GOL OG HEMSEDAL

GOL OG HEMSEDAL
Nr. 1 Februar 2015
66. årgang
I nn h a l d
Min salme............................................................2
Maria Bjørdal, vikarprest...................................6
Kjære lesar: Hjelp!...............................................2
Einars basar!........................................................6
Andakt.................................................................. 3
Kyrkjeval 2015..................................................... 7
Lys Våken.............................................................4
KRIK EXPLORE 2015 ..........................................8
Ny æra for Frelsesarméen..................................5
Den luttspelande organisten.............................9
KULH ...................................................................5
Kunngjeringar................................................... 10
Wera Waage Frogner, diakoniarbeider............6
Velkomen til kyrkje!......................................... 11
Frå Lys Våken sin kveldssamling ved alterringen i Hemsedal kyrkje. Foto: Britt Marie Haraldset Hafsås.
Min salme
Toralv Antonius Theodor
Kroken
”
Toralv Kroken fekk med seg Kyrkjebladets utsende
til kyrkjegarden i Gol på ein kald vinterdag i det sola
heldt på å bryte seg fram. Han ville at bildet skulle
bli tatt ved grava til foreldra, Ragna og ­Kristen
Svarteberg.
Tekst og foto Kåre Olav Solhjell
Det er ikkje lenge sidan Toralv­
­Svarteberg valde seg ein salme
i Kyrkjebladet. Nå heiter han
­Toralv Antonius Theodor Kroken­
og vil gjerne velje seg ein ny:
Ingen vinner frem til den evige ro
som seg ei veldig fremtrenger
I
Ingen vinner frem til den evige ro
som seg ei veldig fremtrenger.
Sjelen den må utstå en kamp for den tro
hvorav vår salighet henger.
Porten kalles trang, og veien heter smal.
Dog kan Herrens nåde åpne himlens sal.
Kjemp da alvorlig, treng fremad med makt,
om du vil himmerik vinne!
Tekst: Lars Linderot, omsett til norsk av Gustav Jensen
Melodi: Folketone frå Hallingdal
ngen vinner frem til den evige ro som
seg ei veldig fremtrenger”. Det er ein
salme som høver godt til mitt liv og min
måte å tenkje på. Folk gir ofte inntrykk
av at alt er så lett. Men eg får ikkje noko
gratis. Eg må kjempe voldsomt for å
klare livet. Det er ein indre kamp mot
freistingar og mot dårleg påverknad.
Og attåt kjem alle ytre hindringar.
”Meget vil deg hindre, min sjel, stå imot.
Satan deg nåden ei unner”. Ja, det er
som om ein flokk smådjevlar prøver å
øydelegge for meg. Men så lysnar det
att. Så eg må vel slutte å klage. Den tida
eg var på Haugen på Geilo, lærte eg at
eg ikkje må gi opp å streve for å halde
meg på den rette sti. Og etter som åra
går, tenkjer eg stadig oftare på at livets
mål ikkje er så langt unna. Siste verset
er som laga for meg: ”Bruk tålmod, o
sjel, så skal du himmerik vinne”.
Salmen er skriven av svensken Lars
Linderot i 1798. Det er ikkje så mykje
eg veit om han. Men eg har lese at han
var både prest og vekkelsespredikant.
Salmen er omsett til norsk av Gustav
Jensen i 1914. Melodien er ein folketone
frå Hallingdal. Det er fint å tenkje på at
melodien har vore sungen her i mange
hundre år.
1.
2.
Meget vil deg hindre, min sjel, stå imot.
Satan deg nåden ei unner.
Treng deg gjennom alt som vil stanse din fot,
verg deg i fristelsens stunder!
Intet vil deg gagne hele verdens prakt
dersom den får sjelen fanget i sin makt.
Hør hva han sier som døde for deg:
Strid i Guds kraft for din krone!
3.
Jesus i ditt hjerte er alle ting verd,
selv er han himmeriks rike.
Derfor gjør med Jesus din daglige ferd,
aldri vil han fra deg vike!
Treng deg til hans hjerte inn med all din makt,
han i nåde rekker deg din bryllupsdrakt.
Hør hva han sier: Bruk tålmod, o sjel,
så skal du himmerik vinne!
Kjære lesar: Hjelp!
GOL OG H
Krise er eit ord ein ikkje skal bruke i tide og utide. Det let seg
likevel ikkje nekte at Kyrkjebladet er i ein prekær situasjon
økonomisk. I 2014 gjekk bladet med eit underskot på vel
56.000 kroner. Det seier seg sjølv at slik kan det ikkje halde
fram.
EMSEDAL
INNHAL
Min salme
And akt ......
Lys våken
Nr. 1 Fe b.
2014
D
..................
..................
..................
........ 2
........ 3
......... 4
K
Fra kon firm
ant leiren ......
.. 5
Alphak urs
i Hem sed al
...... 5
Kun ngje ring
ar ..................
.6
yrkjebladet blir sendt til alle husstandar i Gol og Hemsedal. Det er
frivillig å betale bladpengar, men det er desse vi er heilt avhengige
av for å kunne gi ut bladet. For 2015 er bladpengane sett til kr 250, Kjære lesar: I dette nummeret finn du vedlagt ein giroblankett for
bladpengar 2015. Vi ber deg, så innstendig vi kan, om å gjere ditt for
at drifta av bladet kan halde fram.
Vi har fått mange positive reaksjonar etter at Kyrkjebladet gjekk
over til fargetrykk. Men det kostar. Vi håpar å sleppe å måtte vurdere å
gå tilbake til svart/kvitt-trykk, gi ut færre nummer i året eller redusere
på andre måtar. Det kan likevel tvinge seg fram.
Nok ein gong, kjære lesar, ver så snill og hjelp oss med
­bladpengar!
2
Frå venstre
: Andrine Bøy
gard, Birgit
Kinneberg
og Marit Gjes
temoen Hau
65 . årg ang
Velkome n
til kyrkje!
......... 7
Rek neskap
..................
........ 7
inv itas jon
....... 8
KRI K Enjoy
gstad
Foto: Lina
Turøy
Andakt
Bønneuke i Serbia
Jeg har vært på Bønneuke i Serbia nå i januar. Det var arrangert av
Kristen forening for helsepersonell. Det er en organisasjon som startet i
Sør Afrika av en mann F. Grim som så behovet for den åndelige omsorgen i
helsetjenestene. Han sa, at det går flere mennesker gjennom våre sykehus,
enn gjennom våre kirker.
Tekst ingrid økesveen
V
i var 30 deltagere fra 13 land i
Europa, der var unge voksne og
eldre menn og kvinner. Det er fantastisk
å sitte å høre på bibelforedrag og be
sammen i smågrupper. Det er mye jeg
kunne fortelle, men det som sitter mest
igjen er tema:
Medfølelse. Vi kan ta bibelfortellingen
fra Luk 15.11-32 om den bortkomne
sønn som solgte arven sin og dro ut i
verden, der sløste han bort alle peng­
ene. Fattig og sulten bestemte han seg
for å vende hjem til sin far. Han hadde
gitt fra seg alle rettigheter, så han ville
spørre om å få være som en av leie­
karene der hjemme. Faren elsket begge
sønnene sine. Faren er et bilde på Gud,
og hans kjærlighet til oss mennesker.
Faren står med åpne armer og hilser
den bortkomne sønnen hjem. Faren har
medfølelse med sønnen og hva fører
det til? Medfølelse kommer fra Guds
hjerte. Så ser vi den bortkomne sønnen
får ring på fingeren, og det betyr autori­
tet som sønn. Nye klær, symboliserer
ekte sønn.
Medfølelse kan vi lære av Jesus.
Matt 14.14. Jesus kom i land og mange
mennesker fulgte han, men de hadde
ikke mat. Da kan vi lese: «Jesus synes
inderlig synd på dem-» Denne medfølelsen virker til handling. Vi ser her
at han ber disiplene ordne mat. Mark.
1.41. En spedalsk mann kom til Jesus,
falt på kne og bønnfalt han: «Om du vil
kan du gjøre meg ren!» Jesus syntes inderlig synd på ham, og rakte ut hånden
og rørte ved han. Luk. 7. 13-15. Enken
som hadde mistet sin eneste sønn kom
gående. «Da Herren fikk se enken, ble
han fylt av medlidenhet med henne og
sa: Gråt ikke!»
Vi kan se for oss disiplene som sto der
med ca. 5000 mennesker og hadde to
fisker og noen brød, men hva var det
til så mange? Vi kan synes at vi har lite
å gi til Jesus, men det Jesus spør om er:
Hva har du? Vi må være villige til å gå.
Gi Gud takken! Overlate alt til Gud.
Til ettertanke: Hjelp oss å få innblikk
over situasjonen, så vi kan se mulig­
hetene.
Vi kan være med å be for helsepersonellet her i Gol og i vårt eget land. I
­Afrika, der Ebola-epidemien herjer. Be
om at helsepersonell må ta hensyn til
det hele menneske i sin omsorg.
GOL OG HEMSEDAL KYRKJEBLAD
Antall nr.:
Utgjevar:
Redaksjon:
6 nummer i året
Sokneråda i Gol og Hemsedal prestegjeld
Kjell Slåtten, Kåre Olav Solhjell, Kjetil Th Storebråten,
Sølvi Larsen Aalrust (red.), Britt Marie Haraldset Hafsås
Ekspedisjon:
Kasserar:
Bankgiro:
E-post:
Kyrkjekontoret 3550 Gol
Arne Oddmund Tuv, 3560 Hemsedal.
Sparebank 1 Hallingdal 2367.60.00097
oaalrust@online.no
GOL, herad OG HEMSEDAL
Gol kyrkjekontor
Ekspedisjonstid månd – torsd 9.00–15.00
Gol kommunehus 3. etg.
Tlf: 32 02 90 00
kyrkja@gol.kommune.no
www.gol.kyrkja.no
Kyrkjeverje: Anne Gerd Jorde
Kontortid: Måndag – torsdag
Dir.tlf. 32 02 91 35 • Mobil: 971 58 134
anne-gerd.jorde@gol.kommune.no
Sokneprest: Jan Olav Skinnemoen
Dir.tlf. 32 02 91 37 • Mobil: 952 75 312
jan.olav.skinnemoen@gol.kommune.no
Måndag: Fridag.
Sekretær:
Berit Langehaug
Tlf. 32 02 91 39
Kontortid: Månd, tysd, torsd kl 09.00–14.00
berit.langehaug@gol.kommune.no
Kyrkjeverje: Kjetil Th. Storebråten
Kontortid: Mandag, tysdag og onsdag
Tlf: 31 40 88 45 Mob: 908 21 745
kjetil@hemsedal.kommune.no
Kyrkjetenarar: Arne Braathen Tlf.: 901 36 647
Knut Ole Klepp Tlf.: 906 58 761
Kyrkjetenar: Hans Vidar Sørensen
Tlf. 911 76 827
Menighetspedagog for Gol og Hemsedal:
Britt Marie Haraldset Hafsås
Tlf: 489 59 826
britt-marie.haraldset-hafsas@gol.kommune.no
Sokneråda:
Gol:
Leiar Trygve Lono Smedsgård
Tlf.: 900 63 161
Herad:
Leiar Lars Riise
Tlf. 951 03 305
Hemsedal: Toril Venås Sørensen Tlf. 482 40 275
Soknediakon: Ingrid Økesveen
Dir. tlf. 32 02 91 38
ingrid.okesveen@gol.kommune.no
HEMSEDAL KYRKJEKONTOR
Ekspedisjonstid månd – onsdag 9.00–15.00
Hemsedal kommunehus Tlf. 31 40 88 45
kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no
www.hemsedal.kyrkja.no
Organist: Justin Vickery
Tlf. 474 75 580
justin.vickery@gol.kommune.no
Organist: Mikael Christensen
Tlf: 400 39 326
mikael.christensen@hemsedal.kommune.no
Fellesråda:
Gol:
Leiar Ola Grønseth Tlf. 920 97 939
Hemsedal: Toril Venås Sørensen Tlf. 482 40 275
Ynskjer du å gje ei gåve til kyrkja:
Hemsedal: 2367.20.49482
Gol:
2324.20.01354
Herad:
2324.62.05795
3
Lys våken
Lys Våken
I adventstida fekk tiåringar både i
Gol og Hemsedal vere med å over­
natte i kyrkja. Dei skulle leike, synge,
be, ete og sove i kyrkja. Dei kom med forventningar
og reiste heim med opplevingar.
2
1
3
Tekst og foto Britt Marie Haraldset Hafsås
F
yrste helga i advent var 16 tiåringar klare for ei natt i
Gol kyrkje. Dei møtte opp laurdag klokka 16, og gjekk
fort i gang med «bli-kjend»-leikar, før vandring på kyrkjegarden, salmeverkstad, pizza og guds­tenesteverkstad venta.
Mykje av dei same opplevingane fekk 8 femteklassingar i
Hemsedal helga etter. Alle deltakarane fekk i år pocketutgåva
av salmeboka, sponsa av Kyrkjerådet. Det var som eit ledd i
høve til «Salmer minutt for minutt» på NRK fyrste adventshelga.
Salmeboka vart teken i bruk på salmeverkstaden og nytta i
gudstenesten sundag.
På gudstenesteverkstaden var ungane med og øvde på
prose­sjon og opplegg til gudstenesten på sundagen. Seinare
på kvelden hadde vi kveldssamling og lystenning i alterringen.
Då vart det tid til ei lita stille stund og litt samtale, før kvelden
kom.
Før lysa i kyrkja vart sløkte for kvelden, var det filmtid og
laurdagskos, før soveposen og ei spennande natt venta.
Alle fekk sove noko, før sundagen venta med frukost ved
langbord bak i kyrkja, rydding av soveposer og liggeunderlag.
Alt skulle gjerast klart før gudstenesten, prosesjon og sangar
skulle øvast på, og kyrkja måtte ryddast. Når klokka nærma seg
11 kom ein del foreldre, familiar og vener, og kyrkjebenkane
blei fyllt opp av kyrkjelyden. Deltakinga på gudstenesten var
veldig flott, i Gol fekk femteklassingane boka «Mysteriet med
Morgenstjernen», i Hemsedal fekk dei «Bibelen – ei vandring
gjennom forteljinga».
Vi takkar alle deltakarar for flotte helger! Moro korleis ei lik
grunnplan for to helger kan bli så forskjellig. Vi hadde to flotte
gjengar, der alle har sine gode kvalitetar!
1. Kveldssamling i alterringen i
Hemsedal kyrkje
2. Kveldsstund på prekestolen i Gol
kyrkje
4
3. Full fart ned midtgangen i
Hemsedal!
4. Frå Lys Våken-gudstenesten i Gol
kyrkje 30. november
4
KULH
Kristeleg ungdomslag Hemsedal
Vi er ein gjeng ungdommar
som hel d til i kjellaren på
Hem sed al Bed ehu s.
D
et er eit alkohol- og rusfritt miljø
der alle frå 8. klasse og oppover
er velkomne. Kvar laurdag møtest vi
og finn på mykje artig. Dette kan vere
alt frå kokkekamp, snøkino og kanotur
til ballnatt og musikkvideokveldar. Vi
har også andre arrangement i løpet av
året. Nyttårsaftan lagar vi feiring, og på
våren reiser vi på ein pinsetur med overnatting. Ansvaret for kveldane fordeler
vi slik at alle kan få vere med å planlegge. Frå januar 2015 får ungdomslaget
hjelp av Hanna Songøygard Smørvik.
Ho er med og held ei lita andakt i løpet
av kvelden, noko som høyrer med. Vi
er glade for at Hanna kan vere med oss
og ta seg av den biten. KULH er medlem
av Acta. Det er ungdomsavdelinga i
Normisjon. Program og meir info om
kveldane ligg ute på facebooksidene
våre.
Helsing styret i KULH
v/Åshild Støyten
Ny æra for Frelsesarméen
Januar 2015 markerer starten på ei ny tidsrekning for
Frelsesarméen i Hallingdal. Etter å ha investert mil­
lionar, tek korpset i bruk nye og utvida lokale i Gol.
Tekst og foto kjell slåtten
B
yggeprosjektet i Gymnasvegen har
vorte over to månader forseinka.
Berre ei dryg veke før innviinga 22.
januar, er det enno fullt kaos i lokala.
Korpsleiar Marta Maria Espeseth seier
seg lei for rotet, og at ho ikkje kan vise
Kyrkjebladet nybygget i meir presentabel forfatning.
- Men det blir ferdig. Og det blir veldig
bra, forsikrar ho.
75 år i Hallingdal
Storsatsinga skjer i eit år då Frelsesarméen seinare skal feire 75-årsjubileum
i Hallingdal. Dei fyrste frelsesoffiserane
kom til Gol i 1940. I eit par tiår hadde dei
tilhald i eit gammalt bygg på Velta og
seinare Lagmanndokken, før arméen i
1960 skaffa tomt og etablerte seg med
eige bygg i Gymnasvegen. Det skjedde
ved at eit tidlegare bedehus på Gulsvik
vart flytta og sett opp att i Gol.
Bedehuset vart fyrste gong bygd på
i 1987, mellom anna med betre sanitæranlegg.
Med den utbygginga som no er gjort,
er huset utvida på tre av fire sider og
har fått i alt 108 nye kvadratmeter. Budsjettet er på 4,8 mill. kroner.
Vere eller ikkje vere
Bakgrunnen for storHEKTISK: Marta Maria Espeseth midt i
satsinga er at Frelsesarkaoset i møtesalen nokre dagar før opning.
méen stod ved eit
I bakgrunnen ser ein litt av tilbygget.
dramatisk vegskilje i
- I vel tre år har me drive matformidling
Hallingdal. Frå 1997 til
i Hallingdal. Det er éi av oppgåvene
2010 vart aktiviteten driven berre på
me no kan ta betre hand om med nye
frivillig basis, utan at arméen hadde løn­lokale.
na personale her. Marta Maria, som kom
Sjølve møtesalen blir ikkje vesentleg
til Hallingdal som frelsesoffiser i 1986,
større. Det nye er at ein får fleire rom,
vart i 2010 engasjert i ei prosjektstilling
praktiske og fleksible rom, med lager
for å vurdere utviklingsmogelegheitene
og alt på eitt plan.
på brei basis.
- Konklusjonen var at me trong andre
På godfot med Kyrkja
fysiske rammer for å kunne drive både
Marta Maria Espeseth er no tilsett som
diakonalt og med barne- og ungdoms­
korpsleiar for Frelsesarméen Hallingdal.
arbeid. Det var eit spørsmål om vere
Med den satsinga som no er gjort, ser
eller ikkje vere i Hallingdal, fortel ho.
ho lyst på framtida.
Ideane fekk tilslutning i Frelsesar- Er de i ein viss konkurranse med
méen sentralt, og midt på sommaren
Kyrkja?
i fjor starta gravearbeidet.
- Nei, eg har aldri opplevd det som
noko konkurranseforhold. Me utfyller
«Suppe, såpe, frelse»
kvarandre og har eit godt samarbeid,
Dette er valspråket til Frelsesarméen.
smiler ho.
Det siste momentet er ein grunnpilar
Det siste kjem også til uttrykk ved at
som inngår i sjølve namnet på organisa­
75-årsjubileet mellom anna skal feirast
sjonen. Dei to fyrste handlar om å gi
med festgudsteneste i Gol kyrkje andre
verdigheit til menneske som slit på eitt
helga i september.
eller anna vis
5
Wera Waage Frogner,
diakoniarbeider på Gol
Wera begynte som diakoniarbeider i 20% stilling på Gol i august,
då Ingrid Økesveen gikk ned i 80%.
Så kven er vår nye diakoniarbeider?
av Britt Marie Haraldset Hafsås
H
o fortel om seg sjølv at ho er 59
år og bor i Gol med mannen sin,
sonen på 16 og ein hund. Hit kom ho
frå Østfold i 2009, og det var kjærleiken
som fekk ho til Hallingdal.
Her har ho omskolert seg frå postvesenet til å få fagbrev som aktivitør, og
no er ho kjempeglad for at ho har fått
ei stilling som diakoniarbeider. Ho synst
det er veldig interessant, og undersøker
om det er noko meir utdannelse ho kan
ta på feltet.
Det er ei lita stilling Wera har, og den
vert fort fylt opp. Ho er med i besøks­
tenesten og besøker jubilantar og
­andre som ønsker besøk, og ho har
vore med på kulturelt treff for kvinner
på frivillighetssentralen. I tillegg har
ho starta opp med lesestunder for dei
gamle på helse­tunet.
I tillegg til diakonijobben er Wera tilsett som helsearbeider i Nes. Her jobbar
ho med gamle på Elverhøy helsetun. På
fritida likar ho å gå turar, til fots og på
ski. Dei har og ei hytte rett over grensa
til Sverige som reiser til i frihelgar og
feriar.
Wera er ei lita dame med eit stort
hjarte for dei eldre og andre rundt seg.
Ho har eit godt smil og er oppteken av
å vere til for dei eldre og skape ein god
kvardag for dei, både som aktivitør og
diakoniarbeider.
Maria Bjørdal, vikarprest i mars og
april i Gol og Hemsedal
Jeg er mest fra Oslo, men har også vokst opp i Sunnfjord og USA.
For tiden er jeg student på MF og tar praktikum
J
eg søkte spesielt om å få komme
til Hemsedal for jeg har vært der et
par ganger og syns det er så vakkert.
Også hører jeg om så mye fint kristent
engasjement i bygda for å dele troen
på Jesus, om samarbeid med kirke og
Einars basar!
Einar Torset har i mange år arrangert basar i Hemsedal.
Han er vel sjølve begrepet på basar, i Hemsedal iallfall.
P
engene går til Misjon uten
grenser, og mange har opp
gjennom åra nytt godt av hans
store innsats. I år går pengene til
landbruksprosjekt i Albania, Moldova, Romania, Ukraina, Bulgaria
og Bosnia.
Så flott Einar sier jeg, du gjør en
fenomenal jobb. Det er så moro
sier han, det ble mange gevinster –
flere hundre, mange folk og mange
penger. Fredag 25. januar samlet
han inn 46. 700 kroner. Og alt er
basert på frivillig arbeid og dugnad.
Det hele startet da Einar var på
tur med Misjon uten grenser i 1998.
Han overhørte en mann på bussen
6
som høyt og tydelig forkynte at nå
skulle han hjem og lage basar. Da
bestemte jeg meg forteller Einar,
når jeg kommer hjem til Hemsedal
skal jeg arrangere basar. Og slik
ble det. Annethvert år arrangerer
Einar basar i Hemsedal. Han går
sjøl rundt og samler inn gevinster,
ordner med frivillige som hjelper til,
låner lokale og dermed er basaren i
gang.
Einar vil rette en hjertelig takk til
alle butikker og bedrifter som gir
gevinster, til alle som hjelper til og
alle som kom! Om to år blir det ny
basar og da skal pengene sørge for
at barn kommer på sommerleir.
organisasjoner. Og det har jeg lyst å
være en del av og lære av.
Også har jeg ikke gått så mye på ski
og det har jeg lyst til. Når jeg er ferdig
med praktikum skal jeg tilbake til jobben som prest i Storsalen.
Kyrkjeval
2015
Det blir Kyrkjeval samtidig
med kommunevalet 13.
og 14. september. Det skal då veljast representan­
tar til sokneråda i Herad, Gol og i Hemsedal, og til
Tunsberg bispedømmeråd. Vi vil i kvart nummer av
kyrkjebladet framover ha ein liten info om kyrkje­
valet. Vi startar med dei viktigaste endringane
­s idan valet i 2011.
tekst Kjetil Th. Storebråten foto © Kirkerådet
E
tter dei to siste kyrkjevala har det på landsbasis kome ein
del innspel på at mange opplevde valordninga vanskeleg.
Dette gjaldt spesielt bispedømmerådsvalet. Kyrkjemøtet har
teke dette til følgje, og har justert valordninga ein del.
Dei viktigaste endringane er:
Val av sokneråd
• Kvar veljar kan gje tilleggsstemme til tre kandidatar, og føre
opp inntil tre nye namn
• Stryking av kandidatar er ikkje lenger tillate
Val av bispedømmeråd
• Denne gongen blir det sett opp eit forslag frå nominasjonskomiteen til ei prioritert liste (tidlegare var denne lista alfabetisk)
• Andre grupperingar kan også stille lister
• Kvar veljar kan gi tilleggsstemme til tre kandidatar, og føre
opp inntil tre nye namn
• Kvar kandidat vil bli spurt om sitt syn på viktige kyrkjepolitiske
spørsmål. Dette vil bli publisert på internett, og elles gjort
tilgjengelig for publikum.
I Herad sokneråd skal det veljast 6 medlemer og 5 varamed­
lemer
I Gol sokneråd skal det veljast 8 medlemer og 5 varamedlemer
I Hemsedal sokneråd skal det veljast 6 medlemer og 5 vara­
medlemer
Det vil også ved dette valet bli laga ei felles valavis for heile
­Hallingdal, som vil bli publisert gjennom Hallingdølen i byrjinga
av august. Der vil de finne generell informasjon om kyrkjevalet,
og alle vallistene i Hallingdal.
Det er også mogleg å finne informasjon om valet på
www.kirkevalget.no
7
KRIK EXPLORE 2015
NYTTÅRSLEIR FOR UNGDOMMER
Nyttårsfeiring i
Lillehammer sammen med 1000
andre ungdommer kan anbefales!
Denne gangen var vi en liten gjeng som
reiste fra Gol og Hemsedal, og vi hadde
kjempefine dager på leir. KRIK arrangerer
leir både sommer og vinter, og det kom­
mer ungdommer fra hele landet.
Tekst Lina Turøy
foto Ingvild Nordengen Tjessem
KRIK
er forkortelse for KRisten
IdrettsKontakt. Jesus + idretts­
glede, og bibelverset ”det er i Ham vi lever,
beveger oss og er til” (Apg 17,28), er noe KRIK
ønsker å formidle. Andre stikkord for KRIK
sine leirer er aktiviteter, lovsang, glede, lek,
smågrupper, latter, smil, Gud, inspirasjon,
utfordringer, underholdning, gode samtaler,
nye venner, bønn, tro, mat.
Det er mye som skjer på leir, fra tidlig morgen til seine kvelden. Dagen starter med
frokost, morgenmøte og så drar alle på ulike
aktiviteter. Det er mye å velge mellom, blant
annet jibbing.
Etter aktivitetene er det middag, kveldsmøte
og så ro i leiren etter hvert. På selveste nytt­
årsaften dekkes det til festbord i Håkonshall
og sportsklærne byttes ut med flotte kjoler
og dresser. Kvelden består av god middag,
underholdning, kveldsmøte, fakkeltog til
Lysgårdsbakken, nyttårsklemmer, mer underholdning og dans til slutt. Så er det ikke
mange timene til leiren er over og alle reiser
hjem igjen.
Leir kan anbefales!! Både som deltaker og
leder. Neste leir blir Action og/eller Arena,
som er i juni og august 2015. For mer informasjon kan du gå inn på www.krik.no, eller
ta kontakt med meg – Lina. Det er mulighet
for å få økonomisk støtte til å reise på leir,
for kirka har penger satt av til nettopp dette.
Det er flott, og de pengene er til for å brukes!

Er du mellom 14-20 år er du hjertelig velkommen til å bli med på leir! Håper vi sees!
Hilsen Lina Turøy
8
Jibbing
1000 ungdommer
skal registreres
Smågrupper etter
kveldsmøte
Nyttårsfeiring i
Håkonshall
Den luttspelande organisten
Hemsedal har i fleire år prøvd å
få tilsett fast organist. Og i juni
2014 lukkas dette endeleg.
F
rå Danmark kom Mikael Christensen
saman med kona Marie, og vesleguten Samson flyttande til bygda.
Mange var spente på den nye orga­
nisten, spesielt sidan han ikkje var utdanne organist, men hadde ein mastergrad på strengeinstrumentet lutt.
Men sjølv om Mikael ikkje hadde mykje
erfaring på orgel gjekk han inn i stillinga med stort pågangsmot. I starten
var nok mange tvilande til om han kom
til å kunne meistre ei slik krevjande oppgåve. Men Mikael er ikkje skuggeredd,
og etter ein litt famlande start gjekk det
ikkje mange månader før orgelspelet
hans hadde utvikla seg imponerande
raskt. Og med god hjelp frå ein orgelproffessor ved Musikkhøgskula i Oslo
utviklar han seg kvar dag. Disiplinert
og målretta har Mikael lagt ned svært
mange øvingstimar, som gjer at han har
utvikla orgelspelet sitt mykje.
Mikael er 28 år og har mastergrad på
strengeinstrumentet lutt frå Hochshule
fűr Musik und Tanz i Køln. Han er frå
Kolding i Danmark, men har budd på
Fyn, Jylland og Sjælland og faktisk også
ei tid i Finland. Mikael har mange interesser og seier sjølv at han er veldig
fokusert når han driv med noko. Han
likar også ein lang løpetur, og er veldig
glad i fjellet. For nokre år sidan reiste
Tekst Kjetil Th. Storebråten
foto Kjetil Th. Storebråten & priv at
han og Marie tre månader rundt på vandretur i Skotland. Villmark fasinerer meg
og eg har faktisk vore på Grønland, fortel Mikael. Og det var fantastisk. Draumen er å reise til Alaska.
Han, kona Marie og sonen Samson
valde å flytta til Noreg etter travle år
som studentar i storbyen Køln. Marie
og Mikael ynskjer å leva eit alternativt
liv som ikkje blir styrt av pengar og karrierejag. Eit liv der det er tid til å vera i
saman med vener, til å bruke fjellet, og
den flotte naturen som Hemsdal har så
mykje av. Men noko av det viktigaste er
å ha ein god menigheit der vi kan trivast, og få åndeleg påfyll.
Mikael er opptatt av song og musikk
i gudstenesta, og arbeidar i desse dagar med å få til eit forsongarteam som
kan delta på gudstenestene i Hemsedal
Kyrkje. Han ynskjer å få kontakt med folk
som spelar ulike instrument, og som
kan tenkje seg å vera med å bidra på
sundagsmessa. Han har teke initiativ til
salmekveldar der folk på førehand kan
koma med salmeforslag. Dette vil det
blir meir av i tida framover.
Kona Marie Christensen er 28 år og kjem
også frå Danmark. Ho har ein norsk
bachelor i kristendom, og ungdomsarbeid frå Oslo. I tillegg har ho to år på
lærarstudiet, samt eit år med psykologi.
Marie er ein fjerdedels norsk, sidan mormor kom frå Rakkestad i Østfold. Ho er
glad i å lesa, og likar godt bøker som
Ringenes Herre og Harry Potter i tillegg
til meir åndeleg litteratur. Marie elskar å
dra på løpeturar, og å vera tett på norsk
natur. Ho er veldig fasinert av dei ulike
årstidene i Noreg, som er mykje sterkare
enn i Danmark. Ho drøymer om å læra
seg å stå på ski, og har så vidt begynt å
venne seg til å eta brunost.
Marie og Mikael opplever at dei har
vorte teken godt i mot i Hemsdal. Dei
saknar familie og vener, og dei skulle
gjerne hatt meir kontakt med alle dei
vart kjend med då dei budde i Køln.
Men dei får snart meir å ta seg til med
sidan dei ventar eit nytt barn til sommaren.
Mitt livsprosjekt er å leve enkelt, seier
Mikael ettertenksamt. Ha tid til å bruke
naturen, og å nyta stillheiten. Vi kunne
godt tenkje oss å vera sjølvforsynt med
mat, og det meste av det vi treng. Samtidig likar me også bylivet, men det er
godt å ikkje bu i byen.
Men kva med lutten? Mikael tek den
fram av og til, og gleder både vener og
menigheit med vakkert strengespel. Så
ruslar han attende til orgelkrakken for å
øve meir. Endeleg har kyrkja i Hemsdal
fått seg fast organist.
9
Kunngjeringar
Døyp te
Hemsedal kyrkje
25.01.15 Maria Zirin Slåtto Belbo
25.01.15 Peder Hustad
Gol kyrkje
30.11.14 Phillip Elvsaas Sundsøy
26.12.14 Melvin Skrindo
(døypt Leveld kyrkje)
04.01.15 Sivert Thune Sandaker
18.01.15 Mats Rese-Kallin
Døde
Hemsedal kyrkje
02.12.14 Kari Hallingstad
f. 1928
04.12.14 Guri Jordheim
f. 1929
21.12.14 Per Arne Ophaug
f. 1975
24.12.14 Inger Jørgine Ødegårdf. 1921
03.01.15 Paul Albert Smith
f. 1933
Gol kyrkje
22.12.14 Ola Skredderberget f. 1929
24.12.14 Odd Håkon Bjerke
f. 1932
02.01.15 Anne-Lise Mehl
f. 1927
04.01.15 Knut Elbjør
f. 1920
09.01.15 Per Lagmanndokken f. 1940
12.01.15 Olaug Ragnhild Reiargård
f. 1936
13.01.15 Steinar Finseth
f. 1911
19.01.15 Gunvor Kinneberg
f. 1953
Herad kyrkje
02.12.14 Embrik Havardsgard f. 1922
29.01.14 Mårten Sandberg
f. 1945
02.01.15 Tørris Enevald Tørrissenf. 1941
18.01.15 Erling Engebakken f. 1925
20.01.15 Gudrun Aasen
f. 1923
GOL GRAVFERDSBYRÅ
c/o Bente Andreassen
Tlf.: 32 07 75 51/mob. 480 23 477
HEMSEDAL GRAVFERDSBYRÅ
Olav Støyten og Hans Vidar Sørensen
Tlf.: 97 41 41 00
Hallingdal Gravferdsbyrå
Steinar Aa
www.hallingdalgravferd.no
Tlf 32 08 23 00
GRAVSTEINER OG GRAVERING
Kontakt gravferdsbyrået eller
Roar og Tor Erik Strand 3576 Hol
Tlf.: 32 08 81 94/mob. 911 65 008
NESTE KYRKJEBLAD
Nr. 2/2015 kjem ut rundt 24. mars.
Stoff sender ein til:
kyrkjebladet@hemsedal.kommune.no
innan 3. mars.
10
Salmekveld i Hemsedal
Salmekveld onsdag 11. mars kl. 19.30 i
Hemsedal Kyrkje. Alle kan koma med
salmeforslag. Har du ei salme du gjerne
vil synge, eller som betyr nok spesielt
for deg? Ta kontakt med salmeforslag
innan 1. mars. Kontakt organist Mikael­
Christensen eller Kyrkjekontoret i
Hemsedal.
Mikael:
400 39 326
Kyrkjekontoret:314 08 845
Utlysing Barbo og Ola Øyneliens
legat
Statuttar for legatet: Rentene av legatkapitalen skal brukast slik: «Dersom det
er blinde eller svaksynte i Gol kommune
som treng støtte, skal dette formål prioriterast. For øvrig kan avkastninga
brukast til kyrkjeleg arbeid blant unge.»
Søknaden må innhalde kostnadsoverslag over tiltak midlane er tenkt brukt
til. Søknad merka «Øyneliens legat» skal
sendast til:
Gol kyrkjekontor,
Gamlevegen 4, 3550 Gol,
innan 6. mars 2015. Legatstyret.
10 – 13
Er du mellom 10 og 13 år og likar å ha
det kjekt? Alle som går i 5.–7. klasse
er velkomen! Vi startar på Kyrkjestugo
fredagar kl. 13.30 – rett etter skulen,
og avsluttar same stad klokka 15.00. Vi
kan hjelpe med skyss heim om det er
vanskeleg.
Det blir to ulike samlingstypar:
10–13 – mykje varierte aktivitetar og ei
lita andakt.
10–13 BIF – Vi brukar «Bibelifokus – jakten på sammenhengen» for å bli meir
kjend med Bibelen og Jesus.
Datoar for våren:
10–13: 16/1, 13/2 (NB: Aking – ta med
akebrett og varme klede, slutt kl 16.00),
20/3, 24/4 og 29/5.
10–13 BIF: 30/1, 6/3, 10/4 og 8/5.
Meir info finn du på www.hemsedal.
kyrkja.no eller facebooksida til Kyrkja
i Hemsedal. Har du spørsmål kan du
ringe Britt Marie: 489 59 826.
Velkomen!
Nye nettadresser til
kyrkjekontora:
www.gol.kyrkja.no
www.hemsedal.kyrkja.no
Åpent hus
På Gol bedehus
torsdag 26. februar kl. 11.00.
Sebjørg Jordheim har andakt og
­forteller om stølsliv.
Sang ved Einar Thorset.
Bevertning. Kollekt.
Alle er hjertelig velkommen!
Arr: diakoniutvalget.
Dugurdstreff
På Gol bedehus
torsdag 12. februar kl. 11.00,
5. mars og 9. april
Vi snakker om gamle dager. Sang og
opplesning.
Ord til ettertanke. Dugurdsmat.
Arr: diakoniutvalget.
Kyrkjelydens årsfest i Hemsedal
Kyrkjestugo. Sundag 22. mars kl 12.30
Andakt ved vikarprest: Marie Bjørdal.
Leirstøtte for barn og unge
Barn og unge busett i Gol og Herad som
har lyst til å reise på kristen leir, kan søke
om økonomisk støtte til leiropphaldet.
Pengane kjem frå eit legat­ til dette
føremålet. Det er mogleg å få dekka
inntil halve deltakaravgifta. Det er sett
ei begrensing på maksimal utbetaling
per år.
Søknaden kan sendast til kyrkjekontoret på e-post: kyrkja@gol.kommune.
no. Dei som blir sponsa, må ta bilder og
skrive om leiren i kyrkjebladet.
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Anne Gerd Jorde 971 58 134
Velkomen til kyr kje!
8. feb. – Kristi forklåringsdag
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Prost Vigdis Moen
Storhaug. Takkoffer: Bibelselskapet.
GOL KYRKJE KL. 19.00
Salmekveld. Skinnemoen. Vickery.
15. feb. – fastelavenssundag
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Arne Lie.
Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet.
22. feb. – 1. sundag i fastetida
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Arne Jensen.
Takkoffer: Kirkens ressurssenter mot
vold og seksuelle overgrep.
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen
Takkoffer: Kyrkjestugo i Hemsedal.
1. mars - 2.sundag i fastetida
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Raastad.
Takkoffer: Menighetsfakultetet
HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00
Sundag for alle
8. mars – 3. sundag i fastetida
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Raastad.
Takkoffer: Normisjon
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Sprell levande gudsteneste.
6-åringane deltek. Skinnemoen.
Hafsås. Takkoffer: Menigheitens
landbrukspro­sjekt i Aserbajdsjan.
15. mars – 4. sundag i fastetida
HERAD KYRKJE KL 19.00.
Kveldsgudsteneste med bønevandring. Nattverd.
Maria Bjørdal. Økesveen.
Takkoffer: Diakoniarbeidet.
22. mars – Maria bodskapsdag
GOL KYRKJE KL. 11.00
Sprell levende gudsteneste.
6-åringane deltek.
Skinnemoen. Hafsås. Takkoffer: Barneog ungdomsarbeidet i soknet
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd.
Maria Bjørdal
Takkoffer: Familievernkontoret i
­Hallingdal.
GOL BEDEHUS KL. 19.00
Årsfest for Gol og Herad sokn.
29. mars – Palmesundag
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Skinnemoen.
Takkoffer: Soknerådet.
1. april – onsdag
GOL HELSETUN KL. 11.30
Påskeandakt. Økesveen.
Sørbygda Misjonsforening
har ­takkemøter på
Ulsåk Bedehus:
10. februar
10. mars
14. april
09. juni
11. august
Kl 11.30
Kl 11.30
Kl 11.30
Kl 11.30
Kl 11.30
På Leinestølen
Alle som vil er velkommen
2. april – Skjærtorsdag
LYKKJA KAPELL KL 10.00
Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen
Takkoffer: Går til Lykkja Kapell.
GOL KYRKJE KL.19.00
Kveldsmesse. Nattverd. Skinnemoen.
Økesveen. Måltidsfellesskap v/diakoni­
utvalget. Takkoffer: Diakoniarbeidet i
kyrkjelyden.
3. april – Langfredag
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Pasjonsmesse. Maria Bjørdal.
GOL KYRKJE KL. 19.00
Pasjonsmesse. Maria Bjørdal.
OSET KAPELL KL. 21.30
Påskeandakt. Maria Bjørdal.
5. april – 1. påskedag
GOL KYRKJE KL. 11.00
Høgtidsgudsteneste. Skinnemoen.
Takkoffer: Anne-Berit Lagmannsgård
sitt arbeid.
LYKKJA KAPELL KL. 11.00
Høgtidsgudsteneste. Maria Bjørdal
Takkoffer: Lykkja kapell.
HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00
Sundag for alle
HEMSEDAL KYRKJE KL 17.30
Høgtidsgudsteneste. Maria Bjørdal
Offer: Kyrkjestugo
6. april – 2. påskedag
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Høgtidsgudsteneste. Nattverd.
Skinnemoen. Takkoffer: Frelsesarmeen
sentralt
Fredag 13. februar er årets andre
Gullrekka!
13. feb
Barn i alle aldre, med og
13. mars
uten foreldre, er velkom10. april
men til spennende aktivi8. mai
teter på Gol bedehus:
5. juni
Kl. 16.30: Taco (60/40 kr)
Kl. 17.30: Felles samling
Kl. 17.45-19.30: Aktiviteter for
4-9 år og 10-13 år.
Lekekrok for de minste.
Acta – Normisjonen,
Søndagsskolen Sprell Levende og
Den Norske kyrkje – Gol
BABYSONG
OG
SMÅBARNSTREFF
Vi startar babysong i Hemsedal!
Vi syng og dansar, brukar rim og
regler. For små babyar og litt
større småbarn, 0-5 år.
Ta gjerne med niste,så ordnar vi
kaffi, te, saft og frukt.
NB: Ny dag
– ONSDAG
Kyrkjestugo
kl 10-12
Det blir babysong desse datoane:
4/2, 11/2, 18/2, 4/3, 11/3, 18/3 og 25/3.
I tillegg blir det småbarnstreff:
15/4, 6/5 og 27/5.
Hilde Bakke Jensen blir med 27/5.
Ved spørsmål, ta kontakt med trusopplærar
Britt Marie Haraldset Hafsås, tlf: 489 59 826
12. april - 2. sundag i påsketida
KAPELLTOMTA PÅ KAMBEN KL. 11.00
Friluftsgudsteneste. Skinnemoen. Etter
gudstenesten kyrkjelydens skitur på
Golsfjellet.
11
Informasjon
Gol Grafiske as – tlf. 32 07 43 65
Hemsedal kyrkje. Foto: Kjetil Th. Storebråten.