SKI VINTEREN 2015 Bøfjord i.l. og Bæverfjord i.l. vil ønske alle velkomne til å delta på ulike arrangement gjennom vinteren. Vi håpar på nok snø og stabile forhold. Nedanfor er ein oversikt over vinterens arrangement. Når Tirsdagar kl. 18.00 Kva og kor Skitrim i Lysløypa i Slettå. Sal av kaffe og bakels. Gratis saft. Oppstart 6. januar Torsdagar kl. 18.00 Skitrening for born frå 6 år. Stad blir avtalt frå gong til gong. Oppstart 8. januar Laurdag eller søndag Skitrim på Bele Tek sikte på å arrangere skitrim på Bele når vêr og føre tillet det. Blir annonsert på www.bofjorden.net, www.trollheimsporten.no og på facebooksida til allidretten. Søndag 8. mars Lagsmesterskap og merkerenn i Settemsdalen eller på Settem Lysløypa skal vera oppkøyrt innan kl. 18.00 tirsdag og torsdag, og innan kl. 11.00 laurdag. Eventuelle endringar eller andre beskjedar blir annonsert på www.bofjorden.net, www.trollheimsporten.no og på facebookgruppa til Allidretten. Barnas Skimerke Går du mykje på ski, kan du skrive opp kor langt du går/køyrer/hoppar på ski og sette deg mål. Når du krava til din årsklasse kan Barnas Skimerka bestillast frå idrettsbutikken.no. Barnas Skimerke har følgjande klasseinndelingar, med krava til bronse, sølv og gull i parantes: Til og med 7 år (15 km, 25 km, 50 km) 8 – 9 år (25 km, 50 km, 100 km) 10 – 11 år (50 km, 100 km, 200 km) 12 – 13 år (100 km, 200 km, 300 km) Distansekort for registrering får du saman med bakels og kaffe på skitrimmen. Bakelsliste tirsdagar Skitrim nr. 1 2 3 4 5 6 7 Navn Elin Merete Hamnes Bjørge Aasbø Marit Sæterbø Johnsen Kristin Betten Linda Settemsdal Henrik Blekken Torbjørg Kristin Rosvoll Bøe Lars Settemsdal Per Gudmund Bøe Maria Yoon Garthe May Aina Bøe Ellen Iren Snekvik Inger Bøe Martha Gravvold Dei som skal steike og selje bakels og kaffe tek med seg to liter bakelsrøre kvar og ei kanne med kaffe kvar. Pengeskrin, syltetøy og saft leverast til nestemann på lista. Gjer opp kassa i samsvar med instruks i pengeskrinet.
© Copyright 2025