GUDBRANDSDALSMAT SA Adr: Skansen 7, 2670 Otta Tlf: 975 68 805 / 416 13 159 post@gudbrandsdalsmat.no Bankkonto: 2085 07 20577 Org.nr: 989 815 253 Otta, 11. april 2014 Pressemelding frå Gudbrandsdalsmat SA 11 april 2014 LOKAL PRODUSERT MAT PÅ MANGE FAT TIL PÅSKE Nok ein gong opplever Gudbrandsdalsmat SA rekordsalg. Veka før påske har det vore fullt kjør med bestillingar frå kunder og mykje vare ut frå Gudbrandsdalsmat sine produsentar. Lokal produsert mat i vekst Gudbrandsdalsmat SA hadde i 2013 ei god salgsauke. All auke i 2013 var sal til butikk. I 2014 vil Gudbrandsdalsmat satse på serveringsstader, og særleg serveringsstadene lokalt. Det er her dei verkeleg gode historiane om den lokalproduserte maten kan forteljast! Nye produsentar Det siste halve året har det kome til 7 nye produsentar i Gudbrandsdalsmat; Øyens Hjemmebakeri på Kvam, Laagen Bryggeri på Dale Gudbrandsgard på Sør Fron, Jotunheim Mat i Vågå, Den lille tytingfabrikken på Otta, Dovre Lam på Lesja, Gokroppen Sjokolade i Gausdal og Gausdal og Lillehammer Bigårder. Det er gledeleg at det kjem med fleire produsentar frå Midt- og Sør-Gudbrandsdalen. Hovudtyngda av produsentar er framleis i Nord-Gudbrandsdalen. Til saman er det no 24 produsentar som er andelseigarar i Gudbrandsdalsmat. Innovasjon Norge Denne veka var Innovasjon Norge på besøk hos fleire av Gudbrandsdalsmat sine produsentar. For å kunne dekke de auka etterspørselen etter lokale matprodukt er det viktig å ha med Innovasjon Norge på laget. Fleire av produsentane er inne i Innovasjon Norge sitt program for å finansiere vekst i lokalmatbedrifter. Dei er i gang med utviding av produksjonen, produktutvikling og vidare utvikling av designet sitt. Fleire var samla til lunsj i Stensgård i Skjåk onsdag, der blant anna ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard, skrytte av Innovasjon Norge og kor viktig deira finansiering er for næringsutvikling og vekst i Gudbrandsdalen. Før lunsjen hadde Marly Irene Sæterdalen vore på omvisning i produksjonslokala til Breheimen Mat på nabogarden til Stensgård. Hos Breheimen blir det produsert spekemat på oppdrag frå fleire av produsentane i Gudbrandsdalsmat i tillegg til eigen produksjon av langtidsmodna spekeskinker, viltspekepølser, stykningsdelar av vilt og elgburgerar. Kontakt: Anette Svastuen, tel 97568805, post@gudbrandsdalsmat.no (Dagleg leiar) GUDBRANDSDALSMAT SA Adr: Skansen 7, 2670 Otta Tlf: 975 68 805 / 416 13 159 post@gudbrandsdalsmat.no Bankkonto: 2085 07 20577 Org.nr: 989 815 253 Bilde: På trappa i Stensgård etter nydeleg lunsj, frå venstre fyrste rekke: Joakim Nyhus (Valbjør Gard), Hans Brimi (Brimi Sæter), Ola Tangvik Brimi (Brimi Sæter), Leif Skiaker (Breheimen Mat), Marly Irene Sæterdalen (Innovasjon Norge), Anette Svastuen (Gudbrandsdalsmat). Andre rekke: Arnstein Fjerdingren (Stensgård), Kai Valbjør (Valbjør Gard), Rolv Kristen Øygard (ordførar i Skjåk), Marianne Stensgård (Stensgård/ styreleiar i Gudbrandsdalsmat) og Liv Skiaker (Breheimen Mat).
© Copyright 2024