Reiselivstreff i Lavik 12. februar 2015

Teamaktivitetar
for reiselivet i Ytre Sogn
Go’Kajakk og Stas inviterer til treff for reiselivsinteresserte
i Ytre Sogn, ved naustet på Alværn gard torsdag 12. februar
2015 kl. 12.00 - 14.30.
På treffet får du:
- Bli betre kjent med andre reiselivsaktørar i regionen
- Høyre om tilboda til Go’Kajakk
- Få smakebitar på teamaktivitetar og høyre om tilboda til Stas
- Lage din eigen lunsj på bål
Vi håpar du vil delta, og bed om at du melder deg på treffet innan 10.
februar til age.avedal@enivest.net.
Litt om oss som inviterer:
Go’Kajakk tilbyr guida turar i heile Sogn og Fjordane. Trygge
havkajakkar, enkle og doble kan hyrast til små eller store grupper.
Kurs, instruksjon og treningsopplegg for alle som har lyst å gli over ei
vassflate ved eiga kraft. Padling gjer meistring, spenning og
naturoppleving. Go’Kajakk blir drive av Øyvind J. Korsøen, busett i
Førde.
Meir om Go’Kajakk på www.gokajakk.no.
Stas tilbyr teamaktivitetar inne og ute til grupper som vil gjere noko
artig, sosialt og samansveisande. Teambuilding, friluftsopplevingar,
mat på bål og teateraktivitetar står på menyen. Det er Åge Avedal
som driv Stas. Åge bur i Førde, men er vaksen opp i Leirvik.
Meir om Stas på www.stasaktiv.no.
Alværn gard ligg ca. 3,5 km. frå Lavik i retning Høyanger. Ein kan
parkere ved sidan av driftsbygningen. Samlinga blir på og ved naustet
ved garden. Det tek eit par minutt å gå til naustet.
Spørsmål?
Ta kontakt med Åge Avedal, Stas: 970 72 734 /
age.avedal@enivest.net.