Nr. 3 - Time kyrkjelege fellesråd

Helgedagen
Kyrkjelydsblad for Time
Nr. 3 - juni 2015 47. årg.
Møt Pål Undheim
Soknerådsval
side 6
Sommarkveld
side 8
side 14
Pilegrimsvandringar side 16
3
Bryne - Time - Undheim sokn
Til ettertanke
Kyrkjekontoret
tlf. 51 77 03 77
Kontortider: Måndag-Fredag: 09:00 -14:00
Kyrkjekontoret: Erlandsbakken 6, 4349 Bryne
heimeside: http://www.time-kyrkja.no
e-post adresse: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no
tlf. 51 77 03 60
telefaks Prost: Kjell Børge Tjemsland
tlf. 416 38 048
Kateket: Ingfrid Time Nærland tlf. 401 67 222
Diakon: Marit Høie Hetland
tlf. 911 63 039
tlf. 48 19 03 18
Diakon: Ingelin H Norbakken Sekretær Bryne sokneråd:
tlf. 51 77 03 64
Elisabeth Obrestad Sekretær Time sokneråd:
tlf. 51 77 03 64
Elisabeth Obrestad Sekretær Undheim sokneråd:
Knut Undheim tlf. 951 60 990
tlf. 51 77 03 77
Sekretær: Kari W. Ødegaard Sekretær: Siri Vik tlf. 51 77 03 76
Kyrkjeverje: Olav Vegard Søyland tlf. 51 77 03 69
Time Sokneprest: Gunnar Frøyland
Organist: Oddny Underhaug Kyrkjetenar: Gunhild Edith Lande
Kyrkjetenar helg: Tom Carlos Slettebø
Soknerådsleiar: Karin Lima Friestad
Klokkar: Sofie Braut Time kyrkjegard
tlf. 958 73 847
tlf. 900 11 178
tlf. 48 10 70 62
tlf. 977 46 283
tlf. 900 21 635
tlf. 986 55 128
tlf. 51 48 32 84
Gunnar Frøyland
«…..Tilgjeving er når me ser inn i
auga til ho eller han me har gjort
vondt. Me ser korleis uretten har
gitt ho eller han sår, og likevel ser
me at ho, at han, tar imot oss og
gjev oss plass i livet sitt på ny.»
Ut av skammekroken
Av gamle oppdragarknep har eg lagt
merke til at «kroken» enno er i bruk. «Viss
du ikkje kan oppføra deg, må du stå i
kroken», seier oppdragaren. Og der står
barnet til ria er over.
Mange blir verande i skammekroken
heile livet. Anten dei held fast på sin rett
til å gjera det vonde dei gjorde, eller dei
Bryne tenkjer det ikkje er ein veg attende til
Heimeside http://www.brynekyrkja.no
fellesskapet, så vert dei verande i skamSokneprest Stein Ødegård
tlf. 911 57 105
Organist: Per Olav Egeland tlf. 900 18 708
mekroken. Stae nektar dei å koma ut,
Klokkar: Leif Andenes
tlf. 909 93 176
skamfulle tør dei ikkje koma ut.
Soknerådsleiar: Ruth Stabel Berg tlf. 938 31 623
Kyrkjelydutviklar: Bjørn Inge Hauge
Ungdomspastor: Johannes Kleppe
Kyrkjetenar: Gunhild Edith Lande
Kyrkjetenar helg: Håkon Espevik
tlf. 51 77 03 62
tlf. 951 42 602
tlf. 48 10 70 62
tlf. 413 79 422
Lye forsamlingshus
Heimeside http://www.lyeforsamlingshus.no
Sokneprest: Gunnar Frøyland
tlf. 958 73 847
Leiar forsamlingsstyret: Arne Heggheim tlf. 900 34 326
Administrator Lye: Sigurd Idland
tlf. 466 98 050
Ungd.arbeid. Lye: Helge Ask
tlf. 994 62 935
Undheim Heimeside http://www.undheimkyrkja.no
Kyrkjetenar: Hans Undheim tlf. 900 37 560
Soknerådsleiar:
tlf. 51 48 43 07
Kåre Sigurd Undheim Undheim kyrkje
tlf. 51 48 68 20
Besøk vår nettside:
www.time-kyrkja.no
E-post sokneråda:
Time sokneråd:
time.soknerad@time-kyrkja.no
Bryne sokneråd:
bryne.soknerad@time-kyrkja.no
Undheim sokneråd: undheim.soknerad@time-kyrkja.no
Mange av oss er stolte. Vinnaren bur i oss.
Me blir sure når me tapar i spel. Me taklar
ikkje å ta feil. Men det hindrar ikkje at me
gjer galt eller vondt. Då sit det langt inne
å seia: Tilgje meg! Å erkjenna det vonde
me gjorde og audmjukt be om tilgjeving,
er meir enn me maktar. Og plagar det
vonde oss, er det fordi me sjølv har mista
ansikt, ikkje fordi me har gitt den andre
eit slag i ansiktet.
Andre plagar seg sjølv med det vonde
dei gjorde. At nettopp dei har krenka
ein annan, at dei kunne gjera den andre
vondt, er meir enn dei kan bera. Dei vågar
ikkje koma ut av kroken. Skamma er for
stor. Det er ikkje så vanskeleg for dei å be
om tilgjeving med bøygd hovud. Men å
løfta hovudet og sjå den andre i auga og
ta imot tilgjeving, det vågar dei ikkje.
«I hans(Jesu) namn skal omvending og
tilgjeving forkynnast for alle folkeslag, ….
de blir kledde i kraft frå det høge» Luk.24,
47-49. Orda sa Jesus til læresveinane rett
føre han vart teken opp til himmelen.
Omvending er når me byrjar snakka sant
om livet. Når vondt vert kalla vondt. Når
urett vert kalla urett. Når synd er synd.
Når me seier: «Dette har eg gjort, og det
er galt.» Då vert det verre for oss at me
har gitt den andre eit slag i ansiktet, og
mindre viktig at me har mista ansikt. Då
veks ønskjet og viljen til endring fram i oss.
Tilgjeving er når me ser inn i auga til
ho eller han me har gjort vondt. Me ser
korleis uretten har gitt ho eller han sår, og
likevel ser me at ho, at han, tar imot oss
og gjev oss plass i livet sitt på ny.
Så kjem Den heilage ande til oss med
kraft, kraft til å gje Gud rett når han
dømer, og mot til å sjå Jesu smerte på
krossen, tilgjevinga si sikre grunn.
Når Anden kjem og vender vår vilje til
Gud, når Anden kjem og set føtene våre
på tilgjevinga sin trygge grunn, då går me
med frimod ut frå skammekroken.
Min Salme
...”Ein iskald januardag i 1987, då den vesle familien vår
sto på Sola for å reisa til Madagaskar som misjonærar
første gong, stakk svigerfar til oss eit kort med gode ord
og helsingar. Ein kopi av «Rop det ut» var limt fast på
kortet. Eit sterkt minne!”
Margreta Johannessen
Rop det ut med hjertets jubel
Rop det ut med hjertets jubel,
Gledesbudet fra ham selv:
Livet kan bli nytt fra nå av,
Slettet ut er skyld og gjeld!
Ordet vitner høyt og hellig
Om hans kjærlighet og makt.
Knel og tilbe, pris ham, hør ham,
Gå og gjør som han har sagt!
Herre, takk for dyre skatter
Som er skjult i dine ord.
La oss dele dem i troskap
Med en mørk og nødstedt jord.
Vi vil vitne om din frelse,
Om ditt bud og om din dåp,
Tjene mennesker frimodig,
Bringe verden lys og håp.
Gå og lær dem! Det var budet
Dødens overvinner gav.
Stående er Herrens ordre
Til hans venner nå som da.
Del med dem som går i mørke
Alt hva Kristus har å gi.
Bring Guds ord til hele verden!
Bare det kan gjøre fri.
Når eg skulle velja ut ein salme eller song til denne
spalta, måtte det blir misjonssalmen “Rop det ut med
hjertets jubel”, skrive av amerikanske Georgia Harkness
i 1966.
Dette er ein nyare salme som eg lærte i studietida i Stavanger. Melodien
er frisk og jublande, lett å syngja og oppfordrar til å stemma godt i.
Teksten er ei lovprising til Gud for den han er og skildrar glede og
takksemd over Guds frelse og tilgjeving. Framfor alt utfordrar teksten til
å gå på Guds bod og dela den gode bodskapen med andre.
“Gå og lær dem det var budet, dødens overvinner gav”.
Salmen hadde alt vore med på mange merkedagar i livet. Då me gifta
oss i 1981 og skulle plukka ut songar til vigsla, var dette eit naturleg
val. Det blei som eit motto for det livet me to starta saman og for
tenesta me visste låg framfor. Då eg vart vigsla til misjonær i Bremnes
kyrkje fem år seinare, var dette igjen min salme.
“Vi vil vitne om din frelse, om ditt bud og om din dåp, tjene mennesker
frimodig, bringe verden lys og håp.”
Likevel er ikkje dette berre ein salme for dei store merkedagane.
Det er også ein salme for kvardagane her og no, med ei påminning til
oss alle om Guds nåde og tilgjeving og om muligheten til å starta på
nytt:
“Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er skyld og gjeld!”
Georgia Harkness 1966
«Gud er den som frikjenner. Kven kan då
fordømma?» (Rom 8,33-34)
Gunnar Frøyland
Gi til NMS – få skattefradrag!
Foto framside: Sommer og utegrill Foto: JT
Helgedagen
Husk å øremerke gaven hvis
du vil den skal gå til noe
spesielt.
Redaksjon: Else-Marie Bue, Liv Helene Øyre Håland, Oddny Underhaug, Ragnar Time, Gunnar Frøyland, Arnfinn Vigrestad, Gabriel Tengsareid og Knut
Aalgaard. Layout: Gabriel Tengsareid og Knut Aalgaard.
Stoff kan sendast til Kyrkjekontoret eller med e-post til helgedagen@lyse.net innan 27. august.
Neste nr. kjem ut ca. 16. september 2015.
Vil du gi en gave
til Normisjon?
Kontonr: 1503.02.13537
Utgitt av Time kyrkjelege fellesråd.
Trykk: Jærprint. Frivillig kontingent til Time kyrkjelege fellesråd, kontonummer 3212 20 24589. Merk innbetalinga med Helgedagen.
Margreta Johannessen
Konto: 8220 02 85030 • Tlf: 51 51 61 00 • www.nms.no
www.normisjon.no
5
TJUVEN, TJUVEN SKAL DU HEITE
Boda i Helgedagen
I arven etter våre forfedre er dei ti
boda ein viktig ressurs. Me kan med
fordel studera dei nærare og reflektera over kva relevans dei bør ha i
dagens kompliserte samfunn.
Landet vårt er rikt på materielle
gode. Men me ser at overflod kan
føra til farar og utfordringar. Egoisme
og materiell arroganse grip om seg.
Kan det vera at gjerda rundt våre
verdiar, som dei ti boda, er utsette for
press og i stor grad har vorte borte?
Det sjuande bodet:
Du skal ikkje stela
Forklaring: Vi skal ottast og elska Gud, så vi
ikkje tek noko frå nesten vår, eller narrar
det frå han, men hjelper han til å verja det
han eig, og betra sine kår.
Redaksjonen av Helgedagen ønskjer
å løfta fram og setja fokus på dei ti
boda. Har me bruk for boda i dagens
samfunn? Kor viktig er det at ein har
”stabbesteinar” eller ”føringskantar”
på livsvegen? Og er det nok å ha eit
lovverk i ”det ytre” utan at det eksisterer ein åndeleg dimensjon som
påverkar sinnelaget?
RT
Foto: KAA
Frå Nordsjørittet 2014. Kvart år blir det stole mange syklar i Norge
I serien vår om dei ti boda er me komne
til sjuande bodet. Dei fleste av oss kjenner
oss trygge. Tjuv er eg i alle fall ikkje. Rett
nok har mange av oss vore på slang i ein
frukthage eller ein gulrotåker. Kanskje
har me naska ein pakke tyggis i butikken
eller stukke bort nokre kroner frå mor,
MEN TJUVAR – NEI, DET ER ME IKKJE.
I si forklåring til bodet skriv Luther: «Vi skal ottast og
elska Gud, så vi ikkje tek frå nesten vår pengar eller
noko han eig, og ikkje lurer det til oss med falske
varer eller knep, -men hjelper han å ta vare på det
han eig, og betra sine livsforhold.» (Omsetjing : Harald Kaasa Hammer, Credo forlag 1977).
Kva handlar dette om?
Som arbeidstakar handlar det om å stella fint
med og ta vare på dei verdiane som er tiltrudde oss.
Det kan vera verktøy, datautstyr, råvarer eller anna
som me har ansvar for. Er me årvakne så verdiane
ikkje vert skadde og det ikkje vert meir svinn enn det
trong å vera?
Og korleis brukar me arbeidstida? Brukar me den tida
me får betalt for til arbeidet me er pålagt å gjera, eller
blir tida borte i gildt prat med kollegaer eller ved at
me drøymer oss bort på nettet. Den som betaler for
tida vår, har krav på at me er der for han eller henne i
tida me får betalt for.
Som arbeidsgjevar handlar det om å ikkje krevja
større produktivitet enn godt er for helsa og leggja
til rette for ein trygg arbeidsplass. Løna skal gjera det
mogleg å leva godt. Det er vondskap å betala lite
fordi den andre likevel må arbeida for deg.
Som kapitaleigar handlar det om at avkastning
ikkje er eit mål i sjølv. Kapitalen skal brukast til å gje
arbeid og gode kår til så mange som råd er.
Som seljar av tenester handlar det om å gjera
godt arbeid og ikkje ta meir betalt enn at arbeidet
gjev deg ei skikkeleg løn. Det handlar om ikkje å
utnytta at det er mangel på din kompetanse.
Som seljar av varer handlar det om rett pris, rett
vekt og kvalitet som lova.
Som kjøpar handlar det om å gje rett pris og ikkje
lura eller tvinga nokon til å selja for underpris.
Som arving handlar det om å gje dei andre arvingane
det som høyrer dei til.
Så handlar det om innbrot og ran, om lommetjuveri og anna simpelt tjuveri, om hærverk og skadeverk, men det er i alt sitt alvor berre litt av kva bodet
lærer. Om denne vesle gjennomgangen kunne læra
oss at me er meir TJUV enn me likar å vere, så kanskje
vår dom over andre blei mindre hard. Og kanskje me
blei meir medvitne om at det ligg oss nær å stela og
lura til oss verdiar frå andre.
Me kan gjerne bed bøna me bed i gudstenesta når
gåva er samla inn: «Evige Gud, di er jorda og alt som
fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg tilbake. Tak imot
oss og gåvene våre for Jesu skuld.»
Og halda fram. «Gud gjev meg å ikkje gjera ditt til
mitt, så mitt medmenneske ikkje må lida fordi eg er
grådig.»
gf
7
Konfirmert for 50 år sidan
- Vil du anbefala dine barnebarn å
konfirmera seg i kyrkja?
- Ja, for meg er konfirmasjon heilt
naturleg. Eg har mi barnetru i behald.
Tidene har endra seg, men dåp og konfirmasjon er viktig, slik eg ser det. I tillegg
til å vera eit tru-spørsmål har det med
kultur og identitet å gjera.
Undheim kapell der Pål Undheim vart
konfirmert
Konfirmantar 1965. Det første konfirmantkullet frå ungdomskulen vart konfirmert i 1965. Ungdomskulen var nyleg
innført, og fram til då hadde 14- åringane blitt konfirmerte hausten etter at dei var ferdige med folkeskulen. Så vart konfirmasjonen flytta frå haust til vår, altså til siste del av 8 klasse.
20 av dei unge på dette bildet vart konfirmerte i Undheim kapell. Dei andre i Time kyrkje.
TORVSKJERAREN
Engasjert
Pål er oppvaksen på gard på Undheim og har alltid budd i
bygda. Han er ein aktiv kar, med glimt i auga og mange jern
i elden. I tillegg til familie og jobb har han engasjert seg i
frivillig arbeid. Til dømes som fotballtrenar, støtte for unge i
skulekorpset og innan kulturformidling.
Konfirmasjonstida
- Kva minnest du frå konfirmasjonstida, Pål?
- Det vart ein del styr heime når førebuinga kom om våren.
Det var jo travelt med lemming og våronn. Men eg ser
tilbake på konfirmasjonen som ei positiv hending, ein fin
familiefest.
Pål Undheim er ein av mange som søndag 14.
juni skal samlast og markera at det er 50 år
sidan konfirmasjonen. Jubileet vert feira med
gudsteneste i Time kyrkje og festmiddag på
Undheim Samfunnshus.
- Korleis var det å gå ”for presten” for 50 år sidan?
Me gjekk alle på ungdomskulen på Bryne. Presten, Casper
Hennig, kom og hadde undervisning der. For meg var det
utfordrande å læra salmevers og anna. Ikkje heilt enkelt
alt, men me hadde vel ikkje vondt av det. Alle var nok litt
nervøse på overhøyringsgudstenesta, sjølv om me hadde
peiling på kva me blei spurde om.
Arbeidskar
Pål kasta seg tidleg ut i arbeidslivet. Han
var vant med å hjelpa til på garden og
tok seg ymse jobbar ved sida av skulen.16 år gamal fekk han tilsettingsbrev
som landpostbud. Han var også innom
meireri- og entrepenørverksemd. Etter
kvart vart Statens vegvesen hans arbeidsgjevar, og der har han nå vore i omlag 40
år. Dei siste ti som kontrollingeniør. Han
brenn for at trafikksikkerheten på vegane
skal bli betre, og har blant anna vore
ein pådrivar for at trafikkofra i Jæren og
Dalane skal minnast.
Før i tida var det vanleg at jærbuen skar torv til brensel i det skoglause
landskapet. Pål Undheim er ivrig med når denne tradisjonen vert formidla på Høg-Jæren
- Korleis vert dette markert?
- Ein gong i året er det minnemarkering med faklar for dei
skadde og kors for omkomne. Dette er eit samarbeid med
fylkesadministrasjonen, Politiet, NAF, Røde Kors og entrepenør Risa. Då er det også ei minnegudsteneste i Stavanger
domkirke.
Slapsekaren
Pål har også vore med på produktutvikling i Vegvesenet.
Blant anna vart ”Slapsekaren” omtalt i media for nokre år
sidan.
- Kva var slapsekaren, og korleis gjekk det?
- I samarbeid med Per Skårland i Vegdirektoratet utvikla me
ein maskin for å fjerna slaps frå vegbanen. Me ville spara
salt. Maskinen var som ein tilhengar etter ein lastebil, det
var eit stålskjær, eit skjær av gummi og til sist børster med
stor diameter. Den var effektiv og imponerte mang ein
trailersjåfør. Det vart produsert ein del slike på Voll.
Torvskjering
Få dagar etter dette intervjuet var det ein demonstrasjon av
torvskjæring på Myrebø, garden der Pål er vaksen opp, og
der han bur like ved. Pål sin bror Vidar har ei freda torvmyr som nærast er blitt eit utstillingsvindu for den jærske
tradisjonen. Helgedagen sin medarbeidar vart freista til å
oververa mønstringa. Det vart ei flott oppleving frå første
spadetak til matsamling ved torv-bålet. Mange aktørar var
med på det som i praksis var ei historieforteljing om korleis
torva vart skoren ut og lagt til tørk.
- Torvskjering var viktig før i tida, og komande generasjonar
må få innblikk i korleis ein gjorde dette, seier Pål.
RT
9
Presentasjon av kandidatar til soknerådsval 2015
Valdag: 13. og 14. september
Time sokn:
Kandidat nr. 1
Willy Finnbakk, 56 år
Gardbrukar
Satsingsområde:
- Vidareutvikling av aktivitet og byggningar
Time og Lye
Relevant erfaring:
- Time sokneråd
- Time kyrkjelege fellesråd
- Forskj. Tillitsverv i landbrukets
organisasjonar
Kandidat nr. 2
Karin Lima Friestad, 36 år
Aktivitør
Satsingsområde:
- Trusopplæring for barn og unge
- Inspirasjon til kristenlivet
Relevant erfaring:
- Leiar av Løvegjengen i Time kyrkje
- Leiar av Time sokneråd
Kandidat nr. 3
Jorunn Ueland, 49 år
Lærar
Satsingsområde:
- Trusopplæring, barn og ungdom
- Diakoni
- Gudsteneste
Relevant erfaring:
- Div. barne- og ungdomsarbeid
Kandidat nr. 4
Jostein Stokka, 60 år
Bonde
Satsingsområde:
- Tradisjon/inkluderande kyrkje
Relevant erfaring:
- Diverse styreverv
- Kommunestyre, Time
- Kontrollutval, Time,
- Medlem Time sokneråd
Kandidat nr. 5
Oddvar Byberg, 52 år
Logistikk
Relevant erfaring:
- Speidarleiar
- Kasserar i Hognestad IL
Kandidat nr. 6
Bjørn Håland, 66 år
Pensjonist
Relevant erfaring:
- Styret for Lagshytta Bergen
- Styret i Laget, Bergen
- Notodden menighetsråd
- Time sokneråd
- Time kyrkjelege fellesråd
Kandidat nr. 7
Amund Undheim, 70 år
Pensjonert bonde
Satsingsområde:
- Gode gudstenester
- Gje barn og unge opplæring i kristen
tru
- Verdien av å ha ei folkekyrkja med den
glade bodskapen
Relevant erfaring:
- Medlem i Time sokneråd 1981-1989, leiar 83-87
- Leiar i Ugla gutelag (NMS) 1976-2015
- Medlem i Time kommunestyre 1999-2003
- Medlem i Time kulturstyre 1999-2003
- Leiar i Time sokneråd 2005-2011
Kandidat nr. 8
Astrid Ree Aanestad, 53 år
Konsern-controller
Satsingsområde:
- Ønskje om at fleire personar kan bli
kjent med og tru på Jesus, og finne
fellesskap i Time kyrkjelyd.
Relevant erfaring:
- Styreverv i kor, sundagsskule mv.
Kandidat nr. 9
Leif Kåre Lende, 63 år
Høgskolelektor
Satsingsområde:
- Kyrkja må i langt større grad bli synleg
på internett og i sosiale media
Relevant erfaring:
- Soknerådsmedlem
- Leiar av Time sokneråd, - Vara i Time sokneråd inneverande
periode, - Styremedlem Rogaland A senter
- Styremedlem Høgskolen landbruk og bygdenæringer, (nå
nestleiar).
Presentasjon av kandidatar til soknerådsval 2015
Valdag: 13. og 14. september
Bryne sokn:
Kandidat nr. 1
Kjell Ragnar Thu, 60 år
Overingeniør
Satsingsområde:
- Halda fram strategiarbeidet
- Barne og ungdomsarbeid
- Trusopplæring for vaksne
Relevant erfaring:
Politikar Time kommune, Sokneråd, Bryne
kyrkjelyd Time kyrkjelege fellesråd
Kandidat nr. 2
Inger Bakke Berge, 58 år
Kulturskulelærar
Satsingsområde:
- Barne og ungdomsarbeid
- Gudstenestelivet
- Misjon
Relevant erfaring:
- Leiar i KFUK-speidaren, barnekor og
Byggeklossen
- Julemessekomite i Bryne kyrkje
- Styret i Jærklang
Kandidat nr. 3
Steinar Espevik, 52 år
Elektrikar
Satsingsområde:
- Den opne famns kyrkje
- Misjon
- God og utfordrande forkynning
Relevant erfaring:
- Styremedlem i kretsstyret i Israelsmisjonen
- Styreleiar i Livsmeistring
Kandidat nr. 6
Brit Signe Fuglestad, 65 år
Satsingsområde:
- Barne og ungdomsarbeid
- Diakoni
- Kontaktarbeid retta mot nye
Relevant erfaring:
- Medarb. Holmavatn ungdoms- og misjonssenter
- Medarb. Arba Minch tech. college, Etiopia
- Privat næringsdrivande innan gartneribransjen
- Misjonær NLM og KN kasserar og sekretær
- Husstellærar Fredtun Folkehøgskule
Kandidat nr. 7
Alemayehu Fantahun, 59 år
Lektor
Satsingsområde:
- Opptatt av at gudstenestene skal inspirere
og invitere til aktiv tru, av folk i alle aldersgrupper, frå internasjonale
forhold.
- I etterkant av gudstenesta må det gis tid
og rom for dei som treng nokon å snakke med.
Relevant erfaring:
- Tolk, kulturformidlar, opplæringsansvarleg – Internasjonalt hus
Stavanger.
- Tolkeleiar Internasjonalt hus.
- Prosjektleiar «outreach» UDIR
Kandidat nr. 8
Olaug Bekkeheien, 63 år
Rådgjevar i oppvekst
Kandidat nr. 4
Hilde Hanevik, 50 år
Overlege
Satsingsområde:
- Ei open kyrkje
- Diakoni
- Omsorg
Relevant erfaring:
- Styret i Rogaland Legeforening
Kandidat nr. 5
Stein Arild Boi Pedersen, 57 år
Prosjektingeniør
Satsingsområde:
- Ei open og inkluderande kyrkje
- Ei kyrkje for alle aldersgrupper
Relevant erfaring:
- Kasserar i Ungkyrja
- Kyrkjevert
Kandidat nr. 9
Ola Undheim, 63 år
Lærar
Satsingsområde:
- Inkluderande kyrkje for Brynebyen
- Satsa på barn og unge
- Satsa på å inkludera innvandrarar
Relevant erfaring:
- Medlem i Bryne sokneråd
11
Bryne sokn:
Kandidat nr. 10
Aasa Braut, 56 år
Lærar
Satsingsområde:
- Ei kyrkje for alle
Relevant erfaring:
- Medlem av Varhaug sokneråd i to periodar
Kandidat nr. 12
Brit Solvor Frøyland, 65 år
Divisjons konsulent
Satsingsområde:
- Inkluderande fellesskap
- Barne- og ungdomsarbeid
- Diakoni
- Alle aldersgrupper på gudsteneste
- Bibelgrupper/husfellesskap
Relevant erfaring:
- Styremedlem i Idremisjonen, - Medlem i soknerådet, 6 år
- Diakoniutval, medlem i gudstenestegruppe, medansvarleg for
bibelkveldar
Kandidat nr. 11
Leif Christian Harboe, 55 år
Lektor på Bryne vgs.
Satsingsområde:
- Ei liberal kyrkje
- Toleranse og dialog
- Kultur
Kandidat nr. 13
Asbjørn Svendsen, 41 år
Lærar
Satsingsområde:
- Ungdomar i Bryne kyrkje
- Barnefamiliar i Bryne kyrkje
Relevant erfaring:
- Medlem i Bryne sokneråd
Kandidatliste UNDHEIM SOKN
1. Ivar Risa 2. Kari Nina Skare Sikveland 3. Hanna Tveiten 4. Hanne Brit Sandsmark 5. Silje Hegelstad Undheim 6. Astri Fjermestad 7. Gunnar Undheim 8. Åslaug Tunhelm 47 år
48 år
31 år
55 år
33 år
42 år
67 år
80 år
NB! Kandidatane til
Undheim sokneråd
blir presentert i
Møteplassen - kyrkjelydbladet for Undheim
- seinare
VELKOMMEN
TIL SAMLIVSKURS
På Holmavatn 14. – 15. november 2015
NB! Kursa går parallelt. Vel eit av dei!
Målsettinga med kursa
Styrka evne til å forstå kvarandre
Styrka evne til å leva med forskjellar
Styrke evne til å snakka saman
Pris
Pris for heile weekendkurset er 1700,Dette inkluderer full kost og losji
Kurset varer frå kl 10 laurdag - til kl 16 på søndag
Et annerleders språkkurs Påmelding til Time kyrkjekontor tlf. 51 77 03 77
Mail: diakon@time-kyrkja.no
Arrangør: Kyrkjene i Time, Klepp, Hå og Sandnes
To på samme kurs
GÅVEKORT
Ønskjer du å gje eit av kursa i gåve til
nokon, ta kontakt for å få kjøpt gåvekort
Salme 23:
Foto:Tor Magne Undheim
Herren er min hyrde,
jeg mangler ikke noe.
Han lar meg ligge i grønne enger,
han leder meg til vann der jeg finner hvile.
Han gir meg nytt liv.
Han fører meg på rettferdighets stier
for sitt navns skyld.
Om jeg enn skulle vandre i dødsskyggens dal,
frykter jeg ikke noe ondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
de trøster meg.
Du dekker bord for meg
like foran mine fiender.
Du salver mitt hode med olje.
Mitt beger renner over.
Bare godhet og miskunn
skal følge meg alle mine dager,
og jeg skal bo i Herrens hus
gjennom alle tider.
Foto: Else-Marie Bue
Å VERA MED PÅ
Kristine, Marion og Ragnhild
– tre nye medarbeidarar hos oss
13
Konfirmant 2016
- noko for deg?
Tre glade medarbeidarar. Frå venstre: Kristine Åsbø, Marion Lende og Ragnhild Hanssen
Snakk om glad gjeng! Helgedagen blir teken mot av tre muntre, ivrige og humørfylte
unge damer på felleskontoret deira på Kyrkjekontoret. Felles for dei er at dei alle tre er
nytilsette denne våren i Time kyrkjelyd, i trusopplæringa og barne- og ungdomsarbeid.
Felles er òg den store gløden dei har for dei
nye oppgåvene sine!
stilling. Ho er for tida med i Ungkyrkja, har litt konfirmasjonsarbeid og er med i ulike trusopplæringstiltak med
hovudfokus på 1. klasse og oppover. Hennar ønskje er å få
formidla Jesus til born og unge gjennom kreative og ulike
tilnærmingar. Born og unge på Bryne skal få kjenna at dei
høyrer til i Bryne-kyrkja. Den enkelte skal bli sett og høyrt.
Ragnhild Hanssen er sunnhordlending, frå Bømlo,
mor til to jenter, og ho bur nå på Lye. Der er ho mellom
anna leiar for Lye barnegospel. Ho har også lærarbakgrunn, dei siste åra på Undheim skule. Ho er tilsett i 50 %
Kristine Åsbø er Nærbø-jente, mor til 4, og har vore
stilling som trusopplærar i Time og Undheim sokn. Ho er
lærar i Hå og Time kommunar. Ho er tilsett som trusopglad for arbeidsfellesskapen med Marion og Kristine på
plærar i Bryne sokn i 50 % stilling, med særleg ansvar
kontoret, at dei saman kan inspirera og hjelpa kvarandre.
for aldersgruppa 0 – 13 år. Ho lengta etter å vera ”ute i
felten”, og nå får ho ein finger med i mykje i Bryne-kyrkja. Ragnhild er glad for alle friviljuge som støttar opp om arbeidet. - Dei er gull verdt, seier ho, og fleire trengs! Det er
Der ønskjer ho å vera ein del av ei levande kyrkje, der det
er plass til alle, både dei som er vane med å vera her – og berre å melda seg! - Eg gler meg til å jobba her, seier Ragnhild. Ho kom også tidleg i gang i jobben, før ho eigentleg
dei andre. Og både ho og Marion vart kasta ut i stort arrangement allereie tidleg i mai: Tårnagent-helg og utdeling var tilsett, med dåpsskule for 1.klassingane i Time-kyrkja.
av bibel til 4-åringane på Bryne!
Alle tre rosar også staben på kyrkjekontoret. Dei har blitt
møtt med mykje tolmod og stor velvilje, og dei kjenner at
Marion Lende er frå Sirevåg, bur på Bryne, 2-barnsmor. det er glede på huset over at dei er der!
Me ønskjer signing over inspirerte nye medarbeidarar!
Ho er nå i godt full stilling som barne- og ungdomsarbeidar på Bryne. Fagleg bakgrunn har ho frå pedagogikk-fag
og studier ved NLA. For å få tid til å utdanna seg som
barnevernspedagog, går ho frå hausten ned til 50 %
Tekst og foto: LHH
Anten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i
kyrkja. I konfirmasjons-tida får du læra
meir om deg sjølv og Gud. Du får anledning til å utforska nokre av dei mange
spørsmåla i livet saman med andre. Vi
snakkar om livet – på godt og vondt, om
kjærleik og om Gud. Samtidig får du oppleva mykje nytt.
.... Bli med på ei spennande
reise fram til den høgtidelege
konfirmasjonsdagen!
Påmelding: www.time-kyrkja.no
Konfirmasjonar 2016
Laurdag 30. april kl 11.00 og 13.00: Bryne kyrkje
Søndag 1. mai kl 10.30: Undheim kyrkje
Torsdag 5. mai kl 10.30 og 12.30: Time kyrkje
(Kristi himmelfartsdag)
Søndag 8. mai kl 10.30 og 12.30: Bryne kyrkje
Laurdag 14. mai kl 11.00 og 13.00: Bryne kyrkje
(pinseaftan)
Konfirmasjonar 2017
Laurdag 29. april kl 11.00 og 13.00: Bryne kyrkje
Søndag 30.april kl 10.30 og 12.30: Bryne kyrkje
Søndag 7. mai kl 10.30 og 12.30: Time kyrkje
Søndag 14. mai kl 10.30: Undheim kyrkje
Laurdag 13. mai kl 11.00 og kl 13.00: Bryne kyrkje
Ingfrid Time Nærland
Å VERA MED PÅ
Å VERA MED PÅ
Sommarkveld med Jærklang
Laurdag 13. juni 2015
Anne- Margrethe Eikaas Svanes
(sopran)
Ho er utdanna ved Teater-och Operahøgskolan, Gøteborg Universitet og UIS. Har
studert Bel Canto i fleire år i København.
Anne Margrethe Eikaas Svanes har hatt
mange roller ved dei fleste musikkteatra
i inn- og utland. Ho har og erfaring som
regisssør, underviser i song, piano og
drama ved Klepp kulturskule.
Katrine Imerslund (sopran)
Ho har si utdanning frå blant anna Barrath Due sitt musikkinstitutt i Oslo. Vore
sidan 2006 vore elev av Elizabeth Norberg. Katrine Imerslund har vore sopransolist i ei rekke verk som Carmina Burana
av Carl Orff, Johannespasjonen av Johan
Sebastian Bach, Sacred Consert av Duke
Ellington og Gloria av Antonio Vivaldi.
Til dagleg er Katrine Imerslund songlærar
ved Hå kulturskule. Ho var initiativtaker
bak operasatsinga Hå kulturskule har hatt
i samarbeid med Universitetet i Stavanger
og kulturskulen i Klepp.
Blandakoret Jærklang
Tradisjonen tru vil blandakoret Jærklang
og dette året arrangera sommarkveld i
Brynekyrkja i juni. Ein kveld der song og
musikk vil stå i sentrum, men der me og
vil verta betre kjende med eit hjelpeprosjekt og få høve til å støtta dette.
Gjester i år er Jæren SolistEnsemble( sjå eigen omtale)
som består av Katrine Imerslund(sopran), Anne
Margrethe Svanes(sopran), Anna Stroynowska(mezzosopran) og Marciej Stroynomski(klaver). Dei er alle
framifrå, utøvande og erfarne musikarar og solistar.
Hausten 2014 slo dei seg saman for å fremja den
klassiske songkunsten på Jæren og omegn. Ensemble
har eit stort og bredt repertoar. Dei syng gjerne Lieder
og store Oratorie, men hjarta deira ligg nok i Operaen
sin store Bel Canto-tradisjon som dei ønskjer å vera
ein døropnar for!
Ensemblet vil både opptre åleine og saman med
Jærklang!
Så får me møta Dennis Kanu frå Sierra Leone. Han
stifta for nokre år sidan, saman med kona si Elin Underhaug, organisasjonen Kanhaug som støtter skulegang for born i Sierra Leone. Målet deira er å gje håp
til born og unge – Sierra Leone si framtid.
Dennis vil ta oss med inn i det spanande, frivillige
arbeidet han og Elin står midt oppe i.
Det vil verta mykje god allsong, friskt akkompagnert
av Terje Vold m/ fleire.
Ei god matøkt skal me og få plass til i tillegg til at me
skal få lov å vera med å gje ei god gåve til arbeidet i
Sierra Leone!
Jærklang sine koristar ser fram til ei stor og god oppleving den 13 juni, og me håper at DU og kjem for
å vera saman med oss denne kvelden!
AV
Anna Stroynowaska (mezzosopran)
Ho vart i 2012 uteksaminert ved Academy
of Music i Bydgoszcz i Polen, ved fakultetet for vokalmusikk og drama med song,
drama oratorie og kantatar som spesialfelt. Anna Stroynowska har hatt solistroller i Dan Goggin sin musikal «Nunsence»
og i operaen «Il matrimono segreto»
av Domenico Cimarosa. Juni 2015 vil
ho avslutta sin Postgraduate-grad ved
Universitetet i Stavanger.
Maciej Stroynowski (pianist)
Han har si utdanning frå Musikkakademiet i Bydgoszcz i Polen. Han har brei
erfaring som pianist, akkompagnatør og
repetitør. Han har vunne fleire prisar for
sitt klaverspel og har dirigert kor og korps
i Polen.
I januar 2014 vart han tilsett i Hå kulturskule, og frå april 2015 har han vore
musikkansvarleg pianist i Ålgård Kirke.
Medlemmene i Jæren SolistEnsemble har ei brennande interesse for det klassiske songfaget, spesielt den italienske songtradisjonen
og stilepoken som ein kallar «bel canto». Dei mest kjende komponistane i
denne stilepoken er Bellini, Donizetti og Rossini. Ved å framføra både tersettar, duettar og arier ønskjer Jæren SolistEnsemble å visa kva klangfargar og muligheter dette repertoaret og denne songtradisjonen kan by på.
15
Å VERA MED PÅ
Å VERA MED PÅ
17
Bibeltimar
i Bryne kyrkje
Hausten 2015
Kveldsgudstenesteserie til hausten:
Når livet er både og….
Profetar og Profeti – angår det oss?
Den kristne kyrkja har ”Profetane og Apostlane”
som sin grunnvoll. Kva er ein ’profet’? Kva kjenneteiknar profetane i Det gamle og Det nye testamente?
Kva gjekk bodskapen deira ut på i den gamle tida? Og:
Kva betyr profetane sin bodskap og verksemd for oss
i dag?
Det blir samlingar:
29. sept., 13. okt., 27. okt., og 10. november
Dette blir noko av det me skal ha fokus på på Bibel-kveldane i Bryne kyrkje til hausten.
Set av desse tirsdags-kveldane alt no.
Detaljert program kjem seinare i Helgedagen.
Førelesarar blir:
Hans Austnaberg, Jan Gossner, Andreas Haarr, Gunnar
Frøyland, Stein Ødegård og Jens Olav Mæland.
Pilegrimsvandringar
på Jæren sommaren 2015
24. juni - Jonsok kl 18.00
Frå Tusenårsplassen på haugen ovanfor Obrestad
hamn, går nordover via Kristkrossen på Njærheim
til Obrestad fyr. Vandringsleiar er prost i Jæren, Kjell
Børge Tjemsland. Ta med mat og drikke.
29. juli - Olsok kl 16.30
Frå Tusenårsplassen på haugen ovanfor Obrestad
hamn, går sørover til kveldsgudsteneste på Varhaug
gamle kyrkjegard kl 19.00. For dei som ønskjer det,
kan dei slutta seg til vandringa nedanfor Grødalandstunet. Vandringsleiar er sokneprest i Time, Gunnar
Frøyland. Ta med mat og drikke.
Samlingsfest for:
NMS foreningane i Time
I Brynekyrkja er det duka for
spennande tema og møte kvar siste
søndag i månaden, frå 30. august av.
Etter tur møter me Både-og-huset i
Sandnes (Bjarne Lemvik og Sofie Braut),
bypresten i Sandnes (Ingebjørg Erikstein
Krager), fengselspresten (Sissel Nerhus)
og psykiateren (Stig Heskestad).
Plakat med tema vil koma på Brynekyrkja si heimeside og septembernummeret
av Helgedagen.
Både-og-huset set tema for heile serien.
I tillegg til å vera diakonal kafe og konferansesenter, frontar dei både-og som
ein måte å tenkja på, ein måte å sjå livet
og møta menneske på.
Jæren bluesklubb har tent på opplegget
og ideen for serien. Dei skaffar gode
musikarar og driv PR i eige miljø. Det
kan me visst gjera nokon kvar!
Stein Ødegård
Leirar på Ognatun
Lye forsamlingshus
Søndag 6. september kl 1900
Tale av Lars Sigurd Tjelle
Song av Fredliners frå Hinna
Matpause - helsingar - misjonsoffer
Alle velkomne!
Arr: NMS-foreningane i Time
På leir med far 5-7 år 05.-06. sept
Tenleir frå 8. kl. 25.-27. sept
Familieleir
02.-04. okt.
For meir informasjon eller påmelding;
sjå vår heimeside: imfrogaland.no
Påm. starter 18. aug.
Påm. starter 1. sept.
Påm. starter 8. sept.
STØTT ANNONSØRANE VÅRE
19
Godt felleskyrkjeleg klima
JAN REIME BIL & KAROSSERI AS
Skal du selge bolig?
Aktive meglere
lønner seg!
4340 BRYNE, Hålandsveien 37
Tlf: 51 48 12 00
La oss ta hele badet
Ring 51 77 91 91, og be oss ta hånd om alt fra
tegning til fikst ferdig, nytt baderom. Les mer på
www.byggelaget.no
Pizzabakeren Bryne, 47 70 77 00
Kontakt Aktiv Eiendomsmegling Jæren på
51 77 80 00 / bryne@aktiv.no
Smørbrød, kaker og elles mat til alle anledninger.
Alt er handlaga.
Tlf. 977 64 833
Sjå www.jærkokken.no og facebook
Vi megler frem dine verdier
www.aktiv.no
EL-TEAM
Elektroentreprenør
Morenefaret 5, Bryne, Tlf. 51 48 67 40
E-post: dr@el-team.net, Internett: www.el-team.net
Eskervegen 7, 4341 Bryne • Tlf. 51 77 82 82
9
Reevegen 11, 4340 Bryne • Tlf. 51 77 16 10
Bryne kyrkje. Pastor Thorleif Bruseland fortel om Misjonskyrkja
NMS Gjenbruk
på Bryne
I. Bjørnsen A/S
Jærv. 250,4340 Bryne - 51 78 50 20
Parken Senter
(tidlegare postlokala)
Inngang ved hjørnet til Saronsbråtet og Meierigata
tlf. 951 06 028
Opningstider:
måndag/fredag 10.00-17.00
laurdag 11.00-15.00
Bestill
huskatalogen
Litlaundheimsvegen 135
4342 Undheim
Tlf 51 48 89 00
Opp til 18 veker gamle kyllingar kan leverast heile året
Øgårdsbakken 3, Bryne
telefon 51 77 00 50
Tlf: 51 77 19 60
bryne@boligpartner.no
www.boligpartner.no
Dei troppar opp til frokostsamling på Jæren hotell, alle
pastorane, prestane, leiarane i kyrkjesamfunn og forsamlingar i Bryne. Alle representerte. Ein gong i månaden.
Drøset vert godt til maten. Tonen er lett og open. Erfaringar, gleder og utfordringar vert delte. Smått og større vert
bore inn til Gud, i bønn for kvarandre, for byen, for livet i
forsamlingane.
Dette gode kraftsenteret har allereie betydd mykje og gjort det ope
og trygt mellom forsamlingar som
heiar på kvarandre og vil det beste
for byen.
Ei stor og synleg frukt er fellesgudstenesta på Jærdagen. I
skrivande stund nærmar den femte i rekka seg. I lesande
stund vil mange ha ferske erfaringar. Av lovsong over
torjå. I år ispedd Linedance. Gåve til eit godt prosjekt
som utflytta Brynebu Hanne (Heskestad) Fellers driv over
Atlanteren. Proffe musikarar. Folk som treffest og smiler
og syng litt og tek til seg boller som Jærdagen spanderer.
Ikkje verst i tillegg til den store gåva å stilla scene, teknikk
og promotering av fellesgudstenesta. Slikt samarbeid, og
slike vinn-vinn-situasjonar, treng ein by.
Eg hugsar ennå godt dei mange gode gjenkjennande smila på fjoråret si Jærdagsgudsteneste. Mange hadde truffe
kvarandre, vorte kjente, fått meir kunnskap om kvarandre
gjennom kveldsgudstenesteserien «Eitt i Kristus».
I vår var det Bryne misjonsmenighet som stod i fokus på
ein liknande kveld i kyrkja i mars. På bildet blir litt av livet
i Misjonkyrkja presentert av pastor Thorleif Bruseland som
hadde talen på Jærdagsgudstenesta.
Det er ikkje sjølvsagt at kristne og kyrkjer samarbeider
så godt som dette. Desto meir gledeleg er det. Eit godt
vitnesbyrd og noko som er og blir til velsigning!
Stein Ødegård
Foto: Oddvar Larsen
Fra Jærdagsgudstenesta på Torget 2011
STØTT ANNONSØRANE VÅRE
Å VERA MED PÅ
21
”Søndagstreff”
Kl 18.00: Ringleik & allsong
+ kaffi & drøs i peisestova i
Bryne kyrkje
Kl 19.00: Gudsteneste i
kyrkjesalen
Graving – Transport – Singel –
Grus – Solla jord
KLAR FOR
OPPDRAG
AV ALLE SLAG
ROY FRODE MONGE
90 11 66 41
rfm@rogenes.no
Vi ordner alt i speil, glass og bilglass
Søndag: 23. aug., 6. sept.,
11. okt
ODD KÅRE RØGENES
90 94 01 80
okr@rogenes.no
FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHET
Tlf. 51 48 02 11.
Arrangementet er tilrettelagt
for menneske med utviklingshemming
Døgnservice 971 78 180
Strikkekafé
«ikkje bare for dei med strikketøy»
Forsikringsmegling as
Strikkekaféen er for damer i alle aldrar. Ta gjerne med strikketøyet eller eit anna handarbeid og få inspirasjon eller kan henda
litt hjelp, men det er absolutt lov til å koma bare for å drøsa.
Det blir "kafé" med sal av litt mat og det blir ei lita utlodding.
Datoane for strikkekafé er ikkje klare enda.
Fretex
Butikksalg
Meierigata 17, 4340 Bryne Tlf. 51 48 56 50
Fossveien 3, 4373 Egersund
tlf. 51461700 www.toyotaegersund.no
www.fretex.no . Opningstider:
man/fre kl 10.00 - 18.00 lørdag kl 10.00 - 15.00
Sjå eiga Facebook-side for kaféen:
https://www.facebook.com/StrikkekafePaLye
Det litt muntre hjørne:
Nepal trenger deg!
Evangeliet
tilbake til jødene
www.israelsmisjonen.no
en
radio
Nær odt nytt
g
med
Tryggheimsvegen 13, 4365 Nærbø, Tlf.: 51 43 32 22
Sender på
FM 103.5 - 106.3 - 106.6 - 107.9
Sendetider
Mandag: 08.30 - 09.00/17.30 - 18.00
Tirsdag: 08.30 - 09.00
Onsdag: 08.30 - 09.00/17.30 - 18.00
19.30 - 21.00
Torsdag: 08.30 - 09.00/21.00 - 21.45
Fredag: 08.30 - 09.00/21.00 - 21.45
www.jmradio.no
Jesus Kristus
er i går og i dag
den samme, ja
til evig tid.
Hebr. 13,8.
13. juniUngdomstreffen
30. juniForening NMS
28. juli Forening NMS
25. augForening NMS
27. augMøte NLM
29. augUngdomstreffen
på Lye forsamlingshus
Håland 8-22 (9-20)
Hognestadvegen 90
51 48 79 02
Fotland bedehus
Blifadder!
www.blifadder.no
✆ 22 94 26 00
Løysing HelgeKryssord-2/15
K R O S S F E S T A R A P P E L L E R T I D P E R Y A L T A S T I O S T D A K L O S S T P Å A K L J U P O L I T I S K E S I D S E L S K A P U S A K N A K E G E T A L E T R E N G T Vi fylgjer opp med
kryssord (løysing neste
nummer) og serverer
ein “passande” vits:
HelgeKryssord-3/15
Biskop Konradsen var en gang på visitasreise. Der traff han Lars som han
kom i prat med.
- Hva driver du på med, gutten min!, sa biskopen. - Jeg gjeter sauer,
svara Lars. Lars, som ikke visste at det var biskopen, fortsatte:
- Ka gjør du då?
- Jeg er en slags gjeter jeg også, svarte biskopen. - Kor mange sauer har
du?, spurte Lars.
- Å, det er noen tusen, svarte biskopen.
Lars så storøyd på ham og sa:
- Ka i all verdo gjør du når alle dei skal lemma?
KAA
av Gabriel Tengsareid
Vassrett
1. Populær stoveplante
10. Lyrisk dikt
11. Aromatisk krydderurt
12. Tystnar
13. Veska
15. Thallium
16. Nabobokstavar
18. På grunn av
19. Areal
20. Ha kjær
21. Fisk
22. Livd
23. Kvinne i GT
24. Routstyr
25. Ikkje rett
26. Edelstein
27. Del
28. Like
29. Lang
30. Germanium
31. Husly
33. Blome
34. Etternamn
Loddrett
1. Populær stoveplante
2. Blome
3. Samlingsplass
4. Herjar
5. Tidssone
6. Utrop
7. By i Israel
8. Indianarstamme
9. Vakker staude
11. Asjett
14. Respekt
17. Gutenamn
18. Indianarstamme
22. Blomen
25. Blome
30. Generalforsamling
32. Snakka
D Ø YPTE
Gjevarteneste
-
VIGD E
-
D Ø D E
SALMEKVELD
Time kyrkje søndag 18. okt. kl 1900
døypte
Barne- og ungdomsarbeid i Bryne,
BRYNE KYRKJE
08.03.15: Gabriel Hodne Vollsund, Julie Reiestad
Harestad, Ingrid Reiestad Harestad, Silje Thu,
Tuva Andreassen Nes, Sara Eik, Benjamin Grøtte
Sivertsen, Jakob Skumlien Beschel
29.03.15: Eline Heskje Lende, Aurora Hadland
Corneliussen, Isaac Hinnaland, Jessica Hinnaland
12.04.15: Kristoffer Sandve, Markus Aarrestad
10.05.15: Liam Moene, Oliver Øie
kto.nr. 3325.25.07057
Trusopplæringa i Time
kto.nr. 3325.39.13407
Kyrkjelydsarbeidet / Gjevarteneste
ungdomsarbeidar, Undheim
Undheim kyrkje - gåver
TIME KYRKJE
22.03.15: Adele Ravnås Høyem, Julie Sophie
Bøgelund Forsberg, Kaja Auglend Einarsen
29.03.15: Martin Eriksen, Malene Bjånes,
Louisa Solvik-Olsen
kto.nr. 3325 25 08959
05.04.15: Ilvi Lichtblau Aarsheim
03.05.15: Mathilde Henriksen Osaland,
kto.nr. 3325.21.55657
Jenny Njærheim Grytten, Mathea Devig-Simonsen
Frøyland-Orstad kyrkjelyd,
kto.nr. 3290.60.44179
Kyrkjebygg Frøyland-Orstad
kto.nr. 3325.25.09270
Medverkande:
- Ragnhild Hanssen med songarar og
musikarar frå Lye
- DeKor frå Undheim
- Jærklang
- Songgruppa Shalom
2. år på rad samlast me i Time
kyrkje og syng saman frå den
nye salmeboka
Samling på Kyrkjetorget etterpå
med kaffi og drøs
lYE FORSAMLINGSHUS
12.04.15: Emilie Grude Storlid, Sarah Braut Thu
BORN FRÅ TIME DØYPTE ANDRE STADER
12.04.15: Alfred Lyngra Gjelvik, Varhaug kapell
25.04.15: Thea Judith Øgreid, Sandnes kyrkje
VIGDE 14.03.15: Lene Berberg og Frode Torkildsen
21.03.15: Annelen Undheim og Jonny Pedersen
27.03.15: Elisabeth Hovstad og Asbjørn Taksdal
28.03.15: Lilian Helene Sola Strand og Tolleiv Ree
11.04.15: Renate Haugland og Ørjan Rivenes
Johnsen
11.04.15: Anita Gudmestad og Eirik Løvåsen
12.04.15: Tine Braut og Morten Thu
09.05.15: Maria Eide og Morten Aleksander
Øvrebø Holtberget
09.05.15: Cathrine Eike Gjerde og Ruben Hadland
Vegen tilbake
til Gud
”For så elska Gud verda at
han gav Sonen sin, den
einborne, så kvar den som
trur på han, ikkje skal gå
fortapt, men ha evig liv!”
Joh. 3,16
Ungdomsarbeidar på Lye
kto.nr. 3325.25.04260
”Vi gjev” - diakonalt arbeid i Time
Lye forsamlingshus
Time kyrkje
kto.nr. 3325.21.30859
http://www.time-kyrkja.no
Du er velkommen til å ta kontakt
med prest og diakon for samtale.
Sokneprest Gunnar Frøyland (Time)
tlf. 51 77 03 75 / 958 73 847
Sokneprest Stein Ødegård (Bryne)
tlf. 51 77 03 71 / 911 57 105
Ungdomspastor Johannes Kleppe (Bryne)
tlf. 951 42 602
Diakon Marit Høie Hetland tlf. 911 63 039
Diakon Ingelin H Norbakken tlf. 48 19 03 18
+YRUGDQKDUGXGHW
(*(17/,*"
.ULVHWHOHIRQ
6260HOGLQJZZZNLUNHQVVRVQR
626&KDWZZZVRVFKDWQR
Stikk innom vår heimeside
Ynskjer du nokon å
snakke med?
Bøn: Jesus, du veit om mine
feil og nederlag. Eg trur at du
er Guds son som døydde på
krossen. Slik vart ditt blod
gjeve for syndene mine. Kom
inn i hjarta mitt og livet mitt
og gjer meg til eit Guds barn.
Eg tek imot deg akkurat nå
som min Herre og Frelsar. Eg
tek imot di tilgjeving for
syndene mine. I Jesu namn.
Amen
Begravelsesbyrå
Arr.: Undheim, Lye og Time kyrkjelyd
Undheim kyrkje
DØDE Ingolf Lygren, Karina Kalberg, Jostein Harbo,
Jon J Egeland, Ragnhild Martens, Marie
Tjetland Taksdal, Ingrid Undheim, Gunvor Petersen, Alfred Dale, Endre Sandvik, Ingeborg
Regine Haugland, Tor Garborg, Leif Damien
Munthe, Sigrid Jakobsen, Reidun Halseth
ET MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
tlf: 51 77 80 80
24-timers vakttelefon
Skulegata 9, 4340 Bryne
Resultat frå Fasteaksjonen 2015
Vi vil gjerne få retta ein stor takk for
flott innsats og gåver til Fasteaksjonen 2015. Mange var med, både
i form av praktisk innsats og gåver.
Tusen takk. Alle innsamla midlar har
gått uavkorta til Kirkens Nødhjelp
sitt arbeid for å skaffa menneske
varig tilgang til reint vatn.
Her er resultatet frå årets dør til dør
aksjon:
Bryne sokn
91.032,50
Undheim sokn 17.268,00
Time sokn:
Lye
25.178,50
Vestly
11.407,50
Hognestad
10.840,50
--------------------------------------Sum:
155.727,00
--------------------------------------Dette er eit flott resultat
Støttegruppe ved samlivsbrot
Bryne
Kto. 3325.20.11906
Det finst tilbod om å delta i samtalegrupper etter samlivsbrot. Ønskjer du
å bli med i ei slik gruppe, ta kontakt
med diakon på diakon@time-kyrkja.
no eller ring kyrkjekontoret på tlf. 51
77 03 74
DØGNVAKT
51 97 29 00
Våre medarbeidere på Jæren
Runar Apeland, Borgny Å.Skretting
og Brikt Goa
Kontor: Bryne og Sandnes og Stavanger
STEINAVDELING
GRAVMONUMENT
PLATER
www.krogedal.no
23
FULLDISTRIBUSJON
Velkomen til
gudsteneste
Skyss til
gudstenesta
Bryne kyrkje:
Sverre M. Lima 51 48 21 33
Jonas Frøyland 41 30 04 68
Ring før kl 10.00
Søndag 7. juni - 2. s. i treeiningstida
Joh. 3,26–30
Bryne kyrkje/ Brekko
kl 11.00
Kyrkjelydstur m/ gudsteneste i Brekko kapell
Nattverd
Lye forsamlingshus kl 10.30
Friluftsgudsteneste, Nattverd
Undheim kyrkje
kl 10.30
Friluftsgudsteneste, Nattverd
Søndag 14. juni - 3. s. i treeiningstida Joh. 1,35–51
Bryne kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste, Dåp, Jungelgjeng
Time kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste, 50 års konfirmantar, Dåp, Løvegjeng
Søndag 21. juni - 4. s. i treeiningstida Bryne kyrkje kl 11.00
Lye forsamlingshus
kl 10.30
Matt 16,24–27
Gudsteneste, Nattverd
Gudsteneste, Nattverd
Søndag 28. juni - 5. s. i treeiningstida Time kyrkje
kl 10.30
Matt. 7,21–19
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 5. juli - Aposteldagen
Undheim kyrkje
kl 10.30
Matt. 16,13–20
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 12. juli - 7. s. i treeiningstidaLuk. 19,1–10
Bryne kyrkje
kl 10.30
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 19. juli - 8. s. i treeiningstida
Time kyrkje
kl 10.30
Mark. 12,37b–44
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 26. juli - 9. s. i treeiningstida
Bryne kyrkje
kl 10.30
Joh. 8,2–11
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 2. august - 10. s. i treeiningstidaLuk. 18,9–14
Time kyrkje
kl 10.30
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 9. august - 11. s. i treeiningstida
Bryne kyrkje
kl 10.30
Mark. 2,23–28
Gudsteneste, Dåp og nattverd
Søndag 16. august - 12. s. i treeiningstidaLuk. 8,1–3
Lye forsamlingshus
kl 10.30
Gudsteneste, Nattverd
Undheim kyrkje kl 10.30
Gudsteneste, Nattverd, Søndagsskule kl 11.00
Søndag 23. august - 13. s. i treeiningstidaLuk. 17,7–10
Bryne kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste, Dåp, jungelgjeng
Time kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste, Dåp, Konfirmantpresentasjon
Søndag 30. august - VingardssøndagenLuk. 17,7 -10
Lye forsamlingshus
kl 10.30
Gudsteneste, Konfirmantpresentasjon
Bryne kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste m/ familiefokus, 10 års jubileum
Bryne kyrkje
kl 19.00
Kveldsgudsteneste, Nattverd
Undheim kyrkje
kl 19.00
Gudsteneste
Søndag 6. september - 15. s. i treeiningstidaLuk. 10,38–42
Bryne kyrkje
kl 11.00 Gudst., Dåp, Konf.presentasjon, Jungelgjeng
Time kyrkje
kl 11.00
Gudsteneste, Nattverd
GOD SOMMAR
Matt. 5,10–12
Gudsteneste, Nattverd
Gudsteneste, Nattverd
Gudst., Dåp, Konf.presentasjon, Jungelgjeng
www.jprint.no
Søndag 13. september - 16. s. i treeiningstida
Lye forsamlinghus
kl 10.30
Undheim kyrkje
kl 10.30
Bryne kyrkje
kl 11.00