang på data-maskin og internett, då studiet nyttar læringsplattforma It`s learning. Fag Heile utdanninga er omtala i studieplanen. Her er eit utdrag frå studieplanen, om innhaldet i faga: Klatreteknikk Mål i faget: 1. Studenten skal ved hjelp av høveleg og godkjent utstyr, kunne klatre og arbeide effektivt og sikkert i etablerte tre. Trebiologi og treøkologi Mål i faget: 1. Studenten skal kunne gjere greie for treet sin fysiologi og anatomiske bygnad 2. Studenten skal kunne forstå korleis treet responderer på mekaniske skader 3. Studenten skal tileigne seg overordna kunnskap om treet sin plass i evolusjonshistoria, samt kunnskap om naturlege vekseplasser for tre 4. Studenten skal kjenne til tre som leveområde for andre organismar Vekstfaktorar Mål for faget: 1. Studenten skal kunne vurdere jord, vatn og næringstilhøve for tre, og kunne tilrå og gjennomføre aktuelle tiltak Planting, trepleie og fellingsarbeid Mål for faget: 1. Studenten skal kunne utføre planting og flytting av tre, etter prinsippet om beste praksis for fagområdet 2. Studenten skal kunne planleggje og utføre alle typar skjerningsarbeid, etter prinsippet om best praksis for fagområdet 3. Studenten skal kunne identifiserer treet sitt stabiliseringsbehov, samt føreta val av stabiliseringssystem og utføre installasjonsarbeid 4. Studenten skal i samband med byggje- og anleggsarbeid kunne identifisere behov for sikring av tre, samt planleggje og utføre aktuelle tiltak 5. Studenten skal kunne utføre fellingsarbeid på ein trygg og sikker måte 6. Studenten skal ha kjennskap til det vanlegaste utstyret brukt innan trepleieområdet i dag 7. Studenten skal ha kjennskap til lover, føreskrifter og retningslinjer som til ei kvar tid er gjeldande for dei arbeidsoppgavene som vert utført 8. Studenten skal ha kjennskap til rettsvern for tre Bruk av tre og faget si historiske utvikling Mål for faget: 1. Studenten skal kjenne til arborkulturen si utvikling, korleis tre har vore nytta gjennom historia, samt mytar, tradisjonar og tru kring bruken av tre 2. Studenten skal kjenne dei viktigaste treslaga i Norge, med bruksområde og eigenskapar 3. Studenten skal ha kjennskap til dei viktigaste faktorane det må takast omsyn til, ved val av treslag til ulike grøntområder 4. Studenten skal kjenne situasjonar der tre eller enkelte treslag bør unngåast 5. Studenten skal ha kjennskap til prakstiske bruksområde for trevirke Tilstandsvuredring, treregistrering og økonomisk verdivurdering av tre Mål for faget: 1. Studenten skal kunne utføre treregistrering og kjenne til dei viktigaste grunnprinsippa for tilstandsvurdering og økonomisk verdivurdering av tre Sjukdom, skadegjerarar og abiotiske faktorar Mål for faget: 1. Studenten skal tileigne seg kjennskap til dei vanlegaste skadegjerarane og abiotiske skadane på tre Bedrift - marknad, etikk og moral mål for faget: 1. Studenten skal kunne utføre marknadsrelaterte oppgåver i bedrift 2. Studenten skal kunne gjere greie for dei mest sentrale prinsippa for organisering av arbeidet 3. Studenten skal kunne gjere greie for kor viktig det er at bedrifta har eit velfunngerande system for HMS, samt gjennomføre rapportering 4. Studenten skal kunne følgje etiske spelereglar overfor tilsette, kundar, leverandørar og samfunnet og ha ei etisk bevisstgjerning som gjer at dei følgjer lov- og avtaleverk i si verksemd Om Hjeltnes Hjeltnes fagskule er ein av fagskulane i Hordaland, eigd av Hordaland fylkeskommune. Hjeltnes fagskule ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden, omlag 15 mil frå Bergen og 35 mil frå Oslo. Hjeltnes fagskule har tilbud om arboristutdanning. I den vidaregaånde skulen har vi tilbod om naturbruk, anleggsgartnar, gartnar og blomsterdekoratør. I tillegg driv vi Hjeltnes kompetansesenter som tilbyr kortare kurs, fagdagar og vaksenopplæring innan gartnar. Skulen har internat som du kan bu på under samlingane. Søknadsfrist 15. april 2012 Søknadskjema finn du på heimesida til skulen: www.hjeltnes.vgs.no Send søknaden til Hjeltnes fagskule, 5730 Ulvik Hjeltnes fagskule 5730 Ulvik Telefon: 56538800 e-post: post.hfs@hfk.no www.hjeltnes.vgs.no
© Copyright 2024