nr.1 Kyrkjeblad for Gloppen februar 2015 Årgang 45 Tema: Jubileumsboka for Vereide kyrkje Februar 2015 Godt nytt kyrkjebladår! Versågod, her er det første nye kyrkjebladet i det nye året. Vi har tenkt å “halde stilen” med mange sider, store bilde og stor breidde på stofftype og tema. Sjølv om redaksjonen arbeider gratis og distribusjonen skjer på dugnad, veit vi at alt kostar pengar. Prisane både på trykking og layout har vore konstante, men sidan trykkinga søkje i Litauen, blei prisen påverka av kroneverdien i høve til Euro. Det går truleg mot eit lite underskot for året som gjekk, seier kasseraren. Difor er det spennande når vi no sender ut blankettar allereie i nummer 1, kor mykje bladpengar som kjem inn. Vi har tenkt å setje tæring etter næring, som det heiter på fagspråket. Og som før sagt: Dei fleste som betaler, betaler faktisk nok, dersom fleire av dei som les bladet betaler for seg. Så om du ikkje har gjort det før, gjer du det kanskje no. Tema Innhald 1 nr. Gina-Agathe Tytingvåg song og Hanna Kvernevik spelte fele på «Det hev ei rosa sprunge» under Musikklinja på Firda vidaregåande skule sin adventskonsert i Vereide kyrkje. FOR TANKE OG TRU Jubileumsboka for Vereide kyrkje er utgangspunktet for ein del av artiklane. Sjølve bokmeldinga kan du lese i julenummeret. Vi har laga stoff som skal vere utfyllande kommentarar eller apropos til stoff i boka. Og skulle det føre til at du kjøper boka, var det det vi håpa på! Asbjørg Apalset skriv på side 8 til 11 om Absalon Absalonson som var prest i Vereide, og går grundigare til verks enn boka gjer. Spaltisten sine kommentarar side 13 og samtalen med Oddlaug Vereide side 6 har jubileumsboka som bakgrunn og referanse, og også minna om då orgelet i Vereide vart sett inn på side 12, viser til artikkelen i boka. Andakt ved Oddlaug Vereide side 3 Absalon Absalonson ved Asbjørg Apalset side 8 Framsida ved Harald Aske side 17 Juletrefestar i Hyen ved Aslaug Heimset Larsen side 20 er levert av Ronny Solheim som har vore hovudfotograf for jubileumsboka. Du kjenner nok att glasmosaikken i korvindauget i kyrkja. Ser du fiskane? Ein samtale ved Olav Søreide Spaltisten Olaf Sigurd Gundersen Min salme ved Anne Berta Kleppenes side 31 Firda sin adventskonsert ved Harald Aske side 14 Hyarane song jula inn side 36 Lysmesse med konfirmantane ved Harald Aske Skulegudsteneste i Sandane kyrkje Adventssamling i Hyen Lysmesse i Gimmestad ved Harald Aske Soul Children jubilerte for 10 år Den store barnedåpen ved Gunn Hole Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 side 13 DETTE VAR VI MED PÅ Stallmesse i Breim ved Venke Kollbotn 2 side 6 side 22 side 18 side 22 side 24 side 26 side 28 Andakt Oddlaug Vereide Gå til kyrkje ”Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjere, men lat oss setje mot i kvarandre.” Hebr 10.25 I dag skriv eg om kyrkjegang og det kyrkja står for. Som klokkar i Vereide kyrkje i over 20 år var eg nøydd å gå i kyrkje nesten kvar søndag. Hadde eg ikkje hatt denne tenesta, så hadde eg ikkje gått så ofte til kyrkje. Mang ein søndagsmorgon når eg vakna, tenkte eg: «Å, kor godt det hadde vore å dorme ei stund til.» Men opp måtte eg, og til kyrkje bar det. Det var godt å kome inn i kyrkjerommet og vere der heilt åleine. Der var ei atmosfære som ikkje finst i andre rom. Eg var komen inn i eit heilagt hus, Guds hus. Så kom kyrkjefolket. Kyrkjeverten delte ut bøker, Kristus-lyset vart tent på lysgloben, og fleire tende små lys frå Kristus-lyset, bad ei stille bøn for seg sjølve eller sine næraste, eller mintest i takksemd dei som hadde gått over grensa. Det var kjekt når dåpsfolket kom til kyrkje, høgtidsstemte, glade og spente. Konfirmantane fann arka som dei skulle fylle ut, - kviskra, var litt urolege, men stilna når gudstenesta tok til. Vi tilsette bad alltid ei bøn i sakristiet før gudstenesta, takka Gud for at vi fekk samlast, og kjende at det var rett å vere i kyrkja. Orgelmusikken fylte kyrkjerommet. Det var helg og høgtid. Salmesongen lydde frå gamle og unge. Så kom syndsvedkjenninga. Ver meg nådig, Gud, - eg har såra deg med tankar, ord og gjerningar. Tekstlesingar på same temaet som preiketeksten. Så stod presten på preikestolen. Vi har meiningar om prestar og preiker, og likar kanskje minst dei preikene som treffer oss mest. Eg seier: Preikene var godt førebudde, til hjelp på livsvegen og målet Gud har sett: Eit evig liv. Dåp var det finaste. Eit lite barn vart bore fram til Gud og lagt i Hans armar. Det rann mang ei tåre både frå foreldre, fadrar og oss andre ei slik høgtidsstund. Nattverden er for alle oss som treng Guds hjelp og tilgjeving. Ein ung leia ein gamal til alterringen, granne ved sida av granne, organisasjonsmenneske med ulikt syn på arbeidsmåtar og oppgåver, alle knela i lag ved alterringen. Møte med Gud, tilgjeving og fornying. Guds velsigning fekk vi med oss ut. Klokkeslaga minte oss om den treeinige Gud. Det var godt å få sitje i still ettertanke under postludiet. Vi hadde vore i Guds hus, kjent på eit stort fellesskap. «Lat oss ikkje halde oss borte…» Tenk om klokkene i kyrkjene våre slutta å ringje fordi vi ikkje møtte opp! Kva ville vi då misse? Livet sine største høgdepunkt feirar vi i kyrkja. Og finst det ord som kan gje meir trøyst ved ei båre enn orda om det evige livet? Vi er privilegerte som har fått ein kristen arv. Ingen må få ta frå oss desse verdiane. Det er faste haldepunkt i livet vårt. Eg vert meir og meir takksam for kyrkjene: Stavkyrkjene, dei små og gamle, steinkyrkjene, dei ruvande kyrkjene med høge tårn, arbeidskyrkjene. Dei står der og vitnar kvar for seg, levande steinar som talar til kvar ny generasjon. Eg får så lyst til å sjå inn, - setje meg stilt ned, kjenne den heilage roa, og be om at husa må bli fylte av menneske og at Guds Ande må få verke. I kyrkja er det som i andre heimar, det skifter med sorg og glede, med krangel og uro, men også med omsorg og kjærleik, og ei felles tru. Det er trua som er limet i kyrkja. «Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjere, men lat oss setje mot i kvarandre» (Hebr.10,25). Ei stor kristen forsamling gjev glede og mot, lovsongen blir sterkare. Vi får større arbeidslyst og frimod til å tene Gud og menneske. Folk på kyrkjeveg er eit demonstrasjonstog. Og medan vi er inne i kyrkja, står bilane utanfor og vitnar for dei vegfarande om at her er det mange som trur. Søndag er helgedag. Helging er eit forhold mellom Gud og oss, og kan føregå kvar som helst, men ved å vere i Guds hus og i andre kristne forsamlingar, får vi hjelp i gudslivet vårt på ein særleg måte. Det gjev inspirasjon og åndeleg mot. Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, skreiv Matias Orheim. Skal vi framleis vere eit kristent land, må vi få ungdomen med. Vi har ingen andre til å bere arven vidare. Dei er framtida. Bøna vår er at vi får ha ei kyrkje som rettleiar for tru og liv. Vi takkar Gud for alt han har gitt oss i denne underlege kyrkja vår. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 3 Frå redaksjonen Feil som manglar og ny sjanse Det mangla ikkje på feil i julesøndagsskulekryssordet! Vi har likevel fått inn svar utan feil. Men for at fleire skal få sjansen, utset vi premieringa til neste nummer, og kjem med fleire stikkord der desse mangla. Ny frist er 15. mars. Vassrett: 1. Dyr 4. Pris 57. Teikna 81. Eks biskop 176. Veks Loddrett: 21. Båtrip 23. Varm 26. Dyrebustad 76. Den hallar mot djupet 78. Lei åtferd 113. Kalle opp over radio 200. Personleg pronomen 258. Vekst 259. Moderne KOM PÅ MARIMESSEBASAR! Fredag 21.mars kl. 18.00 opnar basaren til Det Norske Misjonsselskap i Sandane kyrkje. Ingvald Andersen Frøyen fortel og forkynner. Han er oppvaksen på Madagaskar og var misjonær i Mali. No arbeider han for NMS på heimebane. Han viste konfirmantane våre kva misjon handlar om, då han var med på leiren på Nesholmen i haust. På basaren skal det sjølvsagt òg bli song og musikk, både til å høyre på og ta del i. Sveler og vaflar med alt som høyrer til, skal vi kose oss med. Dei fem foreiningane for NMS kring Gloppefjorden syter for det, og mykje meir. Og så lar vi kronene rulle til misjonen, som dei har gjort i 133 år sidan den fyrste marimessebasaren i Gloppen. Pengane blir framleis velsigna på veg til dei som treng dei. Dette er tradisjon med meining i! Kyrkjeblad for Gloppen www.gloppen.kyrkja.no Utgjeve av sokneråda i Vereide, Breim, Gimmestad og Hyen. Kjem ut minst 7 gongar i året på Sandane. Betaling etter ønske.Bankkonto: 3705 04 71307 Grafisk design: Snøggbakken Trykk: Druka, Klaipeda 4 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Knekte du julenøttene? Vi håpar riktig mange hadde det kjekt med oppgåvene i julenummeret, og takkar for dei innsende svara. Her er løysingane: Kven hadde vore i kakeboksen? Mistanken bør gå mot Lotte, sidan ho tydelegvis veit kva boks berlinerkransane var i. Julenøtter Her må vi gjere eit baklengs reknestykke. Nøtta som tante Sofie skal få, pluss to nøtter på kvar til mor og far, totalt 5 nøtter, utgjer ein fjerdepart av nøttene som blei fordelte andre juledag – altså var det 20 nøtter før dei delte. Desse 20 var to femtepartar av nøttene som blei fordelte fyrste juledag (tre born fekk kvar sin femtepart) – altså var det 50 nøtter då dei begynte delinga den dagen. Etter at dei hadde delt ut nøtter julekvelden skulle det då eigentleg vore att 51 nøtter, viss ikkje Else hadde fått den dårlege nøtta – og dette er halvparten (tre sjettepartar) av utgangspuktet, som dermed var 102 nøtter. Isracet Namnet på vinnaren er enkelt å finne: Det var ikkje Seime, som snurra, og ikkje Reed, som hadde kvit bil – altså må føraren av den blå vinnarbilen vere Hetle. Han kan ikkje ha køyrt Volvo, sidan den blei ståande fast, og heller ikkje Opel, fordi Opel-eigaren har køyrt Kandalsruta i 3 somrar og Hetle nettopp har teke sertifikat, så då står vi att med Toyota. På andreplassen må vi finne Seime, som snurra, medan Reed må vere den uheldige som køyrde seg fast med Volvoen. Seime må dermed ha køyrt Opel. Juleselskapet Her er den raskaste vegen til mål å setje opp ei liste over kven av kvinnene kvar mann ikkje kan sitje attmed, og kven av mennene kvar kvinne ikkje kan sitje attmed. Ut frå desse listene kan ein med litt pusling finne opptil fleire bordplasseringar som tilfredsstiller alle krava, så det blei nok med tida mat å få. Marimesse – tid for misjon D ei skulle berre visst kva dei sette i gang i Gloppen, dei som samlast på Mardal marimessedag 25.mars i 1881! Snart vart det «marimessebasarar» fleire stader kring fjorden, og folk gjekk «mann av huse». Ja, mennene var med, dei òg då, sjølv om det var kvinnene som dreiv foreiningane gjennom vinterhalvåret. I vår tid er Sandane kyrkje staden for den felles årlege marimessebasaren. No ser vi glimt av det som kom ut av basarane; blant anna Bibelskulen som ligg i millionbyen Changsha, Hunan i Kina, der Jon Fitje og sidan Gjertrud var misjonærar. Saman med andre tiltak er skulen del av «Kyrkjeleg undervisning i Kina» som er misjonsprosjektet til Vereide kyrkjelyd. Dette prosjektet er heilt sentralt Kasserar: Venke Kollbotn, Breim sokn Tlf. 97 77 73 83 Epost: venkekoll@hotmail.com Distribusjonsansvarleg: Harald Aske Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915 Redaktør: Oddvar Almenning Tlf. 57 86 94 24 / 400 04 377 Epost: oddvar@svale.no i den veldige voksteren i kyrkjene i Kina. For «Den enorme kirkeveksten har ført til stor prestemangel i Kina» melder Misjonstidende. Der kan vi òg lese dette: «Det var om lag 3 millionar katolikkar og 1 million protestantar då kommunistpartiet kom til makta i 1949. I 2010 kom ei amerikansk undersøking fram til at det var 58 millionar protestantar og 9 millionar katolikkar. Mange ekspertar seier no at det er fleire kristne enn det er medlemmer i kommunistpartiet.» Og talet på kristne i Kina veks med om lag 10 % kvart år! Dei treng kristen undervisning, og det får vi vere med på. Det er framleis god grunn til å gå «mann av huse» på marimessebasar. Vel møtt i Sandane kyrkje fredag 20.mars! Redaksjonsnemnd: Tore Myklebust, tlf. 456 01 260 tore.myklebust@gloppen.kyrkja.no Vidar Bjotveit, tlf. 958 80 030 vidar.bjotveit@gloppen.kyrkja.no Anders Rinde, administrasjonen Tlf. 57 86 93 06 / 997 20 238 anders.rinde@gloppen.kyrkja.no Harald Aske, Vereide sokn Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915 Epost: harald.aske@enivest.net Aslaug Heimset Larsen, Hyen sokn Tlf. 57 86 98 67 / 995 24 502 Epost: tor.arne.larsen@enivest.net Aase Ryssdal Sæther, Gimmestad sokn Tlf. 57 86 50 51 / 911 07 329 Epost: a-ryss@online.no Rønnaug Ryssdal, korrekturlesar tlf. 950 72 392 E-post ryssd@online.no Leiar Åse Ryssdal Sæther Kvifor skal alt forandrast heile tida? D et er så mykje som ikkje er likt seg lenger, seier mange av oss, og går 30 eller 40 år bakover i tankane, eller endå meir. Samfunnet som vi kjem til då, var svært annleis enn i dag på mange måtar, og vi likar å minne kvarandre på korleis det var den gongen. Tenk at vi, for eksempel, henta den daglege mjølka i spann på meieriet, der meierska sette spannet vårt under ein krane på veggen og førte eit handtak fram og tilbake – ein liter i gongen – til spannet var fullt. Sidan har det vore mjølk i flaske, i pose og på kartong, og vi har vent oss til det nye kvar gong, kanskje med unnatak av posane, som vi aldri blei glade i. Til det er å svare at bortfallet av løna klokkarteneste nærmast kan kallast ei kosmetisk endring i høve til det vi kan kome til å sjå i framtida. Frå å vere ein obligatorisk og viktig del av skulen og livet elles til dei aller fleste i landet vårt, er kyrkja i dag blitt meir og meir perifer for mange. Det blir hevda med tyngde frå nokre hold at det berre er eit tids-spørsmål om når kristendommen er utdøydd i Noreg, og då kan kyrkjene seljast og bli ombygde til bustadhus, kunstgalleri eller serveringsstader, og prestane kan omskulerast til å gjere noko fornuftig. Tykkjer vi dette høyrest ut som ein grei framtidsvisjon? Dersom ikkje, er det svært viktig at vi samlar oss så godt vi kan i arbeidet vårt. Vi har ikkje uavgrensa med ressursar, verken økonomiske eller menneskelege, og det er derfor tvingande nødvendig at vi gjer dei endringane som kan strekkje midlane våre lengst råd. Vi kan ynskje oss tilbake til plaggekonene og kyrkjebussane si tid, men dit kjem vi ikkje uansett, og dei ordningane som var gode då, vil ikkje nødvendigvis vere gode i dag. No lurer gjerne lesaren på kvifor eg skriv om mjølke-emballasje i ein leiarartikkel i Kyrkjebladet, og planen er sjølvsagt å dra ein parallell over til kyrkjelege forhold. Der har det nemleg også skjedd store endringar frå fyrst Samordning = ny giv? på 60-talet og til no. Den gongen Illustrasjon: OA sat dei gamle mennene framleis helst på høgresida i kyrkja, i mørk Det var denne realiteten som låg bak då frakk og med blankpussa skalle, og dei gamle kvinnene vi i Gimmestad sokneråd tok initiativet til å slå soknet vårt sasat på venstresida med svarte silkeplagg der frynsene låg man med Vereide sokn. Etter snart 4 år med altfor mykje parali fine render nedover ryggen. På høgtidsdagane var det lell- og dobbeltarbeid såg vi at det kunne vere mykje å vinne på knapt sitjeplassar til alle som ville inn, og 17. mai var det å samlast i eitt sokn, og når dette vert lese, er soknemøta avvikla obligatorisk at også russen kom til Vereidskyrkja; omgjevne og samanslåing truleg eit steg nærare. av ein eim av fest og moro fylte dei fleire benker framme i rommet, helst nær sideutgangen, slik at dei skulle ha kort Ingen ting skulle glede oss meir enn at Gloppefjorden sokn ein veg om dei måtte ut for døra og levere overskotsprodukt. gong i framtida må delast igjen, fordi dei fulle kyrkjene og dei lange køane til tilboda våre gjer det vanskeleg å handtere eit så I tida mellom plaggekonene og oss har mykje blitt skifta stort sokn. Nøkkelen til ein slik situasjon er det ikkje berre vi ut, som prestar, salmebøker og gudsteneste-ordningar, og som sit med, men like mykje du og dei andre lesarane av Kyrkjesomme har etter kvart tykt at det har blitt rikeleg med endbladet. ringar. Klokkaren er til dømes sakna av mange, som eit fast punkt i tilveret, kunne vi om ikkje anna fått beholde han? Tek du utfordringa? nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 5 Jubileumsboka -Viktigast at kyrkja står der no Tekst og foto: Olav Søreide K yrkjebladet har møtt Oddlaug Vereide, klokkar i Vereide kyrkje i 23 år frå 1980 og kyrkjelydssekretær i Gloppen i nesten like lang tid. Ute i gangen heng eit Oddvar Torsheim-bilete: «Den gamle fjord-klokkar» - ei gåve som ho set stor pris på. Temaet for samtalen vår er jubileumsboka for Vereide kyrkje og kva som for henne kjennest viktig å få fram når vi jubilerer. Kyrkja og kyrkjerommet -Kva kjensler har du for kyrkja på Vereide, Oddlaug? -Vereide kyrkje er for meg ein vakker, stø bygning, gammal og ærverdig, rein i utforminga inne, men framfor alt eit gudshus fylt med ånd og atmosfære. Gjennom arbeidet mitt som klokkar i Vereidskyrkja gjennom mange år, har eg så ofte opplevd å kome inn i eit heilagt hus og vere der åleine. Eg har kjent på freden og stilla i kyrkjerommet medan eg har gått der og laga til gudstenesta. Ofte kom eg i hug Halldis Moren Vesaas sitt dikt der ho skriv om å få «tene ved livsens grunnkjelder». Ei ekstra høgtid var det når det stod ei blomepynta kiste framme på kyrkjegolvet, og eg kjende korleis livet og døden og vona møttest. Og så gleder eg meg over krusifikset på alteret, kunsten på veggene og over vakre kyrkjetekstilar i alle dei liturgiske fargane som også seier noko om Gud. Skal tru om folk flest veit kva som finst av slike tekstilkunstverk og kven som har laga dei? -Du har mange slike stunder i kyrkjerommet bak deg? Oddlaug blir blank i augo når ho tenkjer etter: -Ja, og eg har kome nær mange menneske, i glade og tunge stunder frå dåp til gravferd. Eg har opplevd så mange gode møte mellom menneske, og mellom menneske og Gud. Nattverden er eit slikt møte mellom menneske og Gud der den halve alterringen er symbol på samfunn med dei som har gått føre oss. 6 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Eg kjem eg ikkje utanom påskedagsgudstenestene! Fullsett kyrkje, heimkomne påskegjester, born med bukettar av påskeliljer, mektig salmesong og kor, messingblåsarar og pauker og ei inspirert preike... Det indre livet i kyrkjelyden - Eit kjernespørsmål i den nyleg utkomne jubileumsboka om Vereide kyrkje er alderen på kyrkja. Er det viktig for deg å vite kor gammal kyrkja er? - Det er sjølvsagt viktig og interessant å få fastslege kor gammal kyrkja er, men det aller viktigaste er at ho står der no, og at ho blir brukt. Eg meiner at boka er for einsidig oppteken av rammeverket. Tittelen er «Vereide kyrkje – kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år». Det er svært interessant å lese om kyrkja på kyrkjestaden, - godt skrive er det også, og det er lagt ned eit stort og viktig arbeid i å få fram nyttig og god kunnskap. I tillegg skulle eg så gjerne lese meir om kyrkjelyden og det levde livet gjennom hundreåra. Vi må hugse på at slektledd etter slektledd har hatt kyrkja som midtpunkt rundt høgtider som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. - Kjeldene til det levde livet i kyrkja er vel kanskje færre? - Ja, men vi veit mykje om kyrkjelydsarbeidet og det indre livet i kyrkjelyden i vår tid. Boka bør vel også vere ei kjelde til kunnskap om notida for komande slekter. som kan hjelpe til med å administrere dette mangfaldet. Prestar og organistar og andre treng avlasting på dette feltet. Kvinnene i kyrkjelydsarbeidet - Nokre vil kanskje seie at jubileumsboka i liten grad handlar om kvinnene sin innsats i kyrkja og kyrkjelyden? - Ja, og kanskje er det naturleg at det må bli slik, i alle fall når ein ser reint historisk på saka. Eg vil likevel minne om kvinnene sin store innsats innanfor kyrkjelyden med diakoni, misjonsforeiningar, barneforeiningar og til dels søndagsskulearbeid. Konfirmantsamlingar i prestegarden gjennom mange år – også for 50- og 60-årskonfirmantar - har vel ikkje gjort seg heilt sjølv. Mangfaldet i kyrkjelyden - Det har skjedd og skjer mykje positivt i kyrkjelyden vår. Marie Sælensminde Rygg viser mykje av dette arbeidet gjennom dei mange fine bileta som har fått plass i boka. Eg saknar likevel utfyllande omtale av ungdomsarbeidet i kyrkjelyden, av trusopplæringa og konfirmantundervisninga i vår tid med mellom anna temagudstenestene, Ten Sing-rørsla og Opa kyrkje for å nemne noko. Eg tenkjer med glede attende på særhendingar som då vi song oss gjennom heile salmeboka, den påska vi las heile Bibelen og i ettertid også starta med å skrive av Bibelen. Vi skal heller ikkje gløyme det omfattande arbeidet som prestane utfører utanom sjølve tenesta i kyrkja gjennom ulike samtalar og møte og gjennom diakonalt arbeid. Det er viktig å dokumentere og overlevere dette til ettertida. Eg merkar at sjølv eg som har stått midt oppe i ein del av dette arbeidet, held på å gløyme og må ta fram bilete for å friske opp att minnet. - Og du brenn framleis for ungdomsarbeidet i kyrkjelyden? - Ja, det gjer eg verkeleg! Og eg synest det er trist å sjå at vi ikkje greier å halde oppe aktiviteten, og at t.d. Opa kyrkje i Sandane kyrkje slit med å finne vaksne som kan ta ansvar for dette viktige arbeidet. Ungdomen vil gjerne møte opp, men kvar er vi vaksne? Og så er eg oppteken av song og musikk. Det er ein stor verdi for kyrkjelyden at vi har ein kantor som arrangerer musikk og dirigerer kor og orkester i tillegg til at han sjølv leverer mektig orgelmusikk. Du verda så mange flotte konsertar vi har fått oppleve i Vereidskyrkja! Og endå er det store ressursar av unge og eldre i kyrkjelyden og bygda som bør inviterast til gudstenestene. Det er så viktig å engasjere flest mogeleg, og det er heilt nødvendig å skaffe fleire krefter No og framover - Kva vil du trekkje fram som dei største stundene dine i Vereidskyrkja, Oddlaug? - Då kjem eg ikkje utanom påskedagsgudstenestene! Fullsett kyrkje, heimkomne påskegjester, born med bukettar av påskeliljer, mektig salmesong og kor, messingblåsarar og pauker og ei inspirert preike… Eg blir rørt og tenkjer på heimveg: stakkars dei som ikkje har fått oppleve dette! - Du har vore litt inne på framtida. Skal vi våge å tenkje noko om kyrkja på Vereide og kyrkjelyden 50 år fram i tid? Det blir stille ei stund medan Oddlaug ser framfor seg. -Eg kjenner av og til ein otte for kyrkja si framtid, - ein otte for at vi skal miste dei store verdiane av syne. Det er mykje som trugar den kristne arven vår, alt frå manglande respekt for å halde kviledagen heilag til sviktande oppslutnad om barneog ungdomsarbeid. Eg bed for at vi skal greie å løyse ut eit endå sterkare engasjement slik at fleire tek ansvar framover. Eg bed for ei levande kyrkje. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 7 Absalon Absalonson Prest i Gloppen frå 1594 til 1630. Presten med kjendisforeldre Av Asbjørg Apalset Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd. Om dette gjeld Absalon Absalonson, får de døme om når de har lese artikkelen. V i går tilbake i tid for å presentere foreldra hans. Begge var svært kjende i si samtid, og begge har kjende namn den dag i dag. Eg vil starte med far hans, Absalon Pederson Beyer. Han var fødd i Skjerdal i Aurland i 1528 og døydde i Bergen 9. april 1575. (Francis Bull skriv: “… og oppgir selv at han hører til en adelig slekt”. Eg hadde ein forelesar som sa det meir tydeleg: Han var ingen Beyer!) Foreldra døydde tidleg, og seks år gammal vart han send til Bergen, til den lærde skole. Der var han til han var 15 år. Han vart som ein son i huset til den første protestantiske biskopen i Noreg, Gjeble Pederssøn. Han betalte òg for Absalon sine studiar i Wittenberg, der han m.a. sat under Filip Melanchton sitt kateter. Ein kan forstå at han vart godt rusta til å forkynne den lutherske læra. Etter magistergrad i København reiste han til Bergen og vart der livet ut. Men han var så mykje meir enn ein gluping som klatra raskt opp karrierestigen: Lektor theologiæ ved katedralskulen, notarius ved domkapitlet og slottsprest ved Bergenhus. Han vart ein del av krinsen kring Erik Rosenkrantz, slottsherre på Bergenhus. Desse var ivrige motstandarar av hanseatane sin dominans i byen. Men det er ikkje dette han er mest kjent for. Den første kjende teaterregissøren i Noreg Han sette opp små teaterstykke saman med elevane. Dei kunne vere på latin, for å lære elevane språket, men dette var òg i ei tid der lutherdomen sine krav om å bruke folkemålet voks fram. At folkemålet diverre vart definert som dansk, er ei anna sak. Mest kjent av desse stykka er “Adams fall”, spela på utandørsscena som var kyrkjegarden. Dette er langt frå latinskulane sin kjende pedagogikk! Absalon hadde sjølv omarbeidd det frå fransk. Det verkar som europeiske kulturstraumar slo heilt opp til Bergen. Dagboka Absalon skreiv dagbok, og det meste av ho frå tidsrommet 1552 til 1571 er bevart. Ho er skriven i ein nøktern stil, men vi får eit godt bilete av liv og røre i Bergen, og ho er eit svært viktig kjeldeskriv. (Sjå utdrag i “Klipp”). Litt personleg kunne han vere: 1571. Hans 8 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 vesle dotter var sett “thil Schole” hos ein kvinneleg lærar, og ho hadde lese “sin abcbog ud” etter tolv vekers undervisning. Vi ser den stolte far bak den turre opplysninga! Vi finn òg andre spor etter familien: Mavis 1563. Wart min Absolonis tridie dotter født 1563 paa denne 16 dag og vart giffuen naffn Helvig. 4. juli går Anne til kyrkje, det er “mødres kirkegang.” 1. oktober finn vi dette i dagboka: Døde min, M: Absalons dotter ved naffn Helvig. Och døde hon effter ni slett for middag. Eg fann òg ein omtale av sonen, som seinare vart sokneprest i Gloppen: 1563. Des. 23. Paa denne dag som var en Torsdag vart min søn Absalon Absalonis helbrigd igen som Torsdagen tilforn bleff krank aff feber com leuticulis sprinkelsotth. 10. november 1567 vart fjerde son hans fødd. Han vart kalla opp etter meister Gjeble, og 1. januar året etter går Anne til kyrkje, etter det pålagde ritualet. 3. januar 1565 finn eg følgjande i dagboka: Døde om natten ved tolff slett Elzebe Messemagers Jordmoder vdi Bergen. Etter å ha gjeve henne skussmål som ei kvinne med dei aller beste eigenskapar, skriv han om dei borna, med foreldre av høg byrd, som ho har teke imot. Litt ned på lista kjem — hun var oc iordmoder til M:Absalons siw børn fire pigers Cæcilia, Kirstine; Helwig, Susanna, og try drengebørn, Peder, Hans og Absalon. I ei av kjeldene eg las står det at det var åtte born, her er det berre sju. Forklaringa på dette spriket fann eg seinare i dagboka: 1568 Januaris. Anne Pedersdotter gikk til kirke efter sin fjerde søn Geble som er kallit efter Mester Geble Person. Han vart fødd etter at Elzebe jordmor var død. Vidare står det: 1568 Martius. 2. Paa denne dag i Martio døde M:Absalons søn Geble som var kallit effter salig M: Geble superintendanten. Fødslar, dåp, vigsle, død, drap, avrettingar og så pest er noko av det vi finn i denne dagboka. Vi kan lese inn tidsbilete, menneskesyn, levekår og sosiale skilnader. Fleire gonger skriv han at det har vore avrettingar, nøkternt og utan merknad: Nov. 2 1562 Wart en Manddrabere halshuggen och en tiuff hengder. Ved fleire av avrettingane vert øksa skildra, og i ein del tilfelle vart hovudet til den avretta sett på stake. Bergenshumanistane Lensherren på Bergenhus, Erik Rosenkrantz (han med tårnet!), samla ein del menn med felles interesser innan litteratur og historie. Dei gav ut skrift om Noregs og Bergens historie. Dei var ei motvekt mot den hanseatiske påverknaden på byen. Om Norgis Rige var hans litterære storverk. Han skildrar Noreg allegorisk. Noreg er ei kvinne. Først er ho sterk og flott, fint pynta. No har det gått nedover, ho er som ei gamal enke. Dette er eit verk som vert sitert i skulebøker framleis. Absalon var ihuga lutheranar. To koner tilbad nokre bilete på høgaltaret i domkyrkja. Biskop Skieldrup fjerna dei, og Absalon var sikkert informert. Det vart gjort utan samråd med borgarmeisteren og byrådet, og det vart ein strid mellom kyrkjelege og verdslege råd. Absalon må kunne seiast å vere i toppsjiktet i Bergen. Den foreldrelause vesleguten hadde heile oppveksten gode menneske kring seg, som hjelpte han opp og fram, og opp og fram kom han, trass vanskar på heimebane. Anne Pedersdotter (Anne Absalons) I 1552 gifta Absalon seg med Anne Pedersdotter, søster til ein studiekamerat frå tida i København. Anne var fødd i Trondheim (årstal ukjent). Vi veit lite om henne frå den tida ho var gift med Absalon, berre opplysningar knytt til fødslar og nokre selskap dei var i, og vi kan ane kva for krinsar ho vanka i. Når Absalon skriv om borna i dagboka, skulle ein tru at han hadde fødd dei. Mora er ikkje nemnt, ikkje før ho skal til kyrkje etter fødselen! Korleis var ho så, denne kvinna som vart avretta på Nordnes? Det har mange undra seg over, både forskarar, forfattarar og komponistar. Det finst fleire dokument om hennar sak: Rettsakta av 1590, brevet svigersonen Werner Schellenberger sende til kong Christian den fjerde og svarbrevet han fekk. Då ho vart enke, fekk ho brev frå København om fritak for skatt, og ho fekk løyve til å busette seg kvar ho ynskte i landet. Ho kunne ha fått det bra, men kva utløyste vondskapen? Det er i tida då ho sat som enke, frå 1574 til 1590, at rykta og seinare klagemåla om trolldom og hekseri voks fram. Var ho eit offer for striden mellom byens geistlege og byens råd? Då Absalon levde, var han for mektig til at nokon gjekk til åtak på han. Anne og bispinne Anna vart klaga for trolldomskunstar året etter at Absalon døydde. Dei vart frikjende, men året etter kom det ny klage mot Anne. Adrian von Buskodt og kona ville ikkje at sonen deira skulle gifta seg med Anne si dotter Susanne på grunn av mora sitt dårlege rykte, dei klaga henne for trolldom. (Kva sa dei unge til det, tru?) Anne vart òg klaga for å ha drepe ein gut ved å gje han noko bakverk. Ho hadde forbanna eit pæretre så det ikkje bar frukt seinare. Ho hadde teke livet av biskop Gjeble for at Absalon skulle kunne bli biskop etter han, noko han ikkje vart. Den sterkaste vitneutsegna kom frå Ellina, ho hadde vore i teneste hos Anne i over 20 år. Ho fortalde at Anne hadde brukt henne som hest til Lyderhorn tre julenetter på rad. På denne heksesabbaten bestemte heksene kva for ulukker som skulle kome over Bergen: Skipsforlis, brann og stormflo. I alt var ho stemna for å ha teke livet av fem menneske, kasta sjukdom på fleire, vore på heksestemne i tillegg til strid om jord og annan eigedom. I ei tid med så mykje pest og annan sjukdom var det lett å få skuldingar over seg. Ho var skarp og talefør, ingen stakkar. Anne vart dømt til døden etter norsk lov, mannhelgabolken og kristenretten. Trass protestar frå ein del prestar i Bergen vart ho dømt til døden. Dommen vart signert med 37 segl, inkludert den verdslege eliten i byen med lagmann, borgarmeister og medlemmer av byrådet. På veg til rettarstaden ropte Anne fleire gonger ut si uskuld. Ho vart brend på bålet 7. april 1590. Fleire kunstnarar er opptekne av Anne Pedersdotter Vera Henriksen, som er kjend for sine historiske romanar, har skrive romanen “Skjærs ild” med motiv frå trolldomsprosessen mot Anne Pedersdotter. Mange av oss har vel høyrt om Edvard Fliflet Bræin sin opera “Anne Pedersdotter”, med tekst av Hans Kristiansen. Så var det sonen, kapellan og sokneprest til Gloppen Absalon Absalonson Beyer vart fødd 19. april 1559 i Bergen, og døydde 1. desember 1639. Han var oppvaksen i Bergen og var nok ein av dei kondisjonerte, når ein les om kven faren omgjekk. Han fekk opplæring hos faren og var truleg elev ved katedralskulen. Seinare studerte han teologi i København. Han vart res. kap. ved domkyrkja i Bergen. Frå 1594 til 1603 var han kapellan i Gloppen, og frå 1603 til 1630 var han sokneprest der. Han var gift med Dorthe Pallisdotter, og dei hadde desse borna: Kirsten Absalonsdotter Stub, Ananias Absalonson Beyer og Lisbeth Absalonsdatter Beyer. I genealogien står det òg oppført ein NN Absalonson Beyer Vereide. Det er kanskje feilføring for fødestaden. I klagemålet mot Anne er det nemnt ein son som hadde vore på pæreslang i ein hage. Det er mykje usikkert ved dette klagemålet, og kunne ein komande sokneprest til Gloppen gjere noko slikt? I ein prosess der Anne klagar Anna Giertt Snigkers for å vere ein oppenbare troldkonnæ och ein witterlige tiuf, stiller sonen Absalon i retten då mora ligg sjuk. Det er fleire prosessar, og det er snakk om trenering. Anne vart frisk og stod opp straks saka var ferdig! Den klaga vart frikjend, men ho hadde sete så lenge i fengsel at helsa var øydelagd. Det er spekulert ein del rundt kvifor Absalon ikkje var tydeleg i forsvar av mora under prosessen i 1590. Kunne grunnen vere at han var gift med ei frå den andre fløyen i splittinga mellom dei geistlege og dei verdslege råda? Han som hadde stilt opp for henne fleire gonger under ein prosess, kvifor ikkje den siste? Svaret får vi vel aldri. Svogeren hans, Werner Schellenberger, prøvde å få domen over Anne omstøytt i 1596. Dette gjorde han for å reinvaske ætta. På kontinentet vart born av hekser ærelause og fråtekne privilegiar. Han tapte saka. Kvifor søkte Absalon seg vekk frå Bergen? Vart det for vanskeleg å vere prest og sonen til ei avretta kvinne som var skulda for trolldom? Vi glopparar vil vel ynskje å tru at det var bygdene og folket her som var så lokkande. Det vi veit, var at han var prest i Gloppen i 36 år. I tida etter budde han hos dottera Kirsten og svigersonen, sokneprest til Kinn Jacob Lauritsen. Prestebustaden var då på Skorpa. Der døydde han, men han vart gravlagt under kyrkja på Kinn. Restane frå graver under våpenhuset og kyrkja vart i 1911-12 flytta til ei grav på nordsida av kyrkja. Der står det ein bauta av gråstein. Inne i kyrkja heng ei praktfull minnetavle over Absalon med denne innskrifta: Her under hviler s.her Absalon Absalonsen, barnefødt i Bergen anno 1559 den 10. apr. og caplan til Domkirken sammesteds i 17 aar og derefter sogneprest til Gloppen Nordfior udi 41 aar, som døde her i Schorpen Anno 1639 i sin alder 81 aar. Gud giffue hannem med alle Christne en glædelig opstandelse. Epitafiet, som er frå 1639, er i følgje kunsthistorikaren Sigrid Christie ett av de mest engasjerende presteportretter vi har, med det reserverte, lukkede uttrykket i det tunge ansiktet, den veldige kubiske skikkelsen. Når vi sit i Vereide kyrkje, Breim kyrkje eller Gamle Gimmestad kyrkje og ser katekismustavlene som heng der, kan vi tenkje på Absalon som var prest i Gloppen på den tid dei kom opp. Var det slik at han ynskte ei meir “luthersk” utsmykking, slik nokre gissar? Det er mykje vi ville ha visst om Absalon, men sikkert er det: Han kviler ute på Kinn under ynskjet: Gud giffue hannem med alle Christne en glædelig opstandelse. Asbjørgs klipp Klipp frå Absalon Pederson Beyer sine dagbøker Absalon Pederson Beyer skreiv dagbøker i tida 1552 til 1572. Dei er tilgjengelege i dag og er gode historiske kjelder for den tida. Eg har valt ut nokre dagboksblad frå 1564 og 1565. 1564.xII. Vart en karll fød i Blegend halshuggen og stegitt som hafde giort megit ont, di han var en tiuff och en mordere. (Stegitt: Hovudet vart sett på stake, til skrekk og åtvaring.) 1565 Maius 31. Drucknede her Peder philosophus paa vor Herris Hemmelsfardag, pa Jolster vdi it stortt ferst vand selffannen. Var hand fød i Selandt oc gick først til Skole i Bergen vnder mig Absalon … drog der effter thil Stauanger at faa sig nogit kald oc embete, fick der inted, drog saa til Jolster der bleff hand, var hand megit vnderlig mot døden. (Selffannen: To personar drukna. Bleff = drukna). 1565 Julius .XIIII Var kongens skib, den sundske Engel tillad att schulle drage til Københaffn laden medt Bergerfisk ther var nogle baasmend paa, blant huilke der var en skotte, hand stal nogle voger fiisk, oc vart der fore hengd paa denne dag. September 14. Var to børn døpte i Domkircken. Pestelentze. Vdi dette aar førte en Bremmer skiber som kom fra Dansken hid til Bergen pestelentze med sig skiberen styremanden oc den meste partt aff baasmenderne døde. (Her fylgjer ei dagbok der han tek med ofra for pesten. Ein del er nemnt med namn eller slektskap, andre er berre talde. Innimellom er det nokre som blir avretta, nokre døyr av sjukdom eller i ulukker.) October 1565 25. Sex lig til Domkircken. 27.28.29. Vore oc en heel hob lig paa. 29. Døde Tosten paa Kaldewegen, da her Thomas var hoss hannom oc gaff ham Sacramentit badt hand sin hustru Kristin Brocks forlade sig, hues hand henne fortørnit hafde, hun vilde icke, dog berettidis handt. (Fortørn= gjere urett, berettiges: Verte førebudd til å døy, få nattverden.) nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 9 Orgelet i Vereide kyrkje Slik såg det gamle prospektet ut. Orgel ut og orgel inn Harald Aske i samtale med Anders Rinde -Å få ut det gamle orgelet må ha vore eit omfattande arbeid. Vart alt gjort på dugnad? Medlemmer av Vereide sokneråd møttest 30. oktober 1981 til synfaring og planlegging av arbeidet med å få ut det gamle orgelet og gje plass til det nye. Øystein Gangfløt, eigaren av orgelfabrikken, skulle kome med fly 19. november, og før det måtte det meste vere rive og fjerna frå galleriet. Pipene vart plukka ned og plasserte andre stader i kyrkja, veggen mellom spelepulten og orgelhusa fjerna, og det meste av andre flyttbare ting tekne ut. Men dei tunge vindladene og spelepulten hadde vi ikkje greidd å få bort då Gangfløt kom. Vi hadde rett og slett ikkje utstyr til å få det bort. Det var den unge orgelbyggjaren lite nøgd med då han kom, for han hadde nok tenkt å starte byg- 10 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 gearbeidet på nyorgelet i staden for å vere med på rivinga av det gamle. Han bora eit hol i taket og festa ein talje der. Spelepulten og vindladene vart så heiste ned i kyrkja etter tur, og derifrå var det å bere desse ut. Sterke karar måtte til, for dei var steintunge! Denne store dugnaden var laurdag 21. november 1981. -Kvar vart det av det gamle orgelet? Ein kjenning av Håkon Forland, Magnus Nybø i Askvoll, hadde fått lovnad på å få det han trong av det gamle orgelet. Nybø var med på dugnaden i Vereidskyrkja 21. november, og han fekk med seg ein del piper, men dei tunge vindladene og spelepulten ville han ikkje ha, så dei enda sine dagar på søppelfyllinga i Eidsmona. -Her må vi skyte inn at Magnus Nybø ver- keleg sette opp eit orgel i si eiga stove. Men han brukte berre eit par register frå Vereide. Resten fekk han frå eitt eller to andre orgel. Det vart oppsett på ei mekanisk sløyfelade som han også fekk tak i frå eit brukt orgel. Underteikna har prøvt orgelet, som var fullt spelbart, men svært ustemt og ujamt i intonasjonen. Magnus Nybø døydde i 1910, og huset vart selt i 2011. I 2013 var dei nye eigarane usikre på den vidare framtida for orgelet. Arbeidet med montering av det nye orgelet gjekk greitt, og Kristen Hauge vart henta inn som ansvarleg for målararbeidet. Det gjorde dei så smakfullt at ein representant for Riksantikvaren trudde orgelet var bygt inn i det gamle prospektet. 27. desember 1981 var orgelet såpass spelbart at det var Her vert ei av vindladene boren ut. Dei gode hjelparane er frå venstre Matias Devik, Johannes Klungrehaug, Oddvar Skeistrand, Magnus Nybø, Asbjørn Gjengedal (gøymd), Harald Aske og Rasmus Bergheim. radiogudsteneste frå Vereide. - Det nye orgelet tek vesentleg mindre plass enn det gamle, så det vart kanskje litt diskusjon om korleis all den nye plassen skulle utformast? Interiørarkitekt Berta Henden vart kontakta, og ho teikna ei skisse til løysing. Benkane vart tekne ut og erstatta med 100 gode stolar, og på golvet vart der laga trinn slik at alle kan følgje betre med i det som skjer i kyrkjerommet elles. Kåre Skrivarvik stod for snikkararbeidet. Kan hugse han var så fornøgd med å ha fått lirka fram dei gamle listene rundt gallerikanten og fått dei uskadde på plass att etter at golvet var lagt. Pent gjort! -På eit lite skilt på spelepulten står Øystein Gangfløt 1981. Det stod vel i kontrak- ten at orgelet skulle vere ferdig i 1981. Det gjekk ikkje, og han brydde seg vel ikkje med å lage nytt skilt. Men vart det mykje forseinka? Søndag 7. februar vart det nye Gangfløtorgelet vigsla. Konsulenten for orgelet, Arne Hadland frå Borgund (seinare domorganist i Stavanger) spelte under gudstenesta, og både han og Anna-Marie Hvaal Solberg var med på konserten same kvelden. Det var også Vereide kyrkjekor, Breim kyrkjekor, Jubilo og Gloppen Jentekor. I veka som følgde var det fleire konsertar der m.a. Søren Gangfløt, domorganist i Fredrikstad, tok del. Vi hadde også besøk av Volda og Ørsta kammerorkester og Volda kyrkjekor med glopparen Ragnar Aske som dirigent. Ein liten kuriositet: Dette er programmet for konserten ved vigsla av det første orgelet i Vereide kyrkje fredag 20. mai 1938. Organist Thorleif Aamodt, som også hadde vore konsulent for orgelet, var på den tid 29 år, men allereie ein røynd orgelkonsulent og kjend konsertorganist. Frå 1948 og til han gjekk av med pensjon var han organist i Johanneskyrkja i Bergen. Ho som song solo, var truleg syster (eller kona?) til organisten. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 11 Orgelet i Vereide kyrkje Når ein arbeider hardt, må det nye krefter til. Her får dugnadsgjengen seg ein pustepause og litt mat. Vi ser frå venstre Ragnar Hauge, Matias Devik, Håkon Forland, Arne Eikenes, Johannes Klungrehaug, Asbjørn Gjengedal, Harald Aske, Magnus Nybø og Oddvar Skeistrand. Far og son: Oddvar og Ståle Almenning 12 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Gamleorgelet er ute, og den fyrste store delen av det nye er komen på plass. Øystein Gangfløt og hans mannskap i god gang med montering av det som viste seg å bli det siste orgelet firmaet leverte. Spaltisten Foto: Marie s Rygg Vereide kyrkje Olaf Sigurd Gundersen Det gammalnorske ordet kirkjusokn tyder kyrkjesøking. Derifrå kjem ordet kyrkjesokn. Sokneinndelinga i Norge er i grunntrekka sine eldre enn inndelinga i bispedøme. Vereide kyrkje fekk ein spesiell status som ei av dei 4 hovudkyrkjene i Firdafylket. Dei første kyrkjene Olav Tryggvason fekk bygd, var gjerne steinkyrkjer. Det var dei engelske geistlege han hadde i følgjet sitt som var fortrulege med det. Dei som kalka veggene i høve 850-årsjubileet, var forundra over kor godt murarbeidet var gjort. Dei fann heller ikkje at kyrkja var skøytt på. Den tidlegaste kyrkjeretten forutsette at dei vanlege soknekyrkjene var av tre. Seinare kom det eit påbod om at hovudkyrkjene skulle vere steinkyrkjer. I hovudkyrkjene skulle det også oppbevarast rette vektlodd og rette alenmål, så folk kunne justere vektene og måla sin etter dei. Kyrkja skulle vere til å stole på. Og presten skulle vere til å stole på. Sølibatkravet for prestar vart først verkeleggjort i Norge på 1300-talet. I hovudkyrkjene vart det sunge messe så å seie kvar dag. Då skulle presten vere fastande. Ekteskapeleg avhold høyrde også med til fasta. Det gjorde det vanskeleg å ha familie. Men etter Svartedauden vart det ikkje stilt så strenge krav. Det var ikkje spørsmål om ein hadde råd til å gifte seg, men om ein hadde råd til å la vere. Såleis har prestekonene hatt ein viktig, men gjerne upåakta plass i kyrkjesoga. Messa vart feira ved alteret. Men ei preike kunne haldast ute, t.d. ved krossen. Når ein kom til kyrkje, kyste ein på durakinnet, dørkarmen. Innfor døra var det vievatn. Ein slo krossteiknet og tok ein drope på panne, bryst og skuldre, og slik reinsa ein sinnet. Seinare vart det å «lese i hatten» og klokkarbøna: «Herre, eg er komen inn i dette heilage huset ditt...» Røykelse fylte rommet, teiknet på det heilage livet som brenn i kjærleik til Gud og strøymer ut som bøn. Høgdepunktet i messa var nattverden. Når innstiftingsorda lydde, og forvandlinga skjedde, ringde ein med ei lita konsekrasjonsklokke og ei klokke i tårnet. Dei som var heime og høyrde klokka, skulle be «Min Herre og min Gud». Så når folk seier «Herre Gud» kan det vere ei vidareføring av dette. Folk opplevde messa som eit drama. Presten var kennemannen, som skulle lære og undervise om kva bilda i kyrkja tydde og forklare innhaldet i den latinske liturgien. Preika var på norsk. Ved dåp møtte presten følgjet utanfor kyrkja og spurde: «Kva ønskjer de av Guds kyrkje?» Den som bar barnet svara: «Trua.» Presten spurde så: «Kva skal trua gje deg?» Fadderen svara: «Evig liv.» Presten: «Vil du inngå til livet, hald boda. Du skal elske Herren din Gud…» Så fekk barnet litt salt på tunga som symbol på visdom, og dåpen vart forretta rett innanfor kyrkjedøra. Ein fin start på dåpsopplæringa. Ein kom gjerne ikkje til messe kvar søndag. Men fyrste påskedag var samneytesdag, då heile kyrkjelyden skulle samlast til messe. I Vereide kyrkje har fyrste påskedag vore den best besøkte dagen i kyrkjeåret. Konfimasjon skjedde ved 12-årsalderen. Dette var det biskopen som utførte. Han salva konfirmantane, teikna krossmerke i panna og knytte eit kvitt klede kring panna. Det skulle dei gå med i 7 dagar, og så skulle det brennast. I dag er det kvite konfirmantkapper. Ved vigsel møtte dei utanfor kyrkja. Presten vigsla vigselringen og gav han til mannen, som sette ringen på kvinna sin langfinger, for der trudde dei det gjekk ei åre direkte til hjartet. Dei gjekk så inn, og det vart halde bruremesse. Kom det fram at vigsla hadde skjedd under tvang, var ekteskapet ugyldig, og dei var fri til å gifte seg på nytt. Så prinsipielt har det aldri vore tvangsekteskap i Vereide kyrkje. Når ein var død, vart det kvelden før gravferda sett lys på kista og det vart ringt med kyrkjeklokkene. Presten tok imot gravfølgjet på kyrkjegarden, dei gjekk inn i kyrkja og det vart halde sjelemesse. Vereide kyrkje har i mellomalderen vore eit av dei største byggverka på Vestlandet. Når ein steig inn i kyrkjerommet, steig ein inn i ein mektig hall, rikt på bilde og kunst. Presten var kledd i vakre messeklede. Lukt av røykelse slo imot ein. Lys blafra og skein. Og lyden av song og vakre harmoniar tonte under kvelven. Det heile var storslege, ein forsmak på himmelen. Dei deltok i det dramaet gudstenesta er med alle sansar. Så kom ei tid då evangeliet mest berre skulle inn gjennom øyra. Men oppfordringa i Fil 4 er å gje akt på alt som er reint og fint og gjev glede. Meisteren sjølv bar ei kappe vevd i eitt stykke, som dei kasta lodd om fordi ho var så verdfull. Han gjekk ikkje i filler. Vereide kyrkjekor fører i dag tradisjonane med harmoniar og vakker song vidare. Jorunn Vereide har fornya kyrkjetekstilane. Sven Havsteen-Mikkelsen stemmer sinnet til andakt med kunsten sin. Ei ny kyrkjeklokke med innskrifta «Kristus er oppstaden. Lovsyng Gud i hans heilagdom» kallar folket saman. Vereide kyrkje er verkeleg eit kulturminne. Det er opp til folk i dag om det skal vere eit levande kulturminne og ikkje eit museum. Kyrkja er slekta sitt hus og Guds hus. Kyrkjegong er identitetsskapande. Skal vi ha identiteten vår som eit kristent folk, er kyrkjegong viktig. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 13 Adventskonsert Mathilde Skjæret på hardingfele framførte «Springar» etter Sjur Eldegard. Ingrid H. Lyslo. Ho er dotter til Øyvind – så eplet fell ikkje så langt frå stammen. Nydeleg framføring på klassisk gitar: «Sarabande» av J.S. Bach. Litt av ei julegåve Tekst: Harald Aske. Foto: Per Svein Reed Musikk av høg kvalitet, stort mangfald og fin variasjon i ei fullsett Vereide kyrkje – det er det inntrykket ein sit att med etter å ha lytta til adventskonserten framført av musikklinja ved Firda. Vi fekk oppleve einskildprestasjonar, ulike samansetjingar av grupper og stort kor. 14 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 A lle heldt eit høgt nivå. Alt frå starten kunne ein ane at her vart det mykje fint å høyre, og ingen vart skuffa. Opninga av konserten kunne ikkje vore flottare. Med trompetar og kornettar på begge fløyane på galleriet og tuba og trombone saman med orgel i midten, tona melodiar av Purcell og Händel ut over ei fullsett Vereide kyrkje. Rektor Hallgeir Hansen ønskte publikum velkomen og kunne fortelje at det låg mykje arbeid bak det vi skulle få høyre. Elevane hadde øvd seint og tidleg, ja, nokon kanskje både natt og dag. Det har etter kvart blitt ein tradisjon at musikklinja arrangerer adventskonsert i Vereide kyrkje, og mange av foreldra til elevane hadde kome langvegsfrå for å få med seg konserten. Mange av elevane som startar på musikklinja på Firda, har gått i kulturskulane rundt om, og dermed er dei Musikklinjekoret frå 1mua, 2mua, 3mua vart akkompagnert av messingensemble i ei mektig avslutning der Michael Pavelich dirigerte. komne godt i gang før dei byrjar på Firda. Når dei då får fagleg hjelp her til å kome seg vidare, vert resultatet godt. Og skulen tek seg godt av elevane på alle måtar. Ei gruppe frå 2mua stod for eitt av høgdepunkta då dei framførte «Mitt hjerte alltid vanker». Dei starta tradisjonelt i fyrste verset, men laga så sin eigen versjon på resten av songen. Flott levert. Dette er vår julegåve Det store koret - der alle var med - var nok høgdepunktet i konserten. Og før siste nummeret sa dirigenten, Michael Pavelich: «Denne konserten er elevar og lærarar ved musikklinja si julegåve til dykk!» Deretter tona «Joy to the world» akkompagnert av eit messingensemble ut i kyrkjerommet. Og vi lét oss imponere. Stor klang og herleg engasjement. Emil Horstad frå Naustdal spelte solostykke på akkordeon, men akkompagnerte også fint Georg Lipai som song «Ave Maria». nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 15 Messehaklar i Gloppen Kyrkjebladet vil presentere messehaklane i Gloppen, og startar i Hyen. Tore Myklebust stilte opp for fotografen. Messehaklar i Hyen kyrkje Tekst og foto: Kurt Djupvik D en eldste messehakelen i Hyen er truleg frå 1920-åra. Han har mørkeraud bakgrunn og gullfarga kross på baksida med gullkanta breie kantband. Den kvite messehakelen er laga av tekstilkunstnar Cecilie Castberg Eggen frå Førde. Kunstnaren har tenkt på naturen i Hyen under utforminga, høge fjell med ein lang og trong fjord. Bak på messehakelen har ho laga den latinske krossen og plassert han i naturen. Tverrarmen på krossen er forma som ein båt som siglar på fjorden, slik som den kristne kyrkjelyden siglar mot trygg hamn hos kyrkja sin Herre, den krossfeste og oppstadne Kristus. All den gule fargen er sollyset som skin mellom fjella i Hyen. Materialane i messehakelen er kvitt ullstoff som botnstoff. Krossen er også i ull, medan det lysaste stoffet i applikasjonen er silke. Messehakelen vart innvigd 2. juledag 1983. Den grøne messehakelen fekk si påteikning av Husfliden i Bergen. Synnøve Ommedal, Sigrid Aa Ommedal og Liv Aa Holme har brodert og sydd saman messehakelen. Han har broderte kornaks oppe og druer nede. Bak er det ein grøn kross og framme er det Kristusmonogram. Messehakelen vart første gong teken i bruk ved konfirmasjonsgudstenesta i 1992. 16 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Skulegudsteneste 1 4 2 3 Flott gjennomføring av skulegudstenesta i Sandane kyrkje Tekst og foto: Harald Aske D et er ikkje mange gonger i året Sandane kyrkje er så fullsett som når Sandane skule fyller opp med elevar, lærarar og assistentar til skulegudsteneste siste skuledagen før jul. Opp gjennom åra har dei hatt eit godt samarbeid med presten, og kvart år er det 5. klasse som står for det meste av programmet. Songane hadde dei øvd på på førehand, og saman med kantor Marièl Eikeset Koren sat spente korpsmusikantar med instrumenta sine klare til å gje tonefølgje til julesongane. Klokkene slutta å kime, og stjerneprosesjonen kom skridande inn mellom stolradene – ei stor stjerne og 12 små. «En stjerne steg opp ved morgengry, vi fulgte den hit til Da- vids by. Der åpnet vi våre dyre skrin med røkelse, gull og myrra fin». Ja nettopp, dei bar med seg gull, røykelse og myrra – gåver til Jesusbarnet. Femteklassingane var med og las bibeltekstar og bøner, og dei hadde øvd inn flott korsong og eit dramastykke. Alt var så fint og roleg framført at vi som lytta til programmet verkeleg måtte beundre dei. Nytt av året var at Anne Britt stod framme og formidla det som vart sagt ved teiknspråk – ein viktig ting for den som treng det. Som postludium spelte Trond på trompet og Jakob akkompagnerte på piano «Mitt hjerte alltid vanker» - så vakkert, så vakkert! 1 Stjerneprosesjonen har kome fram og gåvene er leverte. 2 Dei som spelar korpsinstrument ved skulen får vere med og spele til julesongane. Denne gongen hadde somme av dei også eigne nummer. 3 Koret med femteklassingar gjorde sine saker fint. Det var ein fryd for øyret! 4 Det er stappfullt i Arbeidskyrkja når Sandane skule kjem til gudsteneste nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 17 Adventssamling Adventssamling på Løkjatunet Maria kjem ridande inn på eit esel 1. og 2. klasse. Liv Øygard Solheim D iakoninemnda hadde invitert og lagt alt vel til rette for den årlege adventssamlinga på Løkjatunet, der også eldre heimebuande var inviterte. Dei to lokale ungdomane Ingrid Linéa Hallem og Synnøve Rønnekleiv gleda oss med song og musikk. Dei eldre sette stor pris på det sosiale samværet rundt kaffiborda, og åresalet gav fin inntekt til diakoniarbeidet i Hyen sokn. Liv Ø. Solheim stilte opp som akkompagnatør til allsongen, og dei frammøtte føreslo kva vi skulle synge. Diakonimedarbeidar Britt Randi Heggheim var saman med oss, og i andakta delte ho nokre tankar knytt til orda advent og jul. Ho tok utgangspunkt i ei salmestrofe av Gerd Grønvold Saue: “Det skjer et under i verden hver gang et barn blir til”. Salmen formidlar ei oppleving av noko sterkt og nært, men samstundes allmennmenneskeleg. Maria og Josef hadde truleg same oppleving då dei vart 18 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 foreldre i stallen i Betlehem, men dette underet vart noko langt meir enn med andre fødslar og born som veks opp. Advent ,som tyder Herrens kome, fortel oss om det store underet då Jesus, Guds son, kom til vår jord for å gjenopprette forholdet mellom Gud og menneske. I undring får vi stogge ved bodskapen om Guds evigvarande julegåve til oss - eit barn fødd inn i vår verd - til frelse og von om framtid. Våre liv kan vere så mangt; gode og lukkelege, tøffe og triste. Vi kan vere fanga, blinde eller undertrykte på ulikt vis. Gud kjempar saman med oss, gjennom sonen sin Jesus Kristus. Han vil gå saman med oss og setje oss fri frå det som bind oss og skape forsoning og tilgjeving når vi ber om det. Gud gjev oss håp og er nær. Kristus gjev glede. Gleda gjev han gjennom bibelorda vi les, songane vi syng, bønene vi ber og glede i møte med våre medmenneske. Alf Prøysen 4. klasse. Barneside Glimt frå dei populære dramatiseringane på skulefesten i Hyen Foto: Marit Straume Snekker Andersen 5. og 6. klasse. Vismennene er komne inn 1. og 2. klasse. Nissedans. Elevar frå ungdomsskulen. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 19 Julefestar i Hyen Heile Hyen Skule syng i kor. Teskjekjerringa 3. klasse. Frå venstre August Aa Berge, Ruben Andreas Gjengedal og Torstein Straume. Foto: Marit Straume Minst fem juletrefestar i Hyen Tekstar: Aslaug Heimset Larsen Tredjedagsfest på Straume Juletrefesten til Straume, Hope, Aa og Holme, tredjedagsfesten, er ikkje lenger den største, men samlar likevel framleis mange familiemedlemmer. Medbrakt mat og kopp gjer arrangementet bra enkelt, og komitéen alternerer rettferdig fordelt i krinsen. Borna står sentralt i programmet og deltek med song, musikk og opptrinn. I år var «Ei juleforteljing» sentral, der søndagsskulen mima med heile kroppen etter kvart som handlinga blei lesen opp. Juleevangeliet, dei tradisjonelle julesongane og fin solosong varma tilhøyrarane, og leikane engasjerte stort. Det same gjorde nissebesøket med godteriposar og juletregong med to små forsongarar som kunne alle versa utanåt. Bravo! Tredjedagsfest på gamle Gjengedal skule Åse Moen Hope fortel: Eg vart oppringd av ein hyggeleg mann 22. desember 2014; han 20 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 sa at han hadde eit spørsmål å stille meg og ville kome oppom. Eg forstod at det var festtalar han skulle ha og hadde bestemt meg for å seie Nei! Han kom, og etter mykje snakk att og fram og mykje skryt (eg likar det) vart det til at eg sa ja. Eg vart henta, og eg tykte det var litt spennande, for eg var lærar på gamle Gjengedal skule vinteren -67/-68, for heile 47 år sidan. Dette fortalde eg om. Eg tok over skulen etter Knut Gjengedal (forfattar og lærar) då kona hans hadde vorte sjuk. Eg byrja ca. 1. november og var der ut året, då skulen vart samanslegen med Hyen skule. Mannen min, som var sjømann, kom frå +40 til -20 grader C, og dette var ein stor overgang. Eg fortalde om at vi budde på Klypeskulehuset på loftet og at det gjekk greitt. Det var godt å ha Knut Gjengedal i nærleiken og spørje om råd om problem som oppstod i skulestova. Etter talen min var det matstund i skulestovene. Før det hadde vi hatt mykje song og musikk av flinke ungar, leia av Eli-Johanne Mjellem. Opplesing av Juleevangeliet var det òg. Der var mykje folk. Utflytta ungdomar var heime i jula med familiane sine, og dei hadde gått på skulen der tidligare. Det møtte folk frå Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv og Ommedalen, - og søgjen gjekk. Etterpå var det besøk av julenissen og gong rundt juletreet. Eg vart vist rundt på loftet der eg budde for ein mannsalder sidan. Det var rart, for eg tykte at romma hadde minka! Så vart eg køyrd heim av ein koseleg kar, og med ein nydeleg orkidé i fanget, som takk for innsatsen. Fjerdedagsfest i Eimhjellen Eimhjellen har eit godt vedlikehalde grendahus. Her samlast alle heimeverande og mange utflytta eimhjellarar til juletrefesten. Hilde-Gunn Ommedal fortalde om sin barndoms jul i Fosnavågen og formidla Sofie Hope og Matilde Aa Berge er kjempeflinke forsongarar til juletregongen. foto: Kjartan Aa Berge Borna er klare for å spele Musevisa. Bakerst Johanna Louise Akse og Sofie Hope. Framme frå venstre. Tale Ommedal Teigland, Maria Ommedal Aa, Jon Ivar Rønnekleiv og Simon Ommedal. Ivrig miming til juleforteljinga lesen av Olaug Aa. foto: Kjartan Aa Berge Foto: Magni Aa Berge tankar rundt høgtida. Juleevangeliet og opptrinn med borna, bordkonkurransar og god mat skapte fint fellesskap. Juletregongen med gamle og nye songar og nissebesøk toppa den innarbeidde festtradisjonen. Fjerdedagsfest på Solheim Margunn Løkkebø Solheim fortel: Dei unge som har flytta ut, er flinke til å bidra med mykje song og musikk. God mat og juletregong er faste innslag. Og så kjem sjølvsagt nissen. I år var vi så heldige å få Tove Hanne Teigland Ommedal til talar. Det er kjekt å treffe kvarandre, prate i lag og sjå igjen dei som har flytta ut. Bygda delar seg i to og arrangerer festen kvar sin gong. Heile Solheim og Hjorteset møter opp. Skulefesten Skulefesten er for alle i Hyen og har stor oppslutnad. Tidlegare måtte elevane vente med programinnslaga til fyrste søndagen i det nye året. Men i det siste har denne juletrefesten gått av stabelen rett før juleavslutninga på skulen. Den blir kombinert med opne utstillingar etter den populære aktivitetsdagen der elevar og foreldra i fellesskap lagar julepynt, julekaker, sløyd- og tekstil-ting. Unge som eldre og ikkje minst besteforeldre set pris på å sjå barneborna sine opptre. Hyen Normisjon inviterte til Adventssamling for heile familien i Samfunnshuset. Stine Lillebø Hopland, barne- og familiearbeidar i region Sogn og Fjordane, deltok med andakt, spel og song. Nokre søndagsskuleborn song «Mi aller første julefortelling» (I stallen blei Jesus fødd…) kjempefint, før dei gjekk på gangen og laga julepynt og julekrybbe. Alle forsynte seg godt med vaflar og potetkaker til kaffien. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 21 Konsert Konsert i Vereide kyrkje Søndag 22. februar kl. 20 Michael Jón Clarke, baryton og Ralph Cupper, orgel Michael Jón Clarke er fødd i England i 1949. Han studerte song og fiolin ved Trinity College i London, ved Universitetet i Illinois i USA og til slutt ved The Royal Northern College of Music i Manchester i England. Han flytta til Island i 1971. Der har han undervist, i tillegg til å dirigere både kor og orkester. Han er også aktiv som komponist, og på konserten i Vereide kyrkje framfører han mellom anna sin eigen komposisjon Pasjonshymner for baryton og orgel, basert på pasjonstekstane til den islandske nasjonalpoeten Hallgrímur Pétursson (1614-1674). Dei 50 pasjonshymnene er rekna for Hallgrímur Péturssons hovudverk og har gjeve han tilnamnet Islands Paul Gerhardt. 22 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Ralph Cupper kom til Nordfjordeid i 1988, men er fødd i England i 1954. Han er utdanna ved Royal Academy of Music i London med eksamen i 1976. Han har også studieopphald m.a. i Holland hjå Bernard Bartelinck. Ralph Cupper har spelt konsertar både i Tyskland, Polen og England og dessutan både i BBC og NRK. Så held han sjølvsagt konsertar i Nordfjordeid, og det er heller ikkje første gongen han spelar konsert i Vereide kyrkje. Even Nesgård med sin saksofon. Lysmesse i Gimmestad Konfirmantar i lysprosesjon. Greta Søreide Gjengedal les tekstar og Elias Kvalsvik Haugen tenner lys. Og lyset skein i mørkret i år også Tekst og foto: Harald Aske D et er alltid spesielt å samlast til lysmesse i Gimmestad kyrkje. Litt spente konfirmantar i kvite konfirmantkapper løfter tankane våre. Det er mørketid når vi passerer 2. søndag i advent, så det gjer så godt å få dette gode høvet til å tenne lysa og la dei peike framover til den store høgtida. Gimmestad kantori song «Hosianna» av Egil Hovland, og ein av konfirmantane, Even Nesgård, framførte «Air» av Bach og spelte også «O, helga natt» som postludium saman med Anders Rinde på orgel. Det var følsomt og fint gjort med flott tone i instrumentet. Preiketeksten var henta frå Joh 14,1-11 der Jesus snakkar om huset til Far sin: I huset til Far min er der mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad for dykk? Og då Tomas lurte på korleis dei skulle finne vegen, sa Jesus: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. Konfirmantane var med og las tekstar og bøner, og ei dramagruppe var i aksjon. Som sluttsalme fekk forsamlinga vere med og synge Nordnorsk julesalme av Trygve Hoff. Han har laga både tekst og melodi til denne salmen, som vert brukt meir og meir rundt om i heile landet: «Velsigna du dag over fjordan, velsigna du lys over land. Velsigna de evige ordan om håp og ei utstrakt hand. Verg dette lille du gav oss, den dagen du fløtta oss hit, så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme i armod og slit.» nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 23 Kloke ord Stallmesse Kloke ord frå Dronning Margrethe av Danmark For meg betyr det å tru på Gud noko heilt anna enn før. Då hadde eg ei teoretisk tru. Å tru på Gud er for meg i dag like naturleg som regn og solskin. For meg betyr Jesus Guds anledning til å vise menneskeslekta at Han går med oss og er midt iblant oss. Jesus er Guds vitnemål om at vi ikkje berre har ein Gud som er Skaparen. Vi har ein Gud som kjem til oss for å frigjere (gjenløse) oss menneske til seg. Derfor vågar eg å stole på Jesus – som ein benåda syndar og som dronning. Vereide kyrkjekor var både kor og forsongarar slik at stallen vart fylt med song. Sagt til avisa Berlingske Tidende. Stallmessa på Fjordhestgarden 13. dag jul Venke Kollbotn For 23. året på rad vart det i regi av Breim sokneråd og Fjordhestgarden arrangert messe i stallen på Fjordhestgarden i Breim. Kloke ord frå biskop Nordhaug Biskop Halvor Nordhaug fekk ein kreftdiagnose i haust, men er no friskmeld. «Eg opplevde at uansett kva som skjer, er eg i Guds hender, og ingenting kan rive meg ut av det. Det er vel forventa at ein biskop skal seie dette, men det opplevde eg verkeleg. Sjukdomen har skrella vekk det uviktige. Igjen står sjølvsagt familien, men også gudstrua – det djupaste sjiktet er mitt forhold til Gud. Det er blitt meir dyrebart at uansett kva som skjer, er eg i nokre hender som er større enn mine.» 24 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 F or min eigen del var det faktisk første gongen det passa slik at eg hadde høve til å vere til stades. Kvelden var mørk og regnfull og minte ikkje akkurat så mykje om ei stjerneklar natt på Betlehemsmarka som vi gjerne forbind med forteljinga omkring Jesu fødsel. Stemninga inne i stallen var derimot den rette. Ingemar Sårheim, som var med og starta opp stallmessa i si tid, kunne ynskje velkomen til ein fullsett stall med både folk og hestar. Sokneprest Tore Myklebust heldt gudstenesta og Vereide kyrkjekor deltok med song. Trettandedag jul vert også kalla Heilage tre kongars dag. Det er gjerne dagen som markerer avslutninga på julefeiringa, og julepynten vert rydda vekk. Dagen skal først og fremst minne om det som i Bibelen vert kalla historia om dei tre vise menn som kom frå eit anna land, kalla Austerland, og følgde stjerneteiknet som førte dei til Betlehem. Hos Matteus i kapittel 2 kan ein lese om vismennene som hadde fått vite at ein stor konge skulle bli fødd. Dei reiste den lange vegen til Betlehem for å hylle det nyfødde barnet og hadde med seg gåver i form av gull, røykelse og myrra. På stallmessa var det ingen som hadde kledd seg ut som dei tre kongar frå Austerland, men det var no heller ikkje nødvendig for å få den riktige stemninga. På denne enkle og stillferdige gudstenesta kom ein nær ei oppleving av stallen, krybba og omgjevnadane kring Jesu fødsel slik ein kjenner forteljinga frå Bibelen. Som eit alternativ til meir tradisjonell gudsteneste har stallmessa vorte ein fin tradisjon. Speidararbeid Glimt frå speidarane i Hyen PÅMELDING Så snart som råd, seinast 27. februar. Dei som melder seg tidleg er sikra plass. Som tidlegare år, set vi strek ved 40 påmelde. Påmelding til Alværa på epost: alvera@nms.no. Pris for helga: kr. 1.750,Eventuelle tillegg: Leige av sengetøy/handklede: kr. 100,Oppreidd seng: kr. 200,Einerom: kr. 300,- Mariahelg For kvinner i alle aldrar Alværa misjonssenter 6.-8. mars 2015 Gebyr ved avmelding seinare enn 1 veke før: kr. 500,Betaling på Alværa - kontant eller med bankkort. Kva treng vi ha med? ullsokkar/innesko finklede til festmiddag sengety/handklede (kan også leigast) ein liten gevinst til kvinneforeininga laurdagskvelden turklede og gode sko for dei som likar å gå tur handarbeid for dei som likar det Arbeidsgruppa for Mariahelga i år er: Lin Åm Fuglestad, Balestrand Lilja Kristin Thorsteinsdottir, Fjaler Gry Aanestad Moltumyr, Fjaler Joy Taylor, Fjaler Meir informasjon: www.facebook.com/Mariahelg.paa.Alvaera e-post: alvera@nms.no tlf: 489 90 661 Foto: Anne Berit Selle Guds klesdrakt Hovudtalar: Sigridur Gudmarsdottir Frå vakta til Matilde Aa Berge, Benedikte Holme, Ivan Senkin Studsrød, August Aa Berge og Bjørn André Røyrvik. Solveig Vonheim Heimsæter og Tuva Ommedal Teigland m.fl. sel vafler til fornøgde kundar. Mariahelg på Alværa Innimellom treng vi litt avstand frå kvardagen for å søkje djupare. Mariahelg på Alværa inviterer til dette - ei helg der kvinner i alle aldrar får senke skuldrane og løfte blikket. Tema er Guds klesdrakt I middelalderen snakka teologane om naturen som Guds klesdrakt. Det kan ein godt førestille seg når ein går rundt i Norge og ser på alle dei vakre fjella, havet, fuglane og dyra. Julekrubba av peparkaker som vart gjort ferdig på adventssamlinga av dei yngste speidarane. Oppdagarane laga også ei julekrubbe av ved, kvistar, stoff etc. på speidarmøte før jul. Dei som er med på biletet er f.v. Sunniva Sæther, Evalill Ommedal Aa, Leiv Ottar Bakketun, Torstein Straume, August Aa Berge, Nikolai Ommedal. Hovudtalar frå Island Sigríður Guðmarsdóttir er hovudtalar på Mariahelga. Ho er prest og teolog frå Island, har doktorgrad i kjønnsteologi og økoteologi, har tent som prest på Island og i Amerika, og har undervist i teologi og religionsfilosofi ved universitetet på Island, i Amerika og i England. No er Sigríður tilsett som prost i Sør-Helgeland prosti, med sete i Brønnøysund. Redesign-seminar Anne-Sissel Olsen Bergum held redesign- seminar der gamle ting får nytt liv. AnneSissel har med seg ein del ting å vise, og deltakarane får lage noko sjølv. Seminaret høver også for folk utan erfaring med saum. Mariahelga foregår på Alværa misjonssenter 6.-8. mars 2015. Les meir på facebook.com/ Mariahelg.paa.Alvaera Påmelding på e-post: alvera@nms.no nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 25 Sandane Soul Children Har spreidd glede i ti år I desember feira Sandane Soul Children ti år. Lagsarbeidet til Acta og Soul Children er i medvind! Tekst Stine Hopland. Foto Edvin -A Hugvik A ndre søndag i advent var det duka for jubileum for Sandane Soul Children. Koret feira seg sjølv med konsert i Vereide Kyrkje, samt festmiddag og ekte Soul Children-party på Nordfjord folkehøgskule. Koret som er under leiing av ekteparet Magnhild og Per Ståle Husevåg, har i dag rundt 30 medlemmar i alderen ti til 15 år. For ti år sidan dirigerte Magnhild Sandane Familiekor. Soul Children vart starta då Magnhild såg at dei eldste borna i familiekoret trong noko nytt og eige. Ti år seinare er koret «still going strong»! Konseptet Visjonen til Soul Children er å vinne og bevare unge for evangeliet gjennom song og musikk dei kjenner seg igjen i! I mars 2001 starta Ragnhild Hiis Ånestad barne- og tenåringskoret Oslo Soul Children. Dette er eit kor for songarar i alderen ti til 16 år, som syng musikk i stilartane gospel, rock, pop, soul og R`n B. Etter kvart utvikla dette seg til eit korkonsept, som resulterte i ei stor korrørsle. Rørsla har no 90 lokale kor i Noreg, samt kor i USA, Japan, Indonesia, India, Bangladesh, Danmark, Ecuador, Spania med fleire. Soul Children har også eit eige misjonsprosjekt som heiter Soul Mate. I november vart Sandane SC kåra til månadens Soul Mate-kor! Tilhøyrsle og fellesskap Målet til Magnhild Husevåg i 2004 var å skape eit tilbod og eit miljø som gav tilhøyrsle og kristent fellesskap for eigne og andre 26 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 sine born. Resultatet vart Sandane Soul Children, eit kor som ikkje berre er eit kor. Kormedlemane fortel om korfestivalturar til Oslo, filmkveldar heime i stova til Husevåg, aktivitetskveldar i gymsalen på folkehøgskulen, korøvingar, framføringar, andakter, samtaler og bønefellesskap. Koret formidlar evangeliet til andre med songen, musikken og dansen, men opplever òg eit godt fellesskap sjølve innad i koret. Musikken har ein tydeleg bodskap, og samtidig ber den preg av rytmar og musikalsk uttrykk som dei unge kjenner seg att i. Magnhild og Per Ståle ser på det som positivt at det ligg i konseptet at kvaliteten skal vere bra. Det er musikk som fengjer, og medlemane identifiserer seg med konseptet og musikken. Det er eit konsept som gjev meistringskjensle, og samtidig har det viktigaste målet; å vinne og bevare unge for Jesus! Velsigning og forplikting Om lagsarbeid uttrykker ekteparet Husevåg at «det å drive lagsarbeid er velsigning og forplikting hand i hand.» - Det er kjekt å vere nær arbeidet, få sjå fruktene av det, og det å kjenne gleda over å sjå «resultat» av arbeidet i samhandling, samtaler og bønesamlingar. Samtidig får ein sjølvsagt kveldar i løpet av ti år der ein kjenner at ein er «lei» eller ikkje har overskot, men når kvelden er over sit vi alltid att med ei kjensle av at arbeidet er verdifullt. Vi går aldri motlause heim frå samling! Utfordringa med å drive lagsarbeid har for oss vore å lære å «dele på byrdene», det er så lett å tenkje at alle andre har det så travelt, og så gløymer ein litt å spørje. Vi kan nok bli betre på det, både vi og andre som driv liknande arbeid, for det er så kjekt når vi samlast og bidreg kvart med vårt og våre evner. Overrasking Jubileumskonserten i Vereide kyrkje 7. desember var ei flott oppleving, koret gav alt og publikum var begeistra. I høve jubileet hadde foreldregjengen i koret tromma saman til fest etter konserten. Her hadde dei program med mellom anna eige foreldrekor, samt at dei hadde henta inn som ei overrasking Eva Rotheim, Soul Children-konsulent frå Acta sentralt. Det vart videohelsing frå Ragnhild Hiis Ånestad, Oslo Soul Children og frå Walt Whitman som er Soul Children-gründer frå Chicago i USA. Eit minnerikt jubileum på alle måtar. Lagsarbeid i Sogn og Fjordane Acta barn og unge i Sogn og Fjordane har per i dag fire Soul Children-kor, samt 22 andre aktive barnelag. Størrelsen på laga varierer sjølvsagt, men felles for dei alle er målet om å formidle Jesus til born og unge i fylket vårt. Ved sida av leirarbeidet er dette det viktigaste arbeidet vi gjer for borna. Det handlar om å skape lokale fellesskap der born og unge får dele interesser, høyre om Jesus, og vere saman med han på sin heimplass med trygge vaksne leiarar. Så ei oppmoding til slutt: Har du lyst å starte eige lokallag? Eller kanskje ta del i arbeid som allereie er starta opp? Ta kontakt, vi på regionkontoret for Acta/Normisjon Sogn og Fjordane hjelper gjerne til. Eldsjelene rundt oss er viktige i arbeidet med å vinne og bevare unge for og i Jesus Kristus! Einar Lunde til Gloppen Ein kveld med Einar Lunde, Desmond Tutu og Nelson Mandela på Sandane A v og til tek ein for hardt i når ein vil reklamere for noko, og overskrifta kan kanskje peike i ei slik retning. Vi påstår ikkje at alle tre kjem til Sandane, men lovar likevel eit møte med dei fredag 10.april kl. 20:00 på Gloppen Hotell. Og den som faktisk kjem er Einar Lunde, mange årig NRK-journalist, -korrespondent og –nyheitsanker. Han er på Sandane i samband med eit besøk på Nordfjord folkehøgskule, og vi syns det berre er rett at også resten av Gloppen og omkringliggande område får eit sjeldant høve til å høyre denne svært interessante foredragshaldaren. Overskrifta for kvelden er: frå undertrykking og konflikt til forsoning og tilgjeving - eit møte med nelson mandela og desmond tutu 11. februar 1990 heldt heile verda pusten. I årevis hadde FN, Amnesty International og alle regjeringssjefar og aktivistar i verda kravt at Nelson Mandela måtte bli sett fri frå fengsel i Sør-Afrika. Og med eitt stod han der – ein fri mann etter 27 år i fengsel. Vi såg det «live» på TV. Ingen hadde sett han på så mange år, Av Hildegunn gjesdal Tennebø ingen visste heilt hva han stod for. Mange frykta han ville bli eit gissel for dei kvite makthavarane, at han ville bli ein fiasko, at han heller burde bli verande i fengsel som eit symbol på at kampen mot det forhatte og grusomme raseskiljesystemet Apartheid ville halde fram. Den dagen stod ti-tusentals svarte ungdomar klare med alle dei våpen dei kunne få tak i. Dei venta på ordre frå sjefen, Mandela, om å setje i gang – ta hemn etter 350 år med forferdeleg undertrykking, frårøving av menneskeverd og rettar og av eiga jord. Heile landet dirra av spenning. Over 75 menneske møtte opp til jubileumshelg for Holmely på Bryggja 29.-30. november. Talar var Tormod Kleiven, leiar for landsstyret i Normisjon og forskingssjef på Høyskolen Diakonova. Holmely feira 20 år Teks og foto: Ingebjørg Isane Fure D et meste av jubileet hadde ein på Fjordly på grunn av dei mange påmelde. Første programpost var seminar med Tormod Kleiven om temaet «Mellommenneskelig tilgivelse og forsoning». Kleiven er leiar for landsstyret i Normisjon. Han sa han var oppriktig glad for å bli invitert til Holmely. Jubileet heldt fram med god festmiddag før det var tid for sjølve jubileumsfesten. Det kom helsingar frå fjern og nær som inne- Så skjedde det noko som sende sjokkbølger gjennom Sør-Afrika, ja, heile verda. Nelson Mandela heldt tale framfor hundretusenar i Cape Town, og den talen, som også blei send direkte på TV, blei starten på det som er blitt kalla mirakelet i Sør-Afrika. Det som skjedde, skal mangeårig ankermann og utanrikskorrespondent i Dagsrevyen, Einar Lunde, fortelje om når han kjem til Sandane 10. april 2015 kl. 20:00 på Gloppen hotell. Einar Lunde var den første norske journalisten som møtte Nelson Mandela, og han leia folkefesten i Oslo då Mandela fekk Nobelprisen i 1993. Dessutan sat han på kontoret til biskop Desmond Tutu i Johannesburg då kunngjeringa om Fredsprisen kom i 1984. Lunde er den norske journalisten som har vore flest gonger inne i Sør-Afrika under Apartheid – der dei kvite hadde monopol på all makt, alle verdiar og på retten til å eige jord. Etter foredraget blir det høve til spørsmål og samtale. To av Einar Lunde sine bøker, «Paradisveien» og «Safari», vert å få kjøpt, -med hyggjeleg helsing frå forfattaren. heldt takk til både Gud og menneske for det som Holmely har betydd gjennom desse 20 åra. Talet på innslag viste at det er mange som har eit engasjement for Holmely; fleire personar stod for flotte musikkinnslag, og både frå Ytre og Indre Nordfjord kom det gode ord om Holmely i diktform. Brit Lundby Hilde hadde eit historisk tilbakeblikk på Fjordly Omsorg og Retreat (seinare Holmely). Og ikkje minst hadde Tormod Kleiven ei livsnær og bibelnær tale om temaet «Våg å leve». Både arrangøren og dei frammøtte sette stor pris på det Kleiven delte denne dagen. Dagleg leiar på Holmely, Eva S. Langseth, leia festen og var takksam for alle som kom. Kakebordet bar også preg av at mange ønskte å bidra til eit flott jubileum for Holmely. I kollekt kom det inn ca. 25 000 kroner. Søndag heldt jubileet fram med ei enkel nattverdssamling i Totland kyrkje. Rikeleg med folk var ei positiv utfordring for Holmely denne helga! nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 27 Den store barnedåpen Dåpsfamilien Sardar, Fereshete, Sako og Sakio (sitjande framme til høgre for mor si) saman med prest, fadrar, gjester og andre kjenningar. Vidar prest saman med tidlegare prost Kolbjørn Aske som døypte barnebarna sine. Den store barnedåpen i Sandane kyrkje Tekst og foto: Gunn Hole . Gruppebildet: Harald Aske Framme i Sandane kyrkje står ein vakker døypefont i tre og keramikk, og den kunne gjerne ha vore oftare i bruk. Mange i soknet vel dåp i Vereide kyrkje. Gudstenesta den 7. desember vart eit unntak i så måte: Då vart heile 6 barn døypte i det som mange framleis kallar for Arbeidskyrkja. 28 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 D et starta enkelt med ein gut som vart meldt opp til dåp. Deretter rulla det på seg med fem påmeldingar til: To brør, deretter tvillingar, gut og jente, og så endå ein gut. I tillegg ønskte eitt av foreldrepara stadfesting av sin eigen vaksendåp. Denne desembersøndagen var kyrkja fullsett av dåpsfamiliar, fadrar og gjester, samt trufaste kyrkjegjengarar medrekna Vereide kyrkjekor. I dåpsfølgja var ei fin blanding av nordmenn og innvandrarar. I ei så internasjonal forsamling vart det særleg meiningsfullt med forbøna der vi skulle vende oss i dei ulike himmelretningane og be for land og folk der. Gudstenesta vart eit fargerikt fellesskap der alle kunne kjenne seg inkluderte. Dåpshandlingane tok si rettmessige tid og vart ein sentral del av gudstenesta, som heldt fram med m.a. preike, korsong og nattverd. Tida gjekk, men når innhaldet er så meiningsfullt, var det truleg få som tenkte på klokka, sjølv om ho var vart over 12:30 før presten kunne runde av. For Vidar prest vart det sett ein personleg rekord: Høgmesse på 1 time og 40 minutt. Og etterpå var det kyrkjekaffi! Ei av målsetjingane til Diakoniutvalet for Gimmestad og Vereide sokn er å inkludere nye i kyrkjelyden, og i tråd med den tanken hadde Jorunn Engeset Høyland fått med seg gode medhjelparar og lagt til rette for at folk kunne møtast over ein kopp kaffi til slutt. Nokre gudstenester er særleg rike å delta i. Denne var avgjort av det slaget. Den vil bli hugsa for det gode fellesskapet i «den store barnedåpen». Frå venstre: Kavita Aske, gudmor til Vilja Dorth Verlo Aske, mor Dorthe Karoline Verlo Aske, Bjørg Olaug Skaar, gudmor til Olve Kornelius Verlo Aske. Lat oss be for kyrkja og verda ved å reise oss og vende oss i dei fire himmelretningane. Vi vender oss mot aust og ber for syskena våre der. Vi takkar og ber for familien frå Kurdistan som er her i kyrkja, og spesielt for Sako og Siako som vart døypte i dag. Vi ber for Kurdistan, og spesielt for familie og vener som dåpsfamilien måtte reise frå i heimlandet sitt. Vi ber om fred i landa i aust. Vi takkar for sola som stig opp i aust, og som kjem med vinterstrålane sine også i desember. Gud, vi ber. Vi vender oss mot vest og ber for syskena våre der. Vi takkar og ber for land og folk mot vest.Vi takkar for fellesskap og samarbeid over landegrenser, og ber om at alle folk i alle land kan samarbeide og leve godt saman. Vi takkar for sola som går ned i vest, og for natt og kvile til alle. Gud, vi ber. Vi vender oss mot sør og ber for syskena våre der. Vi takkar og ber for dåpsbarnet Luka, og for familie og vener som er i kyrkja i dag. Vi takkar og ber for Eritrea, for landet og folket der, og spesielt for familie og vener av dåpsfamilien. Vi takkar og ber for landa i sør, vi ber om at dei blir skjerma for naturkatastrofar, at dei får gode avlingar, og at land og folk får leve godt i lag. Gud, vi ber. Vi vender oss mot nord og ber for vår eigen del av verda. Vi takkar og ber for dåpsbarna Philip Wilhelm, Olve Kornelius og Vilja Dortea. Vi ber for familie og vener som dei har med seg her i kyrkja i dag. Vi takkar og ber for landet vårt, vi takkar for alt vi har, og for alt vi får oppleve. Vi ber om hjelp til å dele goda våre med resten av verda. I dag ber vi for familien og venene til Per-Arne Hestenes. Vi ber om at du passar på dei og trøystar dei. Gud, vi ber. nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 29 Frå soknerådet si postkasse Mest for moro Aase R Sæther soknerådsleiar i Gimmestad Visste du at Tungt stoff I forrige nummer skreiv vi om eit rekordstort tal brev og pakkar på same dag, og denne gongen kan vi fortelje om ei sending som ligg høgt på skalaen når det gjeld tyngda. Seks eksemplar av Valghåndbok for Kirkevalget/Valhandbok for Kyrkjevalet 2015 gjer mykje av seg, og det endå til før vi opnar boka. Og ser vi etter, er det nesten 200 sider i boka, tettpakka med informasjon om kyrkjevalet som vi skal samle oss om i september 2015. Skrifttypen er i tillegg ei utfordring for så gamle auge som våre, så vi sukkar og konstaterer at det skal bli ei utfordring å dra ut relevant informasjon frå denne publikasjonen. Heldigvis er det truleg ikkje nødvendig å lese frå perm til perm, og vi er dessutan fleire som kan dele på det, så vi skal nok kome i mål. Men vi skal ikkje berre lese gjennom denne boka før kyrkjevalet – vi har ei anna oppgåve som også kan bli utfordrande, nemleg å finne kandidatar til lista som skal setjast opp i god tid før valet. I år vil det, om alt går etter planen, bli ei felles liste for det nye Gloppefjorden sokn (eller kva som no blir namnet), og vi må prøve å finne fram til gode kandidatar frå begge sider av fjorden – folk som er villige til å gjere ein innsats i 4 år framover. Nokre av dei som sit i sokneråda i dag, kan tenkje seg å vere med vidare, men ikkje alle, og desse må erstattast. Vi kjem til å setje oss saman og sjå rundt oss i bygda, og kanskje er du av dei som kjem til å få ein telefon frå oss. Soknerådet er ikkje for dei høgkristelege - om dei finst; nei, det skal tvert i mot vere eit spegelbilete av folket i soknet, slik at både tvilarane og dei «julekristne» har sin naturlege plass der. Vi treng også folk i alle aldrar. Tenkjer du at det er bra at vi framleis har ei folkekyrkje i landet vårt? I så fall er det kanskje din tur å gjere ein innsats i dei neste 4 åra. Du treng faktisk ikkje vente på telefon frå oss heller – det er heilt flott om du vil melde deg sjølv. Telefonnummer og epostadresse til soknerådsleiarane finn du ein annan stad i bladet. Vi takkar på førehand for at du bryr deg om kyrkja! 30 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 -du kan spare deg mange hundre kroner dersom du kan svare ja på alle dei følgjande spørsmåla? -organisten i Vereidskyrkja mellom 1979 og 1983 var ei kvinne som heitte Anna Marie Hvaal Solberg? -måleriet ”Julenatt” som HavsteenMikkelsen har måla er direkte inspirert av Rembrandt? -kyrkja hadde eit ”lektorium”, ei ”bru” tvert over kyrkjerommet mellom alteret og kyrkjebenkane, og at preikestolen stod midt på denne brua? -biletet ”Nedtakinga av krossen” er måla av Karl Kristian Uchermann, son til sokneprest Uchermann i 1880, og at måleriet er ein kopi av Rubens si altertavle i Antwerpen? -blyglasvindauget i Vereide er laga av den same kunstnaren som laga blyglaset i fronten på Sandane kyrkje? -det var ein eigen salmemaraton i Vereidskyrkja i 2002, der ein song alle salmane i salmeboka? -boka har ei liste over sokneprestar i Vereide, men manglar lista over kapellanane? -prøvene (kol og kalk) som blei henta ut av nordveggen på kyrkja sist det var utført repaVisste du at katekismetavla i Vereide rasjon, er daterte til om vart laga i 1604? Årstalet står på baksida. lag år 1100? Teksten du ser på bildet, er: Når du ofrer din gave på alteret og du kommer i hu at -det er bilde av Lars din broder haver noget imot deg så la blive Ryssdal som spelar på din gave for alteret og gakk og forlik deg salmodikon medan Elin med din broder og kom siden og ofre din Grytting gjer opptak i gave. ANNO 1604 1985? -det stod fem kyrkjehus rundt Gloppefjorden i mellomalderen? -Jørgensen-orgelet i kyrkja hadde stått der i 44 år då det blei utskift i 1982, for over 30 år sidan? -ei dør frå Vereidskyrkja blei brukt som dør i arresten som lensmann Arnoldus Lund bygde på Rindebø i 1860-åra? -den store kyrkjeklokka i tårnet er 400 kg og kom på plass i 1989? -då tårnet blei bygt, reiv dei fyrst eit gammalt våpenhus i stein som var bygt attåt kyrkja? -minnetavla på sørveggen med bilde av Beritte Christensdotter, laga til minne om jenta som blei berre tre år, døydde i 1608 og var dotter til Christen Wittrup og Anna Abelsdatter, er eit sjeldsynt kunstverk og tidsbilde? -dersom du har kunne svare ja på alle spørsmåla, kan du så mykje om Vereidskyrkja at du kan spare deg å kjøpe boka? (-sjå første spørsmålet) -det er nettopp den som veit alle desse tinga som likevel vil ha boka, lese og studere, og sidan gå til kyrkja for å sjå og oppleve og lære meir? NMS Gjenbruk Nordfjord held til på Almenningen 1 på Nordfjordeid. Vi tek imot brukte varer og sel ut til inntekt for misjonen. Dette er god forvalting av miljøet, ikkje berre bruk og kast. Lever brukte varer til oss, tlf 40445420. Butikken har ein kaffikrok for eit sosialt fellesskap. Over 40 frivillege frå heile Nordfjord er engasjert. Vi treng fleire frivillege, ta kontakt. Velkommen til ein hyggeleg handel. Min salme Av Anne-Berta Kleppenes måleri av Magne Kristiansen Hjarta, kvi ottast du? E Min salme kom til meg ein g heiter Anne-Berta Klepsumardag for mange år sidan. Eg penes. Eg er 100% gloppar. «Blå refleks» Eg bur i i Lyngvegen 11 på skulle rydde vekk nokre gamle songbøker. Ein kan ikkje samle Sandane. I 1968 flytta eg i lag med Olje på lerret på alt, sjølv om det er kjære ting. far min frå Osmundneset og hertil. 30x40 cm 2013 Merkeleg nok opna songboka Mor mi, som vart 59 år, var då død. seg, og mor si skrift stod i marOg her i Lyngvegen har eg kjent meg Di enklare, di betre. Ein treng ikkje mange fargane på paletten gen: Min salme mars 1967. Då heime frå fyrste stund. Ein god stad for å «boltre seg i fargar». Gul oker, brent sienna, ultramarine var mor på sjukehuset. Det var å bu. og ein turkis,Når kombinasjonane utallige. siste våren ho levde. I det tredje eg vart spurd omerå skrive verset hadde ho streka under «Min salme» til Kyrkjebladet, sa eg Og grunnprinsippet er såre Varme kulde. Gråtonar einaste ord. ja med ein gong. Eg enkelt: er nemleg svært mot kvart vartmot ei utruleg sterk i salmar songar. Som einmjukt. DetDet mot kulør,glad Mørke motoglys. Hardt mot runde kuriositet kan eg finne forteljerytme, at eg har det rette. Finne mønster, finne fastoppleving fjell og for la meg å få denne helsinga denne sumardagen. Då sunge heile livet utan songstemme. blikket drøyme seg ut mot fjernaste blåne i havsranda. var det over 30 år sidan mor var Mor fortalde at når dei sette meg død. Det var ein ljosstråle frå opp i barnevogna for å ta ein trilden himmelske klåra. letur, så byrja eg å synge. Då var sonSalmen er skriven av tyske gen uttrykk for glede. Men songane, Friedrich Wilhelm Krummaog særleg salmane, kan gje hjelp og cher i 1827. Til norsk av Anders trøyst i tunge og vanskelege tider. Hovden. Ein har sagt det slik: «I solskinn er Eg utfordrar Aase Brekke. jeg sanger, i tordenvær salmist». Høgt frå den himmelske klåra Faderens auga kan sjå både din smil og di tåra. Hjarta, kvi ottast du då? Om deg eit stormvêr vil herja, fiendehærar deg nå, han vil deg vara og verja. Hjarta, kvi ottast du då? Græt du, han turkar di tåra, klagar du, lyder han på, lækjer for alt som kan såra. Hjarta, kvi ottast du då? Lyt du enn lengta og stunda kruna og kransen å nå, søtt i hans fang skal du blunda. Hjarta, kvi ottast du då? nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 31 Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10 = Eikenæs@libris.no www.libris.no/eikenes 6 22 Tlf. 57 88 44 00/Faks 57 88 44 01 Adresse: Grandavegen 5, 6823 Sandane. Postboks 138, 6821 Sandane www.gloppenadvokat.no Henden Sport KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER Boks 138, 6821 Sandane FRÅ INNERST TIL YTTERST Tlf. 57 88 44 00 FOR HAN OG HENNE www.gloppenadvokat.no Coop-bygget. Tlf. 57 86 59 57 post@gloppenadvokat.no gloppenelkjop.no HYEN Tystad Blomster Økonor Gloppen Telefon: 57 86 86 00 · E-post: gloppen@okonor.no Tlf 57 86 63 90 TELEFON 97 03 92 28 6823 SANDANE KONFIRMASJON = BRYLLAUP = GRAVFERD Bolset Glass AS = KVARDAG OG FEST KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER = & A. Velkomen innom! FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE Vereide Blomster HYEN Leif Lothe elektriker Elkjøp Gloppen AS Rekneskaps kontoret Gloppen AS Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10 = eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes Tannlege Øyvind Seim Coop Vest SA Bolseth Glass AS Ryssdal Kraft AS Mardal Rør TELEFON 97 03 92 28 Gloppen Kommune AS Rekneskaps kontoret Gloppen AS KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE Nordfjord Havbruk AS Seim Coop Vest SA Tystad Blomster Henden Sport AS Firda Elektro www.fjordaudio.vpweb.no Mardal Rør HYEN S TELEFON 97 03 92 28 er AS ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Henden Sport AS 32 Rekneskaps kontoret Gloppen ASnr. 3, 2013 Kyrkjeblad for Gloppen LEDIG Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Sandane 8-22 (8-20) LEDIG or.no er e AS 22 ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Mardal Rør Boks 138, 6821 Sandane Tlf. 57 88 44 00 www.gloppenadvokat.no post@gloppenadvokat.no KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE HYEN ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Ryssdal kraft Økonor Gloppen Bolset Glass AS KLE FOR A FRÅ INNE FOR HAN Boks 138, 6821 Sandane Tlf. 57 88 44 00 www.gloppenadvokat.no post@gloppenadvokat.no Telefon: 57 86 86 00 · E-post: gloppen@okonor.no TELEFON 97 03 92 28 Elkjøp Gloppen AS Rekneskaps kontoret Gloppen AS HY Coop Vest SA TELEFO Økonor Gloppen Vereide Blomster ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Leif Lothe elektriker Boks 138, 6821 Sandane Tlf. 57 88 44 00 www.gloppenadvokat.no post@gloppenadvokat.no Gloppen Kommune Vereide Blomster AS, Nordfjord Havbruk AS Blomster og hagesenter telefon 57 86 51 07 Elkjøp Gloppen AS Telefon: 57 86 86 00 · E-post: gloppen@okonor.no Tannlege Øyvind Seim Bolset Glass AS Ryssdal Kraft AS ElkjøpTannlege Gloppen AS Mardal Rør VereideBlomster Blomster Tystad Tlf: 57 86 50 24 Tannlege Henden Øyvind Sport ASSeim LeifFirda Lothe elektriker Elektro Ryssdal Kraft AS KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE Firda elektro HYEN TELEFON 97 03 92 28 Leif Lote elektro Gloppen Kommune Rekneskaps kontoret Gloppen AS Rekne G Øyvind Seim Co M LEDIG Gloppen kommune Tystad Blomster Jordnær og livskraftig Hen Grandavegen 9, 6823 Sandane Henden Sport Tannlege Øyvind Seim Nordfjord Havbruk AS Coop Vest SA Firda Elektro 57 88 38 00 post @gloppen.kommune.no www.gloppen.kommune.no Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013 Ryssdal Kraft AS Mardal Rør Tystad Blomster Henden Sport AS Firda Elektro Ledig Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013 LEDIG nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 33 Kyrkja i Gloppen VEREIDE SOKN Leiar i soknerådet: Elin Villung, tlf: 57 86 64 84 / 97716902 elin.villung@enivest.net Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf: 950 22 917 bv-aasen@online.no BREIM SOKN Leiar i soknerådet: Aksel Rygg, tlf: 57 86 75 62 / 412 20 458 as-rygg@online.no Kyrkjetenar: Ingvild Reed. tlf: 412 40 309 GIMMESTAD SOKN Leiar i soknerådet: Aase Ryssdal Sæther, tlf:57 86 50 51 / 911 07 329. a-ryss@online.no Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf: 950 22 917. bv-aasen@online.no HYEN SOKN Leiar i soknerådet: Liv Øygard Solheim, tlf: 57 86 96 59 / 958 61820. liv-sol@online.no Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland, tlf: 57 86 98 32 / 975 91 747 Sokneprest i Vereide og Gimmestad Vidar Bjotveit, tlf: 958 80 030 vidar.bjotveit@gloppen.kyrkja.no Kontorstad: Sandane kyrkje Sokneprest i Breim og Hyen Tore Myklebust, tlf: 456 01 260 tore.myklebust@gloppen.kyrkja.no Kontorstad: Prestebustaden i Breim. Kyrkjeverje Kurt Djupvik Kontor i Sandane kyrkje Tlf kontor: 57 86 56 16. Mobil: 902 06 828. kurt.djupvik@gloppen.kyrkja.no Kontorstad: Sandane kyrkje Kontoret er ope alle dagar, men kyrkjeverja er ofte ute, så det er lurt å ringe på førehand. Diakonimedarbeidar i Gloppen Britt Randi Heggheim, tlf: 908 47 592 britt.randi.heggheim@gloppen.kyrkja.no Kontor i Sandane kyrkje Kantor Anders Rinde anders.rinde@gloppen.kyrkja.no Vereide kyrkje, tlf: 57 86 93 06 Kantor/trusopplærar Marièl Eikeset Koren, tlf: 90942503 mariel.eikeset.koren@gloppen.kyrkja.no Kontorstad: Sandane kyrkje Gravar/ kyrkjegardsarbeidar Ivar Hjelle, tlf: 57 86 58 59 / 970 76 668 34 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015 Vi møtest i kyrkja 1. februar. Såmannss Mark 4,26–34 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Tårnagentgudsteneste. Breim skulekorps deltek. 11.00 Gimmestad Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Tårnagentgudsteneste. Takkoffer: Blå Kors. 16.00 Sandane Gratis varm mat klokka 16.00, Søndagssamling kl.17.00 11.00 Vereide Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Søndagsskulen, sentralt. Nattverd. Vereide kyrkjekor. 20.00 Sandane Ungdomsgudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Det norske bibelselskap. Nattverd. 12. februar. Torsdag. 16.00 Gloppen omsorgss. Nattverdsgudsteneste v/Vidar Bjotveit. 15. februar. Søndag før faste. Joh 12,20–33 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: KRIK- Sandane. Nattverd. 18. februar. Oskeonsdag. Matt 12,38–42 20.00 Sandane Skriftemålsgudsteneste v/Tore Myklebust. 22. februar 1 s. i faste Matt 16,21-23 11.00 Hyen Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Bibelselskapet. Nattverd. Årsmøte. 20.00 Vereide Konsert. Michael Clarke: Baryton og Ralph Cupper: Orgel 25. februar. Onsdag. 20.00 Sandane Opa kyrkje. Song og kveldsbøn kl. 20.40 01. mars 2.s.i. faste Luk 7,36-50 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Bibelselskapet. Nattverd. 11.00 Vereide Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Nordfjord Folkehøgskule. Nattverd. Årsmøte. 16.00 Sandane Gratis varm mat klokka 16.00, Søndagssamling kl.17.00 11.00 Gimmestad Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Kirkens bymisjon. Årsmøte. 15.00 Hestenesøyra Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer til NMSprosjektet. Nattverd. 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Sjømannskyrkja. Nattverd. Årsmøte. 11.00 Vereide Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Laget NKSS. Nattverd. Vereide kyrkjekor. 22. mars. Maria bodsk.d. Luk 1,46-55 11.00 Hyen Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Tårnagentgudsteneste. Takkoffer: Speidarane i Hyen. Speidarane deltek. 25. mars. Onsdag. 20.00 Sandane Opa kyrkje. Song og kveldsbøn kl. 20.40 29. mars. Palmesøndag Mark 9,17-29 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Fjordly ungdomssenter. Nattverd. 20.00 Vereide Gallerikveld. Ved Kunstlaget og Olaf Sigurd Gundersen. 11.00 Sandane Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd. 12.00 Aa-støylen (Hyen) Gudsteneste v/Lek gudstenesteleiar. 14.00 Utvikfjellet Gudsteneste v/Tore Myklebust. 20.00 Gimmestad Gudsteneste v/Tore Myklebust. Nattverd. 11.00 Breim Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd. 11.00 Hyen Gudsteneste v/Tore Myklebust. Nattverd. 20.00 Vereide Pasjonsgudsteneste v/Vidar Bjotveit Takkoffer til Kirkens SOS, avd. Førde 11.00 Vereide Høgtidsgudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Nattverd. Vereide kyrkjekor og Konfirmantane deltek. Påskeplask etter gudstenesta om fjorden er isfri. 11.00 Breim Høgtidsgudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Nesholmen. Nattverd. Blomeprosesjon. 11.00 Gimmestad Høgtidsgudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Fjordly. Blomeprosesjon. Nattverd. 11.00 Hyen Høgtidsgudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Nesholmen. Nattverd. Blomeprosesjon. Søndagsskulen deltek. 8. februar Kristi forkl.dag. Mark 9,2–13 08. mars 3.s.i. faste. Ef 6,10-18 15. mars 4.s.i. faste Joh 3,11-16 02. april Skjært Luk 22,14-23 03. april Lang Matt 26,30-27,50 05. april Påskedag Matt 28,1-10 06. april Andre påskedag Luk 24,36-45 Dåpsborn med foreldre og fadrar Gimmestad 11/16/2014 OLA HÅHEIM ELFRID RAUSET HÅHEIM TERJE HÅHEIM Monica Håheim Hoftuft Tarald Hoftuft Janne Håheim Geir Rune Rauset Ragnhild Hope Birkeland 12/26/2014 JULIE AKSE HJELMESET JANNE AKSE ØYSTEIN HJELMESET Stine Solvik Jeanette Svarstad Anders Rosø Nina Merete Skeistrand Anna Nedrehegg Svein Hjelmeset 12/26/2014 MARI SÆGROV DJUPVIK MAY-BRITT SÆGROV ROGER AA DJUPVIK Ingmar Sægrov Eirin Bakketun Irene Svidal Morten Aa Djupvik Berit Sandal Djupvik 1/18/2015 MADELEN HELLESØE THERESE EIKENES ØYSTEIN HELLESØE Vidar Hetle Victoria Therese Skjerdal Oddgeir Kvitenes Monica Eikenes Vereide 10/5/2014 VERA SKOGLI KATRIN NES SKOGLI JAN ERIK SKOGLI Camilla Skogli Lisbeth Skogli Øystein Nes Mariann Nes Elin Rek Nedrebø 11/23/2014 MAGNUS TANGEN SLETTÅ INGER LISE TANGEN SVEIN KÅRE SLETTÅ Anne Sissel Flatjord Einar Slettå Gunnstein Tangen May Tangen LIVE MARIE VAN DUINEN INGVILL VAN DUINEN ADOLPHUS PHILIPPUS ALBRECHT VAN DUINEN Harald Austrheim Øystein Austrheim Brita Austrheim Ståle Austrheim AASMUND HAMRE KJØRVIK SILJE KJØRVIK CHRISTER HAMRE Janne Larsen Kjørvik Randi Athena Skjold Jeppe Franch Andersen Kjetil Klakegg Tonje Kjørvik 1/11/2015 MARKUS LYNGSTAD-KLAUSEN STINE KLAUSEN KJETIL LYNGSTAD Andreas Lyngstad Grov Hanne Lyngstad Geir Arne Nilsen Kristine Gustavsen RAGNE LANGLO GLOPPESTAD LINDA CATRIN LANGLO AADNE GLOPPESTAD Odd O. Støyva Eli Mariann Johansen Støyva Kjell Jørgen Slettevoll Katrine Viktoria Hole Siri Hamre Ove Olden Breim 12/7/2014 OLVE KORNELIUS VERLO ASKE DORTHE KAROLINE VERLO ASKE Siri Reiersen Bjørg Olaug Skaar Mathias Aske Kjartan Verlo VILJA DORTHEA VERLO ASKE DORTHE KAROLINE VERLO ASKE Cathrine Pangopoulus Frøydis Valland Arntzen Kavitha Aske SIAKO SHARIF FERESHTEH ABDOLLAHZADFAR SARDAR SHARIF Rute Abrha Georg Tut Ngaguan Elin Rønn Finnstad Jonfrid Eide SAKO SHARIF FERESHTEH ABDOLLAHZADFAR SARDAR SHARIF Gunn Hole May- Britt Indrebø Tim Nuenschwander Bjørg Sandal Åse Skrivervik LUKA BRHANE SELAM KINFE ABBAY BRHANE ANDEMICAEL Jan-Inge Sætre Janne Helene Sætre Monica Kvamme PHILIP WILHELM ZERWEKH IDA-KRISTIN HARSVIK MIDTHJELL PETER WILHELM ZERWEKH Tone Harsvik Yvonne Starheimsvik Hans J. Zerwekh 1/1/2015 RAFI HAMIDI Georg Tut Ngaguan Fritz Schjølberg Oddlaug Wiik Schjølberg Anne Kristin Myklebust May-Britt Indrebø Trine Krogh DÅP VER 2 L A L G S M T 11/23/2014 ASK EGGE BJØRNEREIM NILS EVEN BJØRNEREIM JANNICE EGGE Amalie Sofie Nerhus Gunnar Eide Pia Elise Kristiansen Vegard Støyva 2 S J H K A K H BRE OLAI SEKKINGSTAD EGGE ROLF KJETIL EGGE MAIKEN JOHANNE SEKKINGSTAD Ellen Jorun Hjelle Fred Leon Pedersen Sissel Astrid Løvoll Odd Ivar Pettersen Merete Bange Knut Arild Folkestad 0 H B S E B 1/18/2015 JENNY GLOPPESTAD HJELLE KENT ØYSTEIN HJELLE INGRID GLOPPESTAD HJELLE Gro Larsen Hjelle Roger Hjelle Erlend Aasen Gloppestad Øyvind Aasen Gloppestad G 0 E J M J JOR VER M T B D E FRIKK TOTLAND TRINE EGGE TOTLAND ARE TOTLAND Ann-Helen Birkeland Hetle Åshild Birkeland Hetle Caroline Totland Merkesdal Elin Totland BRE M A GIM H S Jordfeste Vereide V1_Orginallayout.indd 27 Per-Arne Hestenes 13.04.1979 08.11.2014 Oddvar Magne Skogen 15.01.1947 24.11.2014 Eva Øvreseth 23.11.1948 28.11.2014 Jon Reidar Moldestad 26.02.1949 12.12.2014 Margit Ødven 21.08.1929 15.12.2014 Nelly Skinlo 17.09.1920 16.12.2014 Gunnar Madsson Tystad 10.06.1939 20.01.2015 Gimmestad Gjertine Ovidie Ravnestad 24.05.1926 23.11.2014 Ove Sande 29.03.1971 18.12.2014 Cato Rygg 23.12.1963 29.12.2014 Breim Leif Reed 25.12.1916 19.01.2015 Helge Bergheim 05.01.1955 11.01.2015 nr. 1, 2015 Kyrkjeblad for Gloppen 35 Jula er over, og vi er godt i gang med det nye året. I dette nummeret kan du sjå og lese meir om konsertar, julefestar og andre tilskipingar. Her ser du frå den populære ”Vi syng jula inn” i Hyen. Men vi har reportasjar frå arrangement i alle kyrkjene våre bortsett frå gamle Gimmestad. Les, sjå og fortel! Kyrkjeblad for Gloppen nr. 1, 2015
© Copyright 2024