BHT - Hordaland fylkeskommune

2015
TILBOD
frå Bedriftshelsetenesta HFK
Godt arbeidsmiljø gir betre resultat
BHT- tilbod / 1
Kven er vi?
HMT-seksjonen har skifta namn til Bedriftshelsetenesta HFK frå april
2015. Dette skal likevel ikkje føre til endringar for brukarane våre.
Ansvaret for at arbeidsmiljøet er i tråd med lovkrava ligg framleis hos
leiarar – og tilsette – på den enkelte eining. Men leiar skal ha tilgang på
bistand frå fagfolk når det er naudsynt, og det er her Bedriftshelsetenesta
(BHT) kjem inn.
I følgje Arbeidsmiljølova, som er BHT sitt viktigaste styringsverktøy, skal
det overordna fokuset i arbeidsmiljøarbeidet vere førebyggjande. Vi
prioriterer difor å bistå i kartleggingar og utvikling av gode system og
rutinar, både generelt og innan dei enkelte fagfelta.
På dei neste sidene finn du meir informasjon om KVA vi kan bistå med og
KORLEIS du som er tilsett i Hordaland fylkeskommune kan bruke oss.
Kven kan bestille tenester frå oss?
Alle tilsette i fylkeskommunen kan kontakte oss og diskutere
arbeidsmiljørelaterte problemstillingar. BHT har ei fri og uavhengig
stilling i arbeidsmiljøspørsmål, og alle våre medarbeidarar har teieplikt.
Oppdrag som til dømes kartlegging av arbeidsmiljø må bestillast av leiar
eller AMU.
For tilsette i fylkeskommunale verksemder koster det ikkje noko å bruke
BHT. Berre oppdrag som krev at BHT må kjøpe inn eller leige kompetanse
eller utstyr, må bestillaren betale for. Pris og betalingsvilkår blir i slike
høve avtalt på førehand.
Godt arbeidsmiljø gir betre resultat!
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
BHT- tilbod / 2
Systematisk HMT-arbeid
Bedriftshelsetenesta bistår avdelingar / einingar
i arbeid med det systematiske HMT- arbeidet,
som internkontroll og kvalitetssystemet.
•
Bistå kartlegging og risikovurdering
•
Vidareutvikle det skriftlege HMT - systemet
•
Auke kompetanse om systematisk
HMT- arbeid i verksemda
•
Støtte arbeidet i arbeidsmiljøutval
Støtte ved utvikling av handlingsplan for
verksemdene
Risikovurdering
I arbeidsmiljølova er det krav om at farar og problem skal kartleggjast
og risikoforhold på arbeidsplassen vurderast.
Bedriftshelsetenesta:
• Kan assistere / støtte verksemdene ved risikovurdering
•
Har utvikla verktøy som kan gjere risikovurdering enklare
Inneklima / kjemisk og fysisk helsefare
•
Inneklimamålingar til dømes lys, fukt,
lyd, temperatur og Co2
•
Støysonekartlegging
•
Rådgjeving om stoffkartotek
•
Kartlegging (t.d. ved soppskadar)
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
BHT- tilbod / 3
Ergonomi
Hjelp til å kartleggje og betre dei ergonomiske
tilhøva på arbeidsplassen.
Til dømes:
• Arbeidsteknikkar
•
Utnytting av eksisterande utstyr
•
Innkjøp av nytt utstyr
•
Tilrettelegging av arbeidsplassar
Psykososialt arbeidsmiljø
Bedriftshelsetenesta stiller gjerne opp når det er behov for rådgjeving
og hjelp til oppfølging av psykososialt arbeidsmiljø.
Til dømes:
•
Samarbeid og kommunikasjon
•
Konflikthandtering
•
Omstilling
•
Teambygging og arbeidsmiljøutvikling
Vi har utvikla ei rekkje dialog- og kartleggingsverktøy som kan være til
hjelp for dei som arbeider for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Dei
fleste verktøya finn du i Kvalitetsportalen. Der ligg og rutinar for bruk av
verktøya.
Bruk av alle verktøy krev god førebuing og systematisk etterarbeid.
Verktøya ligg i Kvalitetsportalen.
Sjå også info på www.hordaland.no/bht under bht- tenestetilbod /
psykososial arbeidsmiljø
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
BHT- tilbod / 4
Oppfølging og førebygging av sjukefråvær
•
Dialogmøte 1. Bedriftshelsetenesta kan delta.
•
Råd og støtte ved individuelle oppfølging og
ivaretaking av sjukemelde
•
Informasjon om lovverk og fylkeskommunalt regelverk
•
Informasjon og råd om fysisk aktivitet og friskvern
AKAN / Rusførebygging
•
Oppfølging av AKAN- saker
•
Rusmiddelarbeid i HFK
•
Etiske og juridiske problemstillingar
i høve til rus og arbeidsliv
Spørsmål? – kontakt bht@hfk.no, tlf. 55 23 94 30
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
BHT- tilbod / 5
Individuell helseoppfølging
Lovpålagt førebyggjande oppfølging av
arbeidstakarar som er utsett for spesiell
helserisiko i arbeidssituasjonen, til dømes:
•
Støy (helsekontroll)
•
Asbest
•
Løysemiddel
•
Smitte (vaksinasjon mot hepatitt, stivkrampe
og influensa)
Arbeidsmedisinsk poliklinikk
Arbeidstakarar med helseproblem som er dei meiner har sin årsak i
arbeidsmiljøet kan få hjelp til utgreiing av Bedriftshelsetenesta HFK.
Eksemplar på aktuelle problemstillingar er:
• Mistanke om luftveisplagar grunna inneklima
• Allergi
• Muskel-/skjelettplagar
• Helseplagar sett i samanheng med det psykososiale arbeidsmiljø
på arbeidsplassen (til dømes stress, konflikt, trakassering)
• Behov for helsetilpassa arbeid
• Rusproblematikk (alkohol, narkotiske stoff)
Lista er ikkje uttømmande, men gir eksempel på problemstillingar.
For timebestilling,bht@hfk.no eller tlf. 55 23 94 30.
Tilbodet gjeld berre for tilsette i Hordaland fylkeskommune
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
BHT- tilbod / 6
KURS OG UNDERVISNING
Bedriftshelsetenesta HFK stiller gjerne opp når det er behov for
undervisning innan arbeidsmiljøtema.
Vi reiser gjerne ut og kan tilpasse kurs og undervisning til den enkelte
eining etter lokale behov.
Kvart år arrangerer vi og nokre faste kurs i Bergen. I 2015 har vi
følgjande kurs:
Kurs
Grunnopplæring i
arbeidsmiljø (3 dg)
Pålagt kurs for leiarar, verneombod og medlemmer
i AMU, men andre kan og delta.
Meistring Av Truslar og Opplæring i førebygging og meistring av truslar og
Vald (MATV) (2 dg)
vald.
Stressmeistring ( 2 dg) Lære korleis ein kan få ein mindre stressande
kvardag som også kan gje ein meir effektiv
arbeidssituasjon.
Dato og meir informasjon om kurs sjå:
www.hordaland.no/bht
Påmelding kurs: Intranett – kurs og konferansar
Førstehjelp
I tillegg kan vi hjelpe med å organisere kurs i førstehjelp lokalt eller
sentralt. Utgifter til ekstern kurshaldar må eininga sjølv dekke.
Spørsmål? – kontakt bht@hfk.no, tlf. 55 23 94 30
Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar!
Medarbeidarar i
Bedriftshelsetenesta
Alle medarbeidarane i
Bedriftshelsetenesta har
teieplikt
Ruth Brudvik
55 23 94 25
BHT-sjef
Leiar arbeidet i Bedriftshelsetenesta og tverrgåande
prosjekt. e-post: Ruth.Brudvik@hfk.no
Linda Moen Olsen
Førstekonsulent
Ekspedisjon, timebestilling for vaksinasjon, legetime,
ergonomisk rådgjeving etc. kurspåmelding og intranett
e-post: bht@hfk.no
Rikke Richardsen
Rådgjevar / fysioterapeut
spes. helse og miljøarbeid MNFF
Rådgjeving i ergonomi.
e- post: Rikke.Richardsen@hfk.no
55 23 94 30
55 23 94 27
55 23 94 28
Bjørn-Atle Mikkelsen
Rådgjevar / yrkeshygienikar
Rådgjevar innan hmt-system og yrkeshygiene
e-post: Bjorn-Atle.Mikkelsen@hfk.no
55 23 94 23
Gina Herland Landro
Rådgjevar / arbeidspsykolog
Rådgjevar innan psykososialt og organisatorisk
arbeidsmiljø e-post: ginland@hfk.no
55 37 80 82
Gro Altenau
Bedriftslege
Kontordag: måndag
e-post: Gro.Altenau@hfk.no
Solveig Naug
Rådgjevar / sjukepleiar
Rådgjevar innan helse og arbeidsmiljø
e-post: Solveig.naug@hfk.no
Organisasjonsavdelinga
Bedriftshelsetenesta HFK
55 23 94 21
Adr: Agnes Mowincels gt. 6
Tlf 55 23 94 30, faks 55 23 94 29
E-post: bht@hfk.no www.hordaland.no/bht