SYDVEST bokfestival 2015 12.-15. november på skakkesenteret i Etne Sunnhordland Haugalandet Hardanger Ryfylke Etne bibliotek www.skakke.no Etne kommune Velkommen til Sydvest bokfestival 12.-15. november blir det ei ny interessant og sosial vinterhelg for alle i SUNNHORDLAND, HAUGALANDET, HARDANGER og RYFYLKE, kort sagt SYDVEST. Me fekk mange lovord for festivalen i fjor og takka vera generøse sponsorar og stor velvilje hos forlag og forfattarar kan me arrangera festivalen for 2. gong på Skakkesenteret i Etne. Målet er • Presentera og feira nye fagbøker, film og digital formidling om Sydvest-regionen • Styrkja lokal identitet og kunnskap om lokal kultur • Gje forfattarane mulighet til å møta lesarane og selja bøkene sine • Vera møteplass for forfattarar, forleggjarar, lokalhistorieinteresserte, fagfolk og publikum • Inspirera til nye utgjevingar og ny formidling Velkommen til kunnskapsfestival for Sydvest! Helsing Etne bibliotek, Etne sogelag og frivillige. Arbeidsgruppa for 2015 Marit Rønnevik, Dag Silde, Einride Aakra, Gunnbjørg Ljusnes, John Magne Seljelid, Sølvi Grindheim Stople og Jan Terje Rafdal. Kontakt: Marit Rønnevik, Etne bibliotek, marit.ronnevik@etne.kommune.no, tlf. 53 75 80 80 / 479 04 538 BILLETTSAL Torsdag og fredag: Ved inngangen. Laurdag og søndag: Ved hovudinngangen på Skakkesenteret og ved inngangen til dei ulike arrangementa. BILLETTPRISAR Kveldsseta Skånevik torsdag inkl. kveldsmat kr. 150,Kveldsseta Etne fredag inkl. kveldsmat kr. 150,Dagpass laurdag kr. 250,-. Dagpass søndag kr. 250,Enkeltbillettar kr. 80,- barn kr. 50,- film kr. 50. Følgjekort gjeld. DAGPASS Med eit dagpass (armband) kjem du inn på alle program den aktuelle dagen, med atterhald om full sal. Vil du vera sikker på å få plass på eit bestemt program med dagpass, be om gratis plassbillett. Billetten må visast saman med armbandet ved inngangen. Programma Liv i bileta – meir enn levande bilete og Fletteverkstad er ikkje med i dagpasset. Kjøp dagpass viss du skal på fleire program, det er både billigare og du kjem inn i god tid! BOKMESSE Det blir stort boksal i foajèen. Her kan du finna julegåver til heile familien og i mange tilfelle få signert boka av forfattaren. MATSERVERING Open kafè på Skakke kl. 12.00-18.00 Baguetter, vafler, wraps og kioskvarer. Laurdag 14. nov. Betasuppe, rømmegraut. Søndag 15. nov. Kjøttkaker, rømmegraut. Kveldsseta torsdag «JUL DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU». Ved Oddgeir Bruaset, Ålesund Torsdag 12. november kl. 19.30. Skånevik fjordhotell. Kr. 150 inkl. kveldsmat Oddgeir Bruaset har sett seg føre å finna ut korleis folk på den ytste utpost har feira og framleis feirar jul. Han tek deg med til julefeiring høgt til fjells, ytterst i havgapet og inst i tronge fjordar. Ver med på ferda og kom god, gammaldags og ekte julestemning! Oddgeir Bruaset er mannen bak den velkjende NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. i Kveldsseta fredag HØGDEPUNKT FRÅ NYE ÅRBØKER I SYDVEST I 2015 Fredag 13. november kl. 18.00. Biblioteket. Kr. 150 inkl. kveldsmat Me inviterer til ein triveleg kveld med kveldsmat, innslag frå sogelag og museum: Vingespenn frå Tysvær historielag ved Hartvig Waage. Hardanger frå Hardanger historielag ved Marit Bleie Mannsåker. Sogeskrift for Tysnes frå Tysnes sogelag ved Mikal Heldal. Kvinnhersminne frå Kvinnherad sogelag ved Anny Nygård Mehl. Årbok frå Etne sogelag ved Jostein Osnes. Segn og soge frå Ølen og Bjoa sogelag ved Guri Ravatn. Årsskrift frå Stord sogelag ved Lars Mæland. Vindetreet frå Imsland, Sandeid og Vikedalsogelag og Skjold og Vats sogelag ved Theodor Imsland m.fl. Musikalsk krydder ved Ingemund Askeland og Helge Haaland Hjelmtveit. laurdag 14. november DOKKER I FOLKEDRAKTAR FRÅ VESTLANDET. Salsutstilling. Ved Britt Kjellesvik Rage, Tysnes 14. nov - 12. desember. Biblioteket Britt Kjellesvik Rage lagar dokker i historiske folkedraktar og arbeider med registrering og gjenopptaking av gamle drakttradisjonar som ho også formidlar gjennom dokkene. Ho driv eige galleri og har delteke på mange kunstutstillingar. TEIKNINGAR AV ERLING SKAKKE Laur 14. nov.–søn 22. nov. Biblioteket og galleriet. Det er 900 år sidan Erling Skakke blei fødd. Han var ein ekte vikinghøvding frå Stødle i Etne som gifta seg med ei kongsdotter og blei far til Magnus Erlingsson, som blei konge i Noreg berre fem år gamal. Lokalavisa Grannar har arrangert ein teiknekonkurranse for alle der oppgåva er å teikna Erling Skakke og her er teikningane som har kome inn. DEI ARKEOLOGISKE UTGRAVINGANE VED ETNESJØEN 2013 Ved Søren Diinhof, Bergen. Helsing frå ordførar Siri Klokkerstuen Laur 14. nov kl. 12.00-13.15. Litlesalen. Kr. 80 Universitetsmuseet i Bergen gjennomførte i 2013 ei utgraving av ei jernalderbusetting ved Etnesjøen. Funnet av ein landsby med 5-6 langhus frå førromersk jernalder og eit mogeleg krinsanlegg frå vikingtida er av stor vitskapleg verdi og fekk store oppslag i pressa. Diinhof fortel om resultatet og kva funnet betyr for forståinga av jordbrukssamfunnet i eldre jernalder på Vestlandet. Diinhof er arkeolog, prosjektleiar og forskar i førstestilling ved Universitet i Bergen. DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE Ved Bjarne H. Sætrang, Bjarne Valsvik, Jan Terje Rafdal, Knut Rage. Laur 14. nov kl. 12.00-13.00. Biblioteket. Gratis Har du tenkt på at du kan formidla viktig informasjon frå din heimstad digitalt? Blogg, heimeside, facebook, app – det er mange muligheter. Her får du høyra om nokon av dei: Bjarnes turblogg, PåPlass, Helsing frå Sunnhordland og Tysnes før i tio. DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE Lokalhistoriewiki ved Knut Rage, Tysnes. Laur 14. nov kl. 13.00-13.30. Biblioteket. Gratis lokalhistoriewiki.no - 32 000 artiklar og 135 000 bilete på nett. Historieformidling for vår tid. Demonstrasjon og bruk. Kva kan me i Sydvestregionen bidra med? DIGITAL VERKSTAD Verkstad for blogg, facebook og wiki.Ved Bjarne H. Sætrang, Jan Terje Rafdal, Johanne Lauritsen og Knut Rage. FÅ hjelp til å koma i gang. Laur 14. nov kl. 13.30-14.30. Biblioteket. Gratis SKAL LANDET GRO ATT? - Korleis berga norsk jordbruk. Ved Siri Helle, Oslo. Debatt. Ordstyrar Sigmund Hansen. Laur 14. nov kl. 14.00-15.30. Litlesalen. Kr. 80 Kvifor skal me ha jordbruk i Norge? I eit land av stein og fjell, med regn og vind. Kvifor skal me fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine? Fordi alle må bidra med mat til ei veksande verd og fordi norsk jordbruk er berekraftig og lønsamt. Alle vil ha norsk mat, likevel blir matproduksjonen vår meir og meir basert på import. Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogeleg å snu. Dette er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva mat me et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Norge spelar i verda. LIV I BILETA – MEIR ENN LEVANDE BILETE Om videodokumentering ved Egil Vadla Laur 14. nov kl. 14.00-16.00. Klasserom ved amfiet. Kr. 150. NB Påmelding: tlf. 479 04 538 før 10.11. Har du videoopptak som du i lang tid har tenkt på å redigera saman, eller går du med planar om å videodokumentera hendingar i lokalområdet? Vadla tek opp kva som kan heva kvaliteten på filmproduksjonen din. Planlegging, dramaturgi, teknisk gjennomføring og redigering. Vadla har master i medievitskap og har undervist i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, Voss folkehøgskule og Etne vg skule. YDVEST BOKF I. Myrstad EKKE OG RAD NYE BØKER PÅ REKKE OG RAD 30-16.00 Biblioteket. Laur 14. nov kl. 15.30-16.00 Biblioteket. Gratis. Dreyer og Skule Eriksen. Knud Knudsens album. m.fl. yer ogLisbeth Skule Eriksen. um. M.fl. VESTLANDSHAGEN Ved Lisbeth Dreyer, Bergen. Laur 14. nov kl. 16.00-16.45. Litlesalen. Kr. 80 SKIPSFARTSEVENTYRE – Ei fotografisk forteljing, Ved Ingrid Myrstad, Berg Laur 14. nov kl. 17.00-17 Litlesalen kr. 80 Ver med på ei stemningsfull vandring i hagar på Vestlandet, frå dei små og idylliske til dei storslagne og staselege. Det finst vel knapt noko y og hagehistorie, med fantastiske hagebilete EN Kulturhistorie som inspirerer. Lisbeth Dreyer ernorsk forfattarhistorie og filmskapar. som er mei , Bergen. enn sjøfolka sitt. Åra frå 1 TORMOD TORFÆUS NORGESHISTORIE 00-16.45. Ved Torgrim Titlestad, Hafrsfjord. gullalderen og handelsflå Laur 14. nov kl. 16-16.45. Biblioteket. Kr. 80 på alle verdshav. Generas Tormod Torfæus var ein islandsk-norsk historikar som levde store av mningsfull vandring i deler menn hadde sitt arbeid p livet i Kopervik. I 1711 gav han ut t, fråden deialler små ognorgeshistoria idyllis- som første dan eller aldri kom til nor nå er omsett tilGjennom norsk. Han skildrar e og staselege. korleis Norge vart til, dei første mannen har blitt framstil dei ulike tradisjonar busettingane, om kongarog og folket romantisk og heroisk skik rundt dei frå Harald Hårfagre fram det fint omkring til Sverre Sigurdsson. Professor, kert, umoralsk drukkenbo Torgrim Titlestad fortel om verket særleg omtalen av ykje eidr.philos. kulturhistorie frå bedrifter. denne perioden Erling Skakke og kong Magnus grafi Erlingssons e, og har fantastiske på havet? Ingrid Myrstad SKIPSFARTSEVENTYRET – Ei fotografisk forteljing, nspirerande for alle. 1875–1975. Ved Ingrid Myrstad, Bergen. bilete som gjev eit unikt i Laur 14. nov kl. 17.00-17.45. Litlesalen kr. 80 orfattar og filmskapar. Åra frå 1875 til 1975 var gull- sjømannsliv gjennom eit S NORGESHISTORIE ad, Hafrsfjord. 16.45. Ø. Morten T. Titlestad alderen i norsk skipsfart. Handelsflåten frakta varer på alle verdshav og generasjonar av nordmenn hadde sitt arbeid på skip som sjeldan eller aldri kom til norsk hamn. Sjømannen har blitt framstilt som alt frå ein romantisk og heroisk skikkelse til ein karikert, umoralsk drukkenbolt. Kva kan fotografi frå denne perioden fortelja om livet på havet? Ingrid Myrstad viser utvalde bilete som gjev eit unikt innblikk i norsk sjømannsliv gjennom eit århundre. JAKTEN PÅ SIGURD JO JAKTEN PÅ SIGURD JORSALFARE Ved Øystein Morten, Veggli. Laur 14. nov kl. 17.00-17.45. Biblioteket. Kr. 80 Sigurd Jorsalfare var den første europeiske kongen som verva seg til korstoga. I 1108 leia han som attenåring 60 skip ut frå Bergen, på veg mot Jerusalem. Tre år seinare vender han sigrande tilbake, men alle skipa og dei fleste mennene er borte. Forfattaren har reist i Sigurd sine fotspor og skriv ei original og levande forteljing om han som vart bestefar til kong Magnus Erlingsson. Øystein Morten er religionshistorikar frå Universitetet i Oslo og forfattar. Han har også skrive bøker om Olav den Heilage og Magnus den gode. SOUND I SUNDET. Film 31 min. Laur 14.nov kl. 18.00-18.45. Litlesalen. Kr. 50. Innleiing ved Aleksander Hauge. Musikalsk forteljing frå Karmsundet frå dei tidlegaste tider til i dag. Idè og musikk: Aleksander Hauge akkompagnert av Halvor lillesund, Vegard Fossum, Nils Økland og Torbjørn Økland. Filmen er laga av Thomas Mortveit. JUL DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU ved Oddgeir Bruaset. Intervju ved Sigmund Hansen. Laur 14.nov kl. 19.0020.00. Kinosalen. Kr. 80 Oddgeir Bruaset har sett seg føre å finna ut korleis folk på den ytste utpost har feira og framleis feirar jul. Han tek deg med til julefeiring høgt til fjells, ytterst i havgapet og inst i tronge fjordar. Ver med på ferda og kom i god, gammaldags og ekte julestemning! Oddgeir Bruaset er mannen bak den velkjende NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. FRÅ FJELL TIL HAV Laur 14.nov kl. 20.30. Pubkveld i foajèen. Kr. 80 Konferansièr Jan Terje Rafdal. «PÅ VANDRING - med Larsemann i indre Etnefjell». Ved Lars Lundal, Etne. Tidlegare ordførar i Etne Lars Lundal lanserer ny bok der han fortel om sine mange minne frå indre Etnefjell. Få kjenner fjellheimen betre enn han. På vandring med Aleksander Hauge langs Karmøys strender. Hauge er Karmøy sin poet og trubadur som skriv viser og fortel om alt frå utvandringa frå Karmøy til USA til gruvedrift på Visnes. Søndag 15. november VIVA BASKET! - Flettetradisjonar på Vestlandet og i Polen. Ved Drude Isene, Skjold. Søn 15. nov kl. 12.00-12.45. Litlesalen Kr. 80 Handverkstradisjonar knytt til fletta produkt finst i alle kulturar. I 2015 har Sunnhordland museum løfta desse fram gjennom utstilling, kurs, opplæring og bokutgjeving. «Viva Basket!» er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnhordland museum, Søre Skogen gard i Vindafjord og The Serfenta Association i Polen om å dokumentera flettetradisjonar. Drude Isene fortel om prosjektet og reiser der ho har møtt spanande menneske som held på med fletting i ulike materiale. FRÅ FOLKESTYRETS FOTFOLK TIL ADMINISTRASJONENS LOJALE MEDHJELPARAR? Rogaland fylkeskommune frå 1837 til i dag. Ved Gunnar Nerheim, Stavanger. Søn 15. nov kl. 12.00-12.45. Biblioteket Kr. 80 2-bindsverket Folkestyrets fotfolk og Byfolk og bønder fortel historia om fylkeskommunen og arbeidsfellesskapet som gjer at folk i fylket i dag kjenner seg som rogalendingar. Før krigen var bønder sterkt representert, 60-åra vart eit skilje mellom bygdefellesskap og ein ny felles arena for byfolk og bønder fram til «milliardkonsernet» i dag. Nerheim er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. NORSKE SMAKAR Ved Hanne Frosta, Bergen. Søn 15. nov kl. 13.00-13.30. Litlesalen. Kr. 80 Hanne Frosta og Linda Eide har laga ei uvanleg og underhaldande kokebok. Dei to drog på oppdagingsreise på Vestlandet på jakt etter gode norske råvarer som vert hausta, slakta og fiska i nærheten. Frosta fortel historier og matoppskrifter frå reisa og om sine inspirasjonskjelder. Frosta er kokk, og dreiv restauranten Hanne på Høyden i Bergen i 14 år. Ho har vore ein pioner for kortreist mat. GODT VAKSEN – Kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Ved Kristen Børje Hus, Bergen. Søn 15. nov kl. 13.00-13.30. Biblioteket. Kr. 80 Forfattar Kristian Hus har reist rundt i Kvinnherad og intervjua 12 godt vaksne kvinner og menn over 90 år om oppvekst, livslaup, skiftande tider og tankar om det å verta gamal. Foto og design ved Kristen Børje Hus. DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE Lokalhistoriewiki ved Knut Rage, Tysnes. Søn 15. nov kl. 13.00-13.30. Klasserom ved amfiet. Gratis lokalhistoriewiki.no 32 000 artiklar og 135 000 bilete på nett. Historieformidling for vår tid. Demonstrasjon og bruk. Kva kan me i Sydvestregionen bidra med? VARMEN FRÅ MYRA – torvskjæring på Jæren. Ved Tarald Ueland, Bergen. Søn 15. nov kl. 14.00-14.45. Litlesalen. Kr. 80 Det har vore skore torv langs heile Vestlandskysten heilt tilbake til Snorre si tid. Hadde det ikkje vore for torva kunne det ikkje budd folk på Jæren i gammal tid. Forleggjar Tarald Ueland presenterer Sjur Håland si bok Varmen fra myra. Boka er utgjeven i samarbeid med historielaga i Klepp, Time, Hå og Time bygdemuseum. Sjur Håland er frå Varhaug og har vore bonde og journalist i Bondevennen. SNAKK MINDRE, SEI MEIR Ved Leif Arild Steen, Finnøy. Søn 15. nov kl. 14.00-14.45. Biblioteket. Kr. 80 Nyttige råd og tips om kvardagskommunikasjon formidla på ein humoristisk måte. Steen er humorist, forfattar, prosjekt- og marknadsleiar. FLETTEVERKSTAD Ved Drude Isene og Edna Trovanelli. Søn 15. nov kl. 14.00-15.00. Galleriet. Kr. 50 i materialkostnad Ein liten smak på kva ein kan fletta av pil. Du får laga små fat, fine som f.eks såpefat. TIME IS MONEY Ved Arnt Even Bøe, Stavanger. Søn 15. nov kl. 15.00-15.45. Litlesalen. Kr. 80 Bøe fortel om dei som la grunnlaget for ein av Norges viktigaste industriepokar og den mest lønsame: Oljeeventyret. Boka er basert på intervju med alle som deltok i oppbygginga av den suksessfulle norske oljeforvaltninga. Unge og uvitande tenestemenn som klarte å få kontroll over dei mektige internasjonale oljeselskapa. Bøe har vore journalist i Stavanger Aftenblad og olje-medarbeidar der i 20 år. NYE BØKER PÅ REKKE OG RAD Søn 15. nov kl. 16.00-16.45 Biblioteket. Gratis Lise-Marte Vikse Kallåk. Atelièrdøra på gløtt: Kunstnere på Haugalandet. Kristian Magnus Vikse. Sjøfolk. Bjørn Øystein Waage og Silvia Karlsen. Rabbagasten. UTVANDRINGA TIL AMERIKA Søn 15. nov kl. 15.00-15.45. Biblioteket. Kr. 80 DEN STORE UTFERDA - Utvandring frå Skjold og Vats til Amerika 1837-1914. Ved Nils Olav Østrem, Stavanger. Den første utvandringa til Amerika skuldast ikkje alltid fattigdom, men ofte religiøse motiv etter-som det ikkje var religionsfridom i Norge. Mange lengta etter å sjå att slektningar «over there» og reiste etter. Østrem fortel om enkeltpersonar og familiar frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei ny verd. Østrem er professor i historie ved UIS. FRÅ FILLEFANT I ETNE TIL STORKAR I MONTANA Historien om Ole Osnes. Ved Tone Lise Hamre, Stavanger. Korleis kan det ha seg at ein «rapalaup» i frå Etne enda opp med 40.000 sauer og 248.000 mål jord i Montana? Ole Osnes reiste i frå Etne til Amerika i 1880 som 22-åring, og kom aldri tilbake. Hamre fortel frå si oppgåve i historie ved UIS. GASSEVENTYRET PÅ KÅRSTØ Ved Thomas Førde, Førde. Søn 15. nov kl. 16.00-16.30. Litlesalen. Kr. 80 I 1985 blei Statpipe-røyrleidninga over den 300 meter djupe Norskerenna ferdig. Gassen vart ført fram til Kårstø der ei eventyrlig industriutvikling starta. Prosessanlegget har 1200 faste arbeidsplassar og eksporterer gass verdt 70 milliarder kroner i året. Anlegget er utvida fleire gonger, men ikkje utan sverdslag der lokale fagfolk og politikarar har gjort ein stor innsats. Førde har vore journalist i Stavanger Aftenblad i økonomi- og energiredaksjonen i mange år og følgt utviklinga på Kårstø på nært hald. HANDEL OG ELEKTRONIKK VED FJORDEN – Jakob Hatteland og verksemdene før han gjennom 150 år. Ved Nils Olav Østrem Søn 15. nov 17.00-17.45. Litlesalen. Kr. 80 Jakob Hatteland starta i 1971 handel med elektroniske komponentar ved Vatsfjorden – langt utanfor byen og dei sentrale strøk. Salet av Jakob Hatteland Electronics i 2000 førte til vidare utvikling av det som i dag er Hatteland Gruppen. Fleire selskap blei til, som Hatteland Computer, Display, Solution og AutoStore. Desse har utvikla seg til fleire internasjonale forretningsområde. Boka handlar om Jakob Hatteland som elektronikkpioner og om familiebedrifta Hatteland frå Carl Hatteland begynte med landhandel i Åmsosen i 1881. FJORDENS LIV. Dokumentarfilm, 21 min. Søn 15. nov kl. 17.00-17.20. Biblioteket. Kr. 50 Bli med ned i Hardangerfjorden, til ei verd me veit lite om, full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort under Havforskings-instituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden. Idé: Øystein Skaala, Manus og regi: Randi Storaas. Framside og bakgrunn - utsnitt av måleri av Jan Terje Rafdal, «Motiv frå Kvamstølen» Etnefjellet. Me snakkast på SYDVEST! Layout: Grannar • Trykk: HBO OKFESTIVAL 2015 takk til våre sponsorar! Takk til våre sponsorar! Takk til våre sponsorar! www.skakke.no Tlf. 479 04 538 Etne Mållag www.skakke.no Etne Hagelag Tlf. 479 04 538 Program sydvest Torsdag 12. november Kveldsseta 19.30 Jul der ingen skulle tru Skånevik at nokon kunne bu fjordhotel fredag 13. november Kveldsseta 18.00 Høgdepunkt frå nye årbøker Biblioteket Laurdag 14. november 12.00 Utgravingane i Etne Litlesalen 12.00 Digital formidling Biblioteket 13.00 Lokalhistoriewiki Biblioteket 13.30 Digital verkstad Biblioteket 14.00 Videodokumentering Klasserom 14.00 Skal landet gro att? Litlesalen 15.30 Nye bøker på rekke og rad Biblioteket 16.00 VestlandshagenLitlesalen 16.00 Tormod Torfæus Biblioteket 17.00 Sigurd Jorsalfare Biblioteket 17.00 Skipsfartseventyret Litlesalen 18.00 Sound i sundet—film Litlesalen 19.00 Jul der ingen skulle tru.. Kinosalen 20.30 På vandring. Lars Lundal Aleksander HaugeFoajèen Søndag 15. november 12.00 12.00 13.00 13.00 13.00 14.00 14.00 14.00 15.00 15.00 16.00 16.00 17.00 17.00 Viva basket! Litlesalen Rogaland fylke historie Biblioteket Norske smakar Litlesalen Godt vaksen Biblioteket Lokalhistoriewiki Klasserom Varmen frå myra Litlesalen Snakk mindre, sei meir Biblioteket Fletteverkstad Galleriet Utvandringa til Amerika Biblioteket Time is money! Litlesalen Gasseventyret på Kårstø Litlesalen Nye bøker på rekke og rad Biblioteket Handel og elektronikk.. Litlesalen Fjordens liv—film Biblioteket Velkommen!
© Copyright 2024