Midtsommartur med Hurtigruta M/S Trollfjord Ei eventyrleg reise langs norskekysten 7 dagars tur med avreise frå Bergen 29. juni 2014 Dette er den klassiske reisa med hurtigruta, M/S Trollfjord tek oss frå Bergen og vi reiser langs norskekysten til Kirkenes. Deretter er det fly tilbake til Bergen. På denne reisa kan du nyte det skiftande landskapet langs den vakre kysten av landet vårt. Her får du sjå fjordar , mektige fjell og små stader, du får oppleve den vakre naturen på nært hald. Bli med på denne reisa med flotte opplevingar, spennande utflukter, god mat og ein avslappande atmosfære. Dag 1, søndag 29.juni Vi går om bord i Hurtigruta m/s Trollfjord, som har avgang kl. 20.00, og etter at skipet har lagt frå kai kan du nyte synet av store og små øyer som vi seglar forbi på veg nordover. Måltid; middag Dag 2, måndag 30.juni Før vi kjem til Ålesund går turen forbi Nordfjord og når vi seglar forbi Vestkapp er vi i ope hav for første gong på denne reisa. Vi kjem til Ålesund, og her kan dei som ynskjer det ta ein bytur medan skipet seglar vidare inn Geirangerfjorden. Den trange fjorden er imponerande med sine fjell og fossefall. Tilbake i Ålesund kjem fleire gjester om bord, og turen går vidare medan vi nyt ein god treretters middag. Måltid; frokost, lunsj, middag Dag 3, tysdag 1.juli Vi seglar inn Trondheimsfjorden og kjem til middelalderbyen Trondheim. Her er det tid å ta seg ein tur i byen medan skipet ligg ved kai. Nidarosdomen vart bygt mellom år 1070 og år 1300, og er Norges største gotiske byggverk. Det er vel verdt å få med seg eit besøk her. Elles er det fint å ta ein tur i dei sjarmerande gatene i Trondheim. Om ettermiddagen set skipet kurs vidare nordover, og etter å ha passert det trange Stokksundet kjem vi til Rørvik. Her møtes nordgåande og sørgåande hurtigrute. Måltid; frokost, lunsj ,middag. Foto: Nidarosdomen.no Dag 4, onsdag 2.juli Høgdepunkta er mange på denne turen, og eitt av dei er når vi kryssar Polarsirkelen mellom Nesna og Ørnes. Polarsirkelmonumentet står på ei øy som vi passerer, og det er lett synleg frå skipet. Vi seglar mot Bodø, og på veg tilbake, over Vestfjorden mot Svolvær, vil den mektige 1000m høge Lofotveggen gradvis kome til syne. Å sjå Lofoten med dei kvite strendene og dei små fiskeværa er ei oppleving ein ikkje kan gå glipp av. Måltid: frukost, lunsj, middag Dag 5, torsdag 3.juli I løpet av natta har skipet navigert gjennom det smale Raftsundet. Nettene er lyse , og om du vil ha med deg dette, får køya vente! Etter ein kort stopp i Harstad, går turen vidare til Finnsnes og Tromsø, der vi har ein lengre stogg. Det mest kjende landemerke i Tromsø er Ishavskatedralen, som har fått namnet sitt etter den karakteristiske arkitekturen. Tromsø vert også kalla «nordens Paris», på kafeane er det alltid fullt av folk og liv og røre. Måltid: frokost, lunsj, middag. Dag 6, fredag 4.juli Etter korte stopp i Hammerfest og Havøysund, kjem vi til Honningsvåg, også kalla porten til Nordkapp. Herfrå kan du bli med på utflukt til Nordkapp . Å stå på toppen av det 370m høge Nordkapplatået vil gje deg kjensla av å vere ved verdens ende. Vi seglar vidare, gjennom hjertet av samane sitt rike, og passerer den gamle offerstaden deira «Finnkjerka» før neste stopp, Kjøllefjord. Måltid: frukost, lunsj, middag Dag 7, laurdag 5.juli Vi har reist langs heile kysten, og i Kirkenes seier vi takk for oss. Skipet legg til kai kl. 09.45. Kirkenes ligg like ved russergrensa, og her vil de sjå at alle skilt skrive på norsk og russisk. Midt i Kirkenes finn vi Russemonumentet og Krigsmonumentet som vart sett opp etter andre verdenskrig Vi blir henta på kaia kl. 10.00, og køyrer til flyplassen. SAS har avgang kl. 11.30, vi mellomlander i Oslo og kjem til Bergen kl. 15.35. Måltid; frukost. Reisefakta: Turpris: kr. 16.200.Antal dagar: 7 Avreisedato: 29/6 2014 Returdato: 5/7 2014 Tillegg utv. lugar p.prs. kr.2.100.Tillegg enkel lugar, på forespørsel Irekna turprisen: Bergen- Kirkenes, m/s Trollfjord Del i innvendig dobbel lugar I2 Full pensjon om bord Transfer frå hurtigrute til flyplass Flybillett Kirkenes- Bergen Flyskatt Reiseleiar får Travelnet Fjordane Reisebyrå Tlf. Førde: Tlf. Sandane: Tlf. Sogndal: 57725070 57725090 57725750 fjordane@travelnet.no Sjå vårt fullstendige turprogram på www.fjordanereisebyra.no
© Copyright 2025