Rotary i Vest Månedsbrev for Distrikt 2250 Nr 2. 2015 - 16 Jostein By Dette nr inneholder bl.a. Fra guvernørens side Åpning av DK i Førde Programmet i tekst og bilder Ord for dagen Takk og hurra! Ordfører Olve Grotle presenterer Førde Rotary Fellowship Et annerledes Rotary Vi presenterer DGN DG Odd Hagen fra Hamar var gjest og representerer D-2305 Tid for ungdomsutveksling Ove Midtskog går og Rolf Thingvold overtar Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 2 Fra guvernørens side Rotaryåret er godt i gang. Distriktsguvernøren møter engasjerte leiarar og medlemmer i klubbane. Som ny DG hadde eg ambisjonar om å vere flittig med månadsbrev kvar einaste månad, men så har tidspresset teke overhand. Denne gongen «juksar» vi litt – og eg har tenkt at utdrag frå dei to innlegga DG hadde på distriktskonferansen i Førde 26. og 27. september kan få erstatte dei månadsbreva som skulle ha vore i august og september. Så får eg prøve å komme inn i systemet med fast månadsbrev f.o.m. slutten av oktober. Som DG har eg hatt stor glede og fått mykje inspirasjon frå klubb-besøka som eg til no har gjennomført i 10 Rotaryklubbar – førebels frå Florø i nord til Sandnes i sør. I tillegg til å møte engasjerte og motiverte leiarar og medlemmer i klubbane får eg også oppleve all den flotte naturen som Vestlandet har å by på. Som ein illustrasjon på det, deler eg gjerne to bilete frå dei geografiske ytterpunkta som eg har besøkt i det siste: Øykommunen Fedje, der eg fekk 1 ½ lærerik time med presidenten i Austrheim Rotaryklubb som guide på øya han bur på, og Suldal mellom fjella i indre Ryfylke – der ei svane var på matjakt i småbåthamna utanfor hotellvindauget mitt like før møtet med klubben. Og så langt har reisene mine til Rotaryklubbane vist at det regnar ikkje på Vestlandet! Så får eg komme tilbake med bilete og inntrykk frå møta med menneska i Rotaryklubbane etter kvart ut over hausten. Lukke til vidare med å «vere ei gåve til verda»! Beste Rotaryhelsing Jostein By Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 3 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Jostein By, DG D-2250 Kjære medlemmer i Rotaryfamilien! Vel møtt til Distriktskonferansen for arbeidsåret 2015 – 2016! Er det ikkje flott å tenke på at vi er i same familie som over 1,3 millionar menneske som er med i 34.000 Rotaryklubbar i nesten alle land og territorium i heile verda? Distriktskonferansen er eit høve til å reflektere over kvifor vi er med, og korleis vi saman kan medverke til å gjere Rotary til ein enda betre organisasjon til gagn for andre – «service above self». Under opninga av PETS her i Førde i mars minte eg om nokre av utfordringane vi møter som leiarar i Rotary – også i arbeidsåret 2015 – 2016: I Rotary International opplever vi vekst i medlemstalet, som går jamt oppover, men i den «vestlege delen» av verda – som USA, nord- og vest-Europa, Australia har vi nedgang i medlemstalet. Veksten i medlemstal og talet på klubbar kjem i aust-Europa, Afrika og delar av Asia. Alle distrikta i Skandinavia har hatt til dels stor nedgang i medlemstalet. Vårt distrikt, som også har hatt (og framleis har) nedgang, er likevel eitt av dei betre distrikta i Skandinavia. Ei ekstra utfordring har vi etter at vi starta dette arbeidsåret med at tre klubbar vart lagt ned akkurat ved overgangen frå førre arbeidsår. Sjølv om mange av medlemmene heldigvis søkte overgang til annan Rotaryklubb, førte dette til at vi mista medlemmer. Eg deler det målet som Rotary International og dei 6 Rotary-distrikta i Noreg har: Vi skal snu nedgangen i medlemstal i dei no 47 klubbane i Distrikt 2250 til ein oppgang. Nokre spør kvifor vi masar så mykje om å auke medlemstalet. Det er ikkje for at distriktsguvernøren skal vere lukkeleg – det er for at klubbane skal verte ein enda betre møteplass for fellesskap på tvers av yrkesgrenser og politiske, religiøse og andre grenser, og for at dei klubbane som ønskjer å Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 4 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE engasjere seg i lokale eller internasjonale prosjekt skal verte enda betre i stand til å delta i slikt arbeid. Og like viktig som å verve nye medlemmer er det å halde på dei medlemmene vi har. Er klubbane flinke nok til å passe på at medlemmene våre opplever det som positivt å vere med? Vi vil og skal verve nye medlemmer, men vi må ikkje gløyme at dei «gamle» medlemmene skal trivast og finne seg til rette. Dette er ei av utfordringane som alle medlemmene kan gjere noko med – det er ikkje berre medlemskomiteen og presidenten som har ansvar for å følgje opp dette. Vi som er med i Rotary, og – for dei fleste her på konferansen – som har teke på oss å ha eit verv for eitt år, er med forbi vi trur på dei verdiane Rotary står for. Kanskje er vi også stolte over at vi gjennom Rotary har vore med på verdas største dugnad, å bidra til at sjukdommen polio nesten er utrydda. Utan Rotary sin innsats i 30 år, ville vi ikkje ha vore «so close» til å fjerne polio i heile verda. No har til og med Nigeria vore utan polio-utbrot i over eitt år. Knapt to år til utan polioutbrot i Nigeria, og Afrika kan erklærast poliofritt! Og sjølv i problemfylte Afganistan og Pakistan, som no er dei einaste landa med polio-utbrot, er talet på utbrot kraftig redusert og gjennomføringa av vaksineprogrammet går framover. La oss som rotarianarar vise omverda at vi er stolte over det vi har oppnådd med poliokampen! La oss også fortelje alle rundt oss at vi gjennom Rotary har vore med på å utdanne nesten 1.000 velkvalifiserte fredsarbeidarar, gjennom Rotary peace fellowship program. Nokre av oss fekk oppleve Florø jenta – orsak, Florø kvinna – Turid Astrid Reksten med eit gneistrande innlegg om fredsstudiet ho hadde gjennomført i Bangkok. Turid Astrid er engasjert og brennande oppteken av Rotaryverdiane, og ho ønskjer at også andre skal få oppleve det ho har fått gjennom fredsstudiet. Derfor er det med glede at eg legg ut utdrag av e-posten eg fekk frå henne for nokre dagar sidan. La oss også vere stolte av, og vere enda meir aktive i arbeidet med ungdomsutveksling. Seinare i dag får vi møte tre flotte ungdommar som er i distriktet vårt i eitt skuleår. Men kva er grunnen til at Noreg har 25 utvekslingselevar kvar, medan Danmark har 250? Om vi ikkje kjem på noko anna å vise til, så la oss bruke polio-kampen, fredsstipenda og ungdomsutvekslinga til å bygge omdømmet for Rotary i nærmiljøet og distriktet! Til hjelp arbeidet med omdømmebygging kan klubbane finne nyttig informasjon på internett, via rotary.org – med mange gode oppslagssider. Multidistriktet for dei seks Rotarydistrikta i Noreg – Norsk Rotaryforum, Norfo Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 5 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE – har for tida eit prosjektarbeid som skal bidra til at klubbar og distrikt får hjelp til å skaffe m.a. materiale til bruk i omdømmebygging. Og rykande ferskt inn hotelldøra i dag kom det ein pakke til oss frå Norfo, med litt «omdømmeutstyr» til kvar klubbpresident og eit par andre utvalde. Bruk det! Men det er i stor grad klubbane og medlemmene sjølve som må gjere jobben lokalt med å skaffe Rotary eit betre omdømme. Når det gjeld omdømmet til Rotary i heile verda, er det ofte knytta til prosjekt som Rotaryklubbane er engasjerte i, anten dette gjeld ein «Rotarypark» i lokalsamfunnet eller eit skule- eller vassprosjekt i Afrika. Eg kjem heller ikkje denne gongen unna utfordinga som vi møter frå RI: Bidrag til The Rotary Foundation (TRF = Rotary sitt hjelpefond). Vi er utfordra på å skaffe USD 100 for kvar medlem. Eg vil ikkje påstå at dette er «småpengar» – men det tilsvarer (etter dagens USD – NOK-kurs) kr. 815, eller 27 stk. Dagbladet / helg. Tja, er det eigentleg så mykje? Har klubbane gjort «nok» for å få medlemmene til å opprette avtalegiro for fast trekk av kr. 68 pr. månad? Og klubbane kan finne andre måtar til å skaffe pengar som kan godskrivast og gi utslag på denne målsetjinga. Det er nesten pinleg å møte Rotary-kollegaer frå land i Afrika, der dei ligg langt over Skandinavia på denne statistikken … Eg har ikkje snakka om utfordringane klubbane har i prosjekt-arbeid, anten det gjeld innsamling av midlar til prosjekt, det å finne høvelege prosjekt og samarbeidsklubbar, eller det å motivere medlemmene til å engasjere seg. Dette er tema som vi kjem tilbake til seinare i dag, ikkje minst gjennom det som eg kan love vert ei stor oppleving med foredraga om engasjementet i Swat-dalen, og også i Armenia. Eg må få nemne ein av kjepphestane mine i Rotary: La oss vere flinke til å bruke retten vi har til å «banke på døra» til Rotaryklubbar andre stader, når vi er på jobbreise, ferie, familietur eller berre på gjennomreise. Med å delta på Rotarymøte andre stader, utvidar vi horisonten og kunnskapen vår, vi får nye venner og til og med praktisk hjelp frå dei vi møter. Vi veit at vi som regel er velkomne dit vi kjem. Men vi kan også oppleve det som vart fortalt i eit av foredraga av ein svært sentral Rotaryleiar da eg var på Rotary Institute i Mombasa, Kenya, for ei veke sidan. Han var på privat reise i eit europeisk land, og fekk greie på at det var Rotarymøte i nabohotellet. Han tenkte først å slappe av og ikkje bry seg om Rotary den kvelden, men kona overtalde han til å gå. Ved inngangen til møterommet vart han stoppa av resepsjonisten som understreka at dette var eit lukka møte, der «vår mann» – som er frå Sri Lanka – ikkje hadde adgang. «Vår mann» svarte at han som medlem i Rotary hadde rett til å delta, og resepsjonisten gjekk inn for å hente klubbpresidenten, som kom og fortalde at «social fellowship» var slutt, middagen ferdig, og at programmet som starta no var på eit språk som «you don’t understand anyway», så her hadde «vår mann» ikkje noko å gjere. «Vår mann» gav visittkortet sitt til klubbpresidenten, som stakk det i lomma utan å sjå på det. «Vår mann» undra seg over kva klubbpresidenten tenkte da han seinare måtte ha oppdaga kven han hadde vist bort frå klubbmøtet: Rotary sin verdspresident Ravi! RI president KR Ravi m/ frue La oss ta sjansen på at vi ikkje vert vist bort, og la oss bruke den fantastiske retten vi har til å vere med på – og å få gode opplevingar gjennom – Rotarymøte i Tromsø, i Arvika, i London, i Iguazu Falls, i Lusaka – ja, 34.000 stader i heile verda. Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 6 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE I vår del av verda ser vi kanskje ikkje på Rotary som så viktig, men mange stader er Rotary sett opp til. Eg har sidan vi var her på PETS i mars hatt det store privilegiet å ver til stades som innleiar på distriktskonferansen for Zambia, Malawi, Zimbabwe og delar av Mozambique – med 250 deltakarar i Livingstone, Zambia, og på Rotary Institute (opplæringskonferanse) for heile Afrika – med 400 deltakarar i Mombasa, Kenya, og som ein av 15.000 deltakarar på Rotary International Convention i Sao Paulo, Brasil. Det å møte andre rotarianarar i slike samanhengar gjer meg stolt, rørt og audmjuk. Enn om vi kunneverte litt flinkare til å vise at vi er stolte av å vereein del av denne fantastiske fellesskapen – også her i vår del av verda? Eg håpar at innhaldet i distriktskonferansen i Førde 25. – 27. september 2015 vil gi alle deltakarane inspirasjon, kunnskap, motivasjon, utvida nettverk og nye vennskap, til gagn og glede i det viktige arbeidet vi er ein del av. Med dette er distriktskonferansen 2015 for distrikt 2250 opna! No skal vi hjelpe kvarandre til å sjå korleis vi kan «vere ei gåve til verda» – «be a gift to the world»! Lukke til med to spennande dagar! å bli kjent med øvrige deltagere og gjester gjennom hyggelig måltid og påfølgende vrimling på Scandic. Distriktsguvernør Odd Jarle Hagen fra Hamar Vest RK i samtale med Margun A. By Distriktskonferansens første dag fredag 25. september gikk stort sett med til transport og til Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 7 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE President Rolf Thingvold ledet hele konferansen på en fortreffelig måte og introduserte Ordfører Olve Grotle, som presenterte Førde, gitaristen Øyvind Lyslo, som stod for et særdeles vellykket musikalsk innslag som virkelig satte «tonen» for konferansen, guvernør Jostein By, som holdt åpningstalen og en av gjestene - fra distrikt 2305, DG Odd Jarle Hagen fra Hamar som fremførte hilsen til distriktskonferansen. Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 8 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Etter en kaffepause fikk delegat-ene så stifte bekjentskap med de langveisfarende inviterte hovedgjestene Zebu & Arshad Jilani fra Pakistan. Foredraget gav spennende informasjon om omstillings arbeid på landsbygden i Swat-dalen i Pakistan med en rekke konkrete eksempler. Det hele basert på helhetlig sosial utvikling. Imponerende, engasjerende og tankevekkende. Foredraget høstet spontan stående applaus fra salen. Lene Grande presenterte så Førdefestivalen under mottoet «Global i det lokalwe—lokal i det globale, Kva skjer når verda kjem til Førde. Utrolig kjekt og spennende å høre på. Senere fikk vi et foredrag om Lovrådet (COL) i Rotary Internationals betydning med eksempler på behandlingen av lovendringsforslag. Gisle Bjørnstad snakket varmt om Handicamp og Wibecke Nataas informerte om TRF systemet og spurte om klubbene er flinke nok til å bruke TRF-systemet? Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 9 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Ove Midtskog har innehatt vervet som distriktets DYEO i vel 10 år og skal nå overta som korrespondent for utveksling, med Sør-Amerika som ansvarsområde. Rolf Thingvold fra Førde RK overtar stafettpinnen som DYEO. Begge hadde ordet under lørdagens samling og talte sterkt og Ove Midtskog Erling Lothe Lie varmt for ungdoms utveksling. Tre unge utvekslingsstudenter fikk så presentere seg. Distrikts sekretær Erling Lothe Lie orienterte om Medlemsnett - selve ryggmarken i Rotaryarbeidet (matrikkelen) og oppfordret også til å få fart på arbeidet med de nye websidene/webløsningen for klubbene. Se distriktets hjemmeside for mer informasjon Rolf Thingvold Ord for dagen Tankar om mottoet for 2015 – 2016, «Be a gift to the world» DG Jostein By O m nokon meiner at dei har høyrt noko av dette før, så stemmer det. Eg har faktisk knabba litt frå tankar eg la fram på PETS for 6 ½ månad sidan. Det skader ikkje å repetere tankar om mottoet som RI-president Ravi har sett for arbeidsåret 2015 – 2016: «Be a gift to the world». Men før eg går vidare med temaet: Eg skal helse til distriktskonferansen frå distriktsguvernøren i 2014 – 2015, Veena Gill, som er på tenestereise i India. Planen var at ho skulle vere tilbake tidsnok til å reise direkte frå Flesland til Førde på fredag, men så vart tenestereisa forlenga av grunnar ho ikkje rådde over, og dermed måtte ho melde forfall for få dagar sidan. Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 10 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Mottoet «Be a gift to the world» – «Ver ei gåve til verda» – står stødig. RI-president Ravi spør m.a. om vi er tilfredse med berre å ta frå verda – eller om vi vil gi til verda? Ravi peikar på at vi alle har noko å gi – same kven vi er, uavhengig av kva plass vi har i livet. Vi kan gi av talentet vårt, av kunnskapen vår, dugleiken og evnene vi har, og innsatsen vår. Vi kan gi med å engasjere oss / tileigne innsatsen vår til ei sak, med å vise hengivenheit til noko (eller nokon). Ravi viser til at vi gjennom Rotary kan ta desse gåvene og utgjere ein ekte skilnad i livet for andre og i verda. Vi har alle evner eller kunnskapar som vi ofte deler med andre. Vi kan også dele pengane med andre. Vi er flinke til å gi til TV-aksjonen kvar haust, og eg er sikker på at det er fleire Rotarymedlemmer enn ein handfull eller to her i Førde som er med som bøsseberarar eller sjåførar i samband med TV-aksjonen om tre veker. I Noreg er vi svært flinke til å delta i dugnadsarbeid. Som Rotary-medlemmer gir vi av tida vår til ein sosial fellesskap, gjennom å vere med på møta i klubben vår (nesten) kvar veke. Som Rotary medlemmer er mange med på å gi av kunnskap og erfaring til andre – f. eks. gjennom mentor-ordningar for unge i yrkeslivet eller gjennom arrangement som gagnar ungdom (på round-trip eller utdannings-messe). Gjennom Rotary er vi med på å gi liv og håp til dei millionane som no unngår å verte sjuke med polio, eller til tusenvis av mødre og babyar som får «10.000 happy birth-days» fordi m.a. Rotary er engasjert i livreddande prosjekt for å redusere dødsfall ved fødsel. Eg vil dele eit par personlege opplevingar som også viser korleis ein i Rotary på ein enkel måte kan vere ei gåve til verda, ved å vere til gagn for andre: Da eg skulle til Sao Paulo på Rotary International Convention i juni, valde eg å vere turist i nokre dagar først. Eg reiste til byen Foz do Iguazu, for å oppleve m.a. ein av dei mektigaste fossane i verda. Og eg følgde opp ein av kjepphestane mine: Eg «banka på døra» til ein av dei lokale Rotaryklubbane – Foz do Iguazu Grande Lago Rotary Club, der eg vart svært godt motteken og plassert ved sida av klubbpresidenten ved dirigentbordet. Utanom dei 12 medlemmene og meg var der 4 gjester (2 vaksne og 2 barn) frå eit lokalt barne- og ungdoms-prosjekt klubben støtta, ein amerikanar som budde i Peru og – som meg – var på veg til Sao Paulo, og to unge damer som først sat for seg sjølv ved eit bord, men som etter ei kort stund fekk selskap av eit par medlemmer som byrja å prate med dei. Det viste seg at desse to var søstre – 31 år og 36 år – frå ein by 1.500 km lenger nord. Dei hadde begge fått jobb i Iguazu, men kjende ingen. Mor deira var medlem i Rotary, og ho hadde sagt at dei kunne gå på eit Rotarymøte om dei fekk heimlengsel. Etter sjølve møtet var det middag, og presidenten henta dei to søstrene bort til bordet han og eg sat ved. Medan vi prata på delvis stotrande engelsk, merka eg korleis dei to verka stadig tryggare, og da middagen var ferdig var det ingen som ville gå. Alle stod og prata med kvarandre – nokre av mennene meir ivrige enn dei andre der dei også peika på meg. Det viste seg at dei diskuterte kven av dei som kunne hente meg på hotelet og køyre meg til flyplassen neste dag – og dei var tydeleg skuffa da eg måtte fortelje at eg hadde leigebil som eg skulle levere på flyplassen. Omsider måtte vi gå kvar til sitt, og den eldste av dei to søstrene tørka tårer. Eg forstod ikkje eitt ord av det som var sagt i møtet, men eg kjende at eg var hos gode venner. Denne episoden – som er eitt av mine mange «Rotary moments», viser at vi alle kan vere «ei gåve til verda». Dei 12 frammøtte medlemmene i Foz do Iguazu Grande Lago brukte ikkje innsamla pengar denne gongen – dei gav av seg sjølv for å gi vennskap og varme til dei to ny-innflytta søstrene som hadde behov for å kjenne fellesskap – klubbmedlemmene var ei gåve til verda. For meg – som i dette tilfellet var meir tilskodar enn mottakar – var det ei gåve i seg sjølv, berre å få oppleve den varmen som var denne klubben. Svært ofte føler eg at det er eg som får og ikkje eg Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 11 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE som gir. Slik har Margun og eg opplevt det i dei klubbane eg har vore på besøk hittil i år. Men eg opplever også at eg berre ved å vere til stades, «gir ei gåve» til dei menneska som driv akkurat den klubben eg besøker. Dei opplever at nokon utanfrå bryr seg om akkurat det som dei held på med. Da eg på den same turen i Brasil oppsøkte ein heilt fersk klubb – også i Foz do Iguazu, og hamna midt oppe i chartermøte med middag, vart eg motteken som ein av heidersgjestene. Sjølvsagt var ikkje det fordi min person var viktig for dei (så innbilsk er eg ikkje at eg trur det), men fordi dei opplevde at eg berre ved å vere der, gav dei merksemd på vegner av heile organisasjonen Rotary. Og på denne distriktskonferansen har vi opplevd sterke døme på korleis eit engasjement – personleg, gjennom ein hjelpeorganisasjon, eller i samband med eit Rotary-prosjekt, kan leve etter RIpresident Ravi sitt motto – vi er ei gåve til verda. De norske guvernørene, ektefeller og RI president Ravi med frue samlet i USA tidligere i 2015. Dersom kvar og ein av oss 1,2 mill. Rotary-medlemmene gjer eitt eller anna for å gagne berre ein einaste person, så er vi til gagn for minst 1,2 millionar andre menneske i verda. Og berre gjennom det å vere med i Rotary, er vi til gagn for andre, fordi vi er med på å gjere organisasjonen sterk – slik at Rotary kan utføre viktig humanitært, sosialt og fredsskapande arbeid, eller fordi klubben vår tek med nokre gamle på tur, eller hjelper til å gi tilleggsopplevingar til unge musikarar frå andre delar av verda, ellr ved å bidra til at ungdom frå andre land får nye opplevingar og ny kunnskap som utvekslingselevar . Og svært ofte er det kvar av oss er med på i Rotary, til gagn for minst 5 andre menneske – som igjen tyder at vi til saman er til gagn for minst 6 millionar menneske. Da kan vi med godt samvit seie at mottoet vårt for 2015 – 2016 også gjeld for kvar einskild av oss – du og eg er også «ei gåve til verda»! Som «Ravi» har uttala: «… når vi forlet [verda], forlet vi like godt alle materielle ting. Gjennom Rotary kan vi etterlate oss noko verkeleg og varig. Tida vår er no. Den kjem aldri igjen. Ver ei gåve til verda.» Eg ønskjer alle Rotarymedlemmer, Rotaryklubbar, klubbpresidentar og alle andre i Rotary-Distrikt 2250 lukke til med å omsetje mottoet for 2015 – 2016 til praktisk Rotaryarbeid: La oss alle vere ei gåve til verda! Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 12 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Aperitif hører med før maten Jostein og Margun By Flott underholdning ved sextett a la Sverige på 1930 tallet og med originale instrumenter og tidsriktige kostymer Takk for maten ved Asbjørn Algrøy Festmiddagen om kvelden var storveis. Høstens hjort på tallerken, godt i glasset, strålende underholdning og gode taler. Bildene taler for seg. God stemning Hovedbordet med foredragsholdere og gjester Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 13 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE TAKK OG HURRA! Under Distriktskonferansen i Førde ble det tatt et initiativ i frhold til PolioPluss- utfordringen. Til sammen ble det solgt 28 «End Polio Now» -pins a kr 100,- . Beløpet kr 2800,- ble overført umiddelbart etter hjemkomst. Takk til dere som ville være med å støtte dette viktige arbeidet! Og, nå, har vi dessuten lagt bak oss nok en milepel i arbeidet med å utrydde Poliomylitt – den 23. september i år kunngjorde WHO at Nigeria er erklært Polio-fritt og at det afrikanske kontinent derfor regnes som poliofritt! Dette fortjener ett hurra i samtlige klubber! Vi har grunn til å være stolte! Og hør bare: Det er identifisert 3 forskjellige poliovirusstammer. Poliovirus type 2 en nå ofisielt erklært utryddet av WHO. Like gledelig, det er 3 år siden det siste kjente tilfelle av poliovirus type 2 ble registert! Dette vil ha en enorm betydning, i det videre arbeidet, i det de to gjenværende land med vill polio, Afghanistan og Pakistan, begge kun er infisert med type 1 virus. For ca 10 år siden ble det utviklet en kombinert oral vaksine som skulle beskytte mot virus typene 1 og 3. Dette var et vedig fremskritt som gjorde vaksinen svært mer effektiv enn tidligere, og som vi ser har båret frukter. Men fortsatt må land som nettopp er erklært polio-frie og naboland til Afghanistan og Pakistan gjennomføre vaksinasjonskampanjer for å forhindre at nye tilfelle av sykdommen får grobunn. Vi har en fortsatt en jobb å gjøre, men «We are that close!» til å ha fullført jobben! Takk også til Agnes Iren Lothe i Odda RK, som har invitert mange, inkludert Liv og meg, med til Nigeria for å delta i vaksinasjonskampanjer! Gratulerer og takk, Agnes Iren, du har gjort en Mange barn fikk sko og klær fra Askøy RK og sponsorer kjempejobb! Carl Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 14 DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE Konsentrert forsamling under årsmøtedelen Bjørn Westfoss Larsen taler varmt for 10.000 happy Benedicte Rakel Rikstad ny RYLA leder Johannes Hausken ledet årsmøteforhandlingene Søndagen startet med ord for dagen av DG Jostein By. Dette kan du lese annet sted i Rotary i vest. Så fulgte årsmøtet under den valgte møtelederen PDG Johannes Hausken. Benedicte Rakel Rikstad er ny leder for RYLA og orienterte om nytt opplegg og nytt tidspunkt som er februar 2016. Mer info kommer. Bjørn Westfoss Larsen orienterte om 10.000 happy birthdays-prosjektet Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 15 Rotary Fellowship – et annerledes Rotary. Tor J. Samuelsen Rotary Fellowship er et tilbud til alle rotarianere som ønsker å treffe andre rotarianere med samme fritidsmessige eller yrkesmessige interesser. Det finnes et stort tilbud som en kan finner frem til på nettsiden: https://www.rotary.org/en/rotaryfellowships Medlemskap i en slik yrkes- eller fritidssammenslutning kan gi en ekstra og svært positive dimensjon til et medlemskap i Rotary. I tillegg til mine interesser for friluftsliv og orienteringsløp, har jeg også kjørt motorsykkel siden jeg var ung. Da jeg i 2002 fant ut at International Fellowship of Motorcyling Rotarians (IFMR) var veletablert i Norden, var det derfor naturlig for meg å melde meg inn der. Samme år deltok min kone Marit og jeg på vårt første møte som ble holdt i Kgs. Lyngby utenfor København. Turen ned kombinerte vi med en rundtur på Jylland. Vi ble, som den gang de eneste norske deltagere, tatt vel imot av rotarianer fra våre naboland. Dette var et av IFMRs faste vårmøter som alltid er lagt til langhelgen rundt Kristi Himmelfartsdag. Høstmøtet, som er IFMRs årsmøMarit og Tor klare for te, finner sted i august. I de følgenlangtur med IFMR. de årene reiste vi regelmessig på disse møtene, som ble holdt på forskjellige steder i hele Norden. Et IFMR møte har et rikholdig program, med både museumsbesøk og foredrag. Tradisjonen tro blir vi ofte ønsket velkommen av stedets ordfører, før vi drar avgårde til severdighetene i omegnen. Det er et imponerende skue å se en rekke av opptil 90 motorsykler bukte seg Foto: Riitta Rautio i landskapet. I dag har rundt 260 rotarianere sluttet seg til vårt fellowship, hvorav 35 av dem er norske. Det arrangeres ofte MC-turer utenom de faste møtene. Jeg selv ble bedt om å legge opp en slik tur samme år som jeg ble medlem. Sammen med Jan Arne Aas fra Kongsvinger RK arrangerte vi “Fire dager – tre årstider” tidlig i juni på Vestlandet. Turen startet i Bergen med første overnatting på Selje Hotel. Tidlig neste morgen besøkte vi Vestkapp i stille vær med strålende sol som fulgte oss alle dagene. Turen gikk så til Volda, hvor stedets rotaryklubb inviterte oss på lunch. Så kjørte vi gjennom Sunnmørsalpene, tok fergen over fjorden og endte opp på Hotel Union i Geiranger. Neste dag dro rekken med 19 motorsykler over fjellet til Stryn, videre til Fjærland med ..med sko for første gang lunch og besøk på Bremuseet. Dagen ble avsluttet på Fretheim Hotel i Flåm. Returen til Bergen gikk opp Stalheimkleivene. Da hadde vi vekslet mellom varme sommerdager i lavlandet, hvit vinter på fjellovergangene og vår i liene. Norsk natur og klima på sitt vakreste, i tillegg til krevende kjøring på smale vestlandsveier. Vestlandsturen var relativt utfordrende logistikkmessig med blant annet seks ferger, så det var nyttig at Marit og jeg hadde kjørt opp strekningene på forhånd og foretatt nøye tidsberegninger. Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no) 16 De fineste opplevelsene i IFMR fikk imidlertid Marit og jeg da vi i juni/juli 2007 deltok på en islandstur. Etter en rufset overfart med fergen til Seydisfjördur, var 36 deltager på 26 motorsykler klare til å legge ut på en 2700 km reise rundt hele Island i løpet av 14 dager. Våre islandske venner hadde lagt opp til en fantastisk tur hvor vi i tillegg hadde blå himmel og sol stort sett hele tiden. Vi fikk oppleve alle naturtyper fra jökuler til varme kilder og spektakulære fosser. Det var lagt inn riding på islandshester og rafting i heftige elvestryk. Historie og kultur sto også på programmet med blant annet besøk på Snorrastofu museum i Reykholdt, Thingvellir og hjemmet til Haldor Laxnes. Vi Bilde fra jubileums boken besøkte tre rotaryklubber og ble invitert til Distriktskonferansens festmiddag i Reykjavik hvor RIs Verdenspresident Wilfrid J. Wilkinson tok imot oss. Under hans festtale kom han med en hyggelig hilsen til IFMR : ”The Fellowship is the core in Rotary where you really share friendship with other rotarians” Jeg har hatt stor glede av denne siden av mitt medlemskap i Rotary og fått mange gode venner i hele Norden. Det har også vært hyggelig for meg å dele mine eksterne rotaryopplevelser ved å holde foredrag med bilder i egen og andre klubber. Vi presenterer Christin Sagen Landmark fra Gandsfjord Rotary Klubb. Hun er nominert til distriktsguvernør for Distrikt 2250 for perioden 2017-18 Vi gratulerer og ønsker lykke til med forberedelsene! Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb (paske@broadpark.no)
© Copyright 2024