2015 Januar Kari Bremnes med band Februar Mars April Mai Juni Utstillingsopning 10. januar Kommuneskattar Utstillingsopning 14. februar Gamle Aal Utstillingsopning 21. mars Knut Qvelprud Diverse kunst Arrangør: Ål kulturhus Foto Arrangør: Ål kulturhus Teikningar og måleri Arrangør: Ål kunstforening Utstillingsopning 25. april Utstillingsopning 23. mai Utstillingsopning 27. juni Freydis Einarsen Thor Bøhn Bjørn Furuseth Måleri Arrangør: Ål kulturhus Foto Arrangør: Ål kulturhus Utstillingar Moderne tekstil/vev Arrangør: Ål kulturhus Galleri Syningen Ål kulturhus Kjøp KONSERTPAKKA: 3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjeld berre desse konsertane: staden for dei gode opplevingane! Henning Kvitnes og Poul Krebs STAUT Kari Bremnes med band Kafe Kulturrampa tlf: 962 31 383 Tonje Olsen og Tom Idar Nikolaisen ynskjer publikum i Ål kulturhus velkomen med velsmakande mat til hyggelege prisar. Velkomen til Bokbad i Ål bibliotek Våren 2015 byr Ål bibliotek på eit knippe litterære laurdagar med aktuelle forfattarar. Fyrst ute er TV2s Fredrik Græsvik med boka «Den tapte krigen» - om Noregs deltaking i krigen i Afghanistan. Kva gjekk gale, og kvifor? Reportasjeinnslagene gjør at Græsviks krigskritiske bok rammer hardt. Græsvik har vært i krigen, og det merkes. Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad Kjære publikum Det er med stort vemod eg no vel å takke av som kulturhusleiar etter 15 år i den stillinga. For meg har dette vore ei fantastisk reise med mange opplevingar eg er glad eg har fått vore med på. Det er ikkje mogleg å trekkje fram enkelte høgdepunkt i løpet av denne tida.Til det er det for mange og ikkje plass i denne spalta. Men eg stolt av det eg har vore så heldig å få vere med på å skape desse åra. Eg vil takke alle eg har samarbeidd med og alle som har støtta kulturhuset si utvikling gjennom denne tida. Spesielt vil eg takke alle mine medarbeidarar og tilsette på kulturhuset. Det er den dyktigaste, mest profesjonelle og trivelegaste staben nokon leiar kan ynskje seg! Eg vil ynskje den komande leiaren og alle som skal bringe kulturhuset vidare lukke til. Eg tar no fatt på nye og spennande arbeidsoppgåver, men ein del av meg vil aldri stoppe å føle tilhøyrigheit og følge med på kva som skjer i Ål kulturhus! Info Takk for meg! Laurdag 7. februar kl. 14.00. Billettar kr 100,Ål kulturhus Thor Olav Fjellhøi kulturhusleiar Myren 40, 3570 Ål Telefon: 32 08 51 00 Telefaks: 32 08 16 44 aal.kulturhus@hallingnett.no www. aal.kulturhus.no Ål kulturhus takkar hovudsponsor: Bli med på ei magisk oppleving! Velkomen til ein magisk kveld med Lord Christian og Hans-Øivind Granerud. ”Var det der eit triks eller gjorde han faktisk det der på ordentleg??” Christian Wedøy og Hans-Øivind Granerud, to av dei beste magikarane i landet og kjende frå programmet Norske Talenter, har no slått seg saman for å gje oss eit forrykande show! Magishow Lord Christian er Noregs nye illusjonist og mentalist og er kjent for sine umoglege tankelesingar og for stor kreativitet når det gjeld å gjere trylling moderne og underhaldande på ein unik måte. Tilrådd frå 8 år Storesalen Laurdag 17. januar kl. 1800 Billettar kr. 200,-/160,- I august i år imponerte han heile Noreg direkte på TV2 då han gjenskapte Houdini sitt kjende stunt. Utan oksygen, lenka med handjern, kjetting og med blybelte rundt livet braut han seg ut og opp av vatnet i Nidelva i Trondheim. Magishow med Lord Christian Ål kyrkjeakademi presenterer: Foredrag Den unødvendige svolten Foredrag ved Aksel Nærstad og Olav Randen Me har alltid høyrt om at folk svelt rundt omkring i verda, men at svolt er unødvendig er ein påstand som kan vere vanskeleg å forstå. Er det mogeleg å gjere noko med skeivfordelinga mellom dei som fråtsar i mat og dei som svelt? Denne torsdagskvelden kjem forfattarane Aksel Nærstad og Olav Randen til kyrkjeakademiet. Saman gav dei for to år sidan ut boka «Den unødvendige sulten», og dei vil med bakgrunn i det tema boka tek opp setje fokus på den vanskelege matsituasjonen i verda. Dei fleste som svelt i verda er sjølve matprodusentar, men dei har i dag ikkje høve til å leve av jordbruket. Aksel Nærstad (f. 1952) kjem frå Asker, og arbeider til dagleg i Utviklingsfondet, ein miljø- og utviklingsorganisasjon som prøver å hjelpe fattige bønder slik at dei kan drive eit berekraftig landbruk. Han har politisk erfaring, og har skrive fleire bøker. Olav Randen (f. 1948) driv Nesch-museet jordbruk og forlag, og har også skrive fleire bøker. Lokalt er han mest kjend for ytringar og debattinnlegg i Hallingdølen. Saman har dei også skrive boka «Kampen om maten». Torsdag 22. januar kl. 1915 Dette blir ein interessant kveld med eit viktig tema. Billettar kr. 150,-/120,www.aal.kulturhus.no Galskap og moro! Revy Honningsvågrevyen Storesalen Fredag 23. januar kl. 1930 Billettar kr. 300,-/250,- Eit gjensyn med karane i suksessen Honningsvågrevyen. Med Finn Arild Selnes og Frank Arne Olsen i spissen, og originalkompet i ryggen, let Honningsvågrevyen denne kvelden lattermusklane våre leve farleg. Karane har nemleg - etter utallige oppfordringar - bestemt at det blir gjensyn med glansnumra frå suksessforestillinga ”Fresk, Frank og Freidig” som gutta slo gjennom med i 1999-2000. Denne forestillinga står som ein påle med vanvittig morosame figurar, knallgode tekstar og ein publikumsappell som saknar sidestykkje. I tillegg dukkar det opp ein og annan figur som endå ikkje er heilt tam, samt eit par nye ansikt. Gjer klar for ein latterleg morosam kveld! Hamsun - Frå det moderne Amerikas åndsliv Visste du at Knut Hamsun budde fire år i Amerika? I ei essaysamling frå 1889 radbrekkjer Hamsun det amerikanske samfunnet. Boka er illsint, ironisk, morosam – og farleg. Hamsun treffer overraskande godt i spådomen om framtida til Amerika; ein nasjon med store sosiale ulikskapar, med vidtrekkjande kommersialisme og der det i stor grad er den sterkaste sin rett som gjeld. Skodespelarane har prøvd å forstå korleis det kunne ha seg at Hamsun, som hadde levd heile livet i fattigdom, kunne kome til å hate Amerika; landet med alle moglegheiter. Som publikum blir me tekne med på ei reise i livet til Hamsun og forestillinga utfordrar synet vårt på Noreg og vår eiga nasjonskjensle. Av og med Thomas Bye, Ida Høy, Robert Saenz de Viteri og Robert M. Johanson. Storesalen Torsdag 29. januar kl. 1900 Billettar kr. 315,-/265,- Teater Revy, Revy og atter Revy - 3 gonger Kari Kari Svendsen Kari Diesen Kari Stokke Konsert Velkomen til ein konsert me ikkje høyrer mange av, eller kanskje ingen av, i våre dagar. Tre KARI’ER - høvesvis, Svendsen, Diesen dy og Stokke, har samla eit stort knippe av dei gamle revyvisene som snart forsvinn inn i gløymeboka. Her får publikum oppleve både, humor og skjemt, friske tekstar, piano sang og banjoklang. Storesalen Onsdag 4. februar kl. 1900 Billettar kr. 260,-/230,- Me nemner frå repertoaret Hovedøn, Serru, Serru, En herre med bart, Jacobsen og mange, mange andre viser framført av tre vaksne damer som verkeleg kan formidle dette stoffet på ein herleg måte. Konsert Kjøp KONSERTPAKKA: 3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane: Kvitnes/Krebs STAUT Kari Bremnes Henning Kvitnes & Poul Krebs Kvar for seg er Poul Krebs og Henning Kvitnes store namn i kvart sitt respektive heimland, med hundrevis av konsertar bak seg, og eit platesalg på fleire hundre tusen. Dei to møtte kvarandre fyrste gong i 1990, og har sidan jobba jevnleg ilag både live og på ulike plater. Poul Krebs sin Sådan nogen som os har også gjort det stort i Noreg – der Henning Kvitnes sende den til topps på hitlistene med Sånne som oss. Krebs er å høyre på låta Vesterbro 88, som er frå Kvitnes sitt forrige album ”Ingen Tid Å Miste”. Henning Kvitnes låner til gjengjeld stemma si til Poul Krebs-sangen The Trio From Del Rio, frå Krebs si plate ”Der er noget ved alting”. Krebs og Kvitnes har spelt saman på ei rekkje festivalar og konsertar gjennom åra. Dei held fram samarbeidet med ein Storesalen ny turné i Noreg og Danmark denne vinteren. Formatet er duo-akustisk, nært og nedpå. Ein intim og varm konsert med god plass til spontane tolkingar og innblikk i nervetrådane Fredag 13. februar kl. 1930 i sangane. Og sangar har dei mange av. Så også gode historier å krydre dei med. Billettar kr. 390,-/350,www.aal.kulturhus.no Billettelefon: 32 08 51 00 Foto Forteljing Miljø og moro på Sundre i 1950-åra Fotoforteljing med Hallgrim Berg og Ole Johs Brye Eit fint og tett lokalsamfunn, med liv og røre, handel og vandel, originalar og gode replikkar – det er dette mange hugsar frå miljøet på Sundre i 1950-åra. Etter storbrannen i 1931 kom det mange nybygg rundt Torget, nye butikkar og serviceverksemder, noko som førte til allmenn laurdagsfri i bygda lenge før ordninga kom på landsplan. Folk kom inn frå grendene i heile Ål for å handle, setja seg på kaffistugu, eller ta seg ein tur på «nr. 15» eller «bakom hestestallen». Alle skulle til Sundre på laurdagen! Etter krigen var det mange ungar i kvart einaste hus, med mykje moro, leik, slagsmål og spetakkel. Dei fekk oppleva «ompliaden på Gardejorde», «dyrsku’n», «pantergjengen» – og som motvekt: misjonærar med lysbilete på Evjens Minne. Veslesalen Hallgrim Berg avsluttar si 70-årsfeiring med skjemt og alvor frå det heilt særeigne miljøet som utfalda seg rundt Sundre i 1950-åra. Med seg har han Ole Johs. Brye, som har plukka Laurdag 14. februar kl. 1400 fram flotte foto frå faren sitt rike arkiv, og Ola Perstølen, som har skrivi treffsikre vers om Billettar kr. 150,sentrale personar i gatebiletet. Billettelefon: 32 08 51 00 www.aal.kulturhus.no Komplottet Teater OPPLEV MEIR: Komplottet stiller etiske spørsmål som handlar om dine og mine medievalg. Me inviterer til baksnakk etter forestillinga. Av Joe Penhall. Originaltittel: Dumb Show. Omsett av Teodor Janson. Regissør: Kim Sørensen. Scenograf og kostymedesignar: Tuva Hølmebakk. Lysdesignar: Gyril Høgberg. Lyddesignar: Lars Årdal. Dramaturg: Tine Thomassen. Foto: Fredrik Arff Kåre Conradi i glitrande psykologisk maktspel. Riksteatret får norgespremieren på Joe Penhall sitt velkomponerte teaterstykke – underhaldande og intelligent skrive av ein dramatikar som veit korleis han skal overraske publikum og lure dei trill rundt. Her er det snakk om å strekkje seg svært langt for å få ei god historie. Sidan urpremieren på Royal Court Theatre i London i 2004 har Komplottet vorte spelt på scener over heile Europa. –Eg kunne ikkje seie anna enn Storesalen «ja takk» då Ellen Horn spurde meg om å spele hovudrolla som talkshowkjendisen i denne britiske teatersuksessen, seier skodespelar Kåre Conradi, som skal ut på sin fyrste store Måndag 16. februar kl. 1900 turné med Riksteatret. Med seg eller mot seg i dette komplottet har han Ulrikke Døvigen Billettar kr. 400,-/330,-/310,og Tov Sletta. Kven som lurer kven, får du sjå viss du kjøper billett... Billettelefon: 32 08 51 00 Pippilotta Rullgardina Viktualia Krusmynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller Pippi slik til dagleg, er på farten att. Verdas sterkaste jente flytter inn i Villa Villekulla saman med apen Herr Nilsson, hesten sin og ein sekk fylt av gullpengar. Den er det andre som har lyst på også, men det er ikkje særleg lurt å prøve og stele frå Pippi! Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheim og får hjelp av konstablane Kling og Klang. Men Pippi vil ikkje på nokon barneheim. Ho har det bra der ho er og ho greier seg sjølv. Men Fru Prysselius gjev ikkje opp så lett… Teater Regi: Marius Podolski Scenografi: Per Olav Austdahl Musikk: Georg Riedel Produsent:Victoria Productions AS Når Pippi kjem blir det fart og moro, dumme skurkar, klønete politifolk, sang og dans til Georg Riedel sin kjente musikk. Og kven veit - kanskje får me også oppleve Pippi sin pappa, den kjente sjørøvaren Kaptein Langstrømpe? Storesalen Torsdag 19. februar kl. 1800 PS! Hugs kamera. Alle barn får helse på Pippi etter forestillinga. Billettar kr. 195,- Billettelefon: 32 08 51 00 www.aal.kulturhus.no Hyttetreff og hyttemesse Treff I vinterferien, nærare bestemt laurdag 21. februar, blir det for sjuande gong arrangert treff for hyttehallingane i Ål. Ål kommune inviterer til treffet som eit tiltak for å forsterke og utvide den gode kontakten med hyttefolket i bygda. I år blir arrangementet samtidig ei lita hyttemesse. I fojaeen på kulturhuset kan du både før og etter sjølve møtet treffe representantar fra næringslivet i Ål som har rigga seg til med stands, informasjon og tilbod. Dette i regi av Ål Utvikling AS. I Veslesalen blir det dialog og informasjon om ulike tema som vil vere av interesse for hyttefolket. Det blir og kulturinnslag, enkel servering og tid til spørsmål. Meir detaljert program vil bli lagt ut på www.aal.kommune.no / www.al.no. Arrangør: Ål kommune og Ål Utvikling AS Veslesalen Laurdag 21. februar kl. 1130 Gratis inngang - ingen påmelding! www.aal.kulturhus.no Billettelefon: 32 08 51 00 Konsert Kjøp KONSERTPAKKA: 3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane: Kvitnes/Krebs STAUT Kari Bremnes STAUT STAUT har etablert seg som eit av dei aller største folkrockbanda i Noreg, og publikum møter opp i hopetal for å høyre ”live” den friske Valdres-gruppa sin eigenart og sterke musikkuttrykk. Dei har vorte eit av dei mestspelande banda i landet og ein kan trygt påstå at det ikkje er mange band som greier å skape like god stemning på kvar einaste stopp på vegen. Dei 6 musikarane, som fann kvarandre så seint som i 2009, har brei bakgrunn frå både folkemusikk, rock, pop og jazz. Eit breidt spekter med andre ord. STAUT sjølv skildrar musikkskapingsprosessen som eit ”anarki innanfor tynne veggar” der resultatet endar opp med “å låte STAUT”. STAUT er: Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar), Ørnulf Juvkam Dyve (tangentar, kor), Asle Tronrud (feler, kor), Dag Arve Sandnes (gitarar, slide), Torgeir Bolstad (kontrabass, kor) og Frode Flatland (trommer, kor). Storesalen Laurdag 21. februar kl 1930 Billettar kr. 390,- Ål musikkorps - Geilo Musikklag - Oslo Politiorkester Konsert Avskjedskonsert for Thor Olav Fjellhøi I samband med at Thor Olav Fjellhøi sluttar som dirigent for Ål Musikk-korps og Geilo Musikklag blir det arrangert ein avskjedskonsert i Ål kulturhus. På konserten vil korpsa frå Hallingdal bli styrka med Oslo Politiorkester. Det blir til eit stort, flott orkester som opnar for mykje spennande musikk. Programmet vil spenne frå kjente verk frå korpsrepertoiret til solonummer og svingande storbandmusikk. Fjellhøi vil saman med Politiorkesteret sin faste dirigent Ståle Abrahamsen dirigere orkesteret, i tillegg til å vere solist på trompet og flygelhorn. Arild Rønsen har samarbeidd med Fjellhøi gjennom mange år, og han skal vere songsolist på konserten. Publikum vil mellom anna få høyre flotte musikalmelodiar og svingande storbandlåtar med Rønsen som solist. Solist Arild Rønsen - vokal Storesalen Sundag 1. mars kl. 1700 Billettar kr. 200,- Foto: Marte Garmann Teater Av Lars Norén. Omsett av Arne Lygre. Regissør: Kjersti Horn. Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson. Lysdesignar: Chrisander Brun. Lyddesignar: Erik Hedin. Dramaturg: Hege Tørressen. Produsert av Nationaltheatret og Riksteatret. Storesalen OPPLEV MEIR: Frå teatersjef til skodespelar Introduksjon ved Ellen Horn i foajeen før forestillingsstart. Natten er dagens mor Ellen Horn takkar for seg som teatersjef i familiedrama med dottera Kjersti Horn i registolen. Mor, far og to søner. Me møter ein liten familie i det sjuskete hotellet dei driv i Skåne. Det er vareoppteljing, og den yngste sonen David fyller 16 år. Gjennom eit rystande døgn blir eit nettverk av løgner rulla opp. Det utspelar seg scener som berre kan oppstå i den mest intime av alle sfærer: heimen. Lars Norén skriv teaterstykker med storarta roller. Han er skodespelarane sin dramatikar, glassklar i innsikt og brutal i utnyttinga av verkemidla i teatret. Natten er dagens mor er ein moderne klassikar om skam, håp og kjærleik. Når Nationaltheatret og Riksteatret no går saman om å setje opp eit av Norén sine viktigaste verk, blir mora spelt av Ellen Horn, og regien er ved dottera Kjersti Horn. Dei andre rollene blir spelt av Terje Strømdahl, Emil Johnsen og Glenn André Kaada. Torsdag 5. mars kl 1900 Billettar kr. 400,-/330,-/310,- Spennande danseforestilling for barn! Juryen Dans OPPLEV MEIR: Bli med på å lage flashmob (fellesdans) for små og store i foajéen før forestillinga. Foto: Siren Lauvdal Koreograf, scenograf og lysdesignar: Kva skjer når barna får bestemme? Hege Haagenrud. Komponist: To dansarar dansar til vakker musikk og blir avbrotne av barnestemmer som seier: ”Kva er det dei gjer?» Rebekka Karijord. «Me skjønar ingenting.» Barna i videoen stoppar forestillinga og seier: «Sidan me er barn og dette skal vere ei Lyddesignar: Erik Hedin. barneforestilling, må me få vere med å bestemme kva det skal handle om». Herifrå må dansarane gjere som barna Dramaturg: Mads Sjøgård Pettersen. seier. Trur du dei greier å lage den optimale forestillinga? Juryen er ei underhaldande forestilling for både barn og Video: Hege Haagenrud vaksne. Barna er kanskje dei som ler mest og høgast! og Vibeke Heide. Juryen er laga av Hege Haagenrud. Ho arbeider i landskapet mellom dans og teater, og produksjonane hennar har vore blant dei mest spelte forestillingane for barn og unge dei siste åra. Storesalen Juryen engasjerer på glimrande måte og får oss til tenkje over kva slags forestillingar barna Sundag 15. mars kl. 1800 eigentleg vil sjå. På scena møter me Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad. Høver for barn frå 6 år. Speletid: 35 minutt (ingen pause). Billettar kr. 220,-/180,-/170,Billettelefon: 32 08 51 00 www.aal.kulturhus.no Teater Gutten og Stjerna av Barbro Lindgren Det er ei stille, mørk natt med himmelen full av stjerner. Sirkusteltet er tomt, men i eldslukaren sitt telt lyser det. Der blir det fødd eit barn. Samtidig blir det fødd ein hest i stallen. Og to små stjerner blir tent på himmelen over sirkuset. Slik byrjar forteljinga om guten Pepe og hesten Stjerna. Dei to veks opp saman, men ein dag bestemmer sirkusdirektøren at Stjerna skal vekk. Guten får vite at Stjerna ikkje finst lenger, men han trur ikkje på det, for stjerna hennar lyser på himmelen. Storesalen Fredag 20. mars kl 1800 Billettar kr. 250,-/200,- Teaterstykket Gutten og Stjerna er basert på Barbro Lindgren si bok, og er ei rørande og varm historie om ekte vennskap, mot og kjærleik. Gutten og Stjerna er ei sirkusteaterforteljing, der akrobatikk, dans, sirkuskunst og musikk blir foreina i teatersjangeren. Forestillinga varar ca 1 time, og høver best for barn frå 5 år. Regien på forestillinga er ved Atle Knudsen og scenografien ved Gjermund Andresen. Ingrid Bjørnov & Øystein Sunde Show Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde prøver nye og gamle, ferdige og halvferdige sangar. Dei som har opplevd Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde på same scene kan skrive under på at det er ei heilt ekstraordinær oppleving. Munnrappe som få, musikalske, og med humor der du minst anar det. Dei leikar med gamle låtar, men tør også å presentere ferske kladdetekster og halvkvedde viser over aktuelle tema. Sist dei to spelte saman, var i sommarlege omgjevnader og på små scener. Når dei no opnar dørene er dei pene i tøyet, Laurdag har nye strenger, og nypussa sko... Det er berre å gle seg! www.aal.kulturhus.no Storesalen 21. mars kl. 1900 Billettar kr. 510,- Billettelefon: 32 08 51 00 Konsert l-koret: Requiem av Gabriel Faurè Gabriel Faurè (1845-1924) sitt Requiem, urframført i 1888, er av mange omtala som «Verdas vakraste dødsmesse». Dette storverket, kjend for sine vakre melodiar og elegante klangbilete, er hovudverket i Ål-koret sin store kyrkjekonsert veka før vi går inn i påskehøgtida. Programmet inneheld og andre perler frå den klassiske korlitteraturen og nyare musikk, mellom anna av komponisten Ola Gjeilo. Gol kirke Laurdag 21. mars kl. 1800 Billettar kr. 250,-/150,Ål kyrkje Sundag 22. mars kl. 1800 Billettar kr. 250,-/150,Billettelefon: 32 08 51 00 Koret har som vanleg med seg kantor i Ål, Audun Flaen, på orgel. Sopransolist er operasongar Marit Sehl frå Drammen/Ål. Koret blir som vanleg leia av sin faste dirigent Arild Rønsen. Sangfest Me feirar alle påske - på kvar vår måte. HÅP (Hol og Ål Pinsemenighet) har i fleire år invitert til lovsangsfest på Langfredag. Dette ynskjer dei også å gjere i 2015. Storesalen i Ål kulturhus blir arenaen når dei inviterer folk frå fjern og nær, liten som stor, til ein kveld med mykje sang og glede. Du er hjarteleg velkomen til Good Friday - enten du er kjent med lovsang eller om dette er nytt for deg. www.aal.kulturhus.no Storesalen Laurdag 6. november Fredag 3. april kl. 1900 Billettar kr. 100,Familiepakke (2v + opptil 4b) kr 200,- Billettelefon: 32 08 51 00 Åse Kleveland med musikarar Me inviterer til eit møte med ein av våre mest profilerte artistar og kulturpersonlegheiter, Åse Kleveland. Konsert Det blir ein kveld med personlege minne, og musikk med utgangspunkt i eit -60 og -70-tal som i mange land innebar ein revolusjon, musikalsk så vel som samfunnsmessig. Den unge Åse Kleveland låg i framkant av visebølgja, med eit repertoar i spennet frå Taube, Prøysen og Olle Adolphson, til Bob Dylan og Pete Seeger, franske viser, svensk revy, og etter kvart Paus og Sunde, Brecht og Lillebjørn Nilsen. Og ikkje for å gløyme Intet er nytt under solen… Saman med toppmusikarane sine spenner ho ein boge fram til i dag med alvor og humor og musikalitet. Med på scena er: Tove Kragset (piano/kapellmeister), Nils Einar Vinjor (gitar), Jørund Bøgeberg (Bass) og Steinar Krogstad (slagverk). Storesalen Tysdag 14. april kl. 1930 Billettar kr. 320,-/290,Billettelefon: 32 08 51 00 www.aal.kulturhus.no Ål kyrkjeakademi presenterer: Foredrag Blir ein friskare av å tru? Foredrag ved Lars Lien Kva betyr tru og livssyn for mennesket i dag? Kan ein bli frisk eventuelt friskare av å tru? Finst det vitskaplege prov for at tru og bøn førebyggjer eller lækjer sjukdom? Desse spennande spørsmåla tek psykiateren og professoren Lars Lien opp når han kjem til Ål i april. Samfunnsmedisinaren, som opphaveleg er frå Hamar, har brei forskingserfaring og har dukka ned i mange aktuelle problemstillingar, også dei som handlar om tru og livssyn. Lien disputerte i 2006 på eit tema om ungdom og psykisk helse. Han har arbeidd som lege i Finnmark og i Afrika, vore rådgjevar for WHO i Afrika, og jobba med forskingsprosjekt i Uganda og Sudan om traumane i ei befolking etter borgarkrig. Lien har vore forskingsleiar ved Klinikk for psykisk helse og avhengighet ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus. No er han mellom anna leiar for Nasjonalt kompetansesenter for samtidig rusmisbruk og psykisk liding, og han arbeider med å få på plass eit nytt nasjonalt kompetansesenter for heilskapleg oppfølgjing etter kriser. Lars Lien har skrive fleire fagbøker og har mellom anna vore medredaktør til ei bok kalla «Religionspsykologi» (2014). Han er kunnskapsrik og deltek ofte i aktuell samfunnsdebatt med bakgrunn i eigne undersøkjingar, til dømes har han Nesch-museet gjennomført ein større studie om det store fråfallet i vidaregåande skule, Fredag 17. april kl. 1915 den psykiske helsa til asylsøkjarar, m.m. Billettar kr. 150,-/120,Lars Lien har ei klar stemme som det er verdt å lytta til. www.aal.kulturhus.no Billettelefon: 32 08 51 00 Peer, du lyver! Teater Av Toril Solvang. Fritt etter Peer Gynt av Henrik Ibsen. Regissør og koreograf: Jakob Höglund. Komponist: Stefan Johansson. Scenograf: Sven Haraldsson. Kostymedesignar: Henrik Vibskov. Lysdesignar: Chrisander Brun. Dramaturg: Tine Thomassen. Produsert av Riksteatret. OPPLEV MEIR: I samarbeid med Den Norske Turistforening inviterer me til naturstig utanfor kulturhuset med steiking av pinnebrød på bålpanne før forestillinga startar. Storesalen Laurdag 25. april kl. 1700 Billettar kr. 220,-/180,-/170,Billettelefon: 32 08 51 00 Fartsfylt og leikent eventyr for barn, fritt etter Peer Gynt. Kjære foreldre, besteforeldre og alle vaksne som har lyst til å ta med seg barn i teatret: Riksteatret skriv nasjonalikonet vårt, Peer Gynt, om til eit fartsfylt og leikent eventyr med humor, men også djupt alvor. Med eit ungt og musikalsk ensemble, blir musikken og dansen ein sentral del av forestillinga. Gled deg til å høyre Grieg sin musikk med ny beat! Peer, du lyver! er historia om ein liten gut med store draumar. Kanskje er han verdas største løgnar? Han ynskjer seg ein venn, men blir stengt ute av dei andre barna i klassen. På jakt etter sanninga om kven han er finn han ein venn som blir livsviktig for han. – Eg ynskjer å fortelje ei historie med ein håpefull slutt som oppmodar barn til å våge å følgje draumane sine og tru på seg sjølve, seier regissør Jakob Höglund. Forestillinga varar i 2 timar (inkl. pause), og høver for barn frå 6 år. Du treng ikkje kjenne den originale Peer Gynt for å ha glede av denne forestillinga. På scena: Gunnar Eiriksson, Anna Strand Andersen, Ellen Andreassen, Philip Sten Bøckmann, Helga Guren, Andreas Humlekjær, Julie Støp Husby og Espen Mauno. www.aal.kulturhus.no Foto: Egil Hansen Konsert Come Shine med gjester Knut Reiersrud Jan Erik Wold Knut Aalefjær Publikums- og kritikarfavorittane Come Shine toppar laget og tek med seg jazzpoeten Jan Erik Vold, gitarmagikaren Knut Reiersrud, samt slagverkar Knut Aalefjær til Ål kulturhus denne kvelden. Come Shine har vekt oppsikt med sine høgst originale tolkingar av standardlåtar innan jazzen, arrangert på oppfinnsomt vis av pianisten i bandet, Erlend Skomsvoll. Kvartetten er kjent for svært energiske og engasjerande konsertar, der leik og formidlingsglede står i sentrum. Come Shine er etter kvart kjent som eit av landets aller beste og mest samspelte liveband. Gled deg! Come Shine med gjester består av: Live Maria Roggen (vokal), Erlend Skomsvoll (piano og arr.), Sondre Meisfjord (bass) og Håkon Mjåset Johansen (trommer). I tillegg høyrer me Jan Erik Vold (dikt og stemme), Knut Reiersrud (gitar) og Onsdag Knut Aalefjær (perkusjon og melodisk slagverk). www.aal.kulturhus.no I samarbeid med: Storesalen 6. mai kl. 1930 Billettar kr. 350,- Billettelefon: 32 08 51 00 Ål kulturskule presenterer: Storslått danseframsyning med Ål kulturskule «Eg har ein idé om ei framsyning, vil du høyre?» - Tale Buttingsrud, 13 år Den grensesprengjande og nyskapande danseframsyninga NO TIME stiller spørsmål ved tida vår; kva er notid, kva var fortid og kva er framtid? Dans Kulturskulen har gjeve ein elev fritt spelerom til å leve ut draumen om å lage ei eiga danseframsyning. Tale Buttingsrud levandegjer ideane sine med kostymer, lys, musikk og over hundre dansarar på scena! Velkomen til framsyning og til ei hylling av ungdommen sitt kreative univers, endelause energi og skaparglede! ”Om du kan drøyme det, kan du gjere det» - Walt Disney Illustrasjon: Sgne Fuglesteg Luksengard Storesalen Sundag 10. mai kl. 1600 og 1800 Idé: Tale Buttingsrud Koreografi: Tale Buttingsrud, Iris Almås Tangeraas og Kristin Holand Billettar kr. 160,-/80,Billettelefon: 32 08 51 00 www.aal.kulturhus.no Ål kyrkjeakademi og Ål bibliotek presenterer: Foredrag med Lars Petter Sveen Romanen «Guds barn» tek oss tilbake til Jesu tid og gjev liv til personar i utkanten av historiene evangelia fortel om. Offiseren Cato tvilar på om han gjer rett når han følgjer kong Herodes’ ordre. Far til Jakob fryktar at sonen er merkt av det vonde. Og Peter får ikkje sove i frykt for kva som ventar dei alle. Boka har fått fantastisk mottaking av eit samla kritikarkorps. Lars Petter Sveen (f. 1981) er opphaveleg frå Fræna, men bur for tida i Tanzania. På veg til litteraturfestivalen på Lillehammer tek han seg tid til ein stopp på Ål. Velkomen til bokbad i biblioteket! Foredrag Det blir sagt at Lars Petter Sveen revitaliserer bibeltekstene i sin kollektivroman «Guds barn». Det er mer presist å si at han revitaliserer oss, vårt eget tankegods, gjennom sin vakre, foruroligende, brutale og poetiske nyfortelling fra Jesu tid. - Turid Andreassen Lie, Hamar Arbeiderblad Guds barn må være årets beste roman. Den er bygd på tradisjonen i møte med et uvanlig forfattertalent. - Atle Christiansen, Aftenposten Se opp for Lars Petter Sveen i framtida. Romanen er en helt sjelden bok i samtidslitteraturen. Det er så godt tenkt, så vakkert utført, så snedig gjort. Cathrine Krøger, Dagbladet www.aal.kulturhus.no Ål bibliotek Måndag 25. mai kl. 1915 Billettar kr. 150,-/120,- Billettelefon: 32 08 51 00 Kari Bremnes m/band Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk - er ord som kan knyttast til Kari sin musikk. Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå. Og heile tida med ein nærleik til folk og livslagnader. Kari har skrive sangar i 20 år og gjeve ut 13 soloalbum. Konsert Kjøp KONSERTPAKKA: 3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane: Kvitnes/Krebs STAUT Kari Bremnes Storesalen Onsdag 3. juni kl. 1930 Billettar kr. 420,- Billettelefon: 32 08 51 00 Kari Bremnes hatt aldri hatt eit større publikum enn no. Ho er ein historieforteljar og sangpoet frå nord, som portretterer menneske, fuglar, gater, havet og kvardagsopplevingar. Kraftfullt, melankolsk, stort eller smått – det handlar om musikken i og rundt liva me lever. Sangkatalogen hennar er sterk og dynamisk, og konsertane med Kari Bremnes har ei spesiell nærheit som sit i lenge. Kari sitt nyaste album ”Og så kom resten av livet” vart ein av dei store norske salgssuksessane i 2012. Albumet låg 32 veker på VG-lista og blir framleis mykje spelt. Kari Bremnes band: Børre Flyen: Trommer Sondre Meisfjord: Bass Hallgrim Bratberg: Guitar Bengt Hanssen: Tangentar Geir Østensjø: Lyd www.aal.kulturhus.no Open dag på Ragnhildrud Nesch-dag Open dag på Ragnhildrud i juni 2014 var så vellukka at no ynskjer familien etter Rolf Nesch, Nesch-nemda i Ål kommune og Ål kulturhus å lage ein ny Nesch-dag oppe på garden. Besøk og omvising i atelieret samt rundt ute på gardstunet er ein del av programmet. Det blir også kulturinnslag undervegs og enkel servering inngår i prisen. Billetten er inkludert buss tur/retur kulturhuset. Bussen går frå nedsida av kulturhuset kl 1300. Programmet varar omlag 3 timar. www.aal.kulturhus.no Ragnhildrud Laurdag 13. juni kl. 1300 Billettar kr. 150,- inkl. buss Billettelefon: 32 08 51 00 7. trinn ved Nedre-Ål skule presenterer: Musikal Eivind Fredlaus Inspirert av dei vakre fjella våre og eit besøk hjå Geirmund Tormodsgard på Iungsdalshytta, fall valet i år på Eivind Fredlaus då me skulle velje tema til framsyning. Historia om Eivind er både spennande og lærerik. Elevane har fått kjennskap til korleis ein kan klare seg i fjellet, korleis det er å leve i frykt og kor viktig det er å hjelpe kvarandre. Me har fått erfare at det ofte er dei som har minst som er flinkast til å dele, og at konfliktar ofte oppstår fordi nokon vil ha meir. Storesalen Onsdag 17. juni kl. 1900 Billettar kr. 130,-/70,Billettelefon: 32 08 51 00 Manus har elevar og lærarar utforma i lag. Me får møte ein gjeng ungdommar som har klassefest i Gudbrandsgard. Dei finn ei gamal bok som fortel historier om Eivind, og gjennom boka blir me stadig tekne med attende til Eivind Fredlaus sine dagar. På reisa blir det både musikk, dans og bilete, og me håpar de vil koma å sjå kva våre rotfaste og flygedyktige elevar har laga. www.aal.kulturhus.no Hallingrosa Kunst “Sjefens frue” (1954) Skåpdør måla av Andres Dekko Nesch-museet er verdas største permanente samling av arbeida til den internasjonalt kjende, tysk-fødde kunstnaren Rolf Nesch (1893-1975). Samlinga omfattar både grafikk, skulpturar, måleri og materialbilete. Opplev rosemålarkunst i verdsklasse, med særleg vekt på hallingrosa. Utstillinga tek utgangspunkt i den kunsthistoriske utviklinga frå slutten av 1700-talet og fram til nyare rosemåling. Museet opna i 1993 og er besøkt av kunstinteresserte frå store delar av Europa. Du finn utstillinga Hallingrosa i nedre foaje på kulturhuset. Nesch museet
© Copyright 2024