Last ned (PDF, 340KB) - Sogn Jord

Kurs i pollineringsretta birøkt
- kurset for deg som vil starte med birøkt for pollinering i
eigne hagar/felt eller deg som har bier og vil utvida med
utleige av kuber til pollinering.
Alle produsentar av frukt og bær har nytte av bier. I dag er det for få birøktarar til
at vi dekker den store «frukthagen Sogn og Fjordane» og vi har eit stort unytta
potensiale for auke i avlingar og betre økonomien. Prosjektet «Pollineringsretta
Birøkt» er ei pilotsatsing for å få fleire røktarar i gang og målet er å utdanna 15 nye
pr. år i tre år framover.
Pilotkurs:
Prosjektet skal utvikla eit kurs for å gi ei innføring i korleis pollinering av frukt og bær kan
gå inn driftsplanar for dyrking av frukt og bær. Med auka biepollinering vil dyrkarane
fremje både kvalitet og kvantitet og betre økonomien i produksjonen.
Tema på kurset:
-stell og drift av bikuben gjennom året
-biologi og birøkt, biehelse
-regelverk, KSL og HMS
-utstyr og økonomi
-pollineringsbiologi og plassering av bikuber
Kurset vil gjere deltakarane i stand til å kunne røkte bier og nytte biene sin evne til å
pollinere som grunnlag for birøkt og pollinering som næring. Kurset skal seinare evaluerast
og vidareførast i andre delar av landet
Målgrupper:
1) Etablerte birøktarar som vil starta med utleige av bikuber for pollinering
2) Frukt- og bærprodusentar som vil starta med birøkt for å betra eigen produksjon
3) Andre som vil starta birøkt knytt til frukt og bærdyrking
Dei som er i gruppe 1 og 2 vil bli prioritert, gruppe 3 dersom det blir ledige plassar. Til
saman 15 deltakarar.
Påmelding: til Sogn Jord og Hagebruksskule på e-post:
paamelding.sjh@sfj.no
Få med faktura adresse, mobilnr, organisasjonsnr. Få med om du er i gang som birøktar,
om du er frukt- og/eller bærprodusent med bier, eller om du har planar om å starte opp
med pollineringsretta birøkt. Påmeldingsfrist: 25. februar 2014
Pris: kr 6000,- inkludert kurskompendium, servering og rådgjeving mellom samlingane.
Overnatting kjem i tillegg. På dei to første samlingane er det muligheit for overnatting på
internatet på SJH. Siste samling vert i Lærdal med overnatting der.
Praktiske opplysningar: Gjennomføring av kurset vil vere på Sogn Jord- og
Hagebruksskule og med praksis hjå SOGNEBIA i Lærdal.




Første del av kurset vil tilsvara trinn 1: «Grunnkurs i birøkt» i Norges Birøktarlag sitt
Kompetanseutviklingsprogram.
Det vil bli lagt opp til at deltakarane får tilgang til kurslitteratur som må studerast på
førehand
Deltakarane får gratis medlemskap i Norges Birøktarlag ut 2014 , med medlemsbladet
birøktaren
Deltakarane får tilbod om å kjøpa verneutstyr og litt materiell til redusert pris gjennom
Honningsentralen SA og ditt lokale Birøktarlag vil hjelpa med å skaffa biesamfunn til
oppstarten som birøktar.
Kursplan Kurset vil bli gjennomført over 3 helgesamlingar i 2014:







Samling 1: 5.-6. april
Samling 2: 7.-8. juni
Samling 3: 30.-31. august
SJH - Lærdal
Lærdal - SJH
Lærdal
Innføring i bienes biologi og
åtferd i terrenget
Vårstell i bigarden:
kubemateriell, verneutstyr,
reiskap m.m.
Planlegging av hagar med
tanke på pollineringsbirøkt
Om biesjukdommar/ hygiene
i bikuben.
Utstyr, forsikring og økonomi
Driftsbygning
Organisasjonane: Norges
birøktarlag og
Honningsentralen





Flytting og transport,
vandrebirøkt
Kubeplassering
Pollinering av ulike artar
av frukt og bær
Rutinekontroll av
bikubane
Svermekontroll / utviding
av bikuben






Bedriftsøkonomi og
etablering
Administrasjon og utforming
av avtalar
Hausting av honning i
slyngerommet
Stell av bikubar om hausten
og fram mot innvintring
Lovverk (forskrift om birøkt,
Mattilsynet, KSL, Helse,
miljø- og tryggleik m.m..)
Avslutning og overlevering
av kursbevis
Fleire tema går litt over i kvarandre og bli kan bli vidareført på neste samling. Det er viktig
at alle deltek på alle samlingane.
Kurslærar og -leiing:
Marco Neven er lærar på kurset. Marco er til dagleg lærar ved Sogn Jord- og
Hagebruksskule i Aurland og driv i tillegg føretaket SOGNEBIA. SOGNEBIA har i mange år
m.a. drive med birøkt i Lærdal og har lang erfaring med utleige av biekubar til pollinering.
Marianne Bøthun, Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane, vil vere gjennomgåande
kursleiar på kurset og vil fungere som rådgjevar for dyrkingsmessige spørsmål.
Anne Karin Hatling, Ressurssenteret på SJH, er ansvarleg for påmelding og informasjon
til deltakarane og gjennomføring av kursa.
Arrangør:
Ressurssenteret ved SJH i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjevinga i Sogn og Fjordane.
For meir informasjon ta kontakt med Anne Karin Hatling på tlf. 94 82 94 31 eller på
epost anne.karin.hatling@sfj.no.