Foto: Heidi M. Oskam Informasjon nr. 2 - Desember 2015 Ål kommune Torget 1, 3570 Ål - Telefon: 32 08 50 00 - Faks: 32 08 50 99 E-post: postmottak@aal.kommune.no - www.aal.kommune.no 2 | Administrasjon og fellesteneste Informasjon frå ordføraren Det er med stor glede, i forventning og med eit audmjukt sinn at eg har teke på meg dette vervet. Døra er open for dei av dykk som ynskjer ein prat! Du er hjarteleg velkomen innom. Solveig Vestenfor ordførar Kjære sambygdingar! Kommunevalet er overstått, og det er valt nye politikarar til styrer og stell. For min del gjorde valresultatet at eg hoppa inn i ein heilt ny kvardag, og eg flyt med bølgene så godt eg kan. Det å byrje i ein ny jobb krev si kvinne. Ein lærer mykje nytt på kort tid, gjennom møte med interessante menneske og spennande utfordringar og situasjonar kvar dag på jobb. Me som er politikarar treng folk rundt oss som me kan rådføre oss med og stø oss til. I mange saker og avgjerder er det klokt å søkje råd og rettleiing hjå dei som kjenner faget, eller kor foten trykker. Difor håpar eg at dei av dykk som blir kontakta av meg eller andre politikarar, i store og mindre saker, set pris på det. Kunnskap er vegen til gode vedtak. Servicetorget Tlf.: Epost: 32 08 50 00 servicetorget@aal.kommune.no Opningstider i romjula: Måndag 28.12.: kl. 10.00 - 14.00 Tysdag 29.12.: kl. 10.00 - 14.00 Onsdag 30.12.: kl. 10.00 - 14.00 Stengt jule- og nyttårskvelden Ny heimeside www.aal.kommune.no Eg ser fram til å bli kjent med Ål som ordførar. Når ein tek på seg eit slik verv er det sjølvsagt at ein kjenner enkelte sider ved kommunen betre enn andre. Mange har invitert meg til å bli betre kjent med det arbeidet dei driv med i organisasjonen sin. Det set eg stor pris på! Ål og Hallingdal har markert seg på kartet på mange vis. Dugnadsinnsatsen er imponerande når det gjeld aktivitetar for unge, middelaldrande og eldre. Dessutan har me arrangement innan idrett og kultur som er godt kjent over heile Noreg. Ål kommune har dyktige tilsette, så kommunen har fått fleire prisar i nyare tid. Me har mykje å vera stolte av! I redaksjonen: Sissel Skrindo, Grete S. Lundekvam, Kari H. Medgard, Inger Lervåg, Reidun Aaker, Hilde L.Bjørnsvik og Turid Hilde Gåsbakk Neste blad kjem ut 15.5.2016 Ål kommune har fått ny versjon som er tilpassa mobil og nettbrett. Bruk søkefeltet for å finne informasjon. Møtekalender, sakspapir, råd og utval finn du under snarvegar – saker, råd og utval. Alle typer skjema finn du under snarvegarskjema Arrangementkalender for Hallingdal finn du på framsida. Er det noko du saknar av informasjon, ta kontakt med webansvarleg Inger Lervåg, tlf. 32 08 50 00. Foto framsida: Ål Utvikling AS / Heidi M. Oskam Administrasjon og fellesteneste | 3 Sals- og skjenkeløyver i Ål kommune - fornying 01.07.16 – 30.06.20 Alle sals- og skjenkeløyver i Ål kommune skal fornyast innan 30.06.2016. Den nye løyveperioda gjeld frå 01.07.16 – 30.06.20. Søknadsskjema ligg på Ål kommune sine heimesider og skal sendast inn elektronisk. Frist for søknad: 15. mars 2016 Dersom de har spørsmål, ta kontakt med Servicetorget i Ål kommune på tlf. 32 08 50 00. TT-tenesta (Transportteneste for funksjonshemma) Energitiltaksfondet Privatpersonar med eigedom brukt til fast busetnad, organisasjonar og bedrifter lokalisert i Ål kommune kan søkje. Tiltak ved kommunale eine- og tomannsbustader kan også få stønad. Det kan etter søknad gjevast eit tilskot på generelt inntil 20 % av investeringa. Pelletsomnar og pelletstankar får ein stønad på inntil 30 %. Storleiken på investeringa må dokumenterast. Dette kan du søkje på: • Luft til luft varmepumper • Vatn til vatn varmepumper • Flis/pellets og vedfyringsanlegg • Pelletsomnar • Vedomnar og lukka peisar • Nye energikjelder. • Informasjons- og opplysningsarbeid • Stønad til utskifting av glas • Etterisolering av loft • Styringssystem for varmekjelder Retningsliner og søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside www.aal.kommune.no eller du kan ta kontakt med servicetorget. Søknadsfrist: 1. januar 2016 Tenesta er eit tilrettelagt transporttilbod med drosje for de som er funksjonshemma og som ikkje kan bruke vanlege kollektive transportmidlar eller som har vesentlige vansker med å bruke dei. Denne tenesta er ikkje lovpålagt. Det er fylkeskommunen som avgjer kor mange som skal få dette tilbodet. Dei som har transportteneste (TT-teneste) i dag vil få tilsendt søknadsskjema i posten. Nye søkjarar må levere bilete, legeerklæring og søknadsskjema som skal leverast til servicetorget. Informasjon/søknadsskjema får du på servicetorget, tlf. 32 08 50 00 eller på heimesida www.aal.kommune.no Søknadsfrist 1. februar 2016 4 | Drift og utvikling Utviklingsavdelinga 2015 har vore i friluftslivets teikn. FÅ2015 har hatt som mål å få fleire til å nyte naturen til aktivitet og rekreasjon, og fleire som kjenner til allemannsretten og dei gode moglegheiter alle i Norge har til å drive friluftsliv. Ål har søkt om å bli årets friluftslivkommune i 2015. Vi vann i 1997, og freistar igjen! I skrivande stund veit vi ikkje resultatet. I Ål er det generelt mykje friluftsaktivitet: både med vandreprogrammet Ål52 og 10 turfavorittar, terrengsykling, mange kilometer med preparerte skiløyper og fleire frivillig lag som bidreg til å få folk ut i naturen. I høve FÅ2015 har det likevel vore ekstra aktivitet: • Offisiell opning av FÅ2015 13. januar der alle barnhagebarn og elevar frå 1-10 trinn fekk innføring i å lage firkantbål (pagodebål). Både Ål jeger og fiskeforeining og elevar frå Hallingdal Folkehøgskule var med å arrangere dagen. • Omtale av vekas tur i Hallingdølen, fordelt på kommunane i Hallingdal og Nore og Uvdal. • I august inviterte Ordføraren til søndagstur på Dyna, der mange av våre nye landsmenn var med. • Ål sitt finaste friluftsområde vart kåra gjennom avstemming på facebook, der Bergsjøområdet gjekk av med sigeren. Foto: Bernt Ivar Bergum, Hallingdølen Drift og utvikling | 5 Drenering/grøfting av jordbruksjord – tilskot For å auke produksjonsevna til jorda er god drenering avgjerande. Grøfting er óg viktig for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for overflateavrenning til vassdrag og bidreg på den måten til betre vasskvalitet og eit betre miljø. Er dette interessant for deg? Ål kommune har tilskotsmidlar att og oppmodar deg om å søkje tilskot til grøfting. Ta gjerne kontakt med Åsne Brattåker Håheim, tlf.: 32 08 50 08., epost: abh@aal.kommune.no. Gå inn på www.aal.kommune.no\Teknisk, eigedom og næringtilskot for informasjon og søknadsskjema. Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord. Skjema og kart skal sendast til Ål kommune. Kartet skal ha forklaring og innteikna grøfter. Ingen søknadsfrist. Nytt parkeringsmønster – Sundre barnehage Sundre barnehage ynskjer å rydde opp i parkeringa, dette for å skape tryggare forhold for alle som ferdast til og i frå barnehagen, samt for skuleborna som nyttar vegen i området til skuleveg. Nytt parkeringsmønster på p-plassane til Sundre barnehage: • Nederste p-plass skal nyttast som korttidsparkering, det vil seie at alle foreldre/ føresette skal parkere der ved levering og henting av born. Det kjem opp «korttidsparkering» skilt. • Øvste p-plass skal nyttast av tilsette i barnehagen. Det kjem opp «tilsettparkering» skilt. Endring av trafikkmønster i skuleområdet frå 3.11.2015 Offentleg skuleskyss (buss og taxi) Det er bygd ein ny busshaldeplass sør for Sundrevegen ved idrettshallen. Frå denne plassen vil all offentleg skyss til og frå skuleområdet skje. Nokre bussar og drosjer vil ha rute mot vest, og vil difor stoppe på busshaldeplassen utanfor inngangen til Nedre-Ål skule. SFO henting og levering Foreldre som skal parkere og levere born til SFO før kl 08:30 og etter kl 15:00 kan stå parkert på ungdomsskuleplassen, jf skilting. Levering og henting av born ved skulestart og skuleslutt Ål kommune ynskjer at born og unge i størst mogleg grad går eller syklar til skulen. Dei trafikkfarlege situasjonane blir ofte skapt av foreldre som hentar og bringer. Den ytre sirkel på skuletoppen vil bli nytta til korttidsparkering, om du som foreldre må levere eller hente ved skulestart eller slutt. Det er forbode å stoppe og parkere langs Sundrevegen i skuleområdet, jf skilting. Etter trafikkreglane er det ikkje tillate å parkere eller laste om på ein busshaldeplass. Vi ber om at dette blir respektert. 6 | Drift og utvikling Vakttelefonar Ver snill og bruk desse telefonnumra utanom vanleg kontortid for akutte tilfelle Veg og park (brøyting): 91 66 68 08 Vatn og avlaup: 99 28 79 01 I kontortida på kvardagar kl. 9.00-15.30 skal spørsmål rettast til servicetorget tlf. 32 08 50 00. Brøyting og strøying Vintervedlikehaldet skal på best mogeleg måte ivareta trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantane (jf Veglova). Hovedvegar og gang- og sykkelvegar blir prioriterte. Kva kan du forvente av oss • • • at det normalt er brøyta hovedvegar, bustadvegar, gang- og sykkelveger og prioriterte fortau innan kl. 08.00 på kvardagar. at vegar og gater skal vere framkomelege for fotgjengarar og vinterutrusta køyretøy. Likeeins at bakkar/vegkryss/svingar er strøydd, slik at normalt vinterutrusta køyretøy kjem trygt fram. at det står kasser med strøsand som “hjelp • til sjølvhjelp” på utsatte stader (berre til bruk på offentleg veg). at brøytemannskap så langt det er råd, tek omsyn til eigedomane/ avkøyringane langs vegen. Ved unormale verforhold vil kommuna si målsetting kunne fråvikast for å omfordele ressursane. Kommuna kan ikkje påta seg erstatningsansvar utover det som går fram av vegtrafikk-lovgivinga og vanleg rettspraksis. Kva me forventar av deg • • • • at du sjølv fjernar snø frå brøyting som blir lagt inn i privat avkøyrsel og at du ikkje legg snø på offentleg veg eller fortau. at du fjernar all vegetasjon på eigen grunn som heng ut i køyrebane, fortau eller liknande og som er farleg for trafikksikringa og til hinder for brøytemannskapet og andre trafikantar. at du ikkje fjernar brøytepinnar. at du flytter køyretøy som er til hinder for vintervedlikehaldet. Ål kommune har sett bort noko av brøytinga av dei kommunale vegane til private entreprenørar. Kultur | 7 Ål bygdearkiv Ål bibliotek Opningstider: Opningstider: Fotoutstilling på Ål stasjon I venterommet på stasjonen har Ål bygdearkiv ei fotoutstilling med bilete frå Ål og Torpo sentrum. Utstillinga vil bli bytt ut om lag ein gong i året. Bileta vil då bli til sals, og interesserte kan ta kontakt med arkivet. Opningstider i jula: Tlf.: 32 08 50 91 E-post: ola.terje.oleivsgard@aal.kommune.no www.aalbygdearkiv.no torsdag 10 – 17 laurdag 10 – 13 De finn oss på internett: www.aalbygdearkiv.no og facebook: facebook.com/aalbygdearkiv Gamle Aal Bygdearkivet har fått eit triveleg tilskot. Gamle Aal ved Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard har flytt inn i bygdearkivet sitt lokale. Dei vil stort sett vere å treffe onsdagar og fredagar frå 11 – 14. Tlf.: 32 08 51 20 E-post: biblioteket@aal.kommune.no www.aalbibliotek.no facebook.com/aalbibliotek Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag 10-19 10-19 10-19 13-19 10-15 11-14 23. des.: 10-16 24.-26. des.: stengt 28.-30. des.: 10-16 31. des. og 1. jan.: stengt Vanleg opningstid frå 2. januar. Opningstider i påska: Stengt frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag. Bok til alle Er du glad i å lesa? Vil du gjera noko for andre? Me treng fleire frivillige som vil ha lesestunder med eldre eller andre som har vanskeleg for å lesa sjølve. Ta kontakt med biblioteket eller Ål frivilligsentral for meir informasjon. Arrangement For informasjon om forfattarbesøk og andre arrangement våren 2016, sjå oppslag på nettsida og i biblioteket. 8 | Kultur / oppvekst Søknadsfrist for kulturmidlar 2016 Lokalsamfunnet med MOT Søknadsfrist for årlege driftstilskot (kulturmidlar): 15. desember 2015 Alle skal nytte elektronisk søknadsskjema som du finn på www.aal.kommune.no/kultur/ og fritid/ kulturtilskot. Tildeling etter politisk handsaming i Sektorutval for kultur og oppvekst (SUKO), utbetaling av tilskot vert i løpet av februar 2016. Familibading Opningstider – sjå oppdatert informasjon på kommunen si heimeside. Ungdom i Ål Treng du nokon å prate med? MOT set ungdom sine liv i sentrum MOT hjelper ungdom til å ta eigne val og syne mot MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei Her er dei nye Ungdom Med Mot(UMM) frå 9. trinn: Anne S. Danielsen Henrik Opheim Berg Amalie Køk Aleksander N. Buseth Mari Svensgård Hedda Frantzen Oda O. Sundgot Nora Grue Ål ungdomsråd: Ungdomskonsulenten er å treffe på ungdomsrommet på loftet ved Ål ungdomsskule: måndagar kl. 09.00-11.00 kl. 13.00-14.30 onsdag kl. 12.00-15.00 Om du ynskjer, kan fleire møte i lag. Ta kontakt på sms/telefon om du har spørsmål. Eller du kan banke på døra! VELKOMEN! Anne Berit ungdomskonsulent i Ål Tlf. 99 79 90 34 Juliane Lerberg Gudbrandsgard Cecilie Skrindo Anna Fosse Nora Sato Inga Stoveland Dekko Karianne Sato Nora Fosse Gaute Gurigard Skurdal Otilie Røer Tvedt Andreas Dideriksen Helene-Marie Maudahl UKM 2016 UKM LOKAL er på Gol 10. mars. Meir informasjon www.ukm.no Påmelding frå 1. desember Oppvekst | 9 Ny avdelingsleiar for innvandrartenesta Innskriving av elevar til grunnskulen 2016/2017 Barn som fyller 6 år i kalenderåret 2016 (født 2010) skal skrivast inn til grunnskulen. Frist for innskriving er 1. desember 2015. Sjå informasjon og elektronisk skjema på www.aal.kommune.no. Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk på skulen for barna og foreldremøte etter at innskrivinga er gjennomført. Silje Landsmann-Wiwe er tilsett som avdelingsleiar for innvandrartenesta frå 01.01.16. Silje vil få det overordna ansvaret for busetting og integrering av flyktningar, samt vaksenopplæringa der busette flyktningar, asylsøkjarar og arbeids-innvandrarar får norskundervisning. Busetting av flyktningar Den auka flyktningstraumen til Norge er merkbar også på Ål. Ål kommune har busett 15 flyktningar i 2015, og vil truleg få spørsmål om å busette enda fleire i åra som kjem. Dei som er busett har fått opphaldsløyve og skal bu på Ål framover. Det er flyktningtenesta i Ål kommune som har ansvar for busetting av flyktningar. Samstundes krev det ein samla innsats frå heile kommunen dersom ein skal lykkast med integreringa av våre nye innbyggjarar. Dei første åra får dei opplæring i norsk og samfunnskunnskap ved Ål vaksenopplæring. Etter det er målet at dei kjem i arbeid eller tek vidare utdanning. Då er det behov for språk- og arbeidspraksisplasser i verksemder på Ål. Flyktningtenesta har også behov for sentrumsnære hus og leilegheiter for å kunne busette ei auka mengde flyktningar. Ta kontakt dersom du har ein bustad du kunne tenke deg å leige ut til servicetorget tlf. 32 08 50 00. Søknad om barnehageog SFO-plass 2016/2017 Fristen for å søkje barnehage- og SFO-plass i samband med hovudopptaket 2016/2017 er 1. mars. Det vert lagt til rette for elektronisk søknad og informasjon om hovudopptaket vert annonsert i Hallingdølen og på heimesida til Ål kommune. Ål kulturskule Fyrste undervisningsdag i 2016 er måndag 9. januar. Frist for å seie opp plassen våren 2016 er 1. desember. Fakturering for semestera skjer i desember og juni. Søkeportalen er open for registrering på restplassar. Sjå nettsida vår for meir informasjon: www.aalkulturskule.no Velkommen til ein leiken og kreativ kvardag! 10 | Oppvekst Utdanningsstipend - ADA scholarship foundation Ål Ada Scholarship Foundation har som føremål å oppmode studentar frå Ål til å gjennomføre eit akademisk studium over eitt år i USA. Stipendet er på 10.000 US Dollar og vert delt ut ein gong årleg til ein søkjar. Søkjar må fylle fylgjande føresetnader: 1. Vore busett i Ål kommune minst 10 år. 2. Ha minst 3 år studie ved høgskule eller universitet bak seg, men ikkje i USA. 3. Ikkje ha fylt meir enn 30 år i søknadsåret. Søknaden skal sendast Ål kommune v/ oppvekstkontoret, 3570 Ål, innan 15.12.15 og må innhalde rettkjent stadfesting av: • fødselsnummer • bustad ved fødsel til d.d. • oversyn over all utdanning fram til d.d., samt plan for eitt-årig studium ved universitet eller høgskule i USA, evt. med stadfesting av opptak. Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat kan dele ut midlar til søkjarar i vidaregåande utdanning som studerer og bur utanfor Ål. Eiga likning for siste år må fylgje søknaden, saman med oversyn over studiestad, studieemne/ fag, normert studietid, når studiet er starta, studielån og andre stipendmottak i samband med gjeldande utdanning. For tildeling av stipendmidlar gjeld fylgjande overordna retningsliner: 1. Føremålet med legata er primært å gje tilskot til reise- og opphaldsutgifter for ungdomar som tek vidaregåande utdanning innan fagområder som det ikkje vert gjeve tilbod om ved vidaregåande skular i Hallingdal. 2. Dersom det ikkje er søkjarar innan denne kategorien, kan stipenda delast ut til studentar på høgskule og universitetsnivå. 3. Søkjarar må ha fast bustadadresse i Ål. Søknaden skal sendast Ål kommune ved oppvekstkontoret, 3570 Ål, innan 15.12.15. For begge stipenda kan du få nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend på Servicetorget, Tingstugu. Tildeling skjer i januar 2016. Utbygginga i Torpo barnehage er ferdig Etter ein intens byggeperiode i vår og sommar er store og små i Torpo barnehage no kjempefornøyd med å ta i bruk eit nytt tilbygg. Tilbygget rommar garderobe for tilsette, kontor, pauserom, møterom, soverom, samt lager i 1. og 2. etasje. Dette er ei stor og nødvendig forbetring som gjer barnehagen betre rusta til å drive i samsvar med krav i 2015. I tillegg har det vorte etterisolert, skifta glas og dører i gamal del, og bygget har skifta farge utvendig. Parkeringa har vorte romslegare og meir trafikksikker. Helse og sosial | 11 Legetenesta Felles legevaktnummer i heile landet – 116117 Frå 1. sept. vart 116117 innført som felles legevaktnummer i heile landet. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis. Du vil få svar frå legevakta i det området du oppheld deg. Det gamle legevaktnummeret 32 08 24 88 vil framleis fungere som før. Dette nummeret kan også nyttast dersom ein skal ringe Hallingdal legevaktsentral frå ein annan stad i landet. Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege ikkje kan handtere. Når du treng legehjelp – kven skal du ringe til? • • • Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp. (Ål legekontor tlf. 32 08 53 50). Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente 113 – når det er akutt og står om liv. Ring fyrst Legevakta er open heile døgnet. Når du ringjer på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og eventuelt timeavtale med lege. Aktivitetskontakt/ støttekontakt Kunne du tenke deg å vere aktivitetskontakt/ støttekontakt. Ål kommune har stadig behov for dette og er interessert i å kome i kontakt med personar som kan tenke seg slike oppdrag. For meir informasjon kontakt helse – og omsorgskontoret Mariann E. Hefte tlf. 32 08 52 29. Aktiv ung Tilbod til barn og unge 1.-10.klasse som av ulike årsakar har ein fysisk inaktiv kvardag og fritid, og som treng hjelp til å kome i gang og vere meir fysisk aktiv. Aktiv ung har ein aktivitet i veka på kveldstid. Aktivitetane er varierte og lystbetonte der meistring og trivsel står i fokus. Aktivitetane er lagt opp slik at barna kan oppleve inspirasjon og motivasjon til å fortsette med ein fysisk aktiv kvardag . Kontakt Frisklivssentralen om du lurar på noko eller trur du kan vere i målgruppa for tiltaket. Fysisk aktivitet Gruppetreningar med fysisk aktivitet kvar veke. Lågterskelaktivitet, lagt opp slik at alle kan delta i sitt tempo. Ei økt i veka med styrketrening innandørs og ei økt i veka med kondisjonstrening utandørs. Treningane er for deg med frisklivsresept. Lurer du på om det er noko for deg ? Eller korleis få ein frisklivsresept? Ta kontakt med fastlegen din eller kontakt oss direkte. Kontaktinformasjon Frisklivssentralen: Live Berg, tlf 32 08 52 03 / 95 98 04 95 friskliv@aal.kommune.no Kurs vinter 2016 Bra mat kurs Torsdagar kl 18:30-20:30 Dato: 28.01.,11.02., 25.02.,10.03. Stad: Ål frivilligsentral Tobakksfri saman Kurset går over 6 kveldar og skal bidra til motivasjon til å stumpe røyken eller slutte med snus. Dato: 07.01., 14.01., 21.01., 26.01. 04.02. og 18.02. Stad: Ål frivilligsentral For begge kursa: pris kr. 500.- For påmelding og spørsmål, kontakt: Hilde N. Frantzen tel: 90175205, hnf@aal.kommune.no 12 | Ål Frivilligsentral Aktiviteten er fortsatt høg. TV-aksjonen er vel i hamn. Takk til elevane i 9. klasse som var bøssebærarar, og Rotary, Lions, foreldre og frivillige som stilte som sjåførar. Elles er det mykje faste aktivitetar: Måndagskveldane har det vore forskjellige kurs. Varierande oppslutning. Onsdagar er det frivillige som trillar eller går tur med bebuarar på Ål bu- og behandlingssenter, det er leksehjelp på sentralen og dataklubb på Nigardstugu. I tillegg handlar me for eldre på tysdagar og fredagar. Me har og ein god del enkeltoppdrag. Dette er mykje forskjellig, så me treng alltid fleire å spela på. Frivillig? Opningstider: Matkurs for menn måndag: stengt tysdag og fredag kl 9.00 – 14.00 onsdag og torsdag kl 11.00 – 16.00 Denne jula vert det feriestengt på sentralen, men handlinga går etter oppsatt liste. I påska vil det vera ope kl 10.00-14.00 på kvardagane. Minnevener: Minnevenene er stadig i farten, og gjer ein fantastisk innsats. Dei gjer ein stor forskjell for dei personane som vert råka av demens, og er så heldige å få ein minneven. Leseombod: Det er ein fin liten gjeng med leseombod i gang. Dei les enten for små grupper, eller for enkeltpersonar. Flyktningvenn: Dette er nystarta i haust. Her er det frivillige som har sagt at dei ynskjer å vera ei støtte for busette flyktningar. Dei kan få hjelp til å orientere seg i nærmiljøet, lære seg/prate norsk og bli kjent med andre på Ål. Dette er eit arbeid me har stor tru på og ynskjer oss fleire. Ål kommune skal busetje 15 stk i 2016. Om du kan tenkje deg å vera med på noko av dette, ta kontakt. Me er glad for alle som ynskjer å bidra. Du treng ikkje binde deg til noko som helst. Eit oppdrag i halvåret er flott. Om ein vil vera minneven, leseombod eller flyktningven så må ein rekne med litt meir tid, men det er endå meir givande. Frivilligsentralen og Friskliv ynskjer å setje i gang eit tilbod om matkurs for menn som er vorte pensjonister. Kanskje er du vorte åleine? Kanskje du har fått større ansvar for matlaginga? Kanskje har du berre lyst til å lære meir? Me ynskjer å setje dette i gang i februar/mars anten på dagtid eller ettermiddag. Om det vert mange nok, kan me tenkje oss å ha eigne kurs i Leveld og Torpo. Fokuset vil vere praktisk matlaging, sunn og god mat, det heile i ei sosial ramme. For å få dette i gang, er me avhengige av at me har nok påmeldte. Difor – hiv deg rundt – ta sjansen! Meld din interesse. Du kan ringe 907 77 495 eller sende epost: gmo@aal.kommune.no innan 15.1.16. Tlf.nr.: Frivilligsentralen 90 77 74 95 Epost: gmo@aal.kommune.no Lik oss på facebook, og få informasjon om alt som skjer. Hyttemesse i Ål | 13 Hyttemesse i Ål Laurdag 27. februar 2016 Ål kulturhus kl. 12.00 – 17.00 hyttemesse i foajeen kl. 14.00 – 15.30 hyttemøte i veslesalen I vinterferien blir det for åttande gong arrangert treff for hyttehallingane i Ål. Det er Ål kommune som inviterer til treffet som eit tiltak for å forsterke og utvide den gode kontakten med hyttefolket i bygda. Som i fjor blir det samtidig arrangert hyttemesse i fojaeen på kulturhuset der du kan treffe representantar frå næringslivet i Ål før og etter møtet. Her blir det stands, informasjon og tilbod. Dette er i regi av Ål Utvikling AS. På hyttemøtet i veslesalen blir det dialog og informasjon om ulike tema som vil vere av interesse for hyttefolket. Det blir og kulturinnslag og tid til spørsmål. Meir detaljert program vil bli lagt ut på www.aal.kommune.no / www.al.no Arrangør: Ål kommune Ål Utvikling AS Nyheitsbrev til hyttefolket Ål Utvikling AS og Ål kommune sender saman ut nyheitsbrev pr. epost til hyttefolket ca. kvart kvartal. Ynskjer du tilsendt dette så meld deg på nyheitsbrevet ved å sende namn og e-postadresse til post@alutvikling.no. Oversikt over hyttetomter Vi får stadig spørsmål om ledige hyttetomter i Ål. Send gjerne ein epost til servicetorget@aal.kommune.no med informasjon om kontaktperson, telefonnummer, epost, heimeside og gjerne eit bilete dersom du har tomt/tomter til sals. 14 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon «10 turfavorittar i Ål» Ål52 sitt vandreprogram Interessa for Ål sine vandreturar har auka ytterlegare sommaren 2015, og den fine hausten førte til at tursesongen varte heilt til midten av oktober. Den 29. oktober var det ei lita markering i kulturhuset med informasjon, trekking av premiar og utdeling av Ål-52 krus. Ettersom 2015 har vore Friluftslivets år har turane fått ekstra merksemd gjennom det. På nettside og APP til ut.no og visitnorway.com finn ein no info om alle Ål52-turane som har vore ein turfavoritt. Dette som supplement til info’n på www.aal52.no • • • • • • I overkant 12.000 namn registrert i turbøkene på dei 10 utvalte turane, ei dobling frå 2014. Turen til Dyna var mest besøkt, 1828 personar har vore der, Heile 850 klyppekort har vore i bruk (mot 220 stk i 2014). 267 klyppekort vart leverte inn der 8, 9 eller 10 turar var gjennomførte. I fotokonkurransen på Instagram vart det posta ca. 400 bilete med #ål52/#aal52. Vinnarbilete vart Ingvild Brye sitt foto frå Såta. Du ser det nedanfor. 27 nasjonalitetar er registrert i dei 10 turbøkene på favoritturane. Premiering Stor takk til dei som sponsa årets premiar; Skarslia Ski- og Akesenter, Hallingdal Feriepark, G-Sport Ål, Norli Ål og Thon Hotel Hallingdal. 2016 Vandreprogrammet fortsett i 2016 med 10 nye turfavorittar, ny type klyppekort, ny brosjyre og framleis attraktive premiar og Ål52-krus. Julegåvetips Klyppekort for 2016 kan vere ei fin gåve både til jul og bursdag. Kortet blir å få kjøpt hjå Ål Turistinformasjon, G-Sport og Norli Ål frå fyrst i desember. Les meir på www.aal52.no, og følg med utover våren og sommaren. Ål52 og vandreprogrammet 10 turfavorittar i Ål blir gjennomført i eit samarbeid mellom Ål kommune, Ål Utvikling AS og O-gruppa i Ål I.L. Foto: Ingvild Brye Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 15 Det snør ikkje skispor - bidra til løypekøyringa i Ål I Ål er me så heldige å ha vel 400 km med preparerte langrennsløyper fordelt over heile kommunen. Det er løyper både for klassisk og skøyting, og GPS-tracking viser deg status for løypekøyringa. Løypebidrag er heilt nødvendig for at løypelaga skal få økonomi til å preparere alle skiløypene så godt, og så ofte som ynskjeleg. På vegne av løypelaga i Ål ber me alle som brukar skiløypene, hytteeigarar, dei som har utleigehytter og interesserte elles om å betale minst kr. 950,- som bidrag til løypekøyringa i Ål denne vinteren. Me håpar næringslivet i Ål og støttar opp om løypekøyringa i Ål kommune. Sjå tracking av skiløypene på www.skisporet.no, og på www.al.no For betaling – bruk giro du får tilsendt eller betal til det løypelaget du ynskjer å støtte: • Vats Løypelag / Bergsjøområdet: 2320.15.47903 • Liatoppen Skisenter / Liatoppen og Votndalsåsen: 2320.07.17155 • Torpo Skiløypelag: 2324.07.13365 • Kvinnegardslia og Øre-Ål skiløypelag: 2320.20.70485 • Sangefjell Skiløypeutvalg: 2320.32.77962 • Veståsen / Veståsen Løypenemnd: 2320.20.75878 • Veståsen / Heimstølhovda Hyttegrend: 2324.15.31856 Felles langrennsprosjekt i Hallingdal Som eit resultat av samarbeid mellom alle destinasjonane i Hallingdal og regionrådet er det no laga ei felles brosjyre som fortel om det samla langrennstilbodet på 2000 km i Hallingdal. Det blir og ei felles marknadsføringskampanje med fokus på langrenn i Hallingdal denne vinteren. Brosjyren kan du lese bl.a. på www.hallingspor.no eller du kan få den på turistkontora i Hallingdal. Ål Utvikling AS/ Ål Turistinformasjon Utdrag frå arrangementskalenderen DESEMBER 5.12. 6.12 19.12. 28.12. Matmesse Votnahall Sigrid Moldestad Hallingdal Feriepark m/ Oslo Strings Lene Storhaug Fryd Scene syng jula inn Miljø og moro på Ål kulturhus Sundre i 1950-åra JANUAR/FEBRUAR 25.1. Bukkene bruse Ål kulturhus på badeland 28.1.-30.1. Sundreball musikkfestival Sundrehall 26.2.-28.2. Skjærgårds Vinterfestival Ål sentrum m.m. 27.2. Hyttemesse Ål kulturhus 28.2. Gaurhovdrennet Showrennet Liatoppen Skisenter MARS/APRIL 11.3.-13.3. Bendit Alpin festival Ål Skisenter 15.3 Are Kalvø Ål Kulturhus 19.3. Hallingspretten Ål sentrum m.m. 20.3. Bergsjørennet Bergsjø - Liatoppen 8.4.-10.4. Bendit Liatoppen Skiskytterfestival Liatoppen Skisenter 29.4.-1.5. Ål-cup handball Ål Idrettshall Vinterferie Veke 7: Sogn & Fjordane Veke 8: Akershus, Oslo, Hedmark, Telemark, Vestfold og Østfold Veke 9: Buskerud, Oppland Veke 13: Hordaland Fullstendig oversikt over alle arrangement i Ål og i heile Hallingdal finn du på www.al.no Kulturhusprogrammet samt info om kino og utstillingar finn du på www.aal.kulturhus.no Handel på Sundre Utvida opningstider i desember: Dag/dato 13. des. 20. des. 21. des. 22. des. 23. des. 24. des. 28. des. 29. des. 30. des. 31. des. Tidspunkt Sundagsope 12.00-17.00 Sundagsope 12.00-17.00 10.00-20.00 10.00-20.00 10.00-18.00 10.00-13.00 10.00-18.00 10.00-18.00 10.00-18.00 10.00-15.00 Butikkar utanom Ålingen Kjøpesenter kan ha andre opningstider. Sjå www.al.no for info. Ål Turistinformasjon/ Ål Utvikling AS Ordinære opningstider mån t.o.m. fredag 08.30 -16.00 Opningstider i romjula 28.,29. og 30.12 10.00 – 15.00 24.12. og 31.12: stengt Opningstider i påska 21.-22.3. 08.30-16.00 23.3. 08.30-12.00 Stengt i helgedagane Tlf. 32 08 10 60 post@alturistinfo.no/www.al.no Følg Ål i Hallingdal på Facebook, Ål Turistinformasjon på Instagram og på Google+
© Copyright 2024