17.01.2014 Grunnlag for områderegulering Nordre Fonnesvågen: SWOT-analyse og 2 alternative skisseforslag Foto: Øystein Austrheim SWOT-Analyse SWOT Med utgangspunkt i stads- og arealanalysa og folkemøtet er det gjort ei tverrfagleg SWOT-analyse av Nordre Fonnesvågen. SWOT er ein analysemetode der ein fokuserer på stadens styrkar (S: strength), svakheiter (W:weaknesses), Moglegheiter (O:opportunities) og Trusler (T: threats), basert på stadens føresetnader. Ved å inkludere alle fag i samme prosess, får ein eit heilskapleg bilete av stadens avgrensingar og potensial, samt gode og realistiske framlegg og idear for stadsutviklinga. Det fremjar heilskaplege løysingar, og er samtidig ein kreativ idémyldringsprosess. W: Svakheiter T: Trusler Kulturminner: Kulturminner: • • Forfall Utbygging: det er stort sprang i byggeskikken; kontrast mellom gammalt og nytt. Nybygg er ikkje alltid tilpassa stadens byggeskikk, og dette påverkar heilskapen. SWOT-analysa er mellomleddet mellom stads- og arealanalysa og dei to skisseframlegga. Den har blant anna identifisert kva som bør prioriterast i planane, og kva område som bør takast vare på. Natur og landskap Ananlysa vart utført ved hjelp av skissering på kart og utfylling av skjema. Nedanfor er ei oppsummering av det som kom fram gjennom analysa. Forbindelsar (veg/rørslelinjer) OPPSUMMERING S: Styrkar Kulturminner: • • • • • • “Det gamle”: Handelsstaden og sjøbruksmiljøet. Staden er historisk Heilskapleg kulturlandskap. Området er kalla ein “jordbruksterrasse” (sjå kart) som omfattar eidet og høgdedraget inn mot sentrum. Dampskipskaia Ferdslesårer: gamle stiar, søndagsskulevegen Jordkjellarar Steingardar • • • • • • • • • Tydeleg kulturlandskap; ein opplever at det har vore slik over lang tid Viktige naturverdiar og frilufts-korridor rett utanfor planområdet Landemerka: er identitetsskapande Ein godt definert tettstad som vender seg tydeleg til vågen Forbindelsar (veg/rørslelinjer) • • • • 1 Det har ikkje vore store vegutbyggingar i området, og vegane er godt terrengtilpassa og ligg i gamle, “naturlege” trasear Smale vegar: folk køyrer etter tilhøva og vegane opplevast trygge for gåande Allereie etablerte stiar som kan videreutviklast det synest som der er enigheit og få konflikter når det gjeld ferdsle Standard på eksisterande veg er lite eigna for større utbygging Utbedring av veg på vestsida av vågen vil gå utover landskap og busetnad Linjeføringa på vestsida Dårlege kryss • • • • • Utvikling som fører til ein mindre stadstilpassa byggeskikk kan føre til forringing av kulturminner- og kulturmiljø Fjerning av steingardar og andre kulturminner på grunn av utbygging eller jordbruk Endring av fasadar som fører til ei endring av det visuelle uttrykket “Omringing” av kulturminner, som endrar konteksten deira Beitemark-gjengroing Nye vegar/ferdslelinjer som bryter opp kulturlandskapet Natur og landskap • • • Kan bli ein utflytande stad med ny utbygging Nedbygging av heilskapleg kulturlandskap Brot i siktlinjer som følge av utbygging Forbindelsar (veg/rørslelinjer) O: Moglegheiter Kulturminner: • • • • • Natur og landskap Sjå kulturminner (over) • Å behalde det heilskaplege og opprinnelege kulturlandskapet. Ta i bruk og styrke dei opprinnelege kulturmiljøa: sjøbruksområdet og sentrumsområdet Handel og næring på stader og i bygg som har vore nytta slik tidlegare Kulturminner som del av kultursti eller andre attraksjonar/aktivitetar (kvernsteiner, fornminner, steingardar, jordkjellarar, bygningar) Dampskipskaia Natur og landskap • • • • Strandsone: Opptrekk/opplag for båtar og småbåthavn/marina ved molo Styrke landemerka, særleg molo-området Behalde vågen som fokuspunkt/kjernen til staden Aktivitet i samband med dei mange og store friluftsområda Forbindelsar (veg/rørslelinjer) • • • • • • Styre utviklinga (utbygginga) mtp trafikk/kjøremønster (f.eks. fortetting kontra feltutbygging) Etablere eitt trafikksikkert kryss med busstopp osv Gang- og sykkelvegar Etablere bed Betre samband på søndagsskulevegen og ut til Årvikane Reetablera den gamle stien mellom aust og vest (sjå Forbindelsar og friluftsliv) • • • Farlege kryss Auke i trafikk frå nærliggande stader Å få til gode tilkomstar til nye bygg (ved fortetting) er ei klar utfordring SWOT-Analyse Overordna betraktningar S: Styrkar • • • Samanfall og overlapping av fleire interesser og kvalitetar; dei ligg ofte i samme område. Dette talar for å ta vare på, styrke og vidareutvikle dei. Sterk og tydeleg stadsidentitet som gjev gode moglegheiter for å behalde og styrke denne God spegling av tidsperiodar på staden. Viser utvikling og livskraft W: Svakheter • • • • Lite folk og næringsgrunnlag “Dødt” på vinterstid Hemmande infrastruktur for befolkningsvekst Kan legge til rette, men ikkje styre mange av dei avgjerande faktorane for utvikling (befolkning, næringsliv etc) O: Moglegheiter • • • • • Molo-området: Aktivitet, sport, Jonsokfeiring? etc Ta i bruk dei gamle stadane (kontor, marknad, butikkar, kafé osv) Etablere god tilkomst til Bedehuset /Bowling og Årvikane Ta vare på aktivitetsområda og vidareutvikle dei Binde saman aust og vest T: Truslar • • • • • At dei “harde” industri/næringsområda sprer seg innover i vågen Badestaden ved moloen kan forsvinne ved næringsutvikling her Polarisering mellom aust og vest Fråflytting Fråfall av næringsverksemder/arbeidsplassar 2 Skisseframlegg FELLES PLANGREP Det vil presenterast to overordna konsept for utvikling av Nordre Fonnesvågen. Innleiingsvis vil det imidlertid etablerast nokre viktige, underliggjande plangrep som er felles for begge framlegg. Utover dette har konsepta ulike hovudsatsingsområder som legg føringane for staden si utvikling. Samstundes er det mogeleg å velgje element frå begge skisseforslaga som grunnlag for den endelege reguleringsplanen. Fokusområde I dei felles plangrepa er det fokusert på å bevare og styrke dei viktige kvalitetane til Nordre Fonnesvågen. Desse er identifisert gjennom landskapsanalyse, SWOT-analyse, barnetråkk-undersøking og folkemøte. I tillegg til dette ønsker ein å tilføre noko nytt. Dette, saman med ynskjer og framlegg som kom fram på folkemøtet er tatt med i vurderinga, og så langt som mogleg i skisseforslaga. Det utpeikar seg to tyngdepunkt i Nordre Fonnesvågen, eit på kvar side av vågen. Dette er områder som speler ei sentral rolle for staden og fungerar som møtested/knutepunkt. Begge desse er viktige i skisseforslaga, og det har vorte fokusert på at det skal “skje noko” på begge sider av vågen. Dette for at det ikkje skal skapas ei “død-side”, men heller ein heilskapleg stad som henvender seg mot vågen, med gode forbindelsar mellom. Det har og vore fokus på fleire brukargrupper og aldersgrupper når det gjeld innhald og funksjonar i plangrepa og skisseforslaga, samt at det skal leggast til rette for heilårsaktivitetar. Det gamle sentrumsområdet og kaia sett frå vestsida av vågen. Foto: Øystein Austrheim Busetnad Forbindelsar og friluftsliv Ny busetnad bør tilpassast stadens skala, eksisterande busetnad sine dimensjonar og byggeskikk. Det er lagt vekt på tilgjenge og forbetring av stiforbindelsar til viktige friluftsområde og langs strandsona i vågen. Forbindelsen mellom aust- og vestsida av vågen bør styrkast. På folkemøte blei det uttrykt ynskje om å oppretta ein stiforbindelse/ turveg langs heile vågen, og dette vart trekt fram som det viktigaste framtidige tiltaket i Nordre Fonnesvågen på folkemøtet. Skisseframlegga presenterer to ulike løysingar for ein slik stiforbindelse. I tyngdepunkta (sentrum og næringsområdet/moloen), er det mogleg med større bygg. Sentrumsområdet bør ikkje utbyggas i stor skala, men på kaia vil det kunne oppførast eitt større bygg (signalbygg) med viktig funksjon (sjå skisseframlegga for moglegheiter). Næringsområdet ved moloen vil kunne tåle noko tyngre uttbyggjing om nødvendig, og/eller eit “signalbygg”. slike bygg kan bidra til å markere knutepunkta og funksjonane deira og fortelje om stadens identitet. Den eksisterande lagerbygningen på kaia (lokalet for Fonnesdagen), anbefalast å rivast for å gjere plass til nybygg. Bustader Det er ikkje eit mål å få store nye feltutbyggjingar eller massiv bustadvekst i Nordre Fonnesvågen, men det er viktig å ta eit bevisst valg for kor og på kva måte framtidig utbyggjing kan skje. Det må vera mogeleg for framtidige selkter å bysetja seg i Fonnesvågen. Dette er altså ein langsiktig strategi for eventuell framtidig utbyggjing. Med tanke på bustadutvikling har det vore fokusert på å ikkje opne for feltutbygging eller nye område som gjer at staden “flyter ut”. Nordre Fonnesvågen framstår i dag som ein definert tettstad orientert rundt vågen, og ny utbyggjing bør skje på ein slik måte at dette inntrykket vert bevart og styrka. Samstundes er det viktig å bevare det unike preget til staden i dag, og ikkje å byggje ned det småskala kulturlandskapet med eit tildels spreidd busetnadsmønster som gjev Nordre Fonnesvågen sitt særpreg. Dette gjer fortetting til ei utfordring, men akkurat i det gamle sentrumsområdet kan det ha ein positiv innverknad på staden og gjere “sentrum” meir tydeleg. Fortetting i dette området bør vere første prioritet ved eventuell ny bustadbyggjing. Det er registrert eit område med akebakke gjennom barnetråkkregistreringa, som ligg innanfor eit av dei foreslåtte områda for fortetting. Ved ei eventuell utbyggjing må akebakken hensyntas, og entan bevarast innanfor busetnaden eller erstattas på eit egna område. Det andre området som utpeikar seg som eigna for ny utbyggjong (sjå kart) ligg både i samband med vågen og med det næringsprega området ved moloen, som allerede har endra det opphavlege preget her. Slik kan området tåle litt meir storskala utbyggjing enn resten av staden. Næringsområdet har potesiale for mange typar bruk (sjå skisseframlegga), og er allereie eit etablert turutfartspunkt. Det framstår som eit sentralt område på vestsida av vågen, slik som gamle sentrum gjer på austsida. Det vil kunne bli opna for byggjing av fleire naust i strandsona, da det kan bidra positivt til å styrke vågen sine kvalitetar. Slik utbyggjing kan inkluderast i beggje skisseforslaga, om det fokuserast på å kombinere nye (og gamle) naust med ein offentleg sone langs sjøen. Det bør imidlertid planleggjast nøkternt og i proporsjon med eksisterande busetnad, og delar av strandsona bør haldast fri for bygging. Slike spørsmål om omfang, dimensjonar og materialbruk må avklarast på eit meir detaljert nivå. Området ved moloen sett frå austsida av vågen 1 Det ligg moglegheiter for å knytte denne stiforbindelsen til område både aust og vest for Nordre Fonnesvågen, og dermed skape ei forbindelse utover lokalt nivå. Mongstad kan med fordel tilknyttas eit turstinett mot Nordre Fonnesvågen. Her ligg det eit stort brukspotensiale, som kan utnyttas i begge skisseforslaga. Veg Det er vurdert som viktig for staden sitt særpreg og kvalitetane, at dimensjonane på vegen på austsida vert bevart. Ei utbedring av denne vegen vil gå utover den gode landskapstilpassinga og det småskala uttrykket ein finn idag. Da det ikkje vert opna for større bustadbygging her, vil ei utbetring heller ikkje vere prekær. For å unngå mykje trafikk på den smale vegen i sentrumsområdet og for å stimulere til gang- og sykkeltrafikk, vert det føreslege ei gjesteparkering ved inngangen til sentrum. Ved ei utvikling på vestsida (næring og/eller bustadar), vil det kunne vere naudsynt med ei utbetring av vegen. Då det allereie er trong for ei opprusting av VAtilknyttinga her, vil dette kunne kombinerast. Landskapet og vegen her er mindre sårbart for eit slikt inngrep enn tilfellet er på austsida. Gang/sykkelveg Det har vore eit klart ynskje fra innbyggarane (jfr folkemøte) med ei utbetring av to etablerte stiar til gang- og sykkelveg; “søndagsskulevegen” og universelt utforma tilkomst til Årvikane. Dette er vurdert som lokalt viktige tiltak som er inkludert i plangrepa. Årvikane Fonnes Bygdelag har ytra ynskjer for Årvikane badeplass, mellom anna universell tilgjenge, noko som også kom fram på folkemøte. Det er forslag om tilrettelegging med toalett og aktivitetsområde som kan omfatte Sandvolleyball, kiting, windsurfing, Frisbeegolf, Bading, kajakkpadling, grilling og “havsportcamp”. Vidare ynskjer dei at Årvikane skal vere ein stad for born og unge, rekreasjonsområde for nærmiljøet samt besøksdestinasjon for heile Nordhordland. Desse ynskjene understrekar Årvikane sin verdi som friluftsområde og samlingspunkt langs turtraseane i området. Opprusting og tilrettelegging her er eit av dei felles plangrepa. Skisseforslag FELLES PLANGREP Viktig innfart til Årvikane, ikkje universelt utforma Tilrettelegging for friluftsaktivitet og rekreasjon på Årvikane badeplass Bustader: Fortetting Småskala busetnad tilpassa staden sin byggeskikk. 2-3 etg, middles tettheit (f. eks. rekkjehusløysingar) Sekundær bustadutviking; mogleg framtidig område for bustadbygging Bustader: Nytt bustadområde Kan vere noko større utbyggingar med meir moderne preg enn i sentrumsområdet Viktig innfart til Grønevikane Veg som bør utbetrast med VA ved framtidig utbygging på vestsida Stiar som opprustast til gang- og sykkelveg P Universelt utforma gang- og sykkelveg til Årvikane Prioritert område for bustadutvikling; i første omgang fortetting i sentrumsnære område P P Fulldyrka jord Påkoplingspunkt med parkeringshøve Søndagsskulevegen vert gang- og sykkelveg Gjesteparkering som frigjer sentrum for unødvendig biltrafikk Godt stisamband mellom aust- og vestsida av vågen Overflatedyrka jord Fortetting av sentrumsområdet kan skje ved bruk av store eksisterande tomter og “rest”-areal. Det er generelt ynskjelig å unngå å bygge ned jordbruksareal, men i sentrum kan det argumenterast for å bruke noko jordbruksareal for å styrke strukturen og skape eit definert sentrum. Akebakken registert i barnetråkk skal bevarast eller erstattas ved utbyggjing. 100 m 200 m 2 400 m Skisseframlegg: Alternativ 1 LOKALSAMFUNNET: MOGLEGHEITER Livskraft i Nordre Fonnesvågen Bryllup på bryggekanten LOKAL VEKST • Arbeidsplassar • Bustader • Lokaltilbud 5 Ungdomsklubb 6 I dette konseptet vert det satsa på å styrke lokalsamfunnet; å utvikle Nordre Fonnesvågen som eit livskraftig samfunn og leggje til rette for tilstrekkeleg vekst. Det vert fokusert på å ta i bruk sentrumsbusetnaden til nærtilbod (eksempelvis helsetenester som fysioterapi, kiropraktor, frisør etc) som ikke konkurrerer med dei større handelsområda utanfor Fonnes. Det vert også satsa på kontorarbeidsplassar for enkeltpersonar eller firma som ikkje er avhengig av å jobbe på ein bestemt lokasjon (eksempelvis arkitekt, planfirma etc). Slik kan Nordre Fonnesvågen igjen få ein sentrumsfunksjon, og innbyggere her og i omegn får høve til å arbeide der dei bur. Eit flerbrukshus/samfunnshus står sentralt i framlegget. Ein slik samlingsstad kan vere eit gjennomførbart tiltak for et breiare fritidstilbud og en større sosial arena. Det gamle sentrumsområdet er altså tyngdepunktet i dette skisseframlegget. Tanken er at samfunnshuset og kaiområdet vil kunne nyttast til alt fra korøvingar, konsertar, fritidsklubb, marknad og kafé, til større arrangement som Fonnesdagen, bryllaup og konfirmasjonar etc. Fonnesrevyen 8 Konsert i Fonneshuset 7 Området ved moloen kan utviklast som eit nærings- og aktivitetsområde. Det er mogleg å kombinere formål retta mot barn og unge med næring og kontor, noko som vil gjere området til ein møteplass på fleire tider av døgnet. Her er det plass til både permanente og midlertidige løysingar for aktivitet; til dømes fotballbane og leikeplass, samtidig som det kan opnast for meir plasskrevande næring i framtida. Til dømes kan ein skatepark passe godt inn i eit slikt næringsprega område. 10 1 Gulebue kontorfellesskap 9 Søndagsmarked på kaia Båtopplag 2 3 3 4 11 12 Skatepark ved moloen Skisseforslag: Alternativ 1 Strandpromenade Samanhengande promenade langs sjøen; vekselvis bryggekant og sti 14 Fonneshuset Nytt fleirbruks samfunnshus/ kulturhus: - Arrangement og konsertar - Revy - Fonnesdagen - Marknad - Kafé/pub 15 Friluftsområde God tilgang til og samband mellom lokalt viktige friluftsområde på begge sider av vågen. Tilrettelegging ved Årvikane badeplass 13 Lokale aktivitetar og næring Båtopplag og båtplassar Aktivitetar Større arrangement Næring og kontor LOKALSAMFUNNET: Livskraft i Nordre Fonnesvågen Fortetting og nærtilbud Boligutvikling ved fortetting av sentrum, og bruk av eksisterende og/eller nye bygg til f.eks: fysioterapi, apotek, frisør, bakeri etc. Fellesbrygge Gjestebrygge Sal av drivstoff og enkel uteservering i forbindelse med Fonneshuset Utnytte den ikkjeprivate tomten i området til ei felles brygge med både båtplassar og gjesteplassar Kontorfellesskap Gulebue som kontorlokale 16 4 Skisseframlegg: Alternativ 2 DESTINASJON: Nordre MOGLEGHEITER Fonnesvågen - “I pose og sekk” Teambuilding og blåturar REISELIV • Aktivitet • Natur • Kultur 1 Konferansar 2 I dette konseptet står friluftsliv og opplevingar sentralt. Det vert satsa på turistnæring i Nordre Fonnesvågen og staden som destinasjon. Konseptet omfattar eit godt og heilskapleg tilbod med overnatting, lokale kultur- og matopplevingar, nærleik til natur og turmoglegheiter, og ikkje minst eit «Havsportsenter» ved moloen. Dette vert eit tyngdepunkt i skisseframlegget. Kajakklubb Hovudnæring i Nordre Fonnesvågen vil her vere reiselivsbasert, og tanken er at dei ulike tilboda skal utfylla og støtte opp om kvarandre. Med eit overnattingstilbod i form av eit nytt hotell vil fleire benytte Havsportsenteret og andre aktivitetar, og omvendt. For å verte ein destinasjon er begge desse funksjonane naudsynte. Konseptet muliggjer samarbeid mellom lokale aktørar i form av pakkeløysingar for turistar og grupper. Desse kan innehalde ulike kombinasjonar av turar, kurs, aktivitetar, overnattingar, måltider osv. Dette vil vere gunstig for turistnæringa, og vil gjere Nordre Fonnesvågen til eit meir attraktivt reisemål. Der får ein i “pose og sekk”. Som ein del av destinasjonssatsinga ligg det fleire moglegheiter i samband med fruiluftsliv i nærområda. Dei naturlege føresetnadene gjer at staden er godt eigna for til dømes speideraktivitetar, leirskule og camping. Eit ridesenter som tilbyr turar og terapiridning (for folk med fysiske og psykiske utfordringar), er ein næringsmoglegheit som både kan supplere dei ovannemnde aktivitetane i tillegg til å vere eit tilbod utad; eit trekkplaster og eit bidrag til Fonnesvågen som destinasjon. Ynskjene og forslaga for Årvikane (sjå felles plangrep) let seg godt kombinere med dette konseptet, og her er det høve til å skape ei sterk kobling mellom havsportsenteret og bruk av Årvikane til dei ulike aktivitetane. 3 4 Kombinert utebad og skøytebane 5 Lær å kite, seile, padle, dykke 6 7 8 20 Konseptet inneber også at det er kort veg over vågen og mellom dei ulike tilboda og friluftsområda, slik at ein enkelt kan oppleve heile Nordre Fonnesvågen og alt staden har å by på. 10 Leig ein båt og dra på fisketur 5 Foto: kommunens heimesider 9 “After-sea” på hotellet Isbading og badstu Skisseforslag: Alternativ 2 Friluftsområde Havsportsenter I dette alternativet vert det satsa ekstra på friluftsliv i samband med reiseliv og turisme Aktivitetar Kurs Utleige og utstyrbutikk Turutfartspunkt Kabelferge 13 11 12 Høg standard og god kapasitet Lokal mat Uteservering Fiskemottak og -utsalg 17 15 19 18 Gjestehavn Båtopplag og båtplassar for gjestar og fastbuande Fonnesvågen - “I pose og sekk” Hotell og Fiskerestaurant 16 14 DESTINASJON: Nordre enkel transport som skaper godt samband mellom aust og vestsida av Fonnesvågen Kulturminne: steingjerde Kulturminne: Funnstad Kultursti Kulturminne: Busetnad/aktivitetsområde Strandpromenade og kultursti som knyttast til kulturminna i området, og som kan tilknyttas turvegnett, andre kulturminner og Mongstad “Museum” eller elementer langs kulturstien som fortel om livet og tradisjonar i Nordre Fonnesvågen og evt. trekke paralleller til det moderne oljesamfunnet Fornminnar 6 KJELDER (bilete) Alternativ 1 Alternativ 2 1. Fonnes Bygdelag, Foto: Øystein Austrheim 2-4. Befaring, Sweco, 10.09.13 5. http://www.itromso.no/bilder/brudebilder/article6433429.ece 6. http://www.oblad.no/badebyen/underhuset-opp-i-lyset-1.3913912 7. http://universitas.no/anmeldelser/53953/hudlos-drommer-moter-tykkhudet-lofferarticle6433429.ece 8. http://kapteinmoe.blogspot.no/2013/11/oktober-og-september.html 9. http://www.lrf.se/Mat/Narproducerat/ 10. Befaring, Sweco, 10.09.13 11. http://www.herfoelmarina.no/tjenester/batopplag-vinterlagring/ 12. http://www.yelp.com/biz_photos/lee-and-joe-jamail-skatepark-houston?select=vEyrOIRBPD8agxzCm CO_Bw#vEyrOIRBPD8agxzCmCO_Bw 13. http://www.austrheim.kommune.no/kontaktinformasjon.5312905-304519.html 14. http://fyraften.nu/om/arkitektur/page/23/ 15. http://www.thonhotels.com/hotels/countrys/norway/kristiansund/thon-hotel-kristiansund/ 16. Befaring, Sweco, 10.09.13 1. http://www.hautepursuit.co.uk/uploads/news/id3/teambuilding-1.jpg 2. https://www.nordicchoicehotels.no/quality/quality-hotel-sogndal/utvalgte-fasiliteter/ 3. http://dusken.no/artikkel/23410/ntnui-padling-arrangerer-nybegynnerkurs-i-havpadling/ 4. http://www.skoyteforbundet.no/SiteCollectionImages/SKoter23.JPG 5. http://home.online.no/~konggud/swim/gfx/rps005.jpg 6. http://innherredkiteklubb.wordpress.com/hva-er-kiting/ 7. http://www.maarudgaard.no/aktivitet.php?f=isbscaled_VL1_8906.jpg 8. http://www.viivilla.no/Bad/Badstue/Bygg-frittstaende-badstue-uten-a-soke-47987 9. http://www.trondelag.com/nyttige-tips-til-fisketuren/ 10. http://media-cdn.tripadvisor.com/media/photo-s/01/5a/48/50/rompa-bar.jpg 11. http://www.skogoglandskap.no/nyheter/2007/1176288277.69/bilde/ingress 12. http://ndla.no/sites/default/files/images/1313065632_e4a824e257.jpg 13. http://www.forskning.no/kortnytt/347624/ 14. http://www.colorado.edu/rec-center/intramuralsports/sports/images/sandvolley/sandvolley.jpg 15.http://www.austagderfk.no/Vare-virksomheter/Videregaende-skoler/Sameyde-videregaende-skole/Tjenester1/ Oppfolgingstjenesten/ 16. Befaring, Sweco, 10.09.13 17. http://www.venues4u.com/?page=PrivateDining 18. https://kontrib.it/matseb/oslos-gourmet-boutiques/#-/matseb/oslos-gourmet-boutiques/38332-jacobs/ 19. http://www.sigmanord.no/ipub/pages/klinikkavdelingen/aktivitetterapi_med_hest.php 20 Kommunens heimeside Foto: kommunens heimesider 7
© Copyright 2025