Vår 2014 • Nr. 1 • Årgang 20 Tuddal e k s å p d Go -1- Tuddal Husflidlag Er du interessert i handverk- og husflidsaktivitetar? Vi ynskjer medlemmar og komande medlemmar velkomen til delta på møta og aktivitetane som laget arrangerer. Program for våren og sommaren 2014: • Torsdag 3. april kl 19: Strikkekafé på Anlaugs husflid. Vi held fram med ullsaum. • Torsdag 24. april kl 19: Arbeidsmøte på Helsehuset. Hovudsak å lage gevinstar til lotteriet. • Torsdag 8. mai kl 19: Arbeidsmøte på Helsehuset. • Torsdag 22. mai kl 19: Arbeidsmøte på Helsehuset. • Torsdag 19. juni kl 19: Sommarmøte. • 26.-27. april reiser nokon frå laget til Jomfruland på spennande kurshelg i regi av Telemark husflidslag. • 2.-4. mai tar nokon frå laget turen til Nord-Østerdalen på spa- og strikkhelg i regi av Hedmark husflidslag. Vi skal som vanleg ha stand på Bygdedagen i juli. Er det nokon som vil støtte oss med husflidsgevinstar til lotteriet på Bygdedagen, set vi stor pris på slike gåver. Vil du ha kontakt med laget, er Trine Lise Kahrs leiaren vår. (trlis-k@online.no, tlf 924 15 805). Tuddalsjentun Nettverk - utvikling - inspirasjon Tuddalsjentun er i startgropa att, fast- og deltidsbuande Tuddalsjentur inviterast til kreativt verkstad på Helsehuset Tysdag 13. mai kl 19.00 Aktivitetar for hausten, studietur og andre spennande saker er på dagsorden. Vi kjem tilbake med meir informasjon, men sett av datoen nå. -- 22 -- Hjartdal Røde Kors har nå før påske stikka opp skiløypa til Gaustatoppen. Påskeberedskapen er som vanleg, med høg beredskap frå medlemmane våre. Tlf. Info / Vakt 950 23 292 Ønsker alle GOD PÅSKE -3- Tuddal helselag Helselaget er i gang med møta sine på Helsehuset, siste måndagen i mnd. Laget planlegg å legge ut loddbok på bl.a. Joker. Det blir trekning på boka på helselagets haustbasar i oktober. Vi er takknemlege for kvart namn som blir skrive i loddboka. I fleire år har helselaget markert den internasjonale Hjartedagen. Denne dagen blei oppretta for å auke kunnskap om hjarte-kar sjukdommar. Kunnskap gjev også mulegheit til å vite mer om kva ein kan gjere for å forebygge sjukdom og ta vare på helsa si. Helselaget vil markere denne dagen med stand ved Joker. Dagen blir 10.mai. Vi håpar at mange vil ta turen innom oss for å slå av ein prat og få meir informasjon om dette temaet. Det har blitt ein tradisjon at siste møte før sommaren er i Bondal. Siste måndagen i mai samlast vi i Bondal skule. Der er det skikkeleg koseleg og plass til mange. BS ANTIKK OG AUKSJON Vis a vis statoil i Heddal Skal avholde minimesse lørdag 12. og søndag 13. april Påskeaften og 1. påskedag Alle dager kl 11-17 Tlf 901 61 734 -4- Årets julemesse I år er det Menighetshuset som er tildelt julemessa. Det vil bli lagt ut loddbøker og vi oppfordrar alle til å støtte julemessa 2014 med gaver og gevinstar. Bygdekvinnelaget Bygdekvinnelaget har møta sine 2.torsdagen i månaden på Helsehuset. Nå arbeider vi med å lage eit hefte med tradisjonelle og nyare matoppskrifter frå Tuddal, som bygdekvinner og gjestene deira likar. Planen er å få ferdig heftet til Bygdedagen i juli 2014. Norges Bygdekvinnelag har sunn mat og matglede som årets satsingsområde. Det er viktig å ha omtale av sunn mat og matglede, og ikkje bare om kva som er skadelege matvarer. Bygdekvinnelaget har eit prosjekt for hausten, det er å lage ein bygdekveld - ein Prøysenkveld. Vi kjem tilbake til dette seinare. Har du lyst til å bli med i Bygdekvinnelaget, er du hjarteleg velkomen. Ta kontakt med Borghild Brennekåsa, tlf. 954 20 677. -5- Tuddal triathlon 2014 5-års jubileumsarrangement 26. juli Vi har rekordstor påmelding allereie, langt fleire enn på same tid i fjor, så skund deg og meld deg på: www.tuddaltri.no. som år etter år stiller opp midt i ferietida. Har du lyst til å vere med i dugnadsgjengen, ta kontakt med Bård Kjetil Venhaug, e-post: bkvenhaug@yahoo.no Du kan sikre reklameplass for deg og bedriften din på sperregjerda på publikumsarenaen for kr 990,-(da har de banner sjølve). Tilbodet gjeld i jubileumsåret og bare bedriftar i Hjartdal kommune. Kontakt Torunn Hovde Kaasa på e-post: tohkaasa@online.no, eller 993 66 077, så snakkast vi nærare. Vi er så stolte av dugnadsgjengen vår, Anlaugs Husflid har ope Skjærtorsdag kl 12 til 16. Ellers vanlege opningstider, tysdag open i påskeveka. -6- Prosjekt “Frå bygd til landsby” Gjennomføringsfasen Vi har fått tilskot til prosjektet frå det som nå heiter Kommunal og Moderniseringsdepartementet til heilt konkrete tiltak, som skal gjennomførast i 2014 og 2015. Aktivitetsparken ved skulen, historieforteljing, Tuddalsjentun og eit meir attraktivt sentrum har 1. prioritet. Grupper har vore i gang i planleggingsfasen, og har du lyst til å vere med å sette tiltak ut i livet, meld deg på til Anne-Lise på Bøen Kiosk og Kafé, så formidlar ho til rette vedkomande. Det skal søkjast om tippemidlar, og planane for aktivitetsparken skal utformast i samarbeid med dyktige fagmiljø. Foreldreutvalet ved skulen FAU, skule, barnehage og idrettslaget er godt i gang, og vi kan glede oss over stort engasjement. Les meir om prosjektet på www.visittuddal.no Bøen Kiosk og Kafe 3697 Tuddal - 35 02 41 20/915 87 291 Vi har kioskvarer, kart, fiskekort, souvernier. Á La Carte/Take Away meny og vi serverer dagens hver dag. Joker Tuddal Handelslag Åpningstider i påska: Fredag flesk og duppe og hverførste søndag i måneden Tuddalsuppe og klubb. Vi driver også catering. Kom innom å få med en meny. Påskeveka: Måndag - Onsdag ordinær åpningstid kl 09.00 - 18.00 Åpningstider i påsken alle dager 12 -20 Åpningstider til vanlig Fredag 12 - 20, lørdag 12 - 20, søndag 12 - 19 Turistinformasjonen er åpen i kaféen sine åpningstider. Utenom åpningstid blir alle henvendelser besvart på tlf. 915 87 281 eller post@visittuddal.no Skjærtorsdag kl 10.00 - 16.00 Langfredag stengt Påskeaften kl 09.00 - 15.00 -7- Nyttige telefonnummer: Hjartdal kommune, servicekontoret: 35 02 80 00 17. mai komiteen er i gang med planlegging av 17. mai feiring. Program/leikar på/ved Fossehalli. Tog frå skulen. Plakatar blir hengt opp, og det blir lagt ut på nettsidene til visittuddal.no. Vi ønskjer alle som er i Tuddal 17. mai helga velkommen til å feire nasjonaldagen saman med oss. Annonsere i Treskoposten Treskoposten blir nå finansiera gjennom annonser. Ønskjer du å annonsere her, ta kontakt på treskoposten@hotmail.no. Du når då både fastbuande og camping-/hyttefolk i Tuddal. Neste Treskopost kjem før sommersesongen. Innlevering av stoff/annonser 1. juni. Ønskjer alle riktig god påske! www.visittuddal.no -8- Turistinformasjon: 915 87 291 Joker Tuddal: 35 02 41 05 Bygger`n Tuddal: 35 02 41 60 Anlaugs Husflid: 990 06 372 Bondal Snikkarverkstad: 35 02 40 99 Tuddal Høyfjellshotell: 35 02 88 88 Flugonfjell skisenter: 994 45 800 Legevakt, Notodden: 81 56 80 94 Tuddal Taxi: 35 02 41 87 97 70 55 46 Hjartdal Røde Kors: 95 02 32 92 e Go sk å p d G design Notodden. 4/14 - 500 17. mai i Tuddal Bøen kiosk og kafé: 35 02 41 20/915 87 291
© Copyright 2024