8 Fredag 15. mai 2015 Fredag 15. mai 2015 9 Framtidsvisjon om sportsfiskedestinasjon Optimist: – Sportsfisketurisme kan gje arbeidsplassar, livskvalitet og vekst dersom ein satsar profesjonelt og forvaltinga erkjenner potensialet, sa Lars Brinch Thygesen frå Danmarks sportsfiskerforbund. Han viste til storstila satsing på naturbetringsprosjekt i heimlandet. Kva skal til for å gjera Hardanger til ein europeisk sportsfiskedestinasjon? Det kan høyrast ut som ein uoppnåeleg framtidsvisjon med dagens situasjon for villaks- og sjøaurestammene i regionen, men miljøkonsulent i Danmarks sportsfiskeforbund, Lars Brinch Thygesen, peikar på ein veg ut av uføret. Lars Arvid Oma oma@hf.no I føredraget sitt på Hardangerfjordseminaret i Norheimsund i helga, presenterte Thygesen ei oppskrift som har fungert godt i Danmark, og som truleg kan ha overføringsverdi til ei eventuell framtidig satsing i Hardanger. – For det første må ein ha eit godt grunnprodukt. Folk vil ikkje bli lurt. Skal ein fiska laks og sjøaure er folk interesserte i den opphavlege villfisken, ikkje oppdrettsfisk. I tillegg må folk få tilgang til attraktive og ekte naturopplevingar, sa Thygesen. I tillegg til det første trinnet på ”femtrinnsraketten”, grunnproduktet, lista Thygesen opp fire andre punkt som må vera på plass i ei målretta satsing på ein sportsfiskedestinasjon: Sørvis, digital infrastruktur, organisasjon og partnarskap, og marknadsføring og sal. Stort potensial – Gjestene skal ha fine opplevingar i sportsfisket, men folk ynskjer også moglegheiter til sosialt samvær og kjekke opplevingar på ”fritida”. Ein sportsfiskedestinasjon må vera prega av profesjonalisme, god sørvis og interesse for gjestene. Det kostar ikkje å smila, eller yte ekstra god sørvis. Tilhøva i Danmark er ikkje perfekte, men me er på veg mot noko som fungerer, sa han. Thygesen framheva at Noreg har eit stort potensial med dei naturkvalitetane landet rår over. Når ein lukkast med ei slik satsing i Danmark, med langt «enklare» og mindre spektakulær natur, bør Noreg ha store moglegheiter, meiner han. ”Blinde” nordmenn Han teikna eit bilete av to land med ulike utfordringar i forhold til natur og villfisk. – Danmark og Noreg har både likskapar og ulikskapar når det gjeld rammevilkåra. I Noreg er det så mykje vill og vakker natur at eg kanskje provoserer når eg seier at nordmenn verkar blinde for desse ressursane, sa han. Den danske miljøkonsulenten meir enn antyda at nordmenn ikkje alltid er klar over naturherlegdomane sine, og moglegheitene knytt til dei naturtilhøva som finst rett framfor nasetippen. – Men det finst også likskapar. Norge har ein stor produksjon av sjømat, mellom anna i oppdrettsnæringa. Me har høyrt mykje om lakserømming og lakselusproblem. Danmark har på si side ein stor landbruksproduksjon, og me har miljøutfordringar knytt til denne næringa når det gjeld utslepp og arealbruk. I mitt land er om lag 64 prosent av arealet nytta til landbruk. Det er avgjerande med eit samarbeid med denne næringa når me skal gå i gang med naturbetringsprosjekt, sa han. – Sportsfisketurisme har ei framtid Han peika på villfisk som ein fornybar ressurs som kan utnyttast i reiselivssamanheng. – Natur- og sportsfisketurisme har ei framtid, særleg dersom også politikarane erkjenner det. Det har me erfart i Danmark. Det kan gje arbeidsplassar, livskvalitet og vekst, sa han. Milliardbutikk Thygesen viste til fleire prosjekt der vassdrag er blitt rusta opp og kultiverte. I Skjern Å, det største laksevassdraget i Danmark, er det investert 400 millionar kroner i planmessig kultiveringsarbeid og utbetringar for å auka det haustbare overskotet i elva. Ifølgje miljøkonsulenten er dette ei god og fornuftig investering. – Kvar laks som vert fiska har ein totalverdi på om lag 3.500 kroner for næringslivet som er knytt til sportsfisket. Vert det fiska 4.000 laks, gjev det ei årleg inntekt på om lag 14 millionar kroner. Doblar ein talet aukar inntektene tilsvarande, fortalde Thygesen. Det vert omsett for om lag tre milliardar kroner årleg i den danske sportsfiskesektoren. Reiselivsnæringa oppnår tre millionar overnattingsdøger årleg for utanlandske sportsfiskarar. Det dryp store summar på sportsbutikkar, serveringsstader og andre næringar. Næringa gjev arbeid til 2.500 personar. – Skremmer fisketuristane – Det er synd å seia det, men når europeiske sportsfiskedestinasjonar vert vurderte i Danmark, er ikkje Noreg eit alternativ når det gjeld laks og sjøaure, seier han. Informasjon om laksestammer i tilbakegang, lakselusproblem og andre miljøutfordringar skremmer sportsfiskarane bort. Thygesen oppmoda den norske forvaltinga, oppdrettsnæringa og villfiskinteressene til å samarbeida om å gjenreisa dei norske laksefjordane og vassdraga som Positiv: Sjølv om sportsfisketurismen ikkje viser igjen i marknadsføringa til Reisemål Hardangerfjord, meiner dagleg leiar Hans Jørgen Andersen at fisketurisme og Hardanger passar som hand i hanske. Offensiv: Direktør Dag Aksnes i Norwegian center of expertice (NCE) åtvara mot øydelegginga av den unike naturen i dei norske fjordane, eit landskap folk frå heile verda kjem for å oppleva. sportsfiskedestinasjonar. Men det krev innsats. – Passar me litt på fisken, så kan me hausta. Investeringar i naturbetringar gjev god avkastning. Dette har me brukt lang tid på å forklara politikarane våre, sa han. Thygesen kunne fortelja at nordmenn reiser til Danmark for å fiska laks, noko han meiner bør vera ein tankevekkjar i eit land som Noreg, med mange flotte vassdrag og med ei lang og stolt sportsfiskehistorie. vassdraga i Rogaland, sa Walle. Kva gjer ein for å koma tilbake til gamle høgder? Dei om lag 28 sjøaurevassdraga i regionen er stort sett greie, men nokre tiltak kan ein setja i verk. Mellom anna fjerna ureining, leggja ut gytesand og hindra øydeleggingar av vassdraga. Eit viktig tiltak kan til dømes vera utfisking av røye i Granvinsvassdraget. – Arbeidet med den nye genbanken er særs viktig, sa Walle. Det står ikkje like ille til i alle vassdraga i Hardanger. Tilhøva for sjøauren er best i indre delar av Hardangerfjorden, som til dømes i Eidfjord, der det er langt til næraste oppdrettsanlegg, – noko mange peikar på som ei mogleg forklaring. Strenge EU-direktiv Danmark har mellom anna innført ei rekkje strenge EU-direktiv, som skal sikra god økologisk balanse både i vassdraga, på land, og i grunnvatnet. Desse direktiva gjev føreseielege rammer for kva ein får lov til når det gjeld miljøpåverknad. Målet er å gje landbruket i Danmark dei same rammene som i til dømes Tyskland. I forvaltinga av naturmiljøet blir det teke i bruk eit ”forsik- tigheitsprinsipp”. Dette har vore brukt fleire gonger, i kampen for å styrkja dei danske laksestammene. Berekraft og føre var-prinsippet er i ferd med å få fotfeste. – Stort potensial Før Thygesen entra talarstolen tok fiskeforvaltar Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland for seg potensialet for laks- og sjøaurebestandane i Hardangerfjorden. Ho ville ikkje talfesta potensialet for villfiskstammene i Hardanger, men gav uttrykk for at vassdraga har eit stort potensial. Ho peika mellom anna på at fisket etter laks og sjøaure har ein lang og rik tradisjon i regionen. Dersom ein klarar å snu utviklinga, kan ein koma tilbake til gamle tider. Det vart eksempelvis fiska 10 tonn sjøaure i 1974. – No er overlevinga for sjøauren i store delar av Hardangerfjorden svært låg, under éin prosent. Det er ikkje nok gytefisk, tilhøva er langt dårlegare enn til dømes – Som hand i hanske Reiselivsdirektør Hans Jørgen Andersen i Reisemål Hardangerfjord kunne fortelja om stor internasjonal interesse for hardangernaturen. Takka vera sosiale medium, Internett og store reportasjar frå Hardanger i internasjonale fagtidsskrift er det aukande interesse for dei norske fjordane. – Moralen må vera at det som er interessant for turistane, kan spreia seg svært fort via Internett, sa han. Ifølgje Andersen genererer næringa i regionen 1.200 årsverk og over éin milliard kroner i omsetnad. – Hardanger ser veldig bra ut som reisemål for aktive turistar, sa Andersen. Ein av deltakarane på seminaret, Frode Strønen frå Jondal, undra seg over at Reisemål Hardangerfjord ikkje nemner fiske og fisketurisme med eit einaste ord eller foto i brosjyren Hardanger ferietips 2015, som vart delt ut på seminaret. Ifølgje Andersen handlar manglande fokus på fisketurisme først og fremst om at ein treng konkrete produkt og tilrettelegging for å kunna tilby sportsfiske som reise- livsprodukt. – Det er ikkje tvil om at fisketurisme og Hardanger passar som hand i hanske, sa reiselivsdirektøren. Forplikting Også direktør Dag Aksnes i Norwegian center of expertice (NCE), understreka i sitt innlegg at det er viktig å ta vare på det unike i fjordnaturen, både på land og i fjorden, i ei tid med enorm utvikling i reiselivsbransjen. – Ikkje alle er klar over at reiselivsnæringa er verdas største næring, og den tredje største næringa på Vestlandet. Det ligg ei stor forplikting i å ta vare på naturen og landskapet vårt. Er vi i staden i ferd med å øydeleggja den unike naturen vår, som folk frå heile verda ynskjer å oppleva? spurde Aksnes. Flaggmånad Ein HF-lesar meiner kvemmingane treng ei påminning om reglar for flagging. Lova seier at ein kan heisa flagget kva dag ein vil. Det er vanleg å flagga til dømes i samband med bursdagar, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller store festar. Privatpersonar er ikkje pålagde å flagga på offentlege flaggdagar, men gjer ein det, er regelen å heisa flagget klokka 08.00 i tida mars til og med oktober. Frå november til og med februar klokka 09.00. Flagget skal firast ved solnedgang, men ikkje seinare enn klokka 21, sjølv om sola går ned etter det tidspunktet. Forvaltings-, drifts- og vedlikehaldsleiar Jostein Neteland i Kvam herad seier at så godt som alle kommunale institusjonar har flaggstong. På flaggdagane tek dei fleste sjølve ansvar for å få flagget både opp og ned, men FDV-avdelinga står for flagginga ved rådhuset og på Straumhaugen i Norheimsund. Dei offentlege flaggdagane: • 1. nyttårsdag (1. januar) • 21. januar, åremålsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra • 6. februar, samefolkets dag • 21. februar, åremålsdagen til kong Harald • 1. mai, offentleg høgtidsdag • 8. mai, frigjeringsdagen • 17. mai, grunnlovsdagen • 7. juni, til minne om unionsoppløysinga • 4. juli, åremålsdagen til dronning Sonja • 20. juli, åremålsdagen til kronprins Haakon Magnus • 29. juli, olsok • 19. august, åremålsdagen til kronprinsesse Mette-Marit • 25. desember, 1. juledag • Rørleg dag, 1. påskedag • Rørleg dag, 1. pinsedag • Rørleg dag, stortingsvaldagen Departemental hast Fjellstrand AS ynskjer utsett frist for reguleringsplanen i Hansvågen på Nes-halvøya. Planen om å byggja nytt verft vart ikkje realisert innan femårsfristen frå godkjenninga. Kvam herad har difor bede departementet om å utsetja foreldingsfristen. I fjor sommar sa statssekretær Per-Willy Amundsen i Kom- munal- og moderniseringsdepartementet til HF at ein skulle prioritera saka så snart som råd. 23. april i år sa han akkurat det same då HF spurde korleis saka står. – Det er ikkje noko nytt å melda frå departementet, sa kommunikasjonsrådgjevar Heidi Egede-Nissen til HF onsdag.
© Copyright 2024