Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt Info frå distriktet 2015 Info frå distriktssjefen Hei alle saman. Særleg velkomen til dei av dykk som er nye i avdeling. Når eg skriv dette er vi 315 tenestepliktige og seks fast tilsette som utgjer sivilforsvaret i Sogn og Fjordane. Ved distriktet er det og endringar, Gaute er slutta og er no distriktssjef i Østfold, eg fungerar som distriktssjef fram til ny vert tilsett. Stein Morten er tilsett som SF-inspektør / fast stedfortredar med ansvar for øving/ rekruttering og tenesteplikt, Leidulf er tilsett som SF-adjutant/ vedlikehaldsansvarlig, Frank Venes er tilsett som SF-adjutant/ materiellkoordinator, Ingrid Elde er tilsett (startar 1. mars) som SF-adjutant/ øvingskoordinator. Birthe held fram med same ansvar innanfor rekruttering og tenesteplikt. Året 2014 er no historie, men vil bli hugsa for fleire store og krevjande hendingar, det viste seg nok ein gong at vi løyste utfordringane på ein særdeles god måte takka vere godt kompetente befal og mannskap. Vi gjennomførte i 2014 to kveldar og to dagars øving, for dei alle fleste av dykk. I tillegg vart radiacpatruljene øvd. Vi fokuserte også i 2014 mykje på å vedlikehalde ferdigheiter på enkeltmannsnivå og på leiarnivå. Godt humør og sporty innstilling er også kvalitetar som er viktig å ha med seg, dette er noko vi ser i alle avdelingar. I 2015 vil vi øve alle avdelingar to dagar og to kveldar, vi vil i år satsa på samøvingar mellom avdelingane, dette trur me vil gjera oss sterkare rusta om og når den «store» hendinga skulle komma. Vi vil også i år leggja stor vekt på leiarfunksjonane då dette er viktig når vi skal samhandla med fleire avdelingar i og utanfor fylkesgrensene og naudetatane. Ynskjer dykk alle eit godt øvingsår. Eg er trygg på at de alle vil stille opp, og framleis gjere ein flott jobb under øving og innsats og være budde når det vert naudsynt. Leiv Jarle Bergheim distriktssjef Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt -kontaktinformasjon Distriktssjef Leiv Jarle Bergheim Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 994 88 057 E-post: leiv-jarle.bergeim@dsb.no SF-inspektør/NK Øving og operasjon Stein Morten Rønningen Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 474 87 939 E-post: stein.morten.ronningen@dsb.no Vakttelefon Distriktet: 57 62 88 60 Sentralbord SFSFD 57 62 88 60 E-post distriktet: Sf.sfd@dsb.no Faks distriktet: 57 67 48 57 Postadresse: Postboks 343 6852 Sogndal Besøksadresse: Granden 25 6856 Sogndal SF-adjutant/ personell/ kompetanse Birthe Lysne Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 907 43 026 E-post: birthe.lysne@dsb.no SF-adjutant/Vedlikehaldsansvarleg Leidulf Øyre Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 922 53 196 E-post: leidulf.oyre@dsb.no SF– adjutant/Driftskoordinator Frank Venes Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 918 48 811 E-post: frank.venes@dsb.no SF– adjutant/Øvingskoordinator Ingrid Elde Telefon arbeid: 57 62 88 60 Telefon direkte: 958 42 928 E-post: ingrid.elde@dsb.no Avdeling Tjenestestilling/ navn Adresse Telefon E– post FIG Aurland Mob: 917 10 529 Leiar Ketil Horvei Vetleli 6, 5745 Aurland Leiar Jonny Sundal Alleen 37, 6770 Nordfjordeid Leiar Wilhelm Larsen Digreneset 35 6900 Florø Leiar Ole Arthur Hegrenes Kalvehammaren 6 A 6800 Førde ketil.horvei @aurland.kommune.no FIG Eid Mob: 908 65 883 sundaljonny @hotmail.com FIG Flora Mob: 971 72 020 wilhelm.larsen @ewos.com FIG Førde Mob: 943 85 843 ole@eviogole.com FIG Høyanger Mob: 402 93 027 Leiar Terje Molvik Fossøyrgata 16 A 6993 Høyanger Leiar Ronny Vedvik Hagahaugvegen 6 6854 Kaupanger terje.molvik @yahoo.com FIG Sogndal Mob: 909 49 297 ronny @jatakkaupanger.no Avdeling Tjenestestilling/ navn Adresse Telefon E– post Leiar Alfred Holseter Vollevegen 30 6885 Årdalstangen Mob: 902 72 572 alfred.holsater@hydro.com Leiar Arve Jan Furesund Breivikvegen 6 A 6900 Florø Leiar Per Kristian Steenslid Gate 5 38 6700 Vågsøy FIGP Aurlnd FIGP Flora Mob: 450 33 783 jan.arve.furesund @enivest.net FIGP Eid Mob: 913 68 111 pkpalle@online.no FIGP Førde Mob: 915 42 852 Leiar Jan Inge Kildal 69 80 Askvoll Leiar Paul Hough Klippavegen 21 6852 Sogndal janingekildal @msn.com FIGP Sogndal Mob: 952 06 133 paul@sogndal.fhs.no Økonomisk godtgjerelse under kurs, øvingar og innsatsar Avhengig av kva for grad du har, får du under kurs og øvingar utbetalt tenestetillegg eller lønn. Tenestetillegg, leiartillegg, forsørgjartillegg, ulempetillegg og kompensasjonstillegg er skattefrie. Ved utbetaling av lønn etter grad, vert det trekt skatt. Det vert ikkje betalt ut feriepengar verken av lønn eller godtgjeringar. Dette gjelder både befal og mannskap som er i sivilforsvarsteneste. Tenestetillegg utbetalast til dei som har grad 10 – 12, og lønn til befal som har grad 9 og høgare. Utdrag frå tabellen: Grad Nr. Gradtegn Tenestetillegg Tenestetillegg Pr. døgn (ikkje skatt Lønn pr døgn (skattepliktig) 7 *** 3 stjerner FIG leiar FIGP leiar 786,25 9 * 1 stjerne FIG nestleiar FIGP nestleiar 714,80 9 * 1 stjerne Materiellansvarleg 714,80 10 >>> 3 vinklar Lagførar 167,00 + 22,40 (leiartillegg) 11 >> 2 vinklar Nestlagførar 167,00 + 22,40 (leiartillegg) 12 Ingen Mannskap 167,- Andre tillegg/ godtgjerelse: Forsørgertillegg: Ektefelletillegg Barnetillegg kr 150,00 kr 170,00 kr 70,00 gjeld også sambuar dersom dei har felles barn for første barn (under 18 år) for kvart barn meir enn eit Ulempetillegg: kr 335,00 gjeld for deltaking under akutt innsats Kompensasjonstillegg: kr 330,00 Kilometergodtgjersle for bil: kr. 4,10 og for passasjer kr. 1,00. Kompensasjonstillegget vert utbetalt til lagførarar, nestlagførarar og mannskap som kan dokumentere at dei ikkje mottek lønn frå arbeidsgjevar, eller har einmannsbedrift som må stenge under tenesta. Kompensasjonstillegget vert utbetalt i tillegg til ordinært tenestetillegg /eventuelle forsørgjartillegg og ulempetillegg. Prosedyre ved innkalling til øvingar Elektronisk innkalling får du 1 månad før øvinga. Du må umiddelbart gi tilbakemelding på motteken innkalling seinast 2 veker etter innkallinga. I tillegg til innkallinga sender distriktet ein påminning på UMS (tekstmelding) like før øvinga. Spesielt om frammøte ved innsats Distriktet understrekar at det skal være særleg vektige grunnar for ikkje å møte ved innkalling til innsats. Innkalling til innsats er et pålegg om teneste, kor menneskjers liv/helse, miljø eller store økonomiske verdiar er trua. Det normale skal være at ein berre unntaksvis ikkje møter. Den enkelte pliktar uoppfordra å sende forklaring til distriktet , og meddele kvifor ein ikkje kan møte. Dette betraktast som ein søknad, og distriktet avgjer søknaden etter gjeldande regelverk. Adresseendring – flytting/midlertidig fråvær frå bustad Ved forandring av fast bustad har du plikt til å melde adresseforandring til Sivilforsvaret. Dette gjeld enten du flytter innanfor distriktet sitt ansvarsområde, (Sogn og Fjordane fylke), eller om du flytter ut av fylket. Hugs at om du flytter ut av fylket, og dette er ein varig adresseendring, skal du avklare med distriktet om du skal levere inn utlevert personlig utstyr før du flytter. Dersom du er midlertidig fråverande frå bustadadresse pliktar du å sørgje for å få ettersendt innkallingsordrar og andre tenestelege meldingar. Ved endringar vedrørande telefonnummer skal dette også meldast til distriktet. Orientering til eigen arbeidsgjevar Du pliktar sjølv så snart du er blitt gjort kjent med og/eller har fått innkalling til teneste, å orientera din eigen arbeids-gjevar. Dette gjelder enten det dreier seg om øving, kurs eller innsats. Alle søknadar om utsetjing/ fritak skal sendast til distriktskontoret pr. post eller e-post. Søknaden skal vera din eigen dvs. at arbeidsgivar ikkje kan søka deg fri men vis det gjeld fritak på grunn av arbeidsforhold skal attest/ bekreftelse frå arbeidsgivar leggjast ved. Du kan under normale omstendigheiter ikkje rekna med at ein søknad om fritak blir behandla vis du ikkje har sendt den innan fristen som er oppgitt i innkallinga. Du må då møte i henhold til innkallinga. Uforutsette ting som dukkar opp etter at søknadsfristen er utgått må dokumenterast. Korleis skal den tenestepliktige forholda seg ved sjukdom/skade og liknande Dersom det ikkje er mulig å møte til øving/kurs/innsats på grunn av sjukdom, skade eller liknande må fråværet legitimerast ved innsending av sjukemelding frå lege eller anna dokumentasjon. Sogn og Fjordane Sivilforsvarsdistrikt Granden 25 Postboks343 6852 SOGNDAL Telefon 57 62 88 60 E-post: sf.sfd@dsb.no www.sivilforsvaret.no
© Copyright 2024