FOSNSTRAU MEN STEINALDERSTI / STONE AGE PATH / STEINZEIT PFAD N Bli med på ei reise 10 000 år attende i tida, i eit landskap som har vore nytta av menneske heilt sidan isbreen dro seg attende frå kysten. Her kan du sitja på dei same nakne knausane kor steinalderjegrane kvilte seg. Fosnstraumen har vore eit viktig «laboratorium» for steinalderarkeologane heilt sidan 1960åra. Buplassen på Ramsvikneset på Straume vart graven ut i 1962 og 1963. Kotedalen på Straume vart granska av Historisk museum i 1985-87. Prosjektet var eit tverrvitskapleg samarbeid mellom arkeologar, botanikarar og zoologar. I 1988 vart området kring Fosnstraumen registrert systematisk. I alt vart det oppdaga 90 buplassar frå steinalderen. Dei rike funna frå Fosnstraumen, reiskapar, beinmateriale og pollenkorn, fortel om gode og trygge tilhøve for busetnad gjennom mange tusen år. Det var ved plassar som Fosnstraumen at dei første fastbuande fangstfolka slo seg ned, og det var her at jordbruket fekk si spede byrjing mot slutten av steinalderen. Difor kan steinalderbuplassen ved Fosnstraumen gje oss kunnskap om utviklinga over heile Vestlandet. N Litlelindås Longevatnet 0 100 200 300 m Hoplandskvernene 1 N Hopland 0 100 200 300 m Skiveøks og tangepil av flint. Store Herslaupen Kart 1. 2 Tidleg i eldre steinalder, for 9500 år sidan, stod sjøen 15 meter høgare enn no. Då var straumen breiare, og Rappeneset berre små holmar og skjer. Buskar og små tre vaks her og der. Ved Fosnstraumen er det funne 6 buplassar frå denne tida. Snekkeviki Hoplandsosen HOVUDSKILT 3 GB D Come along on a journey 10,000 years back in time, through a landscape which has been used by man ever since the retreat of the glacier. Here you can sit on the same exposed rocks on which Stone Age hunters rested. Fosnstraumen has been an important «laboratory» for Stone Age (10 000 - 3500 before present) archeology ever since the 1960's. Kotedalen at Straume was examined by the Historical Museum in Bergen during 1985-87. The Project was a interdisciplinary co-operation among archaeologists, botanists and zoologists. In 1988 the area around Fosnstraumen was systematically surveyed. In total 90 sites were discovered from the Stone Age. These rich discoveries from Fosnstraumen - tools, pollen and bone materials - tell about events which occurred throughout Western Norway. It was in places like Fosnstraumen that the first hunters settled down and where agriculture had it's first hesitant beginnings towards the end of the Stone Age. Begleiten Sie uns auf eine 10.000 Jahre lange Reise in die Vergangenheit, in eine Landschaft, die von Menschen genutzt wurde, sobald sich die letzten Gletscher zurückgezogen hatten. Hier können Sie auf nackten Felsen ausruhen, wie es schon die Jäger der Steinzeit machten. Bereits seit den 60er Jahren ist die Meeresenge Fosnstraumen ein wichtiges «Laboratorium» für die Archäologen, die sich mit der Steinzeit (vor 10 000 bis 3500 Jahren) beschäftigen. An der Erforschung des Kotedal in Straume in den Jahren 1985-1987 nahmen unter der Leitung des Historischen Museums in Bergen Archäologen, Botaniker und Zoologen teil. 1988 wurde das Gebiet um Fosnstraumen herum systematisch registriert. Die reichen Funde - Werkzeuge, Pollenkörner und Knochenmaterial - erzählen von Ereignissen, die für ganz Westnorwegen wichtig waren. An Plätzen wie Fosnstraumen ließen sich die ersten Fischer nieder, und hier wurde am Ende der Steinzeit der Boden erstmals landwirtschaftlich genutzt. N Tongane Rappeneset 7 0 Fosnstraumen Oldertjørn 100 200 300 m Lygrefjorden Bøneset 7 4 HOVUDSKILT 6 Nordangervågen 5 Straumsvågen Trinnøks av diabas og mikroflekker av flint. Straume Mjøs Kart 2. 4 Straumen Steinalderstigen. Dag og natt fossar vatnet gjennom Fosnstraumen. Det store bassenget i Lygrefjorden skal fyllast eller tømmast ved flo og fjøre. Her går det fort! Den smale passasjen får vatnet til å renna som ei elv. I det rennande vatnet er det eit yrande liv. Her treng ikkje palemorten gjera anna enn å gapa opp og stå stille. Straumen kjem med plankton og annan mat. Men nede i tareskogen lurer ein diger, glupsk torsk, og nisa kan koma raskare enn lynet. Plankton, pale, nise, vågekval og menneske - i mange tusen år har desse vore ein del av det store økosystemet i Fosnstraumen. Steinalderstigen er rydda og merka, og går på begge sider av Fosnstraumen. På ti ulike stader er det sett opp skilt. To identiske hovudskilt står ved parkeringsplassane i Snekkeviki og ved Straumsvågen. Dei andre fortel om funna og tilhøva på dei einskilde stadene. Stigen går også framom dei restaurerte kvernene i Hoplandsmarka. 1 2 3 N 5 Tradisjonar på Rappeneset. 0 100 200 300 m Rappeneset har vore i bruk i fleire tusen år. Øvst på terrassane ligg dei eldste funna. Dess lengre ned mot stranda ein går, dess yngre er busetnaden. 6 Utsynsstaden på Rappeneset. Frå denne staden kan du sjå vidt omkring, frå Lindås til Fedje. Betre utkikkspunkt finn du ikkje ved Fosnstraumen. Denne plassen vart nytta i steinalderen. Kvileplassen på Store Herlaupen. I eldre steinalder har folk søkt ly i denne vika. Her heldt dei til i nokre timar, i høgda ein dag. Dei har gjort opp bål og ordna reiskapar. Ramsvikneset og Kotedalen. Dei store steinalderutgravingane her har gjeve nytt og interessant materiale. Skår av keramikk og spora etter jordbruk er mellom dei eldste som er funne i Noreg. Longevatnet - eit landskap i endring. Eit pollendiagram frå Longevatnet viser store endringar i naturmiljøet. Her kan vi sjå at landet har heva seg. Etterkvart vart orreskogen erstatta med lynghei. Seint i eldre steinalder, for omlag 6000 år sidan, hadde landet heva seg, og sjøen stod 10 meter høgare enn no. Landet var dekka av tett lauvskog. 18 buplassar er funne frå denne tida. Vestlandsøks av grønnstein og tangepil av rhyolitt Kart 3. 7 Buplassen på Tongane. Dei gode fiskeplassane på Tongane og Bøneset. Dette er ein av bustadene i steinalderen. Tjukke kulturlag fortel om busetnad gjennom lang tid. Buplassen ligg ved det smalaste partiet i Fosnstraumen. Her møtest fortid og notid. I steinalderen låg dei her og pilka. No dreg vi opp fisken med slukstang. I yngre steinalder mellom 5200 og 3800 år sidan, låg strandlinja 5 til 10 meter høgare enn no. Frå denne tida er det funne 43 små og store buplassar ved Fosnstraumen. Du står her / You stay here / Sie stehen hier FREDA FORNMINNE STEINALDERBUPLASSANE ER EIN VIKTIG DEL AV KULTURARVEN VÅR. DEI ER FREDA ETTER LOV OM KULTURMINNE. DET ER IKKJE LOV Å GRAVA I ELLER I NÆRLEIKEN AV BUPLASSANE. VIS RESPEKT OG OMTANKE. Steinalderstigen ved Fosnstraumen er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigarane og Bergen Museum, Austrheim kommune, Radøy kommune og Hordaland fylkeskommune Tekst og koordinering: Knut Andreas Bergsvik, Fagleg redaksjon: Kulturlandskapssenteret, Kulturetaten, Hordaland fylkeskommune Grafisk formgjeving: Geir Goosen Kartillustrasjon: Sven Jacobsen Foto: David Neil Simpson og Knut Andreas Bergsvik Teikningar: Ellinor Hoff, Bergen Museum Tilrettelegging og produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen
© Copyright 2024