Presentasjon av nye eplesortar populær aktivitet under Gartnerkongressen Norsk Landbruksrådgiving deltok med utstilling og stand på Gartnerkongressen i Loen 2.-4. nov., der GH-Vest stod som arrangør. NLR sentralt og Landbruksrådgivinga lokalt i Sogn og Fjordane slo sine pjaltar saman og deltok med felles stand. Her kunne dei nærmare 250 kongressdeltakarane få informasjon om organisasjonen Norsk Landbruksrådgiving samtidig som mange nytta høve til å prøvesmake nye eplesortar som vart presentert på standen. To nye, seine sortar kunne samanliknast med hovudsorten Aroma, i tillegg fekk ein smaksprøvar av eplejuice frå ein mogleg ny interessant industrisort. Eit av dei 4 storskalafelta med nye eplesortar som er lokalisert til fruktdistrikta på Aust- og Vestlandet er plassert hjå Karl Ove Loen rett bak kongresshotellet Alexandra; snakk kortreist mat ! Frå v.: Marianne Bøthun, NLR S. og Fj. og Gerd Guren frå NLR-sekretariatet på stand under Gartnerom kongressen i Loen Eplesortane Rubinstep ; kasse nr 1 og 2 frå venstre, Elan; nr 3 og Aroma lengst til høgre kunne prøvesmakast og samanliknast. Vi fekk mange tilbakemeldingar på kva sort som falt best i smak. Også statssekretær Harald Buttedahl, midt i bildet, smakte på dei nye eplesortane. Han hadde i foredraget sitt rett før sleppt nyheiten om opning for import av eple- og pæretre til Norge frå 1. jan 2013. Kameralinsene var som vi ser ikkje langt unna. Buttedahl er forøvrig fruktdyrkar i Lier og sjølv feltvert for eit av storskalafelta med nye eplesortar!! T.v.: Jan Ferstad frå NLRsekretariatet. Marianne Bøthun presenterar eplejuice av prøvesorten NA 46-49' Øya'; ein avlingsrik, storfrukta sort som falt i smak hjå mange. 76 % av dei som gav tilbakemelding klassifiserte denne juicen som 'svært god' eller' god'. Enkelte som var innom standen var meir interessert i nye eplesortar enn andre; her får ein fruktdyrkar frå Hardanger meir inngåande informasjon frå underteikna. Andel 1. plassar Andel 2. plassar Aroma Elan Rubinstep Aroma Elan Rubinstep Aroma Elan Rubinstep 45 % 40 % 35 % 30 % 25 % 20 % 15 % 10 % 5% 0% Andel 3. plassar 'Rubinstep' gjekk til topps når vi spurde om kva eplesort som smakte best. 'Aroma' kom på ein 2. plass og 'Elan Elan' på 3. plass. Men som vi ser i diagrammet iagrammet var det delte meiningar og stor spreiing i rangering av beste eplesort. Kommentarar gjekk elles på at 'Rubinstep' var fast i fruktkjøtet, men hadde god smak. 'Elan' kommenterte mange hadde rikeleg syre i smaken, medan fleire kommenterte at 'Arom 'Aroma' a' var blitt blass i smaken og mangla syre. Dette var og den sorten som fortast blei mørk i fruktkjøtet etter oppdeling i eplebåtar med epledelar, noko som og indikerar lite syreinnhald i frukta.
© Copyright 2024