Gavlen nr 1 2015_lav

gavlen
2015 - 35. årgang
Sunnmøre Museum Sunnmøre Museumslag
Gavlen 2015
ISSN 033-2668
35. årgang.
Utgjevar:
Sunnmøre Museum og
Sunnmøre Museumslag
Bankkonto 3900.33.13933
Borgundgavlen, 6015 Ålesund
Redaksjon:
Per Sæther
Konservator Stiftinga Sunnmøre Museum
Prent: NordvestTrykk AS
INNHALD
Innkalling til årsmøte
i Sunnmøre Museumslag . . . . . . . . . . . . . . . . . . .2
Sakliste til årsmøtet i
Sunnmøre Museumslag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .3
Årsmelding Sunnmøre Museumslag . . . . . . . . . .4
Helsing frå direktøren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .5
Biskopen frå Borgund . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .6
Farge på tilværelsen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .8
Gards-smie frå Årsæter i Ørsta . . . . . . . . . . . . .10
Åkre bedehus, Haramsøy –
eit viktig kulturminne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .12
Klausendammen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .14
Frå skreppehandel til supermarknad . . . . . . . . . .19
Årsrapport 2014
Stiftinga Sunnmøre Museum . . . . . . . . . . . . . . .26
Hva skjer på museet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .30
Forside og bakside:
«Villa Borgundgavlen»,
teikna av arkitekt
Rudolf Emanuel Jacobsen
(1879 – 1937).
(Utlånt av Merete Klausen)
Foto omslag: Anderson/SEDAK
Foto:
Sunnmøre Museum og
artikkelforfattarane der ikkje anna er nemnt.
2
Innkalling til
årsmøte i
Sunnmøre
Museumslag
Vi kallar inn medlemar i
Sunnmøre Museumslag
til årsmøte 2015
Søndag 19. april
klokka 13.00
på Kringkastingsmuseet
på Vigra
Vi startar årsmøtet med omvisning på
Kringkastingsmuseet v. Turid Røsvik
Servering
Årsmøte
Vi ønskjer alle vel møtt
Styret
Sunnmøre Museumslag
Årsmøte 2015 på
Kringkastingsmuseet på Vigra
Sakliste:
Sak 1 Konstituering
Godkjenning av innkalling
Godkjenning av sakliste
Val av ordstyrar
Val av skrivar
Val av 2 personar til å skrive under møteboka
Sak 2 Årsmelding 2014
Sak 3 Rekneskap 2014
Sak 4 Arbeidsplan 2015
Sak 5 Val
Sunnmøre Museumslag arbeidsplan 2015
Styret skal i 2015 ha ansvar for:
Søndagsforedraga på Sunnmøre Museum
Syte for frivillege hjelparar ved dei store arrangementa ved museet i 2015
og ta del i andre aktivitetar gjennom året
Arbeidet med medlemsbladet Gavlen 2016
x$DOHVXQGV0XVHXPRJ)LVNHULPXVHHWcOHVXQG
x6XQQP¡UH0XVHXPcOHVXQG
x%UXGDYROOWXQHW‘UVWD
x6LYHUW$DUIORWPXVHHW9ROGD
x9ROGD%\JGHWXQRJ*DUYHULPXVHHW9ROGD
x'DOVIMRUG)\UPXVHXP'DOVIMRUG
x+HU¡\.\VWPXVHXP+HU¡\
x*RG¡\.\VWPXVHXP*RG¡\
x1RUVN0¡EHOIDJOLJVHQWHU6\NN\OYHQ
x6\NN\OYHQ1DWXUKLVWRULVNHPXVHXP6\NN\OYHQ
x<WVWH6NRWHW6WRUGDO
x/DQGEUXNVPXVHHWIRU0¡UHRJ5RPVGDO*MHUPXQGQHV
ZZZVXQQPRUHPXVHXPQR
Tel.
(+47) 70 16 48 70
7HO
3
ÅRSMELDING 2014
SUNNMØRE MUSEUMSLAG
Årsmøtet 2014 vart halde på Sunnmøre Museum,
Borgundgavlen 27. april. Møtet var kalla inn etter
retningslinene, gjennom medlemsbladet Gavlen.
Før sjølve årsmøtet orienterte Siw Solvang om Middelalderfestivalen som skulle haldast på museet til
sommaren, og det var samling i det eldste bustadhuset på Museet, Skodjestova, der konservator Per
Sæther fortalde om bu- og levevilkår i 1814.
Konstituering av årsmøtet
Innkalling og sakliste vart godkjend, og Sidsel
Waage Aurdal vart vald til ordstyrer. Einy Waage og
Ranveig Siem vart valde til å skrive under møteboka. Etter konstitueringa vart årsmøtesakene behandla etter saklista. Årsmelding og rekneskap for
2013 vart samrøystes vedtekne. Arbeidsplan for
2014 vart vedteken utan merknadar. Vala var og
samrøystes etter innstillinga frå valnemnda.
Arbeidsåret 2014
Styret har i meldingsåret hatt slik samansetning:
Leiar
Anne Lise Hessen Følsvik
Nestleiar
Sidsel Waage Aurdal
Kasserar
Rolf Klock (1 år)
Styremedlemar Harald Kjølås
Arve Berg
Guri Bjørlo
Bjørn Nedreskodje (vald av
stiftinga Sunnmøre Museum)
Varamedlemar 1. Rolf Ivar Ytrebø
2 Ragnhild Aurdal Fet
3 Sissel Blomvik
Revisor:
Ivar Gaupseth
Per Sæther har møtt frå administrasjonen i Sunnmøre Museum.
Valnemnd vald på årsmøtet 2014:
Gunnvor Krogsæter (leiar)
Jonny Finnes
Jan Erstad
Det har vore halde 5 styremøter, og behandla 24
saker i meldingsåret.
Aktiviterar
Søndagsforedrag:
Våren 2014:
Januar:
«Revejegerane på Jan Mayen»
v. Ole M Ellefsen
4
Februar:
Samarbeid med Borgund kyrkje.
«Borgundprest og Eidsvollsmann»
v. Jarle Sulebust
Mars:
«Slekta di rundt 1814»
v. Gunnar Morsund
Hausten 2014:
September: Knut Maaseide om bankskøytene
generellt og om bygginga av kopien
av ei bankskøyte som no skjer på
Prestebrygga.
Oktober: Fellesarrangement med Aalesund
Museum på Fiskerimuseet. Det var
presentasjon av det nye fembinds-verket om Fiskeri- og kysthistoria ved
Leiv Grønnevet og Arnljot Løseth
November: Den nye Sunnmørssoga «Gull av
Gråstein» ved forfatter Eldar Høidal
REPRESENTASJON
Arve Berg, Harald Kjølås og Anne Lise Hessen Følsvik møtte på årsmøte i Stiftinga Sunmøre Museum.
Anne Lise Hessen Følsvik deltok på årsmøte i Forbundet for norske Museumsvenner – FNM – 2014.
Møtet vart halde i Oslo på Teknisk Museum.
GAVLEN
Medlemsbladet Gavlen vert som før sendt ut før
påske. Dette for at alle medlemane skal få direkte
innkalling til årsmøtet gjennom bladet. Krav om
medlemskontingent blir også vedlagt Gavlen.
GÅVE TIL SUNNMØRE MUSEUM
I 2014 vart det gitt ein sum på kr. 20 000 som gåve
til museet. Saman med same summen frå 2013 vart
dette overført til museet, og gåva vart brukt til å utbetre naturstien fram til sætra.
FASTE ARRANGEMENT GJENNOM ÅRET
Museumslaget har også dette året deltatt og hjelpt til
på dei faste opne arrangementa på Museet; Middelalderfestivalen og førjulssøndagen i desember. Middelalderfestivalen i månadsskiftet mai/juni var ny av
året, og vart svært vellykka, med mange besøkande og
god pressedekking. Førjulssøndagen var og godt besøkt, trass i at veret ikkje var av det beste.
E-POSTADRESSER
Vi manglar framleis e-postadresser til nokon av
medlemane våre. Dersom du ikkje får tilsendt Nytt
på museet, er du kanskje ein av dei, eller kanskje du
har skifta e-postadresse det siste året? Vi blir svært
glade om du tar kontakt dersom noko av dette gjeld
deg, du kontakter oss på
museum@sunnmore.museum.no Då vil du få orientering om det som hender på museet over e-post.
MEDLEMAR
Ved årsskiftet var det 273 medlemar i Sunnmøre
Museumslag som har betalt kontingent. Medlemstalet har gått litt ned også dette året, men det er
likevel slik at vi har fått nye medlemar dette året. Dei
som har meldt seg inn denne hausten har ikkje fått
krav om kontingent enno, men vil få kravet no
saman med Gavlen. Dei har med dette ikke blitt registrert enno. Museumslaget bør stadig ha verving
av nye medlemar som ei prioritert sak. Mange av
medlemane våre er støttemedlemar, og vi er svært
glade for dei, men vi treng fleire aktive i Museumslaget. Så vi utfordrar medlemane om å ta del i aktivitetane på museet, og ser fram til å møte deg der.
TAKK
Styret i Sunnmøre Museumslag vil takke alle
frivillege som er medhjelparar på dei ymse arrangementa på Sunnmøre Museum. Vi takkar og
museumsdirektøren og andre i administrasjonen
som er med på styremøta til Museumslaget. Vi rettar
ei stor takk til alle tilsette ved Museet, dei er alltid
hjelpsame og imøtekomande og dei er med på å
gjere Sunnmøre Museum til ein stad der folk trivst
og gjerne kjem att på besøk.
HELSING STYRET I SUNNMØRE MUSEUMSLAG
Anne Lise Hessen Følsvik
Harald Kjølås
Sissel Blomvik (vara)
Sidsel Waage Aurdal
Arve Berg
Ragnhild Aurdal Fet (vara)
Guri Bjørlo
Bjørn Nedreskodje
Helsing frå direktøren
Å ikkje sjå skogen for berre tre, er
eit godt brukande ordtak. Ei
naudsynt påminning kan
ordtaket også vere. Ikkje minst
for museumsfolk, som til dagleg
vankar i område prega av fortid.
I så måte har jubileumsåret
2014 vore nyttig for oss i
Stiftinga Sunnmøre Museum.
Det har nemleg gitt oss høve til
å sjå våre nære omgivnader
med litt andre blikk enn dei daglege. Framfor 200-årsfeiringa
for Grunnloven vart vi oppmoda til å ta på oss nasjonsbyggings-brillene. Det å rette søkelys på kva som gjorde dette vidstrakte landet vårt om til ein, samanhengande nasjon, var
utfordringa vi fekk.
I Stiftinga Sunnmøre Museum valde vi å rette merksemda
mot to, geografiske område: Flåværleia, farleia frå Stad og nord
mot Breisundet, og mellomalderbyen Borgund. Bakgrunnen
for desse vala var enkle nok: Skulle nasjonen byggast, måtte
kysten henge saman. Eit sinnrikt system av vardar, stakar, fortøyingsringar, og etter kvart, fyrlykter og moloar, gjorde ferdsel
mogleg, heile døgnet – og heile året. Dermed måtte Flåværleia
med.
Ved utgangen av året har flittige medarbeidarar registrert,
fotografert og delvis også filma, meir enn 200 kulturminne
langs denne viktige kystleia. Resultatet er tilgjengeleg på nettstaden Kystreise.no. Dessutan har fleire hundre skuleelevar
tatt del i undervisningsopplegg i dette område, for å lære meir
om korleis dei levde, dei som budde og livnærte seg langs
Flåværleia for nokre generasjonar sidan.
Også i Borgundgavlen har altså satsinga vore vinkla mot nasjonsbygging. Her har vi valt å gå heilt tilbake til førhistorisk
tid, for å understreke at det faktisk eksisterte eit knutepunkt
for handel og samferdsle på Sunnmøre allereie da.
Dei fysiske spora etter mellomalderbyen Borgund har fram
til no først og fremst vore resultat av utgravingar i kaupangområdet aust og søraust for kyrkja. Likevel er vi blitt stadig
meir overtydd om at byen Borgund må ha strekt seg over heile
det arealet som museet i dag omfattar; altså heilt nord til
Nørvasundet.
Nye utgravingar er komne i gang. For første gong vert slike
også gjort under vatn – i botnen av Katevågen. Funn frå desse
utgravingane vil bli presentert i den nye utstillinga som blir
opna i Middelaldermuseet seinare i år. Eit nytt, godt isolert, tilbygg vil også kome på plass. Dermed kan vi ta i mot besøkande til dette museet heile året igjennom. Og forteljinga
om Borgund: «Byen før byen» vil kunne haldast levande på
ein heilt annan måte enn i dag.
Å legge til rette for samband langs kysten mellom sør og
nord, mest mogleg uavhengig av vind og ver og årstider, var
altså ein viktig føresetnad for at landet Noreg skulle bli ein nasjon. Gjennom satsingane våre i jubileumsåret 2014, har
Stiftinga Sunnmøre Museum vore med på å auke kunnskapen
om denne føresetnaden . Å utvikle denne kunnskapen vidare,
blir ei sentral oppgåve for museet i åra som kjem.
Helsing Ivar Gunnar Braaten
5
Biskopen frå Borgund
Av Jarle Sulebust
Bispestolen på Kirkjubø
Erlendur hadde vore biskop i 31 år på Færøyane då
han starta bygginga av Magnuskatedralen i år 1300.
Øybuarane var ikkje like glade for prosjektet. Pliktarbeid og tunge skattar måtte til for å finansiera og
reise kyrkjebygget. Til slutt gjorde dei opprør mot
Erlendur. Ein tradisjon seier at dei tok livet av han
nær Kirkjubø og bispegarden. Sanninga er at han
flykta attende til Bergen, byen han ein gong kom
frå. Der døydde han i 1308, men han vart gravlagd
på Kirkjubø.
mars 1309 er erkebiskopen i Uppsala, Nicolaus eller
Nils Kettilsson, dregen inn i saka. Han var i Bergen
og biskop Arne las opp for han den appellen han
hadde sendt til pave Clemens den femte. Han ber
òg paven om forståing for at han på grunn av lang
veg og dårleg vær ikkje kan dra på bispemøtet i
Nidaros. Jørund held på sitt. Lodin eller Ludvig av
Borgund skal vere biskop på Færøyane. Så døyr
erkebiskop Jørund. Domkapitlet i Nidaros sender
brev til Bergen om at erkebispen hadde avslutta sitt
jordiske liv 11. april.
Sira Lodin av Borgund
Eiliv, ny erkebisp i Nidaros
Bispestolen på Færøyane stod såleis tom. Ny biskop
måtte peikast ut, men så viste deg seg at det ikkje
var så liketil. For kven skulle peike ut den nye biskopen? Biskop Arne meinte det var han, biskopen i
Bergen. For slik hadde det alltid vore, i alle høve dei
siste 50 åra. Men i Nidaros sat erkebisp Jørund og
ville ha eit ord med i laget. Han tok pennen fatt og
skreiv eit brev til biskop Arne. Jørund ville berre seie
frå at han på neste bispemøte ville vigsle sokneprest
Lodin av Borgund til ny biskop på Færøyane.
Biskop Arne handla raskt. Då brevet som erkebiskop Jørund skreiv 6. februar 1309 hamna på
skrivepulte til Arne, beslutta han straks å vende seg
til den katolske kyrkja sin øvste leiar, paven. Alt i
Domkapitlet i Nidaros pålegg då biskop Kjetil av
Stavanger nærast å tvinge to andre biskopar til å
vere med og innvie «Lodowicum» som er «rectoris
ecclesie beati Petri de Borgund» til biskop på Færøyane. Den nye erkebispen, Eiliv, må til Rom for å
velsignast av paven. Med seg har han eit brev om
saka. Skipet hans dreg frå Nidaros i september
1309, men motvind gjer at han ikkje kjem seg vidare
frå Bergen før vinterstormane er over.
Kva så med Lodin, soknepresten i Peterskyrkja på
Borgund? Sommaren 1309 er han med Håkon V
Magnusson på kongen si ferd til Danmark og
Sverige. I juli det året oppheld Lodin seg på Øckerø
rett utanfor Gøtaelva sin munning. Her les biskop
Arne opp den appellen han har skrive til Clemens
V. Biskopane Kjetil av Stavanger, Helge av Oslo og
Ingjald av Hamar er der òg. Lodin bad da Kjetil og
Ingjald om å vigsle han til biskop. Truleg går det
ikkje som Lodin ønskjer. Han seglar nordover til
Tønsberg, og no kjem erkebisp Eiliv attende frå
Rom. Han held fast på at sira Lodin frå Borgund er
ny bisp på Færøyane. Eiliv gjev Lodin rett til inntektene av jordegodset til kyrkja på Færøyane slik
at han får dekt reiseutgiftene sine.
Beinbrot og skral helse
Clemens V
6
Andre juledag året etter (1310) er Lodin i Bergen,
og striden er ikkje over. Mykje gjævt folk, inkludert
Lodin, er samla i Munkeliv kloster der Arne på ny
les opp brevet han har sett opp. Lodin vart då spurt
kvifor han ikkje hadde reist til kurien i Rom for å
forsvare si sak. Han unnskyldte seg og sa at han
hadde vore for skrøpeleg. Vinteren 1308 hadde brote
beinet og han hadde så store smerter at dei måtte
bere han om bord då han for frå Borgund til Nidaros.
Det bles motstandarane hans av og sa det ikkje var
Kirkjubø med restane av Magnuskatedralen
mykje som hemma han då han var med kongen til
Danmark året før. Då både rei og segla han.
Mot eit forlik
Etter kvart vart både erkebisp Eiliv og bisp Arne lei
av striden. I mai 1312 var dei båe i Vienne i sørvestFrankrike på paveleg konsil. Lodin var ikkje der.
Kanskje han var heime på Borgund. Dei to bispane
vart samde om å nytte erkebiskop Nicolas av Uppsala som dommar i saka. Dei lova å godta hans avgjer eller bøte 400 florentinske gullfloriner. Nicolas
skulle altså avgjere om det var biskopen i Bergen
eller erkebispen i Nidaros som skulle utnemne biskopen på Færøyane. Partane skulle møtast 30 dagar
seinare i Brugge der Nicolas skulle avsei dommen.
Dommen
Erkebiskop Nicolas gav erkebisp Eiliv medhald og
Lodin vart akseptert av alle som rett biskop av Fær-
øyane. No kunne han endeleg pakke alle sine eignelutar heime på Borgund, finne seg eit skip som
skulle til Færøyane og setje kursen for Kirkjubø og
prestegarden der. Frå no av var det messer i Olavskyrkja der, og ikkje i Peterskyrkja på Borgund.
Kanskje han heldt fram med bygginga av Magnuskatedralen, men så upopulært som dette prosjekt
var, var det kanskje ikkje noko han ivra for.
Katedralen vart heller aldrig ferdig.
No vart ikkje bispegjerninga til Lodin så langvarig. Etter det dei islandske annalane veit å fortelje
drukna han i eit skipsforlis i 1316. «tyndiz skip
Lodins biskops af Færeyium ok hann med sialfr.»
Soga til borgundpresten Lodin var over.
Jarle Sulebust er konservator ved Stiftinga
Sunnmøre Museum
Litteratur og kjelder:
Ingvild Øye:
Kontakten mellom Bergen og Færøyene i middelalderen i arkeologisk
og historisk lys.
G.V.C. Young: From the Vikings to the Reformation. A Chronicle of the Faroe
Islands up to 1538.
Wikipedia – Kirkjubø bispedømme
Diplomatarium Norvegicum (DN): bind 3, nr 76,
77, 78 og 79; bind 6, nr 71; bind 7,
nr 54, 59, 60 og 63; bind 8, nr 27, 29,
31 og 32
Gustav Storm: Islandske Annaler indtil 1578,
side 151
Frimerke av Magnuskatedralen
7
Farge på tilværelsen
Av Tone Anda
Først av alt: jeg har så lyst til å ruske litt i to påstander når det gjelder fargebruk før i tida!
Påstand 1: Sunnmøre var en mørk og fargelaus
landsdel. Folk gikk stort sett svartkledde, med senka
blikk og folda hender.
Vel, det kan nok stemme, men bare delvis - for om
livssynet var mørkt, kunne fargebruken være frisk
nok: under det svarte skjørtet hadde kvinnene
understakker, og her var det ikke spart på fargene!
Understakkene på bildet er fra ulike steder på
Sunnmøre. De er vevd av «kjøpegarn», anilinfarga
garn i skarpe farger som kom i handelen i 1870-åra.
Påstand 2: Den gangen de farget ulla med
fargeemner fra planter som var samla i naturen, ble
fargene milde og duse, som dem vi nå for tida kaller
«naturfarger».
Feil. Bare se garnet på bildet! Det er farga med
laven korkje (Ochrolechia tartarea), som du finner
på gråsteinsberg eller store steiner langs kysten.
Rimelig heftig farge, spør du meg!
Korkje
Og slik ser den ut korkjen. I seg sjøl er den nokså
unnselig og gråkvit, sjøl om den kan lyse opp i landskapet. Fra Syvde heter det at «Kviteblikk eller
blikkmose ....-ein gråkvit lavart som ofte dekte heile
overflata av større steinar. Slike blikksteinar vart ofte
8
brukte som stadmerke i utmarka i fjellet. Dei kunne
ofte ha eigne namn, såleis Gråkyra i Tennesskardet,
Kviteblikket i Småkuslettene.» Korkje heter forresten nesten det samme på færøyisk: korki. Navnet
skjemmer ingen, og antagelig har den fått navnet
sitt fra keltisk. På gælisk og gammelirsk brukes
nemlig ordet corcar for fargen purpur, i følge Klaus
Høiland ved Botanisk Museum i Oslo.
Purpur
Fra de tidligste tider har den røde fargen vært ettertrakta. Den kostbare, blårøde purpurfargen var
fargen for de mektige: for keisere, paver og
kardinaler.
Bibelen forteller hvordan Moses får instruks fra
Gud om innredninga av tabernaklet (israelittenes
telthelligdom) og om presteklærne: «-gull, sølv og
kobber og blå og purpurrød og karmosinrød ull og
fint lingarn og gjetehår og rødfargede værskinn.»
I antikken var det fønikerne øst i Middelhavet
som produserte det kostbare purpurfargestoffet. De
utvant fargen fra en liten strandsnegl - purpursneglen. Handelen med rødfarge var grunnlaget for
denne mektige sjøfarts- og handelsstaten. Til å
framstille 1,4kg reint fargeemne gikk det med 12
000 snegler. Ikke rart fargen ble dyr! Fønikerne ble
faktisk kalt phoiniki - det «purpurrøde folket» på
grunn av denne viktige handelsvaren.
Men purpursneglen lever også i kaldere farvann:
Presten i Borgund på Sunnmøre, Hans Strøm (1726
– 97), var en respektert naturvitenskapsmann. Det
er få i Norge som har undersøkt og klassifisert så
mange planter og dyr som han.
Strøm sin anatomiske undersøkelse av purpursneglen ble regnet som et mønsterarbeid for si tid.
Her skriver han også om utvinning av purpurfargen.
Eksportvare
På gammelnorsk kalte de korkje for litmosi, altså
fargemose (lit eller let betyr farge). Og denne fa-
Håkon 5. Magnusson, hogd i kleber i Stavanger Domkirke.
(Wikipedia)
Forside og illustrasjoner fra Hans Strøm si avhandling om purpursneglen.
9
belaktige rødfargen som litmosen ga, har folk brukt
på klærne sine her hos oss i mange hundre år, heilt
siden middelalderen.
Litmosen ble ikke bare sanka inn til hjemmefarging av ull, den var også en eksportartikkel. Når de
skulle framstille farge av korkje, knuste de laven,
fuktet den med urin og la den til gjæring på et lunt
sted noen uker. Til slutt ble den eltet til kaker, som
så gikk til eksport eller til hjemmebruk.
I ei forordning om toll på forskjellige varer som
ble utført fra Norge, er litmose nevnt. Dokumentet
er datert 30.juli 1316, av selveste kongen, Håkon 5.
Magnusson. Og eksporten gikk fra store deler av
Vestlandet og Sørlandet, særlig til Skottland.
Farging med korkje
Det fins nedskrevet tradisjon om farging med korkje
fra mange bygder på Sunnmøre, men på 1800-tallet
avtok bruken av korkje. Den fine rødfargen var ikke
særlig lysekte, og etter hvert som mer holdbare
rødfarger kom i handelen, ble korkjen utkonkurrert.
Randi Muldal, god kollega på Sunnmøre Museum,
er en av dem som behersker kunsten å farge med
korkje. Har du lyst til å prøve, følg denne linken til
filmen «Purpur med korkje» :
http://youtu.be/XyoGBc0lT64
Kaupstad og korkje
På museet arbeider vi nå med ei stor, ny utstilling om
Sunnmøre i middelalderen, den gangen Borgund var
et senter for aktivitet og handel på Sunnmøre. Vi vet
mye om denne byen etterhvert, som vi gleder oss til
å fortelle. Og gjennom nye utgravninger på land og i
sjøen finner vi stadig ut mer. Vi vet foreløpig ikke om
korkje var en av eksportartiklene fra Borgund
sammen med tørrfisk, huder og skinn. Men kanskje
var det slik, at røde fargeemner fra Borgund farga
striper og ruter i de skotske kiltene - hvem vet?
Tone Anda er en av bloggerne i Stiftinga Sunnmøre Museum. Mer
om urter, blomster, mat og historie finner du på bloggen hennes
Urtedrops fra Sunnmøre Museum (urtedrops.blogspot.no).
Tone Anda er utstillingsansvarlig i Stiftinga
Sunnmøre Museum
Gards-smie frå Årsæter i Ørsta
Av Per Sæther
Gardssmia som har stått på garden Årsæter i Ørsta
så lenge nokon kan minnast, var eit hus for ulike
slag arbeid. Huset var innreidd som smie, med esse
og stor blåsebelg og ambolt, festa i ein stor stabbe.
Her var og kylne – korntørke. Årsætersmia vart
nytta til reparasjons- og vølingsarbeid. Dei fleste
gardane hadde ein smiplass for det mest vanlege
vølingsarbeidet. Gardssmiene var som regel bygd i
stein, og sto vanlegvis i utkanten av tunet på grunn
av brannfare.
Smia vart gitt til Sunnmøre Museum frå Sigvald J.
Aarsæter i 1949. den som formidla denne gåva var
Teikna av K. Straume
10
Foto: Mirjam Vikestrand, Sunnmøre Museum
målaren Karl Straume, som var museets kontaktperson i Ørsta. Han dokumenterte huset med
nokre enkle skisser. Årsætersmia vart reist på
museet året etter. Steinen som smia var bygd opp
av, vart truleg ikkje flytta.Steinen som vart nytta i
Borgundgavlen ser ut til å vere henta frå dei
nærmaste omgjevnadene. Mangelen på kunnskap
om tradisjonell tørrmuring, gjorde nok sitt til at det
ikkje vart nokon god bygning.
Ein gjennomgang av bygningen i 1977 fortel:
«Heile murverket må takast att av di det ikkje er
fundamentert telefritt. Det må gravast til telefri
djupn og murast oppatt betre på nytt fundament.»
I 2007 vart smia tatt ned. Smia skulle flyttast til ny
og betre tomt oppe på bakken i utkanten av «Ørstatunet». Året etter vart gjenreisingsarbeidet igangsett
med kurs i tørrsteinsmuring for dei tilsette i
Stiftinga Sunnmøre Museum. Kurset vart leia av
Espen Marthinsen frå Norsk Handverksutvikling.
Museet sine handverkarer og konservator Per
Sæther førte arbeidet sakte men sikkert vidare slik
at smia no står ferdig oppmura. Takkonstruksjonen
var dårleg og blei også skifta. Dør og vindu var ikkje
bevart frå den gamle smia, så her vart det laga nytt,
etter dokumentasjon av andre gardssmier på Sunnmøre. Muren som vart bygd er ein dobbel kistemur
med ein utvendig og innvendig mur, bunde saman
med stein på tvers frå innermur til yttermur.
Holromet vart fylt opp med grus. Huset står no på
frostfritt fundament.
Teikna av K. Straume
Teikna av K. Straume
Per Sæther er konservator/samlingsansvarleg
ved Stiftinga Sunnmøre Museum
11
Åkre bedehus, Haramsøy – eit
viktig kulturminne
Av Aud Farstad
Bedehuset på Åkre. Foto: Per Sæther - Sunnmøre Museum
Åkre bedehus stod ferdig i
1889 i kjølvatnet av dei store
religiøse vekkingane på
1880-talet. Vekkingar som
var enormt viktige og har –
saman med andre lavkyrkjeleg religiøsitet – sett sitt
preg på trusliv, kultur- og
næringsliv på Sunnmøre
fram til i dag. Eg vil hevde at
eit folkemuseum på Sunnmøre utan eit bedehus, ikkje
gjev eit godt nok bilde av
kultur- og samfunnsliv på
Sunnmøre dei siste 150-åra.
Bedehuset på Åkre var i
sporadisk bruk til for om lag
fem år sidan då ein fekk så
store pålegg om utbetring av
det elektriske anlegget at det
ikkje
var
økonomisk
mogeleg å gjennomføre. Det er no det eldste bedehuset på Sunnmøre som er såpass uendra. Slik
sett har det høg kulturhistorisk verdi.
Bedehuset har òg intakt interiør med talarstol,
galleri, vedomn, benkar og bord. Her er òg svært
mykje servise merka med «Åkre bedehus», bibel og
postill frå då huset var nytt, søndagsskulemateriale,
ei stjerne brukt i heilage tre kongars-spel (eit spel
som har historie attende til mellomalderen, og som
det er gammal tradisjon for på øyane), kopparkaffikjel og mykje anna utstyr. Her er òg to orgel frå
Vestre orgelfabrikk. Eitt av dei svært gammalt –
truleg frå fabrikken var ny på 1880-talet. Saman
med både benkar og bord laga på møbelfabrikken
på Haram, representerer desse gjenstandane òg
viktig industrihistorie for Haramsøy og for Haram
kommune.
Bygningshistorie:
På møte 13.10 1888 vart det bestemt at «huset
skulle være 22 alen langt, 16 alen bredt , 7 alen høit
(13,80 m lang, 10,04 m breidt og 4,40 m høgt).
Huset skal opføres af tømmer (kløvet) 9 a 10
Rundovn. Foto: Aud Farstad
12
Frå inventaret. Foto: Aud Farstad
Petter Fjørtoft vart på nytt tilsett for å leie oppattbygginga. Bredda skulle bli redusert med 3 alen og
lengda med inntil 2 alen. Oppmålinga gjort av
Sunnmøre Museum sine tilsette 31.10.2013 viste
desse måla: Lengde gammal del: 13 m. Tilbygg 2,7
m. Bredde 8,4 m. Høgde langvegg 4,10 m.
Ved oppattbygginga vart taket dekt med skifer frå
Finnmark.
I 1948 vart det vedteke å pusse opp bedehuset
med doble glas, kledning av alle tak med eternitt,
veggen i småsalen og gangen med hard huntonit,
veggen i storsalen med porøs huntonit og heile
huset oppmåla. Ein skulle òg støype ein kum for å
samle vatn, og elles kjøpe inn 15 benkar a 1.20 m
og 16 benkar a 1.80 m. Desse er framleis i huset.
I 1966 vart det bygd tilbygg mot vest med toalett
og kjøken. Denne siste ombygginga er ikkje så godt
dokumentert i møteprotokollen, men her kan det
vere realistisk von om med at det finst folk som kan
hugse kva som elles vart gjort.
For eit knapt tiår sidan vart taket lagt på nytt.
Bygning og materiale, er i jamt god stand.
Immateriell historie
Frå inventaret. Foto: Aud Farstad
tommer top, 4 fag vinduer på hver side, 3 i vestre
ende. I den ene ende skal det være et mindre værelse og gang.» som det står i møteprotokollen.
Rasmus Åkre gav tomt til bedehuset og muren vart
sett opp på dugnad. Petter Fjørtoft vart tilsett som
byggeleiar og tømmeret vart henta frå Ole Lønset i
Bolsøy prestegjeld. Ein del bordmateriale vart kjøpt
inn frå trelasthandlar Tronæs (?) i Steinkjær. Taket
var dekt med spon. Ved sidan av Petter Fjørtoft vart
Kristoffer Ytrestrand, Laurits Haram, Knut Haram
og Knut Nakken tilsette for kr 2,- per dag på eigen
kost, for å sette opp huset.
Bedehuset stod altså ferdig i 1889 og vart vigsla av
prost Moe den 12. september det året. 1200
menneske møtte og «alle fekk plass i huset».
I den detaljerte rekneskapen går det fram at huset
til saman kosta kr. 2845,46
Huset vart malt kvitt med gule lister og taket innsett med oker og bruntran.
I oktober 1899 reiv ein storm ned bedehuset og
Huset var, ved sidan av skulen, eit svært viktig forsamlingshus på Åkre og Haram. Her har vore
tallause basarar, møter, skule, turnforeining og
annan aktivitet. Sidan det har vore i bruk heilt fram
til for få år sidan, er det mange som hugsar det i
bruk. Ein må rekne med at det finst mange foto –
og andre minner – frå bedehuset mellom folk som
har vakse opp og budd på Haramsøy. Dette er eit
stort pluss for kulturminnet og tel sterkt med når
ein vel å take vare på dette bedehuset.
Frå salen. Foto: Aud Farstad
Aud Farstad er historikar
13
Klausendammen
Av Ivar Gunnar Braaten
Stål mot is. Ein slepande, knitrande lyd. Snøstille
sundagsettermiddag i januar. Midt på kalde
vinteren. Hadde fått bandyskøyter til jul. Ser meg
sjølv der: Den stolte tiåringen som tråkker gjennom
djupsnøen forbi Borgund kyrkje med ei skøyte i kvar
hand. Opp bakken langs kyrkjegarden. Passerer dei
siste husa i Borgundgavlen. Så ein smal sti gjennom
skogen. Og der, der kjem den til syne – alle små
skøyteløparar sitt lokale eldorado: Sjølvaste
Klausendammen!
Islagt. Blank. Funklande i sola som ein nyslipen
diamant. Klar til å bli inntatt av huiande ungar med
ambisiøse mål om å bli ein ny Maier eller Mo: Men
da måtte rundetidene ned. Så vi sprinta. Vi veksla.
Vi snubla. Og vi sveitta. Heile ettermiddagen stod
vi på. Til mørkret tvang oss av med skøytene og
heimover igjen: Langs skumle kyrkjegardsstigar og
forbi mørklagte, tjøresmurde museumshus med
kolsvarte vindauge som stirra stilt på oss der vi luska
oss, eller snarare, hasta, heim. Heim, før mørkret tok
oss. Heim til kakao, brødskiver, tørre strømper og ei
lun, trygg seng.
Dammen i dag
Ein vinterdag i februar 2015: Knapt femti år er gått.
Langs den same vegen som den gang. Eit høgt
gjerde er sett opp kring Klausendammen. Framleis
kan den kanskje kallast ein dam. Men berre så vidt.
Klausendammen, ein vinterleg februardag i 2015.
14
Lite vatn. Steinar og røter stikk opp av isen. Kvister
og greiner strittar til værs, der oppløpssida ein gang
var. Skøyteløp her? Knapt til å tru.
Likevel: Den solide steinmuren står like støtt som
på 60-talet. Eit synleg symbol framleis, frå ei tid som
for lengst har passert. Fjernt frå leikande ungar på
isen, gjennom få og flyktige vinterveker. Men bitar
av eventyret ber den framleis med seg. For ein slik
mur vart ikkje bygd tilfeldig.
Dette var nemleg staden der store planar skulle
realiserast. Det vart vi ungane fortalt. Verkeleg store
planar. Ein advokat og forretningsmann ved namn
Klausen ville sette seg opp ein diger villa, nærast eit
eventyrslott, her i skogen sør i Borgundgavlen. Av
ein eller annan grunn begynte han med dammen.
Dammen skulle bli eit stort og staseleg symjebasseng. Med eit slikt basseng, kunne vi berre tenkje
oss kva for eit praktbygg som her var planlagt!
Om fantasien løp av garde med oss ungane på 60talet, skulle det vise seg at dei verkelege planane
overgjekk fantasien. Og det med god margin. Det
fekk vi bekrefta femti år seinare. For dammen var
berre byrjinga!
«Villa Borgundgavlen»
Det var Merete Klausen som kom med nye spor i
saka. Ho har teke vare på teikningane som farfaren,
Trygve Klausen, fekk laga for «Villa Borgundgavlen».
Frå planteikningane til «Villa Borgundgavlen», av arkitekt Rudolf Emanuel Jacobsen: Foto: Anderson/SEDAK
15
Ny- Ålesund, ca. 1920. (Foto. Aalesunds Museums arkiv)
«Villa Borgundgavlen» skulle ligge nett i det området der Klausendammen ligg. Både fasadeteikningar og planteikningar fekk museet låne. I detalj
syner dei korleis dette storbygget skulle sjå ut, med
datering «1. august 1918».
«Villa Borgundgavlen» vart teikna av Kristianiaarkitekten Rudolf Emanuel Jacobsen (1879 -1937).
Jacobsen teikna fleire monumentale bygningar.
Mest kjent er vel hovudpostkontoret i Dronningens
gate i Oslo. I tillegg bidrog Jacobsen med fleire bygningar som vart sett opp til jubileumsutstillinga i
hovudstaden i 1914. Andre prosjekt i same by, som
ombygginga av Savoy hotell i 1916, og fleire villaer
i nasjonalromantisk stil, stod han også bak.
I 1918 var det altså ein diger einebustad i
Borgundgavlen som var oppdraget. Dette var også
eit prosjekt der det var tydeleg at arkitekten ønskte
å legge vekt på det nasjonalromantiske uttrykket.
Den nasjonalromantiske stilen låg i tida. Denne
stilretninga meinte nok også byggherren var passande i Borgundgavlen. Nærleiken til den gamle kyrkjestaden Borgund, kan ha virka inn på dette. Nokre
år tidligare var det dessutan kome i gang utgravingar for å finne spor etter kjøpstaden
Borgundkaupangen. Så sterke historiske tradisjonar
fanst allereie i området. Og desse synte ei eintydig
lenke tilbake til den gamle, sjølvstendige nasjonen.
Som andre i sin generasjon var nok Trygve
Klausen påverka av dei sterke, nasjonale straumdraga i kjølvatnet av unionsoppløysninga i 1905.
Kanskje var også slike kjensler styrande for det arkitektoniske uttrykket som Klausen valte?
Trygve Klausen
Trygve Klausen. (Foto utlånt av Merete Klausen.)
16
Kven var så denne advokaten som tenkte så storstilt
– og som ønskte å realisere sine planar midt i eit
område som på den tida framleis var rekna som
landsbygda?
Trygve Klausen vart fødd i Ålesund i 1876. Faren,
Olaf Klausen, var overlærar ved folkeskulen i byen.
Trygve Klausen ble cand. jur. i 1901. I 1905 opna han
sakførarforretning i Ålesund, saman med Kr. Fr.
Brøgger. To år seinare vart Klausen gift med Esther
Brøgger, som var systera til kompanjongen.
Etter kvart vart Trygve Klausen involvert i ei rekkje
selskap i heimbyen. Han var (i 1920) direktør for
Ålesunds Kreditbank og administrerande direktør
for Vestenfjeldske Skibshypotekforening. Dessutan
var han formann i styret for Ålesunds Fiskeriselskap,
A/S Ishavet, Siglufjords Sildesalteri og Anlæg & co.,
Arbeidsstokken i Ny- Ålesund, ca. 1920. Innringa: Trygve Klausen. (Foto utlånt av Merete Klausen)
Ålesunds Meieri og Søndmøre Gjensidige Assuranse- Selskap for Ishavsfartøier. Klausen var dessutan medlem av styra for Hjørungavågs Mekaniske
Verksted, A/S Gustav Andersen, og Ålesunds Avis.
Som om ikkje dette var nok, var han også skipsreiar,
og eigde både fiskedampskip og ishavsskute.
Det var likevel ei satsing som etter kvart kom til å
ta meir tid enn alt det andre. Det var å få til rekningsvarande utvinning av kol på Svalbard. Klausen
omtala i 1920 satsinga slik:
«… Min største interesse er for tiden Kings Bay. Vi
har der fra begynnelsen under vanskelige forhold
grunnlagt en bedrift som har en vinterstyrke av ca. 200
mann og en sommerstyrke av ca. 350 mann. Vi håber
i år å kunne føre til Norge 30 000 tons førsteklasses
kull. Jeg er dessuten sterkt interessert i nye anlegg på
Island…» («Studenterboken», 1920.)
Ny- Ålesund
Under Første Verdskrigen, da tyske ubåtar stengte
for naudsynt tilgang til kol til dei sunnmørske ishavsskutene og fiskedamparane, vart drivstoffmangelen prekær. Det fekk også reiaren Trygve
Klausen oppleve på kroppen. For å sikre vidare drift
av denne flåten, som utgjorde ryggmargen i det
sunnmørske næringslivet, måtte nye utvegar
finnast. Og det hasta!
Trygve Klausen tok til å sjå nordover, mot øygruppa som den gongen bar namnet Spitsbergen,
og som ikkje minst dei sunnmørske selfangarane
allereie var fortrulege med. Saman med Mikael
Knudsen og Peter S. Brandal fekk Klausen sikra seg
kolfeltet i Kings Bay i 1916. Her sette dei i gang med
gruvedrift. Gruvedrifta i Kings Bay danna grunnlaget for et heilt nytt samfunn der på 79 grader nord.
I det som etter kvart fekk namnet Ny- Ålesund, vart
det bygd opp kring 50 hus, med utskipingshamn,
jernbane, og sysselsetjing for opp mot 350 mann.
Klausen og dei andre i Kings Bay Kul Compani
A/S sytte for at banda mellom Spitsbergen og Sunnmøre vart tette: Gruveselskapet etablerte sitt
hovudkontor i Ålesund, og den lokale forretningsbanken, Ålesunds Kreditbank, vart den
viktigaste långjevar til selskapet. Dessutan vart
fleire sunnmørs-skuter årvisst sysselsett med
frakt av kol frå gruvene i Kings Bay, etter avslutta
ishavssesong.
Nedgangstider
På det tidspunktet da Trygve Klausen skreiv om seg
sjølv i «Studenterboken», var det i ferd med å danne
seg eit svært så trugande skylag på den økonomiske
himmelen. Etter gode tider under krigen, kom nedgangen. Den var kraftig. Og den kom brått: Prisane
17
Dammen, sett frå vest. Med restane av vekslingssida i venstre biletkant.
på fangst- og fiskeriprodukt fall som eit blylodd.
Samstundes auka driftsutgiftene kraftig.
I 1922 slo krisa inn over dei lokale bankane med
full tyngd. Ålesunds Kreditbank var den første som
måtte innstille. Eit par månadar seinare skjedde det
same med Ålesunds Handelsbank. Den tredje forretningsbanken i byen, Ålesunds Landmannsbank,
heldt det gåande til sommaren 1923. Da måtte også
den settast under offentleg administrasjon. Bankkrisa var eit faktum. Og det var ei krise som råka det
omskiftelige, fiskeri- og fangstbaserte, næringslivet
i Ålesund med full tyngd.
Det var eit næringsliv som også kol-felta på 79
grader nord, var vevd tett inn i. Når no hovudbankforbindelsen gjekk over ende, vart det difor i praksis
uråd å halde fram som før.
I boka «Ishavsfangst» frå 1951 har Odd Vollan gitt
følgjande skildring av tilhøva for Kings Bay Kul
Compani: «…Selskapet ble (…)revet med under det
krakk som gjorde at de fleste av rederne måtte gå fra
båtene sine, samtidig med at bankene kom under offentlig administrasjon…»(s. 23.)
Truleg vart også planane for «Villa Borgund-gavlen»
lagt i skuffen på denne tida, medan kriser og kaos truga
næringsgrunnlaget til mang ein driftig sunnmøring..
Eventyrslottet vart iallfall aldri bygd. Og Trygve Klausen
døydde allereie i 1924, av sjukdom.
18
Men Klausendammen, den finst altså framleis.
Difor: Ei oppmoding til slutt:
Ta ein tur til den tilgrodde Klausendammen vest
for kyrkjegarden i Borgund. Ta ein pust i bakken ved
muren rundt dammen. Ein mur som står som eit talande symbol på virketrong og framtidsoptimisme,
støypt på ruinane av det verdsdramaet som utspant
seg for hundre år sidan. Ein kvil ved dette minnet
om eventyrslottet som aldri vart bygd, kan spore til
mang slags refleksjonar: Om krig og blokade. Om
fiskedampskip og mangel på kol. Om sunnmørske
satsingar langt, langt mot nord. Og, ikkje minst:
Undring over at synlege spor etter alt dette framleis
finst – her i Borgundgavlen, av alle stadar.
Ivar Braaten er direktør og historikar ved
Stiftinga Sunnmøre Museum
Frå skreppehandel til supermarknad
Av Harald Kjølås
Heilt fram til pengehushaldet slo gjennom utover
på 1800-talet, var skikken at kvar gard stort sett
skulle vere sjølvforsynt. Varebyte eller kjøp og sal
spelte berre ei marginal rolle, men so skjer det store
hamskiftet. Liberale idear frå England og kontinentet slo innover også våre kystar, og kom til å
prege både den nye grunnlova og samfunnsøkonomien. Gjennombrotet for pengehushaldet også
på bygdene var eit vilkår for den moderne landhandelen. Men den bufaste landhandlaren vart
samtidig den fremste misjonæren for pengehushaldet på bygdene. Dei gamle verdimåla, dalar og
ort, var ikkje gode nok, og i 1875 vart det innført nye
myntar og mynteiningar: Krone og øre. Dalaren vart
til krone og ort vart til øre.
Skreppehandlarar og jektefart
Forløparen til dei bufaste handelsmennene var
kramkarane og skreppehandlarane som reiste
gardimellom og bar på ei stor, svær skinn- eller
lerretsskreppe på ryggen. Inn på 1900-talet kom dei
gjerne med sykkel og med ein diger koffert på bagasjebrettet som dei kunne brette ut i alle retningar,
og der det var alle slags varer som bondefamiliane
oppdaga dei hadde bruk for, og som familien ikkje
kunne lage sjølv. Bytehandel, varebyte, kunne nok
vere vanleg i starten, men meir og meir tok kontantane over. Sunnmøringane dreiv ikkje mykje
med skreppehandel. Det var gjerne unge menn frå
Hallingdal, Numedal og Voss som kom hit, og dei
var velkomne. Langborda vart rydda og varene vart
breidde utover. Dette var før avisene si tid, og
kramkarane kunne fortelje om det som skjedde i
bygdene dei hadde passert.
Før skreppehandlarane kom, langs kysten og
jamvel inne i fjordane var det jektene som var
bindeleddet mellom bygdene og dei handlande i
byane, og det var i all hovudsak snakk om berre to
byar, Trondheim (eller Trandem som dei sa) og
Bergen. Litt varebyte skjedde saktens også i byen
Slik såg butikken til O.A. Kjølaas på Stranda ut i 1930-åra. Bak disken står dottera hans, Aasta, som vart gift med Olaf
Dimmen frå Hareid og det var dette ekteparet som tok over drifta av butikken i 1939. O.A. Kjølaas døydde i 1949.
19
Dette nyare bildet av det forretningsbygget O.A. Kjølaas fekk bygd og tok i bruk i 1903 vart seinare ombygd, men inngangen
var den same. I dag står butikklokala tomme.
Christianssund (seinare Kristiansund), men det var
på veg til og frå Trondheim. Dit reiste dei gjerne
tidleg i februar (ved kyndelsmesse 2. februar) og dei
kunne bruke opp til sju veker på ei slik ferd. Etter
våronna ut i mai gjekk jektene til Bergen. Til desse
ferdene brukte dei råjekter, svært mange av dei
bygde i Bjørkedalen, men også av bjørkedalingar
som reiste rundt på bygdene og lærte frå seg
kunsten. Både i Viken i Fjørå og i Kjølåsvika på
Stranda bygde dei såleis jekter. Jekteskipparane var
viktige personar i lokalsamfunna. Dei var
kystkunnige, skreiv leidabøker som fortalde om
hamner, fjell, skjær og holmar. Dei tok også imot bestilling på varer bygdefolket ville ha kjøpt i byen, og
dei hadde med seg varer frå bøndene som skulle
seljast i byen. I Geiranger til dømes, kom
skjåkværane over fjellet og hadde med seg både
huder og tjøre og andre bondevarer som dei ville ha
selt i Trondheim, mens dei bestilte salt, kjolety og
kanskje både litt sukker og tobakk i retur. Slik var
det i dei fleste bygdene. Det var ikkje rein
bytehandel åleine, men ei gradvis innføring av meir
og meir pengehushald. Kjøt, talg, smør, huder og
skinn, bein, bork og never, oske og tjøre hadde dei
gjerne med til byen, og heim att hadde dei med
20
kvern- og slipesteinar, smijarn og gryter, korn, erter,
salt og tobakk. Dette kunne så bli eit gryande
grunnlag for ein handelsmann i heimbygda. I
midten av 1800-talet dabba jektefarten av. Veksten i
næringslivet, rutegåande dampskip langs kysten
gjorde at jektefarten vart utkonkurrert av den
bufaste bygdehandelsmannen. Etter den nye
handelslova av 1842 vart handelen fri både i byane
og på landet og futen kunne gi handelsbrev til kvar
myndig mann eller kvinne.
Handel rundt kyrkjene
Trass i dette frisleppet var det ikkje stor vekst i
handelsverksemda rundt om å sunnmørsbygdene.
Dels vart tidene dårlegare i 1870-åra, og dei fleste
bygder mangla økonomiske vilkår for ein livleg
handel. Betre samferdsel, rutegåande dampskip
både inn og ut av fjordane og langs kysten, kombinert med at ein større del av innbyggarane på bygdene livnærte seg av andre yrke enn det å vere
gardbrukar, gjorde at marknaden for handel voks.
Lokalisering vart viktig. I fjordbygdene sto det
gjerne tett med kyrkjebuder og naust nær kyrkja, og
etter preika var det vanleg at det vart drive handel
frå slike buder. Norma og den religiøse plikta dei
På Stranda som på andre strandstader innover Storfjorden sto det tett i tett med kyrkjebuder og naust rundt kyrkja. Budene
eigde bøndene, og dei brukte dei til å byte klede når dei skulle til kyrkje, og det brukte dei også som lager både til varer dei
handla med, og til høy for hesten. Denne samlinga av trebygningar tett i tett utgjorde ein stor brannfare, og på Stranda vart
det forbod mot å bruke eld i dette området etter klokka 18.00.
kjende om å gå til kyrkje kvar sundag, gjorde at
mange folk frå heile bygda var samla i preiketida, og
grunnlaget var lagt for ein livleg handel. I 1879 tok
det fyr i to kyrkjebuder som sto nær kyrkja på
Stranda. Det hadde vore livleg handel i ei av budene
preikesundagen, dagen før, og om natta tok det til
å brenne. Endeveggen mot sjøen på kyrkja vart heilt
svartsvidd. Det resulterte i at stiftsdireksjonen
fastsette at det i ein sirkel med 60 meters radius
rundt kyrkja skulle vere forbod mot å tende lys etter
klokka 18.00. Det gjorde at Stranda fekk stengingstid i sentrum frå det klokkeslettet, og budene si tid
som samlingsstad for ungdomen var dermed over.
Det å lokalisere handelen nærast mogeleg der
gods og passasjerar frå rutebåten kom i land, og
samtidig nærast mogeleg kyrkja, var viktig. Det å
kombinere kyrkjeferd og handel vart framleis viktig
i mange år enno i mange bygder. Kaier fanst ikkje,
slik at føring av både gods og passasjerar mellom
ein landgangsvôr og rutebåten måtte skje med føringsbåt. I mange av sunnmørsbygdene var dei
handlande sterkt frampå når det galdt å få bygd kai
så nær landhandelen som mogeleg. Dei handlande
ivra også for å kombinere jobben som ekspeditør for
rutebåten med jobben som handelsmann. På
Stranda var det såleis landhandlarane i firmaet P.K.
Langeloe & Ringstad som i mange år dreiv både
dampskipsekspedisjonen og var einerådande på butikkhandel i bygda. I Sykkylven var det handels-
mann Severin Aure som vart dampskipsekspeditør.
Denne yrkeskombinasjonen gjekk nok att i dei
fleste bygder fram til det skjedde ei sterkare
spesialisering på 1900-talet.
Vegar gav vekst
I 1882 starta dei å bygge veg over Geirangerfjellet til
Skjåk. Alt i 1868 opna Georg Martinus K. Merok
landhandel i Geiranger i det som vart heitande
Lånabuda. Eit handelslag var også i drift nokre år,
men etter av vegbygginga starta steig optimismen
og tre nye handelsforretningar vart etablerte i
Geiranger og ei på Hellesylt. I 1886 var det seks
landhandlarar i Geiranger. Tjue år tidlegare hadde
herradsstyret i Sunnylven konkludert med at det
ikkje var nokon vits i å opne ein landhandel på ein
så avsides og nesten folketom plass som Geiranger.
Dei mange forretningane som vart starta i anleggstida, 8-10 forretningar, var likevel eit døme på overoptimisme og overetablering, og mange måtte gi
seg etter at anleggstida var over.
Det blir sagt at dei første landhandlarane gjekk
med lykelen til butikken i lomma mens han
arbeidde på åkeren. Kom der ein kunde og skulle
handle, vart butikken opna, nesten uansett kva tid
på døgnet og om det var kvardag eller sundag. Til
butikken som Nils Stokke, i daglegtalen kalla
Stokke-Nils, etablerte i eit naust i Stokkevika i
Oaldsbygda, var der ikkje ein gong ein lykel, berre
21
Stranda sentrum, Sløgstad, rundt 1910. Til venstre kjem Storelva ned, til høgre for elva låg Jakteveitå der dei drog opp
jektene og la dei i opplag. Det kvite huset nedst mot sjøen var det huset O.A. Kjølaas bygde og tok i bruk i 1903. Rundt huset
låg det tett i tett med kyrkjebuder. Nokre av desse vart i si tid flytta ut til Sunnmøre Museum og står der den dag i dag.
ein krok. Kundane frå gardane langs fjorden og i
Oaldsbygda kunne gå inn og hente seg varer som
dei så skreiv opp i ei bok og betalte når dei trefte på
Nils. Ysta gjorde dei på dei fleste fjord- og fjellgardane, og landhandlarane kjøpte for vidaresal,
men dei var plaga med at osten tok si tid frå
bøndene til landhandlarane og dermed tørka han
opp og sprakk. Stokke-Nils vende seg til ein
hermetikkfabrikk i Stavanger og kjøpte 700
hermetikkboksar som han brukte til å hermetisere
osten. Første forsøket vart ein fiasko, men han reiste
rundt og instruerte bøndene og dei fekk det til.
Dermed kunne Stokke-Nils sende ost til kjøparar
både på Austlandet, Sørlandet og i Nordland. Dette
vart starten på den landhandelen han seinare etablerte på Hellesylt.
Seljar i Lofoten
Ein av dei som kom til å spele ei heilt sentral rolle i
etableringa av ein eigen organisasjon for landhandlarane på Sunnmøre, Ole Andreas Kjølaas, på
Stranda, starta straks etter at han vart konfirmert i
1881 som dreng hos handelsmennene Hans J. Ringstad, Lars Langelo og Per Kristian Langlo. Saman
dreiv dei firmaet P.K. Langelo & Ringstad. I eit par
år var han der for å lære. Så reiste han på lofotfiske.
Turen frå Ålesund til Svolvær tok heile 12 døgn, og
det var 800 passasjerar om bord på kystbåten. Han
fekk jobb som rorskar, men han såg raskt den store
etterspurnaden etter matvarer blant fiskarane, og
han skreiv heim til faren på Stranda og ba han
22
sende dei matvarene han kunne få tak i. I tre år dreiv
han som rorskar med handel som biinntekt i
Lofoten. På vårparten i 1886 kom kjøpmann Per Kr.
Langlo til O.A. Kjølaas og spurde om han ville stå
for salet av sommarsmøret deira dette året. Det viste
seg å vere 105 dunkar kvar på 18 kilo, i alt 1890 kilo,
og prisen skulle vere på kr. 1,60 pr. kilo. Han fekk
kreditt, elles hadde han ikkje hatt råd til å kjøpe
dette partiet til over 3.000 kroner. Han reiste til
Bergen med heile partiet, men dit hadde det kome
eit stort parti med billeg smør frå Australia. Dermed
måtte O.A. Kjølaas snu seg, og han valde å sende
det meste av partiet, minus dei fem dunkane han
hadde fått selt i Bergen, til Lofoten. Etter jul reiste
han sjølv etter, og salet gjekk godt. Han fekk to
kroner kiloet, men greidde ikkje å få selt alt i
Lofoten. Då reiste han innover til Rombaksbotnen,
der svenske rallarar dreiv og bygde Ofotbanen, og
der vart han av med resten av smøret. Året etter
hadde han kjøpt inn eit stort telt og ein båt, og med
seg hadde han broren Knut og syskenbarnet Nils
Overå frå Liabygda. Teltet slo dei opp midt på torget
i Svolvær, og dreiv eigen butikk med sal av smør,
ost, pølser, spekekjøt og andre produkt frå Stranda.
Det vart ein suksess, og han hadde kapital nok til å
opne eigen butikk på Stranda.
I 1889 løyste han handelsbrev. Han var 23 år
gamal, men ulukka var at han vart kalla inn til
militærteneste like etter at butikken var opna. Han
fekk broren til å passe butikken, men innkjøpa valde
han å overlate til den røynde Ålesunds-kjøp-
Det var i høg grad assortert landhandel dei dreiv.
mannen O. Sjøsæther. Det var lurt. Så lenge gardskvernene gjekk var dei stort sett sjølvforsynte med
mjøl. Ein og anna kveitemjølssekken måtte butikkane likevel kunne tilby. Men stor var skrekken
hos O.A. Kjølås sin bror, Knut, då den eine
mjøllasten etter den andre kom frå Bergen.
Sjøsæther hadde følgt godt med. Det vart ein veldig
auke i mjølprisane utover sommaren, og då O.A.
Kjølaas kom heim frå eksisen, sto han fram som
reine grossisten i mjølhandel. 10 sekkar selde han
til kjøpmann Møll i Geiranger, og også andre
kjøpmenn melde seg på som kjøparar. O.A. Kjølaas
hadde skaffa seg eit økonomisk fundament til å
kunne bygge seg sitt eige handelshus like ved sjøen
og midt i sentrum på Stranda. Det sto ferdig i 1903.
Då telefonen kom vart det ei stor lette for
kjøpmennene som før hadde vore avhengig av telegram og brev for å bestille varer. No kunne dei bruke
telefonen. Kjøpmennene på Stranda fekk telefon
seinare enn bygdene på nordsida av Storfjorden.
Første telefonstasjonen i Stranda låg på Ringset i
Liabygda. Når det kom ein telefon til ein kjøpmann
på Stranda, måtte ein person ro over fjorden for å gi
beskjed til vedkomande det var telefon til, så måtte
han eller ho ro eller bli rodd over fjorden att for å
snakke i telefonen. Det vart såleis ein god del av eit
dagsverk å snakke i telefonen i dei dagar, og så
mange samtalane vart det ikkje før telefonlina vart
strekt over fjorden.
Knallhard konkurranse
Konkurransen mellom handelsmennene var knallhard. I 1906 vart Østre Søndmør Landhandlerforening skipa på eit møte på Scheldrups hotell i
Ålesund. Formålet skulle vere å betre dei økonomiske kåra til landhandlarane, og å fremje
samhaldet innan standen. Ikkje minst det siste var
viktig. Ein av dei som var med på stiftingsmøtet og
som vart med i styret, kjøpmann Lars Vaksvik frå
Vaksvik, fortel i 50-års skriftet til Sunnmøre Kjøp-
mannslag om ein urimeleg konkurranse som kunne
resultere i at ein selde billegare til utanbygdsbuande
enn til sine eigne faste kundar. Kjøpmenn måtte akseptere at kunden bestemte prisen, for ellers ville
konkurrenten få salet. Meir ordna forhold var formålet med foreininga, og spørsmålet om å utvide
foreininga til å gjelde heile Sunnmøre vart teke opp
som ei av dei første sakene. Foreininga hadde fem
styremedlemer: Th.Ytterdal, O.A. Kjølaas, O.A. Eidsvik, A.D. Stavset og Lars Vaksvik. O.A. Kjølaas var
formann. Styret sende eit sirkulære til alle landhandlarar på Søre og Nordre Sunnmøre med spørsmål om dei ville bli med i det som dei gjorde
framlegg om skulle heite Søndmør Handelsforening.
Starta i Geiranger
På det konstituerande møtet den 23. august 1908 på
Hotel Geiranger møtte 25 landhandlarar frå dei
fleste bygdene på Sunnmøre. O.A. Kjølaas vart vald
til den første formannen, og i lovene for foreininga
var det to paragrafar: Namnet på foreininga skulle
vere Søndmør Handelsforening og formålet skulle
vere «at bringe Handelsvirksomheden i et sundere
Spor, samt ved Samarbeide at varetage fælles Interesser til Fordel for saavel Handelsstanden som Kunderne.» I paragraf 2 sto det at alle priviligerte
fastbuande handelsmenn i Sunnmøre fogderi
kunne bli medlemar om dei forskotsvis betalte fire
kroner i årleg kontingent. På årsmøtet året etter vart
det vedteke å melde foreininga inn i landsforeininga
Norges Kjøbmandsforbund som også vart stifta i
1908. Som lokale representantar til landsforeininga
valde dei O.A. Kjølaas og O.A. Eidsvik. Ei av dei
første sakene foreininga tok opp var å forhandle
med Søndmøre Dampskibsselskap om nedsett frakt
for mjøl og kornvarer på strekninga mellom Bergen
og Trondheim, fjordane inkludert. Det var også ei
viktig sak å få nedkjempa direktesalet av margarin
frå fabrikk. Det å få kontroll over handelen som
23
Det var på Hotel Geiranger i Geiranger Søndmør
Handelsforening vart skipa 23. august i 1908.
Hotellet er det mørke huset i bakkant på dette
bildet frå Merok tidleg på 1900-talet.
skjedde utanfor og under disken var viktig den
første tida. O.A. Kjølaas vart innvald i landsstyret i
Norges Kjøbmannsforbund og gjennom dette
vervet kunne han tilføre viktige nye impulsar til
arbeidet lokalt. Initiativet til å nedsette ein komite
som skulle vurdere etablering av ei gjensidig assuranseforening for detaljkjøpmennene på Sunnmøre hadde han med seg frå landsstyret. I 1911
gjekk han av som formann i lokalforeininga etter tre
24
år, og O.A. Eidsvig tok over. På same årsmøtet vart
det vedteke at ein skulle be grossistane om ikkje å
sende reisande til Sunnmøre den første månaden i
året, då ein ikkje ville ekspedere dei reisande før
vareoppteljinga var gjennomført.
I 1918 vart spørsmålet reist om ikkje Søndmør
Handelsforening og Kolonialhandlernes Foreining
i Ålesund burde gå saman om å opprette ei engrosforretning i Ålesund. Ein komite med O.A. Eidsvik,
Lars Vaksvik, O.A. Kjølaas, Elias Rønnestad, Peder
Farstad og J.A. Grubse vart vald til å ta seg av saka,
og resultatet vart at Møre Kjøpmænds Engrosforretning A/S vart skipa med kontor og lager i
Ålesund, og med god tilslutning både frå landhandlarane på Sunnmøre og frå handelsmennene i byen.
Dette la grunnlag for eit tettare samarbeid mellom
Søndmør Handelsforening og Kolonialhandlernes
Foreining i Ålesund om å nedkjempe nye kjøpelag,
kooperative foreiningar, salslag og liknande. Mest
mogeleg like prisar i byen og på landet vart også ei
kampsak, og det vart nedsett ei priskontrollerande
nemnd. Normen for landhandlarane skulle elles
vere mest mogeleg kontant handel. Mange
kjøpmenn sleit med store restansar frå kundar som
skreiv på bok og var seine med å betale. Det vart til
og med vedteke å lage til plakatar i forretningane
der det sto: «Kunderne anmodes om at betale kontant. Viss kredit beregnes rente». I dei små bygdene
der alle kjende alle var det nok ikkje så lett å vere
hardhendt, og mykje lausgjeld vart nok ettergitt.
Kjøpmannsstemne
I 1921 vart det vedteke å endre foreininga sitt namn
frå Søndmør Handelsforening til Sunnmøre Kjøpmannslag.
Frå 1928 av starta Kjøpmannslaget med å skipe til
såkalla kjøpmannsstemne, eller sommarstemne som
det vart heitande etter kvart. Stemnestaden skulle gå
på omgang, og noko av formålet skulle vere at
kjøpmennene og familiane deira skulle bli betre
kjende med kvarandre, og at dei skulle få lære meir
om sunnmørsbygdene. Det første stemnet i 1928 vart
halde på Hotel Union på Øye i Hjørundfjorden. Der
var det foredrag om omførselshandel som er handel
utanom fast salsstad. Det var altså ikkje heilt slutt på
dei som reiste rundt og selde både bøker (kolportørar)
og andre varer, og dette var ein konkurranse som dei
faste landhandlarane ikkje var så glade i.
Året etter vart stemnet halde på Ose Hotell i Ørstavik, i 1930 på Sjøholt, og i 1931 på «Upheim» i
Volda. Først var det medlemsmøte, og deretter reiste
stemnedeltakarane med bilferja «Framstig» over til
Folkestad, og derifrå med 11 bilar gjennom
Stigedalen til Nordfjord og besøkte både Sandane
og Stryn før dei returnerte til Nordfjordeid der det
var middag på Yris Hotell. Møre Kjøpmænds
Engrosforretning A/S og Chr. J. Steffensen hadde
stilt reisandebåtane sine til disposisjon for
heimreisa. Også i 1934 var sommarstemnet i Volda.
25-års jubileum
Geiranger. Det vart halde ei rekkje talar og
møtelyden var på biltur til Djupvasshytta i strålande
vêr. I 1936 hadde laget sommarstemnet sitt på
Stranda. Middag på Dreges Hotell og med
frammøte både frå landhandlarane og frå bykjøpmennene, vart dette eit stort stemne. Det vart
avslutta ved at Stranda-kjøpmennene serverte kaker
og kaffi på Herdalssetra. Same året vart O.A.
Kjølaas frå Stranda og O.A. Eidsvik frå Tennfjorden
utnemnde til dei første æresmedlemene i Sunnmøre
Kjøpmannslag.
I åra fram til krigen vart sommarstemna skipa til i
1937 i Borgund med besøk på Sunnmøre Museum,
i 1938 i Fosnavåg med besøk på Runde, i 1939 i Valldal med overfart på den nokså nye Trollstigvegen til
Åndalsnes og retur.
Etter at Norge kom med i krigen vart det ei vanskeleg tid til både Kjøpmannslaget og kjøpmennene
med varemangel, rasjoneringsreglar og restriksjonar
av alle slag. Sekretæren i foreininga, o.r.sakførar
Arne Lynghjem, vart i 1943 arrestert og sendt til
fangeleir i Tyskland for resten av krigen. Foreininga
assisterte i fordelinga av varer i distriktet, i fordelinga av kvoter til dei handlande og var også til hjelp
for å skaffe dei handlande nok vekslepengar. 1.
oktober 1945 tok Sunnmøre Kjøpmannslag opp att
arbeidet sitt, og held også fram med dei årlege
sommarstemna.
Kjedestyrte butikkar
50-års jubileet vart markert i 1958 m.a. med å gi ut
eit jubileumsskrift. I årsmeldinga står det også at
styret har arbeidd med å få plassert på Sunnmøre
Museum eit fullt utstyrt landhandleri frå starten av
det førre hundreåret. Det greidde dei ikkje, men no
i år er planen å lage ei permanent landhandlar-utstilling i Larsnes-buda på museet som skal vise
landhandelens viktige posisjon i den sunnmørske
moderniseringsprosessen. Etter kvart som dei store
kjedene tok over dei fleste butikkane i 1990-åra,
valde Sunnmøre Kjøpmannslag å legge ned aktiviteten sin. 350.000 kroner av laget sine midlar
vart gitt som tilskot til Sunnmøre Museum for å
etablere ei landhandelsutstilling på museet i løpet
av 2015. Ein av initiativtakarane til det var kjøpmann
Ottar Gjærde frå Stranda, ein sentral person i kjøpmannsbransjen dei seinare åra. Han var i si tid formann i Dagligvareforbundet og var også ein av dei
siste presidentane i Norges Handelsstands Forbund
før denne organisasjonen i 1990 vart ein del av
Handels- og servicenæringas hovudorganisasjon og
seinare hovudorganisasjonen Virke.
I 1933 markerte Kjøpmannslaget sitt 25-års
jubileum med festmiddag på hotell Utsikten i
25
ÅRSRAPPORT 2014
Stiftinga Sunnmøre Museum
Det var 12 museumseiningar innan Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM) i 2014;
Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum, Godøy
Kystmuseum, Herøy Kystmuseum, Volda Bygdetun,
Sivert Aarflot-Museet, Brudavolltunet, Norsk Møbelfaglig Senter, Sykkylven Naturhistoriske
Museum, Ytste Skotet, Landbruksmuseet for Møre
og Romsdal og Dalsfjord Fyrmuseum.
Samstundes har vi hatt kontakt med fleire ulike
samlingar og institusjonar utanom SSM, og vi har
også hatt aktivitetar i kommunar som ikkje har
eigne museumsavdelingar.
Mange privatpersonar, organisasjonar, bedrifter
og foreiningar vender seg også til SSM for råd og
rettleiing.
Forvaltning
Gjennom samlingsplanane har avdelingane fått
klare samlingsoppgåver, og kan gå frå ei passiv til ei
meir målretta innsamling. SSM har som uttrykt
målsetting å halde fokus på god forvaltning og registrering av gjenstandar, foto og bygningar i
Primus.
Gode rutinar for dokumentasjon, magasinering og
gjenstandsforvaltning er etablert.
Nokre døme: På Herøy gard vart fire av
vindedørene på framsida av sjøbuda ferdige. Det var
oppstart på restaureringa av det gamle eldhuset på
Herøy gard. I samarbeid med huseigaren, Møre og
Romsdal fylkeskommune, er det gjennomført ei betydeleg opprusting av hovudbygget på Landbruksmuseet på Gjermundnes. Bygningsmessig
26
vedlikehald er utført ved Aalesunds Museum på
Østre Korsahaug. Mellom anna er det gjennomført
pussing av kortvegg på Grimmergt. 7.
Sikring
Det er utarbeidd sikringsplan for alle avdelingar av
SSM. Fellesmagasinet gjer at stadig fleire gjenstandar får tilfredsstillande lagring. Samstundes har
vi framleis utfordringar knytt til bevaring av større
gjenstandar. Difor har SSM i 2014 arbeidd med
planar for oppføring av eit nytt magasinbygg i
Borgundgavlen.
Vedlikehald
Bygningsmessig følgjer vi planen for vedlikehald av
antikvariske bygningar. Det ligg framleis store utfordringar i handteringa av den historiske bygningsmassen.
SSM
deltek
i
utviklinga
av
bygningsmodulen i Primus. Denne vil gjere det enklare å administrere dokumentasjon, vern og
vedlikehald av antikvariske bygningar ved museet,
og gjere materialet lettare tilgjengeleg for publikum.
Som driftsorganisasjon arbeider vi med å få på
plass eit godt samarbeid med museumseigarane om
vedlikehald og sikring. Styret ved SSM har i 2014
avsett midlar til større vedlikehald i dei komande
åra.
Forsikring
SSM ønskjer at musea skal drive forsking og styrke
forskingsmiljøet. Dette er i tråd med at samlingsplanane legg opp til ein målretta og aktiv innsamlingspolitikk. Styrka forsking er
òg avgjerande for formidling ved
museet.
Forskingsprosjektet «Sunnmørssoga» har gått etter planen,
og det resulterte hausten 2014 i
ei bok med tittelen: Gull av gråstein. Næringsliv på Sunnmøre
gjennom 250 år.» I dette prosjektet vart det trekt vekslar på
kompetanse og kjelder ved SSM,
t.d. innan båtbruk, byggeskikk
og byutvikling på Sunnmøre.
Prosjektet «Bunad og folkedraktmateriale» er avslutta.
Ferdsle langs kystleia og
kulturminna der, har stått sentralt i «Flåværlei»-prosjektet. Her dokumenterer vi korleis tryggare ferdsel
langs kysten var viktig for å byggje nasjonen Noreg.
Eit sentralt element i Flåverlei-prosjektet har vore
innhenting av informasjonar om losane si verksemd
på Søre Sunnmøre. SSM ønskjer å arbeide vidare
med loshistoria, både regionalt og som ein del av
Kystverkmusea sitt arbeid med dette temaet.
I samband med bygginga av ei ny utstilling om
mellomalderbyen Borgund, arbeider vi for å skaffe
ny kunnskap gjennom ulike arkeologiske prosjekt.
Dette skjer mellom anna i samarbeid med Bergens
Sjøfartsmuseum. Museet har gjennomført marinarkeologiske undersøkingar av hamneområdet til
Borgund.
Som i tidlegare år har museumstilsette brukt
Årbok for Sunnmøre til publisering av historiefaglege artiklar. Jarle Sulebust har her ein artikkel om
Borgund – byen i havlandet,
medan Ivar G. Braaten har
skrive om ålesundsforfattaren Reinert Torgeirson.
eksisterande formidlingsplanar. I desse
planane legg vi vekt på å utvikle formidling som er aktivitetsbasert og som
er relatert til kunnskapsløftet. Dette er
ei ressurskrevjande undervisningsform,
men er i tråd med vår arbeidsmetodikk;
«å lære ved å gjere». Skuleformidlinga
famnar vidt, frå barnehagar til høgskule. Eit stort formidlingsløft i 2014 var
Flåværleiprosjektet. Elevar frå kommunane Herøy, Ulstein og Sande fekk
gjennom dette ei innføring i korleis
farleia langs sunmørskysten batt folk
saman i tidlegare tider.
I 2014 nytta 10.198 skuleelevar eitt
eller fleire av dei organiserte skuletilboda til SSM.
Av desse deltok 7.300 i tiltak knytt til Den Kulturelle
Skulesekken. Det er elevar frå både vertskommunane for museumsavdelingane i SSM og frå
andre kommunar som nyttar seg av skuletilbodet.
I tillegg har vi ei rekkje arrangement tilpassa ulike
målgrupper. Mellom anna hadde avdelingane i SSM
fellesarrangement knytt til «Kulturminnedagen
2014». Til saman hadde SSM 86 opne arrangement
i 2014.
SSM har dei siste åra hatt ei god utvikling i talet
på besøkande. I 2014 var det 87.914 besøkande, mot
79.479 året før.
Utstillingar
Den nye faste utstillinga, «Ver så godt, sitt!» vart
opna ved Norsk Møbelfaglig Senter i 2014. Ved
Landbruksmuseet på Gjermundnes vart ei tidlegare
Formidling
Den Kulturelle Skulesekken
har vore eit viktig tilbod også
i 2014. Mellom anna har SSM
gjennomført undervisningsopplegga «Broer», «Forhistoria på rull» og «Kubbe lagar
museum». Gjennom DKSarbeidet
har
vi
også
vidareutvikla samarbeidet
med fylket, med vertskommunane og med kommunar
som
ikkje
har
eigne
museumstilbod.
Generelt sett vert formidlinga ved SSM lagt opp etter
27
etablert utstilling om landbruksskuleutdanninga
oppjustert og modernisert. Arbeidet med den nye
permanente utstillinga ved Sykkylven Naturhistoriske Museum, «Mosaikk», har gått for fullt. Det
same gjeld for arbeidet med den nye mellomalderutstillinga om Borgundkaupangen. Seks temporære
utstillingar vart dessutan sett opp ved ulike avdelingar innafor SSM.
Fornying
Strategiar for ei aktiv samfunnsrolle.
SSM har som rettesnor: «Vi gjer kulturarven
synleg». Gjennom arbeid med samlingsplanane har
vi definert og avgrensa kva som er relevant og viktig
i eit samfunnsperspektiv. SSM arbeider for at den
utveljinga knytt til tilvekst som vi gjer, skal gje eit
dekkande og balansert bilde av det mangfaldet som
utgjer regionalt samfunnsliv gjennom tidene. Dei
tilsette innan SSM har brei kompetanse. Dei sit i
ulike råd og organisasjonar, og bidreg aktivt i
samband med faglege spørsmål. SSM er også
høyringsinstans for Ålesund kommune i samband
med byggesaker som gjeld verna hus i byen.
Nasjonale nettverk
SSM er tilknytt desse nasjonale museumsnettverka:
Byggnettverket, Nettverk for magasin og samlingsforvaltning, Nettverk for fiskeri- og kystmuseum og
Sjøfartsnettverket
28
I tillegg er det viktig for SSM å knytte gode relasjonar til andre museum. Dette m.a. gjennom
deltaking i MIMR (Musea i Møre og Romsdal), der
direktør ved SSM er styreleiar. Direktør vart i
september 2014 også valt til styreleiar i Norges
museumsforbund.
Digitalisering
Alle musea registrerer samlingane i registreringsprogrammet Primus. I tillegg er vi knytt opp mot
den nasjonale gjenstandsbasen, Digitalt Museum.
Museet er leverandør av natur- og kulturminnestoff
til dei nettbaserte formidlingskanalane Digitalt Fortalt, Wikipedia og Lokalhistoriewiki. SSM arbeider
med formidling gjennom sine heimesider, Facebook, Instagram og har fleire aktive bloggarar.
Grunnlovsjubileet 2014
SSM gjennomførte fleire forskings- og formidlingsprosjekt i samband med Grunnlovsjubileet.
Næringssoga for Sunnmøre er omtala.
Eit delprosjekt i formidlingsopplegget «Kysten,
båten, leia» er ei ny utstilling om framveksten av
mellomalderbyen, Borgund. Dette skal bli ei aktivitetsbasert formidling som skal fortelje om korleis
kystkulturen og kystøkonomien forma det
samfunnet som voks fram ved den fiskerike
Borgundfjorden i mellomalderen. Som ein del av
denne satsinga vart det i 2014 etablert ein ny mel-
lomalderfestival som trekte mange besøkande til
museumsområdet.
Trygg ferdsel langs kystleia var avgjerande for å
bygge den nye nasjonen. Dette vart formidla i prosjektet «Flåværleia». Gjennom dette formidlingsprosjektet nådde SSM også ut til born i kommunar
som ikkje har eigne museumsavdelingar.
I 2014 presenterte vi, saman med andre museum
i fylket, ein felles jubileumsblogg der vi mellom
anna ville vise kva grunnlovsverket frå 1814 betyr
for oss i dag. Museumsskriftet Gavlen si 2014-utgåve var heilt vigd til 1814-jubileet.
Immateriell kulturarv
SSM skal arbeide for å ta vare på både materielle og
immaterielle minne som særpregar vår region.
Gjennom samlingsplanene har vi lagt opp til meir
systematisk arbeid med den immaterielle
kulturarven. Dokumentasjonsprosjektet om bygging
av ein sunnmørsbåt er døme på dette. Andre døme
er aktivitetar knytt til matlaging, husflid og ymse
handverk. Sunnmøre Museum, Borgundgavlen
hadde populære matdagar for elevar frå lokale
skular, der matskikkar frå steinalder fram til våre
dagar vart formidla og presenterte.
Ved Brudavolltunet i Ørsta starta vi hausten 2014
med faste vevdagar kvar veke, for å bidra til
vedlikehald av eit viktig kvinnehandverk. På Ytste
Skotet heldt vi fram med å formidle kvardagslivet
slik det vart levd på ein veglaus fjellgard i tidlegare
tider. I 2014 vart 250 intervju, som er gjennomførte
blant møbelfolk over heile landet, digitaliserte og
lagt inn i SSM sin server. Med dette er unikt
minnemateriale frå ein av landet sin siste
ferdigvareindustriar sikra og gjort tilgjengeleg for
ålmenta. Av tilsvarande verdi er 70 digitaliserte
intervju frå trikotasjeverksemda O.A. Devold.
Inkludering og mangfald
Det er viktig for museet å gje eit tilbod til ulike
minoritetsmiljø. Sunnmøre Museum har vore nytta
av sosialtenesta i Ålesund kommune i deira
ferietilbod til barn og unge. På Sunnmøre Museum
og ved Aalesunds Museum har ein fast avtale med
vaksenopplæringa i kommunen. I tillegg stiller
Sunnmøre Museum museumslokaIa til disposisjon
for «Internasjonalt kor». SSM er og ein av aktivitetsleverandørane til «Opplevelseskortet». Dette tiltaket
har som mål å gjere kulturtilbod tilgjengeleg for alle
utan omsyn til sosioøkonomisk bakgrunn.
I 2014 utvida vi formidlingstilbodet for demente
både når det gjeld talet på timar med aktivitetar og
talet på deltakarar. Opplegget har vekt stor interesse
og har vore presentert på fleire arenaer. SSM er og
ein viktig part i NAV sitt arbeidstreningsprogram, i
tillegg til at vi samarbeider med den lokale attføringsbedrifta, Brisk. Ved fleire av avdelingane har
vi trekt nye grupper til museet gjennom fellesaktivitetar med skule og lokalsamfunn elles.
Stiftinga Sunnmøre Museum
Postboks 6607, Hatlane
6024 Ålesund
Tlf. 70 16 48 70
www.sunnmore.museum.no
Den nye heimesida
29
Hva skjer på museet?
Her får du et utvalg av årets aktiviteter som du kan
være med på nå i 2015. Følg med på vår hjemmeside
for mer informasjon www.sunnmore.museum.no.
Ønsker du å være med å hjelpe til på ett eller flere
av arrangementene? Send en e-post til museumslaget@sunnmore.museum.no J
Utstilling
I år er det 150 år siden fotografen Anders Beer Wilse
ble født. Wilse brukte hele sitt liv og karriere til å
skape et enormt bildearkiv over Norge og norsk
kultur. Torsdag 19. mars ønsker vi velkommen til
utstillingsåpning i «Gamlekafeen», med bilder tatt
av Wilse - med motiver fra vår egen region.
Vårslepp
Lørdag 9. mai ender Storfjorden Automobil Klubb
opp i Borgundgavlen, etter sin årlige «vårslepp-tur»
i byen og nærområdet.
Platou-messe
Søndag 31. mai ønsker Platou velkommen til sin årlige salgsmesse her i Borgundgavlen. Mange og
30
spennende aktiviteter og gode tilbud denne dagen.
Onsdagsaktiviteter
Hver onsdag fra 24. juni til 12. august tar du med
familiens små og store og blir med på aktivitetsdag
på museet. Her er både eventyrstund, snekring, «arkeologisk utgraving», steking av vikingbrød på bål
og mye, mye mer!
Tall Ship 2015
Også Sunnmøre Museum vil bidra på årets folkefest
i Ålesund, 15. – 18. juli. Du treffer oss på Prestebrygga i Ålesund. Sammen med Aalesunds
Museum, Godøy Kystmuseum, Herøy Kystmuseum,
Helands venner, venneforeningen til Vegsund Slipp
og Kystlaget, blir det mange og spennende aktiviteter for både store og små. I tillegg blir det flotte
aktiviteter knyttet til byggingen av Bankskøyta.
Tur med Borgundknarren
En tur på sjøen hører sommeren til. Hver onsdag kl.
13.00 i perioden 24. juni til 12. august legger vi fra
kai og ut på tur. Bli med du også!
Olsokfeiring
Onsdag 29. juli ønskes du velkommen til
Økumenisk gudstjeneste i Borgund Kirke, med
påfølgende Olsokfest i museumskafeen. Tradisjonen
tro serveres det deilig rømmegrøt.
«På hjul»
Årets familiedag, søndag 23. august, har fått temaet
«På hjul». I samarbeid med Storfjordens Automobil
Klubb blir det mange og spennende aktiviteter og
rariteter for både store og små familien denne
dagen.
Søndagsforedrag
Siste søndag i måneden, fra september og frem til
jul, presenterer Sunnmøre Museumslag foredrag
med ulike temaer. Følg med på museets
hjemmesider for mer informasjon.
Onsdag i Høstferien
Onsdag 7. oktober er det igjen aktivitetsdag på
museet. Ta med hele familien og bli med på spennende aktiviteter ute og inne på museet.
Toradertreff
Søndag 27. september inviterer toradergruppa i
Ungdomslaget «Ivar Aasen» alle folkemusikk- og
gammelpopvenner til musikktreff i museumskafeen!
Lefsekurs
Dagene 10., 11., 17 og 18 november fyller vi igjen
opp kafeen med bakeglade damer og menn. Ta med
deg kjevle og vennegjengen og meld deg på kurskveld. Vi stiller med forkle, skaut, takke, snupinner,
oppskrift og deig. Bakeresultatet får du selvsagt ta
med hjem. Påmelding til
siw@sunnmore.museum.no
Julegate
I hele desember kan du også i år nyte en vakker og
fredfull spasertur i julegata på ”Buholmen”.
Førjulssøndag
Sett av søndag 6. desember! Tradisjonen tro arrangerer vi førjulssøndag med mange og spennende
aktiviteter i hus og tun på museet!
Julekonsert
Søndag 13. desember håper vi at det igjen blir amerikanske juletoner i museumskafeen. Elevene fra
Ålesund Kulturskole spiller «Christmas Favorites» friske, amerikanske julemelodier.
31
RETURADRESSE:
SUNNMØRE MUSEUM
Boks 6607, Hatlane
6024 ÅLESUND