A DVO K ATA N E M A U R S E T, K N A R D A L O G H E G G E N STRYN VOLDA I kontorfellesskap – Medlemmer av Den Norske Advokatforening Advokat Per Maurset Advokat Jørund Knardal Advokat Thore Heggen SALSOPPGÅVE Einebustad, Gate 3, nr. 110, 6700 Måløy i Vågsøy kommune Marknadsverdi: Kr 2.250.000,Følgjande omkostningar kjem i tillegg: Dokumentavgift, 2,5 % av kjøpesum, med grunnlag i salstakst vert den kr 56.250,-. Tinglysingsgebyr skøyte: kr 525,-. Evt. tinglysingsgebyr for pantedokument pr. stk.: kr 525,Panteattest pr. stk.: kr 172,-. Eigedom: Frittliggande einebustad i Gate 3, nr. 110 nær Måløy sentrum. Tomt: Eigartomt, areal 349,9 m². Adresse: Gate 3, nr. 110, 6700 Måløy, Vågsøy kommune. Areal: P-ROM: 159 m² BRA: 182 m² Meklar: Advokat Thore Heggen, Tonningsgata 42, 6783 Stryn. Telefon: 57871866 Nettside: www.knardal.no. E-post: thore.heggen@sentrumsgaarden.no Advokat Per Maurset Org.nr. 981 858 182 MVA Tonningsgata 42, 6783 Stryn Telefon 57 87 18 66 Telefaks 57 87 19 94 per.maurset@sentrumsgaarden.no Avd.kto. Hamnegata 3, 6100 Volda BTA: 199 m² Advokat Thore Heggen AS Org.nr. 989 989 561 MVA Tonningsgata 42, 6783 Stryn Telefon 57 87 18 66 Telefaks 57 87 19 94 thore.heggen@sentrumsgaarden.no Avd.kto. Hamnegata 3, 6100 Volda Advokat Jørund Knardal Org.nr. 987 090 766 MVA Hamnegt. 3, P.b. 75, 6101 Volda Telefon 70 07 70 07 Telefaks 70 05 00 02 knardal@online.no Avd.kto. Tonningsgt 42, 6783 Stryn ADRESSE/ LOKALISERING: Eigedomen ligg sentralt nær Måløy sentrum med gangavstand til alle sentrumsfunksjonar, skular, barnehagar m.v. Eigedomen ligg i eit eldre etablert bustadområde. MATRIKKELNUMMER: 1439 gnr. 116 bnr. 159 i 1439 Vågsøy kommune. HEIMELSHAVAR: Elsa Blaalid dødsbu TOMT: Tomtetype: Eigartomt, tomteareal på 349,9 m². Tomta er planert i to plan, der øvre plan har gangareal/trafikkareal med skifer og terrengtrapp i betong til nedre plan mellom bustadhus og garasjen. Nedre plan har plen/grasbakke og planta hekk mot nabo. Støypt areal ved bustadhuset for trafikkareal. Utvendig bodareal under veranda. Eigen biloppstillingsplass ved sambygd garasje med nabo. TILKOMST: Tilkomst direkte frå kommunal veg som går forbi huset. REGULERINGSTILHØVE: Eigedomen er omfatta av eldre reguleringsplan, utsnitt av planen ligg vedlagt. VEG – VATN – AVLØP: Vatn og avlaup til offentleg nett. BYGGEÅR: Ca. 1950, påkosta frå 1995 og fram til 2002. BYGGJEMÅTE: Einebustad oppført i tre. AREAL: Bruttoareal: Bruksareal total: P-ROM: S-ROM: Underetg.: 86 m² 76 m² 53 m² 23 m² 1. etg.: 68 m² 63 m² 63 m² 0 m² 2. etg.: 45 m² 43 m² 43 m² 0 m² Samla: 199 m² 182 m² 159 m² 23 m² Areala er henta frå NITO takst av 21.07.2015 utført av autorisert takstmann Uno Lundberg AS. Kopi av takst med vedlegg følgjer som vedlegg. INNEHELD: Bustaden er på 3 etasjar. Underetg. inneheld gang, wc, vaskerom, bad/wc, soverom og boder. 1. etg. inneheld vindfang, gang, stove med trapp til underetg., kjøkken, garderobe/hall. 2. etg. inneheld gang, vask/grovkjøkken, stove, soverom og wc. Bueinga går over fleire plan med interne trapper. UTSTYR/STANDARD: INNVENDIG BESKRIVELSE: Bustaden er bygd i ca. 1950. Huset vart påkosta frå ca. 1995 og fram til 2002. Huset er normalt godt vedlikehalde jamfør takst av 21.07.2015. Bad og vaskerom: Baderom i underetasjen har flis på golvflater og våtromspanel på vegger. Hjørnebadekar og dusjkabinett, baderomsinnreiing. Vaskerom i enkel standard med utgong til bod under veranda. Kjøkken av nyare dato, er av eik med skap med glas i. Flis mellom under- og overbenk. Avtrekk over komfyrtopp. 2 Innvendige overflater: Laminatgolv, belegg og flis. Platevegger med tapet. Himlingsplater av sterk malerpapp i tak. UTVENDIG BESKRIVELSE: Sålefundament av betong. Grunnmur i mur/betong med utvendig puss og måling. Betong på golv på kult. Konstruksjon av treverk, i følgje taksten er det uvisst vedr. isolering. I seinare tid har det blitt påkosta ytterkledning med vannstokk over murtopp. Dører og vindauger: Finerte dørblad, ei av innerdørene har ornamentglas i messingsprosser. Nyare isolerglas i trekarmar. Eit vindauge med blyglas i yttervegg. Takkonstruksjon: Sperretak med trodbord og betongtakstein i svart farge. Takstein og takvindauge av nyare dato. OPPVARMING/ILDSTADER: Murt pipe med pipehatt, takstege. Tilknytt eldstad i stove med kamin i kvit marmor og berekna for fast brensel. ELEKTRISK ANLEGG: Noko påkosta med blant anna automatsikringar. VVS-INSTALLASJONAR: Standard VVS, kvitt sanitær utstyr. GARASJE: Garasjen er sambygg med naboeigedomen. Det er bodareal i underetasje med betong i vegg og dekke. Overliggande mur i vegg og tretak-konstruksjon med eternit- truleg asbest. Ledda metallport. Byggeår er ukjent, BTA ca 35 m². OFFENTLEGE AVGIFTER: Vanlege offentlege avgifter som straum, vassavgift. Kommunalt årleg gebyr inkludert eigedomsskatt på kr 13 244,15. I tillegg vert renovasjon fakturert direkte frå Nomil AS. SKATTETAKST: Ca. pr. 2015 kr 941.642,-. FASTE LØPANDE KOSTNADER: Vanlege kostnader som kommunale avgifter, renovasjon, forsikring, straum etc. FERDIGATTEST/BRUKSLØYVE: Ja RETTAR: Ingen HEFTER: Ingen KONSESJON: Eigedomen er konsesjonsfri. DØME FOR TOTALPRIS FOR Prisantydning (verditakst)/kjøpesum kr 2.250.000,- KJØPAR: Dokumentavgift 2,5 % av prisant. (varierande) kr 56.250,- Tinglysingsgebyr for skøyte (fast) kr 525,- Eventuelt panterett pr. stk (fast) kr 525,- Sluttpanteattest (fast) kr 172,- Totalpris basert på verditakst kr 2.307.472,- EIGARSKIFTEFORSIKRING: Meklar kan formidle avtale om eigarskifteforsikring. 3 TAKST/ Takst med vedlegg av 21.07.2015 av takstmann Uno Lundberg følgjer vedlagt. Kjøpar pliktar VEDLEGG TIL SALSOPPGÅVA: å gjere seg kjend med innhaldet i taksten før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. EIGEDOMEN VERT SELD Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. ”SOM HAN ER” Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, ”som har er”. Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar. Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle: Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om tilhøve ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt. Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide. Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles. Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar. FINANSIERING: Kontant ved overtaking OVERTAKING: Etter nærare avtale BETALINGSVILKÅR: Kjøpesummen skal overførast til meklar advokat Thore Heggen sin konto. I tillegg til kjøpesummen skal det innbetalast 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift og kr 525,- i tinglysingsgebyr til Staten, dersom panteobligasjon skal tinglysast kjem det i tillegg eit gebyr på kr 525,-, ved evt. tinging av panteattest er gebyret kr 172,-. BODGJEVING: Bod skal skje skriftleg på vedlagt bodskjema til meklar. Ved høging av bodet kan dette skje på e-post eller pr. telefon. Bodet er bindande for bodgjevar. FORKJØPSRETT: Det føreligg ingen forkjøpsrett. VISNING: Etter avtale med meklar. 4 Stove hovedetasje 5 Kjøkken hovedetasje Vindfang/inngangsparti 2. etasje kjøkken/vaskerom Trapp til 2. etg. frå vindfang Ekstra rom med bueinngang i hovedetasje Stove 2. etg. 6 Soverom 2. etg. Trapp frå stove hovedetasje til gang i underetg. Toalett 2. etg. Gang underetg. Bad underetg. Soverommet i underetasjen Frå soverommet i underetg. 7 Frå bakre del av underetg. Bakre kjellertrapp til hovedetg. Toalett/vaskerom underetg. Kjellerboder 8 BOD på eigedom gnr. 116, bnr. 159 i 1439 Vågsøy kommune, adresse: Gate 3, nr. 110, 6700 Måløy. Underteikna gjev herved bod på ovannemnde eigedom: Pris kr……………………………………………. + dokumentavgift (som utgjer 2,5% av salssum) og tinglysingsgebyr kr 525,- for skøyte og evt. kr 525,- for pantobligasjon og kr 172,- for panteattest. Finansieringsplan: Eigenkapital kr …………………………………………….. kr …………………………………………….. kr …………………………………………….. kr_________________________ Tilsaman kr_________________________ Vi tar/tar ikkje finansieringsatterhald (stryk det som ikkje passar). Andre vilkår: ………………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………… Underteikna bodgjevar er innforstått med at bodet er bindande når det er kome til seljar sin kunnskap, dvs kome fram til meklar som er seljar sin adressat. Når bodet er akseptert munnleg eller skriftleg av seljar gjeld det som førebels kontraktbindande for begge partar. Mitt bod er bindande dersom det aksepterast av selgar innan………………………….. …………....den ….………………. ……………………………………… Underskrift 9
© Copyright 2024