Bli med til ITALIA og opplev ekte middelhavsmagi! Vandretur Cinque Terre 7-dagars tur med avreise 09/5 2015 - maleriske klippebyar, vinranker,olivenlundar og asurblått Middelhav Kan vi freiste deg til å vere med oss til det vakraste av Italia og vandre mellom fem små pastellfarga byar som klamrar seg fast til åssida mellom grøne vinmarker, olivenlundar og asurblått Middelhav? Vi reiser med fly fra Bergen til Milano og køyrer til Levanto som ligg i Liguriaregionen ved vestkysten nord i landet. Dette er vår ”base” i 6 dagar, medan vi nyt livet her ved ”Italias Riviera”. Dei fem landsbyane Monterosso, Vernazza, Corniglia, Manarola og Riomaggiore har saman fått namnet Cinque Terre. Ein unik del av Italias Riviera med dei mange historiske skattane. Cinque Terre har status som nasjonalpark og er oppført på UNESCO si Verdsarvliste. Her har ein gjennom det siste årtusenet tilpassa seg landskapet. Ein har bygd terrassar for planting av vinstokker og oliventre. Og der terrenget har tillete det, vart det i middelalderen bygd små byar som føyer seg inn i landskapet på ein heilt særeigen måte. Kompakte busetnadar er oppført rett på fjellgrunnen med smale, svingete smug og gater, som regel rundt kyrkjer eller middelalderborger. For å oppleve byane og området på den beste måten må ein ta beina fatt. Før jernbanen kom, rundt 1880, var byane isolerte. Det er på dei gamle stiane, trappene og brusteinlagde trange gatene vi skal vandre. Det er lagt opp til vandring tre av dagane og dagsetappane er 7-8 km. Vi legg inn lunsjstogg etter kvar tur. Kvar av etappane er ca 4 timar vandring. Etter vandreturane og lunsj vert det transport med tog eller båt attende til Levanto. Det vert utflukter med båt på Middelhavet og sjølvsagt tid til sol og bad. Dag 1 : Laurdag 9/5 Bergen – Milano – Levanto Frammøte på Flesland flyplass i god tid før flyavgang med KLM kl.14.00 og vi er klar for opplevingsrike dagar ved den italienske rivieraen. Reisa går via Amsterdam og vi landar i Milano kl.18.40. Her ventar buss som tek oss til Hotel Nazionale http://www.nazionale.it/en/ , eit godt 3-stjerners hotell i den gamle badebyen Levanto. Hotellet ligg 100 meter fra havet og på terrassen kan du kvile ut etter dagens vandring og nyte det vakre utsynet over havet og den vakre naturen. Turen fra flyplassen til Levante tek omlag tre timar og vi stoggar for middag undervegs. Dag 2 : Søndag 10/5 Vandretur Levanto – Monterosso Vandreturen frå Levanto til Monterosso er 7km. og høgdeskilnaden på dagens etappe er omlag 500m. Vi reknar med å bruke 4 timar på turen. Vi gjev oss tid til ein god frukost denne første morgonen i Italia før vi skal på tur. Denne første vandredagen går turen på dei gamle vandrestiane til Monterosso, ei strekning som byd på fantastisk natur og flott utsikt. Kystperla Monterosso er ein kunstnarby, som også er kjent for sine gode sitrusfrukter. Vi nyt dagenes lunsj og ser oss litt omkring i byen før det vert retur med tog til hotellet i Levanto der vi samlast om kvelden til felles middag. Dag 3 : Mandag 11/5 Vernazza – Corniglia – Manarola – Via dell Amore – Riomaggiore. Dagens etappe er også 7km. og har ein høgdeskilnad på 400m. Og vi brukar omlag 4 timar på turen. Etter frokost tek vi toget til hamnebyen Vernazza, som er ein av dei eldste byane i denne delen av landet. Det vert tid til ein liten byrundtur i Vernazza, før vi tek toget til Corniglia, som klamrar seg fast høgt oppe på toppen av ein ås. Her opplever vi kanskje den mest fantastiske utsikta av alle de fem landsbyene vi skal vitje. Vi vert servert ein god lunsj på Ristorante La Posada før vi held fram vandringa til Manarola. Vidare går vi den klassiske kjærleiksstien ”Via dell Amore” fra Manarola til Riomaggiore. Stien er hoggen ut i klippane - og byd på barske omgjevnader. Riomaggiore er ein sjarmerande by med brusteinslagde gater, fargerike hus og mange små butikkar og restaurantar. Her kan vi kjøpe oliven, lokal grappa og vin. Vi tek toget attende til Levanto og samlast til felles middag og deler opplevingar vi har hatt på dagens etappe. Dag 4 : Tysdag 12/5 : Portefino – San Fruttuoso di Capodimonte Etter frukost tek vi båt til Portofino, den vesle fiskarbyen på rivieraen som er mest kjend som ein internasjonal jetsetby saman med Marbella og St.Tropez. Vi kan rusle i dei gamle Hollywoodstjernene sine fotspor og kjenne på atmosfæren som trekte til seg ”fiffen” frå kjendisverda på 60talet... Men vi skal på vandretur og denne dagen vert det ein lett to-timars tur San Fruttuoso di Camogli, ein liten koseleg busetnad med utsikt over havet. Her finn vi mellom anna eit 1000 år gamalt benediktinerkloster som vart bygd opp att og restaurert på 1600-talet. Attende i Levanto er resten av dagen til fri disposisjon. Middag på eiga hand denne dagen. Dag 5 : Onsdag 13/5 : Vandretur Palmeria og Portovenere Dagens vandring er 8km., men er ei lett strekning med ein høgdeskilnad på berre omlag 200m. I roleg tempo brukar vi omlag 3 timar på turen. Ein god frukost før vi tek toget til La Spezia og båt vidare til Palmaria, den største øya i Liguria. Her finn vi sjeldne orkideer og nokre majestetiske grotter. Frå dei spektakulære utsiktspunkta på øya kan vi beundre dei vakre omgjevnadane. Vi inntek felleslunsj på ein lokal restaurant på øya, før vi om ettermiddagen tek båten vidare til Portovenere, som er ein fargerik, liten hamneby og eit viktig kultursenter. Vi skal på ein kort byrundtur der vi mellom anna skal innom dei vakre kyrkjene San Lorenzo og San Pietro. Vi vitjar også grotta som er oppkalla etter den engelske poeten Lord Byron som hadde sin residens i byen på 1800-talet.. Båt attende fra Portovenere til Levanto og felles middag. Dag 6 : Torsdag 14/5 Dag til eigen disposisjon. Frukost på hotellet. Dagen til eigen disposisjon.Nokon vil gjerne slappe av på stranda,medan andre gjerne vil utforske området nærmare. Vi samlast til avskjedsmiddag denne siste kvelden på rivieraen ved Liguriabukta. Dag 7 : Fredag 15/5 Levanto – Milano – Bergen Tidlig transfer til flyplassen i Milano for heimreise. Flyavgang med KLM kl.110.55 via Amsterdam med ankomst Flesland/Bergen kl.16.00. Ein opplevingsrik tur til fem vakre perler - Cinque Terre - er over for denne gang, men kanskje treffest vi att på nye turar. REISEFAKTA : Turpris Tillegg for enkeltrom Kr. 14.200.Kr. 1.980.- Irekna i turprisen : * Flyreise Bergen – Milano t/r. * 6 netter i dobbeltrom på Hotel Nazionale,Levanto. * Busstransfer flyplass – hotell t/r. * Båtbillettar iflg program. * Togbilletter iflg program. * 6 frukostar, 3 lunsjar og 5 middagar. * Reiseleiar som er med på heile turen. Påmelding til : Tlf. 57725070 E-post : fjordane@travelnet.no
© Copyright 2024