2014 SGN SKIS AS Trolladalen 30 Fosshaugane Campus 6856 Sogndal Org.nr: 998755409 www.sgnskis.com fb.com/SGNskis post@sgnskis.com Foto: Bjørnar Bjørhusdal Køyrar: Steinar Nes Nordre Skagastølstind, Hurrungane Foto: Bjørnar Bjørhusdal Ski: Henrik Langeland Jostedalen TOGGA Bygd til fjellfolk som bryr seg om snø av den djupe og lette sorten. Motsatt spenn i kombinasjon med generøs taper i fram- og baktupp gjev ei utrulig leiken og manøvrerbar ski. Ved å redusere massen i fram- og baktupp senkar ein svingvekta på skia betrakteleg. Grunna spennet vil ikkje tuppane dukke, men sørge for overlegen flyt og kontroll i alle situasjonar. For å behalde stabiliteten i høg fart har skia ei låg tupphøgde som bidreg til å redusere vibrasjonar, og relativt lang svingradie. Skia er bygd etter eit prinsipp om jamn kraftfordeling frå motstanden snøen gir til framskia, noko som gir lavare vekt og eksepsjonell flytevne. Den gradvise stigningen i framskia kan samanlignast med eit båtskrog som lettare planar i vannoverflata. Vi har jobba med å presse vekta så langt ned som mogleg utan å gjere kompromiss med køyreeigenskapane, ved å bruke ein spesialbehandla kjernetype av poppel og bambus. Store linjer, harde landinger, tett skog og puter - denne skia takler det! L= 194, 186, 176 134-120-129 @194 133-120-128 @186 132-120-127 @176 R = 30m 2000gr - Full rocker/reversed camber -4mm - Generous taper - Round square pin tail - Sandwich-kontruksjon - Poppel-/bambuskjerne - P-tex 4000 base Veil. 7.390,- inkl mva. 2 facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | post@sgnskis.com Foto: Steinar Nes Ski: Jørgen Langeland Sogndal The 1184 Dette er ei ekte storfjellsski med grafisk inspirasjon frå norges største sjøslag på Fimreite i år 1184. Denne skia vil med ein lenger effektiv innsving og stivare fleks enn i våre andre modellar, gi deg fordelen av å holde et ypperlig kantgrep på alle typar snø og tillate høg fart og store linjer. Den er laga for frikøyraren som ønsker ei stabil og forutsigbar ski på alle typar føre i krevjande terreng. Eit moderat motsatt spenn bidreg til bedre manøvrerbarheit og god flyt. Kjerna inneheld vår spesialbehandla kombinasjon av poppel og bambus som senker vekta samtidig som ein beheld responsen. Med kun 2 kg for ei køyreretta ski med full trekjerne får ein det beste for både opp- og nedturen. Denne skia utmerka seg med svært gode plasseringar i frikøyringskonkurransar sesongen 2012/13. L= 190, 182 136-112-126 @190 136-112-125 @182 R = 27m 2000 gr @182 Veil. 6.990,- inkl. mva - Freeride rocker/reversed camber -2mm - Taper - Sandwich-kontruksjon - Poppel/bambuskjerne - Ripefritt topplag - P-tex 4000 base facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | post@sgnskis.com 3 Foto: Vegard Nes Ski: Ivar Løvik Sogndal RAKKAR Dette er vår mest allsidige ski konstruert for både leiken backcountrykøyring, gunnerun i skisenteret og for å gjere pudderdagen din enda betre. Skia med 11,5 cm under foten er generøst rocka i begge ender, og sammen med tradisjonelt spenn under foten og ei spretten bambuskjerne har du ei ski som legg til rette for store og små svev over heile fjellet. Den relativt korte svingradien innbyr til skjerande svingar både i og utanfor preparerte løyper. Med god høgde på baktuppen gir deg moglegheit til å sette fakie landinger og halde fram switch så lenge du ønsker. Som med andre SGN-modellar er vekta holdt nede for at du skal bruke mindre energi for å nå fram til dine secret spots. Dette er oppnådd gjennom vår spesialbehandla poppel-/bambuskjerne. Ripefritt topplag gjer til at grafikken held seg godt over tid. L= 185, 175 140-115-137 @185 139-115-136 @175 R = 17m 1950gr Veil. 6.490,- inkl. mva. - Nose/tail rocker positive camber 2mm - Twintip design - Allround taper - Sandwich-kontruksjon - Popplar/bambuskjerne - P-tex 4000 base - Ripefritt topplag 4 facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | post@sgnskis.com Foto: Bjørnar Bjørhusdal Ski: Steinar Nes, Henrik Langeland, Even Valseth Skagastølstindane, Hurrungane HURRUNGANE (est. lev. desember 13) Velkommen til det neste kapittelet for tradisjonell norsk skikultur. Skia er utvikla saman med fleire av dei tindevegleiarane på vestlandet med mest erfaring og flest arbeidsdagar på ski. Denne innovative skia kombinerer ny kjerneteknologi og tekniske løysingar med behovet for eit betre verkøy for dei som arbeider eller ferdast mykje i den krevjande norske fjellheimen. Skia er sjølvsagt utvikla i tråd med SGN-filosofien om kompromisslause eigenskapar og køyreopplevinga i fokus. Kjerna held vi hemmelig ei stund til, men skia møter tindevegleiarane sitt ufravikelege krav om låg vekt. Den er 89 mm under foten, og med ein generøs rocker framme og flatt spenn gir den ein optimal kombinasjon av flyteigenskapar i laussnø, stiv bakski for rennekøyring, og godt fellefeste på skaren før sola har fått tak. Skia blir levert med karabinhól i fram- og baktupp fylt med silikon. Når uhellet er ute kan staven brukast for å dytte ut silikonen og skia kan brukast som nødslede eller snøanker. Dette er rett og slett den komplette fjellskia. Vi skal ikkje legge skjul på at vi er ganske stolte av dette produktet. L= 189, 179, 169 120-89-107 @189 117-89-105 @179 114-89-103 @169 R = 21m 1400gr Veil.: 7.490,- inkl. mva - Mountain rocker/ flat camber - Allround taper - Sandwich-kontruksjon - Kjerne: blir annonsert - P-tex 4000 base - Fester til karabiner i bak-/framtupp - Ripefritt topplag - Square tail 5 Foto: Bjørnar Bjørhusdal Ski: Torgeir Sværen Henjum Jostedalen Foto: Bjørnar Bjørhusdal Ski: Steinar Nes Jostedalen OM SGN SGN SKIS AS vart grunnlagt hausten 2012, men historia strekk seg åtte år tilbake i tid då Tore Frimanslund og Torgeir Sværen Henjum bygde ski i eit nedlagt kontorlokale i bygda Leikanger i Sogn og Fjordane. I dag består SGN i tillegg av Steinar Nes og Dagfinn Henjum Sværen, samt eit større antall lokale samarbeidspartnarar. Sesongen 2012 sendte vi ca. 120 skipar rundt til heile landet, og vi ser fram til å ta tak i ein ny sesong. Frå basen i Sogndal har vi 9 minutt kjøring til den snøen Sogndal er blitt kjend for, ein sesong som varer i 10 månadar, og eit testmiljlø og moderne frikøyringskompetanse som legg eit grunnlag for å utvikle verkeleg gode ski. Dette miljøet beståande av eit samfunn av dedikerte skikøyrarar har akkumulert i SGN. Spesialisert kunnskap og ein livsstil som dreier seg rundt å ferdast i fjellet har manifestert seg i nettopp dette - verktøy som lyfter skiopplevinga di til eit nytt nivå. SGN SKIS AS Trolladalen 30 Fosshaugane Campus 6856 Sogndal Org.nr. 998755409MVA www.sgnskis.com www.facebook.com/SGNskis Instragram: @sgnskis Tore Frimanslund Dagleg leiar 95796518 tore@sgnskis.com Torgeir Sværen Henjum Produktsjef 98825957 torgeir@sgnskis.com Dagfinn H. Sværen Salg/marked 97637863 dagfinn@sgnskis.com Steinar Nes Salg/marked 91598425 steinar@sgnskis.com 6
© Copyright 2024