rettleiing til deg som avlastar Kontaktpersonar Rettleiing vert gjeve etter behov Hildegunn Vengen, leiar. Tlf. 55 09 71 56 hildegunn.vengen@fjell.kommune.no Avtale om oppdrag Ved oppstart av eit avlastingsoppdrag, vil det bli skreve ei avtale mellom deg og kommunen. Omfanget av avlastinga følgjer vedtaket som brukar har fått. Vedtaket blir som hovudregel fatta for ei periode på eit år. For kvar ny vedtaksperiode vil du motta eit brev som stadfestar oppdraget ditt som avlastar. Godtgjersle blir gjeven etter KS sine satsar for besøksheim for helegavlasting. For avlasting på timebasis er det er det etter Fjell kommune sine eigne satsar. Timelister skal leverast seinast 15 i kvar månad, og utbetaling vert 12 i påfølgande månad. Anne–Tone Sætenes, fagleiar Straumsfjellet avlasting Tlf. 55 09 68 85 anne-tone.satenes@fjell.kommune.no Avslutting av oppdrag May Liss Snekkevik, sakshandsamar Tlf. 55 09 71 97 may.snekkevik@fjell.kommune.no Det kan vere ulike grunnar til å avslutte eit avlastingsforhold. Uansett grunn er det viktig å avslutte på ein god måte. Spesielt born treng god tid på å forberede seg på ein endring, og forholdet bør difor avviklast over tid. Oppseiing Design: Monica Hovland, Informasjon Oppseiinga av oppdraget er på 1 månad, og er gjensidig for begge partar. Terje Aaberg, fagleiar Gullfjellbasen Tlf. 55 09 68 94 terje.aaberg@fjell.kommune.no Anita Birkeland, sakshandsamar Tlf. 55 09 71 58 anita.birkeland@fjell.kommune.no Fjell kommune Fjell kommune Postadresse: Postboks 184, 5342 Straume (merk konvolutt med Støttetiltak for funksjonshemma) Tlf. 55 09 60 00 www.fjell.kommune.no FØLG FJELL KOMMUNE PÅ FACEBOOK Velkommen som avlastar Takk for at du melder deg til innsats, og er interessert i å bli avlastar. Det er mange som har bruk for ei slik teneste i kommunen. Som avlastar vil du møte mange utfordringar, og du vil også oppleve mykje som er triveleg og gjevande. Fjell kommune avlasting Gode grunnar for å bli avlastar: Avlasting er ei teneste som er heimla i Helse – og omsorgstenestelova. Kommunen skal syte for avlastningstiltak for personer og familiar som har et særlig tyngande omsorgsarbeid. Avlasting er eit tiltak for nære pårørande som har dagleg omsorg for spesielt pleie- og omsorgskrevjande personar. Omsorgsoppgåvene må vere av eit slikt omfang at det skil seg vesentleg frå det som er vanleg. • Kva er avlasting? Avlasting er ei kommunal teneste som vert sett i verk der brukarfamilien bur. Avlasting skal bidra til å halde vedlike gode familierelasjonar og sosiale nettverk. Tenesta skal førebyggje utmatting hos omsorgsytar, og bidra til naudsynt ferie og fritid. Avlasting kan ein gje på mange ulike måtar, og det er viktig avlastingstilbodet gjev tryggleik og kontinuitet. Døme på ulike former for avlasting er: • Privat avlasting på timebasis og/eller helgar • Avlastingsbustad • Aktivitetsbasert avlasting • • • • Du kan vere saman med andre menneske, og samtidig gjere noko positivt for andre. Du får utfordringar som kan gje deg noko, og som du kan ta med deg vidare. Du kan bruke noko av fritida di på ein nyttig måte. Du kjenner nokon som treng avlasting. Du treng praksis/erfaring innan helse- og eller sosial. Du kan tene nokre ekstra kroner. Kven er avlastar? • Det er ikkje krav om formell utdanning for å verte avlastar. Den som ønskjer å vere avlastar må vere personleg eigna med tanke på haldningar, motivasjon, kommunikasjon og interesser. Det er også viktig å ha respekt for andre, ha eit positivt menneskesyn og ikkje minst interesse for denne type oppdrag. Då avlasting ofte føregår i heimen til avlastaren, er det også viktig at heile familien er med på dette og innstilt på å ta eit slikt oppdrag. Den som vil bli avlastar må legge fram gyldig politiattest. teieplikt Det kan vere vanskeleg å utforme konkrete krav som er gyldige for alle avlastarar, men nokre generelle køyrereglar gjeld: • Meld frå om sjukdom i så god tid som råd er. • Hald avtalen om tidspunkt • Gje melding om du kjem for seint. • Ikkje start samveret med å fortelje kor sliten du er. • Dine eigne aktivitetar må vike til fordel for behov hos den som er til avlasting hos deg. • Hugs at merksemda må vere retta mot den som er til avlasting. Som avlastar i Fjell kommune har du teieplikt etter Forvaltningslova §13 a-.Målet med teieplikta er å hindre at andre får tilgang til opplysningar om sjukdomsforhold, eller andre personlege forhold, som du får informasjon om gjennom oppdraget som avlastar. Den omfattar all informasjon du har fått om pasient og pårørande, både direkte og indirekte. Personlege forhold kan t.d. vere økonomiske forhold, familieforhold og andre personlege opplysningar. Brot på teieplikta kan straffast med bøter, eller med fengsel og er grunn til oppseiing. Teieplikta gjeld også etter at du har avslutta oppdraget som avlastar!
© Copyright 2024