8 Tysdag 12. mai 2015 Tysdag 12. mai 2015 9 Frustrert over tiår med «snakk», men glad for nye signal Generalsekretær i Norges jeger- og fiskerforbund (NJJF), Espen Søilen, likte det han fekk høyra frå konsernsjefen i Marine Harvest Norway AS på Hardangerfjordseminaret i helga. Men han åtvara mot meir ”snakk” og uthaling av tid. og i båtar, som fiskar sjøaure. Det er masse sjøaure i fjorden, og ingen oppdrettsanlegg, fortalde Søilen. – Redd for saldering –Havbruksmeldinga er ei melding om vekst. Me får i utgangspunktet frysningar på ryggen når ein snakkar om vekst slik situasjonen er i dag, med stormen Nina og bilder av rømd oppdrettslaks og regnbogeaure friskt i minnet. Men me er positive til ei melding som signaliserer krav om berekraftig vekst. Samstundes er me litt redde for vekstretorikken, for det går fort troll i ord. Ein får kjapp vekst, og så salderer ein på berekrafta. Det politikarane må ta stilling til no, er kva økologisk fotavtrykk denne næringa skal få lov til å setja i Noreg i åra som kjem. Her treng me tydelege og modige politikarar, sa han. Lars Arvid Oma oma@hf.no – Me er glade for det me høyrer, men dette har me også høyrt før. Me føler me er blitt opphaldne med ”godt snakk” i to tiår, minst, når det gjeld oppdrettsnæringa si innverknad på dei ville laksestammene. Det har skapt frustrasjon, sa Søilen til seminardeltakarane på Thon Sandeven hotel fredag. Han undra seg til dømes over at ikkje merking av laks for lengst er blitt innført i oppdrettsnæringa. – Ein treng ikkje rakettforsking for å gjera rømd laks sporbar. Dette er kjend teknologi, og han er billig, sa han. Glad for ny politisk situasjon Samstundes gav Søilen klart uttrykk for glede over å vera i ein ny politisk situasjon, der ein får signal om at næringa deler oppfatninga til villfiskinteressene når det gjeld lakselus, og at næringsaktørar sjølv ynskjer regulering på På talefot: Konsernsjef Alf Helge Aarskog i Marine Harvest Norway AS (t.v.) og generalsekretær i Norges jeger- og fiskerforbund (NJJF), Espen Søilen, fann tonen på Hardangerfjordseminaret på Thon Hotel Sandven i helga. Begge føredragshaldarane håpar at det nye oppdrettsregimet vil vera med og fjerna lakselusproblemet frå både oppdrettsnæringa og villfisken. dette området når det skal opnast for vekst. – Me har blitt skuffa over vekslande politiske regime, som har late seg føra bak lyset av ei næring som har vore mot alle former for inngrep og regulering. Difor er det ei ny verkelegheit når me no høyrer Marine Harvest seier at næringa vil har regulering, sa han. Søilen set si lit til modige politikarar, som har vilje, mot og styrke til å utvikla og handheva det nye havbruksregimet som er på trappene. Vekst krev regulering – Kunnskapsbasert forvalting har alltid vore utgangspunktet vårt. Me er ikkje mot oppdrettsnæringa. Dette er ei stor og viktig næring som er kommen for å bli, og som kjem til å bli ein berebjelke i framtida når det gjeld matproduksjon. Og det er samstundes opplagt at havbruksnæringa må vera berekraftig dersom ho skal lukkast. Dette er vårt utgangspunkt og vår ”inngang” til havbruksnæringa: Det er ikkje mogleg med vekst utan at næringa er berekraftig, både i forhold til marknaden og naturen si toleevne, sa Søilen. Han fortalde mellom anna om situasjonen i Oslofjorden, der bekkar og elvar rundt fjorden er restaurerte og «pussa opp». – Det er blitt eit fiskeparadis når det gjeld sjøaure i Oslofjorden. Det står folk over alt langs land, Positiv, men avventande Søilen er positiv til signala i havbruksmeldinga, men meiner det står att å sjå om det i praksis lèt seg gjera å styra etter dei prinsippa som kjem fram i trafikklysmodellen. Han er oppteken av kor den økologiske tolegrensa skal liggja for grønt, gult eller raudt lys for vidare vekst. Utgangspunktet for politikken må vera omsynet til villfisken, og påvirkninga på miljøet. – Må ha haustbare overskot – Me er redde for diskusjonen om kva nivå me skal tola når det gjeld påverknad på miljøet. Når skal det vera grønt, når skal det vera gult og når skal det vera raudt for vidare vekst? Dersom ein ikkje sørgjer for eit berekraftig nivå som gjev grunnlag til å hausta overskot i elvane, kva skjer då? Villaksen som art kan nok bergast, i tråd med internasjonale forpliktingar, på kort sikt. Men utan haustbare overskot i elvane, ramlar interessa for å vareta laksen i stor grad frå kvarandre, åtvara han. Arbeidet som vert gjort for å hjelpa villaksen i elvane vert i stor grad utført på dugnad, i samarbeid med grunneigarar og forvalting. Dersom det vert mindre høve til fiske, vil interessa minke, fryktar Søilen. – Me er nøydde til å ha eit system som gjev haustbart overskot i lakseelvane, elles blir det heilt meiningslaust. Det er ei urovekkjande utvikling på dette feltet. Me må ikkje gå inn i ei utvikling der dagens nivå blir sett på som grei. Me må ha langt høgare ambisjonar enn det, understreka han. – Næringa bed om regulering – Signala frå Marine Harvest er veldig gode. Næringa bed om regulering, sjølv. Då kan det vel ikkje vera så vanskeleg å få dette gjennom i Stortinget? sa han. Overskot: – Me er heilt avhengige av ei regulering som gjev haustbare overskot av laks og sjøaure i elvane, sa Generalsekretær i Norges jeger- og fiskerforbund (NJJF), Espen Søilen. Ifølgje Søilen går det eit «tog» no. NJJF arbeider knallhardt inn mot Stortinget, og har nesten daglege møter med stortingsrepresentantar frå ulike regionar og parti. – Dette er ein svært viktig for oss. Får me ikkje til dei varsla mekanismane i reguleringa, vert me sett langt tilbake. Då vert det dagens situasjon som får halda fram, åtvara han. – Må tetta smotthol Søilen er oppteken av at alle smotthol må tettast i det nye havbruksregimet, slik at det kan bli eit reelt verktøy i arbeidet med å sikra berekrafta i oppdrettsveksten. Sportsfiskegeneralen oppmodar styresmaktene til også å sjå nærare på andre miljøindikatorar enn lakselus. – Ein må sørgja for at ta i bruk reguleringar før skaden skjer, sa han. Søilen trekte også fram moglegheitene for nye norske industrielle eventyr og innovativ utvikling med utgangspunkt i ei framtidsretta havbruksnæring. dringane knytt til fôrtilgangen til den veksande næringa. – Villfisken i verdshava er maksimalt belasta allereie, så oppdrettsnæringa må sjå på alternativ som samstundes kan halda oppe omega-3-faktoren i fisken. Det vert til dømes drive spennande forsking på produksjon av mikroalgar til bruk i fôr, fortalde han. Aarskog peika på at det er eit stort ansvar å sørgja for auka matproduksjon, ikkje minst i havet – der potensialet ifølgje Aarskog er størst og som har den mest energiøkonomiske, miljøvenlege og effektive produksjonen av næringsrik og sunn mat. Marine Harvest Norway, som er Noregs største oppdrettsselskap og matprodusent (protein), produserte åleine 3,8 millionar måltid laks kvar dag. Det meste blir eksportert. opp til gratis konsesjonar for lukka anlegg på land, men han la inn eit «tips» til styresmaktene om å tilby det same for lukka anlegg i sjø. Det vil ifølgje Aarskog gje eit viktig «skyv» i det vidare arbeidet med lukka og semilukka sjøanlegg. – Utprøving av lukka anlegg i sjø har vore ein delvis suksess. Dette er eit spennande arbeid, men det står framleis att utviklingsarbeid og utprøving av ulike prinsipp, forklarte konsernsjefen. Gode diskusjonar – Korleis er det å vera på Hardangerfjordseminaret? – Det er veldig kjekt og interessant. Eg likar gode diskusjonar og det viser seg at oppdrettsnæringa og villfiskinteressene har samanfallande interesser, og felles utfordringar som må løysast, seier Aarskog til HF. – Kva gjer Marine Harvest vidare når det gjeld lukka anlegg? – Dette er framleis forskingsarbeid og innovasjon. Det står att utviklingsarbeid før teknologien er klar til bruk i full skala. Me skal mellom anna vurdera fleire nye prinsipp for lukka anlegg, seier han. – Når vil ein oppnå ei tiltaksgrense på null kjønnsmogen holus? – Dette må ein ta gradvis. Resultata våre i Agder tyder på at det er mogleg å oppnå gode resultat. Me må gå i ei retning mot null lus, seier han. – Felles utfordringar og interesser Ifølgje konsernsjef Alf Helge Aarskog i Marine Harvest Norway AS har villfiskinteressene og oppdrettsnæringa samanfallande interesser i kampen mot lakselus. Lars Arvid Oma oma@hf.no – Lakselus er kanskje eit problem for villfisken, men det er eit minimalt problem for villfisken samanlikna med kva dette problemet inneber for oppdrettsnæringa. Globalt brukar næringa minst fem milliardar kroner i kampen mot parasitten. Dersom me ikkje ser på dette som ei utfordring, har me eit anna problem – at ein ikkje innser at ein har eit problem, sa Aarskog på Hardangerfjordseminaret fredag. Strekkjer ut ei hand Det var knytt stor interesse til be- søket av konsernsjefen i Noregs største oppdrettsselskap, og kva han hadde med seg i kofferten om temaet: Våre forslag og tankar rundt utvikling av havbruksnæringa. Han starta med å strekkja ut ei hand til villfiskforkjemparane i salen. – Villaksen er viktig for oss, og det er mykje å henta i ein god dialog og eit godt samarbeid basert på kunnskap. Me må alle gå inn i oss sjølve og bidra i ei kompleks sak. Eg takkar for invitasjonen og vil svært gjerne koma tilbake til Hardangerfjordseminaret ved eit seinare høve. Då vil eg gjerne få snakka om villaksforvalting, sa han. Aarskog har hovudfag i dette emnet. Samanfallande interesser Signala frå Aarskog tyder på at Marine Harvest ynskjer å ta miljøutfordringane på alvor. Selskapet ser ikkje for seg vekst i næringa utan at ein får bukt med lakselusa. – Hovudutfordringane for næringa er lakselus, rømming, omega-3 feittsyrene EPA/DHA i fôret og manglande arealtilgang. Dette er utfordringar som må løysast, sa han. Aarskog oppmoda til ein offensiv kamp mot lakselus, og ynskjer fleire av krava i den nye havbruksmeldinga velkommen. Dette kan bety at den som ikkje taklar tiltaksgrensa for lakselus går glipp av veksten og i verste fall må avslutta produksjonen, dersom miljøkrava i den nye havbruksmeldinga vert handheva – slik villfiskforkjemparane reknar med. – Retning mot null lus Aarskog er offensiv og går inn for å senka tiltaksgrensa mot kjønnsmogen holus på lang sikt. – Me bør ha ei retning mot ei tiltaksgrense på null, sa han. Aarskog støttar signala i den nye meldinga om eit strengare re- Møteleiar Bjarte Erstad (t.h.) delte ut både sydvestar og t-skjorter til føredragshaldarane. Konsernsjef i Marine Harvest Norway AS, Alf Helge Aarskog, slapp ikkje unna t-skjorte med lakselus-motiv. gime i møte med «lusefabrikkar». Han viste til eit konkret døme frå Agder, der hans eige selskap oppnådde tilnærma null lus etter at ein tok tak i luseproblemet. God bruk av leppefisk, koordinert drift og reine nøter gav resultat. På denne lokaliteten brukar selskapet berre 33–34 øre per kilo i avlusinga. – Eg kjenner ingen artar som vert resistente mot å bli etne. Leppefisk er eit godt våpen mot lakselus, sa han. Berekraftig vekst Marine Harvest ynskjer vekst, men veksten må vera berekraftig. Ifølgje Aarskog fungerer lakselus bra som miljøindikator, og at det fornuftig å venta med vidare vekst Spørsmål frå salen: Klaus Rasmussen frå Naturvernforbundet i Kvam gav ros til Marine Harvest for retninga selskapet tek i miljøsakene knytt til oppdrettsnæringa, men utfordra Aarskog når det gjeld ynsket frå ei pengesterk næring om gratis konsesjonar for lukka anlegg i sjø. til ein har løyst lakselusproblemet. – Dersom me ikkje klarar å drifta bra, som ved ein av lokalitetane våre i Nord-Trøndelag, er det betre å ta ned produksjonen eller avvikle lokaliteten, sa han. Aarskog ser på regulering som heilt naudsynt dersom ein skal få bukt med problema. – Selskapet ville truleg gjort det annleis dersom me hadde starta med oppdrett i dag, vedgjekk han. Nytt maritimt fôr? Konsernsjefen tok også opp utfor- Gratis konsesjonar Aarskog tykkjer det er positivt at den nye havbruksmeldinga legg Sertifisering Marine Harvest er allereie i gang med å bli ein del av sertifiseringssystemet The aquaculture stewardship council (ASC). Dette er ein standard for sertifisering og merking av berekraftig lakseoppdrett, utvikla av World Wildlife Fund (WWF) og Dutch Sustainable Trade Initiative (IDH). Innan 2020 skal alle anlegga til Marine Harvest vera sertifisert. »
© Copyright 2024