Vigra IL hevda seg i NM Vigra stilte med tre bogeskyttarar under NM på Klepp sist helg. Dei kom heim med sterke resultat. Rolf Hansen rolf@oyblikk.no Over 300 deltakarar var med under Noregsmeisterskapen i Klepphallen frå fredag til søndag. Vigra IL stilte med tre deltakarar, og var ein av 29 klubbar totalt. Debutantane frå Vigra beit godt frå seg, og var dessutan einaste klubb frå Møre og Romsdal representert under Noregsmeisterskapen. – Årets NM bar preg av at bogesporten er i sterk fram-marsj i Noreg. Både talet på skyttarar som var melde på, og ikkje minst det høge nivået på resultata talar for seg. Vi var på vårt første NM i år, men med den veksten det er i gruppa, vert det meir og større deltaking i åra som kjem. Klubben er svært stolt av resultata til sine skyttarar, seier leiar Tormod Roth i Vigra IL Bogeskyttargruppe. omgangar i kampen om edelt metall under finalane søndag. ( Shot-off er ved likt resultat etter omgang, der det vert skote ei pil, og det beste resultat avgjer) I begge omgangar var det totre milimeter i disfavør Roth, som uansett leverte skyting i toppklasse. Regionsmeistar Solid skyting Sander Roth kom til NM som nybakt regionsmestar etter stemne i Trondheim sist helg, og helt fram med sterke resultat i dei innleiande rundar laurdag. Han ende på 4. plass i klasse eldre rekrutt (13-15 år) etter å ha gått gjennom to shot-off Sverre Moldskred Molnes oppnådde 12. plass i klasse kadett. (16-17 år ) Der var det 24 skyttarar melde på. Fredrik Eiken Emblem skaut også i klasse eldre rekrutt, og ende opp på ein sterk 7. plass etter flott skyting i finalerundane søndagen. Vigra-femmer: Trenar Terje Ingvald Molnes, Sander Roth, Fredrik Emblem Eiken, Sverre Moldskred Molnes og Tormod Roth representerte Vigra IL under NM i bogeskyting på Klepp sist helg. Foto: Privat NM-finale: Sander Roth var tett på pallen i eldre rekruttklassa, men måtte til slutt ta til takke med ein fjerdeplass etter shot-off. Han kom til Noregsmeisterskapen som fersk Regionsmeistar. Foto: Privat Solid: Fredrik Eiken Emblem leverte sterk skyting i finalen, og vart til slutt nummer sju i eldre rekrutt-klassa. Foto: Privat NM-Debutant: Sverre Moldskred Molnes var NM-debutant som resten av Vigratroppen, og vart nummer 12 i klasse Kadett. Foto: Privat Meisterskapsdebutantane sparka godt frå seg Giske taekwondoklubb var ein av dei lokale klubbane som deltok i Sunnmørsmeisterskapen laurdag i Blindheimshallen. Dei åtte utøvarane frå Giske henta heim mykje heider og glitter. Rolf Hansen rolf@oyblikk.no Det var Ålesund taekwondoklubb som stod som arrangør for meisterskapen for ungdom og vaksne med kvitt til raudt belte. Dette var faktisk første meisterskap arrangert i området på dei siste tre åra. Det vart konkurrert i mønster, sparring, high kick, flygende side og punch/blokk. Dei 44 deltakarane kom frå alle delar av Sunnmøre. Vanylven, Ålesund, Haram, Giske og Storfjord taekwondoklubb var alle representert på ein laurdag der våren banka på døra. Debutantar Giske stilte med åtte utøvarar som var i elden for første gong. Tre juniorar og fire seniorar konkurrerte i dei forskjellige disiplinane. Alle saman fekk med seg medalje heim i debuten, og totalt ti fann vegen til veggar i Giske kommune. Truleg var det fleire barrierar som vart braute ned denne laurdagen, og alle åtte deltakarane frå Giske fekk nok meirsmak av opplevinga i Blindheimshallen. I tillegg var gr ünderane bakom Giske taekwondoklubb dato til høyre Torsdag 26. mars 2015 også representert i hallen, der tidlegare landslagsutøvar Jan Tore Fure (31) var dommar. Sambuar, tidlegare Noregsmeister, med medaljar i både EM og VM, Irene Giskegjerde (29) fungerte som fotograf og coach for elevane frå klubben. Giske taekwondo-klubb vart skipa for knappe to år sidan av sambuarane som er foreldre til to små born. Snart startar dei opp eit nytt parti for born og nybegynnarar i gymnastikksalen på Valderøy ungdomsskule. Fure var leiar og instruktør saman med Giske-jenta Giskegjerde i Ålesund taekwondoklubb i ein årrekkje, men er no ute av by-klubben for godt. Gull mønster junior grønt belte: Christina Haram Johnsen Gull sparring senior grønt – rødt: Radoslaw Langa Gull flygende side junior: Christina Haram Johnsen Sølv mønster junior gult belte: Ole-Jakob Farstad Sølv mønster senior grønt belte: Lillian Olsen Sølv sparring senior grønt - rødt: Kjell Andre Myhre Bronse mønster senior grult: Ingo Weitzenburger Bronse sparring junior grønt – rødt: Nikolai Sundnes Bronse mønster senior grønt belte: Kjell Andre Myhre MØNSTER er ein disiplin i taekwondo der deltakarane ikkje konkurrerer fysisk mot ein annan motstandar, men skal syne betre rørsler og teknikk enn sin konkurrent. Her duellarar to Giske-utøverar. Foto: Rolf Hansen Fylkesmeisterskap Laurdag 26. april er neste oppgåve for Giske taekwondoklubb, då er det fylkesmeisterskapen i Larsgårdhallen. Dette er “heimen” til Ålesund taekwondoklubb, som tar sikte på å arrangere fleire meisterskap framover enn kva ein har gjort lokalt dei siste åra. Den laurdagen kjem utøvarane frå heile regionen, og det er også ei klasse for svart-belte. Klubbane som kjem til den meisterskapen er Molde, Surnadal, Vanylven, Storfjord, Haram, Giske og Ålesund. Resultat Giske taekwondoklubb Sunnmørs-meisterskapen Gull mønster senior grønt belte: Karoline Linnea Valkvæ LÆRAR OG ELEVAR: Jan Tore Fure kunne nøgd slå fast at elevane og meisterskapsdebutantane i Giske taekwondoklubb sparka godt frå seg under Sunnmørsmeisterskapen i Taekwondo laurdag i Blindheimshallen. Karoline Linnea Valkvæ, Christina Haram Johnsen, Radoslaw Langa, Ole-Jakob Farstad, Lillian Olsen, Kjell Andre Myhre, Ingo Weitzenburger og Nikolai Sundnes henta til saman med seg ti medaljar heim til Giske. Foto: Rolf Hansen 15
© Copyright 2024