Ta ein natt i naturen 5.september – blir det Norgesrekord i å sove ute? Pressemelding: 700 politikarar skal sove ute, skal du? Heile Norge sin befolkning er invitert til å ta ein natt i naturen 5.september. Over 700 politikarar frå heile Norge har takka ja til utfordringa – også politikarar frå Leikanger, Gulen, Fjaler og Askvoll. Til no har 22 politikarar i Sogn og Fjordane meldt seg til å sove ute. Starten på Friluftslivets veke vert markert over heile Norge med ein natt i naturen laurdag 5. september – også på Leikanger bl.a skal politikarar Trude Risnes frå Venstre og Astrid Hilde Ruud frå Sp vil vere ute og sove ute i lag med speidarane og andre. I Gulen på Gulatinget vil Odd Eide snakke om allemannsretten og det vert ulike aktivitetar og god mat ved bålet. Kvelden vert ute ved leirbålet, gode samtaler og god mat, der ein held kvelden og natta ute i friluft om veret er godt, elles i telt, saman med lokale friviljuge organisasjonar som legg til rette. Lokal info: Kor Henjadalen i Leikanger Når Arrangør Påmelding / ansvarleg Frå Kl.15.00 Systrond Speidargruppe Leikanger jakt og fiskelag Til: 415 30 965 Fellesmåltid bål petter@stenstadv politikarsamtale old.no aktivitetar #nattinaturen 5. - 6.09 Gulatinget i Gulen Frå kl.15.00 laurdag 5.09 Kva skjer Ytre Sogn Turlag Wenche Midtun 416 18 443 Bogeskyting, kanoner, kaffi på bål og steking av sveler, Odd Eide om Allemannsretten #nattinaturen Barnas Turlag tur søndag Speidarplassen i Frå kl.15.00 Nordpollen i Selje 5. - 6.09 BarnasTurlag Selje Selje Sør Speidargruppe Quiz, kurs i spikking, båtreise i elv, fisking i fjellvatn, bålkos #nattinaturen Sanden i Naustdal Naturvernforbun Lin Hjelmeland det NVF Finjord 971 52 859 Sundag frokost kl.08 – 10 06.09 BT tur kl.11.00 Frå kl.18.00 5. - 6.09 Silje Sneide 481 19 558 Malin Arvidsson 938 90 367 #nattinaturen, bål padling, fiskekonkurranse natursti, snikkere fuglekassar m.m Askvoll 5.09 – 06.09 DNT Ung Indre Sunnfjord Håvard Sandal Høyvik Nattinaturen, klatring, padling havard.sandal.hoyvi m.m k@enivest.net Fjaler Yndestad gard 5.09 – 06.09 Lillevatnet i 5.09 – 06.09 Nordalsfjorden i Florø Guddalstopp 4H Totunn Åsnes #nattinaturen BT Florø Barnas Turlag Sissel Strømmen Overnattingstur 901 80 067 #nattinaturen tur m.m Florø 5.09 – 06.09 Florø FA speidere Rune Rasmussen #nattinaturen rune.rasmussen @enivest.net Hyllestad Dalbygda 5.09 – 06.09 Lauvsprett 4H Liv Irene Systad #nattinaturen Stryn 5.09 – 06.09 Stryn KFUKKFUM Speidarane / RUFS Roverlag Rolf Olav #nattinaturen Gjørven rolf.o.gjorven@g mail.com Målet med #nattinaturen er å skapa meir merksemd kring friluftsliv slik at fleire tek del i friluftslivet, særleg i sitt nærmiljø. Det hadde vore gøy om vi klarte å sette «Norgesrekord i uteovernatting» ved å få med oss 50.000 ut i Friluftslivets år, sier Siri Meland i Norsk Friluftsliv, og understrekar at ALLE i heile Norge er invitert. Bruk Nærmiljøa I Norge er naturen aldri langt unna. Finn eit sted i nærleiken av der du bur og sett opp teltet. Inviter gjerne med venner og familie. Det er også lov å sove i hagen – ein natt i naturen treng ikkje å vere ein storstilt «ekspedisjon», seier Wenche Midtun frå Ytre Sogn Turlag. Allemannsretten i praksis Allemannsretten er nøkkelen til dei gode opplevingane ute i naturen. Dette er noka av bakgrunnen for at Norsk Friluftsliv oppfordrar alle norske politikarar til å sove ute i det fri laurdag 5. september- i telt eller under open himmel, i skogen, ved fjorden, havet eller der det passar best. Gjerne i lag med ein frivillig organisasjon. Kva for ein norsk kommune mobiliserer flest politikarar? Norsk Friluftsliv har lovet ein kulinarisk overrasking til den kommunen i Norge som har flest politikarar med på #nattinaturen. Kommunane Sandnes i Rogaland, Modum i Buskerud og Malvik i Nord-Trøndelag har per no flest politikarar påmeldt, med 15, 13 og 12 politikarar. Men, det er ikkje for seint å melde seg på, konkurransen er ikkje avgjort! Politikarar som vil bidra til å få opp talet i sin kommune kan melde seg på her: https://limesurvey.alreadyon.com/limesurvey/index.php?sid=61544&lang=nb innan 2.september for å bli med i kommune-konkurransen (evt sende epost til nattinaturen@norskfriluftsliv.no). Vi håpar så mange som mogleg i heile Norge vil gjere som politikarane i Friluftslivets år 2015 og tek ein natt i naturen 5.september, også her i Sogn og Fjordane. Her er lista over politikarane som skal sove ute: https://www.norskfriluftsliv.no/com/events/1408993156095941/ Her er fb-arrangementet der heile Norge er invitert – ALLE SOM SKAL UTE 5. september oppfordrast til å klikke på «skal» her, så er dei med i oppteljinga: https://www.facebook.com/events/1408993156095941/ Her er lokale fb-arrangement: Leikanger https://www.facebook.com/events/1656723211273835/ Ytre Sogn Turlag, Gulen: https://www.facebook.com/ytresognturlag?fref=ts Sanden Naustdal. Program på http://naturvernforbundet.no/sognogfjordane/ Friluftslivets veke 2015 og KOM DEG UT arrangement: Aktivitetar og turar i SFj Turlaga, Ung og Barnas Turlag: https://www.sftur.no/ Forum for natur og friluftsliv Elisabeth Dahle Koordinator
© Copyright 2024