hus og hjem e i e n d o m s m a g a s i n e t bilag til bergens tidende, NR. 165 fredag 22. juni 2012 foto: jan m. lillebø Industrieventyret som starta i Stongfjorden Ukens boliger Sageneset 24, Fana Vågslien 18, Tertnes Vi har kjøperne - du har valget! Krogsveen v/ Roger Glesnes, tlf: 91 66 15 34 Krogsveen v/ Fredrik Søreide, tlf. 55 61 00 00 Enebolig Prisant.: Kr 4.290.000,- Visning: Bra/P.rom: 188/185 kvm Tir. 26/6 kl 1800-1900 Enebolig Prisant.: Kr 6.990.000,- Visning etter avtale Bra/P.rom: 310/290 kvm Sjekk hvor mange kjøpere vi har til din bolig på www.krogsveen.no hus og hjem 2 n de fjor ng Sto | Bergens Tidende fredag 22. juni 2012 Stongfjorden A S K V O L L Atløy SOGN OG FJORDANE FJ A L E R Førde HORD. @ BT / Kartagena Fabrikkbyane Industristadene er urbane holmar i det vestlandske bygdehavet. På kort tid vaks dei fram, planlagde etter si tids byplanideal, med eit bygningsmiljø som er annleis enn i bygdene omkring. Bli med på vår reise til åtte vestlandske fabrikkbyar, frå Svelgen i nord, til Odda i sør. STONGFJORDEN 22. juni HØYANGER 29. juni SVELGEN 6. juli ÅRDAL 13. juli TYSSEDAL 20.juli ODDA 27. juli ÅLVIK 3. august YTRE ARNA 10. august Det er den same historia som går att på desse stadene som vaks fram i tida etter år 1900: Industrireisarar finn ein foss inst i ein fjord. Bønder sel fallrettar, gard og grunn. Kraftstasjonen vert bygd for å forsyna ein fabrikk som skal produsera varer verda har bruk for ved inngangen til ein ny og industrialisert tidsalder. Industribyggjarane forstår at skal dei klara å byggja opp ein stabil arbeidsstokk på desse avsidesliggjande stadene, må dei lokka med meir enn løn i lomma. Dei må byggja attraktive samfunn med gode familiehusvære for arbeidarar, funksjonærar og direktørar. Og alt må leggjast til rette for at alle får dekka ulike praktiske og sosiale behov. Arkitektane som får i oppgåve å planleggja dei nye tettstadene, er velutdanna og oppdaterte og inspirerte av rådande europeiske trendar innan arkitektur og byutvikling. Dei lagar byplanar med britiske hagebyar som ideal, dei planlegg grøne byar med parkar og allear og bustadhus med hage. Industrilandskapet i fabrikkbyane har endra seg. Industrieigarar har kome og gått. Fabrikkbyane har etter tur opplevd dramatiske omveltingar. Produksjonen har tilpassa seg nye tider. Rasjonalisering og effektivisering har redusert arbeidsstokk og folketal. Nokre bygningar og bygningsmiljø som var sentrale i dei nye fabrikkbyane, er borte. Men i hovudsak er bymiljøet som arkitektane planla tidleg på 1900-talet, intakt. Byane fabrikkherrane bygde, eigde og styrde er i dag på private hender. Og mange av dei nye eigarane tar vel vare på industriarven. Aller første alu-bygda Stongfjorden har ei stolt industrihistorie. Her låg det første aluminumsverket i Norden. Å kalla vesle Stongfjorden ytst i Sunnfjord for ein fabrikkby, er kanskje å ta vel hardt i. Ved den vegen som vert kalla Gata, låg det ein gong fem arbeidarbustader. No står eit einsleg hus att. Fabrikkhallen, som var aluminiumsfabrikk, blir brukt som lager for båtar og campingvogner. Turbinen, som skaffa kraft til aluminiumsproduksjonen, står på utstilling mellom elva og kanalen. Men den ombygde kraftstasjonen durar og går, og mange store og staselege bustadhus røpar at denne bygda har ei spesiell historie å fortelja. Dessutan har Stongfjorden tennisbane, som alle andre industristader frå første halvdel av 1900-talet. Banen i Stongfjorden er restaurert på dugnad. Butikken på hi sida av vegen leiger ut tennisrackertar til dei som måtte få lyst til å gå i sportsspora til tidlegare tiders kondisjonerte. Det var to bergensarar som kom med velstanden til Stongfjorden, fortel Malmfrid Stang. Sidan sist på 1970-talet har ho stått i spissen for å ta vare på industriarven på heimstaden. Ho hugsar dei gode industriåra, men har også vore med på nedturane. Advokaten Kristian Faye og fabrikkeigar P. Jebsen fekk hand om Stangfossen og starta industrieventyret. Dei bygde torvkolfabrikk, så jodfabrikk, fekk på plass eit kaianlegg, to staselege sveitserhus og skaffa bygda gateljos så tidleg som i 1898. Så tipsa dei British Aluminium Company om staden. Aluminiumsverket var i drift frå 1908 til i 1945. Etter det flytta mange til nye aluminiumsbyar, til Høyanger, Sunndalsøra og til Årdal. Norges Fiskarlag hadde base her nokre år med eige skipsverft. Då også dei la ned, flytta fleire hundre menneske. «Dødsens stilla kviler over Stongfjorden» skreiv Ludvig Jerdal i avisa Dagen i 1953. Frå Sunndalsøra kom det ein båt og henta mange familiar. Malmfrid Stang hugsar godt kor trist det TIL MINNE OM: Eit nytt busskur skal minna forbipasserande om at no reiser dei gjennom ei aluminiumsbygd. TENNIS FOR ALLE PENGANE: Fabrikkleiarar og funksjonærara på dei vestlandske industristadene må ha spela uhorveleg mykje tennis i første halvdel av 1900-talet. Tennisbanenen var ein viktig del av infrastukturen på dei nye industristadene. Ved den restaurerte banen i Stongfjorden ligg fleire bustadhus frå den første industrireisinga i 1898. var å sjå vener og kjende forlata bygda for godt. Sidan har fleire andre bedrifter kome og gått i Stongfjorden. I dag er det Stongfjorden Vekst med dagleg leiar Roy Sævik i bresjen, som jobbar for auka livskraft i fjordbotnen. No er målet å skapa eit næringsliv som har fleire bein å stå på. Snart skal Marine Harvest etablera seg her med landets største smoltanlegg. Sævik & co jobbar med eit tilflyttingsprosjekt. Til no har mange islendingar og fleire nederlendarar bite på. Og folk med røter i bygda flyttar heim att. Nokre byggjer nye hus, andre kjøper husa frå industritida. På det meste budde det 300 menneske her. I dag er talet 238. I ein gammal hage på beste utsiktsplassen i bygda tronar Turnerhuset frå 1907, den gamle direktørbustaden. Der har ein engelskmann slege seg ned. I lia oppom fabrikken ligg Villabyen, ei klynge med staselege bustadhus med store hagar, dei fleste bygde på 1920 og -30-talet FOLK I HUSA: Mange hus blei ståande tomme etter at aluminiumsfabrikken blei nedlagt. I dag er dei store bustadhusa velstelte og i bruk, enten av fastbuande eller feriefolk. I det vesle raude huset lengst til venstre var det kleshengarfabrikk med åtte tilsette. På ei flate bak dette bustadfeltet fekk fabrikkdirektøren laga grusbane i 1922. Direktør Turner skipa idrettslag og introduserte fotballen til bygda. Dette var lenge den flottaste fotballbanen i Sogn og Fjordane. No skal banen rustast opp. | Bergens Tidende fredag 22. juni 2012 hus og hjem 3 INDUSTRIARV: Takka vera redningsaksjonane til Malmfrid Stang, har fleire viktige industriminne blitt tekne vare på i Stongfjorden. Den gamle turbinen står som ei utsmykking ved badehuset til aluminiumsarbeidarane. Svigerson til Malmfrid, Roy Sævik, er leiar i Stongfjorden Vekst. Han har teke initiativ til at Stongfjorden og fleire andre industristader i Sogn og Fjordane skal kopla seg på den europeiske industriarvruta som har knutepunkt i Tyssedal. Dette er eit reiselivsnettverk som løftar fram kulturminnene i industrilandskapet. GATA: Aluminiumsfabrikken bygde fem bustadhus i Gata. Her var det 24 husvære for arbeidar-familiar. Gata gjekk mellom husa og ei rad med ved- og vaskeboder på baksida. Arbeidarane fekk hageflekkar til dyrking av bær og frukt. Nokre av dei hadde gris. Fordi Malmfrid Stang protesterte, vart eit av husa ståande då Gata vart riven i 1979. TRAFOEN: Med kulturmidlar skal den gamle trafostasjonen vølast for å bli keramikkverkstad, fortel Roy Sævik i Stongfjorden Vekst. av funksjonærar med gode lån frå fabrikken. Her bur blant andre Synne Lind Alsaker med familie. Ho og mannen er begge geologar som tilbyr sine tenester til oljeindustrien. I tillegg har dei opna vinkjellar i eit gammalt hønsehus. Der har Ole Paus halde konsert. Det kvite bustadhuset deira frå 1928, med raud dekor, ser ut omlag som det gjorde då det var nytt. Her ligg også losjehuset, som lenge var eit viktig forsamlingshus. Folkets Hus er rive, det låg mellom fabrikken og skulen. I Stongfjorden var det fabrikken som bygde skule og løna lærarane. Bygningen frå 1918, som den gongen også hadde to lærarbustader, er framleis i bruk, no som kombinert skule og barnehage. Messa var eit viktig hus på industristaden. Det var ein stor to-etasjers bygning som låg ved elva, oppom fabrikken. Først var her spisemesse og bustader, seinare kontor for dokter og helsesyster. Skuleborna gjekk til Messa ein gong i veka og fekk høgfjellssol, fortel Malmfrid Stang. Messa vart riven på 1970talet. Spillvatnet frå den ombyg- de kraftstasjonen går i ein kanal ned til fjorden. Mellom kanalen og elva er det i ferd med å veksa fram eit lite museumsområde. Her står turbinen Malmfrid Stang fekk redda frå knusing, og her har ho ved hjelp av fylkeskommunen fått bygd opp att Baden, garderoben og badehuset til aluminiumsarbeidarane. Oppom dette står kontorbygningen til fabrik- ken. Dit gjekk Malmfrid som lita jente og henta lønningsposen til far sin. Ho vil gjerne ha dette bygget med i det vesle industrimuseet i Stongfjorden. Eva Røyrane jan m. lillebø (foto) eva.royrae@bt.no
© Copyright 2024