Notat Går til: Føretak: Dato: Frå: Sakhandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Førde HF 16.02.2015 Administrerande direktør H.J. Breidablik/I.B. Hoel Norsk pasientskadeerstatning (NPE) 2014 Administrerande direktør si orientering pkt. 1 Styresak 012/2015 O Styremøte 27.03.2015 Det vart i 2014 ferdighandsama 61 søknader om erstatning frå NPE. Det var 45 som fekk avslag, og 16 saker som fekk medhald. Det blei betalt ut erstatning i 2014 på kr. 784.826. 1. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av fingerskade. Skaden blei påført som sjølvskade, pasienten hadde sjølvskadeproblematikk. 2. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for rotasjonsfeilstilling i ein legg, og følgjene av det, etter eit brot i leggen. 3. Mann i 50-åra fekk erstatning for smerter og feilstilling av finger etter behandling av ein brotskade. 4. Kvinne i 50-åra har fått behandling for kreft. Ho fekk erstatning for hjartesvikt som biverknad av medisin. Hjartesvikten medførte pustevanskar og nedsett funksjonsnivå i ein periode på seks månader. 5. Mann i 60-åra fekk erstatning for forlenga sjukdomsforløp og behandling som følgje av infeksjon etter operasjon av grunnledd i stortå. 6. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forsinka diagnostisering av livmorhalskreft på ca. 1,5 år. 7. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for ryggmargsbetennelse og nedsett førlighet i begge bein etter spinalbedøvelse. 8. Mann i 50-åra fekk erstatning for oppstått forskjell i lengda på beina og nedsynking av protese med haltande gange som følgje etter hofteproteseoperasjon. 9. Mann i 20-åra fekk erstatning for feilstilling etter operasjon for lårhalsbrot og behov for tidleg reoperasjon og følgjer av dette med infeksjon, samt hofte utan leddhovud. 10. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for auka smerteplager i arm etter operasjon og følgjer av dette. 11. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for oppstått nerveskade i handledd under operasjon og følgjene av dette med smerter og nedsett styrke og funksjon i handa. 12. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forseinking på tre år på diagnostisering og behandling av lungekreft, og følgjene av dette med plager og forverra prognose. 13. Mann i 60-åra fekk erstatning for infeksjon og følgjer av dette etter ein operasjon i skulder. 14. Etterlatne til kvinne i 30-åra som tok sjølvmord fekk erstatning for svikt i behandlinga. Pasienten burde vore nærare utgreia og behandla med innlegging i psykiatrisk avdeling. Sjølvmord kunne då sannsynleg vore avverja. 15. Mann i 30-åra fekk erstatning for plager etter skulderoperasjon og forlenga sjukdomsforløp. 16. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for total urinretensjon (mangelfull vannlating) etter ein framfallsoperasjon. Det var gjort mangelfull utgreiing og det ikkje var medisinsk grunnlag for operasjonen.
© Copyright 2024