Eigenvurdering 1– Konjunksjonar og subjunksjonar Namn: For å finne ut om du har nådd måla for dette kapittelet, jobbar du med desse oppgåvene: Mål nr. 1: Du skal kunne forklare kva konjunksjonar er. Kva for ei av desse setningane forklarer kva konjunksjonar er? a) Konjunksjonar er ord som kan binde saman heilsetningar. b) Konjunksjonar er småord. c) Konjunksjonar er det same som komma. d) Konjunksjonar er ord som kan binde saman ord frå same ordklasse. Mål nr. 2: Du skal kunne forklare kva subjunksjonar er. Kva for ei av desse setningane forklarer kva subjunksjonar er? a) Subjunksjonar er det første ordet i setninga. b) Subjunksjonar er ord som bind saman ei leddsetning og ei heilsetning. c) Subjunksjonar er ord som viser at eitt ledd i setninga hører til under eit anna ledd. d) Subjunksjonar er alle småorda vi bruker for å binde saman tekstane vi skriv. Mål nr. 3: Du skal kunne bruke konjunksjonar og subjunksjonar til å binde saman tekst. Set inn konjunksjonar og subjunksjonar som passar i teksten. _______ vi reiste til Kreta i sommar, sov mamma ________ pappa på heile flyturen. Eg las eit teikneseriehefte ________ sola skein der oppe over skyene. _______ vi hadde landa, henta vi kofferten _______ bagen. Vi drog til hotellet _______ vi åt ein god lunsj der. Pappa sa: « _______ de vil bade, må de køyre buss ________ gå. ________ eg vil heller slappe av her.» ________ vi visste ordet av det, forsvann han ut på terrassen. Kor fornøgd er du med arbeidet med dette kapittelet? I kor stor grad nådde du mål nr. 1? _________________________________________________________ _________________________________________________________ I kor stor grad nådde du mål nr. 2? _________________________________________________________ _________________________________________________________ I kor stor grad nådde du mål nr. 3? _________________________________________________________ _________________________________________________________
© Copyright 2024