Beredskapsplan for Hardingsmolt AS Dato: 08.01.2015 Revisjonsdato: 13.02.2015 Utarbeida av: KB Side nr: 1 av 6 Denne beredskapsplanen er utarbeida i samsvar med Forskrift om drift av akvakulturanlegg (akvakulturforskriften), §7, og skal bidra til å ivareta smittehygiene og fiskevelferd i krisesituasjonar. 1 . Prosedyre for sjukdom og massedød Generelt: Med massedød meiner ein død som er så stor at ein ikkje klarar å ta den unna på vanlig dødfisk handtering. Skyldes massedød utbrot av sjukdom må det tas ekstra omsyn når det gjelder personale og ustyr. Ein må ivareta smittehygiene og fiskevelferd. Smittehygieniske tiltak må drøftes med tilsynsveterinær for å hindre smitte. Alle tiltak skal drøftes med daglig leiar/driftsleiar/tilsynsveterinær før igangsetting. Førebyggande tiltak for å hindre sjukdom og massedød; Sjå eigen «prosedyre for dødlighet/daglig røkting» Skal til ei kvartid halde forholda optimale for fisken, sjølv om det er vanskelig med god fiskevelferd ved sjukdom og massedød. Men så optimalt som mulig i hht vasskvalitet, tettleik, fôr, dødfisk etc. Fisken skal behandlast skånsamt ved handtering for å unngå skader og unødig stress. Ved misstanke om nedsett helsetilstand eller dårlige miljøforhold skal daglig leiar/driftsleiar kontaktast. Dei skal i samråd med tilsynsveterinær vurdere kva tiltak som skal igangsettast for å finne årsak og hindre større skadeomfang. Moment for å betre situasjonen til fisken; Det skal alltid være tilgjengelig med minimum 1L bedøving på lager. Svimare, som ein veit ikkje blir frisk skal plukkast og avlivast humant fleire gangar om dagen. Tiltak: Varsle i hht varslingsliste (sjå telefonliste for meir utfyllande info) - Daglig leiar/driftsleiar; 48 86 87 68 / 95 75 61 73 - Tilsynsveterinær 41 52 09 10 - Mattilsynet 06040/avd Kvam: 56 55 06 00 - Forsikringsselskap 04040 (Tryg), Olav Sellevold; 91 12 53 00 - Tank og Massetransport 56 14 73 00 Vurder årsak og omfang – kven skal varslast Avgrens og stopp skadeomfanget på best mulig måte. Vurder om en har nok utstyr og personell til å handtera situasjonen. Nivået på dødlighet må vurderast fortløpande og nødvendige resursar må settast inn så tidlig som mulig. Mattilsynet skal i samråd med daglig leiar/ drift leiar utarbeide ein plan for behandling og vidare tiltak. Masseavlivning på lokalitet skal kun skje etter at skriftelig godkjenning av Mattilsynet er gitt. Avlivning skal skje på ein human måte. Avliving: Finquel pH under 4 i ensilasjetank Transport: Tank og Massetransport 2. Rømming Formål: Redusere faren for rømming til eit minimum. Samt skal alle tilsette ha kunnskap om kva ein skal gjere viss fisk rømmer frå anlegget. Misstanke om rømming; Det vert oppdaga fisk i biofilteret, har silkasse lausna? Det vert oppdaga fisk i renne, utan for hallen Kar renn over Hull i leveringslange/pumpeslange ved flytting/sortering/levering/lasting/lossing Tiltak for å unngå rømming; Alt utstyr skal dimensjonerast for å tåle dei belastningane som kan oppstå. - Karnivå; Alle kar skal utstyrast med utløpsanordning med tilstrekkjeleg siloverflate og tilpassa spalteopning i hht fiskestorleik. Siloverflata skal dekke heile utløpsrøyret. Det skal og vera ”hoppenett” rundt heile karkanten. - Sekundærsikring; Innløpet i biofilteret skal vere sikra med same anordning som på karnivå for å fanga opp rømming ved eventuell svikt i utløpsanordningen på kar. - Sikring av hovedavløp; Hovedavløp og overflatekummar skal sikrast med rister som fangar opp fisk ved eit eventuelt karhavari. Alle slangar skal skjekkast før ein startar pumping av fisk. - Dersom ein slange hoppar av; stans pumping umiddelbart og ikkje start oppigjen før skaden er retta opp. - Har fisken komme på golve, skal den straks samlast saman og forsøk å redd dei/den. Viss det er umulig skal den samlast i ein stamp med bedøvingsmiddel. - Ved lasting i brønnbåt; sørg for god kommunikasjon med brønnbåten før start, men og under lasting. Me vurdere det som lite sannsynleg at fisk overleve et røyrbrudd innandørs, da det er lang veg frå golvet og til sjø/elv. Det er knytt størst risiko til rømming ved levering av smolt, då det kan få fisk i sjøen ved rørbrudd i eller nær brønnbåten. Dersom fisk skulle rømma frå anlegget under levering skal føljande prosedyre følgjas opp; Stans pumping umiddelbart Kontakt daglig leder Ekstra bemanning vert varsla ved behov. På kveldstid/helg, kontakt tilsette ved settefiskanlegget som har fri. Sett ut gjenfangstgarn rundt båten, eller der fisken har gått i sjøen. Gjenfangstplikten begrenses til sjøområdet inntil 500 meter frå installasjonar og opphøre når det er openbart at den rømte fisken ikkje lenger oppheld seg i dette området. Gjenfangstgarn – depot på 100 garn hjå Linga Laks. Ikkje start pumping igjen før årsak til rømming er avdekka og retta opp Når situasjonen er under kontroll, skal fiskeridirektoratet varslast per telefaks?? Dei skal og varslast pr telefon, også på kveldstid/helg. Meldingskjema for rømming ligg på Fiskeridirektorates heimeside. Gjenfangst oppstart og avslutting skal meldast til Fiskeridirektoratets regionkontor og Fylkesmannens miljøvernavdeling. Forsikringsselskap skal varslast Fisk som blir fanga ved gjenfanst skal ikkje takast vare på. Dei skal avlivast ved slag eller knips i hovudet før dei blir tatt ut or garnet. Dersom det er enorme mengder med fisk bruk stamp med bedøvingsmiddel. Ikkje kast levande fisk i kverna!! 3. Økt dødlighet yngel/smolt Formål; Sørgja for at auka dødlighet eller massedød, som er ein følgje av uhell eller sjukdom blir handtert på ein effektiv og god måte. Fisken skal lida minst mulig i ein slik situasjon og smitte spredning skal reduserast til minimum, aller helst unngåas. Anlegget må vera forberedt på å handtere store mengder dødfisk. Auka dødlighet/massedød kan oppstå på følgjande måtar; Ved sjukdom Ved ekstremt dårlig vasskvalitet Teknisk svikt/produksjonsuhell i anlegget Ved vass-stopp Ved auka dødlighet meines dødlighet som er signifikant høgare enn kva som er normalt. Er det misstanke om at dødligheten kjem av sjukdom skal tilsynsveterinær kontaktas. Med massedød meines ukontrollert dødlighet i store mengder. Samt skal dødfisk handterast som smittefarleg avfall Driftsleiar er ansvarleg for at tilsynsveterinær vert kontakta ved behov Driftsleiar skal følgje med på dødligheten i alle einingar daglig. Informer daglig leiar/driftsleiar i hht kartlegging av situasjon og vidare handtering av problemstillinga. Stopp fôring og ta vassprøvar, samanlikn med prøvartidligare. Er det nokon tydlige endringar i vasskvalitet? Tilkall tilsynsveterinær for vidare behandling og dødsårsak. 4. Uhell/Ulykke Varsling: I tilfelle eit uhell, utstyrsvikt eller annan nødssituasjon skal drifts leiar varslast så snart som mogleg. Dei ansvarlige skal IKKJE kontakta/informera andre enn leiinga hjå Hardingsmolt AS, unnateke samband med redningspersonell i ein eventuell redningsoperasjon. Ein lokal prest og/eller politi kan delta i arbeidet med å informera pårørande i ei tidlig fase av ei ulykke, dersom leiinga ynskjer det. Ansvar: Dagleg leiar har det overordna ansvaret samt er spesifikt ansvarleg for dei administrative handlingane i ein nødssituasjon. Inkludert kontakt med presse etc. Alle oppgåver kan delegerast eller representantar i frå ei beredskapsgruppe overtar oppgåver. Ansvaret ligg likevel hjå daglig leiar. Massemedia: Det er STRENGT FORBUDT for andre enn dagleg leiar, eller hans stredfortreder, å ta kontakt med, eller gje informasjon til aviser, radio, fjernsyn eller andre former for massemedia ( offisielt eller uoffisielt). Dette for å sikra at riktig informasjon blir gitt til rett tid. Alle uhell/ulykker skal rapporterast til kontoret via eit avvikskjema for rapport. Skjema: «Melding om yrkesskade eller yrkessykdom». Ved ulykke: Ved ulykke med omfattande personskade (død), skal tilsette på anlegget ta kontakt med lege på tlf: 113 Deretter orientera daglig leiar som vidare tek kontakt med: Politi: 112 og Arbeidstilsynet : 815 48 222 (tast 3), utanom kontortid: Beredskapsgruppe skal i funksjon. Ved ulykke med større skade: skal tilsette på anlegget ta kontakt med: Legevakta; sjå tlf nr oppslagstavle Deretter orientera daglig leiar, som eventuelt tar kontakt med: Politi: 112 og Arbeidstilsyn til 815 48 222 (tast 3), utanom kontortid: Vurder om ein skal iverksetje beredskapsgruppe Ved ulykke med mindre skade; tilsette bedømme grad av skade og kontakte Legevakt om behov. Informer deretter daglig leiar som eventuelt tar kontakt med Politi og ev Arbeidstilsyn som punkt over. Nesten ulykker skal rapporterast til kontoret på avviksskjema. Viktige tlf nr: Medisinsk nødhjelp: 1 døgnvakt: 22 59 13 00 Politi: 112 Brann: 110 Norheimsund legekontor: 56 55 27 22 Norheimsund legevakt: 56 55 19 19 (mellom kl 16.00 og 08.00) Giftsentralen døgnvakt: 22 59 13 00 Du må oppgje: Navn Adresse Telefonnr Fødselsdato Kort presentasjon av problemstilling. 5. Endring i vasskjemi Ta vassprøvar og finn fram tidligare prøvar for å samanlikne. Varsle den ansvarlige for vasskjemi. Vidare finne årsaka for så gjere tiltak og utbetre dei kjemiske parametrar. Er det endringar i vasskjemien eller feil på måleinstrument? Korleis oppfører fisken seg? Stopp fôring om appetitten er dårleg. 6. Brann Ved oppdaging av brann varsle/tilkall hjelp. Brann: 110 og vidare informere daglig leder. Avdekk brannomfaget og området det brenn i/på. Forsøk å sløkk brannen med tilgjengelig utstyr og ta ansvar for brannsløkkinga fram til driftsleiar/ansvarleg kjem på plass eventuelt brannmannskap. Personsikkerhet er fyrste prioritet, evakuer området om nødvendig. 7. Brudd i vasstilførsel, pumpesvikt, strømstans el havari rørgate. Dersom ein ikkje merkar at det oppstår vass-stopp i eit kar, vil alarmen gå straks det blir for lite oksygen i karet. Ved vass-stopp ; 1) Dersom problemet er opplagt og kan rettes opp straks skal dette prioriterast. 2) Dersom det ikkje er opplagt kva som er årsaka skal føljande prioriteras; Stopp fôring Nødoksygen settes på (oksygensteiner) Stopp eventuelt energianlegg (drøftast med daglig leiar) Strup vassmengden på alle kar (drøftast med daglig leiar) 3) Kontakt daglig leder for vidare hjelp og orientering om kva ein skal gjere. 4) Kartlegg årsaka til stopp Rørleggar, Audun Berge: 95 80 35 66 Elektrikar, 8. Utslepp Akutte og uønska kjemikalieutslepp Varsling: Dersom det blir oppdaga uønska utslepp av kjemikaliar (olje, diesel eller andre kjemikaliar) skal daglig leiar varslast. Kjem forureininga frå eige anlegg utbetre skaden, og er det eventuell til fare for fisk. Vurder situasjonen for vidare varsling; er forureininga/utslepp av betyding og fare for akutt forureining/utslepp skal brannvesen varslast, deretter politi. Vidare må daglig leiar varsle miljøavdelinga hos fylkesmannen. Vurder om naboar skal varslast 9. Oksygen svikt/havari Oksygenanlegg Unngå svikt/havari; - Sjekk oksygentank 3 gongar i veka for behaldning. Unaturlig forbruk? - Service og vedlikehald på oksygenproduksjon Ved svikt: - Stopp fôringa Få i gang nødoksygen Kontakt hjelp Kontroller pumper, utbetre eventuell feil. Kontroller tank for flytande oksygen Jakob 48 86 87 68 Yara Praxair 04277
© Copyright 2024