Sogndal kommune Tenesteeining Plan Postboks 153 6851 SOGNDAL Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015 SØKNADAR FOR BRÅTANE BUSTADFELT Bråtane Sogn as er endeleg i full gang med salget av bustadtomter i Bråtane bustadfelt. Allereide er det selt 8 tomter og i tillegg er vi no i ein salgsprosess for 2 nye. Nordbohus Sogn as skal bygge på tomtene for tomtekjøparane. Vi har difor i ein tidleg fase sett at et er viktig å få på plass gode løysingar for heile bustadfeltet. Vi er difor i full gang med planlegging av bustadfeltet og ser at for å få til gjennomførbare og praktiske løysingar for dei ulike tomtene er det naudsynt med ein del mindre vesentlege endringar av reguleringsplanen og av VVA-norma til kommunen. Nordbohus Sogn as Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44 Foretaksregisteret 982725216 sogn@nordbohus.no http://www.nordbohus.no/sogn SØKNAD OM MINDRE VESENTLEGE ENDRINGAR AV REGULERINGSPLAN - Byggegrenser Opparbeiding av gangvegar BYGGEGRENSER Fleire av tomtekjøparane har allereide bede oss om å sjå på korleis tomta kan utnyttast og kva hustypar som passar inn på tomta. Vi har laga eit forslag til 3 alternative løysingar som kan nyttast på dei fleste tomtene. Breidden på tomta avgjer kva type bustadhus som kan byggast på dei ulike tomtene. Tomtene i felt BF1 er svært smale mot veg, dvs om lag 21m. Skissa viser 3 ulike måtar å plassere bygg på tomtene i BF1. Byggegrenser for bustadtomtene mot veg og grøntstruktur er vist på reguleringsplankartet, medan det ikkje er vist byggegrenser mellom bustadtomtene. Slik vi tolkar reglane er det då lagt opp til at det kan byggast inntil 4m mot nabogrense for bustad og 1m for garasje. I alle eksempla er det lagt opp til at byggegrensa vert sett til 2m/4m frå eigedomsgrensa mot nabo. Dette krev i mange høve branntiltak på nokre av bustadane. Vi ser at det er trong for å redusere avstanden mellom bustadane frå 8m til 6m for å få på plass bustad og garasje/carport på einebustadtomtene. Nordbohus Sogn as Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44 Foretaksregisteret 982725216 sogn@nordbohus.no http://www.nordbohus.no/sogn Døme 1: Her er det vist ein einebustad med BYA=111m2 og maksimal lengde på 12 m parallelt med vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3 høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 4-5 meter. Carporten er passert med innkøyring normalt på vegen. Dette er ei gunstig løysing med lite behov for muring i framkant av bustaden. Utfordringa er at det er svært få kataloghus som har ein breidde på 12m og mindre så kundane får ikkje eit reelt val av type bustad. Døme 2: Her er det vist ein einebustad med BYA=145m2 og maksimal lengde på 14,5 m parallelt med vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3 høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 5-6 meter. Carporten får ikkje plass ved sida av bustaden og er passert mellom med innkøyring parallelt med vegen. Denne løysinga krev noko meir muring i framkant av bustaden. Fordelen er at kundane kan velge dei fleste av våre kataloghus. Ei utfordring med plassering av carporten som vist her gjer at ein vil måtte nytte den fulle bredda på vegen for å klare å snu seg inn på tomta utan å måtte køyre fram til snuplassen og tilbake. Døme 3: Her er det vist ein einebustad med BYA=116m2 og maksimal lengde på 19,5 m normalt på vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3 høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 8-9 meter. Carporten er plassert ved sida av bustaden med innkøyring normalt på vegen. Denne løysinga er den mest krevjande med omsyn på muring i framkant av bustaden. I tillegg har vi svært få kataloghus som er planlagt til ligge med langsida normalt på vegen. For å kunne bygge ut tomtene som for alle tre døma er det naudsynt å endre byggegrensene. Vi søker difor om å få endra byggegrenser frå 4m/4m til 2m/4m frå eigedomsgrensa dvs frå 8m til 6m mellom bustadane i felt BF1, BF2 og BF3. Vi søker og om at garasje som ligg langs med vegen kan byggast 1m frå eigedomsgrensa. Nordbohus Sogn as Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44 Foretaksregisteret 982725216 sogn@nordbohus.no http://www.nordbohus.no/sogn KRAV TIL OPPARBEIDINGA AV GANGVEGAR Fellesføresegner §3 I følgje felles reguleringsføresegner for Bråtane bustadfelt skal ikkje utbygging på bustadtomt gjennomførast før det er etablert vegtilkomst som og femnar om gang- og sykkelsamband inn i det etablerte bustadfeltet i nord. Vi meiner at det er tilstrekkeleg at dette kravet er knytt opp mot bruksløyve og ikkje utbygging. Det er ein fordel at det kan jobbast paralellt med tomter og sluttføring av infrastrukturen i bustadfeltet både praktisk og økonomisk og søker om endring av føresegn § 3.1. §4 Før det vert gjeve bruksløyve for bustadane skal det for - FB1 skal det opparbeidast gang- og sykkelsamband mellom KV3 til Steinhaugvegen - BK1, 2, 3 og BF2, 3 skal det opparbeidast gang- og sykkelsamband frå KV4 til Storebruvegen. §4.2a Gjennom/langs BK1 og BK3 skal det i situasjonsplanen visast gangvegsamband mellom områda AKG1, AKGV2 og AKG4. §6b Gang og sykkelvegar som er samband mellom køyreveg, leikeplassar og bustadområde og som går gjennom areal sett av til grønnstruktur kombinert med gang og sykkelveg, bør i vareta krav til universell utforming. Å gjennomføre krava om opparbeiding av gang- og sykkelvegsamband i § 4, 4.2a og 6 i samsvar med universell utforming lett seg ikkje gjennomføre i praksis. Vi søker difor om at ein i samband med utbygginga konsentrerar seg om dei gangvegsambanda som let seg gjennomføre med universell utforming. Dvs KV4 til Storebruvegen. Nordbohus Sogn as Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44 Foretaksregisteret 982725216 sogn@nordbohus.no http://www.nordbohus.no/sogn SØKNAD OM ENDRING AV - TEKNISKE LØYSINGAR FOR VVA-ANLEGG Nedsenka fortau/tilkomst til bustadtomter Løysing for VA-grøft som er plassert i eigedomsgrense mellom bustadtomter Fortau Slik vi ser det er det er stor fordel om fortauet lang KV2 og KV3 vert bygd utan at fortauet vert oppheva. Denne løysinga er anbefalt som eit risikoreduserande tiltak I ROS-analysen for å ikkje blande saman «trygg og utrygg» samferdselssone for mjuke trafikkantar. På oppsida av vegen vil det for BK1 vere behov for innkøyringar til garasjar. Ved innkøyring til bustadtomtene kjem alle bilane frå sør. Fallet på vegen og det at tomtene er svært smale, gjer at det for tomtene på nedsida vil vere naturleg med innkøyring nord på tomtene. Dette medfører at for å unngå at alle må køyre inn til snuhammaren for å snu, kan ein nytta heile vegbredde inklusiv fortausarealet til manøvreringsareal slik at ein lettare kan komme inn på tomta frå sør. Sjå døme 2. Vi søker om fortauet kan opparbeidast med nedsenka løysing for bustadfeltet. VA-grøft I kommunalteknisk VA-norm er det lagt opp til at det i utganspunktet skal vere 4m frå bygg og andre konstruksjonar til hovudleidningar. Sett i samanheng med skissa for bygging på dei smalaste tomtene er trong for at krava for VA-grøfta og kan tilpassast dei nye omsøkte byggegrensene. Vi søker om at VA-grøfta kan plasserast midt i området mellom byggegrensene mellom tomtene, dvs 6m bredde på VA-grøfta/avstand mellom bygg. Ber om at søknadane vert handsama ved første høve. Med vennleg helsing Nordbohus Sogn as Heidi Helle heidi.helle@nordbohus.no Nordbohus Sogn as Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44 Foretaksregisteret 982725216 sogn@nordbohus.no http://www.nordbohus.no/sogn
© Copyright 2024