VEGEN ÅT DEG Ny CD ute 30.11.2012 Heidi Skjerve: song John Pål Inderberg: barytonsaksofon Vigleik Storaas: piano Trygve Waldemar Fiske: kontrabass Heidi Skjerve og tre velskodde jazzherrar har vore på leit i dei Trønderske skogane og funne svingande slåttar, sakrale salmar, viser og vakre dikt, som dei presenterer i all enkelheit og med stor respekt for lokale utøvartradisjonar. Dei byr på gravalvor og skjemt, lengt og lyst, krypande maur og luntande hestar, kvile for trøytte og trøyst for triste, nestekjærleik og livsvisdom. Prosjektet "Jazz frå skogom" vart første gong presentert under Jazzfest i Trondheim i 2011, og vart varmt motteke av publikum. Konserten blei sendt i Jazzklubben på NRK P2. I november 2012 gjesta dei Hilmarfestivalen i Steinkjer. Albumet ”Vegen åt deg” vart innspelt og miksa i Øra studio i Trondheim i oktober. I slutten av november blir ”Vegen åt deg” utgitt i CD-format på labelen ØRA Fonogram! Det blir feira med ei rekkje konsertar: Dokkhuset i Trondheim 28.11. – Meldal kyrkje 29.11. – Bergen 01.12. – Sakshaug kyrkje i Inderøy 02.12. På nyåret gjestar dei mellom anna Kampenjazz i Oslo og Oppdal Kulturhus. Innspelinga er støtta av: Statens Kunstnerstipend, MFOs vederlagsfond, Rennebu Kommune, Trondheim Kommune og Meldal Sparebank. Utøvarane: Heidi Skjerve har tidlegare gjeve ut to kritikerroste album med sin eigen jazzkvintett, og ho er ei av stemmene i det improviserande vokalensemblet Trondheim Voices. Ho har òg stadig vore å høyre samman med felespelar Sturla Eide og folkemusikktrioen Flukt, eller som solist med Luftforsvarets musikkorps, Trondheim Jazzorkseter, diverse storband og kor rundt om i landet. John Pål Inderberg har lang fartstid innanfor både jazz og folkemusikk. Han samarbeider både med norske og amerikanske musikarar, og nemner eksempelvis Henning Sommero og Lee Konitz som to ytterpunkt i ein allsidig karriere. Vigleik Storaas er ein velrennomert pianist som har har medverka på ei lang rekkje CD-utgjevingar med nasjonale og internasjonale storleikar. Han har motteke Gammelengprisen og Spelemannsprisen fleire gonger i kategorien jazz. Han er óg plateaktuell med eigen trio hausten 2012. Trygve Waldemar Fiske har trass sin unge alder markert seg sterkt både på den norske og internasjonale jazzscena, mellom anna som bassist i Hanna Paulsberg Concept som vart kåra til Young Nordic Jazz Comets i 2011 og har gjeve ut eit kritikarrost debutalbum hausten 2012. KONTAKT: Heidi Skjerve www.heidiskjerve.com heidi@heidiskjerve.com Tlf: 915 92 538 Øra Fonogram www.oramusikk.no post@orastudio.no steinar@orastudio.no Steinar Larsen tlf: 90834665 Distribusjon: Musikkoperatørene ordre@musikkoperatorene.no Tlf: 23310120
© Copyright 2025