Galleriprogram 2015

Galleriet 2015
vår frå 9. mai
sommer jubileumsutstilling frå 4. juli
Hillestad galleri opnar sesongen med to kunstnare frå
Sørlandet. Begge har hatt utstilling på Hillestad galleri
tidlegare og nå, etter ein del år, blir det spennande
å sjå nye bilder og nye teknikkar.
Hillestad
Galleri
2015
30-års
jubileum
INGELIN HAUGLAND
oljemaleri og grafikk
SIGURD LINDSTRØM
oljemaleri og grafikk
Hauglands kunstform er
maleri, teikning og digitale
bilete. Ho har hatt fleire
separatutstillingar og
kollektivutstillingar m.a.
Høstutstillingen. Motiva
i bileta er henta frå nære
ting, som av og til er sett
litt på skrå.
www.ingelinhaugland.com
Lindstrøm har utdanning frå
Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Han har hatt fleire
separatutstillingar lokalt, og
deltatt på Sørlandsutstillingen,
Østlandsutstillingen og Høstutstillingen.
JANNIK ABEL
maleri og silketrykk
MARIUS MARTINUSSEN
maleri
Jannik Abel er født 1973, bur
og arbeider i Oslo. Utdanna
ved Academy of Art College
i San Francisco, USA og San
Francisco Art Institute. Abel
arbeider hovudsakleg med
maleri og silketrykk, men tidvis
også med teikning og video.
luckyoneway.blogspot.no
Marius Martinussen er født
1978 i Kristiansand, og er utdanna frå Kunstakademiet i
Trondheim 2004. Etter to år i
Berlin, bur og arbeider han nå
i Oslo. Martinussen er ein dyktig
kolorist, og maleria hans er
fargesterke og ekstravagante.
www.mariusmartinussen.com
FRANK BRUNNER grafikk
Frank Brunner er født i 1971 og er frå
Kristiansand. Han er utdanna ved Statens
Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi
i St. Petersburg og Yale University i New
Haven, USA. Han er i dag ein av våre mest
veletablerte og velrenommerte kunstnare som
bur og arbeider i Oslo etter mange år i USA.
www.frankbrunner.com
jul frå 7. november Konsert i Tovdal kyrkje.
haust frå 5. september
«Stall Flädje» I samband med relanseringa av prosjektet Telemarksvegen,
besøkte vi tilsvarande prosjekt i Ätradalen i Sør-Sverige. Der fant vi Stall Flädje,
ein renovert stall, som brukast til utstillingslokale for fem kunstnare frå distriktet
på sommaren. Det var så artig at vi inviterte gruppa hit til haustutstillinga.
ANNA WINTHER
akvarell og korger
www.akerholmen.com
ANNICA BROBERG
HÅKAN ÖDÉHN
keramikk
maleri
www.brobergkrukmakeri.se
LARS LORICKS kunstsmed
www.lorickssmedia.se
DENIS GAVOIS trearbeid
www.lerockinghorse.com
MARIT KVAALE
kunstfoto
MONA IDA FRØYSNES
maleri, akvarell, grafikk
Marit Kvaale er født og oppvakse i Bygland i Setesdal.
Ho har jobba med fotografering i reklamebransjen
sidan 1996, men dei seinare
åra har kunsten blitt meir
sentral i arbeidet hennar.
Sidan 2012 åra har sau
trykka på ull også blitt
sentral i kunsten hennar.
Dette er lokal kunst frå
Setesdal der flotte motiv
av villsau blir trykte på
vadmel av same slag som
brukast i setesdalsstakken.
www.maritkvaale.no
Oppvaksen i Åseral, bur
i Bygland. Ho er autodidakt.
Gått i studioatelieret i Kristiansand ein 3-års-periode
med studie på akt og croqie.
Nyttar modell i atelieret.
Er knytta til Smia grafiske
verkstad i Kristiansand og
lært koldtnål på Myren gårdkunstverkstad i Kristiansand.
Har eige atelier i Bygland,
har hatt ei rekke utstillingar.
www.monaida.no
Hillestad Galleri opna i 1985. Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane
i landet hatt separatutstilling her. Kvart år blir galleriet besøkt av ca 15 000 menneske. På
dette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakker
kunst og handverk. Vi har godt utval av grafikk fra kjente kunstnarar. Heile sortementet av
Hillestad-smykke er utstilt og til sals her. I Kramløa i underetasjen fører vi blant anna produkt
frå Broste Copenhagen og Ekelund.
I Gallerikafeen kan du mellom anna kjøpe den gode heimelaga kringla. Selskap kan vi
også arrangere, frå bedriftsmøter til bryllup. Overnatting ordner vi på feriesenteret i flotte
hytter med eige svømmebasseng.
Kunststi og installasjonar
Ved galleriet kan du ta deg ein tur i kunststien. Både tett ved galleriet og i dei nære
omgivnadane er det små og store kunstverk installert ute i naturen.
Leikepark og turstiar
Utanfor galleriet er leikeparken for barn i alle aldrar. Her er nifse rutsjebanar, naturløype og
bålplassar som alle kan bruke. Fiskeplassar langsmed elva.
Det er 20 tilrettelagte sommerturløyper i Åmli kommune og seks av desse har utgangspunkt
i Tovdal. Det er utleigehytter både nede i dalen og på Hillestadheia. På vinteren er det flotte
oppkøyrde skiløyper bare få kilometer frå Galleriet. Tovdal og Åmli er dermed ein ypperleg
stad for å kombinere kunst, kultur og natur.
Ope frå 1. februar til 9. mai
kvar helg 12-16 og etter avtale
9. mai – 4. juli
tirsdag til fredag 11-16
laurdag og søndag 12-17
mandag stengt
4. juli – 16. august
mandag til fredag 11-17
laurdag og søndag 10-18
17. august – 22. desember
tirsdag til fredag 11-16
laurdag og søndag 12-17
mandag stengt
Hillestad Galleri
Hillestad 194
Tovdal
N-4869 Dølemo
T +47 37 08 10 20
post@hillestad.no
Hillestad smykker
Hillestadheia
Hillestad feriesenter
For meir informasjon og opningstider i jul og påske,
sjå www.hillestad.no
Framsidebilde frå venstre (utsnitt): Frank Brunner, Jannik Abel, Marius Martinussen / grafisk utforming Nina Akersveen / trykk Erik Tanche Nilssen as